Pdf document - Statkraft
Vassføring i
Suldalslågen
– vegen mot nytt
vassføringsregime
www.statkraft.no
Forsidefoto:
Finn Gravem
Status og moglegheiter 2003
Suldalsvatn og Suldalslågen blir påverka av to kraftutbyggingar. Ulike regime for vassføring
har blitt prøvd ut sidan 1990, og samstundes har den mest omfattande vassdragsovervakinga
i Noreg blitt gjennomført. Gjennom dette arbeidet håpar ein å koma fram til eit vassføringsregime
som sikrar gode levekår for laks i Suldalslågen.
I 2002 blei det fanga 422 tonn laks i Noreg. 31 tonn blei fanga i Rogaland, og av dette om
lag eit tonn i Suldalslågen. Dei siste åra har det blitt fanga noko meir laks i Lågen enn midt
på 1990-talet, men nivået er lågare enn i toppåra. Overvakinga viser óg at mengda laksprodusert
i elva har auka dei seinare åra. Dette gir von om auka fangst.
Statkraft er den største regulanten i vassdraget. I 2004 skal vi søke om eit nytt reglement
for vassføringa. Det nye reglementet vil bli laga på grunnlag av kunnskapen forskarar har
fått når dei har overvaka dei prøvde regima. Dei som blir påverka av det nye reglementet
vil bli gjeve ved Kongeleg resolusjon.
Statkraft SF
Statkraft SF er den største produsenten av
elektrisk kraft i Noreg. Selskapet produserer
om lag 42 TWh årleg, noko som er om lag
ein tredel av vasskraftproduksjonen i landet.
Staten er eigar av selskapet, som er den største
skatteytaren på land.
Statkraft er den største skatteytaren i Suldal
kommune og i Suldal har Statkraft meir enn
30 tilsette i Kraftverksgruppe Ulla-Førre.
Suldalslågen og Ulla-Førrereguleringa
Suldalsvatn og Suldalslågen blir påverka av to
kraftutbyggingar. Det er Røldal-Suldal (RSK) i
regi av Hydro og Ulla-Førre i regi av Statkraft.
RSK-anlegga blei bygde på 1960-talet medan
Ulla-Førreanlegga var ferdige på midten av
1980-talet. Ulla-Førre er det største vasskraftanlegget
i Noreg og produserer nær 5 TWh i
året. Dette samsvarar med årleg elektrisitetsforbruk
for 200 000 bustader, og er om lag
4% av årleg kraftproduksjon i
Noreg.
Det har blitt peika på ulike forhold
i Suldalslågen som kan
være uheldig for fisk – særlig
laks. Ein trur det vil vera mogleg
å styre vassføringa slik at omsynet
til laks, kraftproduksjon og
andre brukarar av Lågen blir tatt
vare på. Av den grunn har
Statkraft vore pålagt manøvreringsreglement
med ulike vassføringar
frå 1990 til 2003. I samarbeid
med miljøstyresmaktene og
ulike forskingsmiljø gjennomfører
Statkraft den mest omfangsrike
overvakinga av noko vassdrag i
Noreg.
Krossøy (Foto: Finn Gravem)
2
Kart over det regulerte området
3
Vassføring
Suldalslågen er den mest vassførande elva
i Rogaland. Elva er 22 km lang og renn frå
Suldalsvatnet (68 moh) til Sandsfjorden.
Før reguleringa kunne vassføringa i Lågen
variere frå om lag 3 kubikkmeter i sekundet
(m 3 /s) om vinteren til nærare 700 m 3 /s på det
høgste. Brukarane og dei biologiske systema
i og langs elva var tilpassa desse forholda. Dei
to reguleringene har endra vassføringa i
Suldalslågen.
I manøvreringsreglementet for Suldalslågen
er Statkraft pålagt å halde vassføringa under
350 m 3 /s ved Lavika. Ein større flaum blir
rekna som skadeflaum. Etter at flaumane blei
reduserte er areala ned mot Lågen blitt tatt
meir aktivt i bruk. Oppdyrking og hogst har
auka tilførselen av sand og leire til Lågen.
Dei siste 15 åra har reglementet hindra vassføringar
under 12 m 3 /s om vinteren. Lågare
vintervassføring kunne auka mengda is. Is og
store flaumar kan vera effektive middel for å
fjerne uønska mose, algar, sand og leire.
Prøvereglementa etter 1998
I 1998 fekk Statkraft eit manøvreringsreglement
med to ulike regime for vassføring. Dei
to regima er like det meste av året. Unntaka er
ein periode frå april til juli og nokre dagar først
i oktober.
Minstevassføring Suldalslågen 1998-00 og 2001-03
Spyleflaum i 2001 og 2002
200
180
160
Tidlig vår Sein vår
140
120
100
80
60
40
20
0
1.1 1.2 1.3 1.4 1.5 1.6 1.7 1.8 1.9 1.10 1.11 1.12
Dei to regima frå 1998-2003
4
Ovanfor Mo bru ved om lag 15, 75 og 220 kubikkmeter
vatn i sekundet.
Foto: Finn Gravem
Når styresmaktene valde denne løysinga var
det særleg på bakgrunn av nokre viktige
spørsmål:
● I kor stor grad vil redusert vassføring om
våren og tidlig på sommaren gje høgare
vasstemperatur i Lågen?
● Vil ein slik temperaturauke gje meir ungfisk?
● Kan stor vassføringsauke vår eller haust
spyle ut sediment, mose og algar og
gjennom det betre gyte- og leveområda
for fisk?
Vasstemperatur og yngelvekst
Vasstemperaturen i Suldalslågen er noko
endra på grunn av reguleringa. Om vinteren
vil høg vassføring normalt auke temperaturen.
Auka temperatur om vinteren gjer at yngelen
kjem opp av grusen tidligare om våren. Av den
grunn kan yngelen kome opp når det framleis
er for kaldt i vatnet. Dette kan minke overlevinga.
Om våren og sommaren aukar vasstemperaturen
raskare når vassmengda er låg.
Yngelen kjem opp av grusen i mai og juni.
Høg vasstemperatur når dei kjem opp aukar
overlevinga fyrste sommaren.
Vasstemperaturen i perioden frå mai til oktober
er styrande for kor mykje lakseungane veks. I
denne perioden i 2001 og 2002 var vasstemperaturen
den høgste sidan 1988. Yngelen av
laks og aure har óg vekse godt desse åra.
Vaksen fisk
Suldalslågen er ei elv med ein stor del storlaks.
Mengda vaksen fisk som vandrar opp
i Suldalslågen om sommaren og hausten er
eit resultat av talet på ungfisk som blir produsert
i elva og forhold som påverkar fisken i
fjorden og havet. Lakselus, temperatur i havet
og fiske i fjorden og havet er døme på slike
forhold. Forholda i havet er tøffe for laksen
og bare nokre få prosent kjem attende.
Dei siste åra har ein talt fisk i elva og i dei to
fisketrappene i Sandsfossen. Teljinga stadfester
at det er mykje laks i Lågen, og etter
2002 endra Fylkesmannen i Rogaland karakteriseringa
av bestanden frå "Sårbar bestand"
(kategori 3) til "Bestand med redusert ungfiskproduksjon"
(kategori 4a). Dette er eit positivt
teikn som óg gjev von om auka fangst.
Lengde i mm
80
70
60
50
40
30
Døgngrader
Ørret
Laks
1600
1400
1200
1000
800
600
400
200
Antall døgngrader
20
1976
1978
1980
1982
1984
1986
1988
1990
1992
1994
1996
1998
2000
2002
0
Storleiken på yngel av laks og aure og
døgngrader. Døgngradtalet er summen av
den einskilde middeltemperaturen kvart
døgn frå 1. mai til 31. oktober.
Antall
1200
1000
800
600
400
200
Ungfisk
Det er framleis ikkje klart om auka vasstemperatur
og yngelvekst har gjeve fleire ungfisk
totalt, men ein har sett at alderen på smolten
har gått noko ned dei seinare åra utan at storleiken
har minka. Overvakinga gjev von om
auka mengde smolt.
Villsmolt fanga i smoltfella
Laks på veg opp i elva
Fangst
Tal for elvefangst av laks viser at det er store
variasjonar mellom år. Sist på 1980- og tidlig
på 1990-talet blei det fanga mykje laks i
Suldalslågen, medan det dei seinare åra har
vore under middel for perioden. Dei seinare
åra har styresmaktene kravd at vill laks større
enn 75 cm blir satt ut att. Dette har minka
fangstane. Med bakgrunn i dei positive trekka
som har vore dei siste åra, gav styresmaktene
dispensasjon frå forbodet om å ta i land stor
fisk siste del av sesongen i 2003.
0 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003
År
Mengda smolt fanga i smoltfella ved
Litlehaga i ulike år.
Gjennom fiskesesongen blir oppdaterte tal for
oppvandring og fangst presenterte på nettsida
til Suldal Elveigarlag (www.suldalslagen.com).
5
Flaum som rensketiltak
Forsøk med spyleflaum på hausten viser at
mykje uønska mose og alger blir spylt ut.
Flaumen flytta og på sand og grus. På det
viset kan leveområda (habitata) til ungfisken
bli betre.
Det er framleis uklart om spyleflaum på hausten
er det beste tiltaket for å betre habitatet.
Forskarar frå ulike fagfelt jobbar saman for å
finne svar på spørsmåla.
Forskarar (Bremnes og Povels) overvaker
forsøk med spyleflaum
Vasskjemi
Overføring av vatn frå fjellområdet i sør (Blåsjø)
til Suldalsvatn har påverka vasskjemien (pH og
alkalinitet) i Suldalslågen. Styresmaktene sette i
gang kalking då dei frykta at dårleg vasskvalitet
kunne skade laksen. Overvaking viser at vasskvaliteten
har blitt betre dei siste åra som følgje
av mindre utslepp av svovel i Europa. Ein ventar
at denne utviklinga vil halde fram.
Statkraft og Lågen
Ulla-Førrereguleringa har medført endringar i
Lågen. Desse endringane kan ha gjort noko
med leveområda til fisken og dermed ha
påverka fiskebestanden og fisket. Av den
grunn har Statkraft gjennomført det største
forskings- og overvakingsprogrammet på
vassdrag i Noreg dei siste 10-15 åra.
På grunn av dei moglege verknadene betaler
Statkraft om lag ein million i erstatning kvart
år til dei som har rett til fiske i Lågen. Når
anlegga blei satt i drift blei det óg oppretta eit
eige fiskefond på ein halv million kroner, som
blir forvalta av kommunane.
Etter krav og ynskje frå styresmaktene har
Statkraft sett ut store mengder laks og samstundes
gjeve bidrag til kalking. Desse to tiltaka
vil bli vurderte i samband med utarbeidinga
av nytt reglement.
6
Nytt reglement for Suldalslågen
I 2004 skal Statkraft søke om nytt manøvreringsreglement
for Suldalslågen. Søknaden vil
vera i tråd med målet styresmaktene og
Statkraft har utforma saman.
Reglementet skal legge til rette for å ta vare på
vassdragets naturlege funksjonar og prosessar
samt ivareta regulantens behov for høg produksjon.
Følgjande verdiar/funksjonar vektleggast
i størst mogleg grad:
● biologi med vekt på Suldalslågen si
storvakste laksestamme
● flaumsikring
● næringsutnytting og rekreasjon
● Lågen som landskapselement
Reglementet skal vidare ivareta allmenta og
forvaltninga sine krav på innsyn/kontroll.
Styresmaktene og Statkraft sitt mål for nytt
reglement for Suldalslågen
Statkraft skal kome fram til eit nytt reglement
for Lågen i dialog med mellom anna Noregsvassdrags-
og energidirektorat (NVE),
Direktoratet for naturforvaltning (DN),
Fylkesmannen i Rogaland, Suldal kommune
og lokale partar. Når søknaden er sendt frå
Statkraft til NVE blir prosessen vidare styrt av
styresmaktene. Nytt reglement vil bli gjeve ved
Kongeleg resolusjon.
Det nye reglementet
Det nye reglementet er blitt kalla eit "varig"
reglement. I denne samanheng tyder dette
fram til 2024. Dersom allmenta meiner at
reguleringa har verknader som ikkje var forutsett,
kan dei da be om at vilkår knytt til
konsesjonen blir reviderte.
Statkraft har von om ein god og open prosess
fram til det nye reglementet blir vedteke.
Faglege resultat vil bli gjort kjent.
Meir informasjon om prosjektet og alle publiserte
rapportar finn du på www.statkraft.no.
Du kan óg rette spørsmål og kommentarar til:
samfunnskontakt Odd Vanvik
(odd.vanvik@statkraft.no)
eller prosjektleiar Vegard Pettersen
(vegard.pettersen@statkraft.no).
Vår 2004
Sommer 2004
Haust 2004
Vinter 2004/05
2005/06
Fagrapportar blir sluttførte av
forskarane
Statkraft sender sluttrapport
og søknad om nytt reglement
til NVE
NVE gjennomfører høyring
NVE skriv innstilling til Oljeog
energidepartementet
Nytt reglement blir fastsett
ved Kongeleg resolusjon
Odd Vanvik og Vegard Pettersen
Lilleaker, september 2003.
Mogleg framdrift er vist i tabellen
7
Hovedadministrasjon
Statkraft SF
Postboks 200 Lilleaker
0216 Oslo
Tlf.: 24 06 70 00
Faks: 24 06 70 01
Besøksadresse: Lilleakerveien 6
Internett: www.statkraft.no