MILJØRAPPORT - Sør-Norge Aluminium AS

soral.no

MILJØRAPPORT - Sør-Norge Aluminium AS

MILJØRAPPORT

2009

Sør-Norge Aluminium AS


INNHALD

1. Kort om bedrifta . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 3

2. Helse-, miljø-, sikkerhet- og kvalitetsstyringsystem . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 4

3. Ressursbruk og produksjon . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 5

4. Ytre miljø . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 7

5. Styresmakter, naboar og samfunnet elles . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 13

6. Transport . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14

7. Program og mål for stadig betring . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 14

8. Førebyggjande tiltak og kontinuerleg betring . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15

God drift i ein vanskeleg marknad

Gjennomgåande er HMS-resultata

for 2009 svært gode. Vi nådde null

skadar med fråver mot 2 året før, og

1 H2-skade mot 3 året før. Utsleppet

av fluoridar til luft gjekk ned frå 0,42

g/kg Al i 2008 til 0,39 g/kg Al i 2009.

Arbeidet med oppgradering av dei

eldste reinseanlegga RA1 og RA2

vart starta i 2009, men hovuddelen

av denne jobben vert gjennomført i

2010. Utsleppet av klimagassar gjekk

ned frå 1,60 kg/ kg Al. i 2008 til 1,59

kg/kg Al i 2009. Dette er eit resultat i

verdsklasse.

Nytt Anode/RR – anlegg er no sett

i drift. Anlegget er mellom dei mest

avanserte i heile bransjen, og vil føre

med seg betydelege forbetringar i

arbeidsmiljøet. Ny hovudtrafo, T1, vil

vera på plass i løpet av sommaren

2010. Desse nyanlegga er ein viktig

føresetnad for vidare produksjonsvekst

og energiøkonomisering.

Drifta i 2009 vart sterkt prega av

den svært vanskelege økonomiske

stoda etter finanskrisa. B-hallen vart

midlertidig stengd i mars 2009,

og er framleis ute av drift. Som

ein konsekvens av driftssituasjonen

har delar av arbeidsstokken

vore permittert gjennom året. Det

føreligg enno ingen konkrete planar

om oppstart av B-hallen, og ein må

difor pårekne at permitteringane

blir vidareførte utover i 2010.

Som ein konsekvens av nedstenginga

av B-hallen vart produksjonen

i 2009 langt lågare enn året før.

Produksjonen av elektrolysemetall

gjekk ned frå 171.307 tonn i 2008

til 98.054 tonn i 2009. Det er likevel

verd å notere ein klar ny produksjonrekord

i A-hallen. Med begge

hallane i drift er SØRAL sin produksjonkapasitet

no nær 180.000 tonn

elektrolysemetall pr år.

Energiforbruket i elektrolysen vart

redusert frå 14,04 kWh/kg i 2008 til

13,96 kWh/kg i 2009. Mot slutten av

året har ein sett stabile tal på rundt

13,90 kWh/kg. I hovudsak følgjer

denne utviklinga som eit resultat

av oppkøyring av straumstyrken på

omnane. Dette arbeidet vil halde

fram i 2010.

Totalproduksjonen i Støyperiet

vart 116.096 tonn i 2009. Omsmelt

auka frå 11.731 tonn i 2008 til 16.450

tonn i 2009. Av marknadsmessige

grunnar vart det i berre smelta om

570 tonn i første halvår 2009. Frå

sommaren 2009 vart rutinane i

Støyperiet lagt om for å kunne optimalisere

omsmeltkapasiteten og

på den måten utnytta ein aukane

etterspurnad etter pressbolt. Med

desse endringane kan SØRAL no

smelte om ca. 4.000 tonn pr månad.

Utfordringane i 2009 har vore store

for heile organisasjonen, og SØRAL

sin situasjon er framleis vanskeleg.

HMS- og driftsresultata i 2009 er eit

svært godt prov på den profesjonaliteten

og forbetringskulturen som

pregar verksemda og dei tilsette på

SØRAL.

Med venleg helsing

Per Øyvind Sævartveit

2 Miljørapport


418 415 410 416 410 399

389

SØRAL

Årsverk - SØRAL

Dagleg drift

500

450

400

380 383 383

350

300

250

278

1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009

1. Kort om bedrifta

Sør-Norge Aluminium AS (SØRAL) vart etablert

som selskap i 1962. I dag eig Alcan Holdings

Switzerland Ltd 50% - og Hydro Aluminium AS 49,9

% av aksjane. SØRAL ligg på Husnes i Kvinnherad

kommune. SØRAL er den største industriarbeidsplassen

i kommunen.

SØRAL sine produkt, i all hovudsak pressbolt, vert

selde til SØRAL sine eigarar. Dei nyttar produkta

i eigne pressverk eller sel dei vidare til eksterne

kundar. Grunna marknadssituasjonen vart den eine

elektrolysehallen teken ut av produksjon i mars.

Årsverk i arbeid ved verksemda er redusert til 278

ved årsslutt i 2009. Reduksjonen i årsverk er eit

resultat av permitteringar.

Elektrolyseproduksjonen i 2009 var 98 054 tonn,

omlag 73 000 tonn mindre enn i 2008. Dette er eit

resultat av at elektrolysehall B vart kopla ut i mars.

Hall A har hatt stabil og god drift gjennom året.

I Støyperiet var totalproduksjonen 116 096 tonn,

mot 184 362 tonn året før. Det vart kjøpt inn og

smelta ned 16 450 tonn kaldmetall (11 731 tonn i

2008).

VERN OG SIKKERHET

• Bedrifteshelsetenesta

• Vern og sikkerhet

• Industrivern

ADM. STØTTEFUNKSJONAR

• Controller / Finans

• Energi

• Ytre miljø / Kvalitet

• Personell / Lønn

• Opplæring / Info.

• Bedriftsutvikling

• RR-prosjekt

• Sakkun. driftsleiar

høg-/lågspent

TEKNISK

• Mekanisk vedlikehald

• Elektrisk vedlikehald

• Verksforsyning

• Bygg

• Kjøretøy

• Prosjekt

ADM. DIR

STØYPERI

• Sal / logistikk

• Marknad

• Laboratorium

LOGISTIKK / INNKJØP

• Innkjøp

• Sentrallager

• Husnes havn

ØKONOMI / IT

• Reknskap

• Faktura

• Budsjett

• IT

ELEKTROLYSE

• Omnshallar

• Anode

• Katode

Sør-Norge Aluminium AS

3


2. Helse-, miljø-, sikkerhet- og

kvalitetsstyringsystem

SØRAL har eit prosessretta, samordna styresystem for

helse, miljø, sikkerhet og kvalitet.

I februar 2009 gjennomførte Det Norske Veritas Certification

AS periodisk revisjon etter standardane:

• NS-EN ISO 9001:2008 (kvaliteten på produkt

og interne prosessar)

• NS-EN ISO 14001:2004 (etterleving av krav i

forhold til ytre miljø)

• OHSAS 18001:2007 (føringar knytt til helse

og sikkerhet)

SØRAL si interne revisjonsgruppe gjennomførte 7 interne

revisjonar og 1 revisjon hos teneste- og vareleverandørar

i 2009. I tillegg vart 6 internrevisjonar retta spesifikt mot

kjøretøy og trafikk.

Hydro har også i 2009 gjennomført ein kvalitets- og prosessrevisjon

i Støyperiet. Ingen alvorlege avvik vart funne.

SFT var på inspeksjonsbesøk i desember. Dei registrerte 6

observasjonar som alle var knytt til tidlegare funn (2008).

Ein vanskeleg økonomisk situasjon har gjort at realisering

av tiltak har teke noko lengre tid enn ønskjeleg.

4 Miljørapport


Olje- og gassforbruk (t/år)

SØRAL

2500 2258

1927

1990

2000

1527

1589

1676

1500

1032

1000

886

613 647 656 579 580

500

347

224

118 102 106 115 123 71 46

0

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009

Olje Propangass Naturgass

180

160

140

120

100

80

60

Utvikling elektrolyseproduksjon

(1000 tonn Al/år)

171

159

164 163 164 160

134

123 125

98

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009

3. Ressursbruk og produksjon

El. energi

Energiforbruket for kvar kg produsert

aluminium i omnshallane

var i 2009 13,96 kWh, som er det

beste årsresultatet nokon gong.

Totalforbruk av elektrisk energi var

1 489 GWh, mot 2 580 GWh i 2008.

Nedgongen i forbruk skuldast halveringa

av elektrolyseproduksjonen

frå mars 2009.

Olje og gassforbruk

SØRAL nyttar naturgass som energi

til støyperiomnane. Lettolje kan

nyttast som reserveenergi. Dei

fleste kjøretøya går på lettolje

(diesel). Propangass vert nytta til

oppvarming av elektrolyseomnar

som skal restartast etter mindre

reparasjonar. Andre prosessar, som

tidlegare nytta propan, er bygde

om til fyring med naturgass. Dette

gjeld bl.a. forvarming og tørking

av metalldigler og innstøyping av

anodekol i anodeverkstad.

Forbruket av naturgass i 2009 (1680

tonn) var litt høgare enn i 2008

(1589 tonn). Dette skuldast noko

meir nedsmelting av kaldmetall

i Støyperiet. Propanforbruket har

gått ned frå 71 tonn i 2008 til 46

tonn i 2009.

Forbruk av sjøvatn

SØRAL nyttar sjøvatn frå Husnesvågen

til å reinsa avgassen frå omnshallane.

Normalt går det med om

lag 2 850 m 3 i timen. Ein pumpestasjon

ved sjøkanten leverer sjøvatnet

gjennom røyrsystem til reinseanlegga.

Redusert produksjon med

påfølgjande reduserte utslepp,

gjorde det mogleg å redusera

pumpekapasiteten i delar av året.

Snitt vassmengd gjennom vasketårna

vart såleis 2640 m 3 i timen i

2009.

Sjøvatnet går tilbake til fjorden.

Sør-Norge Aluminium AS

Forbruk av ferskvatn

SØRAL tok ut omlag 7,4 m 3 /time

(7,6 - i 2008) med ferskvatn via det

kommunale vassverket. Vatnet vert

nytta til sanitærvatn, drikkevatn og

diverse kjøling.

SØRAL har også eige vassinntak for

prosessvatn nær det kommunale

inntaket i Hellandselva. Anlegg og

røyr er her ikkje dimmensjonert ut

frå dagens behov, og forsyninga

er heller ikkje trygg nok i lengre

tørkeperiodar. For å ha ei sikker

forsyning av industrivatn, vert

difor mesteparten av prosessvatnet

pumpa frå Opsangervatnet til

ulike forbruksstader inne på verket.

Målt snittforbruk av industrivatn

var 192 m 3 pr time mot 440 - året

før. Nedgongen i vassforbruk er

eit resultat av mindre produksjon i

Støyperiet og redusert likerettarkjøling

til elektrolyse.

5


ALUMINIUMOKSID

187285 tonn

LIKERETTAR

ELKRAFT

1489 GWh

AL.FLUORID

1933 tonn

PRIMÆRSILO

SEKUNDÆRSILO

TOTALT UTSLEPP TIL LUFT

FRÅ OMNSHALLAR/STØYPERI

INNKJØPT KALDMETALL

16450 tonn

LEGERINGSMETALL

1294 tonn

ANODEKOL

47464 tonn

GASSREINSEANLEGG

CO2-ekv:

SO2:

STØV:

FLUORIDAR:

155742 tonn

145 tonn

56 tonn

39 tonn

ELEKTROLYSEOMN

OMNSGASSAR

FRÅ ELEKTROLYSE TIL STØYPERI

98054 tonn

BRUKTE KATODAR

ANODESTØV

ANODERESTAR

1705 tonn

TIL DEPONI

STØYPERIOMNAR

KRAGEBLEKK

40 tonn

ANODERESTAR

7019 tonn

TIL GJENNVINNING

AVDAMPING

800 tonn

ALUMINIUM

1000 tonn

AL.SLAGG/UTBREKK

1694 tonn

HOMOGENISERING

UHOMOGENISERT

KAPP/OMSMELT

7442 tonn

MELLOMLAGER

BOLTESAG

HOMOGENISERT

PRESS-BOLT

100297 tonn

UHOMOGENISERT

T-BARRAR

15799 tonn

ENDRING I METALLAGER

-1752 tonn

EKSTERNT SAL

115920 tonn

Produksjonsprosessen

Prosessvatnet vert nytta til kjøling

- under støypeprosessen i

Støyperiet

- av smelteomnar for jarn til

innstøyping av anodar i

anodeverkstaden

- av straumlikerettarar for

elektrolyseprosessen

- til ulike andre reingjeringsog

kjøleformål

Vatn frå kjøling av likerettarar og

likerettartransformatorar går tilbake

til Opsangervatnet, medan vatn til

kjøling av boltestøyp, smelteomnar

for jarn (anodeverkstad) og anna

prosessutstyr går til sjøen.

Ferskvatnet attende til Opsangervatnet

er normalt ikkje ureina av

produksjonsprosessane.

For å sikra mot eventuelle uhell og

søl med oljeprodukt til vatn og sjø,

er det montert oljeutskiljar på samleleidningen

mot Opsangervatnet

i sør, og på leidningen for avløp av

ferskvatn mot sjø i nord.

Desse avløpspunkta vart inspiserte

to til tre gonger kvar veke, og det er

ikkje registrert oljeutslepp siste året.

Det vart montert ein ny oljeutskiljar

på avløpsvatnet mot sør i 2009.

Energisparetiltak

SØRAL har pr. i dag varmegjenvinning

frå kjølevatnet på trykkluftkompressorane.

Varmen vert nytta

til oppvarming av bygg og sanitærvatn.

Støyperiet vert varma opp

av varme frå homogeniserings-

anlegga. Totalt reknar vi at omlag

6,6 GWh energi vert gjennvunnen

årleg.

Finanskrise og påfølgjande svikt i

aluminiumsmarknaden har gjort

det vanskelegare å få til større

ENØK-prosjekt. Det vert likevel

arbeidd med å realisera ei fornying

og oppgradering av DC-distribusjonen

i elektrolysehallane. Her ligg

eit sparepotensiale på omlag 100

GWh. Vidare vil det verta nytta spillvarme

til oppvarming i nytt anlegg

for reingjering av brukte anodar

(RR-anlegg).

6 Miljørapport


El.energiforbruk elektrolyse (kWh/kg Al)

Omnshallane

Olje- og gassforbruk (kg/t Al-produkt)

Støyperiet

15,4

15,3

15,2

15,1

15,0

14,9

14,8

14,7

14,6

14,5

14,4

14,3

14,2

14,1

14,0

13,9

1991

1993

1995

1997

1999

2001

2003

2005

2007

2009

20

15

10

5

0

14,6

12,6

9,8

9,0

8,9

9,1 8,9

8,0

5,9

5,7 6,1

1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009

4. Ytre miljø

Lokalt kontrollutval

Styresmaktene oppretta på

1960-talet lokale kontrollutval for

aluminiumindustrien. Betre teknologi

og medviten innsats frå industrien

har gradvis ført til reduserte

utslepp. Kontrollutvalet vart formelt

lagt ned i 1993. SØRAL har likevel

valt å oppretthalda kontakten med

lokale fagfolk. Utvalet består no av

landbrukssjef og skogbrukssjef frå

Kvinnherad kommune, seniorinspektør/veterinær

frå Mattilsynet

og representantar frå SØRAL. Det

vart gjennomført møte våren 2009

der miljørelaterte registreringar vart

gjennomgått og vurderte.

Vegetasjon i nærområdet

SØRAL ligg tett inntil skog- og

jordbruksareal. Skadeverknad på

Avfall

SØRAL leverte i 2009 avfall til desse mottakarane:

barnåler og gras vert difor jamleg

undersøkt. Prøvar vert samla inn

vår og haust og analyserte for innhald

av fluor. Barnåler hadde i 2009

eit noko lågare innhald av fluor

enn året før. Dette er eit naturleg

resultat av redusert elektrolyseproduksjon

og påfølgjande mindre

F-utslepp.

Analysar av grasprøvar frå Askedåso

sør-aust for verket har dei siste åra

synt noko høge F-verdiar. I 2009

vart det difor også analysert fôr frå

siloballar frå området. Resultata frå

fôrprøven synte 33 mg F pr. kg. Det

er ikkje noko administrativ norm

eller krav når det gjeld F-innhald

i beitegras eller silofôr. Det ligg ei

rettesnor i ”Effektstudien frå 1994”.

F-innhaldet i forprøven må vurderast

som akseptabelt ut frå denne

rettesnora.

Deponiområdet

Hausten 2008 gjennomførte NIVA

undersøkingar av sjøvatn og

sediment i nærområdet til lukka

deponi. Endeleg rapport kom i mai

2009. Denne syner at det konsekvent

er lågare verdiar av miljøgifter

i sedimentet med aukande avstand

frå deponi og utløp av sjøvatn.

Vassprøvar og prøvar frå passive

prøvetakarar syner auke i verdiar

av kopar, bly, og sink på prøvestasjonen

nærast småbåthamna. Når

det gjeld aluminium og nikkel, er

konsentrasjonen høgast på prøvestasjonen

nærast kaiområdet. Det

vil verta gjort tilsvarande undersøkingar

i 2012/-13 for å følgje med på

utviklinga av ureining i området.

NIVA-rapporten er oversendt til SFT

(no KLIF).

- Aluminiumslagg frå Støyperiet:

1. Heckett Multiserv AS, Karmøy,

2. Via Hydro Aluminium til Recovco i Frankrike,

3. Aleris, Rød, Eidsvåg (ved årsskiftet 2009/-10)

- Anodestøv, div. eldfast avfall, slagg og brukt

stålsand m.m: NOAH AS, Langøya, Oslofjorden

- Katodeavfall frå elektrolyseomnane: Ikkje levert avfall i 2009

- Metallskrap: Norsk Metallretur - Vest AS, Eldøyane på Stord

- Anoderestar: Aluchemie i Holland og Hydro Aluminium i Årdal

- Farleg avfall: Sim Næring AS, Eldøyane på Stord

- Bildekk: Vianor AS i Haugesund

- Anna avfall: Sim Næring AS, Eldøyane på Stord

Sør-Norge Aluminium AS

7


Avfallsmengder til deponi

Til deponi på Langøya i 2007, 2008 og 2009 (tidlegare år i sjøkantdeponi ved SØRAL):

2009 2008 2007 2006 2005 2004

Katoderestar (i tonn) 0 3523 5723 4200 2975 1750

Anoderestar/filterstøv (i tonn) 897 1900 2130 1290 1102 1000

Anodekol (i tonn) 808 1638 900 900 210 227

Diverse inert avfall (i tonn) 50 20 320 449

Sot frå elektrolyse 0 0 720

Avfall til mottaksstasjon

SØRAL kjeldesorterer avfallet. Siktemålet er størst mogleg gjenbruk. Avfall utan gjenbruksordning vert levert usortert

til SIM. Redusert drift i 2009 har ført til reduserte avfallsmengder.

Avfall til deponering via SIM Næring AS:

2009 2008 2007 2006 2005 2004

Blanda avfall (i tonn) 136 241 234 195 176 171

Avfall til resirkulering

Levert avfall (i tonn):

2009 2008 2007 2006 2005 2004

Papp og papir 21 28 35 28 25 24

Trevfall 98 182 212 184 167 125

Jern 219 743 1215 1139 779 609

Bildekk 2,3 9 14,1 16,5 17 16,5

Plast 3 3 6,7 1 5,4 6,4

AL-slagg/utbrekk 1694 2675 2833 2395 2509 3197

Anodekol 7019 12083 12513 11137 11805 12104

EE-avfall 3,5 11,4 7,2 4,8 6,4 1,2

SØRAL er medlem av RENAS som er ei returordning for elektriske- og elektroniske produkt. SØRAL er og medlem

av Grønt Punkt Norge AS som arbeider med organisering av innsamling og gjenvinning.

Farleg avfall

Farleg avfall som spillolje, hydraulikkolje, oljefilter, måling, lakkrestar m.m. vert samla opp, deklarert og levert til

godkjent mottakar. SØRAL har eigen sikkerhetsrådgjevar som organiserer dette arbeidet. Kvar eining har utnemnt

ein eigen kontaktperson for kjemikaliar og farleg avfall.

Levert farleg avfall (i tonn):

2009 2008 2007 2006 2005 2004

Farleg avfall (i tonn) 17,7 27,8 37,7 35,6 35,0 26,9

8 Miljørapport


Utsleppsløyve

Aluminiumindustrien i Noreg må

tilfredsstilla nasjonale og internasjonale

krav.

SØRAL er pålagt av Klima- og

forurensningsdirektoratet (Klif) å

følgja fastsette grenseverdiar for

utslepp. SØRAL rapporterer årleg

om miljøforhold og om beredskap

mot ureining og ulukker.

30

25

20

15

10

5

18,9

Slagg til gjenvinning (kg/t Al)

Slagg til gjenvinning (kg/t Al)

Støyperiet

Støyperiet

20,5

19,5

17,9 17,5

15,9 15,3 14,5 14,6

13,3

Utslepp frå omnshallane

Utslepp til luft

God drift på reinseanlegga og tette

og godt vedlikehaldne omnsdeksel

er avgjerande for at utsleppa av

fluorid, svoveldioksid og støv skal

verta lågast råd. Sidan elektrolyseproduksjonen

har vore halvert i

store deler av 2009, har reinseanlegga

hatt god kapasitet.

0

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009

Ein oppstart av utkobla hall vil føra

til større utfordring for reinseanlegga.

Arbeid er byrja og program

er etablert for å opprusta dei eldste

reinseanlegga (RA1 og RA2).

FLUORID (frå elektrolyseprosessen)

Fluoridar (F-utslepp) er i gassform

(hydrogenfluorid) eller bunden til

støv. Utsleppa var i 2009

0,39 kg/tonn Al., - noko betre enn

fjoråret (0,41) og godt under utsleppsgrensa

på 0,50 kg/tonn.

Støv:

0,68 kg/time

5,96 tonn/år

STØYPERI - Utslepp til luft

Karbondioksid:

0,55 kg/time

4818 tonn/år

Fluorid:

7 g/time

61 kg/år

SØRAL

NOx:

0,60 kg/time

5235 kg/år

ELEKTROLYSE - Utslepp til luft

Fluorid:

4,46 kg/time

39,0 tonn/år

Svoveldioksid:

16,5 kg/time

144,5 tonn/år

Karbondioksid:

16,2 tonn/time

141569 tonn/år

Støv:

6,4 kg/time

56,7 tonn/år

Perfluorkarbonar:

CF4 - 1,86 tonn/år

C2F6 - 0,23 tonn/år

I CO2 - ekv.:

1,6 tonn/time

14176 tonn/år

Elektrolyseproduksjon: 98054 tonn Al. (netto)

Støyperiproduksjon: 116096 tonn Al. (netto)

ELEKTROLYSE - Utslepp til sjø

Fluorid:

14,4 kg/time

126 tonn/år

Sulfat:

949 kg/time

8291 tonn/år

Susp. tørrstoff:

1,3 kg/time

11,3 tonn/år

Sør-Norge Aluminium AS

9


Utslepp av fluoridar til til luft (g/kg Al) Al)

Omnshallane

Utslepp av svoveldioksid (SO 2 )

Utslepp av svoveldioksid til luft (g/kg(SO Al)

2

) til luft (g/kg Al)

Omnshallane

1,0

5,0

0,8

4,0

0,6

0,4

0,47 0,46

0,40

0,45

0,48

0,39 0,39 0,38 0,41 0,39

3,0

2,0

1,69 1,68 1,95 1,30 1,66 1,56 1,72 1,56 1,46 1,47

0,2

0,0

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009

1,0

0,0

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009

Fluorid Utsleppsgrense

Svoveldioksid Utsleppsgrense

SVOVELDIOKSID (frå forbrenning av

anodekol)

Utslepp av svoveldioksid (SO2) låg

på 1,47 kg/tonn Al, omlag som

føregåande år (1,46) og godt under

konsesjonsgrensa på 2,5 kg/tonn.

STØV (frå aluminiumoksid og

anodekol)

Utslepp av støv var 0,57 kg/tonn

Al, - noko betre enn året før (0,81).

Utsleppsgrensa (snitt 12 månader)

vart 31.10.2007 justert ned til 1,0 kg

støv/tonn Al.

KLIMAGASSAR (karbondioksid og

perfluorkarbonar (PFK) frå elektrolyseprosess)

Frå sjølve elektrolyseprosessen var

utsleppa i 2009 141569 tonn CO 2

.

Dette er ein kalkulert verdi med

utgangspunkt i netto forbruk av

anodar. Her vert gjort nokre justeringar

på bakgrunn av svovel- og

askeinnhald i anodane.

I tillegg vil elektrolyseomnar

med høg spenning (bluss) føre

til utslepp av PFK-gassar (CF 4

og

C 2

F 6

). Omrekna i CO 2

–ekvivalentar

utgjorde PFK-gassane 14176 tonn.

Samla vart utsleppa av klimagassar

frå elektrolyseprosessen i alt 155742

tonn.

Utsleppa av klimagassar i 2009 var

omlag 1,59 tonn CO 2

-ekv. pr. tonn

produsert aluminium. Dette er eit

godt resultat som kan samanliknast

med dei beste i bransjen. Det

er kun mogleg å få til marginale

betringar på dette området dei

komande åra.

SØRAL, saman med andre industribedrifter,

inngjekk i 1997 ein frivillig

avtale med Miljøverndepartementet

om å redusera utsleppa av

CO 2

-ekvivalentar med 50 % innan

år 2000 og opp til 55 % innan år

2005. Samanlikningsåret er 1990.

Den frivillige avtalen om å ikkje

auka utsleppa over ei øvre grense,

vart vidareført til utgangen av

2007. SØRAL, saman med resten av

aluminiumsindustrien, har meir en

oppfylt sin del av avtalen.

Norsk Industri har på vegne av

industrien teke initiativ mot Styresmaktene

for å få på plass ein ny

frivillig klimagassavtale. Ved utgangen

av 2009 er det framleis ikkje

underskriven noko ny avtale. Det

har såleis ikkje vore noko formell

regulering av utsleppa siste åra. Frå

2012 er det venta at eit felles europeisk

regelverk skal vera på plass.

PAH (polysykliske aromatiske hydrokarboner)

Sidan SØRAL berre nyttar anodar

som er kalsinerte (”prebaked”) på

førehand, vert det minimale utslepp

av PAH (tjørestoff) frå prosessen.

Vi registrerer ikkje utslepp av

PAH til ytre miljø.

Likevel er det ei viss avdamping av

PAH under kalsinering av stampemasse

i omnar (omnshall) og i samband

med påfylling av kragemasse

etter faststøyping av anodetappar i

anodeverkstad. Mogleg risiko knytt

til dette utsleppet har meir relevans

til arbeidsmiljø enn til ytre miljø.

TUNGMETALL (frå råvarer)

Det er tungmetall både i aluminiumsoksid

og i anodar som er nytta

i elektrolyseprosessen. Ein del av

tungmetalla vil enda i sluttproduktet

medan noko vert med

støvutsleppa til luft og sjø. Frå år

2000 har aluminiumsindustrien

årleg rapportert tungmetallutslepp

til SFT med utgangspunkt i ein

utrekningsmodell føreslegen av

Norsk Hydro. Det vart i 2008 reist

spørsmål ved om denne modellen

fører til underrapportering.

10 Miljørapport


Utslepp av støv til luft (g/kg Al)

Utslepp av Omnshallane

støv til luft (g/kg Al)

Omnshallane

Utslepp av sulfat, fluorid og

Utslepp suspendert av sulfat, tørrstoff fluorid og til suspendert vatn (kg/time) tørrstoff

til sjø (kg/time) Omnshallane – Omnshallane

4,0

3,0

2,0

1,0

0,0

1,30 1,25

0,92

0,81

0,53

0,57

0,47 0,50 0,49 0,53

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009

30

25

20

15

10

5

0

1260

1244

1130 1140

1056 1065

20,8

21,3

20,0

949

852

18,2

17,5

14,4

580

13,2

10,4 10,9 472

6,2

1,82 2,19 1,91 1,76

2,2

1,26 0,93 1,43

1,3

0,8

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009

1400

1200

1000

800

600

400

200

0

Støv

Utsleppsgrense

Fluorid Suspendert tørrstoff Sulfat

Alcoa, SØRAL og Hydro har no teke

i bruk ein ny modell for måling og

utrekning av tungmetall. Modellen

er nytta frå og med rapporteringsåret

2009. Det vert arbeid vidare

med å kvalitetsikra og, i størst mogleg

grad, harmonisera den nye

målemetoden. Utsleppa vert no

vesentleg høgare enn tidlegare år.

Det er all grunn til å tru at bransjen

tidlegare har underrapportert

desse utsleppa.

For 2009 har SØRAL rapportert

følgjande tungmetallutslepp (i kg)

til luft:

Arsen (As) 16,31

Kobber (Cu) 32,59

Sink (Zn) 39,19

Vanadium (V) 5,04

Krom (Cr) 11,06

Kvikksølv (Hg) 0,040

Mangan (Mn) 1,81

Nikkel (Ni) 298,83

Kadmium (Cd) 0,575

Barium (Ba) 1,33

Bly (Pb) 18,05

Molybden (Mo) 2,06

Kobolt (Co) 2,02

Utslepp til sjø

Støv og fluorid frå elektrolyseomnane

vert i stor grad reinsa under

tørreinsinga. Noko vert reinsa

under vaskinga av avgassen og ført

ut med sjøvatnet. Omnsgassen blir

etter tørreinsing, ført til ein våtvaskar

(vasketårn) der sjøvatnet vaskar

ut svoveldioksid (SO 2

), støv og

fluorid som elles ville gått til luft. I

sjøvatnet vert SO 2

oksidert til sulfat

(SO 4

). Vanleg sjøvatn inneheld store

mengder sulfat og fluorid, med

konsentrasjonar på om lag 2,5 g

sulfat - og 1,3 mg fluorid pr. liter

sjøvatn. Det er ikkje kjende negative

miljøeffektar av desse utsleppa.

FLUORID (frå elektrolyseprosessen)

Utsleppa låg i snitt på 14,4 kg/

time i 2009. Dette er noko lågare

enn i 2008 (21,3) og er knytt til den

reduserte drifta. Det er ikkje noko

øvre utsleppsgrense for fluorid til

sjø. Utsleppa har ikkje merkbar innverknad

på fluorinnhaldet i opprinneleg

sjøvatnet.

TØRRSTOFF (frå aluminiumoksid og

anodekol) Støvutsleppet har lege

på omlag same nivå dei siste åra.

Utsleppsgrensa er her 4 kg/time på

årsbasis. Målte utslepp i 2009 var

1,3 kg/time mot 2,2 - i 2008.

Sør-Norge Aluminium AS

SULFAT (frå forbrenning av

anodekol)

I snitt vart det vaska ut 949 kg sulfat

pr. time i 2009 mot 1244 – i 2008.

Det er ikkje fastsett noko utsleppsgrense

for sulfat til sjø. Sulfatutsleppa

har noko innverknad på

pH-verdien i sjøvatnet nær utløpet.

PH-verdien vert følgd opp gjennom

jamlege målingar.

TUNGMETALL

For 2009 har SØRAL rapportert

følgjande tungmetallutslepp (i kg)

til sjø:

Arsen (As) 0,535

Kobber (Cu) 3,08

Sink (Zn) 7,76

Vanadium (V) 0,290

Krom (Cr) 0,341

Kvikksølv (Hg) 0,001

Mangan (Mn) 0,084

Nikkel (Ni) 18,28

Kadmium (Cd) 0,009

Barium (Ba) 0,057

Bly (Pb) 0,83

Molybden (Mo) 0,068

Kobolt (Co) 0,113

11


Utslepp av fluoridar til til luft luft (g/time)

Støyperiet

Utslepp av støv støv til til luft luft (g/time)

Støyperiet

300

200

100

0

80

60

64

44 50

30

8 16

14 7

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009

1800

1600

1400

1200

1000

800

600

400

200

0

1770

1091 1130 1006

870

640

580 616

678

500

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009

Utslepp frå Støyperiet

Under smeltebehandling og omnsfyring

oppstår det noko utslepp

av fluorid, støv, nitrogenoksid og

karbondioksid. Mengdene er her

låge samanlikna med utsleppa frå

elektrolyseprosessen.

Utslepp til luft

FLUORIDAR kjem frå bad og ureint

metall frå omnshallane. Fluoridutsleppet

var berre 0,16 % av

F-utsleppa frå elektrolyseprosessen.

Det har såleis liten innverknad på

totalutsleppa frå verket.

SVOVELDIOKSID kjem frå forbrenning

av olje. Etter overgangen til

naturgass er utsleppa av svoveldioksid

jamnt låge, og vi kan omtrent

sjå bort frå desse som noko

miljøaspekt.

STØV kjem i hovudsak frå støyperiomnane.

Konsesjonsgrensa for

utslepp av støv frå kvar av støyperiskorsteinane

er 25 mg/Nm 3 . I

2009 registrerte vi eit snittutslep på

15.5 mg/Nm 3 frå fellesskorstein for

omnane A1/A2. Frå B1-skorstein var

utsleppet 3,8 mg/Nm 3 .

NITROGENDIOKSID kjem frå forbrenning

av olje og gass og er i stor

grad proprosjonal med forbruket. I

2009 var utsleppet i overkant av 5,2

tonn som var identisk med føregåande

år.

KARBONDIOKSID kjem frå forbrenning

av olje og gass. 4765 tonn

(4568) vart sleppt ut frå Støyperiet

i 2009. Dette utgjer 3,0 % (1,6) av

samla utslepp av CO 2

-ekvivalentar

ved bedrifta. Auken her er eit

resultat av mykje nedsmelting av

innkjøpt kaldmetall.

Støy

SØRAL måler støy ved nabogrenser

der det er bustader. Konsesjonen

tillet maksimalt 50 dBA. Det er ikkje

registrert overskridingar i 2009.

SØRAL er svært oppteken av at

utstyr som vert installert, er støysvakt,

slik at støy til omgjevnad

og personeksponering vert lågast

mogeleg.

Naboklagar

Det vart ikkje rapportert naboklagar

av noko slag i 2009.

REACH

(Registrering, evaluering og autorisering

av kjemikaliar)

Innan tidsfristen 1. desember 2008

preregistrerte SØRAL følgjande

substansar i det nyoppretta kjemikaliebyrået

i Helsinki:

1. Aluminium

2. Aluminiumsoksid

3. Bad/kryolitt

4. Magnesium

5. Silisium

Endeleg registrering skal vera på

plass innan 1. desember 2010. Ulike

EU/EØS-arbeidsgrupper er i gang

for å skaffa nødvendige risikovurderingar

og data som trengs før ei

endeleg registrering. SØRAL har

ikkje eigne ressursar til å delta i

arbeidsgrupper og vil måtte kjøpe

tilgang til nødvendige data før ei

registrering.

12 Miljørapport


5. Styresmakter, naboar og

samfunnet elles

Kartlegging av storulukker

Risiko for storulukker ved Sør-Norge

Aluminium AS er kartlagt gjennom

risikovurderingar som vert oppdatert

ved endringar i anlegg og

installasjonar.

Dei anlegga som inneheld størst

potensiale for storulukker er:

Naturgasstank (250m 3 ) ved kai

Gassutslepp etterfølgt av tenning

og sterk varme, kan gje alvorlege

brannskadar på personar, vegetasjon

og brennbare materialar

innanfor og utanfor SØRAL sitt

inngjerda område. Største sikringssone

er 1000 m.

Propantank

Propantank på 20 m 3 aust for

kompressorstasjonen er så liten at

denne i seg sjølv ikkje vert regulert

gjennom storulukkeforskrifta.

Samla sett er risiko knytt til bruk og

lagring av propan redusert dei siste

åra.

Forureining av fluor

Forureining av fluor kan gi lokal

ureining og skade på det marine

miljøet (fisk, sjødyr og vegetasjon).

Fluorutslepp til luft kan gi sviskade

på furu, gran og anna vegetasjon.

Utslepp til jord/vegetasjon kan

indirekte gi fluorose på dyr (skade

på tenner og skjelett).

Fluoridar er ein del av råstoffet

til elektrolyseprosessen og finst i

flytande og fast form. I fast form

er fluoridar bunde til pulver eller

”badklump”. I flytande form finst

fluoridar i elektrolytt (bad) i elektrolyseomnane.

Forureining frå

fluoridar er risiko i forhold til luft og

vatn.

Fluoridmengd:

Badklump og pulver:

Elektrolytt (bad i elektrolyseomnar):

Aluminiumfluorid:

Sekundæroksid:

ca. 3000 tonn (av dette fluor ca. 200 tonn)

ca. 4000 tonn (av dette fluor ca. 280 tonn)

ca. 100 tonn (av dette fluor ca. 60 tonn)

ca. 1000 tonn (av dette fluor ca. 14 tonn)

Industrivern

Industrivernmannskap har gjennomført

øvingar i samsvar med

krav frå styresmaktene.

Det vart i januar 2009 gjennomført

ei større beredskapsøving i straumforsyningsdelen

til SØRAL. Beredskapsøvinga

vart gjennomført med

SØRAL sitt industrivern og eksterne

ressursar frå Kvinnherad Brannvern,

Kvinnherad Lensmannskontor og

Ambulanse- og legetenesta.

DSB og SFT vart varsla.

Det har også i 2009 vore trena på

utlegging av oljelenser på sjø.

SØRAL har forsterka brannvern og

sanitet. Dette inneber røykdykkarteneste

og førstehjelpspersonell

som har tilleggsøvingar. Totalt var

72 personar tilknytt industrivernet.

Av desse er 53 personar i innsatsgrupper.

SØRAL sin ambulanse hadde 5

utrykkingar i 2009

Vidare var det 17 utrykkingar i

samband med brannalarm/røykutvikling.

Det var ingen større eller

alvorlege brannar dette året.

Rundt i einingane vart det nytta

pulverapparat ved 12 tilfeller for å

sløkkja mindre brannar.

Sør-Norge Aluminium AS

13


6. Transport

Storparten av transporten (ca. 90%) av ferdigprodukta går med båt til internasjonal hamn. Resten går landevegen

med trailerar. All aluminiumoksid vert transportert med båt til SØRAL.

Anodekol kjem også sjøvegen medan aluminiumsfluorid vert transportert med bil frå Odda.

7. Program og mål for

stadig betring

SØRAL sin HMS-politikk

- SØRAL forpliktar seg på å etterleva

krav, forskrifter og lovverk

frå styresmaktene.

- Leiinga skal leggja til rette for at

kvar og ein får utvikla seg gjennom

engasjerande oppgåver.

- Målretta informasjon til medarbeidarar,

samfunn og andre interessentar

skal prioriterast.

- HMS skal integrerast i det

daglege arbeidet.

- Aktiv medverknad og godt leiarskap

skal skapa trygg åtferd.

- Gjennom systematisk og haldningsskapande

arbeid skal vi

førebyggja mot personskadar og

uønskte hendingar.

HMS-oppgåver dei næraste åra:

- Utsleppa til luft, jord og vatn skal

vera så låge at omgjevnadene

ikkje vert påført skadar eller

ulemper.

• Redusera avfall, og auka gjenvinning.

• Sikra låge utslepp av fluorgassar og støv frå omnshallane.

• Halde utsleppa av klimagassar frå bluss på jamt lavt nivå.

• Redusera støy, ytre og indre.

• Redusera elektrisk energiforbruk i elektrolyseomnane (kWh/kg Al).

• Redusera bruk av helseskadeleg kjemikaliar.

• Arbeide for sikker lagring og gjenbruk av brukte katodar.

• Redusera diffuse støvutslepp gjennom å modernisera og fornya

bad- og slagghandteringa.

14 Miljørapport


Miljø – mål og resultat

Mål

2008

Resultat

2008

Mål

2009

Resultat

2009

Mål

2010

Utslepp elektrolyse, g/kg Al

- Fluorid < 0,36 0,41 < 0,42 0,39 < 0,40

- Svoveldioksid < 1,50 1,46 < 1,50 1,47 < 1,50

- Støv < 0,50 0,81 < 0,60 0,57 < 0,60

- CO 2

-ekvivalentar (kg/kg Al) < 1,65 1,60


SØRAL MILJØRAPPORT 2009

Ugjeven av Sør-Norge Aluminium AS,

5460 Husnes. Telefon 53 47 50 00

Redaksjon: Årstein Eik

Bilete: Geir Berntzen

Grafisk prod. og trykk: SØRAL

Sør-Norge Aluminium AS

More magazines by this user
Similar magazines