Klage på standpunktkarakter - Hordaland fylkeskommune

hordaland.no

Klage på standpunktkarakter - Hordaland fylkeskommune

RETTLEIING

FOR FASTSETJING AV STANDPUNKT-

KARAKTER OG BEHANDLING AV KLAGE

PÅ STANDPUNKTKARAKTER 2008/2009

Hordaland fylkeskommune

Opplæringsavdelinga

Oktober 2008

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 1 av 16


Til dei vidaregåande skolane

Vedlagde dokument er ei rettleiing for fastsetjing av standpunktkarakterar og

behandling av klage på standpunktkarakterar for 2008-2009.

Vi takkar for innkomne merknader.

Opplæringsavdelinga har nå revidert rettleiinga frå i vår. Det vert

årleg revisjon med høyringsfrist 1. september kvart år.

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 2


Innhald

1. INNLEIING..........................................................................................................................3

2. FASTSETJING AV STANDPUNKTKARAKTERAR I FAG..................................................3

3. KLAGE PÅ FAGKARAKTERAR .........................................................................................3

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova (FtO): ......................................................3

Om sluttvurderinga..............................................................................................................4

Krav til prosedyre ................................................................................................................5

Fråsegn frå rektor om saksbehandlinga..............................................................................5

Fråsegn frå faglærar ...........................................................................................................6

Varsling om fare for ikkje vurdering.....................................................................................7

Sluttkommentar ...................................................................................................................7

4. FASTSETJING AV STANDPUNKTKARAKTERAR I ORDEN OG ÅTFERD.......................8

5. KLAGE PÅ KARAKTERAR I ORDEN OG I ÅTFERD .........................................................8

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova:................................................................8

Nedsett karakter i orden og i åtferd .....................................................................................9

Krav til prosedyre ................................................................................................................9

Fråsegn frå rektor og kontaktlærar....................................................................................10

6. TIDSFAKTOREN I KLAGEBEHANDLINGA......................................................................11

7. Klageskjema...................................................................................................................12

8. Eit kvalitetssystem..........................................................................................................14

A: Døme på eit kvalitetssystem rundt elevvurdering .........................................................14

B: Døme på eit praktisk opplegg rundt vurdering ..............................................................15

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 2


1. INNLEIING

Skolen har plikt til å informera elevar og føresette om rettane og pliktene eleven har etter

opplæringslova og forskrift til opplæringslova.

Fastsetjing av standpunktkarakter er ei sluttvurdering. Læraren si oppgåve er å vurdera på

eit fagleg - ikkje rettsleg - grunnlag kva karakter han skal setja. Avgjersla læraren tek når

han set ein standpunktkarakter, gjer han på grunnlag av ei/eit fagleg vurdering/skjønn. Finn

eleven ut at han vil nytta sin rett til å klage på læraren si avgjerd, vert sjølve

klagebehandlinga styrt av rettsreglar. Her vert trekt inn både det formelle grunnlaget for

den/det faglege vurderinga/skjønnet og det faglege samspelet mellom skolen, lærar og elev

og/eller eleven sine føresette.

Det er viktig for skulen å byggja opp rutinar rundt vurderingsarbeidet slik at det formelle

grunnlaget for utøving av vurdering/skjønn vert ivaretatt.

2. FASTSETJING AV STANDPUNKTKARAKTERAR I FAG

§ 4-6 i Forskrift til Opplæringslova gir reglar for fastsetjing av standpunktkarakterar

Elevar skal, i tillegg til vurdering utan karakterar, også ha karakterar i fag, i orden og i åtferd. Kva for

fag som skal ha vurdering med karakter, er fastsett i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane skal

ha terminkarakterar og standpunktkarakterar i alle desse faga. I tillegg får dei eksamenskarakterar i fag

der dei blir trekte ut til eksamen. Karakteren skal gi uttrykk for den kompetansen eleven har oppnådd

på det tidspunktet da karakteren blir fastsett.

Vurdering med karakter skal givast med talkarakterar, med unntak av karakterar i orden og i

åtferd.

Grunnlaget for karakterar i fag er kompetansemåla i læreplanen for faget jf. FtO § 4-7.

Føresetnadene til den enkelte eleven skal ikkje trekkjast inn. Vurdering i orden og i åtferd

skal ikkje inngå i fagvurderinga.

3. KLAGE PÅ FAGKARAKTERAR

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova (FtO):

Kapittel 4 Vurdering i

Kapittel 5 Klage på vurdering

vidaregåande opplæring

§ 4-1 Rett til vurdering § 5-1 Kva det kan klagast på

§ 4-2 Verkeområde § 5-2 Kven som kan klage

§ 4-3 Definisjonar § 5-3 Avgjerd i klagesaka

§ 4-4 Undervegsvurdering og sluttvurdering § 5-4 Saksgangen ved klage

§ 4-5 Vurdering utan karakter i fag § 5-5 Klagefristar

§ 4-6 Vurdering med karakter § 5-6 Formkrav

§ 4-7 Grunnlaget for vurdering med karakter i fag § 5-7 Rett til grunngiving

§ 4-8 Karakterar i fag for elevar og privatistar § 5-12 Klagestandpunktkarakter.

Klageinstans og klagebehandling

§ 4-10 Varsling

§ 4-11 Fritak frå vurdering i norsk sidemål

§ 4-12 Fritak frå vurdering i kroppsøving

§ 4-13 Særlege reglar om vurdering for fag på høgaste nivå

§ 4-14 Vurdering av privatistar

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 3


§ 5-12 i Forskrift til opplæringslova er styrande for klagebehandlinga, og etter § 5-1 er det

klagerett på standpunktkarakteren. Elevar og lærlingar eller den/dei som desse gir skriftleg

fullmakt, kan klage på standpunktkarakterar. Føresette til umyndige elevar eller til umyndige

lærlingar, har sjølvstendig klagerett.

§ 5-12. Klagestandpunktkarakter. Klageinstans og klagebehandling

Ved klage på standpunktkarakter eller vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter kan

klageinstansen berre vurdere om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde. Med klagen

skal det følgje fråsegn frå faglæraren om korleis karakteren er fastsett, eller kvifor det ikkje er sett

karakter, og fråsegn frå rektor om saksbehandlinga ved skolen. Klagaren skal få kopi av fråsegna.

Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande

opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Dersom klagen blir funnen rettkomen, må klageinstansen presisere kva for reglar ein meiner er

brotne eller det kan reisast tvil om er brotne, og sende saka tilbake til skolen. Klageinstansen skal

informere klagaren om resultatet av klagebehandlinga. Rektor og faglæraren gjennomfører ny

vurdering. Rektor set endeleg karakter. Den nye avgjerda kan det ikkje klagast på. Finn klageinstansen

at klagaren ikkje kan få medhald, er avgjerda endeleg.

Medhald frå klageinstansen treng ikkje medføre at karakteren blir endra. Karakteren kan og

bli endra til gunst eller ugunst for eleven/lærlingen jf. FtO § 5-3.

Behandling av klage på karakter eller realkompetansevurdering kan føre til at karakteren eller

realkompetansevurderinga blir ståande, eller til at denne blir endra til gunst eller ugunst for klagaren.

Avgjerda skal grunngivast. Avgjerda er endeleg og kan ikkje klagast på.

Fastsetjing av standpunktkarakterar er i juridisk forstand eit enkeltvedtak, med dei

særreglane som følgjer av opplæringslova og forskrift til denne. Dette vil m.a. seie at rektor

kan gjere om vedtak til gunst for eleven utan at klaga blir sendt til klageinstansen. Den nye

karakteren vert då også enkeltvedtak, med ny klagefrist. Klagefristen på

standpunktkarakterar er 10 dagar jf. FtO § 5-5. Dersom klagen blir avvist på grunn av at

klagefristen ikkje vert halden, er dette vedtaket eit nytt enkeltvedtak med ny klagefrist.

Rektor har ansvar for å gjera klagaren kjend med reglane.

Om sluttvurderinga

Utdanningsdirektoratet har i ein artikkel på sin nettstad* presisert innhaldet i forskrifta når det

gjeld undervegs- og sluttvurdering. Om sluttvurdering står det:

”Sluttvurdering er standpunktvurdering, eksamensvurdering og vurdering til fag- og svenneprøver.

Sluttvurdering omfatter også vurdering til kompetanseprøve og realkompetansevurdering. Det kan

klages på sluttvurdering. Det kan også klages på vedtak om ikke å sette standpunktkarakter (§ 5-1)

Standpunktvurdering skal gi informasjon om den kompetansen eleven har oppnådd i faget ved

avslutningen av opplæringen (§§ 3-3, 4-4).

Standpunktkarakteren skal ikke være noe ”gjennomsnitt” av tidligere terminkarakterer eller

prøvekarakterer, men skal relateres til elevens kompetanse i faget på det tidspunktet

standpunktkarakteren fastsettes (§§ 3-7, 4-6, 4-7).

Standpunktkarakteren skal uttrykke elevens mestring i forhold til de samlede kompetansemålene i

faget. Dette betyr at det i de fleste fag ikke kan legges avgjørende vekt på en enkelt prøve. En prøve

som bare måler deler av elevens kompetanse i faget vil ikke være et tilstrekkelig grunnlag for å vurdere

elevens samlede kompetanse i faget. Standpunktvurderingen må ta utgangspunkt i et bredt

vurderingsgrunnlag. Gjennom underveisvurdering får lærer og elev kunnskap om elevens faglige

progresjon og det kompetansenivået som eleven har oppnådd ved avslutningen av opplæringen.” 1

1 http://www.udir.no/templates/udir/TM_Artikkel.aspx?id=3173

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 4


Avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Siv Hilde Lindstrøm, skriv under ingressen

”Meninger” på nettstaden Utdanning om gjeldande forskrift til opplæringslova. Her skriv ho

mellom anna:

"Utdanningsdirektoratet har fått tilbakemeldinger om at det kan være nyttig med utdypende

kommentarer på særlig tre områder: forholdet mellom underveisvurdering og sluttvurdering, fravær og

kravet til dokumentasjon.

Underveisvurdering og forholdet til standpunkt

For å understreke noen sentrale – men ikke nye – prinsipper, er begrepene underveisvurdering og

sluttvurdering innført. Underveisvurdering skal fremme læring og bidra til at eleven blir bedre i faget.

Gjennom underveisvurdering, både med og uten karakter, skal læreren veilede eleven i

læringsprosessen, jf. §§ 4-4 til 4-6. Sluttvurdering skal gi informasjon om nivået til eleven ved

avslutningen av opplæringen i faget. Underveisvurdering skal altså være rettet mot læringsprosessen,

mens sluttvurdering (standpunkt) skal være rettet mot læringsresultatet.

Det er ikke lenger en direkte kobling mellom terminkarakterer og standpunkt. Det står rett og slett at

standpunktkarakteren skal gi informasjon om den kompetansen eleven har oppnådd i faget” jf. § 4-6.

Den nye forskriften gir med andre ord større faglig handlingsrom til den læreren som setter standpunkt.

Dette innebærer at læreren i større grad kan legge vekt på elevens faglige utvikling og ikke er like

bundet av terminkarakterene som før. Elevene skal på samme måte som tidligere ha muligheten til å

utvikle sin kompetanse gjennom hele opplæringsløpet. Dette er i tråd med hvordan mange lærere også

tidligere har praktisert standpunktsettingen." (Utdanning 09.05.08 2 ).”

På sidene 14 og 15 er det gitt døme på kvalitetssystem og praktisk opplegg rundt vurdering

og fastsetjing av standpunktkarakter.

Krav til prosedyre

Skolen må kunne dokumentere at elev/føresette er gjort kjende med kompetansemåla i faget.

Skolen har plikt til å gjere elev og føresette kjende med klageretten og klagefristen. I

klagesaker må skolen dokumentere at eleven/føresette har fått denne informasjonen. Skolen

må ha rutinar for å sikre at alle føresette får denne informasjonen for eksempel ved å leggja

den ut på skolen si heimeside og vise til denne.

Informasjonen til elev og føresette må innehalde:

• kva for karakterar det kan klagast på

• generell informasjon om klagerett og klagefrist

• opplysning om at klage på standpunktkarakter bør grunngjevast

• opplysning om at klagar har rett til å be om grunngiving før eventuell klage vert sett fram.

Vi rår til at denne blir gitt skriftleg. Ei slik grunngiving vil gi klagaren utdjupande

informasjon og såleis betre bakgrunn for å avklare om det er grunnlag for å klage.

Dersom klagar ber om grunngjeving gjeld ny 10-dagarsfrist frå det tidspunktet han/ho har

motteke grunngjeving.

Fråsegn frå rektor om saksbehandlinga

Det skal nyttast eige skjema ved oversending av klage. Det skal fyllast ut eitt skjema for kvar

klage. I tillegg skal rektor gjere greie for saksbehandling og prosedyrar i eige skriv. Skrivet

2 http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____16957.aspx

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 5


skal innehalde:

• informasjon om klaga er sett fram innan fristen

• informasjon om når og korleis skolen har informert om klageretten

• tidspunkt for når skolen har sendt kopi av dokumenta i saka til klagar

• annan dokumentasjon frå skole/heim som kan ha innverknad på klagebehandlinga

Det er rektor sitt ansvar å sjå til at lærarane kan dokumentere grunnlaget for karaktersetjinga

i tråd med kapittel 4 i FtO.

Skolen må ha rutinar som sikrar at dokumentasjon frå faglærar om karakterfastsetjinga er

tilgjengeleg i SkoleArena sin vurderingsmodul.

Fråsegn frå faglærar

Ei fråsegn skal vere konkret og gi informasjon om korleis eleven er vurdert i høve til

kompetansemåla for faget. I tillegg må det gå fram korleis undervegsvurdering,

tilbakemelding og rettleiing er ivareteke.

Fråsegna må også innehalde:

• omtale av korleis eleven/heimen har fått informasjon om kompetansemåla i faget

• omtale av korleis eleven/heimen har fått informasjon om kjenneteikn på måloppnåing

i faget

• ei kort oppsummering frå siste samtale der det er gitt informasjon om korleis eleven

stod i forhold til kompetansemåla i faget

• informasjon om korleis det er lagt til rette for eleven si eigenvurdering i faget

• svar på det som eleven eller føresette peiker på i klaga

Ofte blir klaga grunngitt med tilhøve ved skolegangen og vurderingsgrunnlaget som eleven

har opplevd m.v. (“Læraren sa at viss eg berre skjerpa meg litt, skulle eg få heva karakteren

i faget”). Faglærar skal omtale slike utsegner. Føresetnadene til den einskilde eleven skal

ikkje trekkjast inn i fagvurderinga. Vurdering i orden og i åtferd skal ikkje inngå i

fagvurderinga.

Avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Siv Hilde Lindstrøm, skriv vidare i artikkelen på

nettstaden Utdanning:

"Fravær og vurdering

Det står i forskriften at fravær – samme hvilken grunn – kan føre til at grunnlaget for å sette termineller

standpunktkarakter mangler. Hvis læreren er usikker på om han/hun har tilstrekkelig grunnlag for

å vurdere elevens faglige utvikling og kompetanse, må læreren varsle eleven om dette så tidlig som

mulig, jf. forskriftene §§ 4-7 og 4-10 om varsling. Dersom man på et faglig grunnlag kan sette termineller

standpunktkarakter til tross for stort fravær, skal man gjøre det. Det er ikke fraværet i seg selv

som er avgjørende, men at fraværet gjør det umulig å vurdere elevens faglige nivå. Det er et viktig

skille mellom det å si at stort fravær (automatisk) vil føre til at man ikke får karakter, og det å informere

om at stort fravær kan gjøre det vanskelig å sette termin- og standpunktkarakter.

Hvis læreren har grunnlag for vurdering, er det elevens faglige nivå som skal vurderes.

Sluttvurderingen skal gi informasjon om elevens kompetanse i faget, og det er viktig at utenforliggende

momenter ikke trekkes inn. Orden, atferd, innsats og fremmøte skal ikke trekkes inn i vurderingen

(unntaket er dersom innsats er en del av kompetansemålene i læreplanen for faget). Vurdering skal

ikke brukes som et sanksjonsmiddel, jf. forskriften § 4-7." (Utdanning 09.05.08 3 )

3 http://www.utdanningsnytt.no/templates/udf20____16957.aspx

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 6


Varsling om fare for ikkje vurdering

Dersom det er tvil om ein elev på grunn av stort fråvær eller av andre særlege grunnar kan

få terminkarakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag, må eleven og dei føresette få

skriftleg varsel jf. FtO § 4-10. Ved ei eventuell klage må kopi av det skriftlege varselet

leggjast ved klagen.

Avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Siv Hilde Lindstrøm, skriv vidare i artikkelen på

nettstaden Utdanning:

"Kravet til dokumentasjon ved underveisvurdering

Et annet tema som direktoratet får mange henvendelser om er kravet til dokumentasjon i

vurderingsarbeidet. Forskriften krever at alle elever skal ha vurdering uten karakter og det skal kunne

dokumenteres at dette er gitt. Skolen eller skoleeier må selv vurdere hvor omfattende

dokumentasjonen skal være og hva den skal inneholde.

Karakterer underveis skal alltid suppleres med begrunnelse og veiledning. Det gis ingen føringer for

om begrunnelsene og veiledningene skal være skriftlige.

Dokumentasjonskrav i forhold til klage på standpunktkarakter

En standpunktkarakter er å betrakte som et enkeltvedtak etter forvaltningsloven – som elevene kan

påklage. Dokumentasjon er viktig ved en eventuell klage. Det kan bare klages på sluttvurdering (for

eksempel standpunktkarakter, eksamenskarakter og karakter til fag- og svenneprøve). Det kan også

klages på vedtak om ikke å sette standpunktkarakter, jf. forskriften § 5-1. I forhold til klage på

standpunktkarakter, kan det klages på om denne er fastsatt i tråd med gjeldende bestemmelser for

karakterfastsettelse.

Kravet til dokumentasjon i forhold til standpunktvurdering i fag er knyttet til elevens rett til å kreve en

begrunnelse for karakteren i forbindelse med en klage, jf. forskriften § 5-7. Dersom begrunnelsen for

karakteren avdekker at karakteren er satt på feil grunnlag (for eksempel at orden, atferd, innsats,

fravær el har vært en del av grunnlaget for karakteren), vil elevens klage kunne bli tatt til følge.

Formelt sett er det ikke i strid med forskriften å basere en standpunktkarakter på ikke-dokumenterte

erfaringer, men læreren må i forbindelse med en eventuell klage kunne beskrive hvilken kompetanse

han/hun mener at eleven har oppnådd ved slutten av opplæringen. Det vil for de fleste lærere være

praktisk å ha noe dokumentasjon som viser elevens utvikling i forhold til kompetansemålene i faget

dersom en begrunnelse for standpunktkarakteren blir etterspurt.

Oppsummering

1. Eleven har rett til både underveis- og sluttvurdering. Underveisvurdering skal fremme elevens læring

og skal gis både med og uten karakter. Det skal kunne dokumenteres at underveisvurdering er gitt.

Det er ikke noe krav til dokumentasjonens form, omfang eller innhold.

2. Standpunkt skal gi uttrykk for den kompetanse eleven har oppnådd i faget. Lærerens faglige

handlingsrom for å sette standpunkt har økt og det er ikke lenger noen direkte kobling til

terminkarakterene.

3. Fravær kan føre til at grunnlaget for vurdering mangler. I disse tilfeller skal eleven varsles om dette

i god tid.

4. Karakterfastsettelsen skal være basert på elevens faglige nivå. Fremmøte, innsats orden og atferd

skal ikke trekkes inn i vurderingen av fag.

5. Det kan klages på standpunktkarakterer dersom eleven mener at denne ikke er fastsatt i tråd med

gjeldende regelverk om karakterfastsetting. Ved en klage må læreren kunne dokumentere

fastsettingen av karakteren.

Sluttkommentar

Dersom klaga blir funnen rettkomen, blir klaga send tilbake til skolen. Rektor og faglærar

gjer ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Denne avgjerda kan det ikkje klagast på.

Orientering om endeleg karakter skal sendast klagaren med kopi til klageinstansen. Dette

kan gjerast ved å senda kopi av utfylt skjema - sjå klageskjemaet som er lagt ved (punkt 7).

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 7


4. FASTSETJING AV STANDPUNKTKARAKTERAR I ORDEN OG

I ÅTFERD

§ 4-9 i Forskrift til Opplæringslova gir reglar for fastsetjing av standpunktkarakterar i orden

og i åtferd:

I orden og i åtferd skal ein av desse karakterane nyttast:

a) God (G). Vanleg god orden og vanleg god åtferd

b) Nokså god (Ng). Klare avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd

c) Lite god (Lg). I ekstraordinære tilfelle ved store avvik frå vanleg orden og frå vanleg åtferd.

Ved fastsetjinga av karakter i orden tek ein omsyn til om eleven viser vanleg god arbeidsinnsats,

og til korleis eleven følgjer ordensreglane som er fastsette for kvar skole.

Ugyldig fråvær kan føre til nedsett karakter i orden.

Ved fastsetjinga av karakter i åtferd tek ein omsyn til korleis eleven ter seg på skoleområdet og

elles når skolen har ansvaret for tilsynet med elevane. Ein skal særleg leggje vekt på korleis eleven ter

seg mot andre elevar, lærarar og andre tilsette. Ein kan også ta omsyn til korleis elevane ter seg mot

kvarandre på skolevegen og til til korleis eleven følgjer ordensreglane som er fastsette for kvar skole.

Den vurderinga skolen gir i orden og i åtferd, skal haldast skild frå vurderinga av dei reint faglege

prestasjonane.

Ein skal ta omsyn til eleven sine føresetnader, og til vanleg ikkje leggje avgjerande vekt på

enkelthendingar. Hovudgrunnlaget for fastsetjing av standpunktkarakterar i orden og i åtferd skal vere

orden og åtferd hos eleven det siste halve skoleåret.

Rektor har ansvaret for at terminkarakterar og standpunktkarakterar i orden og i åtferd for ein elev

blir sette etter drøfting i møte der alle lærarane til eleven er til stades. Kriteria for karakterane i orden

og i åtferd skal gjerast kjende for eleven.

5. KLAGE PÅ KARAKTERAR I ORDEN OG I ÅTFERD

Sentrale paragrafar i Forskrift til opplæringslova:

Kapittel 4 Vurdering i

vidaregåande opplæring

Kapittel 5 Klage på vurdering

§ 4-1 Rett til vurdering § 5-1 Kva det kan klagast på

§ 4-2 Verkeområde § 5-2 Kven som kan klage

§ 4-3 Definisjonar § 5-3 Avgjerd i klagesaka

§ 4-4 Undervegsvurdering og sluttvurdering § 5-4 Saksgangen ved klage

§ 4-5a Dialog om anna utvikling § 5-5 Klagefristar

§ 4-6 Vurdering med karakter § 5-6 Formkrav

§ 4-9 Karakterar i orden og i åtferd for elevar § 5-7 Rett til grunngiving

§ 4-10 Varsling § 5-13 Klage på karakter i orden og i åtferd.

Klageinstans og klagebehandling

"§ 5-13. Klage på karakter i orden og i åtferd. Klageinstans og klagebehandling

Ved klage på karakter i orden og i åtferd skal kontaktlæraren til eleven og rektor gi fråsegn som

saman med klagen skal sendast til klageinstansen. Fråsegna skal gjere greie for kva for karakterar i

orden og i åtferd som har vore gjeve tidlegare, kva for tiltak skolen har sett i verk for å rette på

forholda, og ei fyldig grunngjeving for karakteren. Kopiar av ordensreglementet for skolen, utskrift av

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 8


protokollen som viser korleis skolen har handsama saka m.m., skal leggjast ved fråsegna. Ved klage i

grunnskolen skal det også gjerast greie for om heimen har vore varsla om at karakteren kunne bli sett

ned, og eventuell annan korrespondanse med dei føresette. Klagaren skal ha kopi av fråsegna.

Klageinstansen i grunnskolen er Fylkesmannen i kvart fylke. Klageinstansen i vidaregåande

opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Klageinstansen avgjer om klagen skal føre til at karakteren blir endra til gunst eller ugunst for

klagaren."

Fastsetjing av standpunktkarakterar er enkeltvedtak. Rektor kan gjere om vedtak til gunst for

eleven utan at klaga blir sendt til klageinstansen. Den nye karakteren er også enkeltvedtak

med ny klagefrist.

Nedsett karakter i orden og i åtferd

Dersom det er fare for at eleven kan få standpunktkarakteren Nokså god eller Lite god i

orden eller i åtferd, må eleven og dei føresette få skriftleg varsel jf. FtO § 4-10

Dette gjeld uavhengig av tidlegare terminkarakterar.

Det er viktig å innarbeide rutinar for å sikre god dokumentasjon på at varsel er sendt.

Viktige moment:

• Grunngjeven melding om fare for nedsett karakter skal sendast til føresette/elev

• Varselet skal vere dagsett og sendt til føresette/elev utan ugrunna opphald, slik at betre

orden eller åtferd kan påverke karakteren

• Kopi av det varselet skal leggjast ved klaga

Dersom skolen sender varselet med eleven og ikkje får dokumentasjon på at føresette har

motteke varselet, kan skolen nytta følgjande prosedyrar:

• Skolen sender varselet til /føresette rekommandert. Kopi av dokumentasjon på

rekommandert sending følgjer klaga til klageinstansen. .

• Kontaktlærar tek kontakt med heimen per telefon og informerer om varselet. Samtalen

blir notert og arkivert med dato, kven av dei føresette som vart kontakta og namn på

lærar. Kopi av denne dokumentasjonen følgjer klaga til klageinstansen.

Krav til prosedyre

Fylkeskommunen skal gi forskrifter om ordensreglement, jf. opplæringslova § 3-7.

Skolen har plikt til å gjere elev og føresette kjende med klageretten og klagefristen.

Skolen må ha rutinar for å sikre at elevar og føresette får informasjon om ordensreglement,

klagerett og klagefrist for eksempel ved å leggja den ut på skolen si heimeside og vise til

denne.

Informasjonen til elev og føresette bør vere skriftleg og må innehalde:

• kva karakterar det kan klagast på

• generell informasjon om klagerett og klagefrist

• opplysning om at klage på standpunktkarakter bør grunngjevast

• opplysning om at klagar har rett til å be om grunngiving før eventuell klage vert sett fram.

Vi rår til at grunngivinga blir gitt skriftleg.

Klagar får ny 10-dagarsfrist frå det tidspunktet han/ho har motteke grunngiving.

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 9


Erfaringar frå tidlegare år viser at ein del skolar vektlegg alle former for brot på

ordensreglement like alvorleg. Ein bør merke seg at FtO § 4-9 seier at

Ein skal ta omsyn til eleven sine føresetnader, og til vanleg ikkje leggje avgjerande vekt på

enkelthendingar. Hovudgrunnlaget for fastsetjing av standpunktkarakterar i orden og i åtferd skal vere

orden og åtferd hos eleven det siste halve skoleåret.

Rektor må difor i større grad gjere ei vurdering av kor alvorlege brota er ved fastsetjing av

standpunktkarakter. Skolen må synleggjere for elevane kva som blir teke med i grunnlaget

for ordenskarakteren og kva som blir lagt vekt på i grunnlaget for åtferdskarakteren.

Vurdering i faga skal ikkje inngå i vurderingsgrunnlaget for karakteren i orden og i åtferd.

I klagesaker som gjeld orden og åtferd er det særleg viktig at skolen kan dokumentere at

saksgang for fastsetjing av karakter er følgd.

I dokumentasjon frå skolen skal det leggjast ved følgjande:

• fråsegn frå rektor og kontaktlærar

• kopi av ordensreglement

• utskrift av møtebok/protokoll med kort grunngiving

• eventuell dokumentasjon på at eleven/føresette har fått varsel om at karakteren kunne bli

sett ned

• annan relevant korrespondanse

Fråsegn frå rektor og kontaktlærar

Det er rektor sitt ansvar å sjå til at skolen har klare rutinar for å dokumentere elevane sin

orden og åtferd.

Fylkeskommunen vil tilrå følgjande oppgåvefordeling mellom rektor og kontaktlærar:

Rektor

• gjer greie for saksbehandling og prosedyrar på skolen

• informerer om klagen er sett fram innan fristen

• informerer om når og korleis skolen har informert om klagerett

• informerer om tidspunkt for når skolen har sendt kopi av saksdokument til klagar

• informerer om tidlegare karakterar i orden/åtferd

• gir eit oversyn over tiltak som er sette i verk for å rette på forholda

Skolen må ha rutinar som sikrar at dokumentasjon om karakterfastsetjinga er tilgjengeleg.

Det skal nyttast eige skjema ved oversending av klage på standpunktkarakter i orden og i

åtferd. Dersom det blir klaga både på karakteren i orden og karakteren i åtferd, skal det

sendast inn to skjema.

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 10


Kontaktlærar

• gir utfyllande grunngiving for karakteren

- Det er viktig å svare på og kommentere det som eleven eller dei føresette peiker på i klaga.

Fråsegna skal vere konkret og gi informasjon om korleis eleven er vurdert i høve til

ordensreglementet. Det er ikkje tilstrekkjeleg å berre gi eit oversyn over eleven sine merknader

gjennom året utan å vurdere desse opp mot eleven sine føresetnader

• legg ved kopi av varsel om nedsett karakter

• gjer greie for korleis det er lagt til rette for god tilbakemelding, rettleiing og eleven si

eigenvurdering

• legg ved anna dokumentasjon frå skole/heim som kan ha innverknad på

klagebehandlinga

6. TIDSFAKTOREN I KLAGEBEHANDLINGA

Forskrifta set ein siste frist for fastsetjing av standpunktkarakterar jf. FtO § 4-6.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før

fellessensurmøtet. Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen

før kunngjeringa om lokalt trekkfag. Endeleg karakter i orden og i åtferd skal fastsetjast etter at

undervisninga og annan skoleaktivitet er avslutta.

Det er opp til den enkelte skolen å eventuelt å setje ein tidlegare frist for fastsetjing av

fagkarakterar for å kunne ivareta eleven sin klagerett og karakterjustering for inntak til

høgare nivå i vidaregåande opplæring eller høgare utdanningsinstitusjon.

Klagefristen for standpunktkarakterar er 10 dagar frå offentleggjering. Karakterane er

offentleggjorde når dei er synleggjorte for elevane i SkoleArena. Dato vert fastsett av skolen.

Eleven/lærlingen har sjølv ansvar for å informera føresette om karakterane. Føresette til

umyndige elevar/lærlingar har rett til å få informasjon om karakterane ved å venda seg til

skolen. Skolen har ansvar for å informera føresette og elevar/lærlingar om denne ordninga.

Dersom ein elev er trekt ut til eksamen, men ikkje har fått vurdering i dette faget (IV), skal

eleven, dersom ho/han har klaga på dette, gjennomføre eksamen som normalt. Dersom

klagen ikkje vert tatt til følgje, vert eksamenskarakteren annullert.

Standpunktkarakter i orden og i åtferd skal fastsetjast etter at undervisninga og annan

skoleaktivitet er avslutta. Det er her viktig å merka seg at finn klageinstansen klagen

rettkomen, er det klageinstansen som set den nye karakteren. Denne kan det ikkje klagast

på.

Klagestandpunktkarakter må behandlast så raskt som råd. Skolane bør derfor sende inn

klagesakene fortløpande og ikkje vente til alle klagesakene kan sendast samla.

Rektor må sikre god framdrift i klagebehandlinga. Lærarane må kunne kontaktast i det

tidsrommet der det vil kunne vere behov for å grunngi og/eller gi fråsegn om

karakterfastsetjinga.

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 11


7. Klageskjema

Klageskjemaet finn du på neste side.

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 12


8. Eit kvalitetssystem

A: Døme på eit kvalitetssystem rundt elevvurdering

Aktivitet

Tema Kontrollområde

Opplæringsloven

Forskrifter Ansvar

Kontr.

dato

Merknad

1 Skolen orienterer elevane om Vurdering Elevvurdering mv. Oppl § 3-4 FtO kap. 4 Rektor 10.9.07 OK

Kunnskapsløftet si ordning med

skolebasert

undervegsvurdering og sluttvurdering i

Oppl § 14-1

rektor

faga

2 Skolen orienterer elevane om ordninga Vurdering mv. Oppl § 13-10 FtO kap. 5 Rektor 10.09.07 OK

med klagerett på sluttvurderinga

kvalitetsutv. Oppl § 14-1

rektor

3 Faglærar gir oversikt over

Elevvurdering Oppl § 3-4 FtO kap. 4 Faglærar 10.09.07 Ikkje OK. Elevane er

kompetansemåla i sitt fag og kjem

rektor ikkje gjort kjende

med forslag på kjennteikn på

måloppnåing. Fokuset i

Kunnskapsløftet er på korleis eleven

med kjenneteikn på

måloppnåing.

Faglærar vert kalla

nyttar kunnskapane sine i møte med ei

inn til samtale.

kompleks utfordring eller oppgåve.

4 Faglærar diskuterer kjennteikna på

måloppnåing med elevane for å koma

fram til kva han/ho skal leggje vekt

på når han/ho skal setje den einskilde

karakteren.

5 Faglærar legg fram sitt framlegg til

opplegg for undervegsvurdering

felevane. Terminkarakterane, rettleiing

til desse og elevsamtalane er sentrale

element i undervegsvurderinga.

Elevane medverkar med sine

synspunkt. Undervegsvurderinga skal

fremje læring og danne grunnlag for

tilpassa opplæring.

6 Det skal leggjast til rette for at elevane

skal gjere god eigenvurdering. Her

spør faglærar korleis eleven sjølv

vurderer sitt eige arbeid. Denne

eigenvurderinga skal ta utgangspunkt i

dei kjenneteikna på måloppnåing som

elevane og faglærar har blitt einige

om. Eigenvurderinga kan og innehalda

karakterar.

7 Faglærar orienterer elevane om at dei

sjølve har ansvar for å ta kontakt om

dei skulle ha behov for meir

informasjon/rettleiing. Aktuelle

problemstillinger kan vere korleis ein

ligg an karaktermessig i faget og /eller

kva som skal til for eventuelt å forbetre

seg eller for å halde på den karakteren

ein ligg an til i augneblinken.

Elevvurdering Oppl § 3-4 FtO kap. 4 Faglærar/

elevane

Elevvurdering Oppl § 3-4 FtO kap. 4 Faglærar/

elevane

Elevvurdering Oppl § 3-4 FtO kap. 4 Faglærar/

elevane

Elevvurdering Oppl § 3-4 FtO kap. 4 Faglærar/

elevane

8 Faglærar kan rettleie alle elevane i

Elevvurdering Oppl § 3-4 FtO kap. 4 Faglærar

samla klasse eller enkeltvis. Rettleiing

er viktig i Kunnskapsløftet - den peikar

9

på vegen vidare - kva ein kan gjere for

å bli betre

Faglærar legg karakterar inn I

Elevvurdering Oppl § 3-4 FtO kap. 4 Faglærar

vurderingsmodulen i Skolearena. Her

kan også eigne notat og evt.

kommentarar leggjast inn.

Dette for dokumentasjon I tilfelle eleven

skulle klage på sluttkarakteren I faget.

Notatane blir med dette gjort tilgjengeleg

for eleven.

10 Faglærar sett sluttkarakter. Elevvurdering Oppl § 3-4 FtO kap. 4 Faglærar

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 14


B: Døme på eit praktisk opplegg rundt vurdering

1. Les formålet med faget og tolk i lys av formålsparagrafen i opplæringslova (§ 1-2) og din

eigen fagkompetanse

2. Les kompetansemåla og lag eit forslag til beskriving av kjenneteikn på måloppnåing på 3

nivå, 2, 3-4 og 5-6. Slå gjerne saman mål. Gi dei ulike kompetansemåla/grupper av

kompetansemål vekt ut frå di faglige forståing av måla og ut frå di tolking av formålet

med faget. Sjå under FAGGRUPPENE på it’s learning for eksempel på kjenneteikn på

måloppnåing.

3. Ta med forslaget i klassen og drøft det med elevane. Foreta evt. justeringar og avtal

"endelege" kjenneteikn på måloppnåing med klassen. Bruk kjenneteikna når du gir

karakterar på prøvar, arbeid mv. Det kan vere lurt å drøfte kjenneteikna fleire gonger i

løpet av skoleåret og evt. justere teksten, ambisjonsnivået mv.

4. Avtal korleis vurdering vil skje i ditt fag med klassen. I tilfelle det i ditt fag er vanskeleg å

teste alle kompetansemåla i slutten av terminen eller året, må du avtale når på året dei

ulike måla blir vurderte. NB! For at ein slik praksis ikkje skal stride mot §§ 4-6 og 4-7

forskrifta, MÅ du fortelja elevane at dei ved slutten av opplæringa har muligheit til å vise

kompetansen sin i dei måla som har blitt testa/vurderte i løpet av året dersom dei meiner

at dei har ein høgare kompetanse enn på tidspunktet for testinga.

Samtidig må elevane få klar beskjed om at dersom dei ved slutten av opplæringa viser

ein lågare kompetanse enn på det tidspunktet dei blei testa/vurdert, så vil det medføre

ein lågare karakter i desse kompetansemåla. Det vil dermed alltid vere ein viss risiko ved

å be om ei vurdering på slutten i mål som etter avtale har blitt vurdert tidlegare.

5. Presiser for klassen at fråvære frå ein avtalt vurderingssituasjon (prøve, test,

presentasjon, samtale mv.) utan gyldig grunn (jf. ordensreglementet), vil kunne medføre

at ein ikkje vil kunne oppnå, for eksempel karakteren 6 i faget, fordi ein då vil stå att med

vurdering i f.eks. 30 av 40 kompetansemål.

Det er vidare viktig å presisere at manglande deltaking utan grunn på ein prøve er eit

brot på ordensreglane og på opplæringslovens § 3-4, 2. ledd, og vil dermed kunne føre til

nedsett ordenskarakter.

6. Bruk ordens- og evt. åtferdskarakterane meir aktivt. Ordensreglementet er til for å bli

følgd. Følg opp i SkoleArena. Les reglane i § 4-9 i forskrifta, slik at du er trygg på du ikkje

går ut over desse

Rettleiing for klage på standpunktkarakterar Side 15

More magazines by this user
Similar magazines