«Syng for Herren, all jorda, forkynn frå dag til dag ... - Mediamannen

mediamannen.no

«Syng for Herren, all jorda, forkynn frå dag til dag ... - Mediamannen

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Nr. 3 – september 2008

Nytt trekløver

IGNIS

Kåre Conradi

Søndagsskule

«Syng for Herren, all jorda,

forkynn frå dag til dag hans frelse!»

1.Krøn. 16,23


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Alversund kyrkjekontor

Kyrkjevegen 1

5911 Alversund

Tlf. 56 35 73 70

Fax. 56 35 73 71

alversund@lindas.kirken.no

Opningstider:

tysd. – fred. kl.10.00-15.00

Stab

Prost:

Helge Hitland 56 35 73 73

helge.hitland@lindas.kirken.no

Sokneprest:

Åge Palmesen 56 35 73 76

age.palmesen@lindas.kirken.no

Prostiprest:

Rolf Eivind Monsen 56 35 73 75

rolf.monsen@lindas.kirken.no

Sekretær:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

mariann.nepstad@lindas.kirken.no

Kantor:

Odd Leif Mjøs 56 35 73 74

odd.leif.mjos@lindas.kirken.no

Kyrkjekontakten

Faks: 56 35 73 71

Redaktør:

Terje H. Hella 56 35 13 87

Redaksjon:

Jorunn Bernssen

Monika Bøkevoll Aarland.

Rekneskap:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

Layout/setting:

Terje H. Hella

ID fix design 56 17 60 50

Framsidefoto:

Helge Haugland IGNIS

Trykk:

Trykk-Service A/S Knarvik

Url: www.menighetsblad.no

Sokneråd

Alversund sokneråd:

Vidar Rydland 56 35 20 09

Seim sokneråd:

Lars Hjelmtveit 911 89 506

Lygra sokneråd:

Kari Dahl 56 35 51 12

Kontonummer

kontonr. 3632.53.60741

Din plass

i Guds store rom

Andakt ved Helge Hitland

Leiteaksjonar og etterfølgingar høyrer vi ofte om. I fjor vart over 4000

personar meldt sakna her i Noreg i følgje statistikk frå Kripos. Det har

vore mange urolege hjarto, gråt og tårer og mykje spenning knytta til desse

forsvinningane.

Bibelen fortel oss at Gud har ein leiteaksjon gåande. Aksjonen begynte den

kvelden då Gud gjekk omkring i Edens hage og ropte: «Adam, kor er du?»

Denne leiteaksjonen er utvida til å gjelde alle jordas folkeslag. Herren sjølv står

i spissen for aksjonen. For Gud vår skapar kan ikkje miste ein einaste ein av

sine dyrebare menneskebarn.

Er ikkje det fantastisk flott å tenke på at Gud som har skapt milliardar av

menneske – Han søkjer etter den eine bortkomne? Er ikkje det eit godt bilde

av Gud og Hans omsorg for oss?

Vi veit sikkert alle litt om kor vondt det er å miste nokon vi er glade i. Er ikkje

det noko av det vondaste vi opplever? Gud vår Far kjenner same smerten, når

nokon vender seg bort frå Han!

I Lukas 15, 8-10 står det ei forteljing om ei kvinne som hadde 10 sølvpengar

og mista ein. Som ho måtte tenne lys for å finne den mista sølvpengen sin, slik

tente Gud eit lys i verda då Han sende Jesus for å berge oss for himmelen. Som

kvinna bøygde seg ned for å sope og leite, slik bøygde himmelens Gud seg ned

då Han sende Jesus til vår jord for å frelse oss. Gud er ustoppeleg i sin kjærleik

når Han søkjer den bortkomne.

Vi er som dyrebare sølvmyntar som har fått prenta inn Guds bilde og korsmerke.

Vi er hans dyrt kjøpte barn. Med sorg i hjarte ser Han at mange av dei

som ber hans bilde og merke, har snudd ryggen til seg.

Om vi ikkje bryr oss om Gud, så sluttar ikkje Han å bry seg om oss. Om vi

ser oss ferdige med Han, så vit at Han aldri blir ferdig med oss. Om vi sluttar

å tenke på Han, så er vi likevel alltid i Guds tanke. Vi vil alltid vere omslutta

av hans usvikelege kjærleik.

Lar du deg finne av Han, så blir det glede og fest i himmelen og i Guds kyrkjelyd

her på jorda. Du kan også rekne med at det blir glede i din lokale

kyrkjelyd.

«Som når et barn kommer hjem om kvelden og møter en vennlig favn,

slik var det for meg å komme til Gud, jeg kjente at her hørte jeg hjemme.

Det var en plass i Guds store rom, en plass som lenge ventet meg.

Og jeg kjente her er jeg hjemme, jeg vil være et barn i Guds hjem.»

Velkomen til gudsteneste og andre samlingar i kyrkjelyden.

Velkomen til nådens fellesskap.

Styrking av kyrjelydsarbeidet

i Alversund sokn

Har du lagt merke til at Alversund

sokneråd har starta gjevarteneste

for kyrkjelydsarbeidet?

Utviklinga dei seinare åra har

vist at offentlege løyvingar ikkje

strekk til. Den store folkeauken

i soknet utfordrar kyrkja til innsats.

Mange oppgåver ventar på å

verta løyst.

Kunne du tenkje deg å gje ei lita

glasrute slik at vi kunne få nye

vindaugo i kyrkja? – eller til fornying

av ein del utstyr der? Er du

meir oppteken av å styrkje koordineringa

av det mangfaldige arbeidet

i kyrkjelyden, få utvide kateketstillinga

m.m.? Eller kanskje

ein spesiell aktivitet står deg aller

nærast?

Når vi skal planleggje ny kyrkje

i Knarvik, trengst det midlar til

mykje utstyr der.

Vi får ofte tilbakemeldingar om

at det arbeidet som skjer i kyrkjelyden

vert sett pris på. Mange fri-

Samling på julaftan

villige medarbeidarar er i sving

med aktivitetar for «sokneborn» i

alle aldrar: Småbarnstreff, song og

musikk i ulike former, trusopp-læring

for små og store, speidararbeid,

idrett, misjonsengasjement, diakonalt

arbeid, kyrkjering, strikkecafé

med meir.

Kyrkja ønskjer å vere ein kraftfaktor

i nærmiljøet, og leggje til

rette for trivelege møteplassar der

folk kan engasjera seg i det som

interesserer, og som kanskje kan

skapa ringverknader vidare utover.

Ved sida av stor dugnadsinnsats er

økonomien ei sentral side ved arbeidet.

Difor inviterer vi alle som

kan tenkje seg å styrkje kyrkjelydsarbeidet

til eit felles løft gjennom

gjevartenesta, slik at vi kan verta

betre rusta til å ta fatt på oppgåvene

vi står overfor.

Vi veit at det ikkje alle stader er like

sterk tradisjon for gjevarteneste til

det lokale kyrkjelydsarbeidet.

Samstundes ser vi fleire døme på

Har du lyst til å vere saman med andre på julaftan?

Vi har starta arbeid med å planleggje ei samling på Nordhordland

Folkehøgskule på julekvelden. Det vert ei tradisjonell feiring med

julesongar, julehelsing, god julemat m.m. Program vil koma i lokalavisene

og neste nr av Kyrkjekontakten. Vi inviterer alle som ønskjer

å ha nokon å vere saman med på julekvelden. Vi har og bruk for medarbeidarar

til arrangementet. Både deltakarar og medarbeidarar kan

melde seg til Alversund kyrkjekontor i november, tlf. 56 35 73 70.

Kontoret har ope tysdag - fredag kl. 10.00 - 15.00.

Påmelding kan og sendast på e-post: alversund@lindas.kirken.no.

Ver venleg å opplyse om evt. transportbehov.

s.2 s.3

av Vidar Rydland

slikt engasjement i Nordhordland.

Både på Lindås og i Seim har frivillige

gåver bidratt sterkt til å få

nye vindaugo i kyrkja. På Ostereidet

og i Meland vert ein stor

del av lønnsmidlane til diakon og

kyrkjelydskoordinator finansiert

av innsamla midlar. I Alversund

er vi langt fleire kyrkjemedlemer

enn dei andre som er nemnt. Skal

tru kva vi kan få til her?

Kan du avsjå eit par hundre kroner

– eller ein annan sum – i månaden?

Nokre praktiske opplysningar:

I dette bladet vil du finne ein blankett

som du kan bruke dersom du

vil vere med i gjevartenesta.

Blanketten må fyllast ut og sendast

til Alversund kyrkjekontor,

Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund.

Kontoret vil då registrere deg som

gjevar. Autogiro-ordninga medfører

at banken din vil få melding

om å overføre den summen du vil

gje til kyrkjelydsarbeidet. Banken

stadfester avtalen og informerer

deg om når overføringa startar.

Du kan krysse av om du ønskjer

skattefrådrag for gåva – i så fall

du føre på fødselsnummeret ditt.

Det er sjølvsagt også høve til å gje

gåver på andre måtar. Kyrkjelyden

sitt bankkontonummer

3632 50 10635 skal nyttast til

alle gåver. Dersom du ønskjer, kan

du melde frå om eit bestemt formål

som du vil gåva skal gå til.

Har du spørsmål om ordninga,

kan du ta kontakt med kyrkjekontoret

på tlf. 56 35 73 70.


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Kyrkjelydsturen til Kinnaspelet

på sagaøya Kinn

av Terje Øpstebø

Laurdag 21. juni arrangerte

Alversund sokneråd tur til

Kinnaspelet. Turdagen starta

regnfull og grå, så folk måtte

ta med seg litt ekstra klede.

Det var sett opp båt frå Bergen.

Ein av Fjord1 sine hurtigbåtar

reiste frå Strandkaiterminalen

i Bergen kl. 08.00. Båten gjekk

innom Frekhaug og ca. 30 personar

frå Nordhordland gjekk om

bord der.

Ein stor del av turen var reise

med båt som var ei rik oppleving

i seg sjølv. Folk sat og prata og

hadde det fint ilag, og det var underhaldande

å sjå på alle holmar,

skjer, nes, viker, øyer og fjell langs

kysten. Då folk gjekk i land på

Kinn, tok mange regnklede på,

men ganske snart vart det opphaldsver

som varte resten av dagen.

Kl.14.30 kom sola fram.

Frå båthamna gjekk turfolket

om lag ein kilometer i flott natur

til Kinnakyrkja og Kinnaspelet.

Først hadde Flora-presten omvisning

i kyrkja og fortalde frå

bygningens historie. Seinare introduserte

han framføringa. Biskop

Hagesæter hadde og nokre

rosande ord om spelet.

Kanskje er det ikkje utan vidare

lett å forstå alt som skjer i Kinnaspelet.

Men mange skodespelarar,

fargerike drakter, lidenskap og

aksjon gjer at det er verdt å sjå –

også for den som er døv og ikkje

veit noko om det på førehand.

Det står mykje om Kinnaspelet

på Internett. Det har eiga heimeside

(www.kinnaspelet.no) og der

kan vi m.a. lesa kva det handlar

om: «Innføringa av reformasjonen

i 1537 er ramma kring spelet.

Kongens fut kjem med bod om

dette til Kinn. Samstundes gjer

han kjent at alt kyrkjegods er annektert

av krona, og at Noreg er

gjort til lydrike under Danmark.

Inn i dramaet er det lagt eit spel

i spelet, der vi får ei framstilling

av korleis Sunniva laut røme

frå Irland for å sleppe unna den

vonde vikinghovdingen Ramn.

Ho driv i land her på kysten og

vert St. Sunniva av Selje. Legender

og historie dannar miljø og

Ei flott framføring av kammerkoret

bakgrunn. Men nerven ligg like

mykje i ålmenne konfliktar: Tru

og tvil, håp og mismot, kjærleik

og svik, opprør og undertrykking.

Songen ved det store djup - vert

framført like ved den gamle Kinnakyrkja,

ja, kyrkja vert aktivt

brukt i stykket. Den mektige naturen

med stupbratte fjell og storhavet

i vest rammar på ein fantastisk

måte inn spelet og gjer det

til ei ugløymande oppleving.»

Folk fotograferte, åt niste og

gjekk tur i naturen. For mange

var det overraskande at Alversund

kammerkor dukka opp og hadde

konsert i Kinnakyrkja. Songarane

avslutta med «sumarnatta»,

og fleire gjekk og nynna på den

etterpå. Då konserten var slutt,

gjekk folk tilbake til snøggbåten

som tok sikte på vera attende i

Bergen omlag kl. 20:00.

Nye friske takter frå IGNIS

Som mange sikkert har fått med seg var det ein

gjeng med gamle IGNIS-medlemmer som i fjor

vinter byrja planlegginga med å sette opp musikalen

«Puslespelet».

Dette arbeidet kom i gang etter at ein såg at IGNIS

hadde hatt liten aktivitet ein periode og ein ville gjere

ein innsats for at dette viktige arbeidet ikkje skulle

stoppe opp. Koret har aldri vore nedlagt, men grunna

at ein ikkje hadde dirigent ein periode i fjor var aktiviteten

noko mindre. Opp igjennom historia til IGNIS

har medlemstala vore varierande, men vår storhetstid

var vel tidleg på nittitalet då ein hadde rundt 80 ungdommar

med. Koret har hatt og har stor betydning

for dei som har vore med. Her har ein knytt venskap

som framleis står like sterke den dag i dag. Det kristne

felleskapet har og vore svært viktig i IGNIS.

Tekst: Roy Cato Solheim

Foto: Helge Haugland.

Musikalen «Puslespelet» vart sett opp i vår og vi var

noko usikre på kor mange medlemmar vi ville få,

men det viste seg at det var ganske mange som ville

være med og vi vart over 20 som var med på musikalen.

Det var mykje arbeid i forbindelse med denne

musikalen, men det var verdt alt arbeidet då ein såg

kor godt mottatt desse konsertane vart. Fleire av dei

som var med i vår ønsker å være med vidare i haust.

I haust kjem vi ikkje til å sette opp ein musikal, men

vi kjem til å øve inn fleire songar som vi vil framføre

mellom anna på gospelkveldar og liknande. Vi treng

fleire medlemmar og i haust vil vi og samarbeide tettare

opp mot konfirmantane i kyrkjelydane. Då håper

vi at fleire av dei som skal konfirmera seg ønsker å være

med i koret.

Vi øver kvar torsdag kl 19.30 i Misjonshuset i Knarvik.

Første øvinga denne hausten blir 11. september.

IGNIS

s.4 s.5


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Konfirmantåret

2008/09 – Hallo, er det organisten? Me

lurte litt på salmar og musikk til

Konfirmantåret i Alversund

prestegjeld er allereie godt i

gang. I byrjinga av september

hadde 81 ungdommar meldt

seg på til konfirmantførebuing.

I år er det eit «trekløver» som

har ansvar for oppfølginga av

konfirmantane i prestegjeldet.

Ruben Sæle (23 år) er tilsett som

konfirmantlærar i Alversund prestegjeld

i ei 30% stilling. Han skal

ha mesteparten av undervisninga

av konfirmantane. Ved sida av

stillinga si i Alversund, er Ruben

tilsett i ei 60% stilling som ungdomsarbeidar

i Meland kyrkjelyd.

Han er utdanna sosionom, og held

på med ein master innanfor diakoni

ved Menighetsfakultetet.

Bjørn D. Nygård (38 år) er tilsett

i eit vikariat som kateket Lindås

kyrkjelege fellesråd. Han har tidlegare

jobba som kateket i Alversund

prestegjeld og i Olsvik menighet.

Bjørn si oppgåve er å administrere

konfirmantane, pluss noko undervisning.

I tillegg fungerer han

som kateket i Osterfjorden prestegjeld.

Ein del av stillinga går med

til IKT-arbeid ved kyrkjeverja sitt

kontor. Han er utdanna kateket ved

Høgskulen i Volda, og har arbeidd

som lærar og prosjektleiar ved Alversund

skule. Han har no permisjon

frå jobben som dagleg leiar for

Ressurssenteret i Alversund.

Konfirmantlærarane i år er Bjørn D. Nygård, Rolf Eivind Monsen og Ruben Sæle.

Rolf Eivind Monsen (40 år),

prostiprest, skal og delta i konfirmantundervisninga.

Han skal ha

eit spesielt fokus på utforming av

gudstenester for konfirmantar og

ungdomar. Rolf har tidlegare vore

prest i Bremanger.

Konfirmantane vil i år få undervisning

lokalt. Det vil seie at Kyrkjelydshuset,

Misjonshuset, Borgstova

og Myksvoll bedehus vert

brukt til dette formålet. Opplegget

for året blir innhaldsrikt og variert.

Samvera vil vere ei blanding av

undervisning og samtalar. Det er

viktig at konfirmantane får ta opp

spørsmål og tema som dei er opptekne

av. Både i haust- og vårsemester

vert det arrangert seminar.

Då skal alle konfirmantar samlast i

Kyrkjelydshuset. Her set ein fokus

på eit bestemt tema – gjerne med

besøk utanfrå kyrkjelyden.

Ungdomane har fått velje ein

kristen aktivitet som dei skal følgje

gjennom konfirmantåret, til

dømes Fredagskafeen i Knarvik,

Krik i Nordhordlandshallen, Fredagsklubb

på Myksvoll bedehus

eller ungdomskoret IGNIS i Knarvik.

Målet er at konfirmantane

skal oppleve eit kristent miljø. På

sikt er det ønskjeleg at ungdomane

held fram med aktiviteten etter at

konfirmanttida er over. Som konfirmant

skal ein delta i ei rekkje

gudstenester. Det vil i år bli gjort

eit forsøk med «ministrantordning».

I dette ligg det å gje konfirmantane

ulike oppgåver i gudstenestene.

Konfirmantane skal og

vere med på å utforme ulike gudstenester.

Konfirmantleiren går av stabelen i

februar. Då går turen til Sætervika,

slik tradisjonen har vore dei siste

åra. I mars kjem innsamlingsaksjonen

til Kirkens Nødhjelp. Tema

denne gongen er «Sos frå Sør».

Kanskje klarer fleire konfirmantar

med bøsser å setje nye rekordar – ?

Kunden har alltid rett..

gravferda, kanskje du kan hjelpa

oss litt! Eigentleg kan me ingen

salmar som me hugsar, anna enn

den «Vi er gamle, kjære du». Og

så var det eitt forslag om «Blåmann,

blåmann bukken min»,

den er jo veldig fin. Men det er

kanskje ikkje ein salme?

Først tenkte eg det var svogeren

min som ringte for å lura meg i

telefonen, men eg skjøna heldigvis

fort at dette var ein reell kontakt

med dei pårørande i høve ei gravferd.

Det er ein veldig positiv og fin

del av organistarbeidet når nokon

ynskjer å snakka salmar og musikk

ved slike viktige høve i livet som

gravferd og vigsel osv. I dette tilfellet,

var den litt nølande responsen

Seim Barnekor har starta opp att etter sommaren.

Dei minste har vore ned til 4 år, men

då i følgje med foreldre. Koret er ope for gutar

og jenter, opp til 7. klasse. Her syng me mange

flotte songar og har det veldig kjekt i lag!

Velkomen onsdagar kl. 17.00 i Seim kyrkje

Alversund kammerkor øver tysdagar i kyrkjelydshuset.

Du er hjarteleg velkomen til å prøva

om dette er noko for deg Ta kontakt med kantor

Odd Leif Mjøs for informasjon. Koret syng

forskjellige typar repertoar og deltek gjerne ved

ulike tilskipingar.

I år vert det planlagt stor julekonsert med Juleoratoriet

av Bach i Myking kyrkje. Koret syng

då med 22 orkestermusikarar og 4 songsolistar.

Set av datoen 21. desember, – ei fin julegåve!

av Odd Leif Mjøs

min at desse songane nok ikkje var

vanleg brukte som salmar i kyrkja.

Men det finst jo ein god del

andre å velja mellom… eg nemnde

opp fleire som kanskje kunne vera

aktuelle. Jau, nokre salmar hadde

dei visst vore borti, anten i skulen

eller i andre samanhengar, så etter

samtalen hadde dei pårørande eit

knippe salmar å velja mellom.

Av og til er det vanskelegare å imøtekoma

ynskjer om musikk og salmar

ved livets slutt eller eventuelt

ved starten av ekteskapet. «Matteuspasjonen»

av Bach til opning

av gravferda ville teke 2-3 timar

med stort orkester, solistar og kor.

Eller «Skjebnesymfonien» av Beethoven

og «Händels Messias» til utgang,

– svære verk! Nokså uoverstigelege

oppgåver å få til på orgel

med nokre dagar førebuing.

Ikkje all song og musikk passar

inn i kyrkja, sjølv om me held god

takhøgde og bra dørbreidde! Det

er ikkje sikkert songen er så veldig

åndeleg, sjølv om tittelen er «Gud,

hvor du er deilig»! Eller som den

vesle jenta likte så godt; «I eit rosa,

hellig-kopter»!!

I sommar var det mange vigsler, og

det er veldig kjekt at mange brudepar

ynskjer å gjera vigselen personleg

forma. Jobbar med å finna gode

salmar og vel seg bruremarsjar som

dei meiner passar akkurat til deira

bryllaup. Og då er det berre å spela

og syngja med!

s.6 s.7


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Khovd, august 2008

No er vi altså i Khovd, «vannmelonens hjemland», som har vore

målet sidan 3.april. Godt å endeleg vera framme, ganske nøyaktig

fire månader etter at vi kom til Mongolia.

Vi bur i 5. etasje i ei typisk bustadblokk

etter sovjettida, det høgste

huset i Khovd, med nokre midlertidige

løysingar når det gjeld vatn

og straum. Flott utsikt over Khovd

by i alle fall.

Byen ligg på ei grå ørkenliknande

vid slette, ca 1400 moh, og er omkransa

av spisse nakne fjell. Øst for

tettstaden renn ei fin vid elv, som

gir grønne omgjevnader langsmed.

Mongolane er glade i å bada, og

held seg gjerne ved elva når dei

har anledning. Her vaskar dei seg

sjølve, bilane, teppene osv., når dei

først er ved elva.

Her bur ca 30.000 innbyggjarar

vinterstid. Det er tydeleg at folk

flyttar inn til byen igjen no, etter

å ha vore på landsbygda/slettene eit

par månader. Her er universitet og

høgskular for regionen, og det er eit

ungt miljø som dominerer i gatene.

Alt går elles i eit rolegare tempo her

enn i UlaanBaatar. Det gjeld folk

og dyr. Her i byen ruslar ei og anna

ku, eit esel og flokkar med laushundar,

og det er lite trafikk i gatene.

Ikkje godt å sei kva dyra mettar seg

på i sanden, men melonskal finn

dei, og det er ein delikatesse for

dei.

Ei helg her i Khovd, fekk vi invitasjon

til å vera med på opning av

Bairin Medee (Godt nytt). Det er

ei Luthersk kyrkje, ei blant 6 ulike

andre kyrkjesamfunn. Ei enkel

men flott markering, i enkle lokaler,

med mat/frukt etterpå. Mange

smilande og gode uttrykk hos folk.

Søndag same helga var det guds

teneste, og elleve vart døypte, av dei

ei mor med 6 barn. Ho er etnisk kasakk,

som er ei mindre folkegruppe

her i Khovd. Dei fleste kasakkar er

muslimar. Det var ei oppleving å få

vera der og ta del.

Etterpå var det piknik (alternativ

kyrkjekaffi) ved elva eit par mil

unna. På vegen var me innom ein

ger (mongolsk telt), der dei slakta ei

geit. Den tok me med saman med

allskens andre ingrediensar, samt

mjølkespann å koke i. Så då fekk

me smaka «horrhogg», etter ca. 3

timars førebuing. Det næraste me

kjem «fårikål».

Når det gjeld å få kontakt med

mongolar, opplever vi førebels dette

vanskeleg. Dei kan lite engelsk og

vi kan enda mindre mongolsk. Men

vi er i gang med språktimar att.

Elles er det mykje arbeid konsentrert

om praktiske oppgåver for å

få klar kontordelen i NLM-bygget,

slik at sosialprogram og bygdeutviklingsprosjektet

kan få koma

igang. Ein må sjå alle oppgåver i

ein samanheng, og prøve å ta del

der ein kan, særleg i startfasen av

eit slikt prosjekt. Det er mykje spanande

i vente denne hausten med

planlegging, og tilsetjing av mongolske

medarbeidarar.

Den norske skulen i Khovd hadde

skulestart onsdag 20. aug. Den var

utsatt p.g.a. at alt utstyr først kom

med container få dagar før.

Vi har hatt fine skuledagar så langt,

og denne veka var vi på overnattingstur

i lavvo, ved eit stort vatn.

Det vart fiske frå kano, og rikt dyreliv

rundt oss.

Dette var i korte trekk startfasen

vår i Khovd. Trong nokre dagar på

å la inntrykk få siga inn. Det var

så framandt og annleis her enn vi

kunne forestilla oss. Men vi venjer

oss til litt etter litt.

De høyrer frå oss att om arbeid

og prosjekt om ikkje så lenge.

Ønskjer lukke til med nytt arbeidsår

i kyrkjelyden i Alversund denne

hausten!

«Fred etterlèt eg dykk. Min fred gjev

eg dykk. ..» Johs. 14,27

Helsing Mari og Øystein

Høyring om ny gudstenesteordning

Forslag til ny gudstenesteordning vart sendt ut til prøving og høyring

1. september i år. Høyringa omfattar ny ordning for gudstenesta, ny

tekstbok og ny salmebok.

Alle kyrkjelydar i Den norske kyrkja får tilgang på det nye materialet.

Sjølv om berre eit mindretal av kyrkjelydane er høyringsinstansar, skal

alle som vil, få stifte kjennskap til materialet, melder Kirkens informasjonstjeneste.

KPK

Tilbake i Afrika etter flott sumar i Noreg!

Reisebrev frå Kamerun, september 2008

Det er jammen rart å reise til Noreg på ferie. Etter åtte veker med

familie, vener, litt arbeid, og litt leiting etter ting vi ikkje tok med då

vi flytta, kjennest det godt å skulle ta fatt på kvardagen att.

av Trude Tomren

No er vi heime i N’gaoundéré, og

denne gongen veit vi litt meir korleis

året kjem til å gå.

Og vi har fått all bagasjen vår! Det

må vel reknast som eit under når

vi tok laus med fire ungar og 20(!)

kolli? Eit kolli mangla då vi kom

til Paris, og ein bag vart sendt vidare

til Douala sjølv om vi stoppa

i Yaoundé. Representanten vår

trøysta oss med at bagasjen alltid

kjem fram, sjølv om det nokre gonger

kan gå månader… Det gjorde

den denne gongen og, etter berre ei

veke var alt på plass!

Vanlegvis held det å tinge billettar

til nattoget Yaoundé-N’gaoundéré

tre dagar i forvegen. Denne gongen

var toget fullt, og ikkje ein

soveplass var å oppdrive! Prøv å sjå

for korleis det er å sitte ei heil natt i

ein vanleg kupé med fire ungar og

18 bagasjekolli? Vi fikk heldigvis

billettar på første klasse etter mykje

venting og kø-ståing, og turen vart

ei artig oppleving. I sittevognane er

lyset på heile natta, og i nabokupeen

var det eit mannskor. Det er

god underhaldning kvar gong det

er stopp. – Vi sov litt og, faktisk.

Etter nokre dagar har vi fått sove

ut, og må berre venne oss til å vere

i Afrika att.

No er det tid for arbeid. Bernatte,

min gode kollega i trusopplæringsdireksjonen,

er innom kontoret for

å slå av ein prat. Vi jobba saman

med organiseringa av mini-leirar

for born førre året, det vil seie ein

heil dag med bibelundervisning,

song, leik, og litt mat.

Ho lurar litt på kor mykje pengar

eg disponerer på arbeidsbudsjettet

mitt.

Dette året kjem det ikkje studentar

frå Hald evangeliseringssenter,

og dermed er det mindre pengar i

sirkulasjon òg. No spøkar det litt

for mini-leirane, som vi skulle hatt

annankvar laurdag ute i dei små

kyrkjelydane i regionen. Eg kan

trøyste henne med at det nok går

i orden, vi skal nok greie å finne

pengar til diesel, og til brødet som

ungane får i pausen. Drivstoff kan

eg føre på mitt arbeidsbudsjett, og

brødet, det er ikkje større summen

enn at eg kan betale det sjølv.

Ho sukkar litt likevel. Det er ikkje

heilt sikkert at samarbeidet med

Hald kjem til å fortsette, og det gir

økonomiske utfordringar på lengre

sikt.

Dette er noko eg har von om å

kunne hjelpe litt til med. I planarbeidet

som vi held på med ilag, er

eit av måla å gjere Kyrkja (EELC)

meir sjølvdreven, så arbeidet ikkje

stoppar opp når pengane frå samarbeidspartnarane

ikkje er der.

Når vi diskuterer forskjellige måtar

å legge opp leiartrening på, vert

Bernatte ivrig.

«Tenk om vi kan få til dette!», seier

ho.

Og det kan vi nok. Det er mange

dyktige medarbeidarar i EELC, og

det er eit stort privilegium å få lov

til å arbeide ilag med dei.

Vi søkjer kvinner og menn over 20 år som har orden på livet, tid til å bry seg

og lyst til å utvikle seg. Les meir på www.kirkens-sos.no eller ring 55 32 58 45.

s.8 s.9


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Heimeleir på Myksvoll

29. – 31. august

Barna som kom på heimeleir denne

helga fekk oppleva ein smakebit

av leirlivet slik ein oftast møter

det på leirplassane.

Det var bibelsamlingar, sporlaup, leirkor, fest med

sketsjar og leikar, formingsaktivitetar og meir.

Jonas og Josefine (handdukker) dukka opp rett som

det var. Vi hadde fleire måltid i lag, men når kvelden

kom gjekk alle heim for å sova.

Søndag var foreldre, søsken og andre inviterte til

fleksi-frukost og deretter søndagssamling.

Skodespelar Kåre Conradi synest det er flott å få

vere med på å formidle barnesalmar til nye generasjonar.

Mange av salmane har han med seg frå

barndomen. – Eg tenkjer at dei barna som lyttar til

desse barnesalmane får med seg noko som vil sitje

att i dei til dei blir gamle, seier han.

Tema for leiren var «På skattejakt», og skattekista

vart etterkvart fylt med bibelord. Utfordringa er

at vi ikkje må gå glipp av den største skatten i livet,

nemleg Jesus og alt han vil gi oss.

Det var barne- og ungdomsleiarar i bedehuset

som arrangerte leiren, med økonomisk støtte frå

Lygra sokneråd.

Salmeskatt til nye generasjonar

Tekst og foto; Ole Andreas Husøy

For ei tid tilbake var han med på lanseringa av CDen

«Takk, gode Gud, for alle ting».

Saman med Kåre Conradi er Ingelin Reigstad

Nordheim og Ole Børud, medan jenter frå Jeløy

Kirkes Barne- og Ungdomskor er koristar.

Barnesalmane er henta frå Barnesalmeboka som

IKO og Verbum gav ut. Det er tidlegare gitt ut éin

CD med salmar frå boka, no er nummer to komen.

Den inneheld 20 salmar, både klassiske og nyare

salmar.

Geir Hegerstrøm, som saman med Erlend Fagertun

har arrangert melodiane, seier at dei har vore opptekne

av å arrangere dei slik at alle salmane skulle

lyde nye og friske.

«Fager kveldsol smiler», «Alle dei fuglar som flaug»,

«Gud, du har mange å tenke på» og «Gud som har

oss alle kjær» er blant dei 20 utvalde salmane på den

nye CD-en IKO-Forlaget har gitt ut. KPK

Søndagsskulane

I Alversund Prestegjeld er det no 6 søndagsskular.

Me startar opp med å syngje mykje, både gamle og

nye songar. Etter å ha tent lys for å minna om at

Jesus er iblant oss, har me andakt eller ulike måtar

å formidle ei bibelhistorie på.

Opplegget «SPRELL LEVANDE» er lagt opp slik at

me kan nytta flanellograf, dramatisering, teikneserieplansjar,

video/dvd og handdukker. Ofte er det ei

aktivitetsstund, der ein får teikne, fargeleggja, spela

noko eller leika. Nokre stader er det mat i tillegg.

PFeste Søndagsskule

held til i heimen til Jorunn Nordbustad, og varer frå

kl. 11.00 til kl. 12.00. Sjå oppslag for oppstart.

Kontakt: Jorunn Nordbustad tlf. 56 35 51 43

PAlversund Søndagsskule

held til i kyrkjelyds-huset frå kl. 11.00 til kl. 12.45.

Sjå oppslag for oppstart.

Kontaktperson: Ingunn Kvalsvik tlf. 56 34 13 85

PKnarvik Søndagsskule

held til i Knarvik Misjonshus dei søndagane det er

gudsteneste eller samling, og varer frå kl. 11.00-12.30

Dato: 31.08, 21.09, 28.09, 26.10, 9.11, og 23.11.

Kontaktperson: Sissel Totland tlf. 56 35 17 91

Nytt frå kyrkjekontoret

Sokneprest Åge Palmesen er

sjukmeldt til ut på nyåret. Vikar

for han er Even Fanebust. Han

tiltrer 7. oktober.

Prostiprest Børge Ryland vikarierar

i eitt år som sokneprest

i Austrheim/Fedje. Vikar i hans

stilling er Rolf Eivind Monsen.

Sommaravslutninga på Vollom

Rolf Eivind Monsen vil ta del

i konfirmant-undervisninga i

Alversund prestegjeld. Han bur

i Salhus, og har tidlegare vore

sokneprest i Bremanger.

Bjørn Nygård frå Alversund vil

vikariera i stillinga som kateket

i eitt år. Han vil i hoved-

av Monika Bøkevoll Aarland

PMyksvoll Søndagsskule

har bytta dag til onsdag. Dei held til i Myksvoll

Bedehus, frå kl. 17.00 til kl. 18.15, annankvar onsdag.

Oppstart 10. september.

Kontaktperson: Jorunn Bernssen tlf. 56 35 52 44

PVollom Søndagsskule

har bytta dag til søndag. Dei held til i Vollom Bedehus,

frå kl. 11.00 og utover. Oppstart 21. september.

Kontaktperson: Miriam Monstad tlf. 56 35 25 57

PSeim Søndagsskule

held til i Seim Bedehus.

Sjå oppslag på Seimstrand

Kontaktperson: Solveig Hjelmtveit tlf. 56 35 08 58

sak vera den som vert ansvarleg

for konfirmant-undervisninga i

prestegjeldet.

Ruben Sæle, som for tida er

ansatt som ungdomsarbeidar

i Meland, vil óg ta aktivt del i

konfirmant-undervisninga i

Alversund.

s.10 s.11


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Konkurranse

Barnesida

av Monika Bøkevoll Aarland

1: Kva heiter dei to første menneska?

2: Kva gjorde Gud den sjuende dagen?

(Svara er å finna i 1.Mosebok, kap. 2 og 3)

Gåte

«Jesus seier: Den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort.» Joh. 6,37

Kva er det som er stripete og

går rundt og rundt?

Fargelegg

Send inn svara innan 10.november til: alversund@lindas.kirken.no eller i brev til: Kyrkjekontakten, Kyrkjevegen 1,

5911 Alversund. Rett svar sist var: «Du skal halda kviledagen heilag» og «Du skal ikkje lyga». Det kom ikkje inn svar

førre gong. Dei som sender inn svar på konkurransen kan vinne ein fin premie! (Svar på gåta: Ein sebra i ei svingdør.)

Døypte

Frå kyrkjeboka

Alversund:

08.06.08

Andrea Sellevold Hauge

Enya Sande

Lars-Erik Seeberg Gjelsvik

Liam Eidsnes Phillips

Thorbjørn Nordanger

15.06.08

Mathea Othilie Mostraum

døypt i Hjelmås kapell

22.06.08

Robin Fanebust Osa

døypt i Knarvik misjonshus

29.06.08

Elise Strømme Storheim

Martha Alice Iden Isherwood

Patrick Amundsen Høvig

Vetle Bjørsvik Rath

Jonas Kallestad Rath

13.07.08

Samuel Strømmen Gjuvsland

20.07.08

Ruben Iversen Bergetun

døypt i Myking kyrkje

22.06.08

Robin Fanebust Osa

døypt i Knarvik misjonshus

27.07.08

Cato Sperrevik

Sondre Håland Dyrøy

17.08.08

Hannah Kirkevik

Lilly Sophie Jørgensen Ramsdal

Eline Alver Hordnes

Frida Færø Linde

Julian Wallem Veland

31.08.08

Lotte Borren Mikkelsen

Isabela Gullaksen Brendehaug

Julie Mjøs Bjørnevoll

John Runar Vågstøl Hilland

Gard Tyssebotn-Litleskare

Tony Andreas Hindenes Bysheim

Olav Herland Sæthre

03.08.08

Leah Valadao Petersson

August Rønn-Aar

24.08.08

Ronja Johansen-Grenasberg

Robin Børslid

Benjamin Låstad Grønnevik

Lygra:

24.08.08

Emma Rydland Køhne

Vigde:

Alversund:

07.06.08

Bente Tvedt Crisostomo og

Henrik Ove Kjøpstad

14.06.08

Tina Brakstad Larsen og

Gisle Rækstrand Dal

Elisabeth Skårnes Vågenes og

Jan Børge Mikkelsen

21.06.08

Nina Hordvik og

Jan Tore Haugland

Laila Kalnes og

Christer Gudmundsen

19.07.08

Silje Marøy og

Daniel Thomassen

Hilde Samnøy og

Werner Blomberg

26.07.08

Anette Hagerup Øpstebø og

Øystein Aamli

08.08.08

Wibeche Andreassen og

Dan Storheim

16.08.08

Christine Foss og

Seim:

11.05.08

s.12

Tina Lovise Spurkeland

Lars Christian s.13 Barstad

Trude Isdal Fosse og

Thomas Krossøy Fosse

23.08.08

Ingrid Nergaard og Frode Fjeldstad

30.08.08

Monica Skauge og

Simon Milorad Demic

Camilla Mjelstad Angelskår og

Eirik Riis Haraldsen

Seim:

23.08.08

Merete Nerås Karlsen og

Bjarte Vatnøy

Døde:

Alversund:

14.07.08

Anna Alver f. 1918

26.07.08

Johnny Kjell Magnus

Hilland f. 1943

29.07.08

Steinar Erling Solvang f. 1943

12.08.08

Magda Augusta Leivestad f. 1904

Seim:

11.06.08

Ingolf Bernhard Kolås f. 1913

09.07.08

Margun Kristense Kolås

Westerfjell f. 1942

16.07.08

Oddny Rydland f. 1925

19.07.08

Alv Peder Kopperdal f. 1923

26.08.08

Karl Totland f. 1917

28.08.08

Dagny Ingebjørg Monstad f. 1925

Lygra:

22.07.08

Borghild Hansen f. 1911


Knarviksenter, 5914 Isdalstø

Tlf. 56 35 12 70 - Faks. 56 35 10 99

ELEKTRO . SERVICE A S

Alvermarka - 5911 Alversund

tlf. 56 35 15 40 - Fax. 56 35 21 45

Elektriske installasjoner - Bolighus -

Industri - Landbruk -

NEPSTAD BYGG AS

Byggmeister Ole-Håkon Nepstad

Nybygg -Rehabilitering

Tlf. 56 35 06 69

FAGKUNNSKAP GJEV TRYGGLEIK

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Beredskapsordning for prestane i prostiet

- På kvardagar i tidsromet 17.00 – 08.00.

- I helgene/høgtidene frå kl. 08.00 er det alltid ein prest i beredskap i prostiet.

Ved akutt behov for presteteneste, (dødsbod, soknebod for døyande, sjelesorg samtale i kritiske

situasjonar), skal ein ta kontakt med vakthavande prest på mobiltelefon:

Vakttelefon: 954 83 874

Blomster til

alle anledninger

AS

FIBROMASTIK

Vatnøy Eiendom AS

Vi ordner alt

vedrørende dødsfall i distrikt og by.

DØGNVAKT TLF. 56 37 14 10

PRIVAT TLF. 56 37 40 49

«Bokhandelen som setter kristen litteratur og musikk i fokus»

– Knarvik -

FIBROMASTIK

Kan anvendes til heldekking og reparasjon/tetting på

tak av takpapp, shingel, asfalt, sement/betong, eternitt,

bly, galavaniserte plater, sink, skifer m.m.

Krever ikke oppvarming.

Tåler regn umiddelbart etter påføring

Kan anvendes til heldekking og reparasjon/tetting på

tak av takpapp, shingel, asfalt, sement/betong, eternitt,

bly, galavaniserte plater, sink, skifer m.m.

Krever ikke oppvarming.

Tåler regn umiddelbart etter påføring

Kvamsvåg • 5911 Alversund • Tlf.: 56 35 00 05 • Mobil: 90 11 82 90

E-post: fosse-b@online.no

Kvamsvåg • 5911 Alversund • Tlf.: 56 35 00 05 • Mobil: 90 11 82 90

E-post: fosse-b@online.no

Glassfiberarmert

tyktflytende asfaltmasse

med meget lang

holdbarhet!

Til tetting av grunnmur, betongdekke o.l.

Tlf. 56 35 00 05

Vetrlidsallmenning 1

tlf. 55 31 79 63 post@vestbok.no

www.vestbok.no

– Din kristne bokhandel – Åsane Senter!

Bibler

Bøker – Musikk – Film – Kort – Gaver

tlf 55 19 82 00

Tlf: 56 34 38 00

BRUKNAPP BETONG AS

FERDIG BETONG - BETONG-

PUMPING - SAND - SINGEL

Fabrikk i Alverstraumen,

5911 Alversund

TLF. 56 34 23 60

s.14 s.15


i Alversund prestegjeld

12. oktober Alversund kl 1100 v/Fanebust - kor - Hausttakkegt.

Lygra kl 1700 v/Monsen Hausttakkegudsteneste

+ Søndagsskulens dag

17. oktober Alversund kl 1900 Ky r k j e l y d s f e s t

Kyrkjelydshus

Du er hjarteleg velkomen

19. oktober Seim kl 1100 v/Hitland Hausttakkegudsteneste

Knarvik kl 1700 v/Fanebust Hausttakkegudsteneste

Seim kl 1900 Ko n s e r t

26. oktober Alversund kl 1100 v/Monsen

01.november Alversund kl 1200 v/Fanebust Dåpsgudsteneste

02. november Alversund kl 1700 v/Fanebust Minnegudsteneste

09. november Alversund kl 1100 v/Monsen søndagsskulens dag

Lygra kl 1700 v/Hitland Nattverd

16. november Alversund kl 1100 v/Fanebust søndagsskulens dag

Seim kl 1700 v/Hitland søndagsskulens dag

23. november Alversund kl 1100 v/Hitland Nattverd

kl 1245 v/Hitland Dåpsgudsteneste

30. november Knarvik kl 1700 Lysmesse

07. desember Alversund kl 1900 Lysmesse

Lygra kl 1700 v/Hitland Lysmesse

Seim kl 1600 Ad v e n t k o n s e r t

14.desember Alversund kl 1100 v/Fanebust

kl 1700

Ad v e n t k o n s e r t

Småbarnstreff

Kvar torsdag kl. 10.30 - 13.00

Stikkord:

Song – leik – hobby

prat og kos

Matpakke

Kaffi og te (kr.10,-)

Velkommen innom !

Det Nye testamentet

som lydbok

No kan du få lytte til Det Nye

testamentet som lydbok.

Den er å få låne som CD’ar, og vi

har den på begge mål-former.

Ta kontakt med

kyrkjekontoret i Alversund.

More magazines by this user
Similar magazines