Velkomen til Kyrkja - Mediamannen

mediamannen.no

Velkomen til Kyrkja - Mediamannen

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

«Om ein lem lid…»

Andakt ved Børge Ryland

Val i Kyrkja

Alversund kyrkjekontor

Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund

Tlf. 56 35 73 70

Fax. 56 35 73 71

alversund@lindas.kyrkja.no

Opningstider:

tysd. – fred. kl.10.00-15.00

Stab

Fungerande prost:

Geir Sørebø 957 29 172

prosteniytresogn@c2i.net

Sokneprest i Alversund:

Åge Palmesen 56 35 73 76

age.palmesen@lindas.kyrkja.no

Sokneprest i Seim og Lygra:

Børge Ryland 56 35 73 75

borge.ryland@lindas.kyrkja.no

Kateket:

Bjørn D. Nygård 412 59 586

bjorn.d.nygard@lindas.kyrkja.no

Sekretær:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

mariann.nepstad@lindas.kyrkja.no

Kantor:

Odd Leif Mjøs 56 35 73 74

odd.leif.mjos@lindas.kyrkja.no

Kyrkjekontakten

Redaktør:

Hans K. Sundsbø 474 89 022

hansprest@bkkfiber.no

Redaksjon:

Jorunn Bernssen 930 18 661

Monika B. Aarland 414 16 422

Terje H. Hella 413 12 534

Hilde L. Johansen 905 83 259

Rekneskap:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

Layout/setting:

ID fix design 93 006 007

Framsidefoto: Alversund Kyrkje

Trykk: Trykk-Service A/S

Url: www.kyrkjekontakten.no

Frist for innlevering av stoff til

julenummeret: 10. nov.

Sokneråd

Alversund sokneråd

Wenche Tyssøy Medaas 920 25 488

Seim sokneråd

Monica Bøkevoll Aarland 414 16 422

Lygra sokneråd

Kari Dahl 56 35 51 12

Kontonummer

kontonr. 3632.53.60741

Lindås Kyrkjelege fellesråd

Lonsvegen 2 56 37 59 20

www.lindas.kirken.no

Ein gong eg var hjå ein familie, som var i djup sorg etter å ha mist son

sin i ei tragisk trafikkulukke, såg eg noko som gjorde meg tankefull.

Ei sju år gamal søster av avdøde, sat hos mor og far og gret. Men så reiste ho

seg og gjekk ut til venene sine. Snart høyrde vi leik og latter utanfor huset.

Ikkje lenge etter var jenta atter inne hjå mor og far og gret. Slik gjekk det i

fleire vendingar.

Ho viste meg at sorga og gleda fins side om side, samstundes. Den eine får

ikkje den andre til å forsvinna. Ho gjekk mellom desse to «romma», mellom

sorga og gleda. Ho tok friminutt i sorga, for sorga var så altfor stor.

Sorga er sann, den er verkeleg; og gleda er sann, den er verkeleg.

Eg smiler, men eigentleg gret eg. Tårene er usynlege. Eg trur dei kjem. Ja dei

kjem nok, dei ventar berre på eit passande høve.

«Korleis? Kvifor? Kva no?» Terror og vald mot uskuldige, mot unge uskuldige

menneske. Ikkje til å fatta. Den vonde draumen skal vise seg å ikkje vere berre

ein vond draum. Den fæle filmen var ikkje berre ein film.

Stødig har våre leiarar halde fokus på at endringane terroren skal føra til er

meir openheit, meir varme, og meir kjærleik. Ikkje hat, fordi hatet øydelegg

liv og samfunn.

Paulus brukar eit bilete på fellesskapen i trua på Jesus. Han seier: «Men de er

Kristi kropp, og kvar av dykk ein lem på han». Så har Gud utrusta oss med

ulike evner og gåver, slik lemmene er ulike på ein kropp. Som kyrkje er vi

kalla til å finna vår plass i den kjærleiken som bind saman. Den kjærleiken

som strekkjer seg etter kvart menneske.

«For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem blir æra,

gleder alle dei andre seg.» 1. Kor 12,26

Sorga og gleda. Det å høyra saman. Det å sjå at mitt liv har med dei andre å

gjere, og at dei andre sine liv har med mitt å gjere, har vorte tydelegare no.

Lat oss kjenna at vi kan gjere ein skilnad, med det vi tenkjer, seier, og gjer i

våre fellesskap.

No er det tid for å gjere val av leiarar for kyrkje og samfunn. Og vi vel i den

tru at vi kan gjere vårt med vår stemme.

Gud gi oss nåde til å setje grenser mot hat og vald, mot diskriminering og

mobbing, mot alt som trugar menneskeverdet, og som stengjer ute Guds råd

og rettleiing for liva våre.

La oss be for kvarandre. Godt val.

Trongen til å stå saman for å gå

i fakkeltog, tenne lys, prate og

gråte har vore sterkt. Og det vil

vere sterkt i tida vi har framfor

oss. Mange er dei som treng vår

omtanke, vår omsorg og våre bøner.

Og våre tente lys.

Det er sagt at å bruke stemmeretten

sin, er å ikkje la terroristen

vinne. Frykt og redsel skal ikkje

få hindre oss i å fortsette å bygge

vårt samfunn i fridom, åpenheit

og toleranse. Vi treng menneske

som engasjerer seg for kvarandre,

vi treng politisk aktive. Di

stemme ved kommunevalet er

viktig, ikkje la sjansen gå forbi

deg. Godt val!

På valdagen 12. og 13. september

vert du òg utfordra til å stemma

i årets kyrkjeval. Dette er val av

sokneråd og bispedømmeråd, og

dei som vert valde inn, går inn i

ein periode på fire år. Kyrkjevalet

har tradisjonelt ikkje hatt stor

oppslutnad, men utviklinga ved

forrige val er veldig god. Samloka-

av Hans Kenneth Sundsbø

Det er i år val, både kommuneval og kyrkjeval. Vi er alle

sterkt prega av terrorhandlingane i Oslo og på Utøya den

22. juli, handlingar så grusomme og onde at vi ikkje kan tru

det. Hjarta i demokratiet vart råka – både regjeringsbygget og

vår engasjerte og målretta ungdom.

lisering med det politiske valet

er ein viktig medverkande faktor

her.

Kva er det så som skal velgjast og

stemmast over ved kyrkjevalet?

Som sagt ovanfor, er det personar

til sokneråd og bispedømmeråd

som vert valde 12. og 13. september.

Desse utgjer i sokneråda

7500 personar, og i bispedømmeråda

115 personar. Samla utgjer

desse råda Kyrkjerådet, som styrer

utviklinga i kyrkja. Framfor

seg har kyrkja no mange viktige

saker som skal avgjerast og innførast.

Den største og mest spennande

saka er utan tvil rammene kring

det nye forholdet kring stat og

kyrkje. Vidare skal ny kyrkjeordning

vedtakast, nye liturgiar

skal gjerast kjend og takast

i bruk. Sokneråda har i tillegg

sine grunnleggjande oppgåver

som går på å leggja tilrette for

det lokale livet i kyrkjelyden med

trusopplæring, omsorgsarbeid og

kyrkjemusikk. Bispedømmeråda

har mellom anna tilsetjing av

kyrkjelydsprestar og fordeling av

statlege midlar som sine oppgåver.

Kyrkja treng menneske som engasjerar

seg, som ynskjer å bidra,

som har meiningar og som vil

utretta noko for andre. I år har

vi 15.650 personar som stiller til

val, og som har sagt ja til å stilla

opp for kyrkja si. Dette er menneske

med ulik bakgrunn, ulike

meiningar og i ulike fasar av livet.

Felles er likevel engasjementet

og vilja til å bidra.

DU kan på valdagen gje kyrkja

gode råd, ved å velgja dei kandiatane

du ynskjer skal styra kyrkja

vår. Dette er lokale personar, nokre

kjenner du kanskje frå før?

Uansett oppfordrar vi deg til å

bruka stemmeretten din også i

kyrkjevalet. 80 prosent av Norges

befolkning over 15 år har rett til

å avgje stemme.

Vi treng di meining! Godt val!

s. 2 s. 3

More magazines by this user
Similar magazines