08.11.2014 Views

Utgave nr 2 - Den norske Rhododendronforening

Utgave nr 2 - Den norske Rhododendronforening

Utgave nr 2 - Den norske Rhododendronforening

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

som ein kan sjå på langt hald frå vegen, der den ligg i

dei grøne bakkane i Fjellgardane på Stord. Ho har

nytta plassen godt, for her var det plantar på kvar ein

kvadratmeter. Det vart fort klårt at her budde det ein

rhodoman som hadde mange av dei særmerkte spesialitetane

som berre dei mest ihuga har skaffa seg, til

dømes ein flott oransjeblømande variant av Rh. cinnabarinum

(fig.3). Men her var òg mykje eg ikkje kjende

att med ein gong. Dette er av di Kari er blant dei uvanlege

rhodomanane, som ikkje berre får tak i villfrø av

sjeldne artar, men som beint ut tykkjer det er spanande

å skaffa hybridfrø, for det kjem opp så mykje

rart som ho trivst med å få fram. Mykje av det er ikkje

så spesielt at ho tek vare på det, og ein god del avvik

ikkje så mykje frå andre kjende sortar at det treng særleg

omtale. Men det synte seg at der var to av desse som

utmerka seg, må takast vare på og namnsetjast, av di

dei er særmerkte og lovande plantar for våre tilhøve.

Fig.3: Kari sine flotte eksemplar av den vakre, sarte Rh. cinnabarinum.

Den fyrste fekk ho frå American Rhododendron

Society og den var laga av ein no avliden planteskulemann,

M. Chernut. Det er krysningen av dei amerikanske

sortane ’September Song’ og ’Berg’s Yellow’. Den

fyrstnemnde er ein framifrå, ganske tett plante med

dei vakraste oransje, klokkeforma blomane ein kan

tenkja seg. Vi har skaffa han til Milde fleire gonger,

men han er ikkje hardfør nok, avdi der er så mykje Rh.

griersonianum i han, og då trengst det meir varme enn

vi kan gje han. ’Berg’s Yellow’ veit vi mindre om, men

det er ein Rh. campylocarpum-hybrid som, om ein kan

tru Salley & Greer (1993), skal tola heilt ned i minus 18

grader, så her har kryssaren vore på jakt etter meir

hardførheit, og det har han fått! Dessutan har blomane

ein uvanleg farge, mest som gull tykte eg der vi

stod, og då fell namnet ’Stordagull’ (fig.4) naturleg.

Men kan ein rhododendron ha eit så norsk namn? Eg

veit ikkje om nokon annan enn ’Milderubin’

(Jørgensen 2009). Det er ikkje noko til hinder for det,

seier registraren i RHS, men ein risikerer at det blir

omsett til engelsk om den t.d. skulle verta populær i

Amerika. Det er ein sjanse verd å ta, tykkjer eg.

Til slutt, på vegen opp til huset igjen, kom overraskinga,

endå ein sort med doble blomar, og denne

gongen kvite, men det var ingen yak-hybrid. Frøa kom

frå Svenska hododendronsällskapet i 1996, og vi veit

ikkje kven det var som kryssa. Foreldra er Rh. decorum

x nikkomontanum.

Fig.4: Den lysande ’Stordagull’, ein heilt ny hybrid.

- Lapprosen 2-2012- 5

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!