Nytt intranett HFK07 - Hordaland fylkeskommune

hordaland.no

Nytt intranett HFK07 - Hordaland fylkeskommune

www.hordaland.no

Nytt HFK Intranett


Vår digitale kvardag

Gode medarbeidar!

Fylkesrådmann

Paul M. Nilsen

Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje

oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy er i dag ein like grunnleggjande

eigenskap som å kunna uttrykkja seg munnleg, lesa, skriva og rekna.

I fylkeskommunen har informasjonsteknologi (IT) ei svært sentral rolle både som

reiskap til å yta effektiv tenesteproduksjon med høg kvalitet, og for å gjera

informasjon lettare tilgjengeleg for publikum og eigne tilsette. Vi tek i bruk IT til

stadig fleire oppgåver. For tida gjer vi særleg store investeringar innan

vidaregåande opplæring.

Nettløysingane våre er under utbygging og fornying. 7. juni i år lanserte vi nytt

intranett. Eit stort og viktig framsteg med denne fornyinga er at intranettet no er

tilgjengeleg for alle tilsette i fylkeskommunen.

Ta i bruk intranettet! Kom gjerne med innspel til fornying og forbetring både av

dette og dei andre nettstadene våre.

Beste helsing

www.hordaland.no


Nytt Intranett i Hordaland

fylkeskommune

Informasjonsknutepunkt

Oppdatert

fellesinformasjon

Eit verktøy for tilsette

Støtte i det daglege

arbeidet

www.hordaland.no


Ta intranettet i bruk!

Organisasjonsdirektør

Gerd Ingunn Opdal

Eg oppmodar alle tilsette om å bruka HFK intranett

dagleg

Du finn aktuell informasjon, reglement, handbøker,

reiserekningsskjema, diverse programverktøy,

presentasjonar, fylkesvåpen og logo, politiske

saker ++

Gå inn på HFK intranett, klikk deg

gjennom menypunkta og få oversikt over

kva som finst. Det er enkelt!

www.hordaland.no


Tilgang til intranettet

Alle tilsette i fylkeskommunen

– Frå PC på arbeidsplassen

– Frå heime-PC

– Frå ekstern PC

Informasjon om tilgang og

pålogging på dei neste sidene

www.hordaland.no


Tilgang frå vidaregåande skular

Pedagogisk

personale finn HFK

intranett under

favorittar i

nettlesarmenyen

Tilsette i administrasjonen

og teknisk

personale får opp

HFK intranett

automatisk når dei

startar nettlesaren

Ved problem med tilgang/pålogging, ta kontakt med

administrasjonen på arbeidsstaden, send evt. epost

til: informasjonstenesta@post.hfk.no

www.hordaland.no


Tilgang frå tannklinikkane

Pålogging frå www.hordaland.no på internett

Du vel HFK intranett i den øvste raude streken

Fyll ut i påloggingsboksen:

– Adm-ivest\brukarnamn + passord (som du har fått tilsendt)

Ved problem med tilgang/pålogging, ta kontakt med

fylkestannlegen, send evt. epost til:

informasjonstenesta@post.hfk.no

www.hordaland.no


Tilgang i fylkesadministrasjonen

Tilsette i fylkesadministrasjonen og andre som

høyrer til det såkalla «administrative nettet» får

HFK intranett automatisk opp når dei startar

nettlesaren

Ved problem med tilgang/pålogging, ta kontakt med

informasjonstenesta, epost:

informasjonstenesta@post.hfk.no

www.hordaland.no


Pålogging frå Internett


På www.hordaland.no går du inn via HFK intranett øvst på

sida, i den raude streken

Meir neste side

OBS: Pålogging frå Internett fungerer berre frå

heime-PC/ekstern PC.

www.hordaland.no


Pålogging frå Internett

Pedagogisk personale loggar seg på slik:

– Unett\brukarnamn + passord

– Brukarnamn og passord er det same som når du loggar deg på

PC-en på arbeidsstaden din til vanleg.

Tilsette i fylkesadministrasjonen, skuleadministrasjonar

og andre i det administrative nettet:

– Adm-ivest\brukarnamn + passord

– Brukarnamn og passord er det same som når du loggar deg på

PC-en på arbeidsstaden din til vanleg.

www.hordaland.no


Intranett frå heime-PC/ekstern PC




OBS! Når du opnar HFK intranett frå heime-PC/ekstern

PC, vil du ikkje ha tilgang til alle funksjonar.

Dette gjeld mellom anna interne system/verktøy som

Doculive, Oracle, Opplysningen Online.

Nokre av desse unnataka er gjort ut frå datatryggleik.

Ved nye vurderingar kan dette verta endra. Endringar vil

verta informert om på intranettet.

www.hordaland.no


Det nye HFK intranett

Vi lanserte det nye intranettet i juni medan det enno var i

ein testfase. Å få på plass meir innhald og fornya

innhaldet er ei kontinuerleg oppgåve.

Når versjon 1 av HFK intranett har gått seg til, vil vi gå

vidare med å utvikla nettet med fleire funksjonar/verktøy.

Kom gjerne med innspel om funksjonar og informasjon

du ynskjer skal vera tilgjengeleg på intranettet, send

epost til: informasjonstenesta@post.hfk.no

www.hordaland.no


Startsida på HFK intranett

Venstremenyen er lik for alle

brukarar

Midtfeltet med nytt/aktuelle

meldingar varierer etter

brukargruppe

I høgremenyen vil «Verktøy»

variera etter brukargruppe

I ein overgangsfase vil det gamle

intranettet «Nettopp» vera

tilgjengeleg i eige lenkjepunkt.

– For nye brukarar som ikkje hadde tilgang til

«Nettopp» vil denne lenkja normalt ikkje

verka.

www.hordaland.no


Nyhende på intranett

Nyhende/aktuelle meldingar

er plasserte i midtfeltet

Menypunktet «Vis nyhende

frå» er normalt innstilt på

«Alle»

Du kan sjølv velja kva

tema/avsendar du vil sjå

nyhende frå

www.hordaland.no


Søk på intranett

Søkfunksjonen er plassert øvst til høgre på HFK

intranett.

– Du kan søkja i fire basar: Kven-kva-kor, intranett, Hordaland.no

og politiske saker

Først vel du kva for ein av dei fire basane du vil

søkja i.

– I linja under søkjefeltet kjem det fram informasjon om kva for

ein base du har valt.

Skriv inn aktuelt/aktuelle søkjeord

Trykk på Søk

www.hordaland.no

More magazines by this user
Similar magazines