trafikksikring - Hordaland fylkeskommune

hordaland.no

trafikksikring - Hordaland fylkeskommune

HORDALAND

FYLKESKOMMUNE

Handlingsplan for trafi kksikring


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

For/baksidebilete: Seljestadsvingane på Gamle Røldalsveg

2


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

Føreord

Handlingsplan for trafikksikringsarbeidet i Hordaland 2006–2009 vart vedteken

i Fylkestinget 14. desember 2005. Den byggjer på Nasjonal handlingsplan for trafikktryggleik

på veg 2006–2015. I handlingsplanen er det i tillegg til dei nasjonale måla

sett opp 7 særskilde mål for trafikksikringsarbeidet i Hordaland og 19 særskilde tiltak

som skal gjennomførast i planperioden. Dette er tiltak som innber ekstrasatsing

sett i høve til den aktiviteten ein har hatt innanfor trafikksikring i Hordaland til no.

Planen er utarbeidd av Fylkestrafikksikringsrådet (FTR) i nær kontakt med samferdselsutvalet.

FTR er samansett av representantar frå ulike etatar og organisasjonar som

arbeider med trafikktryggleik. Etter vegtrafikklova § 40 har fylkeskommunen ansvar

for å tilrå og samordne trafikksikringsarbeidet i fylket. Planen som no vert lagt fram

er såleis eit fellesdokument for organisasjonane/etatane som er representerte i FTR.

I perioden 1995–2004 vart 10025 personar skadde og 207 miste livet i trafikken

i Hordaland. Det har vore ein jamn reduksjon i talet på hardt skadde og drepte i

denne perioden, og for 2005 var talet 10 drepte, noko som er det lågaste som

er registrert i Hordaland sidan ulykkesregisteret vart oppretta i 1977. Den positive

utviklinga har kome samstundes som vi har hatt ein stor vekst i vegtrafikken. Sjølv

om det kan vere store svingningar frå år til år særleg når det gjeld talet på drepte må

ein etter dette kunne konstatere at trafikksikringsarbeid nyttar.

Trafikkulykkene i vårt fylke fører med seg samfunnskostnader på rundt 2,7 mrd. kr.

pr. år. I tillegg til desse store kostnadane kjem dei personlege lidingane og nedsett

livskvalitet for trafikkofra og deira pårørande. Null-visjonen har vore det berande

elementet i dei siste trafikksikringsplanane i fylket. Dette vert enno sterkare

understreka i denne planen for perioden 2006–2009. Som ein naturleg konsekvens

av nullvisjonen fokuserar ein på satsingsområder som har størst verknad i høve til

ulykker med høgt potensiale for død eller varig skade. For Hordaland gjeld dette

særleg utforkøyringsulykker, møteulykker og fotgjengerulykker.

Eg legg til grunn at denne planen vert eit viktig arbeidsdokument for fylkeskommunen,

kommunane, Statens vegvesen og andre etatar/organisasjonar som arbeider med

trafikksikring i Hordaland. Eg vonar og trur at ein med den ekstrasatsinga i trafikksikringsarbeidet

som denne planen legg opp til vil ein kunne få ein yttarlegare

nedgang i talet på drepte og skadde i trafikken.

Arbeidet med denne planen hadde ikkje vore mogleg utan aktiv deltaking frå

medlemene i Fylkestrafikksikringsrådet. Eg vil her nytte høvet til å takke dei som har teke

del i planprosessen fram mot den endelege planen, og medverka til eit godt resultat.

Bergen, 10.01.2006

Torill Selsvold Nyborg

Fylkesordførar

3


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

Innhald

Føreord .................................................................................................. 2

Innleiing ................................................................................................ 5

1 Handlingsplan .................................................................................... 7

1.1 Overordna planar ......................................................................................... 7

1.2 Kvifor ny plan ............................................................................................... 7

1.3 Aktørar/Samarbeidspartnarar ....................................................................... 7

2 Nullvisjonen ..................................................................................... 10

3 Utfordringar ..................................................................................... 13

3.1 Ulykker ....................................................................................................... 13

3.2 Barn og unge .............................................................................................. 18

3.3 Trafikkopplæring i skolen .............................................................................19

3.4 Fart, rus of åtferd .........................................................................................19

3.5 Helse, miljø og tryggleik (HMS) ...................................................................... 19

3.6 Opplevd tryggleik .........................................................................................20

3.7 Veg ............................................................................................................ 20

4 Mål – målsetting .............................................................................. 23

4.1 Nasjonale mål ............................................................................................. 23

4.2 Særskilde mål for Hordaland ....................................................................... 23

5 Satsingsområder .............................................................................. 24

5.1 Generelt .................................................................................................... 24

5.2 Tiltaksområder ............................................................................................ 24

4


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

Innleiing

Etter vegtrafikklova § 40a har fylkeskommunen eit ansvar for å tilrå og samordne

tiltak for å fremje trafikktryggleiken i fylket. I Hordaland er det samferdselsutvalet

som er fylket sitt trafikksikringsutval (FTU). Fylkestrafikksikringsrådet (FTR) er eit

rådgjevande organ for samferdselsutvalet i trafikksikringssaker. FTR er samansett av

representantar frå etatar/organisasjonar som til dagleg arbeider med trafikksikring.

Sekretariatsfunksjonane for FTR vert utført av Statens vegvesen, Bergen distrikt.

FTR tilrår og samordnar tiltak m.a. gjennom samarbeidspartnarar ved motivering,

samarbeidsprosjekt og økonomisk støtte. I Hordaland har fokus dei seinare år blitt

dreidd mot førebyggande arbeid, tiltak retta mot trafikantåtferd, trafikksikringsarbeid

i kommunar og trafikksikringsundervisning på dei ulike nivåa.

FTR har eit eige budsjett som organisasjonar og lag kan søkje om støtte frå til ymse

trafikksikringstiltak.

Hovudhensikten med denne planen er å setja mål og strategiar som grunnlag for

dei ulike aktørane sine årlege tiltaksplanar og inspirera til godt trafikksikringsarbeid

på mange ulike plan.

Planen ligg på nett: www.hordaland.no/trafi kksikringsplan

5


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

6


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

1 Handlingsplan

1.1 Overordna planar

Handlingsplanen er forankra i Stortingsmelding nr 46, Nasjonal transportplan

2006–2015, Samferdselsdepartementet sin strategiplan «Trafikksikkerhet på veg

2002–2011», Nasjonal handlingsplan for trafikksikkerhet på veg 2006–2015, Fylkesplan

for Hordaland 2005–2008, samt ulykkesdata for vegtrafikken i Hordaland.

1.2 Kvifor ny plan?

For å kome i takt med Nasjonal Transportplan (NTP), vart den siste handlingsplanen

for trafikksikringsarbeidet i Hordaland gjort gjeldande for perioden 2002–2007.

Strategidelen gjekk fram til og med 2007 og tiltaksdelen til og med 2005. Den

framlagde planen gjeld for perioden 2006–2009.

1.3 Aktørar/Samarbeidspartnarar i trafikksikringsarbeidet

i Hordaland

Statens vegvesen

• Ansvar for planlegging, bygging, drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegar, og gangog

sykkelvegar på dette vegnettet

• Syte for trafikksikringstiltak som veglys, busslommer, rekkverk m.m.

• Fartsregulerande tiltak

• Trafikkregulerande tiltak

• Uttale i arealplansaker

• Førarprøvar og føraropplæring

• Trafikantrettleiing og informasjon

• Kjøretøykontroll

Fylkeskommunen

• Ansvar for fylkesvegnettet

• Utarbeiding av planar innan samferdselssektoren

• Ansvar for kollektivtrafikken og transport for funksjonshemma

• Ansvar for skoleskyss og transportløyve

• Ansvar for vidaregåande skole

Kommunane

• Ansvar for planlegging, bygging og drift av kommunale vegar, og gang- og

sykkelvegar på dette vegnettet

• Ansvar for arealdisponering

• Overordna ansvar for at innbyggarane kan ferdast trygt

7


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

Politi

• Førebygge og påtale lovbrot

• Kontrollar med særskilt vekt på fart, rus, verneutstyr, samt hensynslaus og aggressiv

kjøreåtferd

• Utføre ulykkesetterforsking og trafikkregulerande tiltak.

• Informasjon og tiltak mot alle trafikantgrupper.

Trygg Trafikk

• Ansvar for å stimulere det frivillige trafikksikringsarbeidet i fylket

• Yte trafikkfagleg bistand til barnehagar, grunnskolar, vidaregåande skolar

og Høgskolar, gjennom kurs, materialtilbod, kampanjar, osv.

• Trafikkoppdragande tiltak

• Informasjonstiltak retta mot ulike trafikantgrupper

• Gje støtte til trafikksikringsarbeid i kommunane

Fylkesmannen – Utdanningsavdelinga

• Bidra til auka satsing på trafikkopplæring i barnehage og grunnskole

• Gje støtte til tverrfagleg prosjektarbeid og tiltak der trafikkoppæring inngår som

ein del av innhaldet

• Oppfordra kommunane til utarbeiding av kommunale planar for trafikkundervisning

Autoriserte trafikkskolers Landsforbund (ATL)

Ansvar for:

• Førarkortutdanninga i alle førarkortklassar

• Etterutdanningskurs for trafikklærarar

• Etterutdanningskurs for førarkortinnehavarar

• Oppfriskningskurs for eldre bilførarar i samarbeid med Statens vegvesen

• Haldningsskapande arbeid

8


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

9


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

2 Nullvisjonen

Nullvisjonen er ein visjon om eit transportsystem som ikkje fører til død eller varig

skade. Nullvisjonen er bygd på at trafikantane og styresmaktene har eit delt

ansvar og gjensidig forplikting i forhold til kvarandre. Trafikantane skal overhalda

spelereglane i trafikken og dei skal vera aktsame. Styresmaktene skal sørgje for at

trafikksystemet er så sikkert at ein enkel feilhandling ikkje fører til død eller varig

skade. Trafikksystemet skal vere tilpassa mennesket sin tåle- og mestringsevne.

Nullvisjonen betyr at vi skal førebygge tap av liv og helse gjennom å avgrense skadane

i dei ulykkene som vi ikkje klarar å hindre. Med nullvisjonen som utgangspunkt er det

naturleg å rette fokus mot dei alvorlegaste ulykkene. For å kunna sette i verk målretta

tiltak, må vi difor ha kunnskap om kva for ulykker som fører til dei alvorlegaste

skadane. Intensjonane i nullvisjonen er lagt til grunn for denne handlingsplanen.

Berre 7% av

fotgjengarar brukar

refl eks i mørke

100 %

Dødsrisiko for fotgjengare

Ved å bruke refl eks

halverar du din eigen

risiko for å bli påkjørt

og drepen

80 %

60 %

40 %

20 %

0 %

Fart

10 30 50 70 km/t

10


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

11


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

12


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

3 Utfordringar

3.1 Ulykker

Den offisielle ulykkesstatistikken for vegtrafikkulykker i Noreg er basert på ulykker

som er registrert av politiet. Dette gjeld også for SSB og Statens vegvesen sine

ulykkesregister. Denne statistikken viser at rundt 12 000 personar blir skadd eller

drepne kvart år på vegane i Noreg. Sjølv om alle vegtrafikkulykker i prinsippet

skal rapporterast til politiet, veit vi at det er store mørketal. Mørketala er størst

for lettare personskadeulykker og for ulykker med sykkel. Totalt reknar vi med at

det årleg er rundt 40 000 personar som blir skadd i vegtrafikkulykker. Statistikken

som er brukt i denne planen er henta frå registeret til SSB og Statens vegvesen.

1600

1400

1200

1000

800

600

400

200

0

Gjennomsnittleg skadde pr. år i perioden 2000–2004 fordelt på fylker

Om ingen bryt

fartsgrensene vil

ein årleg spare 70

liv i trafi kken på

landsbasis

Østfold

Akershus

Oslo

Hedmark

Oppland

Buskerud

Vestfold

Telemark

Aust Agder

Vest Agder

Rogaland

Hordaland

Sogn og Fjordane

Møre og Romsdal

Sør Trøndelag

Nord Trøndelag

Nordland

Troms

Finnmark

Kjelde: SSB

Som figuren over viser er Hordaland eit av dei fylka i landet med flest trafikkskadde.

Dette heng saman med at Hordaland er blant dei med flest innbyggarar og størst trafikk.

160 %

140 %

120 %

100 %

80 %

60 %

40 %

20 %

0 %

Trafikkutvikling og ulykkesutvikling i Hordaland 1990–2004

Trafikkutvikling

Ulykkesutvikling

På verdsbasis dør

fl eire menneske

i trafi kkulykker enn

i krig. Årleg blir

800 000 menneske

drepne i trafi kken

1990

1991

1992

1993

1994

1995

1996

1997

1998

1999

2000

2001

2002

2003

2004

Som figuren over viser har trafikkutviklinga i Hordaland vore på nærare 50% frå

1990 og fram til og med 2004. Utviklinga i talet på skadde og drepne har i same

perioden enten vore noko lavare eller likt med utgangsåret 1990. Sett i forhold til

trafikkveksten har altså den relative risikoen for å bli skadd, blitt redusert.

13


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

Ein reduksjon

i gjennomsnittsfarten

på 5% fører til

10% færre ulykker

og 20% færre drepne

Berre kvar 50

sykkelulykke vert

rapportert til politiet

1200

1000

800

600

400

200

0

Skadde og drepte i Hordaland 1995–2004

1088 1064 904 921 951 880 1111 1123 1116 1074

1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004

Kjelde: Straksulykkesregisteret til Statens vegvesen

Talet på trafikkskadde ligg på omlag 1000 i året. Dei siste åra har det vore ei auke i

talet på trafikkskadde samanlikna med første del av 10-års perioden.

9 av 10 drepne

fotgjengarar i

Hordaland er over

65 år

35

30

25

20

15

10

5

0

Trafikkdrepne i Hordaland 1995–2004

27 25 21 31 16 18 15 19 21 14

1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004

Talet på trafikkdrepne ligg på rundt 20 i året. Dei siste åra har det vore ein reduksjon

samanlikna med første del av 10-års perioden.

14


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

100 %

90 %

80 %

70 %

60 %

50 %

40 %

30 %

20 %

10 %

0 %

Ulykkestyper og skadegrad i Hordaland 1995–2004

11 8

4

24

17

9

16

23

Lett skadde

13

13

24

38

Drept og alvorlig skadde

Andre

Påkjøring bakfra

Kryssulykker

Fotgjengare

Møteulykker

Utforkjøring

Som figuren viser er det store skilnader i ulykkesfordelinga mellom ulykker med

lettare skade og ulykker med drepne og alvorleg skade. Skilnadene er størst for

påkjøring bakfrå ulykker der denne ulykkestypen utgjer 24% av lett skade og

«berre» 4% av dei alvorlege skadane. For utforkjøringar er det motsett. Desse utgjer

23% av lett skade og heile 38% av dei alvorlege skadane. I tillegg til utforkjøringar

utgjer også møteulykker og fotgjengarulykker ein større del av dei alvorlege skadane

enn for dei med lett skade.

500

450

400

350

300

250

200

150

100

50

0

Fordeling drepte og alvorleg skadde i Hordaland 1995–2004

452 218 169 70 94 159 47

Ein kollisjon i 50 km/t

tilsvarar eit fall på 10

meter

Mopedførarar har

8 gangar høgare

ulykkesrisiko enn

bilførarar

Bilførar

Bilpassasjer

MC

Moped

Sykkel

Fotgjengar

Andre

Dei fleste trafikkdrepne og alvorleg skadde er bilførarar. Deretter er det bilpassasjerar

og fotgjengarar. Trafikantar på tohjulingar utgjer 28% av dei trafikkdrepne og

alvorleg skadde. Dette er ei trafikantgruppe med særleg høg risiko.

15


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

20% av ungdomane

har kjørt i minst 120

km/t i løpet av det

siste året

40

35

30

Aldersfordeling for drepne i Hordaland 1995–2004

25

20

15

Menn

Kvinner

10

5

0

0–5 år

6–10 år

11–15 år

16–20 år

21–25 år

26–30 år

31–35 år

36–40 år

41–45 år

51–55 år

56–60 år

61–65 år

66–70 år

71–75 år

76–80 år

81–85 år

86–90 år

91–100 år

Ungdomsgruppa er klart overrepresentert. Dette gjeld særleg i forhold til bilulykker og

mopedulykker. Sykkelulykker er dominerande blant barn, medan fotgjengarulykker

fordelar seg over alle aldersgrupper. Materialet for fotgjengarulykkene viser at

personar over 65 år er overrepresentert blant dei mest alvorlege skadane. Menn/

gutar utgjer 75% av dei trafikkdrepne.

Ulykker fordelt på vegkategori i Hordaland

Europa

23

Riks

45

Fylkes

18

Kommunal

11

Privat

3

0 % 10 % 20 % 30 % 40 % 50 %

Dei fleste ulykkene skjer på riks- og europavegnettet. Sett ut frå trafikkarbeidet er

dette ikkje unaturleg. Om lag kvar femte ulykke har skjedd på fylkesvegane.

16


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

Ulykkesfordeling på skadegrad og vekedag i Hordaland 1995–2004

18 %

16 %

14 %

12 %

10 %

8 %

6 %

Lett skade

Alvorlig skade

4 %

2 %

0 %

Mandag

Tirsdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

Lørdag

Søndag

Figuren over viser at ein større del av dei alvorlege ulykkene skjer i helgene enn det

som er tilfelle for ulykker med lett personskade.

20 %

18 %

16 %

14 %

12 %

10 %

8 %

6 %

4 %

2 %

0 %

Fordeling alvorsgrad over døgnet i Hordaland 1995–2004

kl 0–2

kl 2–4

kl 4–6

kl 6–8

kl 8–10

kl 10–12

kl 12–14

kl 14–16

kl 16–18

kl 18–20

kl 20–22

kl 22–24

Lett skade

Alvorleg skade

30% av møte og

utforkjøringsulykkene

i 80 og 90 sonar

skuldast at føraren

har sovna. Det er om

lag eit menneskeliv i

veka her i landet

I mørke doblar

fotgjengarane risikoen

for å verte påkjørt

samanlikna med i

dagslys

Figuren over viser at ulykker som skjer på kveld- og natt har høgare alvorsgrad enn

ulykker som skjer på dagtid.

17


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

Ulykkeskostnader

Årleg kostar vegtrafikkulykkene i Hordaland rundt 2,7 mrd. kr. På landsbasis kostar

vegtrafikkulykkene samfunnet kvart år ca 28 mrd. kr. Dødsfall og personskader

utgjer ca 22 mrd. kr, medan materielle skadar utgjer ca 6 mrd. kr. Tabellen

under viser kva dei ulike skadetilfella er rekna å koste. Med i desse kostnadene

er produksjonsbortfall, medisinske kostnader, materielle kostnader, administrative

kostnader og velferdstap.

204 menneske blei

drepne på vegane

i Hordaland siste

10 åra

Skadetilfelle

Kostnader i 2004-prisar

Dødsfall 23 300 000

Hardt skadde 6 300 000

Lettere skade 700 000

Personskadeulykke 2 000 000

Kun materiell skade 21 000

3.2 Barn og unge

Halvparten av landets

foreldre er redde for

å sleppe barna ut på

skolevegen

Barn og unge skal sikrast ein trafikksikker oppvekst. Ansvaret for dette er i første

rekke lagt på dei vaksne, og knytast til utforminga av eit trygt oppvekstmiljø, og til

aktiv bruk av rett sikringsutstyr. Foreldre, helse- og barnehagepersonell og skulen

må i særleg grad motiverast til å ta slikt ansvar og vere medvitne om kor viktige dei

er som rollemodellar.

Trafikkopplæring må sjåast på som ein livslang læringsprosess. Opplæringa skal

leggast til rette, slik at barn og unge utviklar evne til refleksjon, til å ta andre sine

perspektiv og til å samarbeide. For at opplæringa i barnehage- og skolesystemet

skal vere av høg kvalitet, er det viktig med tilstrekkeleg kompetanse hos lærarar og

barnehagetilsette.

Ungdom er ei særs ulykkesutsett gruppe. Det er viktig å differensiere kommunikasjonen

i høve til målgruppa, og nytte ulike arenaer og metodar. Tiltak bør hjelpe

til å styrke ønska åtferd, samtidig som det i større grad må arbeidast målretta mot

dei gruppene som søker høg risiko, og har ein farleg åtferd i trafikken.

18


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

3.3 Trafikkopplæring i skolen

Grunnskolens læreplanverk (L-97) seier lite konkret om kvar trafikkopplæring skal

inn i dei ymse faga. I den delen av «Generell læreplan» som omhandlar «Prinsipp

og retningslinjer for opplæringa i grunnskolen» er trafikkopplæring omtalt som eit

døme på «Kunnskapsområde på tvers av fag.»

L-97 stiller altså ikkje absolutte krav om trafikkopplæring, men gir rom for og høve til

bruk av trafikk i tverrfagleg undervisning og i tema- og prosjektarbeid. Utfordringa

vert å få skulane til å prioritera arbeidet med å driva trafikkopplæring gjennom heile

grunnskuletida.

Med promille mellom

0,5 og 1,0 er risikoen

for å bli skadd 9

gangar høgare enn

utan promille. Med

promille over 1,5 er

risikoen 65 gangar

høgare

3.4 Fart, rus og åtferd

Forsking viser at vegtrafikklova vert broten i samband med heile 80–90% av

trafikkulykkene. Særleg er det reglar om køyrefart, ruspåverknad, manglande

bruk av verneutstyr, samt generelt omsynslaus og aggressiv kjøring som er den

medverkande årsak til personskadeulykkene og skadegraden. Det vil difor ha stor

ulykkesreduserande effekt å få endra trafikantane si åtferd ved at politiet, Statens

vegvesen og Trygg Trafikk foretar kontroller og driv haldningsskapande arbeid. Det

er naudsynt med ein betydeleg auke i den subjektive risikoen for å bli oppdaga for

trafikantar som bryt vegtrafikklova.

3.5 Helse, miljø og tryggleik (HMT)

I dag er innsatsen innan Helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet (HMT) i hovudsak

konsentrert om arbeidsmiljø, forureining, brann og elektrisitet. Det har førebels vore

lite fokus på trafikktryggleik i HMS-arbeidet. Ca 23% av registrerte arbeidsrelaterte

dødsulykker i perioden 1998–2001 har skjedd i samband med transport. Det er

grunn til å tru at dette talet er høgare på grunn av underrapporteringar. Utfordringa

vil være å få leiinga i verksemdene til å satsa på førebyggande tiltak innan trafikk

som ledd i verksemda si HMS tiltak.

19


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

3.6 Opplevd tryggleik

Humpar i bustadgatar

reduserer risikoen

for å bli drepen med

80%

For at barn og voksne skal kunne ferdast trygt i trafikken er det viktig at dei opplever

risikoen med å vere trafikant. Skapar vi for trygge vegar vil ein ikkje få oppleve denne

risikoen. Ei viss form for risiko må opplevast for at ein skal lære. Der den opplevde

risikoen er låg, er ofte den reelle risikoen høg. Er derimot den opplevde risikoen høg, er

ofte den reelle risikoen lav. Eksempel på dette er gangfelt. For fotgjengarar blir

gangfelt oppfatta som eit trafikksikringstiltak. Men eit gangfelt er i utgangspunktet eit

framkomsttiltak for gåande. Dette kan vere vanskeleg å forstå.

Dersom ein opplever at risikoen er stor med å la barna gå til/fra skulen endar det

ofte med at foreldrene kjører barna. Dei ser ikkje farane som dei då skaper med

mellom anna mykje trafikk og rygging etc. i skoleområdet

3.7 Veg

Dersom alle

trafi kantar hadde

følgt trafi kkreglane

hadde talet på

drepne blitt halvert

Mykje av vegnettet i Hordaland stettar ikkje dei krava som vi i dag set til vegen.

Dette gjeld i høve til estetikk, framkomst og tryggleik. Hovudårsaka til dette er at

trafikkvekst og utbygging har vore sterkare enn utbetring/nybygging av vegar. Sett

opp mot trafikkmengda betyr det at mange vegar ikkje har bygd inn dei vegelementa

som dagens vegnormal set til ein trafikktrygg veg. Eksemplar på dette kan vera låge

støypekantar, kryss utan svingefelt, to felt utan midtdelar i staden for fire felt med

midtdelar eller gangfelt der det skulle vera ein gangtunnel. Gapet mellom «faktisk»

vegstandard og «normert» vegstandard vil i mange tilfelle også vera eit gap mellom

«faktisk» og «akseptert» tryggleik.

Godt nok vedlikehald er og ein viktig faktor for å redusere talet på ulykker. På delar

av vegnettet slit ein med betydelege etterslep.

20


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

21


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

22


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

4 Mål – målsetting

4.1 Nasjonale mål

Det er definert 7 sentrale tilstandsmål. Desse er henta frå Nasjonal handlingsplan

for trafikktryggleik på veg, 2006–2015. Måla er:

• Overhalding av fartsgrensene

• Reduksjon i omfanget av kjøring i ruspåvirka tilstand

• Auka bruk av sikringsutstyr

• Sikrare tungtransport

• Ulykkesreduserande tiltak på ulykkesutsatte riksvegar

• Færre drepne og hardt skadde ungdommar

• Reduksjon i talet på alvorlege brot av trafikkreglane

4.2 Særskilde mål for Hordaland

Særskilde mål for Hordaland Tilstand 2005

Ingen barn drepne eller alvorleg skadd på skoleveg

Halvering i drepne og alvorleg skadde for

aldersgruppa 15–19 år

Talet på drepne og alvorleg skadde fotgjengarar skal

reduserast med minst 25%

Talet på drepne og alvorleg skadde i sykkelulykker

skal reduserast med minst 10%

Talet på drepne og alvorleg skadde i møte og

utforkjøringsulykker skal reduserast med minst 10%

Av 1000 kontrollerte bilførarar skal færre enn 4 ha

kjørt i ruspåverka tilstand

Minst 97% av bilførarar og passasjerar skal vera

forskriftsmessig sikra

2 alvorleg skadde

eller drepne

18 alvorleg skadde

eller drepne

13 alvorleg skadde

eller drepne

7 alvorleg skadde

eller drepne

71 alvorleg skadde

eller drepne

5 av 1000

86% i tettbygd strøk,

91% utanfor

23


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

24


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

5 Satsingsområder

5.1 Generelt

Som vist lengre framme i planen så utfører dei ulike aktørane allereie i dag eit stort

og systematisk trafikksikringsarbeid innanfor mange ulike områder. Dette arbeidet,

som er basert på årelang erfaring med gode tiltak, vil også i åra framover utgjera

stamma i trafikksikringsarbeidet i Hordaland. I dei komande åra er det venta ein

trafikkauke i Hordaland på om lag 1,7% i året. Auken i trafikken gjer det til ei ekstra

stor utfordring å nå dei ambisiøse måla som er vist i avsnitt 4.2. I praksis betyr det

at ein i alle avgjersler, i sterkare grad enn tidlegare, kritisk må vurdera kva dette

inneber i høve til trafikktryggleiken. Dette gjeld på alle nivå frå dei vala den einskilde

person gjer og opp til vedtak og prioriteringar i bedrifter og i politikken. For å nå

desse måla må ein difor også ta val som er upopulære sett ut frå andre synsvinklar

enn auka trafikktryggleik. Når vi i planen viser til kva tiltak som må setjast i verk

innanfor kontroll, opplæring, informasjon og veg, så inneber det ekstrasatsing sett i

høve til aktiviteten vi har i dag innanfor desse områda.Dei aller fleste tiltak som vert

retta mot trafikksystemet (trafikanten, kjøretøyet eller vegen) har også positiv eller

negativ verknad på ulykkesrisikoen eller på skadegraden. For mange av tiltaka er det

også forska på kva verknaden er blitt i forhold til trafikktryggleiken.

Som ein naturleg konsekvens av forankringane i nullvisjonen skal trafikksikringsarbeidet

spissast mot tiltak som har best verknad opp mot ulykker med høgt

potensiale for død eller varig skade. For Hordaland gjeld dette særleg utforkjøringar,

møteulykker og fotgjengarulykker.

25


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

5.2 Tiltaksområder

MÅL TILTAK HOVUDANSVARLEG

Ingen barn drepne

eller alvorleg skadde

på skuleveg

Etablera fysiske tiltak og/eller reduksjon

til 30/40 km/t ved alle barneskoler

Redusera risikonivået ved kryssingspunkt

som blir brukt av mange skolebarn

Syta for at nye skolar blir bygd slik at elevar kan gå

eller sykle til/frå skolen konfliktfritt frå bilar

Syta for at trafikktryggleik skal vera eit tema ved

vurdering av skolenedlegging eller ved endring av

krinsgrenser

Auka satsing på trafikkopplæring i barnehage

og grunnskole

Statens vegvesen

Statens vegvesen

Kommunane

Kommunane

Trygg trafikk

Minst halvering i drepne

og alvorleg skadde for

aldersgruppa 15-19 år

Samarbeid med frivillige organisasjonar

for barn og unge

Ekstrasatsing i Hordaland for kommunikasjon

og informasjon retta mot denne aldersgruppa

Etablere trafikksikringshall

Vidareføring av prosjektet

«Trygt heim for ein 50-lapp»

Trygg trafikk

FTR

ATL

Hordaland fylkeskommune

Talet på drepne og alvorleg

skadde fotgjengarar skal

reduserast med minst 25%

Reflekskampanje særleg retta mot eldre

fotgjengarar

Sikre kryssingspunkt der det er mange fotgjengarar

og/eller stor biltrafikk/høgt fartsnivå

FTR

Statens vegvesen

26


Handlingsplan for trafikksikring 2006–2009

MÅL TILTAK HOVUDANSVARLEG

Talet på drepne og alvorleg

skadde i sykkelulykker skal

reduserast med minst 10%

Alle elevar på mellomtrinnet i grunnskolen

skal gjennomføra sykkelopplæring

Lokale Hordalandskampanjar retta mot vaksne

syklistar

Trygg trafikk

FTR

Talet på drepne og

alvorleg skadde i møte- og

utforkøyringsulykker skal

reduserast med minst 10%

Lokal Hordalandskampanje med fokus

på trafikant, fart og konsekvensar

Rekkverk på dei mest ulykkesutsette strekningane

på fylkesvegnettet

Etablera 8 ATK-punkt på fylkesvegane

Etablera 8 fartsvisningstavlar på fylkesvegane

FTR

Statens vegvesen

Politiet/Statens vegvesen

Statens vegvesen

Av 1000 kontrollerte bil-

førarar skal færre enn 4 ha

kjørt i ruspåverka tilstand

Lokal målretta kampanje utover sentrale kampanjar,

med fokus på trafikantar, rus

og konsekvensar

Politiet

Minst 97% av bilførar

og passasjerar skal vera

forskriftsmessig sikra

Lokal Hordalandskampanje utover sentrale

kampanjar, med fokus på sikring av barn

FTR

27


HORDALAND

FYLKESKOMMUNE

FYLKESMANNEN

I HORDALAND

Planen ligg på nett:

www.hordaland.no/trafi kksikringsplan

More magazines by this user
Similar magazines