28.10.2014 Views

Samfunnsviteren 4/2003 - Samfunnsviterne

Samfunnsviteren 4/2003 - Samfunnsviterne

Samfunnsviteren 4/2003 - Samfunnsviterne

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

kan eg ikkje!” Med mindre det handla om dysleksi, ville

ei slik utsegn ha vore svært pinleg. Ein som sa noko slikt,

ville ha blitt sedd på som kunnskapslaus og udanna.

Sjølv om danningsomgrepet ikkje akkurat er i dagleg

bruk, ligg det framleis uuttalte forventningar til om kva

ein bør kjenne til, og kva ein kan tillate seg å vere uvitande

om. Danninga i Humboldts tradisjon omfatta tru på estetiske

ideal, heilskapleg tenking og kulturkrafta i vitskapen.

Krava om sjølvstende og kritisk tenking har fått sin plass,

men naturvitskapane er alle i ferd med å falle utanfor.

Matematikk tel ikkje. Matematikken har hamna langt nede

i hierarkiet av kva ein burde kunne, og er om ikkje like

kuriøs som latinkunnskapar, så i alle fall som salmevers.

Matematikk er for økonomar og ingeniørar, han synest

verdsleg og lite relevant for eit danna menneske i eit medialt

samfunn.

Dei to kulturane – igjen?

På eit eller anna tidspunkt har stjernene i auga slokna på

dei som har blitt vaksne. Ein gong sat dei også stolte og

rekna mot det uendelege, før det blei meiningslaust og

kjedeleg. Frå å vere eit eventyr blei matematikken for

mange eit mas, ei keisam plikt med kunnskapar ein blei

tvinga til å prøve tileigne seg. Matematikken framstår som

Matematikk er for økonomar

og ingeniørar, han synest

verdsleg og lite relevant for

eit danna menneske i eit

medialt samfunn.

unødvendig, avgrensa og utilgjengeleg for andre enn

nerdane.

Mistrua til matematikken har djupe røter, og det har

vore gjort mange forsøk på å finne årsakene. Utdanningssystemet,

og ikkje minst universiteta, har vore gjorde til

gjenstand for både emosjonelle, politiske og meir eller

mindre vitskaplege angrep for å ha underminert realfaga.

Det er i skrivande stund nokså nøyaktig 44 år sidan

C.P. Snow heldt foredraget om dei to kulturane i vitskapane,

den naturvitskaplege og den humanvitskaplege. Hans

utgangspunkt var at litteratane og dei naturvitskapeleg tilsette

ikkje forstår kvarandre og heller ikkje kan snakke

saman. Snow meinte at han blant dei yngre akademikarane

kunne sjå tendensar til direkte fiendskap mellom dei.

Spesialiseringa har for lengst gjort det urimeleg å vente at

ein germanist skal kunne forstå den mest avanserte fysikken,

likeins som ein ikkje burde vente at ein djupvassbiolog

skal kunne fordjupe seg i lingvistiske spissfindigheiter.

Dei to kulturane har utvikla eigne verdihierarki,

meir eller mindre gjensidig utelukkande, og så har dei

lukka seg om seg sjølve. Snow peika på behovet for ei

formidling mellom dei to, og det var særleg samfunnsvitskapane

han sette si lit til. Der kunne dei ”reine vitskaplege”

ideala møte den humanistiske språkforminga. Men

etter kvart har fagfelta etablert eigne domene, der ein type

rasjonalitet har forrang for den andre. Medan humanvitskapane

dominerte i mediuma og utdanning og

samfunnsvitskapane i offentleg forvaltning, fekk økonomane

og ingeniørane makta i næringslivet.

Om ein ikkje ser lenger, kan ein fort lage den store

konspirasjonsteorien; dei realfiendtlege humanistane tok

makta i utdanningsvesenet og fortrengdte dei meir matnyttige

faga. Språk og ideologi farga den offentlege debatten

i fiendskap mot matematikken; matematikk blei

stempla som vanskeleg. Matematikk skapte taparar og var

ikkje eigna til å skape ”gagns menneske”.

For ein humanist har matematikken eit ”imageproblem”.

I sitt vesen er han eit autoritært fag, der svar

blir kategoriserte som anten rette eller galne. Matematikken

er tilsynelatande historielaus, sanninga som kjem fram

gjennom matematiske bevis, er like ubøyeleg som ei gudegitt

innsikt ville vere i mellomalderen. Kort sagt oppfører

matematikken seg som ein sisteinstans, ein eigenskap som

bryt sterkt mot dei humanvitskaplege, og til dels også

samfunnsvitskaplege, ideala om ein kritisk praksis. Det er

eit image dei ”harde” realistane har halde oppe – og eit

fiendebilete som humanistar lett har gripe til: Verda er

ikkje så enkel at ein kan setja to strekar under svaret, slik

matematikarar tykkjest å tru.

Parallelt finst ei anna historie som har styrkt synet på

matematikken som eit lite intellektuelt fag. Eit enkelt prinsipp

ein ikkje treng å vere marxist for å følgje, er ”følg

pengane”. Realfaga følgde realmakta. I den andre kulturen

var det ”harde fakta” som gjaldt. Forskinga gav målbare

resultat i kroner og øre. Ingeniørane, og seinare

økonomane, bygde ein eigen maktbase, der matematiske

prinsipp var både fornuftige og praktiske. Beherska ein

matematikken, beherska ein verda. Det er ein enkel logikk,

og ikkje minst matnyttig. Det var ikkje tilfeldig at

det var desse faga den gamle arbeidarklassen oppfordra

barna til å følgje. Her gjeld ikkje subtile kunnskapar, her

gjeld harde fakta ein seinare kan bruke for å få innverknad.

Matematikk er nyttig

For matematikk er nyttig, som norsk er det. Alle

kunnskapsfag har ei nytteside. Men kunnskapsfag har også

ei anna side som ikkje er like openbar. Snow skildte ikkje

berre mellom humanvitskap og naturvitskap; han skildte

også mellom rein forsking og bruksforsking; mellom dei

vitskaplege delane av naturvitskapen og dei meir ingeniørretta,

dei tekniske faga. Og det er særleg dei siste som har

vore formande for synet på kva matematikk er.

I skulen tek både grunngjevinga av faget og pedagogikken

utgangspunkt i kva praktisk nytte elevane kan ha

av matte. Ein reknar i epler og pærer, i meter og kubikk.

Matte, slik vi lærer det, er frå byrjinga synonymt med anvendt

matematikk eller bruksmatematikk. Tilsynelatande

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!