Velkomen til Kyrkja - Mediamannen

mediamannen.no

Velkomen til Kyrkja - Mediamannen

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Nr. 3 – september 2011

– www.kyrkjekontakten.no –

«Sæle dei som skaper fred,

dei skal kallast Guds born.»

Matt. 5,9

Kyrkjelydsfest

Søndagsskulen

Garoua Kyrkjeval

IGNIS Besøk frå Polen

Speiding! Sorg

Velkomen til Kyrkja


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

«Om ein lem lid…»

Andakt ved Børge Ryland

Val i Kyrkja

Alversund kyrkjekontor

Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund

Tlf. 56 35 73 70

Fax. 56 35 73 71

alversund@lindas.kyrkja.no

Opningstider:

tysd. – fred. kl.10.00-15.00

Stab

Fungerande prost:

Geir Sørebø 957 29 172

prosteniytresogn@c2i.net

Sokneprest i Alversund:

Åge Palmesen 56 35 73 76

age.palmesen@lindas.kyrkja.no

Sokneprest i Seim og Lygra:

Børge Ryland 56 35 73 75

borge.ryland@lindas.kyrkja.no

Kateket:

Bjørn D. Nygård 412 59 586

bjorn.d.nygard@lindas.kyrkja.no

Sekretær:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

mariann.nepstad@lindas.kyrkja.no

Kantor:

Odd Leif Mjøs 56 35 73 74

odd.leif.mjos@lindas.kyrkja.no

Kyrkjekontakten

Redaktør:

Hans K. Sundsbø 474 89 022

hansprest@bkkfiber.no

Redaksjon:

Jorunn Bernssen 930 18 661

Monika B. Aarland 414 16 422

Terje H. Hella 413 12 534

Hilde L. Johansen 905 83 259

Rekneskap:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

Layout/setting:

ID fix design 93 006 007

Framsidefoto: Alversund Kyrkje

Trykk: Trykk-Service A/S

Url: www.kyrkjekontakten.no

Frist for innlevering av stoff til

julenummeret: 10. nov.

Sokneråd

Alversund sokneråd

Wenche Tyssøy Medaas 920 25 488

Seim sokneråd

Monica Bøkevoll Aarland 414 16 422

Lygra sokneråd

Kari Dahl 56 35 51 12

Kontonummer

kontonr. 3632.53.60741

Lindås Kyrkjelege fellesråd

Lonsvegen 2 56 37 59 20

www.lindas.kirken.no

Ein gong eg var hjå ein familie, som var i djup sorg etter å ha mist son

sin i ei tragisk trafikkulukke, såg eg noko som gjorde meg tankefull.

Ei sju år gamal søster av avdøde, sat hos mor og far og gret. Men så reiste ho

seg og gjekk ut til venene sine. Snart høyrde vi leik og latter utanfor huset.

Ikkje lenge etter var jenta atter inne hjå mor og far og gret. Slik gjekk det i

fleire vendingar.

Ho viste meg at sorga og gleda fins side om side, samstundes. Den eine får

ikkje den andre til å forsvinna. Ho gjekk mellom desse to «romma», mellom

sorga og gleda. Ho tok friminutt i sorga, for sorga var så altfor stor.

Sorga er sann, den er verkeleg; og gleda er sann, den er verkeleg.

Eg smiler, men eigentleg gret eg. Tårene er usynlege. Eg trur dei kjem. Ja dei

kjem nok, dei ventar berre på eit passande høve.

«Korleis? Kvifor? Kva no?» Terror og vald mot uskuldige, mot unge uskuldige

menneske. Ikkje til å fatta. Den vonde draumen skal vise seg å ikkje vere berre

ein vond draum. Den fæle filmen var ikkje berre ein film.

Stødig har våre leiarar halde fokus på at endringane terroren skal føra til er

meir openheit, meir varme, og meir kjærleik. Ikkje hat, fordi hatet øydelegg

liv og samfunn.

Paulus brukar eit bilete på fellesskapen i trua på Jesus. Han seier: «Men de er

Kristi kropp, og kvar av dykk ein lem på han». Så har Gud utrusta oss med

ulike evner og gåver, slik lemmene er ulike på ein kropp. Som kyrkje er vi

kalla til å finna vår plass i den kjærleiken som bind saman. Den kjærleiken

som strekkjer seg etter kvart menneske.

«For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem blir æra,

gleder alle dei andre seg.» 1. Kor 12,26

Sorga og gleda. Det å høyra saman. Det å sjå at mitt liv har med dei andre å

gjere, og at dei andre sine liv har med mitt å gjere, har vorte tydelegare no.

Lat oss kjenna at vi kan gjere ein skilnad, med det vi tenkjer, seier, og gjer i

våre fellesskap.

No er det tid for å gjere val av leiarar for kyrkje og samfunn. Og vi vel i den

tru at vi kan gjere vårt med vår stemme.

Gud gi oss nåde til å setje grenser mot hat og vald, mot diskriminering og

mobbing, mot alt som trugar menneskeverdet, og som stengjer ute Guds råd

og rettleiing for liva våre.

La oss be for kvarandre. Godt val.

Trongen til å stå saman for å gå

i fakkeltog, tenne lys, prate og

gråte har vore sterkt. Og det vil

vere sterkt i tida vi har framfor

oss. Mange er dei som treng vår

omtanke, vår omsorg og våre bøner.

Og våre tente lys.

Det er sagt at å bruke stemmeretten

sin, er å ikkje la terroristen

vinne. Frykt og redsel skal ikkje

få hindre oss i å fortsette å bygge

vårt samfunn i fridom, åpenheit

og toleranse. Vi treng menneske

som engasjerer seg for kvarandre,

vi treng politisk aktive. Di

stemme ved kommunevalet er

viktig, ikkje la sjansen gå forbi

deg. Godt val!

På valdagen 12. og 13. september

vert du òg utfordra til å stemma

i årets kyrkjeval. Dette er val av

sokneråd og bispedømmeråd, og

dei som vert valde inn, går inn i

ein periode på fire år. Kyrkjevalet

har tradisjonelt ikkje hatt stor

oppslutnad, men utviklinga ved

forrige val er veldig god. Samloka-

av Hans Kenneth Sundsbø

Det er i år val, både kommuneval og kyrkjeval. Vi er alle

sterkt prega av terrorhandlingane i Oslo og på Utøya den

22. juli, handlingar så grusomme og onde at vi ikkje kan tru

det. Hjarta i demokratiet vart råka – både regjeringsbygget og

vår engasjerte og målretta ungdom.

lisering med det politiske valet

er ein viktig medverkande faktor

her.

Kva er det så som skal velgjast og

stemmast over ved kyrkjevalet?

Som sagt ovanfor, er det personar

til sokneråd og bispedømmeråd

som vert valde 12. og 13. september.

Desse utgjer i sokneråda

7500 personar, og i bispedømmeråda

115 personar. Samla utgjer

desse råda Kyrkjerådet, som styrer

utviklinga i kyrkja. Framfor

seg har kyrkja no mange viktige

saker som skal avgjerast og innførast.

Den største og mest spennande

saka er utan tvil rammene kring

det nye forholdet kring stat og

kyrkje. Vidare skal ny kyrkjeordning

vedtakast, nye liturgiar

skal gjerast kjend og takast

i bruk. Sokneråda har i tillegg

sine grunnleggjande oppgåver

som går på å leggja tilrette for

det lokale livet i kyrkjelyden med

trusopplæring, omsorgsarbeid og

kyrkjemusikk. Bispedømmeråda

har mellom anna tilsetjing av

kyrkjelydsprestar og fordeling av

statlege midlar som sine oppgåver.

Kyrkja treng menneske som engasjerar

seg, som ynskjer å bidra,

som har meiningar og som vil

utretta noko for andre. I år har

vi 15.650 personar som stiller til

val, og som har sagt ja til å stilla

opp for kyrkja si. Dette er menneske

med ulik bakgrunn, ulike

meiningar og i ulike fasar av livet.

Felles er likevel engasjementet

og vilja til å bidra.

DU kan på valdagen gje kyrkja

gode råd, ved å velgja dei kandiatane

du ynskjer skal styra kyrkja

vår. Dette er lokale personar, nokre

kjenner du kanskje frå før?

Uansett oppfordrar vi deg til å

bruka stemmeretten din også i

kyrkjevalet. 80 prosent av Norges

befolkning over 15 år har rett til

å avgje stemme.

Vi treng di meining! Godt val!

s. 2 s. 3


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Alversund sokn Seim sokn Lygra sokn

Kyrkjevalet vert gjennomført på to stader

mandag 12. september kl 12:00 - 20:00.

Det er ved Alversund skule og ved Knarvik

barneskule. Sjå etter anvisningar på skulane.

Til valet i Alversund sokn stiller følgjande kandidatar.

Alder, bustad og yrke er oppgitt.

1 – Britt Elin Soltveit Hansen, 52 år,

Skarsvegen, Alversund, Spesialsjukepleier

2 – Øystein Aamli, 25 år,

Gamlastøa, Alversund, Lærar

3 – Kjersti Wiik, 51 år,

Litlevika, Isdalstø, Songar, songpedagog, lærar

4 – Norunn Larsen, 54 år,

Orresteinen, Isdalstø, Spesialsjukepleiar

5 – Leif Ragnar Fiske, 68 år,

Klokkarstien, Alversund, Pensjonert lærar

6 – Sigrun Håland, 67 år,

Klubben, Isdalstø, Pensjonert lærar

7 – Kjersti Aase Johansen, 52 år,

Kvamsvågen, Alversund, Laboratorieingeniør

8 – Weronica Olafsen Løland, 39 år,

Klubben, Isdalstø, Barnehageassistent

9 – Arne Magnar Lyngøy, 38 år,

Furumarka, Alversund, Basesjef

10 – Åshild Litleskare, 39 år,

Skarsvegen, Alversund, Kjemiingeniør

11 – Anne Sofie Bjørnebøle Træland, 56 år,

Oterdalen, Isdalstø, Sjukepleiar

12 – Silje Marie Bauge, 32 år,

Leitet, Alversund, Hjelpepleiar

13 – Kjersti Bergfjord Berentsen, 50 år,

Løhøyen, Alversund, Husmor

Det skal velgjast 10 medlemmer og

3 varamedlemmer.

Kyrkjevalet vert gjennomført på Grendahuset

Strilatun 12. september kl 12:00 - 20:00.

Til valet i Seim sokn stiller følgjande kandidatar.

Alder og bustad er oppgitt.

1 – Inger Opheim Hindenes, 50 år,

Ikeland, Seim

2 – Eva Karin Gausereide Kjellnes, 33 år,

Vassbygdvegen, Seim

3 – Kåre Bjarne Leivestad, 68 år,

Vassbygdvegen, Seim

4 – Magnhild Marie Haugen, 77 år,

Seimstranda, Seim

5 – Normann Spurkeland, 68 år,

Seimstranda, Seim

6 – Svein Jakob Hjelmtveit, 73 år,

Hjelmtveitvegen, Seim

7 – Åge Stusdal, 47 år,

Nesbrekka, Seim

8 – Rannveig Furelid, 32 år,

Sollia, Seim

9 – Hege Regine Vatnøy, 39 år,

Lurevegen, Seim

10 – Inge Arnulf Hjelmtveit, 66 år,

Seimstranda, Seim

11 – Tone Lillian Sundsbø Pedersen, 38 år,

Lurevegen, Seim

Det skal velgjast 6 medlemmer og

5 varamedlemmer.

Det er mogleg å førehandsrøyste

10. aug. til 9. sept. ved

Alversund Kyrkjelydskontor.

Tlf 56357370

Kyrkjevalet vert gjennomført på Feste skule, mandag 12. september kl 12:00 - 20:00.

Til valet i Lygra sokn stiller følgjande kandidatar.

Alder, bustad og yrke er oppgitt.

1 – Elin Nergård Martinsen, 55 år,

Titlandsvegen, Seim,

Psykiatrisk hjelpepleiar

2 – Bjarte Haukås, 41 år,

Haukåsvegen, Seim, Bonde

3 – Elisabeth Mehl Winge, 33 år,

Haukåsvegen, Seim, Husmor

4 – Hans Jakob Valle, 50 år,

Festevegen, Seim, Handelsmann

5 – Lillian Berentsen, 49 år,

Lurevegen, Seim, Lærar

6 – Toralv Bergfjord, 50 år,

Festevegen, Seim, Vaktmeistar

7 – Wenche Næss, 49 år,

Berås, Seim, Butikkmedarbeidar

8 – John Austrheim, 62 år,

Lurevegen, Seim, Salskonsulent

9 – Olga Inger Furesund, 50 år,

Titlandsvegen, Seim,

Heimehjelpar

10 – Johan Lygre, 48 år,

Lurevegen, Seim, Maskinarbeidar

Det skal velgjast 6 medlemmer og

4 varamedlemmer.

Vil du vere frivillig på Kirkens SOS kriseteneste?

Vi treng menneske som vil prate med medmenneske

som har det vanskeleg.

Oppgåva di er å lytte og tenke høgt saman med

den som tar kontakt. Du skal ikkje gje råd eller

løyse den andre sine problem.

Du får innføringskurs, rettleiing og vidare

fagleg oppfølging så lenge du er med i tenesta.

Vanleg vaktturnus er ca. kvar 12. dag, tilpassa

din kvardag. Kirkens SOS er ein døgnopen krisetelefon,

tilgjengeleg via telefon og internett.

Du må vere mellom 20 og 80 år, og du må ha

avstand til eigne kriser.

Kursstart 26. september.

Innføringskurs

for nye medarbeidarar

på telefon

eller SOS-chat

tek til i slutten av

september!

Kontakt oss på tlf. 55 32 58 45 / 941 83 654

bjorgvin@kirkens-sos.no eller

www.kirkens-sos.no

s. 4 s. 5


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

1 Peter 5,7

Barnesida

Andakt: Sorg og sakn

av Monika Bøkevoll Aarland

Somme tider skjer det ting ein ikkje kan forklare, skrekkelege,

triste hendingar som ingen forstår. Kanskje du

har opplevd ei slik hending? Kanskje du har mista nokon

som sto deg nær, enten dei har flytta eller

er døde?

Det kan vere vanskeleg å tru at ein nokon gong kan bli glad igjen. Då

er det godt å ha eit fang å krype opp på, nokon som gir deg ein god

klem og seier at alt skal bli så bra. Kanskje mamma

Kast all dykkar uro på

han, for han har

omsorg for dykk.

Kom til meg, alle de

som slit og har tungt

å bera; eg vil gje dykk

kvile!

eller pappa, ein god ven, ei bestemor, nokon som

bryr seg om deg. Kanskje du kan vere ein slik

ven? Når triste, uforklarlege ting skjer, er det viktig

å stå sammen, trøyste kvarandre og vere gode

med kvarandre.

Gud har sagt at han vil vere nær deg når slike ting

skjer. I bibelen står det om Gud at han skal tørke bort

kvar tåre frå

våre auge.

Gud har også sagt at vi

kan komme til han med

alt som er vanskelig og

tungt, og han vil gi oss

kvile.

Gud elskar oss. Han vil

at vi skal ha det bra, og

at vi skal vere glade og

trygge. Og han vil at vi

skal be til han.

Matteus 11.28

Jesus til barna

Målet med det undervisningsopplegget

er at barna skal få møte

bibelforteljingane og evangeliet i

ei totalformidlande ramme, der

bønn og tilbeding høyrer med.

Den pedagogiske grunntanke

er teorien om «De mange intelligenser»

(Multiple intelligences).

Det vert difor lagt vekt på at

borna er ulike, der sanseinntrykk

og opplevingar skal vere med og

understreke storleiken i Guds

skaperverk og i evangeliet.

Dette skal hjelpe dei til å huske

og bruke bibelforteljingane i sitt

eige liv. Gjennom dette ønskjer

vi å verkeleggjere Søndagsskulens

visjon: Jesus til borna.

Knarvik søndagsskule

møtes i Knarvik Misjonshus desse

søndagane: 23. august, 11. 18.

og 25. september, 2. 16. og 23.

oktober, 6. 20. og 27. november

og 11. desember, frå kl. 11.00.

I tillegg held vi adventsfest

04. desember, kl. 17.00.

Borna er saman med dei vaksne

ei stund før dei går på søndagskulen.

Dette gjeld om det er

søndagssamling, gudsteneste eller

møte.

Alversund søndagsskule

har pause i haust.

Myksvoll søndagsskule

Onsdagsklubben møtes i Myksvoll

bedehus onsdagar frå kl 17-

18.30. Samlingane vert avslutta

med kveldsmat. Datoane i haust

er: 7. september, 5. oktober, 2.

november og 30. november.

Feste søndagsskule

møtes på søre-Feste desse søndagane:

9. september, 25. september,

9. oktober, 23. oktober, 6. november,

20. november, 27. novem-

Søndagsskulen

av Monika Bøkevoll Aarland

Alle leiarar på søndagsskulen ynskjer å gje det beste til barna. Vi vil at barna skal

få del i den største skatten; trua på og kjennskapen til Jesus. Vi har 6 søndagsskular

i Alversund, Seim og Lygra, og ynskjer at fleire barn får komme og høyre om det

viktigaste vi kan gje dei.

ber og 11. desember, frå kl. 11.00.

Seim søndagsskule

«Låvegjengen» møtes i løa på

Spurkeland Gard desse laurdagane:

10. september, 24. september,

22. oktober, 5. november,

19. november og 03. desember,

kl. 12.00 - 13.30.

Vollom søndagsskule

Vi møtes på Vollom bedehus desse

tirsdagane: 6. september, 4. oktober,

1. november og 29. november,

frå klokka 17.00 - 18.30. Vi

avsluttar med kveldsmat kvar

gong.

Familiemøte 30. oktober og julefest

30. desember.

Velkommen til ei kjekk stund

med mykje sang, forteljingar

om Jesus, drama, dukketeater,

leikar og spel. Mat vert det

gjerne òg.

Barn i spel og leik på søndagskulen

s. 6 s. 7


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Nytt frå kyrkjelydane

Songkor i kyrkjelyden :-)

Seim Barnekor

Alle som ynskjer å syngja i kor er hjarteleg velkomne

til å ta kontakt med dirigent Odd Leif Mjøs på

tlf. 99 31 69 22.

Alversund Kammerkor

Koret øver i Alversund kyrkjelydshus kvar tysdag

frå kl 19.30. Vi ynskjer nye og gamle medlemmer

velkomne til ein interessant haust i eit utviklande

og kjekt kormiljø. Dersom du lurar på noko, kan du

kontakta dirigent Odd Leif Mjøs (tlf. 99 31 69 22).

Barnekora Sing-Singeling og Sing-Out

Sing-Singeling er eit barnekor for 1.- 4. klasse, som

øver kvar onsdag i Kyrkjelydshuset i Alversund. På

samme stad øver også Sing-Out som har medlemmer

frå 5.- 7. klasse. Hanne Vatnøy er ny dirigent

for Sing-Out, og ho vil også starte opp dramagruppe

for dei som ynskjer det. Kora ynskjer nye og gamle

medlemmer hjarteleg velkomne!

Solstrålen

for born under skulealder

Haustens samlingar:

Vi er eit barnekor for dei 7. september

minste, 3-6 år, med mykje 21. september

leik, enkle songar og lav 5. oktober

terskel! Vi samlast annankvar

onsdag 17.30 - 18.15 2. november

19. oktober

i stova i Kyrkjelydshuset i 16. november

Alversund. Velkomne! 30. november

Myksvoll Yngste Røster Born frå 3 år og opp

øver annankvar onsdag kl 16.30 – 17.30 i bedehuset.

Nytt ungdomskor i Nordhordland!

For deg som spelar eit instrument, syng, dansar eller

spelar drama. Første øving 8. september i Meland,

på «Møteplassen» i Rema-bygget, kl 19.30

Finn ut meir på: www.korinor.tk

Nytt frå kyrkjelydane

Takk for meg!

Hausten 2005 vart eg valt inn i

Alversund sokneråd og fekk relativt

raskt ansvaret for kyrkjebladet

– i lag med representantar frå

Seim og Lygra. Sjølv om det var

dei tilsette ved kyrkjelydskontoret

som sat med redaksjonsansvaret

den fyrste tida, var det

i praksis redaksjonen som stod

bak bladet.

Med bakgrunn frå avis og grafisk

bransje vart det etter kvart naturleg

at eg tok på meg redaktøransvaret

for bladet. Dette også

av omsyn til at prestane allereie

hadde ei stor og krevande arbeidsbyrde.

Ved val av nytt sokneråd hausten

2009 vart eg spurd om å halda

fram med bladet. Eg ga då uttrykk

for at eg fann det naturleg

at nokon frå det nye soknerådet

overtok redaktør-ansvaret, men

eg sa meg villig til å vera med

som redaksjonell medarbeidar.

No til hausten er det atter ein

gong soknerådsval, og eg finn det

naturleg at eg no gir meg – etter

ca. 6 år.

Eg vil med dette takka for den

tida eg har fått høve til å arbeida

med bladet. Det har til tider vore

veldig arbeidskrevande, men det

har og vore givande og interessant.

Det hadde nok gjerne vore

ynskjeleg at kyrkjemedlemmane

engasjerte seg meir i bladet, men

Terje H. Hella

når det er sagt må det og seiast

at alle har vore velvillige med bidrag

når dei har vorte førespurd.

Eg ynskjer det nye soknerådet

lykke til med arbeidet dei komande

åra, både med soknerådsarbeidet

og spesielt med kyrkjebladet.

Vi går spennande tider i

møte i Alversund kyrkjelyd.

Takk for meg!

«Kaffekosen»

Av Terje H. Hella

«Kaffekosen» i Alversund er eit

populært tiltak for dei litt tilårskomne

i kyrkjelyden. Det er avsett

ein fredag i kvar måned til

denne samlinga.

Datoane i haust er no klare, og

samlingane vert fredagane:

9. september, 14. oktober,

18. november 9. desember.

Programmet for våren 2012 er

ikkje klart, men vi vonar å komme

tilbake til det i julenummeret.

Kyrkjemesse i Nordhordlandshallen

Sett av helga 21. - 23. oktober! Då har soknerådet i

Alversund den glede å invitera til eit spennande

program til inntekt for den nye kyrkja i Knarvik.

Fredag kveld blir det konsert

med Alversund Kammerkor

og Skala i aulaen på Knarvik

Ungomsskule. Lørdag blir det

kyrkjemesse i Nordhordlandshallen

med eit svært innholdsrikt

program. Vi kan nemna

konsertar av barnekora Sing-

Singeling og Sing-Out, lotteri,

åresal, kafé, guida turar

til kyrkjetomten, stands, aktivitetar

for born og unge, stillerom,

og mykje meir. Søndag

blir det gudsteneste i Knarvik

Misjonshus. Det kjem meir

informasjon etterkvart.

Sett av helga, ta med familie

og venner, og delta på denne

flotte helga til inntekt for

kyrkja i Knarvik!

«Tirsdagsklubben»

for barn frå 1. kl og oppover

i Vollom bedehus

Me vil ha møter annakvar tysdag

ettermiddag

kl 15.00 - 17.30

Den byrjar når elevane kjem

med skulebussen. Opplegget er

middag, andakt og aktiviteter:

13. september

27. september

25. oktober

8. november

22. november

6. desember

Velkomen til tirsdagsklubben!

Pensjonisttreff

i Myksvoll bedehus

Denne hausten inviterer vi til pensjonisttreff tre onsdagar.

Datoane er:

28. september, 2. november og 30. november

Treffa startar kl 12.00 med sang, andakt og litt anna

program. Det er enkel middagservering, utlodning og

spørjeleik.

Treng nokon skyss til og frå ordnar vi med det.

Ring gjerne Asle Hetlebakke, tlf 92 84 84 58 eller

Jorunn Bernssen, tlf 93 01 86 61.

Myksvoll Indremisjon er arrangør, og vi ynskjer velkommen både

bygdefolk og andre som har lyst å komma.

s. 8 s. 9


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Nytt frå kyrkjelydane

Besøk frå Polen

Helga 19. - 21. august inviterte songkoret

Alvidt/Manger eit barnekor frå Polen til

Nordhordland. Biedronki heitte barnekoret

og tyder marihøne. Dirigenten deira heitte

Aleksandra Turska.

Laurdag fekk Sing-Out vere med å synge på konsert

med desse kora i Manger kyrkje. Det var spanande

for Sing Out. Dei fekk møte eit polsk barnekor med

30 medlemmer som var komen med buss til Noreg.

Heime i Polen hadde dei enno fleire kormedlemmar.

Dei var svært glad for å få kome på besøk.

Dei likte å reise, møte nye menneske og ikkje minst

å synge. Musikk er fred, sa dei. Difor var dei her.

Til og med eit barn kan endre verda, sa dei, og song

blant anna «We are the world».

Sing Out song fleire songar med Therese H. Aakre

på piano og Solveig Hugås som dirigent. Etter siste

Snart byggestart!

Det har vore ein krevjande,

men utruleg spanande jobb

å få fram alt materiale til detaljprosjektet.

Bidrag frå arbeidsgruppane har

vore gode bidrag her, når plan

og prosjektgruppa har måtta

gjere sine prioriteringar. Når det

gjeld økonomi har me god kontakt

med kommunen. Dei kostnadsvurderingane

som er gjort

av prosjektet gjev oss grunn til å

vere optimistar. Så vil anboda me

får inn i oktober vere avgjerande

for om me må gå ein «pinerunde»

eller ikkje. Uansett har me fleire

deler av prosjektet som lyt baserast

på innsamla midlar. Me

har alt fått inn om lag 300.000

til knt. 3632.56.80444. Om lag

det same som soknerådet alt har

frå gamalt av. Me har dessutan

munnlege tilsagn på 6-700.000

og positive signal frå nokre til

Realiseringa av kyrkja har no

slik framdriftsplan:

– Søkand om kyrkjeleg godkjenning

sendt departementet, og forventa

avklaring i september 2011.

– Rammesøknad, detaljprosjekt

s. 10

av Anne Hilde Pollen Nygård

song som alle tre kora song saman «Måne og sol»,

var dei saman og åt middag som Alvidt/Manger

arrangerte. Då vart det også utveksla adresser og

nye bekjentskap vart stifta mellom kormedlemmane.

Sing Out songarane hadde fått nye vener og dei

kom stolt heim med polsk sjokolade som dei snille

songarane frå polen hadde med til dei.

Ei flott oppleving for alle som var med.

av Åge Clausen

Kyrkjeverje og prosjektansvarleg

og konkurransegrunnlag for anbodsinnhenting

klart i august.

– Gjennomføring, prekvalifisering

og anbodskonkurranse, september

– Gjennomføring anbodskonkurranse

oktober.

– Kontraktsinngåingar, låneopptak

mv. i november 2011.

– Byggestart desember 2011 /

januar 2012.

Kanskje ein del ukjende ord for

fleire enn meg. Men det tyder altså

at dei folka me har til å hjelpe

oss her, er på eit godt spor!

Aktivitetar i kyrkjelyden

ALVERSUND

AKTIVITET KONTAKTPERSON FOR KVEN

Alversund kammerkor Odd Leif Mjøs - 99 31 69 22 For vaksne, yngre og eldre

Alversund KFUK/KFUM – speidarar Karin Sæbjørnsen - 92 45 18 22 Familiar – oppm. p. skulen – ute

Fredagskos/Eldretreff Ingunn Mestad - 56350011 Vaksne

Gnisten Barneforening Nina Beate T.Nordheim - 98402050 Born fra 3.klasse

Kyrkjeringen Ingunn Mestad - 56350011 Vaksne

Den Nye Kyrkjeringen Ann Kirsti Vatnøy - 90763165 Vaksne

Samtalegruppe Torunn Ø. Jordal - 99439588 Vaksne

Sing Singeling Therese H. Aakre - 41468837 Barnekor, fra 1.klasse

Sing Out Hanne Vatnøy - 980 36 734 5. - 7. klasse

Solstrålen Helle Kartveit - 40406050 Barnekor, 4 - 6år

Strikkekafè Ingrid Bekkenes - 97638369 Kvinner

Søndagsskule Hilde L. Johansen - 90583259 Born

Teatergruppe Hanne Vatnøy - 980 36 734 4. - 7. klasse

Alversund Kyrkjekontor Mariann Nepstad - 563573 mariann.nepstad@lindas.kyrkja.no

Alversund Indremisjon Glenn Nord - Varhaug 95234418 I Fosse bedehus/Husfellesskap

KNARVIK

AKTIVITET KONTAKTPERSON FOR KVEN

Familieforeining NLM Sissel Bjørke - 92 84 17 60 Vaksne – i private heimar

Fredagsklubb Arild Stangeland - 92 29 97 96 Jenter og gutar frå 5. kl. og opp

Fredagskafé Per Byrknes - 97 07 62 76 Ungdomsskule og oppover

Føremiddagstreff Leiv Nesheim - 99 26 63 17 Frå ca. 60 år og oppover

IGNIS Eli Eidsnes - 90 61 35 15 Songkor – for ungdom / unge vaksne

Indremisjonsforeining Kjellaug H. Jensen - 97 10 36 32 Vaksne – i private heimar

NMS-foreining Jorunn Marøy - 99 16 58 95 Vaksne – i private heimar

Søndagsskule

Gerd Marit O Øvretveit - 98 86 01 26 Born

18 + Frank Kolden - 95 42 20 96 Unge vaksne

Knarvik Misjonshus Johannes Øvretveit - 916 32 652 www.knarvikmisjonshus.no

Ungdomskonakten Salto Knarvik senter - 56 35 45 54 Ungdom 13 - 20 år

Klypp ut sida frå bladet og heng den på kjøleskapet!

:-


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Aktivitetar i kyrkjelyden

Frå kyrkjeboka

LYGRA

AKTIVITET KONTAKTPERSON FOR KVEN

Myksvoll Yngste Røster Anna Maria S. Hetlebakke - 91 86 64 76 Barnekor frå 3 år og opp

Myksvoll Søndagsskule Jorunn Bernssen - 93018661 Frå ca 3 år og opp

Yngres Jens M Bernssen - 99292700 Jenter og gutar frå 5.kl og opp

Ten - treff Håvard Brekkhus Bernssen - 90891107 Ungdom frå 8.kl og opp

Fellesskapssamlingar Atle Berland - 99385206 Bibelgr. for vaksne annankv mand

Støttef. for barne/ ungd.arb. Gjertrud Berland - 97738025 Vaksne 1 gong i mnd.

Møter, Myksvoll Indremisjon Asle Hetlebakke - 92848458

Pensjonist - treff Asle Hetlebakke Frå 60 år og oppover

Feste Søndagsskule Jorunn Nordbustad - 40888396 Frå ca 3 år og opp

Forening, NMS Jorunn Nordbustad For vaksne

Seim

AKTIVITET KONTAKTPERSON FOR KVEN

Vollom Indremisjon Jarle Monstad - 56 35 25 57 Alle

Seim Indremisjon Johan Espeland - 901 01 500 Alle

Vollom Kvinneforening Rakel Valle - 56 35 51 36

ImF Kvinnelag (Seim) Solveig Hjelmtveit - 56 35 08 58

Fredagskafe` Seim Bedehus Erling Rosnes - 450 24 868 Ungdom

Gneisten Barnelag Mikal Bjåen Born 5 - 7 kl

Seim Barnekor Odd Leif Mjøs Born 1 - 4 kl

Tirsdagsklubben Ingunn Valle - 92421624 for born frå 1. klasse

Vollom Søndagskule Miriam Monstad - 56 35 25 57 Heile familien

Seim Søndagskule Maria Rosnes - 476 20 313 Born

Seim Songkor Ingunn Øwre - 907 35 324 Vaksne

Bibel - /samtalegruppe Maria og Erling Rosnes Ungdom

Døypte:

Alversund:

12.06.11:

Sverre Myklebust-Tufte

(døypt i Manger krk)

Sofia Litleskare Bjerknes

Mayli Lisell Veland Taule

Eskil Nygård Haugstulen

Mathias Nottveit Vabø

Ask Ulrik Brekke Iden

13.06.11:

Iver Sangolt Lid

(døypt i Myking krk)

19.06.11:

Emil Kimsås Kjørlaug

Philip Alver Sylta

Lea Erlimo Bratseth

03.07.11:

Nora Kristine Reknes Larsen

(døypt i Frøyset krk)

10.07.11:

Ida Løseth Hope

(døypt i Helgheim krk)

Nikolai Ones

(døypt i Hundvin krk)

30.07.11:

William Michael Hvidsten

31.07.11:

Richard Uwimana Hofsvik

Benjamin Haugland

Kristina Reigstad Rath

Sanne Aarnes Nonslid

Ludvig Espeland

13.08.11:

Marthe Vik Ottesen

Seim:

03.07.11:

Nikolai Bøkevoll

Leah Fløysand Rydland

Nicolai Annaniassen

07.08.11:

Ronja Elsås Køhne

Vigde:

Alversund:

18.06.11:

Ruth Elin Håtuft og

Lars Øyvind Hillestad

Marion Rath og

Einar Patrick Rizo Lundberg

26.06.11:

Anita Bjørsvik og

Anders Kvamme

Monica Lilleskare og

Ståle Magne Berge

Karethe Charlen Storum og

Børre Hansen

02.07.11:

Cathrine Aase og

Roger Førde

Anita Therese Fyllingen og

Kristian Orstad

30.07.11:

Ragnhild Palmesen og

Bjarte Nese

Kristine Fagerthun Jensen og

Bjørn Ove Hvidsten

06.08.11:

Lise Westervik og

Ole Vetås

Merethe Cathlin Hagewick og

Jan Patrick Løkkebø Samuelsen

13.08.11:

Gail Priscilla Bender og

Jan Fosse

Merete Vik Nilsen og

Thomas Ottesen

Lygra:

09.07.11

Ingvild Ynnesdal og

Frode Langenes

13.08.11:

Synne Laastad Dyvik og

Ole Johannes Kaland

Avlidne:

Alversund:

05.06.11:

Tore Haugland f. 1950

20.06.11:

Solveig Hoff Nesheim f. 1991

04.07.11:

Siv Holtan f. 1992

21.07.11:

Jacob Emil Isdal f. 1939

25.07.11

Jenni Kaarstad f. 1960

28.07.11:

Svanhild Johanne

Nyhavn f. 1919

30.07.11:

Ulf Kühle f. 1934

03.08.11:

Helene Grinde f. 1928

Seim:

01.07.11:

Agnar Leon Fjeldsbø f. 1933

11.07.11:

Karin Irene Monstad f. 1961

03.08.11:

Thorbjørn Olsen f. 1948

Lygra:

02.06.11

Svanhild Nordahl f. 1912

Klypp ut sida frå bladet og heng den på kjøleskapet!

:-

s. 13


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

«Med fokus på fag og kunden»

Knarvik. tlf. 56 35 17 65 www.hageland.no

Annonsesider

Bok & Media Frekhaug

tlf. 55 31 89 89 frekhaug@bokogmedia.no

www.nordh-bb.no

Blomster til

alle anledninger

– Din kristne bokhandel – Åsane storsenter 42

(opp trappa, vis à vis Sport 1)

Bibler

Bøker – Musikk – Film – Kort – Gaver

tlf 55 19 82 00

56 35 79 90 56 35 79 91

Isopor - netting - plastfolie

Alt i isolasjon, plastfolie, netting, grunnmurspapp,

støpematrise, drensrør, drensrenner, anleggsrør, veiduk,

merkespray, formstag, kryssfiner og spiker. Armeringsstoler

/ lister.

Alt i Hey`di

produkter.

Fargehuset

www.fargehuset.no

Knarvik Senter Tlf. 56 34 30 80

5911 Alversund

tlf. 56 35 00 05 mob. 901 18 290

fosse-b@online.no

s. 14

s.15


i Alversund prestegjeld

04. september Gamleskulen kl 1245 v/Ryland Sportsgt

11. september Seim kl 1100 v/Ryland konf.pres

18. september Alversund kl 1100 v/Palmesen konf.pres

25. september Knarvik kl 1100 v/Palmesen konf.pres

Lygra kl 1100 v/Ryland konf.pres

02 oktober Alversund kl 1100 v/Ryland Hausttakkegt

Søndagsskulens dag

Seim kl 1700 v/Ryland Hausttakkegt, 4års boka

Søndagsskulens dag

09. oktober Alversund kl 1100 v/Palmesen

16. oktober Seim kl 1100 vPalmesen

23. oktober Knarvik kl 1100 v/Ryland Hausttakkegt., 4års boka

Søndagsskulens dag

Lygra kl 1700 v/Palmesen Hausttakkegt., 4års boka

Søndagssk.dag

30. oktober Alversund kl 1100 v/Palmesen ikkje dåp

06. november Alversund kl 1100 v/Ryland Dåp/nattv

kl 1700 v/Palmesen Minnegudsteneste

13. november Seim kl 1100 v/Palmesen

Lygra kl 1100 v/Ryland

20. november Alversund kl 1100 v/Palmesen 4års boka

kl 1230 v/Palmesen Dåpsgudsteneste

27. november Knarvik kl 1100 v/Ryland

Seim kl 1700 Konsert v/Seim musikklag/songkor

04. desember Alversund kl 1900 v/kateket/prest Lysmesse

Seim kl 1930 v/kateket/prest Lysmesse

Lygra kl 1700 v/kateket/prest Lysmesse

Det kan verta endringar i lista. Sjå kunngjeringar i Strilen og Nordhordland

More magazines by this user
Similar magazines