Bøkeskogen - Mediamannen

mediamannen.no

Bøkeskogen - Mediamannen

Alversund kyrkjekontor

Kyrkjevegen 1

5911 Alversund

Tlf. 56 35 73 70

Fax. 56 35 73 71

alversund@lindas.kirken.no

Opningstider:

tysd. – fred. kl.09.00-15.00

Stab

Prost:

Helge Hitland 56 35 73 73

helge.hitland@lindas.kirken.no

Sekretær:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

mariann.nepstad@lindas.kirken.no

Sokneprest:

Åge Palmesen 56 35 73 76

age.palmesen@lindas.kirken.no

Prostiprest:

Børge Ryland 56 35 73 75

borge.ryland@lindas.kirken.no

Kantor:

Odd Leif Mjøs 56 35 73 74

odd.leif.mjos@lindas.kirken.no

Kateket:

Ole A. Hanstveit 56 35 73 77

Kyrkjekontakten

Faks: 56 35 73 71

Redaktør dette nr.:

Terje H. Hella

Redaksjon:

Jorunn Bernssen, Monika Bøkevoll

Aarland, Helge Hitland

Rekneskap:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

Layout/setting:

Terje H. Hella

ID fix design 56 17 60 50

Framsidefoto:

Bøkeskogen av Monika B. Aarland

Trykk:

Trykk-Service A/S, Knarvik

Sokneråd

Alversund sokneråd:

Vidar Rydland 56 35 20 09

Seim sokneråd:

Lars Hjelmtveit 911 89 506

Lygra sokneråd:

Kari Dahl 56 35 51 12

Kontonummer

kontonr. 3632.53.60741

Å bli tatt imot

Andakt ved

prost Helge Hitland

Har vi ikkje alle opplevd dagar i livet der vi kjende kor

godt det var å bli tatt imot og vist omsorg? Kor godt

gjorde det ikkje då vi som barn kunne springe til far eller

mor med vår gråt og vår klage? Der blei vi tatt imot, der

møtte vi ein open famn og der fekk vi trøyst.

Men er dette bare noko som høyrer barneåra til? Nei,langt

ifra. I alle aldrar er det godt å møte eit menneske som bryr

seg og vil høyre på oss. Alle opplever vi tunge dagar då

alt veltar inn over oss: Krav og bekymringar, skuffelse og

nederlag, sorg og smerte. Er det ikkje på desse dagane vi

treng nokon som er der?

Ei utstrekt hand, eit lyttande øyre, ein arm å støtte seg til,

ei skulder å gråte ved.

Men mange sit også med såre opplevingar. Det menneske

vi så inderleg hadde bruk for, var ikkje der når vi trengte det

aller mest. Eller det som verre var, vi opplevde å bli avvist.

I slike stunder vil orda frå Jesu munn kunna opplevast som

ein open famn for oss: «Alle dei som Faderen gjev meg kjem

til meg. Og den som kjem vil eg såvisst ikkje støyte bort».

Jesus står der med framstrekte armar og lengtar etter oss.

Han vil lytte til vår klage og vår nød. Og Han kan gi oss

den freden som går over all forstand. Jesus ynskjer å vere ei

hamn for deg der du kan finne livd i livets mange stormar.

s.2

More magazines by this user
Similar magazines