14.11.2014 Views

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

Banning – makt eller avmakt? - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Nynorsk som minoritetsspråk

TOVE BULL

Språklege hierarki

Språkmangfaldet og språkforholda i

Norge kan beskrivast på ulike måtar.

Dei språka som er i dagleg bruk her til

lands, kan grupperast på ymse vis, t.d.

i høve til talet på språkbrukarar eller i

høve til status. Kva for måte ein enn

vel å gruppere eller klassifisere på, så

vil klassifiseringssystemet vise seg å

vera hierarkisk organisert. Etter ei grovsortering

kan ein såleis operere med

eit statushierarki med fire hovudnivå:

norsk (bokmål og nynorsk)

samisk (nordsamisk, lulesamisk,

sørsamisk)

nasjonale minoritetsspråk (t.d. finsk/

kvensk, romani)

innvandrarspråk (t.d. vietnamesisk,

urdu, tamil)

På kvart hovudnivå vil ein kunne finne

ei tilsvarande hierarkisering, der bokmål

har høgare status enn nynorsk,

nordsamisk høgare enn lulesamisk og

sørsamisk. Hierarkiseringa mellom

språka på dei to lægste hovudnivåa vil

det kanskje vere meir usemje om.

Det er altså komplekse tilhøve vi ha

å gjere med. Dei blir ikkje mindre

komplekse om vi lanserer omgrep som

«kryssande hierarki» eller «konfligerande

hierark». For det vil nemleg vise

seg at dei kriteria vi legg til grunn for

klassifiseringa, vil kunne føre til noko

ulike hierarkiske strukturar. Om vi i tillegg

tek med bruk av engelsk i Norge,

vil bildet bli enda mer komplekst.

Eit viktig kriteriesett for studium av

forholdet mellom språk eller språkformer

er formelt-juridisk. Når det er utgangspunktet

vårt, er vi opptekne av

korleis det offentlege gjennom lovverk

og andre rettstiltak regulerer tilhøvet

mellom dei aktuelle språka eller målformene,

og korleis ein bestemmer og

set grenser for den plassen bestemte

språk eller språkformer skal ha i samfunnet.

På den andre sida kan forholdet

mellom språk studerast i eit meir

kontant og reelt maktperspektiv. For

det er nemleg slett ikkje slik at juss og

realitetar alltid svarer til kvarandre.

Eller uttrykt annleis: Det er ikkje alltid

tilfelle at lovar og reglar er i stand til å

regulere det lovgjevarane hadde meint

å regulere, på den måten dei hadde

tenkt å gjere det. Eit språk eller ei

språkform kan godt ha alle formelle

juridiske rettar på si side, men likevel

vere diskriminert eller sett ned på, altså

ha ein prestisjemessig status som

ikkje svarer til den juridiske. Og omvendt

kan eit språk mangle formelle

juridiske rettar og likevel vere utbreidd

og mykje brukt og ha høg prestisje

i eit samfunn. Eit av måla mine

med denne artikkelen er å prøve å vise

36 SPRÅKNYTT 3–4/2004

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!