Bøkeskogen - Mediamannen

mediamannen.no

Bøkeskogen - Mediamannen

Familie-weekend

i september

av Bjørn D. Nygård

Det har blitt ein tradisjon i Alversund å arrangere

ein familie-weekend om hausten. I fjor reiste fleire

barnefamiliar til Alværa leirstad i Sogn. Dette vart

ei innhaldsrik helg for små og store. Difor vil ein

prøve å få til noko liknande også i år.

På programmet for weekenden er det sett opp

fellessamlingar, gode måltid, ballspel, rebusløp,

bading, fisking og mykje anna spanande.

Arrangementet er opent for alle. Påmeldingsfristen

er sett til den 31. mai . Dersom fristen er gått ut

når de les dette, kan de likevel kontakte følgjande

personar for å høyre om der er plass:

Ingunn Kvalsvik 993 65 925

Synnøve Ellingsen 924 11 721

Unni Bertelsen 936 60 250

Olsokfeiring

i Fjon Fjellkyrkje

Søndag 29.juli, kl.18.00

• Gudsteneste

v/ Ingvar Hageberg

• Rømmegraut/ kaffi

(Kr.100,- Max kr.250,- pr.fam.)

• Program

• Lynutlodning

• Bålbrenning

Velkomen til sosialt samvær.

Vel møtt – liten og stor.

Arr: Fjon Fjellkyrkje

To Barnekor

frå hausten av

av Bjørn D. Nygård

Til hausten vert det to barnekor i Alversund.

«Solstrålen» held fram som før, med øvingar

annakvar torsdag i Alversund kyrkjelydshus.

Målgruppa er dei som er i alderen 4 -7 år.

Songglede og leik vil stå i fokus. Borna vil og

bli kjende med Bibelen gjennom songtekstar

og forteljingar. Koret satsar på å opptre i

familiegudstenestene.

Det nye frå hausten av, er oppstarten av eit

«junior-kor». Tilbodet er retta mot dei som er

mellom 8 – 12 år. Koret kjem til å øve på ulike

typar songar, og eit eige orkester vert med. I

tillegg vert det aktivitetar som dans og drama,

for dei som ønskjer å vere med på det. På sikt er

målet å framføre ein musikal. Therese Hystad har

teke på seg oppgåva som dirigent. Øvingsdag vert

torsdagar i Alversund kyrkje/Kyrkjelydshuset.

Begge kora har behov for medhjelparar. Har

nokon lyst til å bidra på nokon måte, kan ein

kontakte kyrkjekontoret for meir informasjon.

Kora startar opp i byrjinga av september.

s.4

More magazines by this user
Similar magazines