07.05.2014 Views

Kapittel 8: Lyrisk dikting - Signatur

Kapittel 8: Lyrisk dikting - Signatur

Kapittel 8: Lyrisk dikting - Signatur

SHOW MORE
SHOW LESS

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

Kapittel 8: Lyrisk dikting

Tankane bak kapitlet

I kapitlet om lyrikk har vi lagt litt mindre vekt på dei formelle sidene ved lyrikken og konsentrert oss

mest mogleg om å understreke lyrikken som kjelde til oppleving, empati og erkjenning. Vi har vore

inspirerte av musikkprofessor Jon-Roar Bjørkvolds idear slik dei blant anna kjem til uttrykk i boka

Det musiske mennesket. Presentasjonen av lyrikk opnar slik i læreboka:

«Livet og naturen har sin eigen puls. Bølgjene slår mot stranda, årstidene skiftar, blodet bankar

i kroppen −alt har sin eigen rytme. Menneska har alltid vore stimulerte av rytmar. Eit lite barn fell til ro

i ei vogge, eller krigarar blir oppeldna til strid ved hjelp av trommer. Rytmen i musikken er i slekt med

rytmen i naturen.»

Elevane må kjenne dei viktigaste sjangertrekka ved lyrikken og kunne gjere greie for dei

verkemidla lyrikarane bruker. Dei mest brukte omgrepa som kjenneteiknar lyrikken, blir derfor

introduserte, men tanken vår er at lyrikarane bruker desse formelle verkemidla for å uttrykkje ei

stemning, ein bodskap og/eller eit tema.

I kapitlet har vi ein kort gjennomgang av norrøn lyrikk, haikudikt og rapp. Dette viser elevane

spennviddene i dei lyriske uttrykka, og vi håpar at det gjev elevane inspirasjon til å lage eigne dikt. Til

slutt står det «oppskrifter» for korleis ein skal analysere dikt, og korleis ein kan gå fram for å skrive

eigne dikt.

Forslag til undervisningsopplegg

Omgrep

Dette undervisningsopplegget vil introdusere elevane for dei viktigaste omgrepa i lyrikken.

Vis lysarket med teikninga av ein vase / to ansikt for elevane. Denne teikninga er eit glimrande

eksempel på at det ein ser, er avhengig av auget som ser. I dette tilfellet er det to løysingar, mens det i

lyrikken kan vere mange svar og tolkingar avhengig av det perspektivet ein legg til grunn.

Deretter kan ein vise eit lysark av Henrik Ibsens dikt «Borte». Diktet kan først tolkast

bokstaveleg. Deretter kan læraren opplyse at Ibsen skreiv diktet etter at ei kjær venninne gjekk bort.

Alt her kan læraren introdusere omgrep som «verseline», «strofe», «metafor» «samanlikning» og

«enderim».

Neste skritt er å vise lysark av «Aust-Vågøy» av Inger Hagerup, som delvis er attgjeve i

læreboka. Det vil da vere naturleg å gå inn på omgrep som «rim», «rytme», «gjentaking» og «tema».

Olav H. Hauges dikt «Du var vinden» kan brukast som kontrastar til dikta til Ibsen og Hagerup, og

omgrep som «frie vers» og «bokstavrim» kan introduserast.

Lese og tolke

Elevane skulle no ha ei oversikt over omgrepa som vedkjem lyrisk analyse. Det er først no eleven må

arbeide vidare med dette stoffet og ikkje minst oppleve korleis lyrikk har noko med «livets puls» å

gjere. Korleis gjer ein det?

Ei god løysing er å dele elevane i grupper og la dei lage talekor. Elevane får 20 til 30 minutt til

å øve inn ei opplesing av eit dikt. Dels les dei med solostemmer, dels i kor. Læraren bør understreke at

all opplesing av eit dikt er ei tolking −og at stemmebruken vil avgjere kva for nokre delar ein legg vekt

på. Tolkinga av dikta kan akkompagnerast med musikkinstrument, noko som understrekar det nære

forholdet mellom lyrikk og musikk.

Desse dikta frå tekstsamlinga eignar seg til talekor:

Arne Hjeltnes: «Evig din», side 171

«Villemann og Magnill», side 172

Kari Bremnes: «Gåte ved gåte», side 191

Mari Boine: «Hør stammødrenes stemme», side 245

Klovner i kamp: «Fritt vilt», side 287

Lillo Stenberg: «Hjernen er alene», side 291

Rudolf Nilsen: «En vise om kinabarna», side 337

Elevdikt

Det er viktig å avdramatisere dette med å skrive dikt. Å lære seg å rime, leike med ord og ordspel og

lage språklege bilete kan utvide det språklege repertoaret til elevane. Det står fleire oppgåver i

læreboka (side 125) og arbeidsboka for å få elevane i gang med eiga diktskriving.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!