Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

sprakradet.no

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Språk og makt

Er språkstriden over, eller er det berre vi som ser

verda med ny-enkle briller?

GUNNAR SKIRBEKK

DÅ TEATERSTYKKET

Min kamp, om

Adolf Hitlers unge år i Wien, vart

sett opp på Den Nationale Scene i Bergen,

stod Hitler fram som nynorsktalande

med dialektbakgrunn.

Poenget var klart nok: Hitler var ein

latterleg figur, og dette grepet skulle

bidra til å stigmatisere han ytterlegare,

som ein komisk særling.

Men kva har no nynorsk med Hitler

å gjere? Det næraste vi kom ein Führer

her til lands, var jo Vidkun Quisling,

ein presteson frå Telemark som i skrift

og tale brukte eit heller stivbeint riksmål

(og som ved eit høve i den grad

mislikte å bli mint om at han som barn

tala telemål, at han regelrett slo ned

den stakkars sambygdingen som i nærvær

av Quislings studiekameratar frå

Kristiania kom i skade for å nemne dette)

så Quisling var nok ikkje eit godt

eksempel på ein nynorsktalande førar.

Skulle regissøren heller ha valt nordlandsk,

kanskje med lett arkaiske islett

for det var jo derifrå diktarføraren

Hamsun kom? Men då ville det vel ha

blitt bråk, for dette kunne oppfattast

som ei stigmatisering av nordlendingane.

Så kanskje ein skulle ha valt bergensk,

i Bergen for eksempel til minne

om minister Albert Hagelin, som i

hine år var aktiv på topp-plan i politikken,

mellom anna ved å formidle

SPRÅKNYTT 34/2004

kontakt mellom Quisling og Hitler.

Men det ville vel ikkje vere heilt det

same, ettersom poenget var å vise

fram Hitler som ein latterleg person,

og bergensk er jo ikkje latterleg (i alle

fall ikkje i Bergen).

Så vart det altså nynorsk med dialektpreg

og det vart ikkje bråk av

den grunn.

*

Denne stubben frå norsk daglegliv

kan oppfattast som fornøyeleg eller

forunderleg, alt etter som, men han

seier nok også eitt og anna om språk

og makt, også i dagens samfunn, jamvel

om vi til vanleg kanskje ikkje tenkjer

på slike ting, på den måten.

For ofte tenkjer vi vel på makt som

noko ytre og overlagt, der nokon bestemmer

over andre og eventuelt tvingar

dei. Det militære har makt. Politiet

har makt. Mafiaen har også makt, men

ikkje legitim makt. Og Stortinget har

legitim makt til å bestemme, ved å gi

lover.

Når vi ser språket ut frå så enkle

begrep om makt, vil det lett sjå ut som

om makt og tvang, når det gjeld språk,

er slikt som inntrer når politikarane bestemmer,

mens det som skjer med og

rundt språket når politikarane ligg

unna, det skjer fritt og naturleg. Då er

det fri språkutvikling og fridom for alle.

1

More magazines by this user
Similar magazines