Bøkeskogen - Mediamannen

mediamannen.no

Bøkeskogen - Mediamannen

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Nr. 2 juni 2007

«På dette har vi lært

kjærleiken å kjenna at han

satte livet til for oss.»

1.Joh. 3,16a

Konfirmantane 07

Utreise Kamerun

Sjelesorgsenteret

Friluftsgudsteneste i

Bøkeskogen

God sommar!


Alversund kyrkjekontor

Kyrkjevegen 1

5911 Alversund

Tlf. 56 35 73 70

Fax. 56 35 73 71

alversund@lindas.kirken.no

Opningstider:

tysd. – fred. kl.09.00-15.00

Stab

Prost:

Helge Hitland 56 35 73 73

helge.hitland@lindas.kirken.no

Sekretær:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

mariann.nepstad@lindas.kirken.no

Sokneprest:

Åge Palmesen 56 35 73 76

age.palmesen@lindas.kirken.no

Prostiprest:

Børge Ryland 56 35 73 75

borge.ryland@lindas.kirken.no

Kantor:

Odd Leif Mjøs 56 35 73 74

odd.leif.mjos@lindas.kirken.no

Kateket:

Ole A. Hanstveit 56 35 73 77

Kyrkjekontakten

Faks: 56 35 73 71

Redaktør dette nr.:

Terje H. Hella

Redaksjon:

Jorunn Bernssen, Monika Bøkevoll

Aarland, Helge Hitland

Rekneskap:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

Layout/setting:

Terje H. Hella

ID fix design 56 17 60 50

Framsidefoto:

Bøkeskogen av Monika B. Aarland

Trykk:

Trykk-Service A/S, Knarvik

Sokneråd

Alversund sokneråd:

Vidar Rydland 56 35 20 09

Seim sokneråd:

Lars Hjelmtveit 911 89 506

Lygra sokneråd:

Kari Dahl 56 35 51 12

Kontonummer

kontonr. 3632.53.60741

Å bli tatt imot

Andakt ved

prost Helge Hitland

Har vi ikkje alle opplevd dagar i livet der vi kjende kor

godt det var å bli tatt imot og vist omsorg? Kor godt

gjorde det ikkje då vi som barn kunne springe til far eller

mor med vår gråt og vår klage? Der blei vi tatt imot, der

møtte vi ein open famn og der fekk vi trøyst.

Men er dette bare noko som høyrer barneåra til? Nei,langt

ifra. I alle aldrar er det godt å møte eit menneske som bryr

seg og vil høyre på oss. Alle opplever vi tunge dagar då

alt veltar inn over oss: Krav og bekymringar, skuffelse og

nederlag, sorg og smerte. Er det ikkje på desse dagane vi

treng nokon som er der?

Ei utstrekt hand, eit lyttande øyre, ein arm å støtte seg til,

ei skulder å gråte ved.

Men mange sit også med såre opplevingar. Det menneske

vi så inderleg hadde bruk for, var ikkje der når vi trengte det

aller mest. Eller det som verre var, vi opplevde å bli avvist.

I slike stunder vil orda frå Jesu munn kunna opplevast som

ein open famn for oss: «Alle dei som Faderen gjev meg kjem

til meg. Og den som kjem vil eg såvisst ikkje støyte bort».

Jesus står der med framstrekte armar og lengtar etter oss.

Han vil lytte til vår klage og vår nød. Og Han kan gi oss

den freden som går over all forstand. Jesus ynskjer å vere ei

hamn for deg der du kan finne livd i livets mange stormar.

s.2


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Gjevarteneste i Alversund sokn

Alle som bur i Knarvik og Alversund vert invitert til å bli

med på fast gjevarteneste for å styrkje arbeidet i kyrkjelyden.

Av: Vidar Rydland

Alle som bur i Knarvik og Alversund

vert invitert til å bli med

på fast gjevarteneste for å styrkje

arbeidet i kyrkjelyden.

Folketalet i Alversund sokn veks

raskt, og dermed også kyrkja sine

utfordringar. Mange unge familiar

flytter til våre bygder, og vi

registrerer aukande etterspurnad

etter kva kyrkja kan tilby barn og

unge.

Stat og kommune skal syta for

alle lovpålagte utgifter til kyrkja.

Samstundes ser vi at kyrkjelyden

sjølv i stadig større grad må ta meir

ansvar for den økonomiske sida av

arbeidet.

Årsmøtet i Alversund sokn gjekk

inn for å etablera gjevarteneste for

kyrkjelydsarbeidet.

Vi vil m.a. gjerne vere med på

å leggje til rette for trivelege

oppvekstmiljø i bygdene våre. Vi

ønskjer at kyrkja aktivt skal kunne

gå inn og skape gode møteplassar

for barn og unge, både før, under

og etter konfirmasjonsalder.

Dette kan skje ved å styrkje arbeidet

med søndagsskule, songkor, småbarnstreff,

speidararbeid, fredagskafé

m.m., og gjerne utvide med

fleire tilbod.

Kateketen vil vere sentral i konfirmantundervisninga,

men kan

gjerne også arbeide med andre

oppgåver. Det er difor ønskjeleg å

auke denne stillinga frå 50 til 80 %

frå nyåret. Då treng vi om lag

100.000 kr.

Sett at 40 personar gjev 100 kr.

eller 20 personar gjev 200 kr. kvar

månad, – då vil vi få 48.000 kr.

som resultat på eit år.

Og 200 kr. månaden frå 50

personar gjev 120.000 kr. i året.

Ikkje alle kan gje like mykje,

men mange kan gje litt.

Denne gongen fokuserer vi særleg

på utviding av kateketstillinga.

Kyrkjelyden har også andre viktige

oppgåver som vi arbeider med, og

som vi vil informera meir om etter

kvart. Difor utfordrar vi mange til

å bli med i gjevartenesta. Står vi

saman om dette løftet, kan det bli

eit godt resultat.

Vi kjem tilbake med fleire opplysningar

om praktiske sider av

gjevartenesta (konto m.m.) i neste

nummer av Kyrkjekontakten.

Kyrkjelydstur

Tysdagane 10.07 – 17.07 – 24.07 – 31.07

kl 09:00 - 12:00

Kontakt elles prest på mobiltelefon:

932 55 774 – veke 28, 29, 30

452 00 773 – veke 31

Kyrkjelydsturen i år går til Foldnes kyrkje i

Fjell søndag 26. august.

Vi vert med på gudsteneste og kyrkjekaffi, og får

omvisning i kyrkja. Deretter reiser vi til Telavåg og

ser oss om på Nordsjøfartmuséet. Mat kan kjøpast

for dei som ynskjer det. Vi reiser med buss frå

Knarvik. Fleire opplysningar om turen vil koma

i lokalavisene under kunngjeringar i byrjinga av

august.

Turen vert arrangert av Alversund sokneråd og

Knarvik Misjonshus.

s.3


Familie-weekend

i september

av Bjørn D. Nygård

Det har blitt ein tradisjon i Alversund å arrangere

ein familie-weekend om hausten. I fjor reiste fleire

barnefamiliar til Alværa leirstad i Sogn. Dette vart

ei innhaldsrik helg for små og store. Difor vil ein

prøve å få til noko liknande også i år.

På programmet for weekenden er det sett opp

fellessamlingar, gode måltid, ballspel, rebusløp,

bading, fisking og mykje anna spanande.

Arrangementet er opent for alle. Påmeldingsfristen

er sett til den 31. mai . Dersom fristen er gått ut

når de les dette, kan de likevel kontakte følgjande

personar for å høyre om der er plass:

Ingunn Kvalsvik 993 65 925

Synnøve Ellingsen 924 11 721

Unni Bertelsen 936 60 250

Olsokfeiring

i Fjon Fjellkyrkje

Søndag 29.juli, kl.18.00

• Gudsteneste

v/ Ingvar Hageberg

• Rømmegraut/ kaffi

(Kr.100,- Max kr.250,- pr.fam.)

• Program

• Lynutlodning

• Bålbrenning

Velkomen til sosialt samvær.

Vel møtt – liten og stor.

Arr: Fjon Fjellkyrkje

To Barnekor

frå hausten av

av Bjørn D. Nygård

Til hausten vert det to barnekor i Alversund.

«Solstrålen» held fram som før, med øvingar

annakvar torsdag i Alversund kyrkjelydshus.

Målgruppa er dei som er i alderen 4 -7 år.

Songglede og leik vil stå i fokus. Borna vil og

bli kjende med Bibelen gjennom songtekstar

og forteljingar. Koret satsar på å opptre i

familiegudstenestene.

Det nye frå hausten av, er oppstarten av eit

«junior-kor». Tilbodet er retta mot dei som er

mellom 8 – 12 år. Koret kjem til å øve på ulike

typar songar, og eit eige orkester vert med. I

tillegg vert det aktivitetar som dans og drama,

for dei som ønskjer å vere med på det. På sikt er

målet å framføre ein musikal. Therese Hystad har

teke på seg oppgåva som dirigent. Øvingsdag vert

torsdagar i Alversund kyrkje/Kyrkjelydshuset.

Begge kora har behov for medhjelparar. Har

nokon lyst til å bidra på nokon måte, kan ein

kontakte kyrkjekontoret for meir informasjon.

Kora startar opp i byrjinga av september.

s.4


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Open kyrkje og utstilling på Lygra

I heile juli månad, kvar fredag til søndag kl 15-18,

vil kyrkja på Lygra vera open for besøkjande.

Det vil samstundes vera ei utstilling i kyrkjestova.

Bibbi Pletten opplyser til Kyrkjekontakten at det

denne sommaren vil bli utstilt pyntehandkle og

av Jorunn Bernssen

andre broderi. Ho håper mange tek turen til Lygra

og dersom det skulle vera vanskeleg å komma i

opningstida, kan ein ta kontakt med henne på

tlf 56 35 50 44 for nærare avtale.

Det er Lygra sokneråd som arrangerer Open kyrkje.

Misjonærutreise

– forbøn for familien Tomren

av Terje H. Hella

Trude Tomren har vore kateket i Alversund

dei siste åra. No skal ho og mannen reise

som misjonærar til Kamerun for Det norske

Misjonsselskap.

Ved gudstenesta i Alversund 1. pinsedag vart

dette markert med forbøn for Trude og Tom

Sverre. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe i

kyrkjelydshuset der dei deltok.

Torunn Jordal overleverte gåve frå kyrkjelydane i Alversund

foto: Børge Ryland

Friluftsgudsteneste i Bøkeskogen

av Monika Bøkevoll Aarland

10. juni var det atter duka for gudsteneste i det fri, og

i år som i fjor fekk me oppleva Bøkeskogen i vakkert

sommarvær der sola sende sine varme strålar ned

gjennom trekrunene. Omlag 100 menneske samla

seg denne dagen til gudstenesta som hadde fått

tittelen «skaparverkets dag». Både preika til prest

Åge Palmesen og salmane som vart sunge, bar preg

av ære til vår skapar.

«Hellig, hellig, hellig! Herre Gud allmektig,

jord og hav og himmel, se alt skal prise deg!

Hellig, hellig, hellig! Nådefull og prektig,

Fader, Sønn og Ånd, all ære være deg!»

Ingunn Bøkevoll ynskte oss velkommen, Alversund

Kammerkor stilte med forsangargruppe og Scala

Brass Band spela vakkert til salmane. Postludium

svinga so godt at presten like gjerne inviterte til dans

på podiet… Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi, og

tradisjonen tru forsvann alle bollar, kaker og muffins!

s.5


Sjelesorgsenteret Haraldsplass

kristen omsorg gjennom samtale og kurs

Til hausten er det ti år sidan Sjelesorgsenteret Haraldsplass kom i

eigne lokaler og starta si verksemd. Det er mange menneske som

i løpet av desse åra har hatt kontakt med Sjelesorgsenteret, men

vårt ynskje er å fortsatt nå lenger ut og bli betre kjent.

Det er nok mange som trur Sjelesorgsenteret

først og fremst er eit tilbod til

dei som bur i Bergensområdet.

Det stemmer nok at dei fleste

brukarane bur i dette området, men vi

har og ein del som kjem langvegs frå.

Nokre gonger treng ein å snakka med

ein kristen person utanom familie- og

vennekrets. At dette møtet medfører

ei reise bort frå den vante kvardagen,

kan i seg sjølv bidra positivt til

sjelesorgsamtalen.

Vårt ynskje er at menneske i heile

Bjørgvin bispedømme skal kjenna til

tilbudet her på Sjelesorgsenteret.

– Kven som helst kan komme til

samtale på Sjelesorgsenteret uansett

kva det skulle vera, fortel fagleg leiar

ved senteret, Øystein Rønhovde.

Vi ønskjer å møta menneske der dei

er med kristen omsorg. Det skjer både

gjennom samtale og ulike kurs. Bønn

Dagleg leiar Wenche Langeland

Fagleg leiar Øystein Rønhovde

og skriftemål har også sin plass innafor

ei sjelsorgtjeneste. Vi har ingen form

for henvisning eller rapportering,

men full teieplikt.

Sjelesorgsenteret Haraldplass er knytta

til stiftelsen Bergen Diakonissehjem -

ein fri diakonal stiftelse på evangelisk

luthersk grunn.

– Kven er målgruppa for dei

tenestene de tilbyr?

– Vi tilbyr samtalar for alle og

einkvar som treng nokon å snakka

med – både i høve til Gud, seg

sjølv, medmenneske – ja, alt det

livet kan dreia seg om. Vi driv ikkje

behandling eller terapi, men diakoni

gjennom samtale. Vi ønskjer å lytta,

møta menneske med anerkjenning

og respekt og bidra til livsmeistring.

Utgangspunktet for samtalen er slik

personen sjølv opplever og uttrykker

s.6

sin aktuelle livssituasjon. Vi stiller

ingen krav om tru eller livssyn til dei

som kjem – sjølv om vår eigen ståstad

er den kristne trua.

Ein del av samtalane dreier seg om

utfordringar og problem i samlivet og

famlierelasjonane. Vi driv derfor også

samlivskurs som alle par har bruk for

uansett korleis dei har det i lag – slike

kurs er ei viktig investering både for

paret og barna sin del. Desse såkalla

PREP kursa har vi 4-5 av i løpet av eit

år. No framover er det planlagt slike

kurs både i mars og april, september

og november.

Dessutan arrangerer vi kvar haust eit

sjelesorgkurs for å gi hjelp til både å

møta seg sjølv og andre med Guds

omsorg. Kurset i haust går over tre

torsdagskveldar: 18.okt, 25.okt og

1.nov.

Sjelesorgsenteret ønskjer også å vera eit

tilbod for tilsette og medlemmer i ulike

institusjonar og organisasjonar. Vi har

samarbeidsavtalar med fleire slike

instansar, t.d. Bjørgvin bispedømme,

fleire kyrkjelege fellesråd, ulike kristne

organisasjonar og institusjonar.

– Er det mange som arbeider ved

senteret, og kva slags bakgrunn og

kompetanse har dei?

– For tida har Sjelesorgsenteret to som

er tilsett i full stilling, dessutan to som

har eit deltidsengasjement på ca 10%

kvar. I tillegg vert sjukehusprestane

ved Haraldsplass Diakonale Sykehus


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

17. mai-fest

i Myksvoll bedehus

av Jorunn Bernssen

17. mai var det samla ca. 40 unge

og eldre til fest i Myksvoll bedehus.

I mange år har det vore tradisjon å

avslutta nasjonaldagen med bedehusfest

anten på Myksvoll (som høyrer

til Lygra sokn) eller på Vollom (som

høyrer til Seim sokn).

talen var det Bjarne Skjold som held.

Song og bordkonkurranse var det og

plass til, og innsatsen var upåklageleg!

Which Wich

– Kva for ei heks ?!

Av sokneprest Åge Palmesen

Der er ei stor oppsetning som skal

vera på Håkonshaugen i sumar

når ein set opp opera-musikalen til

Benedikte Adrian, Ingrid Bjørnov

og Ole Sørli. Det vert spanande for

både arrangørar og deltakarar.

Men det er ei mørk side av vår

historie som vert framført. Riktig

nok er det ei kjærleikshistorie som er

bakgrunnen, men den dystre historia

har og som bakteppe eit menneskesyn

som er prega av den tid stykket skal

vise. Folketrua om at nokon skulle vera

heks – og den måten både samfunn og

kyrkje tenkte om dette har heldigvis

endra seg.

Når ein syner dette stykket i Seim vil

ein vel ikkje først og fremst sette fokus

på dette som ei utfordring i vår tid,

men vi treng å lære av historia.

Det spørs vel likevel om ikkje

folketrua framleis lever – ikkje minst

i mykje litteratur som i sitt biletspråk

og tolking av verkelegheita nokon

gonger står i fare for å gje næring

og fantasi til ei verd som burde vera

framand for oss i vår tid.

Vi ynskjer i alle høve arrangørar og

deltakarar lukke til med den store

satsinga i Seim.

Dei to indremisjonsforeningane har

ansvaret annakvart år. Tradisjonen tru

vart det servert rømmegraut og fest-

trekt inn på timebasis etter behov.

Vi som arbeider her representerer

tilsaman ein ganske brei bakgrunn

og kompetanse med erfaring frå

undervisning, kyrkje- og organisasjonssamanheng,

psykiatrisk sjukepleie

og sjelesorg.

– Det kostar vel ein del å søkja

samtale ved senteret, men kvar får

de elles inntektene til drifta frå?

– Vi har ingen offentleg stønad

til samtalane som derfor har ein

eigenandel på kr. 430,-, resten gir

Stiftelsen Bergen Diakonissehjem

stønad til. Når det gjeld samlivskursa

gjer departementet oss økonomisk stønad

slik at deltakaravgifta ikkje vert så høg.

Men vi treng samstundes økonomisk

hjelp utover dette, derfor er vi takksame

for både enkeltgåver og kollektar!

– Har senteret ei lang historie, og

kva er planane for framtida?

– Sjelesorgsenteret feirar i år 10 års

jubileum! Det heile starta nemleg opp

i 1997 med Helge Hitland, no prost i

Nordhordland, som leiar.

Vi har ønske om å nå endå vidare ut

både med samtale- og kurstilbodet

vårt og gjerne byggja opp eit kompetansesenter

for sjelesorg som eit tilbod

s.7

for ulike kristne samanhengar rundt

om. På sikt reknar vi med å bli ein

del av Senter for livsmestring som

Bergen Diakonissehjem har under

oppbygging.

– Korleis ta kontakt dersom ein

ønskjer ein samtale eller å melda

seg på eit kurs?

– Ring 55 97 96 15 / 16 eller send

ein e-post til:

sjelesorgsenteret@haraldsplass.no

Heimesidene våre kan gi deg meir

informasjon, gå berre frimodig inn på

www.sjelesorgsenteret.no

– ver velkommen!


Konfirmantane våren 2007

Konfirmantar frå Lygra 06. mai 2007

Framme frå venstre: Line Pedersen, Caroline Morken, Linn Kristin Ramsdal, Signe Tofting.

Bak frå venstre: Markus Neverdal, Arne Feste, Even W Lygre, Tom Henrik Frantzen, Jørgen Valle

Foto: Studio Nordhordland

Konfirmantane frå Knarvik i Alversund kyrkje 06. mai 2007

Framme frå venstre: Svein R. Heggernes Larsen, Karianne B. Snekkevik, Benedikte Aase, Marte M. Haaland,

Henrik Taule. Midten frå venstre: Thomas Polden, presten, Marcus Stangeland, Tommy Nielsen, Steffen Øpstebø,

Torbjørn Ø. Veland, Lars Andreas Bauge, Joakim Berland. Bak frå venstre: Kenny Ivan Larsen, Jahn Fredrik

Breivik, Mats Vågenes, Sindre Helland, Rune Vatnøy, Lars Magnus B. Eikefet.

s.8

Foto: Studio Nordhordland


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Konfirmantane frå Alversund i Alversund kyrkje 13. mai 2007 – gruppe 1 –

Foto: Studio Nordhordland

Framme frå venstre: Ragni Haukaas, Silje Veronica Fosse, Sandra Helgesen, Kristine Berge, Cathrine Kvalheim.

Midten frå venstre: Karoline Linga, Tina Sture, Even Andras Elvik, Marcus Stueland, Are Kvamme, Camilla Bøe.

Bak frå venstre: Eivind Andre`Fosse, Andras Bauge.

Konfirmantane frå Alversund i Alversund kyrkje 13. mai 2007 – gruppe 2 –

Framme frå venstre: Irmelin Eknes, Ingvild Kvamme, Anne Linn Vangberg, Cathrine Hilland, Jeanette Remme,

Charlotte Erstad. Midten frå venstre: Herman Tvedt, Mariann Rognaldsen, Siv Holtan, Marte Arvidsson, Malene

Brakstad. Imellom: Eivind Eknes, Kristoffer Storemark, Jørgen Halås. Bak frå venstre: Ole Morten Fosse, Tomas

Pedersen, Adrian Kjenes.

s.9

Foto: Studio Nordhordland


Konfirmantane frå Seim: 13. mai 2007

Foto: Studio Nordhordland

Framme frå venstre:

Torstein Herland,

Heidi A. Rydland,

Nathalie Hayes,

Marthe Nesse,

Oscar Andre

Thorsheim.

Midten frå venstre:

Aron John B. Kjenes,

Stian Vatnøy,

Martin N.S. Hopsdal,

Jonas Nesse Solhaug,

Daniel R. Bjåen,

Vebjørn Monstad.

Bak frå venstre:

Presten, Øystein

Rydland, Simon

Herland, Pål Skare,

Sindre Langesæter.

Helsing frå kyrkjeverje Anna K. Valle

Dei fleste av oss føler vel at tida går fort, og for meg har seks år som kyrkjeverje i Lindås gått

veldig fort, m.a. på grunn av at arbeidsoppgåvene har vore mange og interessante.

I 1997 fekk landet vårt ei ny kyrkjelov. Ved denne lova

vart kyrkjestyre-funksjonen løfta ut or kommunestyret,

og overførd til kyrkjeleg fellesråd. Samstundes vart

Kyrkjeverja si rolle også noko endra.

Kyrkjeleg fellesråd – samansett av representantar frå

sokneråda, samt ein representant frå kommunen og

ein frå biskopen – er «kyrkja sitt kommunestyre», og

fellesrådet er arbeidsgjevar for tilsette i kyrkja, då med

unntak av prestane, som framleis er statstilsette.

Men det er ikkje berre på det organisatoriske planet

det har vore endringar det siste 10-året. Ved innføring

av det såkalla KRL-faget i skulen (Kristendom, –

Religions- og Livssynskunnskap – 1995/2001), skal

elevane få «kunnskap og forståing, ikkje opplæring i ein

bestemt religion eller eit bestemt livssyn». Stortinget har

gjennom sitt vedtak om «Trusopplærings-reforma»

(2003) sagt at «alle døypte har i perioden mellom 0 og

18 år rett til 315 timar trusopplæring»

Ansvaret for å følgja opp denne retten ligg hjå

kyrkjelydane – ei kjempeoppgåve.

Kommunegrensa for Lindås vart fastlagt for over 40

år sidan. Kyrkja i Lindås arbeider framleis innafor

tre prestegjeld og åtte sokner. Kyrkjeleg fellesråd

har starta drøfting med sokneråda, for å vurdera om

styringsstruktur og arbeidsfordeling er den beste, sett

opp mot det oppdraget kyrkja har.

s.10


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Farga glas i Seim Kyrkje

Då har vi endeleg fått farga glas på plass i koret på

kyrkja vår. Litt uvant kan hende, men det vart både

stilfullt og vakkert.

Som dei fleste kanskje hugsar, hadde vi ein aksjon i

2006 for å samle inn pengar til glasa. Det kom inn

om lag 50 000 kr, noko som vi alle kan vere stolte

over. Seim Sokneråd rettar ein stor takk til alle

glade givarar!

Diverre vart berre 3 av dei 4 fargane som vi ynskte

godkjent. Gjesdal Glass i Knarvik klarte likevel å

av Monika Bøkevoll Aarland

lage eit godt alternativ av dei fargane vi sat att med.

Ein stor takk til dei for flott arbeid. Og ein stor

takk til Lindås Kyrkjeleg Fellesråd som i tillegg til

flott innvendig arbeid, også sa ja til å forskottere dei

midlane vi trengte for å ferdigstille arbeidet; om lag

25.000 kr.

Vi har altså lånt nokre kroner som vi må tilbakebetale

innan eit år. Så vi er takksame om nokon kan tenke

seg å hjelpe oss med nedbetalinga av lånet.

På førehand takk.

Nye vindauga i Alversund kyrkje

Vindauga i Alversund kyrkje treng ei omfattande

vøling. Dei vakre blyinfatta vindauga er skjemma

av lekkasje og det er skade på karmane.

Det er ein stor og kostnadskrevjande prosess som

skal til for å setje i stand desse vindauga.

Av omsyn til det stilmessige må ein velja ei løysing

som tek vare på profilane og å få dei same profilane

ein har i dag – samstundes med at dei nye vindaugo

Av sokneprest Åge Palmesen

også skal ha betre isolering enn dei gamle. Når ein

er i ferd med ei så omfattande vøling må truleg

alle karmane skiftast ut og dei blyinfatta glasa må

restaurerast. Alle gode krefter trengs for å samle

inn naudsynte midlar til dette prosjektet. Det vil

krevje eit beløp på fleire hundre tusen kroner.

Vi er takksame for alle beløp – små og store – for å

setje kyrkja i Alversund i den stand ho burde vere.

Eg trur ikkje på omorganisering for ein kvar pris,

men eg meiner at også kyrkja som organisasjon

av og til må stoppa opp, og spørja om bruk av

tid, krefter og pengar er riktig – sett opp mot dei

oppgåvene kyrkja skal løysa.

Frå hausten startar eit 3-årig prosjekt: «Ungdomskontakt

i Knarvik senter», kor kyrkjeleg fellesråd står som

arbeidsgjevar. Målet med prosjektet er å nå ungdom som

elles står i fare for å «koma i drift». Hovudfinansieringa

er statlege midlar, og prosjektet er forankra i eit breitt

samarbeid mellom Knarvik senter, kommunar i

Nordhordland, vidaregåande skule, politi og kyrkje.

Endeleg ser det ut for at arbeidet med Knarvik gravplass

kan koma i gang. Det er fleire år for seint, men det er bra

at arbeidet med veg, vatn og kloakk inn til det aktuelle

området etter alt å døma kjem i gang til hausten.

Kyrkje i Knarvik har diverre ikkje hatt noko framdrift

dei siste åra. Lindås kommunestyre har sett av 10 mill.

i økonomiplanen for 2010, og det er positivt.

Men minst like viktig er å finna ei høveleg tomt for

ei kyrkje som skal vera i bruk 7 dagar i veka.

Arbeidet som kyrkjeverje har gjort at eg har vorte kjend

med mange flinke og positive menneske, og eg har fått

enno større respekt for omgrepet dugnadsarbeid.

Eg takkar kyrkjelydane i Alversund, Lygra og Seim for

godt samarbeid, og ønskjer at de – saman med den

nye kyrkjeverja – kan vidareutvikla det viktige arbeidet

som vert drive.

s.11


Barnesider

Konkurranse

Fargelegg

av Monika Bøkevoll Aarland

Kva heiter dei 4 første læresveinane til

Jesus?

Svara finn de ved å lesa Matteus, kap. 4, vers 18-22.

Vitsar

Harry stod på toppen av rulletrappa.

Mora ropte:

”Kva er det, Harry? Er du redd?”

”Nei, eg berre ventar på at tyggisen min

skal koma rundt igjen.”

Ein liten gut kom inn i ein dyrebutikk.

”Har de papegøyefrø?”

”Ja, har du papegøye?”

”Nei, men eg har tenkt å byrja å dyrka.”

Jesus seier; ”Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje; for

Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, det seier eg dykk: Den som

ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.”

Markus 10.14b-15.

Send inn svara innan 1. august, til: alversund@lindas.kirken.no

eller i brev til: Kyrkjekontakten, Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund

og vær med i trekninga om ein fin premie!

s.12

(I påskenummeret kom det

ikkje inn nokon svar, så her

kan det bli lett å vinna!)


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Frå kyrkjeboka

Frå kyrkjeboka

Døypte:

Alversund:

25.02.07:

Kim No Storsæter

døypt i Førde krk. Sunnfj.)

11.03.07:

Tuva Færøy Gald

Thomas Brunborg

Karianne Vetrhus Hundsnes

Leni Remme Moldekleiv

Anette Gullbrå Isaksson

Ole Vegard Marås Aae

døypt i Heim krk)

18.03.07:

Imre Sangolt Lid

døypt i Myking krk)

Felix Litleskare Bekken

døypt i Knarvik misjonshus)

01.04.07:

Sander Litleskare Lie

døypt i Fyllingsdalen krk)

08.04.07:

Maren Brendehaug Sivertsen

Emma Kvamme Kalnes

Vilje Strømme Tjore

22.04.07:

Maren Frammarsvik Kjenes

Haakon Hjelmtveit

Eskil Fosse Toft

Sebastian Runde Toft

Daniel Langbraaten

29.04.07:

Magnus Kvinge Haugsdal

døypt i Sandnes krk., Masfj.)

06.05.07:

Sondre Vilsvik Heldal

døypt i Åsane krk.)

20.05.07:

Martine Sjønnessen Risch

døypt i Myking krk.)

27.05.07:

Arian Øren Johansen

Marte Alver Hordnes

Caia Isabelle Foss-Barstad

Mikkel Padøy Børsheim

Seim:

18.03.07:

Sarah Hopland Hamlander

27.05.07:

Hanna-Lisbeth Schellhorn

Jacobsen

Lygra:

01.04.07:

Erik Litleskare

26.04.07:

Line Valle Pedersen

06.05.07:

Julie Tveranger Rognaldsen

Vigde:

Alversund:

19.05.07:

Kirsti Nilsen og Atle Ove

Kleiveland

Seim:

10.03.07:

Heidi Valle og Glenn Rune

Gallefoss

Døde:

Seim:

05.03.07:

Anna Rykkje f. 1914

30.04.07:

Magnus Olsen f. 1924

Lygra:

30.03.07:

Synneva Lygre f. 1913

DEN NORSKE KYRKJA

Lindås kyrkjelege fellesråd

«Kyrkjegardane skal vera velstelte, og dei skal

gi ei verdig ramme rundt gravferda»

Dette er målsetjinga for kyrkjeleg fellesråd sitt

arbeid på området, noko me diverre ikkje har

greidd å følgja opp denne våren.

Grunna sjukdom har det vore 2 personar mindre i

arbeid enn planlagt, både i april og mai, og dermed

har me kome på etterskot med planering av graver,

tilsåing og slått.

Dette seier me oss sjølvsagt svært lei for, men planen

er at arbeidet skal vera i rute medio juni 2007.

Anna K. Valle

kyrkjeverje

s.13


NEPSTAD BYGG AS

Byggmeister Ole-Håkon Nepstad

Knarviksenter, 5914 Isdalstø

Tlf. 56 35 12 70 - Faks. 56 35 10 99

Nybygg -Rehabilitering

Tlf. 56 35 06 69

FAGKUNNSKAP GJEV TRYGGLEIK

ELEKTRO . SERVICE A S

Alvermarka - 5911 Alversund

tlf. 56 35 15 40 - Fax. 56 35 21 45

Elektriske installasjoner - Bolighus

- Industri - Landbruk -

Blomster til

alle anledninger

Vi ordner alt

vedrørende dødsfall i distrikt og by.

DØGNVAKT TLF. 56 37 14 10

PRIVAT TLF. 56 37 40 49

– KNARVIK -

tlf. 55 31 79 63 post@vestbok.no

Velkommen til vår nettbutikk!

www.vestbok.no

– Din kristne bokhandel – Åsane Senter!

Bibler

Bøker – Musikk – Film – Kort – Gaver

tlf 55 19 82 00

Tlf: 56 34 38 00

s.14


Søndagskuleavslutning

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Vollom Søndagskule

hadde sommaravslutning

på Vallevik 3. juni.

Velkommen att til hausten!

Studiepermisjon

Helge Hitland skal frå 01.09 - 01.12 2007

ha studiepermisjon. Åge Palmesen vert fungerande

prost og Ingvar Fykse vikarprest.

Beredskapsordning for prestane i prostiet

- På kvardagar i tidsromet 17.00 – 08.00.

- I helgene/høgtidene frå kl. 08.00 er det alltid ein prest i beredskap i prostiet.

Ved akutt behov for presteteneste, (dødsbod, soknebod for døyande, sjelesorg samtale i kritiske

situasjonar), skal ein ta kontakt med vakthavande prest på mobiltelefon:

Vakttelefon: 954 83 874

FIBROMASTIK

STATOIL MONGSTAD

FIBROMASTIK

Kan anvendes til heldekking og reparasjon/tetting på

tak av takpapp, shingel, asfalt, sement/betong, eternitt,

bly, galavaniserte plater, sink, skifer m.m.

Krever ikke oppvarming.

Tåler regn umiddelbart etter påføring

Kan anvendes til heldekking og reparasjon/tetting på

tak av takpapp, shingel, asfalt, sement/betong, eternitt,

bly, galavaniserte plater, sink, skifer m.m.

Krever ikke oppvarming.

Tåler regn umiddelbart etter påføring

Kvamsvåg • 5911 Alversund • Tlf.: 56 35 00 05 • Mobil: 90 11 82 90

E-post: GRAFISK fosse-b@online.no UTFORMING & PRODUKSJON

Kvamsvåg • 5911 Alversund • Tlf.: 56 35 00 05 • Mobil: 90 11 82 90

E-post: fosse-b@online.no

Tlf 56 35 00





Til tetting av grunnmur, betongdekke o.l.


Glassfiberarmert

tyktflytende asfaltmasse

med meget lang

holdbarhet!



Kvassnesvegen 58

5914 ISDALSTØ

TLF. 56 35 22 50

FAX 56 34 11 11

www.trykkservice.com • E-post: trykk-service@c2i.net • post@trykkservice.com

BRUKNAPP BETONG AS

FERDIG BETONG - BETONG-

PUMPING - SAND - SINGEL

Fabrikk i Alverstraumen,

5911 Alversund

Tlf. 56 34 23 60

s.15


Gudstenester

i Alversund prestegjeld

17. juni Alversund kl 1100 v/Palmesen Dåp

Lygra kl 1100 v/Hitland Dåp

24. juni Knarvik kl 1100 v/Ryland

01. juli Alversund kl 1100 v/Silje Sørebø Dåp

08. juli Seim kl 1100 v/Ryland

15. juli Lygra kl 1100 v/Ryland

22. juli Knarvik kl 1100 v/Ryland

29. juli Alversund kl 1100 v/Ryland

05. august Lygra kl 1100 v/Palmesen

12. august Knarvik kl 1100 v/Palmesen

19. august Seim kl 1100 v/Hitland

26. august Lygra kl 1100 v/Ryland Dåp og konfirmantpresentasjon

Alversund kl 1100 v/Hitland Dåp

02. september Knarvik kl 1245 v/Ryland Sportsgudsteneste

v/Gamleskulen

09. september Knarvik kl 1100 v/Fykse Konfirmantpresentasjon

Seim kl 1100 v/Palmesen Konfirmantpresentasjon

16. september Alversund kl 1100 v/Palmesen Konfirmantpresentasjon

23. september Knarvik kl 1100 v/Palmesen Hausttakkegudsteneste

Seim kl 1700 v/Palmesen Hausttakkegudsteneste

30. september Alversund kl 1100 v/Fykse Hausttakkegudsteneste

Lygra kl 1700 v/Palmesen Hausttakkegudsteneste

s.16

More magazines by this user
Similar magazines