s. 2 & 3 - Mediamannen

mediamannen.no

s. 2 & 3 - Mediamannen

Nr. 2 - mars 2009 - 64.årgang

TEMA: KLIMA

s. 2 & 3

Klima på grasrota

Os sokneråd vil på bana i klimaspørsmålet

og inviterer med seg resten

av bygda. 29. mars vert det folkemøte

om klima i Fjellheim. s. 03

Tur til Estland

Glad i song og musikk?

Bli med til Estland i juli.

s. 05

Konfirmantene er klare!

Liste over årets konfirmanter med

datoar på midtsidene.

s. 08


LEIAR

Kyrkjebladet for Os kjem ut

8 gonger i året, og vert sendt til

alle heimar i Os. Det er også

mogleg å tinga bladet for

dei som bur utanbygds.

Redaksjon:

Geir Sakseid og

Anne Marie Aarøen Vangsnes

Adresse:

Os Kyrkjeblad, Boks 209, 5202 Os

Bladkontingent:

200,- pr.år/250,- for utanbygds.

Bankgiro nr. 5270.05.26356

Boks 209, 5202 Os.

E.post: amv@os.kyrkja.no

Utgjevar: Os sokneråd

Layout og produksjon av bladet:

MacBox AS - v/Birgit C. Tarlebø

www.macbox.no

Trykk: Grafisk Team

Opplag: 7100 stk

www.os.kyrkja.no

GUD

Eg er vinden som pustar på sjøen

Eg er bølgja på havet

Eg er kviskringa i lauvet som raslar

Eg er sola sitt lys

Eg er månen og stjernene sine strålar

Eg er krafta i treet som veks

Eg er knoppen som slår ut i blom

Eg er rørslene i laksen som sym

Eg er motet i villsvinet som slåst

Eg er snøggleiken i hjorten som spring

Eg er styrken i oksen som dreg plogen

Eg er storleiken i den mektige eika

og eg er tankane hos alle menneske som

lovprisar venleiken og storleiken min

S.O.S. frå sør

To planetar møttest jamleg ute i

verdsrommet og hadde ein hyggeleg

passiar. Ein gong såg den eine planeten

riktig klein og febersjuk ut. “Kva er det

med deg?” spurte den andre, “Du ser jo

riktig elendig ut i dag.” «Å», svara den

første, “eg har fått Homo Sapiens!” “Så,

så”, trøysta den andre, “det hadde eg

også ein gong, men det gjekk heldigvis

fort over....”

I den aktuelle klima-debatten er det

viktig å ha klart for seg: Det er ikkje

planeten Jorda si framtid det dreiar

seg om – men mennesket si framtid.

Jorda overlever og klarer seg godt utan

mennesket, men mennesket overlever

ikkje utan jorda – ei friskmeldt jord.

«SOS FRÅ SØR» er namnet på

fasteaksjonen i år. Stadig fleire rapportar

slår fast korleis menneske bukkar

under og døyr p.g.a. konsekvensane

frå klimaendringane – no. “Eg trudde

i alle år at dette med klimaendringane

var noko tull, men desse brannane

har fått meg til å innrømma at eg har

fornekta sanninga....Det verste er no at

eg begynner å innsjå at det vi til no har

opplevd berre er forsmaken. Det har vore

varmt her no – 46 gradar i skuggen. Det

er sjukt.” Dette var orda til John Bird, ein

av dei mange som nyleg mista gard og

grunn i Victoria, Australia.

Ein rabbinar sa ein gong til elevane sine:

“Kvar gong du står overfor eit menneske

i naud, skal du seia til deg sjølv: Det

finst ingen Gud. Eg er den einaste som

kan hjelpa dette mennesket!” Poenget

er sjølvsagt. Ei gudstru som fører til at

ein fråskriv seg ansvaret for at verda går

ad undas, er i røynda både ugudeleg

og gudsfornektande. Ho er ei form for

praktisk ateisme. “Eg trur på Gud Fader,

som skapte himmel og jord”, seier vi.

Sterke impulsar frå m.a. gresk filosofi dei

første hundreåra e. Kr. , har diverre vore

med på å «åndeleggjera» den kristne

tenkinga, og ført til sterk nedvurdering

av alt det fysisk skapte – vår eigen kropp

inkludert. Truleg er dette årsaka til at

også dei kristne kyrkjene kom seint på

banen for å protestera mot øydelegginga

av skaparverket.

SOS FRÅ SØR utfordrar oss. Og vi

treng kanskje hjelp. Hjelp til å tenkja

nytt og annleis. Her kan t.d. den

keltiske kristendomstradisjonen, som

heile tida har teke vare på den kristne

heilskapstanken, gje oss nye impulsar –

slik den t.d. kjem fram i dette eldgamle

hyllingsdiktet:

Knut-Inge Johnsen

ungdomsarbeidar.


OS Kyrkjeblad Nr.2-09 3

aktuelt

Klima på grasrota

- Å endre livsstil handlar ikkje berre om å ofre noko, det handlar også om å gjenoppdage gleda

ved dei enkle tinga i livet, seier soknerådsmedlem Liv Strømsvåg i forkant av folkemøtet

om klima i Fjellheim 29. mars.

Tekst og foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes

– Det hastar, held Strømsvåg fram.

– Klimatrusselen tvingar oss til å handle

både på det private og politiske plan for å

minske utsleppa i atmosfæren.

Men både ho og resten av komiteen som

planlegg folkemøtet er tydelege på at dei

ikkje vil vere ein sutreklubb som gjev folk

dårleg samvit og skaper motløyse.

– Folkemøtet blir løysingsorienterte og

gjestane våre vil yte konkrete og praktiske

råd om kva den einskilde kan gjere, seier

Kjetil Fossåskaret som representerer WT Os

Internasjonale Filmfestival. For sjølv om det

er Os sokneråd som har teke initiativet og

står som hovudarrangør, så er filmfestivalen

og Kirkens Nødhjelp også med på laget.

– Men kvifor skulle ein filmfestival bry seg

med miljøet?

– Kvifor ikkje? parerer Fossåskaret og fortel

om eit engasjement som vakna til live lenge

før komitedeltaking og folkemøte.

– For om lag tre år sidan vart vi merksame

på at enorme mengder avfall ved avslutta

festival. Og det byrja å gje ein ekkel bismak

i munnen at vi brukte elektrisitet

med vi orka, trass i at denne

var inkludert i husleiga.

Filmfestivalen sette etter dette opp eit eige

miljøcharter, og karane bak prøver etter

beste evne å eksportere desse ideane

til privatlivet elles.

– Vi kjem etter, litt etter litt, fortel han.

– Målet med folkemøtet er å spreie

kunnskap og fostre eit felles engasjement.

Seie: «Kom an, saman kan vi klare det»

heiar Linda Rykkel frå diakoniutvalet i Os

kyrkjelyd. For å hjelpe til med dette blir det

stands ved ulike organisasjonar og bedrifter,

opning ved duoen Fliflet/Hamre og innlegg

om lokale klimatiltak ved Terje Søviknes.

Ikkje minst blir det møte med eit samansett

panel utpå kvelden.

– Vi ynskjer å skape eit grasrotengasjement.

Sjølv vil eg gjerne utfordre mine sambygdingar

til å få auge på at vi er ein del

av kvarandre sitt liv. At det finst «eit større

vi». Dette folkemøtet og denne samtalen er

reine livshjelpa for oss i så måte, seier ein

engasjert Ivar August Bye, lokal representant

for Kirkens Nødhjelp.

– Kyrkja har i den seinare tid vorte kritisert

for å vere for politisk i sitt klimaengasjement.

Burde ikkje kyrkja vere meir oppteken

av menneske?

– Med bakgrunn i forvaltaransvaret har

vi alle, og kanskje særleg kyrkja plikt til å

handle rett i forhold til skaparverket.

Klimakrisa bør vere ein vekkjar og samstundes

eit høve til å tenkje seg om, seier

Randi Grønås, også ho frå diakoniutvalet.

– Den etiske fordringa i Bibelen handlar

om å ta vare på kvarandre og alt det skapte.

Og til sjuande og sist er det neppe mogleg

å bry seg om sin neste utan å støyte på

politiske spørsmål? spør Liv Strømsvåg.

– Kyrkja har alltid vore politisk den, men

ho skal ikkje vere partipolitisk, meiner Ivar

August Bye.

Folkemøtet om klima i Os er forresten ein

tvers gjennom lokalt forankra ide, sjølv om

det er mykje miljøengasjement i kyrkja vår.

– Dersom vi med dette kan inspirere andre

rundt om i landet, så hadde det vore ekstra

kjekt, smiler Bye nøgd.

Sjå programmet

på side 12.

F.v: Liv Gullaksen Strømsvåg,

Ivar August Bye og Linda

Rykkel i komiteen for

folkemøtet om klima i Os.

Randi Gønås og Kjetil

Fossåsskaret var ikkje til

stades på bildet. Den lokale

effekten av klimakrisa vil

truleg vere at Bjørnefjorden

stig. Førebels står komiteen

tørrskodde på land.


4

OS Kyrkjeblad Nr.2-09

Ung

Tekst: Anne Marie Aarøen Vangsnes

Foto: Anne Marie Aarøen Vangsnes og Knut-

Inge Johnsen

Ellevill frivilligfest

Korleis ser det ut når barne- og ungdomsarbeidet i Os kyrkjelyd feirar

medarbeidarane sine med ein heidundrande frivilligfest?

Det vert nemleg sagt at dei villaste juleborda finn stad når utestadane sine tilsette

stengjer døra for kundane og endeleg kan gje blaffen i både service og høvisk

framferd. Nett slik var det ikkje denne laurdagskvelden i Kyrkjetunet, men nokre

hemningar brast i alle fall idet menn utan rytmesans og damer med to venstrebein

kasta seg ut i linedansen under entusiastisk leiing av swing-klubbens Isabella

Johannessen. For moro er det lell, og jammen sit ikkje trippelstega som eit skot etter

nokon og tretti forsøk.

AMAaV

LINEDANCE (øverst t.v.):

Er det ikkje flott å sjå seg sjølv att? Instruktør

Isabella Johansen i forgrunnen til høgre.

PRISER BLE DELT UT

Desse tre mottok dei nyinnstifta prisane:

Simon Bjørnevik (t.v.) som «årets eldsjel»,

Kari Sørås Bjørnevik (t.h.) «årets heiderspris»

og Bjørn Bakke «årets nykomar».

Sistnemnde var ikkje til stades på festen,

men brukte uttrykket "månebedotten" for å

skildre sin eigen reaksjon på tildelinga.

Og trofeet skal sjølvsagt få heidersplassen

ved sida av Brann-posteren over senga.

Har du lyst og tid til å engasjere deg for born og unge i Os kyrkjelyd?

Det er plass til deg og dine evner anten du vil vere i kulissane eller i felten. Ta kontakt med kyrkjelydspedagog

Arne Stautland: as@os.kyrkja.no / 95 70 46 07, ungdomsarbeidar Knut-Inge Johnsen: kij@os.kyrkja.no / 91 52 86 00

eller barnesekretær Kari Torsvik: kt@os.kyrkja.no / 98 07 15 49.


Nytt frå verda

OS Kyrkjeblad Nr.2-09 5

Inspirerande

møter med

Håkon Fagervik

11. – 15. februar arrangerte

«Saman i bøn» for Os møteaksjon

med evangelist Håkon Fagervik.

130 plakatar vart satt opp og om

lag 5000 pamflettar vart sendt

ut til folket i Os.

Foto: www.shaan.typepad.com

Dei fyrste kveldane talte evangelist Håkon

Fagervik om å tyrste og lengte meir etter

å kome nærmare Jesus. Håkon, som har

ei sterk Jesus-fokusering i si forkynning,

talte rett inn i tilhøyrarane sine hjarta. Det

handla om krafta i bøn og om krafta vi

kristne har fått helbreding og lækjedom.

Under møta fikk menneske med ulike

bønebehov kome til forbøn. Fleire av

dei som kom vart møtt av Gud og hans

enorme kjærleik.

Bli med til «den

syngjande nasjonen»

Er du glad i kor og musikk? I juli har du høve til å oppleve

svimlande 36 000 songarar i unison klang på korfestival i Tallinn.

Siste kvelden fekk vi høyre om fiskaren

Johnny fra Sommarøy som sleit med

dårleg fangst. Han kontakta difor Håkon

for å be han kome og salve båten hans.

Og Håkon, som er ein mann av tru, salva

ror, ekkolodd, maskinrom og bad om at

Gud måtte velsigne båten. Han bad om

at dei skulle få god fangst og ikkje ha

ulukker om bord. Etter dette begynte eit

eventyrleg fiske for Johnny. Han fekk alltid

mykje fisk når han drog ut på fiskefeltet.

Historia om Johnny og båten hans kom i

avisa Nordlys.

Håkon viste oss ein veg å gå med dei gode

nyheitene om ein levende frelsar som

bryr seg om menneska i Os. Jesus lever,

han er ein realitet i bygda vår i dag. Han

forvandlar og fornyar liv. Han høyrer bøn.

Skal vi ta utfordringa fra Håkon og gå ut

i bygda og be for kommunen som vi bur

i? Be for administrasjon, lensmannskontor,

næringsliv og bedrifter?

Lat oss saman bruke dei muligheiter som

Herren legg i vår veg.

No i etterkant av aksjonen vil aksjonsgruppa

«Saman i bøn for Os» invitere til

Alphakurs. Oppstart vil være i veke 11. Sjå

annonsering i «Os og Fusaposten»

Arne Bjørndal

Tekst: Anne Marie Aarøen Vangsnes

– Vi reiser med buss. Noko som er svært

hyggjeleg og ikkje minst sosialt. Og så er

det to veldig flotte båtar som skal frakte

oss fram og attende over Østersjøen, lokkar

Leif Fjellvang. Os Reisebyrå sin «grand old

man» skal sjølv vere med som reiseleiar

på det som vert hans siste tur i embets

medfør. Det passar godt for 68-åringen

å avslutte karrieren med tur til nettopp

Estland.

– Møtet med dette landet har opna augo

mine for kva kunst og kultur kan bety for

eit folk og ein nasjon. Kommunismens

fall vert referert til som «den syngjande

revolusjonen». Korsongen har bokstaveleg

tala hjelpt estarane til å overleve som

nasjon.

Os reisebyrå kallar turen ei festreise og

annonserer særskilt inn i mot Os kyrkjelyd.

Sidan tidleg 90-tal har det herifrå vore

nære band til Tallinn både i høve tensingog

misjonsprosjekt.

Kvart femte år

Den store korfestivalen som osingane no får

høve til å vitje, har ei historie heilt attende

til 1869. Med andre ord er det i år 140 år

sidan startskotet. Men så omfattande og

spektakulær er festivalen at han vert berre

arrangert kvart femte år. Høgdepunktet er

avslutningskonserten med heile 36 000

songarar på scena samstundes.

– Det er enormt. No når eg sit her og

gjenopplever det heile, kan eg kjenne

frysningar overalt, fortel Fjellvang

smilande. Han har rigga til skrytevideoen

med opptak frå festiviteten i 2004. Og sjølv

om videoen neppe kan yte stemmebruset

rettferd, så er samklangen og presisjonen

likevel imponerande.

– Hundrevis av estiske kor deltek og

framfører nasjonale verk, fortel Fjellvang

engasjert. Men journalisten kjenner då i

det minste att Elgars «Land of hope and

glory».

Kor einaste lovlege fellesskap

Visuelt spektakulært er det også at

korsongarane stiller i nasjonaldrakter. I det

heile er festivalen for ei nasjonsfeiring å

rekne. Og når du veit at kor var den einaste

lovlege forma for fellesskap under heile

kommunistregimet, også for dei kristne,

er det slett ikkje rart at Estland i dag har

eit så vitalt og populært «korliv». Så heiter

det også at Estland og songfest er som

Noreg og ski - uløyseleg knytt saman. Sjå

annonse på side 12.


6

OS Kyrkjeblad Nr.2-09

Nytt frå verda

KYRKJEVAL 2009

Måndag 14. september skal det vere val i Noreg. Stortingsvalet vert

nok vinnaren når det gjeld merksemd, både i media og som ”snakkis”.

Men ikkje mindre viktig er kyrkjevalet som skal gjennomførast

same dag. Det skal vere val både til soknerådet (det lokale kyrkjestyret)

og det som er nytt frå i år; direkte val til Bispedømerådet og

Kyrkjemøtet.

Kyrkjevalet -

det mest demokratiske valet ?

Val til sokneråd har vore kritisert for låg

valdeltaking - og deltakinga har vore låg

også her i Os. Men ved dette valet får

alle kyrkjemedlemer (over 15 år) tilsendt

valkort som syner når og kor dei kan

røyste ved valet. Dette er ganske likt det

vi kjenner til ved andre offentlege val,

men her går røysteretten like ned til 15 år,

dvs. at den som skal røyste må fylle 15 år

innan utgangen av 2009. Intensjonen frå

Stortinget er òg at valet skal skje parallelt

med dei vallokala som vert nytta ved

stortingsvalet.

Kyrkjevalet består av to val. Fyrst, val av

tre medlemer til Bispedømerådet. Dette

er nytt. Tidlegare var det sokneråda som

saman valde heile bispedømerådet. Dette

kallar vi indirekte val. Denne gongen

skal vi velje tre medlemer direkte, medan

fire skal veljast som før av sokneråda

i bispedømet. Valet skjer ved såkalla

preferanseval. Veljarane skal merke av

kven som bør vere 1. val, 2. val og så

vidare. Meir informasjon om dette kjem i

seinare kyrkjeblad.

Soknerådsvalet.

Os sokneråd har 10 medlemmer pluss

varafolk. I tillegg utnemner Biskopen

ein geistleg (normalt soknepresten)

som medlem. Når soknerådet fungerer

som Kyrkjeleg fellesråd, dvs. handsamar

det som har med forvalting av kyrkjer,

kyrkjegardar, personalspørsmål og budsjett

å gjere, tiltrer eit medlem utnemnd av Os

kommune. Her i Os er vi i ein prøvingsfase

der halve soknerådet står på val kvart andre

år. Fem medlemer vart valde i 2007 og har

funksjonstid ut 2011. Merk at Kyrkjemøtet

i 2010 kan kome til å vedta at alle sokn

skal ha felles 4-årsbolker frå 2011, dvs.

at funksjonstida då kan bli berre til 2011.

No skal det veljast fem nye medlemer for

perioden 2009 - 2013 og fem varafolk for

perioden 2009-2011.

Vallister

Det er dei politiske partia som gjennom

sine nominasjonsmøte set opp vallister

for sine parti og som gjev oss veljarar

høve til å velje. Ved desse vala har vi i

liten grad påverknad og har ikkje høve til

å endre vallista særleg. Ved soknerådet

er det eit sterkare personval. Vi har høve

til å kumulere, dvs. gje ekstra røyst til ein

eller fleire personar, vi kan stryke namn,

og vi kan føre til nye namn. Soknerådet

har sett ned ei nominasjonsnemnd som

for tida arbeider med å finne kandidatar til

soknerådet.

Andre kan òg ta initiativ til å fremje ei

liste. Kravet for å stille ei liste er at det

er 10 personar som står som forslagsstillar

til lista. Framlegg til liste må sendast Os

sokneråd seinast 1. mai 2009. Du kan sjå

meir om reglane på www.kyrkjevalet.no

eller kontakte kyrkjeverja.

Kven kan stemme ved valet?

Det er dei som er oppført i det kyrkjelege

manntalet som har røysterett. Alle som

fyller 15 år innan 31. desember 2009, eller

som er eldre enn det, og som er medlem i

Den norske kyrkja, kan røysta ved valet.

Gerhard Hansen

kyrkjeverje

Kva oppgåver har soknerådet?

Soknerådet sine oppgåver er lista opp i

kyrkjelova (§ 9). Først og fremst gjeld

det å leggje til rette for og stimulere

til eit breitt og variert kyrkjelydsarbeid.

Det gjeld barne- og ungdomsarbeid,

forkynning, trusopplæring, undervisning

elles, diakoni og kyrkjemusikk.

Soknerådet avgjer òg om det skal takast

opp offer og til kven, gjev fråsegn ved

prestetilsettingar og andre fråsegner om

liturgi og gudstenester.

Kva oppgåver har Kyrkjeleg

fellesråd ?

(Kyrkjeleg fellesråd i Os er sokneråd +

kommunal representant). Arbeidsgjevar

ansvar for kyrkjeleg tilsette (prestane er

tilsette hjå Bispedømerådet.

Økonomi; budsjett og rekneskapsansvar

for soknerådet (kyrkjer, kyrkje garder

kyrkje administrasjon og kyrkje lydsarbeid).

Eigedomsforvaltar: byggje, drifte og

vedlikehalde kyrkjer, kyrkjegardar og

andre bygningar.

Kyrkjegardsdrift: Det er fellesrådet

som har ansvar for gravferdsforvaltinga

for alle innbyggjarane i Os; uavhengig

av trus- og kyrkjeleg tilknyting for den

einskilde.


Kyrkjegarden

OS Kyrkjeblad Nr.2-09 7

Kyrkjegardane i Os

“Kyrkjegardane i Os er så velstelte. Korleis får de dette til?”. Slike spørsmål og utsegner får eg

som kyrkjeverje fleire gonger kvart år. Oftast frå vanlege folk, men òg frå andre kyrkjeverjer

og andre som arbeider med kyrkjegardsdrift.

Svaret er todelt. Først og fremst er det

bygdefolket i Os som har tilsyn med

dei einskilde gravene og steller om

desse på ein god måte. Og så har vi

kyrkjegardsarbeidarar som både vil og kan.

Dei syter for stell av busker, tre, grusgangar

og andre fellesområde. På den måten

er det fleire som kappast om å gjere det

fint og velstelt. Kyrkjegardsarbeidarane

har òg ansvar for blomeplanting og stell

av om lag 80 ulike graver. Dette er eigne

avtaler som festar kan gjere der ein sjølv

ikkje har høve til å stelle gravstaden. Med

denne felles innsatsen syter vi for at våre

kyrkjegardar er velstelte. Os har dei

finaste kyrkjegardane i landet”, hevdar

nokon. Kanskje er det rett? Det er det

positive samspelet mellom bygdefolket/

festarane og kyrkjegardsarbeidarane som

gjev dette gode resultatet.

Det er tre kyrkjegardar i Os: ved Os kyrkje,

ved Nore Neset kyrkje og på Kuventræ.

Den store folkeveksten i Os kombinert

med at det kvart år vert teke i bruk rundt

100 nye graver, gjer at vi snart må byggje

ut kyrkjegarden på Kuventræ. Det er

regulert eit område mellom eksisterande

kyrkjegard og Ulvenvatnet for vidare

kyrkjegardsutbygging. Planarbeidet startar

opp i år, og byggjearbeidet må starte i 2010

for at kyrkjegarden skal vere klar for bruk

frå 2012.

Os kyrkjegard - omregulering

På Os kyrkjegard har det gjennom fleire tiår

blitt gravlagt fleire enn det faktisk har vore

store nok graver til. Det var difor naudsynt

å omregulere Os kyrkjegard slik at vi var

sikra at alle gravstader hadde minstemål

for kiste- og urnegrav. Då arbeidet starta

opp hausten 2004, visste vi at dette ville

vere krevjande og vi hadde ein plan for

gjennomføring av arbeidet på to-tre år. Men

arbeidet vart meir tidkrevjande enn venta;

fyrst no ved årsskiftet 2008/2009 har vi

kunne avklåre status for alle gravene.

Dei fleste gravene vert vidareført som

kistegraver. Men nokre må omdefinerast til

urnegrav, medan andre igjen vert stengde

for gravlegging då dei ikkje held minstemål

for ei grav. Mange graver har og fått ny

fredingstid, dvs. årstal for når grava kan

nyttast igjen som kistegrav. Dei aller fleste

festarane har no i mars fått brev om status

for den/dei gravene som det er feste på.

I denne omreguleringsfasen er det diverre

fleire familiar som har måtta få melding

om at ei grav ikkje kan brukast, eller fordi

det dei trudde var dobbelgrav, berre kunne

nyttast som ei grav. Dette seier vi oss leie

for, men alternativet til å ha ei fortløpande

vurdering når gravlegging vert aktuelt, ville

vere å stengje kyrkjegarden heilt, eller

berre gje høve til urnenedsetjing.

Informasjon om gravlegging,

gravminne og gravstell

Som vedlegg til kyrkjebladet finn du denne

gongen ein faldar der vi presenterer ulike

problemstillingar som venteleg vil vere

aktuelle i samband med gravlegging,

tinging av gravminne og stell av gravstaden.

Om dette ikkje er aktuelt for deg no, kan

det vere tenleg å ta vare på faldaren til

seinare.

Festeavgift

Det er kommunestyret som fastset storleiken

på festeavgifta, men det er kyrkjekontoret

som krev ho inn. Festa vert fornya for fem

år om gongen. Det er to viktige grunnar til

at vi har fem-års bolkar. For det fyrste er

det mange som har feste på fleire graver,

og for at samla avgiftsbeløp ikkje skal verte

for høgt, vert det delt i kortare tidsbolkar.

Like viktig er det for kyrkjeverja å ha hyppig

kontakt med festarane og få oppdatert

adresseregisteret deira. Krav om fornying

av feste vert til vanleg sendt ut midt i året.

Pga omreguleringsarbeidet på Os vart det

ikkje sendt krav i 2008, men det vert sendt

ut no i vår for dette tidsrommet. Ingen

graver vert sletta utan etter nærare avtale

når varsel om fornying ikkje er sendt ut.

Gerhard Hansen

kyrkjeverje


8

OS Kyrkjeblad Nr.2-09

Oss i mellom

KONFIRMANTANE

2009

I år er det heile 178 konfirmantar i Os.

Her er dei presentert etter namn og dato.

3. mai Os kyrkje kl. 10.00

Ask, Michael Sjøbø

Austestad, Robert

Bahus, Thomas Hamre

Berg, Synne Hellevang

Ellingsen, Linn Mari

Fauske, Ole Martin

Flint, Øystein Eidsvik

Fosse, Stian

Hjelle, Lena Leikvoll

Hodneland, Marte Gjerstad

Holck, Erik Klausen

Hovden, Kristina

Håvardstun, Kristian Vivås

Johannessen, Jan Ole Svarthumle

Kallekleiv, Christina

Kopperud, Julie

Langhelle, Espen Wergeland

Lepsøe, Marius

Larsen, Nicholas Sundsbak

Mehammer, Andreas

Moberg, Marius Florentin

Myking, Cecilie Haugan

Natås, Andreas Smørdal

Norheim, Vebjørn

Rasmussen, Ingela Lekven

Røttingen, Espen Stensland

Sperrevik, Casper Fyllingslid

Stavenes, Aleksander Eriksen

Stigen, Eva Breivik

Sunde, Christopher Merchant

Sælen, Jan-Egil

Tysseland, Martin

Våge, Julia Abrahamsen

Øvrebø, Nina

Øvredal, Mariann Moberg

Øvreeide, Torbjørn Audestad

3. mai Os kyrkje kl. 12.00

Eidsvik, Victoria Foss

Espetvedt, Jarle

Berge, Helene

Bergesen, Hanne

Brekke, Aleksander

Bø, Susanne Olderkjær

Dale, Håkon

Haugland, Daniel Sørfonn

Henriksen, Solveig Kvalheim

Hugøy, Fredrick Vågen

Håvik, Katrine Marie

Jansen, Maria Hatvik


OSS I MELLOM

OS Kyrkjeblad Nr.2-09 9

Jellestad, Marita Christine Storlid

Johnsen, Ingrid

Johansen, Rebecca Feet

Klakegg, Mari

Kollen, Svein Johan Hasund

Kvittingen, Håkon Fagerbakke

Lassen, Simen Helland

Lemme, Liv-Elin

Lokøy, Joakim Moberg

Meek, Mathias

Melstveit, Vidar

Negård, Thomas

Nordberg, Oda Elise

Nygård, Sebastian Kvalheim

Nytræ, Tom-Andre Hjelle

Ragnhildstveit, Mads

Rykkel, Synnøve Sundøy

Samnøy, Guro

Storum, Katrine

Sævdal, Sondre Havsgård

Sørensen, Tonje Herstad

Sørvik, Tina Hallberg

3. mai Nore Neset kyrkje kl.

10.00

Børsheim, Leon Skeie

Eidsvik, Sondre Røttingen

Fuglø, Astrid Mjelde

Gjerde, Ingvild

Helland, Daniel Dyrdal

Helland, Jøran Fjæreide

Herfjord, Lars Henrik

Hjertholm, Steffen Karlsen

Lekven, Ellen

Rabben, Arvid

Storum, Eirik Fauske

Strønen, Mathilde

3. mai Nore Neset kyrkje kl.

12.00

Bergersen, Elise Røykenes

Garvik, Ragnhild Vedaa

Gåsemyr, Kristin Kolaas

Hagevik, Adrian

Nybøe, Remy Kristoffer Storum

Olsen, Cecilie

Røttingen, Hannah

Sandvik, Arlén

Totland, Henriette Tombre

Ulvatne, Hans Jørgen Messingslet

Aasen, Roger

10. mai Os kyrkje kl. 10.00

Birketvedt, Nina Fossbakk

Bjørndal, Andreas

Breivik, Dag Ivar Årdalsbakke

Boge, Lars-Arne Øvredal

Borgen, Mons Martin

Bøe, Per-Kristian Drægni

Enes, Andrius

Engelsen, Lene Holstad

Eri, Gaute Djupevåg

Espeland, Ørjan

Flaskerud, Jørgen Brekke

Gaassand, Stine Elize

Hagen, Marius Blom

Havsgård, Morten Hjelle

Helgesen, Katarina Angelica Rasmussen

Jensen, Michelle Emilie Arndt

Johannessen, Sander Magdalor Bråten

Johannessen, Sandra

Klyve, Erlend Dale

Larsen, Per-Arild Moser Beckholdt

Melheim, Torbjørn Petter

Nord, Nicholas Endre Drange

Nordvik, Eirin

Olsen, Camilla Økland

Olsen, Danielle Emilie

Olsen, Iselin Søgnen

Olsen, Mariel Søgnen

Sandven, Olav

Skogen, OIav

Stue, Daniel Trengereid

10. mai Os kyrkje kl. 12.00

Andres, Elena

Bastiansen, Therese

Blokhus, Christina Drange

Bjørnevik, Amund

Botnevik, Jon Ole

Haugland, Marthe Reidun

Haugland, Mons Daniel

Hetlevik, Synne Lunde

Hjelle, Aleksandra

Kallekleiv, Jannike

Klinge, Daniel Christoffer Lien

Kristiansen, Adrian Taraldsen

Lunde, Magnus Pettersen

Matre, Espen

Mjanger, Kristine

Moberg, Veslemøy Lekven

Morvik, Jonas

Njøten, Marion Hagevik

Nordahl-Pedersen, Julie Elisabet

Nytræ, Anja Helen

Porsche, Yvonne

Reed-Larsen, Nikolai

Reppen, Sturle Frotveit

Rosvold, Susann

Røen, Isak

Råheim, Birgitte

Samdal, Jørgen Bauge

Selje, Anine

Strømsvåg, Eivind

Sundberg, Mikkel André Dalland

Søvik, Vilde Moberg

Thuen, Vibeke

Tysse, Aleksander Hereide

Voll, Christer

Nore Neset kyrkje 10. mai kl.

10.00

Fosse, Magrethe

Hagevik, Kristine Mjelde

Holdhus, Vidar Kongsvik

Kleppe, Alexander Haugland

Marceliussen, Thomas

Mjånes, Cathrine Daviknes

Nordtveit, Eirin Lorentzen

Olsen, Amalie Strønen

Samuelsen, Kristoffer Daniel

Wassberg, Erik

Nore Neset kyrkje 10. mai kl.

12.00

Askvik, Mari Kvalheim

Edvardsen, Susanne Bjordal

Haugan, Freddy Thorsen

Lepsøy, Tommy

Myksvoll, Daniel Follesøy

Røttingen, Kristian

Strønstad, Maria Grindevoll

Sørstrønen, Andreas Storheim

Tysseland, Morten

Østervold, Anne Marthe

Øvstedal, Ole Martin


10

OS Kyrkjeblad Nr.2-09

VITNESTAFETTEN

"Någonstans bland alla skuggorna står Jesus"

Eg har hatt eit bilete med meg frå eg som

ung høyrde songen “Någonstans blant

alla skuggorna står Jesus”. Den strofa

gjorde at eg laga meg eit bilete som har

kome igjen og igjen og minna meg om

kven Han er.

Guds kjærleik til oss er at Han gav sin eigen

son. Jesus vart fødd, levde her, vart krossfest,

døydde og stod opp att frå dei døde. Bibelen

er boka der eg er vorten kjend med Han

og har lært korleis eg skal vera mot meg

sjølv og mot andre. Gjer eg val som rammar

meg sjølv og andre? Ja, det skjer. Men Han

har synt meg gjennom sine møte med

menneske, korleis Han snakka med dei

og ikkje fordømde liva deira. Han hjelpte

menneska til å få sjølvinnsikt, sjå resultata

av vala sine og bad dei venda om.

For meg er det ei hjelp til å reflektera over

hendingar i mitt liv. Erfaringane hjelper meg

til å gjera val som gagnar meg, og ikkje

minst andre. Mange gonger har eg spurt

meg sjølv: Kva ville Jesus ha gjort? Han er

det beste førebiletet eg kan ha.

Livet byr på så mykje. Det er ikkje berre

solskinsdagar. Det er heller ikkje slik at om

ein er kristen, så vert ein spart for det som

er vanskeleg og vondt. Det er heller ikkje

slik at ein alltid gjer det som er rett, at eg

er betre fordi eg er kristen. Eg har kjent på

skuld. Nokon ville kan hende seie at årsaka

ikkje har vore så gale, men eg har eg kjent

at eg har gjort mot Guds vilje.

Erfaringar gjennom livet har synt meg at

Han er der for meg. Han er prøvd i alt, og då

kan eg også snakka med Han om alt. Korleis

skal vi få hjelp om vi møter menneske som

ikkje har dei same erfaringane som vi, eller

som ikkje har evna til å setja seg inn i din og

min spesielle situasjon? Då er det godt å vita

at vi kan seia alt til Jesus og at Han forstår.

Gjennom hendingar i livet har eg erfart at

det er sant. Eg har fått tillit og tru til Han.

Det har vore fleire konkrete situasjonar der

eg er overtydd om at Han vore saman med

meg gjennom vanskane. I tillit kan eg og

kjenna meg ivaretatt når eg ikkje ser nokon

synlege teikn frå Han.

Kan hende er vi sorgtunge, einsame, har

skuldkjensle, sinte eller kjenner på andre

negative kjensler? Det gjer at vi ofte bøyer

hovudet og ser ned, vi ser ikkje anna enn

oss sjølve. Vi ser heller ikkje Jesus. Kvar er

Han? Har Han gått vekk frå oss? Ser Han oss

ikkje? Kan vi ikkje stola meir på Han enn

som så? Kan henda vi skuldar Han for å ikkje

vera den Han seier Han er.

Det er då songstrofa kjem attende til meg.

Någonstans bland alla skuggorna står Jesus.

För at hjälpa dig i nöden er han där.

Ser du efter, skall du finna at där står Han

För att lätta alla bördor som du bär..

Det at Jesus alltid er der, gjer meg trygg på

at eg alltid er velkomen dit eg høyrer heime.

Det gjev meg ei indre glede som er annleis

enn anna glede. Gud er vår far og vil at vi

skal vera visse på at vi er Hans barn. Vegen

går gjennom Jesus. Om vi ikkje vil tilhøyra

Han eller berre gløymer Han når dagane

krev oss, så skal vi aldri gløyma at Han er

der - om du eller eg ser etter.

Unni Reigem

Vitnestafetten gjer det mogleg for deg

å dele ditt vitnesbyrd i kyrkjebladet.

Unni Reigem gjev stafettpinnen

vidare til Anne Magnus i neste

kyrkjeblad.

Foto: privat


NYTT FRÅ SOKNERÅDET

OS Kyrkjeblad Nr.2-09 11

Mykje og godt nytt i kyrkjelyden:

Ruth-Elin Andersen Midtbø fortel.

Gladnytt utanfor sakslista: Formannskapet

har gått inn for å gje kr. 1,340 mill til

ulike utbetringstiltak for Os kyrkje.

Møtet torsdag 26.februar starta som eit

kyrkjestyremøte med den kommunale

representanten Børge Lunde til stades. Her

handsama vi rekneskapen for 2008. Dette

viste at vi, kyrkjeverje og stab hadde god

budsjettstyring, og at fjoråret gjekk med

eit lite overskot.

Neste og siste sak for styret, var

forlenging av engasjementet til

kyrkjelydspedagog Arne Stautland. Dette

blei samrøystes vedteke. Deretter forlet

den kommunale representanten møtet,

og soknerådet kunne handsame reine

soknerådssaker.

Ein god tradisjon i soknerådet er at vi

får høve til å prate med dei tilsette for

å høyre korleis dei har det i kvardagen,

og om det er noko vi som sokneråd

kan hjelpe til med. Denne gongen var

turen komen til kyrkjelydspedagog Arne

Stautland og ungdomsarbeidar Knut-

Inge Johnsen. Begge arbeider aktivt

for konfirmantene og ungdomane i

kyrkjelyden og gjer eit imponerande

arbeid med iver og ekte engasjement.

Dette gjenspeglar seg tydeleg i utkastet til

konfirmantplanen for hausten 2009 – her

er det mykje å glede seg til.

Ei anna spanande sak denne kvelden, var

“Framlegg til kyrkjetekstil – grøn serie – Os

kyrkje”. Som mange sikkert veit, blir det

no utforma nye kyrkjetekstilar. Vi er så

heldige at kyrkjetekstilkunstnaren Borgny

Svalastog har takka ja til dette oppdraget.

Ho er ein svært spanande kunstnar, og

onsdag 15. april kjem Gunnar Danbolt

til Os for å snakke om hennar kunst -

absolutt noko å få med seg.

Svalastog skal lage fire sett kyrkjetekstilar,

og ho har ei forteljing til kvart av setta.

Til dømes er forteljinga til det grøne

settet knytt til den fjerde bøna i Fader

Vår, “Gje oss i dag vårt daglege brød”. Ein

presentasjon av utkastet til dette settet

vert å sjå i Os kyrkje under Fritio i Os som

startar 12. mars.

Og som vanleg: I tillegg til spanande saker,

fekk vi oss ein god prat under matøkta

midt i møtet.

Frå Alfa til Omega: Faste

Me er i fastetida. I den kristne kyrkja er

dette dei førti dagane som tek til med

oskeonsdag og går fram til skjærtorsdag.

Faste vert praktisert i alle dei store

verdsreligionane, rett nok på ulike vis.

Men fellesnemnaren er avhald frå mat

og drikke, nyting og fest. I jødedommen

gjeld fastepåbodet fyrst og fremst den

store Soningsdagen, Yom Kippur. Etter

Moselova skulle folket denne eine dagen

i året korkje eta eller gjera noko slags

arbeid. Så skulle prestane gjera soning

for heile folket sine synder. I Islam varer

fasta frå soloppgang til soleglad ein heil

månad, Ramadan. Her òg er fastetida eit

guddomleg påbod.

I tida fram mot Kristi fødsel vart den

jødiske fasta tillagd ein stadig større

verdi. Såleis hugsar me likninga der Jesus

fortel om farisearen som fasta to gonger i

veka, gav tiend av alt han tente og takka

Gud for at han ikkje var nokon syndar.

Men det var den audmjuke og botferdige

tollaren som gjekk rettferdig heim att,

seier Jesus. Sjølv fasta han i førti døger

den gongen djevelen kom og freista han.

Læresveinane til Jesus fasta òg. Det same

gjorde den fyrste kristne kyrkjelyden. Før

Paulus og Barnabas drog ut på den fyrste

misjonsferda, heldt kyrkjelyden i Antiokia

faste og bøn, etter Den Heilage Andes

rettleiing.

Kristen faste er prega av at det skal

vera ei tid der ein førebur seg til påska

med Jesu lidingssoge i fokus. Det er ei

tid for ettertanke, bøn og bot, åndeleg

og kroppsleg disiplin, gjerne med avhald

frå festmat eller visse mattypar, t.d.

kjøtrettar. For katolikkane gjeld det

spesielt dei to dagane oskeonsdag og

langfredag. Dei protestantiske kyrkjene

har ingen hevdvunnen felles praksis

for fastetida; dei einskilde truande

har gjerne kvar sine måtar å tøyma

livsutfaldinga si på.

I vår kyrkje har det vorte ein fin

tradisjon at Kirkens Nødhjelp har sin

årlege solidaritetsaksjon for undertrykte

og naudlidande i fastetida. Det er heilt

i tråd med Guds tale gjennom profeten

Jesaja, der han fordømmer ei påteken,

sjølvrettferdig sjølvplaging for å tekkjast

Gud. Nei, ei rett faste skal sikta på

frigjering av fangar, mat til dei som svelt

og husly for dei heimlause, forkynner

profeten.

Men dei tre dagane med fastelavn

- fastelavnssundag, blåmåndag og

feitetysdag trur eg Gud unner oss både

krembollar og anna snadder. Me har

rikeleg høve til å halda oss unna ovnøgda

og ha ein nøktern levemåte resten av

året. Og på oskeonsdag er det nyttig

å koma i hug at me er forgjengelege

skapningar, slik Abraham erkjende

andsynes Gud: ”Eg er mold og oske.” (1.

Mos 18). Signa fastetid!


Laurentius


12

OS Kyrkjeblad Nr.2-09

Stille kveldar i Nore Neset Kyrkje

«Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil

dykk litt!», sa Jesus. Fleire og fleire erfarer at det å gå inn i

stilla for Guds andlet vert ein viktig del av livet i ein travel og

oppkava kvardag. Vi vil difor invitere til stille kveldar av ulik

art i Nore Neset kyrkje.

Stille kveld

Søndag 22. mars og 24. mai kl. 20. Vi samlast i stille. Etter ei

kort innleiing v/prest blir det ein halvtimes personleg bibelmeditasjon.

Medan vi framleis er stille, et vi eit enkelt kveldsmåltid

saman. Under måltidet vert det spelt roleg musikk.

Før vi går frå kvarandre, vil kvar enkelt få høve til å dele,

om ein har fått noko i stilla.

Keltisk kveldsgudsteneste

Søndag 19. april og søndag 14. juni samlast vi til rolegare

og meir meditative gudstenester inspirert av liturgi og

songar frå Iona, perlene frå Kristuskransen med meir.

Vi ynskjer deg velkomen til desse samlingane!

Margrethe H. Askeland

sokneprest

Klima utfordrar Os(s)!

Søndag 29.mars kl 17.30-20.00 i Fjellheim.

Opne dører frå kl.16.30.

SOS frå sør

Os Reisebyrå

FESTIVALTUR

30. juni – 7. juli 2009

Kr 9 590,- per person

Os ReisebyRå As

til Estland

Sangfest i Tallinn, en festreise med reiseleder på hele turen.

Festival med sang og spill over hele byen, sightseeing, besøk hos en

kunstner og et senter for gatebarn, konserter, oppvisning av

folkedansere og festmiddag.

Inkl. i prisen: Egen turbuss med reiseleder på hele turen. 5 overnattinger

i dobbeltrom inkl. frokost + 2 middager. Båtreise

Stockholm–Tallinn t/r i dobbeltlugar inkl. frokost og middag begge veier.

Påmelding snarest og senest innen 30. april.

For mer info. og bestilling: Tlf. 56 30 43 00 – e-mail:

leif.fjellvang@travelnet.no el. annlaug.askeland@travelnet.no

Tlf. 56 30 43 00

Faks 56 30 43 10

os@travelnet.no

www.verden.no

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon i 2009 set fokus på fattige

menneske i møte med klimaendringane. Klimaaksjonen

”SOS frå sør”, tek på alvor at fattige menneske sender ut

naudrop om meir tørke, flaum og ekstreme vêrforhold. Tysdag

31. mars vil bøsseberarar frå Os kyrkjelyd gå frå dør til dør og

samle inn pengar til ofra for klimaendringane.

Ta difor godt i mot bøsseberarane frå Os kyrkjelyd

når dei bankar på døra di! Du kan og støtte aksjonen

gjennom gjevartelefon: 820 44 088 (175 kroner)

eller via kontonummer 1594 22 87493.

Arrangør:

Os kyrkjelyd/WT Os Internasjonale Filmfestival/Kirkens Nødhjelp.

Minikonsert m/Gabriel Fliflet og Ole Hamre - Klimautfordringane:

Eit globalt-lokalt perspektiv. v/Tale

Hungnes, leiar for seksjon media og kampanje,

Kirkens Nødhjelp - Klima i kommunal planlegging: v/

Eva Britt Isager, Klimasjef i Bergen - Det gode livet -

klimautfordringane til inspirasjon: v/Hilde Buer, sauebonde

- Pause m/Stands, kaffe og kaker, loddsal og

musikk - Lokale klimatiltak. v/Terje Søviknes, ordførar

i Os - Kyrkja og klimaspørsmålet: v/Roar Strømme,

sokneprest i Fusa - Panel m/alle innleiarane. Spørsmål

frå salen - panelleiar: Lars Ove Kvalbein, rådgjevar for

Miljø og Forbruk i Bjørgvin bispedømme.

God impuls!

I midten av februar var Os vertskap for den kristne

ungdomsfestivalen «impuls». «impuls» er god musikk,

høg lyd, mykje latter, sterk lovsong, utfordrande forkynning,

varme venskap og mykje meir. Festivalen er ein god impuls

som fører til at livet tek ei anna retning for mange av

ungdomane som kjem dit. Arrangementet vart vellukka,

og me gjer det truleg om igjen til neste år. Dette er

bokstaveleg tala ein god impuls for ungdomsmiljøet i Os.

Konseptet er utvikla i Stavanger, og frå ein sped start for

ti år sidan har det vakse seg stort. I år samla «impuls» i

Stavanger 2 000- 3 000 ungdommar. Her i Os var det litt

over hundre som hadde samla seg i Oshallen, og når ryktet

går i distriktet, håpar me at talet skal auka til neste år.


Aut. installatør og kompetansebedrift

OS Kyrkjeblad Nr.2-09 13

REISENE BESTILLER VI HOS

OS REISEBYRÅ AS

Boks 274, 5203 Os

Tlf.: 56 30 43 00 • Fax: 56 30 43 10

e-post: os@travelnet.no • www.verden.no

Elektro-Design AS

Tlf.: 56 30 11 80

Mobil: 920 44 658

ALT I: MALING - TAPETSERING -

RENGJØRING - GULVLEGGING - FLISEARBEID

– fagkunnskap gir trygghet

AUT. ELEKTROINSTALLATØR

Ta kontakt med Geir Skarding:

Tlf. 56576160 / Mob. 91129784

Strønevegen 49, 5217 Hagavik, elek-3@online.no

Døgntelefon 56 57 49 50

Jorunn Moberg 970 00 948

Anne Grethe D. Haugland 900 50 954

Ope etter avtale

Landboden, Os.

Vi utfører Botnevik alt det praktiske, eller Kvalitet! legg til rette for

pårørande

Samdrift

som

DA

ønskjer å gjera Verktøy, noko maskiner sjølve. og

Alt innen graving

og transport

Ring Olav på 924 60 307

Eller Bård A. på 951 13 187

redskap for HUS OG HAGE

PM Sælen&Co AS

Tlf. 56 30 44 90

www.jernia.no

Vi tar på oss alt arbeid innan:

• VVS - Nybygg - Rehabilitering

• Varmepumper

- leverer og installerer

• Høytrykkspyling av rør

• TV-inspeksjon av rør og kablar

• Lekkasjesøk

• Rehabilitering av avløpsledning

utan oppgraving

• Utleige av minigravar

Sjå vår utstilling!

Utstillingen vår i Jordmorsvingen 2

har ope onsdag og fredag 08.30-16.00

Tlf. 56 30 15 83/Fax: 56 30 12 50

Postboks 226 - 5202 Os

E-post: ssamdal@online.no


14

OS Kyrkjeblad Nr.2-09

Døypte / Vigde / DØYDE

Døde

Annie Lepsøe f. 22.03.39 - d. 18.01.09

Arnfinn Aase f. 03.02.14 - d. 21.01.09

Gerd Sunde f. 02.11.31 - d. 22.01.09

Magnar Birkeland f. 09.09.67 - d. 25.01.09

Annanias Lien f. 02.04.16 - d. 05.02.09

Lena Storheim f. 07.09.16 - d. 06.02.09

Magne Daniel Søvik f. 31.10.31 - d. 08.02.09

Lars L. Borgen f. 19.08.18 - d. 08.02.09

Erling Lyssand f. 20.12.21 - d. 08.02.09

Thomas Kristoffersen f. 26.02.88 - d. 21.02.09

Nancy Margrethe Lyssand f. 21.06.23 - d. 24.02.09

Håkon Lunde f. 01.01.01 - d. 26.02.09

Sverre Øvreeide f. 14.12.13 - d. 02.03.09

Døypte

25. januar

Emma Trovåg f. 07.10.08

Synne Hjertaker f. 10.11.08

Erle Lunde Bøe f. 14.02.08

Frida Lerch Dahl f. 06.10.08

Pernille Trohaug Våge f. 06.09.08

Sofie Våge Trohaug f. 19.11.08

8. februar

Trond Hansen Sigurjonsson f. 31.10.08

John Harald Hansen

Sigurjonsson f. 31.10.08

Emely Borgen f. 23.09.08

Sofia Joyce Lukey f. 01.11.08

Jonas Håvardstun f. 04.10.08

Natalie Rød Kolaas f. 03.10.08

Mari Wiik Søreide f. 07.11.08

Isak Dømbe-Vatnelid f. 23.10.08

22. februar

Vivian Korneliussen Helle f. 28.10.08

Pernille Mjånes Lund f. 22.11.08

Frida Berge Steinsland f. 24.11.08

Andrine Forstrønen f. 04.10.08

Sebastian Nordvik Hernes f. 01.11.08

Christian Tyse Hatlem f. 20.11.08

André Haugland f. 19.11.08

Sara Kvangardsnes f. 02.12.08

Kine Lyssand f. 19.12.08

Linnea Olsen f. 20.12.08

1. mars

Marius Frotveit Sælensminde f. 17.12.08

Marielle Skaar Solholm f. 26.10.08

Emma Kremener Nilsen f. 29.11.08

Sander Olai Kobbeltvedt f. 04.11.08

Leon Christoffer Jørgensen

Fauskanger f. 14.11.08

8. mars

Silje Lyssand f. 05.11.08

Mathias Aadland f. 20.10.08

Noah Monsen Berg f. 18.09.08

Martin Andre Bach Lutro f. 24.12.08

Tilde Lyssand Aga f. 19.11.08

Adrian Rød-Jensen f. 30. 11.08

15. mars

Pernille Lunde Bruarøy f. 27.11.08

William Tangen Haugland f. 22.12.08

Kjetil Mehammer f. 19.10.08

Erik Særvold Damm f. 04.12.08

Pia Hindenes f. 08.01.09

Fusa gravmonument

Øyvind helland

Tlf.: 56 58 14 06

Fax: 56 58 39 99

Mob: 48 25 56 50

• Oppretting og sikring

• Oppussing

• Tilføyelse

• Innhogne bokstavar

• Påsette bronse og

gullbokstavar.

OS SKINNVERKSTAD

Sage og fjerne trær,

mur og belegningsstein

– Ordner alt i hagen for deg!

56 57 66 77 / 99 00 80 80

www.oshageservice.no

Vi reparerer alt i: sko, båtkalesjer,

seletøy, sliping av kjøkkenknivar m.m.

Eigenproduksjon av fine gåveartiklar

i skinn og lær. Alt i eigen design fåast

berre her hos oss. Kom innom for ein prat!

Os skinnverkstad, v/G. Haugland,

Brugata 48 (v/trygdekontoret).

Tlf. 22 42 660 / 55 09 31 09


Velkomne til gudsteneste

OS Kyrkjeblad Nr.2-09 15

Gudstenester i Os kyrkje

Fredag 27.03.09

Kl. 20: Ungdomsgudsteneste.

Kapellan Geir Sakseid. Nattverd.

Søndag 29.03.09

5. søndag i faste 1. Mos. 22:1-13

Kl. 11: Høgmesse. Kapellan

Anne-Marie Sandve. Dåp. Nattverd.

Palmesøndag 05.04.09

Joh. 12:1-13

Kl. 11: Høgmesse. Prost Margrethe

Holmboe Askeland. Dåp. Nattverd.

Kl. 17: 5’aren. Nattverd.

Skjærtorsdag 09.04.09

Matt. 26:17-29

Kl. 19: Forenkla høgmesse. Prost

Margrethe Holmboe Askeland. Nattverd.

Påskedag 12.04.09

Matt.28:1-8

Kl. 11: Høgmesse. Nattverd.

Kapellan Anne-Marie Sandve.

Gudstenester i Nore Neset kyrkje

Langfredag 10.04.09

Matt. 26:30-37

Kl. 11: Langfredagsgudsteneste.

Kapellan Anne-Marie Sandve.

Andre gudstenester

Skjærtorsdag 09.04.09

Luranetunet kl. 16.00: Forenkla

høgmesse. Nattverd. Prost Margrethe

Holmboe Askeland.

Ravneberghaugen kl. 17.30:

Forenkla høgmesse. Nattverd. Prost

Margrethe Holmboe Askeland.

2. påskedag 12.04.09

Liafjellet kl. 12: Forenkla høgmesse.

Kapellan Anne-Marie Sandve.

Retting frå førre kyrkjeblad

Sofie Alice Sirevåg Magnussen

Søndag 19.04.09

1. søndag e. påske Joh. 20:19-31

Kl. 11: Familiegudsteneste. Kapellan

Geir Sakseid. Dåp.

kl. 17: 5’aren. Nattverd. Kveldsmat i

kyrkjetunet.

Fredag 24.04.09

Kl. 20: Ungdomsgudsteneste.

Kapellan Geir Sakseid. Nattverd.

Søndag 26.04.09

2. søndag e. påske Joh. 10:11-16

Kl. 11: Høgmesse. Kapellan

Anne-Marie Sandve. Nattverd.

Kl 13.: Dåpsgudsteneste

Søndag 03.05.09

3. søndag e. påske Joh. 16:16-22

Konfirmasjon,

sjå nedanfor

Kl. 17: 5’aren.

Nattverd.

Dåp.

2. påskedag 13.04.09

Luk. 24: 13-35

Kl. 11: Høgmesse. Kapellan Geir

Sakseid. Dåp. Nattverd.

Søndag 26.04.09

2. søndag e. påske Joh. 10:11-16

Kl. 11: Høgmesse. Dåp. Prost Margrethe

Holmboe Askeland.

Konfirmasjonsgudstenester

Os kyrkje

Søndag 03.05.09: kl. 10 og kl. 12.

Kapellan Anne-Marie Sandve.

Søndag 10.05.09: kl. 10 og kl. 12.

Kapellan Geir Sakseid.

Nore Neset kyrkje

Søndag 03.05.09: kl. 10 og kl. 12.

Prost Margrethe Holmboe Askeland.

Søndag 10.05.09: kl. 10 og kl. 12.

Kapellan Anne-Marie Sandve.

f. 06.10.08, døypt 30. november.

Namne- og adresseliste:

Os sokneråd:

Postboks 209 - 5202 Os

Leiar:

Lill-Karin Wallem, Brothaugen 55,

5200 Os. Tlf. 56 30 13 53

Os kyrkje: Tlf. 56 57 24 10

Kyrkjetunet i Os: Tlf. 56 57 24 08 (tel. automat)

Kyrkjekontoret i Os:

Postboks 209, 5202 Os.

Tlf 56 57 24 00. Fax 56 57 24 01

E-post: post@os.kyrkja.no

Kontortid: mandag-fredag kl.09-14

Opplysning heile døgnet om

vakthavande prest: tlf 56 57 24 00

Tilsette:

Sokneprest i Os/Prost i Midhordland:

Margrethe Holmboe Askeland,

Sokneprestkontoret: tlf. 56 57 24 05

Mob: 979 51 006, mha@os.kyrkja.no

KAPELLAN

Anne-Marie Sandve, ams@os.kyrkja.no

Tlf. 56 57 24 06, mob: 954 41 204.

Geir Sakseid, gs@os.kyrkja.no

Tlf. 56 57 24 12, mob, 913 25 568

Kyrkjeverje/Dagleg leiar:

Gerhard Hansen, gah@os.kyrkja.no

tlf. 56 57 24 03

ungdomsarbeidar:

Knut-Inge Johnsen, kij@os.kyrkja.no

tlf. 56 57 24 15, mob: 91528600

Kyrkjelydspedagog:

Arne Stautland, as@os.kyrkja.no

tlf. 56 57 24 14, mob: 957 04 607

Frivilligkoordinator:

Anne Marie Aarøen Vangsnes,

tlf. 56 57 24 04, amv@os.kyrkja.no

Sekretær:

Elin Oldervoll Moberg, eom@os.kyrkja.no

tlf. 56 57 24 02

Barnesekretær:

Kari Torsvik, kt@os.kyrkja.no

tlf. 56 57 24 17

Kantor:

Tore Hegdahl, tlf. 56 57 24 11, th@os.kyrkja.no

Linda Haugland, tlf. 924 58 060,

linda.haugland@os.kyrkja.no

Drift av kyrkjer/kyrkjegardar:

Trygve Helgesen, Reidar Berge

og Arne Fossåskaret


BARNESIDA

Avs:

Os Kyrkjelyd

Postboks 209

5202 Os

Ivar Skippervold til Os

Mandag 20. april kl. 18.00 blir det "songfest" i Os

kyrkje. Då skal fleire av barnekora synge saman

med artisten Ivar Skippervold som i 2001 fekk

bibelprisen for sine bibelske syngespel. Det blir

dukker, song og trylling og eit møte med den blinde

Bartimeus som ropa på Jesus sjølv om alle hysja

på han. Så til alle born: ta med deg mamma eller

pappa eller sysken eller vener eller besteforeldre og

bli med! Konserten kostar 30 kroner per snute.

Arkivfoto: Kjetil V. Bruarøy

Hjernetrim

Du står utanfor eit rom som har ein lampe i

taket. Du kan ikkje sjå om lyset er på eller av.

Utanfor rommet er det tre lysbrytarar

som alle er skrudd av. Du kan skru dei

på og av som du vil.

Du gjer det, går så inn

i rommet og veit

kva for ein av dei

tre lysbrytarane

som kontrollerar

lampen.

Korleis?

Ny dåpsklut

Uskuldskvit med ei due som symboliserer Den

heilage ande. Den er vakker - dåpskluten som

tørkar det vesle babyhovudet ved døypefonten.

Men visste du at han er sydd på Madagaskar?

Os kyrkjelyd er på denne måten med og gjev eit

levebrød til fattige kvinner frå øystaten søraust for

Afrika. Det var ei kvinne i Os som hadde ideen, og

ho fekk straks gehør for tanken hjå soknerådet.

Sjølv har kvinna spandert dåpsklutar for eit halvt

år som ei gåve til dåpsfolk i Os.

For heretter får alle som vert døypte her nemleg

behalde kluten som eit minne om dåpsdagen og

det som skjedde i dåpen. Flott, ikkje sant?

Meir info om dåp i Os kan du finne på heimesida

vår www.os.kyrkja.no.

AMAaV.

Svar hjernetrim:

Du skrur to lysbrytarar “på” og let ein lysbrytar

stå avskrudd. Så ventar du omlag eit minutt.

Deretter går du inn i rommet, men rett før du går

inn så slår du av den eine av lysbrytarane som

står på. Med ein gong du er inne i rommet må du

ta på lyspæra. Dersom den er varm, men lyset er

av, må det vere lysbrytaren du skrudde av rett før

du gjekk inn. Dersom lampen er på, må det vere

brytaren du lot stå på. Dersom lyspæra er kald og

lyset av, må det vere brytaren du lot stå uberørt

eit heilt minutt.

More magazines by this user
Similar magazines