Aktiv kvar dag i barnehagen - Hordaland fylkeskommune

hordaland.no

Aktiv kvar dag i barnehagen - Hordaland fylkeskommune

Aktiv kvar dag

i barnehagen


Mål

Hordaland fylkeskommune har ansvar

for å legge til rette for fysisk aktivitet i

kvardagen. I Fylkesdelplan fysisk aktivitet,

idrett og friluftsliv – 2008-2012 ”Aktiv

kvar dag”, er eit av måla å gjere dei aktive

vala enkle med særleg fokus på barn

og unge.

Ved at vaksne er fysisk aktive og har

det gøy saman med barn, får vi ein aktiv

kvardag med glede for alle. Målet med

denne brosjyren er å gjere barn i barnehage

meir aktive i kvardagen.

Målgruppe

Målgruppe for denne brosjyren er i første

rekke dei tilsette i barnehagane, men

også aktuelle slutningstakarar og andre

tilsette som arbeidar med barnehagetilbodet

i kommunane. Brosjyren vil også

være nyttig for foreldre som ressursar

og pådrivarar i høve til barna sin kvardag

i barnehagen. Både dei tilsette i barnehagen

og foreldre er viktige rollemodellar

i barnas kvardag. Det er derfor viktig

at dei går føre som gode døme på kva

barna kan gjere.

Aktiv kvar dag i barnehagen

Barn er skapt for å være i rørsle. Fysisk

aktivitet er ei kjelde til glede, velvere og

meistringskjensle. Ein aktiv kvardag har

mange gode verknader på kroppen vår, og

det er samstundes den billigaste, enklaste

og kan hende også den mest morosame

metoden for å få betre helse. Regelbunden

fysisk aktivitet gjev mellom anna betre

kondisjon, auka muskelstyrke, betre leddfunksjon

og rørsle, betre søvnkvalitet og

eit sterkare immunforsvar. Fysisk aktivitet

har også positiv verknad på barns mentale

helse, emne til sosialt samspel, emne til å

konsentrere seg og lære, og såleis gjere

at barn både trivst betre og presterer meir

når dei startar på skulen.

Barnehagen skal ha areal og utstyr nok til

leik og varierte aktivitetar som fremjar rørsleglede,

gir allsidig rørsleerfaring, sanseerfaring

og høve til å lære og meistre. Veksling

mellom leik, læring, konsentrasjon og

utfalding er grunnleggjande for fysisk og

psykisk velvære. Utforminga av det fysiske

miljøet ute og inne gir viktige rammevilkår

for trivsel, opplevingar og læring.

(frå Rammeplan for innhaldet i og oppåvene

til barnehagen).


Fysisk aktivitet – kor mykje?

Fysisk aktivitet betyr å bruke kroppen – å

vere i rørsle. Barnehagen kan gjennom tilrettelegging

for fysisk aktivitet og gjennom

ord og handling, gje barna gode aktivitetsvanar,

haldningar og kunnskap. Arbeidet

med fysisk aktivitet i barnehagen bør forankrast

i barnehagen sin årsplan.

Dei nasjonale råda (Helsedirektoratet) med

omsyn til kor mykje aktivitet barn bør ha i

kvardagen, er:

minst 60 minutt fysisk aktivitet per dag

aktiviteten skal inkludere både moderat

og høg intensitet

aktiviteten kan delast inn i kortare

periodar i løpet av dagen

aktiviteten skal vere allsidig med omsyn

til uthald, styrkje, spenst, rørsle,

snøggleik og motorisk evne.

Fysisk aktivitet skal vere gøy

Fysisk aktivitet skal vere gøy og inspirerande.

Då er det viktig at vi legger til rette

for og finn aktivitetar som barna liker og

meistrar - lågterskelaktivitetar. Å oppleve

meistring gjev betre sjølvkjensle og motivasjon

til vere i aktivitet, også når barnehagedagen

er over.

Fysisk aktivitet = leik

I barnehagen startar ein veldig aktiv periode

av barnet si utvikling. Barn utviklar seg i

sitt eige tempo, men det skjer veldig mykje

i alle dei første åra. Variert fysisk aktivitet,

dvs. aktiv leik, gjev barna moglegheit til å

utvikle både fin- og grovmotoriske eigenskaper.

Dei aktive barna får denne læringa

”automatisk”. Difor er det naudsynt at vi

husker på dei som har motoriske problem/

utfordringar: det er viktig å ”herje” med

barna - på same måte som det er naudsynt

å snakke mykje med barna for å lære

dei eit godt språk.

Kvifor fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet gjev oppleving av glede,

trivnad, meistring og utvikling av venskap.

Aktiv bruk av både inne- og utemiljø (til dømes

naturområde i nærmiljøet), vil gje god

variasjon og mangfald i aktiviteten. Barnehagen

bør gje barna sjanse til å oppleve og

få gode relasjonar til friluftsliv og uteaktivitetar

uansett årstid, vér og føre.


Det å meistre kroppen sin, inspirerer til

leik og rørsle. Barn uttrykker kjensler og

inntrykk gjennom leik, og dei utviklar seg

gjennom fantasi og initiativ. Gjennom fysisk

aktivitet lærer barn å samarbeide med

andre barn og brukar heile seg gjennom

kropp, sansar og språk. Barna må få prøve

ut ting og skaffe seg sanseopplevingar. La

heller barnet streve litt for å komme fram,

framfor raskt å gje ei hjelpande hand eller

sette det i vogn eller meis.

Korleis motivere

til fysisk aktivitet

For dei tilsette i barnehagen er det viktig

å ha god kjennskap til barna og sjå kor

barnet er i høve til utvikling. Ut frå dette

kan ein stimulere utviklinga med aktivitetar

som passar til det nivå barnet er på. Ei god

tilrettelegging gjev meistringskjensle og

verdifull motorisk trening.

Dei tilsette i barnehagen er rollemodellar

kvar dag. Det er derfor viktig at dei vaksne

i barnehagen er aktive saman med barna,

på same måte som det er viktig at foreldre

er aktive med barna i fritida. Fysisk aktive

rollemodellar gjev fysiske aktive barn.

Enkelte barn treng personale med særskild

kompetanse og eit godt tilrettelagt fysisk

miljø for å kunne vere aktive i kvardagen.

Tverrfagleg samarbeid mellom personale,

fysioterapeut, ergoterapeut og helsestasjon

er relevant for ei god utvikling. Her er

det viktig å inkludere foreldra, slik at arbeidet

med å lage gode aktivitetsplanar vert

til det beste for barnet.

Vekeplan

Ein vekeplan eller ein månadsplan vil vere

eit nyttig verkty i motivasjonsarbeidet. Her

kan barna sjølv vere med å planleggje og

registrere aktiviteten. Kosthaldsvanar kan

også registrerast. Det er viktig at barna

tar aktiv del i å bruke planen. Foreldre kan

også delta og bli engasjert.

Uteaktivitet

Det er ein fordel at barn så tidlig som mogeleg

kan lære seg å sette pris på uteaktivitetar.

Dess tidlegare dei blir vant til å vere

ute i skog og mark, boltre seg i uteleik og

vere ute anten det er sol eller regn, dess

meir vil ein skape eit godt grunnlag for

eigenorganisert fysisk aktivitet ute.


”Den beste garantien for at barn er fysisk

aktive, er at de er ute. Ute kan barna bevege

seg fritt, det blir mindre konflikter når de leker,

og leken blir mer kreativ, samtidig som

motorikken utvikles gjennom lek i natur og

ulendt terreng. ”

(frå temaheftet Barn og fysisk aktivitet utgitt av Helsedirektoratet,

desember 2008. BUF00072).

For å få eit godt forhold til fjell, sjø og skog

er det naudsynt med sanseopplevingar –

på godt og vondt. Barn må få plumpe uti

ein bekk, snuble i ei trerot, fryse på fingrane

når vinden bles og kjenne seg små i

ein mektig natur. Likeeins må dei få kjenne

varmen frå bål, høyre vinden suse medan

ein sit lunt og godt inne i eit telt eller sitte

på svaberget og kjenne sola varme. Slike

opplevingar skapar gode relasjonar til naturen,

og eit forhold til naturen som venteleg

varar livet ut. Det ein alltid må huske på

når ein er ute er at alt må gjerast i barna

sitt tempo. Bruk tid på å utforske det barna

og dei vaksne ser under vegs. Turen kan

godt vere kort, med mange stopp og ting

som tar tid. Litt mat, drikke og hygge saman

er viktig på turen.

Tips og døme - uteaktivitet

Dei færraste barnehagane har eigen gymsal

eller tilgang til dette i nærområdet. Difor

er ofte utfordringa størst med å finne

aktivitetar ute som er lett tilgjengelege og

moro for barna. Det viktigaste vert å finne

noe vi likar å gjere.

Nokre tips kan vere nyttig:

Vel enkle og morosame aktivitetar

som krev lite utstyr.

Legg vekt på lågterskelaktivitet slik at

det er mogleg for alle å vere med.

Hugs også å gje dei som ønskjer det

større utfordringar.

Det er viktig å varme godt opp før vi skal

vere i aktivitet! Det gjev kroppen tid til å

omstille seg frå kvile til fysisk aktivitet.

Hugs godt fottøy!

Barna må ha egna klede på seg, klede

som dei kan være i rørsle i, og ikkje ha

for mykje tøy som hindrar aktivitet og

gjer det ubehageleg og for varmt

Motiver barna til fysisk aktivitet heime

også, saman med foreldra: Følg opp og

inspirer, vis interesse for borna sine

fysiske aktivitetar heime og på fritida.


Døme på uteaktivitet kan vere:

Friluftslivs- og gåturar i nærområde

Ballspel (med lette og tilpassa ballar)

Utedans (anten syngje sjølv eller

bruke musikkanlegg)

Hinderløype og stafettar

Klatring i trær og på fjell(knausar)

Utforsking av omgjevnadane gjennom

krabbing på ulike typar underlag

Kosthald

Kosthald er noko som angår oss alle til

dagleg. Ein sunn og næringsrik kost har

positive effektar både på vår fysiske og

psykiske helse. Her følgjer nokre enkle og

generelle kosthaldsråd.

Avgrens sukkerinntaket

Vi får i oss alt for mykje sukker og mellom

anna brusdrikking bør avgrensast. Finn i

staden freistande alternativ som vatn med

sitronskiver og liknande.

Drikk vatn

Kroppen vår er avhengig av vatn og treng

om lag 2 liter kvar dag. Om vi er i fysisk

aktivitet, treng kroppen enda meir væske.

Drikk vatn frå springen, det er billig og som

regel best.

5 om dagen

Vi bør ete minst 5 grønsaker og/eller frukt

kvar dag. Frukt og grønt inneheld viktige

vitaminer og mineralar som kroppen treng.

Prøv å ete grønt eller frukt til kvart måltid.

Varier kosthaldet

Vi bør ete litt av ulike matvarer kvar dag og

til kvart måltid. Om vi klarar å ete variert,

får vi i oss det som kroppen treng.

Meir fisk

Omega 3-fettsyra er viktig for hjernen og

hjartet vårt. Desse gode feittsyrene finst

det rikeleg av i feit fisk som laks og makrell.

Det optimale er to til tre fiskemåltid i

veka.


Her kan du få fleire tips

Kommunen

for informasjon om planer om fysisk aktivitet

og informasjon om anlegg i kommunen

og mogelegheiter for sambruk og samarbeid

med til dømes skuler i nærleiken av barnehagen.

Friluftsrådenes Landsforbund

for informasjon om korleis drive med læring i

friluft for barn og unge.

www.friluftsrad.no

Hordaland idrettskrets

for informasjon om organisert idrett/idrettslag,

kurs, informasjon om idrettsanlegg og

-aktivitar i lag og foreningar og mogelegheiter

for sambruk og samarbeid med til dømes

idrettsanlegg i nærleiken av barnehagen.

www.hordaidrett.no

Barnas Turlag i Bergen Turlag

for informasjon om friluftsliv, lokale turlag

m.m., og informasjon om friluftslivsanlegg

og -aktivitar i lokale lag og mogelegheiter

for sambruk og samarbeid med til dømes

friluftslivsanlegg i nærleiken av barnehagen.

www.bergen-turlag.no

Den Norske Turistforening

og Barnas Turlag

for generell informasjon om friluftsliv og Barnas

Turlag

www.turistforeningen.no

Barne-, ungdoms- og familieetaten

for informasjon om barn og fysisk aktivitet

www.bufetat.no

Helsedirektoratet

for informasjon om fysisk aktivitet og utvikling

av lokale aktivitetstilbod

www.helsedirektoratet.no/fysiskaktivitet

www.helsedirektoratet.no/ernaering

Hordaland fylkeskommune

for informasjon om planer om fysisk aktivitet,

idrett og friluftsliv i kommunen og fylket,

informasjon om aktivitets- og opplæringstilbod

samt støtte til nærmiljøtiltak og andre

tiltak gjennom den einskilde kommune.

www.hordaland.no/idrett


Regelmessig fysisk aktivitet

er nødvendig for riktig vekst og

utvikling blant barn og unge.

BEDRE HELSE PÅ 1-2-30

Kultur- og idrettsavdelinga

Agnes Mowinchelsgate 5

Postboks 7900

5020 Bergen

www.hordaland.no/idrett

More magazines by this user
Similar magazines