Grannar.no Grublar og effektiviserer

webvision.jhl.no

Grannar.no Grublar og effektiviserer

Grannar.no

Grublar og effektiviserer

Jonas Jørstad, 07.12.05

Tor Magnar Kambe har panoramautsikt ut Ølensfjorden frå heimekontoret sitt

på Kyrkjehompen i Ølen. Her grublar han fram effektiviserings- og

skattesparingstiltak for kundane sine.

37-åringen er dagleg leiar i Kambe Regnskap og

Rådgivning AS. Utanom han sjølv, har firmaet

rekneskapsførar May Tove Heggebø på løningslista. Ho

har heimekontor rett borte i gata. Nær nok til at ein

nedgraven kabel under asfalten bind dei to kontora

saman.

— Me driv nøkternt, men me kan seia at dette er

hovudkontoret og at avdelingskontoret ligg hjå henne,

smiler Kambe.

Betalt for å grubla

Kambe har drive med økonomisk rådgjeving i 16 år.

Han har bevilling frå Kredittilsynet, men tradisjonell

rekneskapsføring fyller berre mindre av arbeidsdagen

hans. Sitt eige firma starta han opp for fem år saman.

Allereie frå starten av, engasjerte han Heggebø.

— Me driv i ei nisje. Basisen er rekneskapsføring. Så

kjem rådgjeving, effektivisering, skatteplanlegging og alt

det andre i tillegg, forklarer Kambe, som blei brukt som

skatterådgjevar i eit stort oppslag i Trygve Hegnars

Finansavisen i førre veke.

24 ulike styreverv tek mykje tid. Etter eit raskt overslag

trur Kambe at dette legg beslag på ein tredel av

arbeidsdagen hans. Ein annan tredel går med til

grubling, og den siste tredelen til resten.

Tor Magnar Kambe og May

Tove Heggebø driv

rekneskaps- og

rådgjevingsfirma frå

nøkterne heimekontor på

Kyrkjehompen i Ølen. Dei

har nok å hengja fingrane i.

— Det blir vel litt for mykje jobbing, innrømmer familiemannen, som har kone og tre

døtrer som han også må finna tid til.

— Det går mange timar i året berre med grubling. Mange kundar betalar meg berre

for å grubla, legg han til.

Bedriftsrådgjeving

At grublinga kastar av seg, er det ingen tvil om. Det kan dreia seg om effektivisering i

bedriftene, om skatteplanlegging og optimal tilpassing til nye skattereglar, og om

tilskot. Når det gjeld dette siste, arbeider Kambe mykje mot Innovasjon Norge.

— I fjor fekk me inn 20 millionar kroner til kundane på grubling, seier han, og forklarer

at han heile tida prøver å vera i framkant med grublinga. Ikkje minst gjeld dette

skattereforma. Her er det viktig for bedriftene å bruka overgangsreglane på best

mogleg vis. Det er dette som gjer at Kambe har figurert i Finansavisen og i


Haugesunds Avis den siste veka.

Tomannsfirmaet på Kyrkjehompen samarbeider godt med meir tradisjonelle

rekneskapsfirma i distriktet. Dei ser ikkje på dei som konkurrentar. Tor Magnar

Kambe poengterer at rådgjevingsdelen er vel så viktig som rekneskapsdelen.

Ingen annonser

Den kunnskapsrike rekneskapsmannen, som opphaveleg kjem frå Sandeid, har hittil

ikkje trengt å bruka pengar på marknadsføring. Men han er audmjuk, for han er

veldig klar over at dei neste fem åra slett ikkje treng bli like lette som dei fem første.

— Me har vore heldige, og fått kundar frå øvste hylla. Me har ikkje annonsert. Me har

køyrt rundt i desse fem åra med handbrekket på, seier Kambe.

Mangelen på arbeidskollegaer og eit stimulerande arbeidsmiljø kunne ha vore

hemmande, når ein sit på kvart sitt heimekontor. May Tove Heggebø har tilpassa seg

situasjonen på sin eigen måte.

— Me reiser ofte ut til kundane. Me spør om me kan koma til dei, i staden for at dei

kjem til oss. Og så tek me med oss nistepakken og har lunsjpause saman med dei,

avslører rekneskapsføraren.

Arrangerer kurs

Kundane er spreidde på heile Haugalandet, frå Haugesund og inn til Skånevik. Eit

blikk på ringpermane i kontorhylla tyder på at heimbygda til Kambe, Sandeid, iallfall

ikkje er underrepresentert i kundeporteføljen.

Nokre av kundane er små einmannsføretak, medan andre er mellom dei største

bedriftene ein finn i distriktet. Til saman har dei rundt 700 millionar kroner i

eigenkapital.

Tor Magnar Kambe samarbeider nært med revisjons- og advokatkonsernet Deloitte &

Touche. Han har hatt arbeidsoppdrag for Finansdepartementet, og han arrangerer

eigne kurs i aktuelle rekneskapsmessige problemstillingar. Nett nå planlegg han eit

nytt seminar om tenestepensjon på Vågen Bygdesenter, i samarbeid med

Skagenfondene i Stavanger. Det gjeld å vera frampå med dagsaktuelle tema.

More magazines by this user
Similar magazines