You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
B a r n e h a b i l i t e r i n g

Intensiv trening gir resultat

Fem år gamle Ole Martin Linneberg sit på ei eng av

raude matter. Rundt han er det leiker i alle fasongar og

storleikar. For Ole Martin er leikinga knallhard jobbing.

Ole Martin er ein sta, glad og aktiv femåring. Han må ha hjelp til å sitje,

til å stå og til alt stell. Ole Martin har cerebral parese.

Lidinga gjer at han har behov for mykje trening og fysioterapi i

kvardagen. Han er no inne i ein ekstra intensiv treningsperiode i Prosjekt

intensiv motorisk trening ved Østerlide barnehabilitering ved Helse

Stavanger HF.

Rask framgang

– Ole Martin trener på å sitje og på å stå. Allereie etter halvanna veke har

vi merka at han er blitt flinkare til å sitje, seier Linda Linneberg, mor til

Ole Martin.

Ho set stor pris på at sonen får ta del i treningsopplegget på Østerlide.

– Til vanleg får han fysioterapi tre gonger i veka. Ein time kvar gong.

I tillegg til at vi som foreldre trener med han på eiga hand. Dei tre vekene

han er her, får han trena intensivt. Han lærer også mykje raskare enn

vanleg, seier Linneberg.

Linda Linneberg set pris på at sonen Ole Martin

Linneberg har fått tilbod om intensiv trening ved

barnehabiliteringsklinikken Østerlide. Allereie etter

ei veke med trening, viste den cerebral parese-ramma

guten motorisk framgang.

Foto: Kjetil Alsvik

3