Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim Men du ... - Mediamannen

mediamannen.no

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim Men du ... - Mediamannen

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Nr. 4 – Desember 2008

Takkar for seg

Mongolia

Kamerun

Jubilantar

Men du, Betlehem, Efrata, den ringaste mellom ættene i Juda.

Frå deg skal eg få meg ein mann som skal vera herre over Israel.

Han har sitt opphav i gamal tid, han er frå eldgamle dagar.

(Mika 5,1)


Kyrkjeblad Kyrkjeblad for Alversund, for Lygra og og Seim

Alversund kyrkjekontor

Kyrkjevegen 1

5911 Alversund

Tlf. 56 35 73 70

Fax. 56 35 73 71

alversund@lindas.kirken.no

Opningstider:

tysd. – fred. kl.10.00-15.00

Stab

Prost:

Helge Hitland 56 35 73 73

helge.hitland@lindas.kirken.no

Sokneprest:

Åge Palmesen 56 35 73 76

age.palmesen@lindas.kirken.no

Prostiprest:

Rolf Eivind Monsen 56 35 73 75

rolf.monsen@lindas.kirken.no

Sekretær:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

mariann.nepstad@lindas.kirken.no

Kantor:

Odd Leif Mjøs 56 35 73 74

odd.leif.mjos@lindas.kirken.no

Kyrkjekontakten

Faks: 56 35 73 71

Redaktør:

Terje H. Hella 56 35 13 87

Redaksjon:

Jorunn Bernssen

Monika Bøkevoll Aarland.

Rekneskap:

Mariann Nepstad 56 35 73 70

Layout/setting:

Terje H. Hella

ID fix design 56 17 60 50

Framsidefoto:

Nils Arne Lavik

Freske frå katolsk kapell på Hyrdemarka

utanfor Betlehem.

Trykk:

Trykk-Service A/S Knarvik

Url: www.menighetsblad.no

Sokneråd

Alversund sokneråd:

Vidar Rydland 56 35 20 09

Seim sokneråd:

Lars Hjelmtveit 911 89 506

Lygra sokneråd:

Kari Dahl 56 35 51 12

Kontonummer

kontonr. 3632.53.60741

Jesu Fødestad

– kor er no det eigentleg

Juleandakt av Rolf Eivind Monsen

For inntil eit par år sidan var eg prest i ei bygd som heiter Kalvåg.

Eitt år sette dei seg som mål å lage ei pepperkakebygd. Der var både

hus og buer og sjølvsagt var kyrkja viktig å få med, og den vart verkeleg

flott. Skuleungane var sjølvsagt med og laga ei pepperkakeskule. Men

nettopp der og då var det ein ting som opptok dei meir. Og det var det digre

Pepperkakehjarte som ikkje skulle gå til pepparkakebygda, men som skulle

hengja i klasserommet. Mykje arbeid var lagt ned i å få det så stort som

mogeleg. Så pynta dei pepperkakehjarte etter alle kunstens reglar. Deretter

hengde dei det opp i klasserommet.

Men det var berre det at hjartet viste seg å vera litt for stort. For det ramla i

golvet under si eiga vekt. Og dermed knakk det i to. Elevane vart sjølvsagt

veldig lei seg. Dei var så stolte av dette store pepperkakehjarte som dei hadde

fått til. Men då fekk læraren ein god ide. Dei kunne jo forsøke å reparere

hjartet. Læraren henta nål og tråd og så sydde dei det saman med sirlege

sting. Ein aldri så lita hjarteoperasjon. Så no fann dei ut at det kanskje var

like greitt at det låg på eit bord slik at alle som kom inn kunne smaka på hjartet

og kjenna kor godt det var. Det var ikkje berre til pynt. Det skulle nytast

og smakast. Og ikkje minst vera til gleda for andre.

Mett ditt auga med ljoset frå det høge heiter det i ein salme. Det minner oss

om at advent og jul er både smakfulle og fulle av lukt. Og at sansane våre

vert sett på prøve. Det fortel oss og at det viktigaste er ljoset frå det høge som

gjesta oss som ei solrenning, Jesus Kristus. Han som hadde eit så stort hjarte

og så mykje kjærleik at han vart øydelagd, krossfest og sundbroten. Men det

skjedde ikkje utan meining. Og ikkje utan at det kom noko godt ut av det.

For Gud gjennomførte sin eigen «hjarteoperasjon» då han reiste Jesus opp

frå dei døde. No kan alle som vil få ein del av ham og kjenna og smaka at

Herren er god.

Adventstida inviterar oss med alle sine forventningar og tradisjonar óg til ettertanke.

Kva med vårt eige åndelege tempel Korleis førebur eg meg til å ta

imot han som er opphavet og enden, den fyrste og den siste og den levande

Kva fyller vi hjarto våre med «Korleis pyntar eg mitt «pepparkakehjarta»»

Og ikkje minst – kven får lov til å smaka på det Vi førebur feiringa av Jesu

fødsel og at han ein gong skal komma attende, vår høge gjest. Og då er det

viktigaste som skjer i adventstida ikkje nødvendigvis at vi kjem til jul, men

at Jesus kjem til deg og ønskjer å verta fødd ikkje berre i Betlehem, men og

her i våre «pepparkakebygder/hjarto». Så er det heller ikkje først og fremst i

Betlehem at det skjer, men i hjarto våre. Det er Gud sitt løfte til deg om du vel

å sleppa han inn. Berre smak og kjenn at Herren er verkeleg god.

Med ynskje om ei signa jul!

s.2

Biskopen

takkar

Mest alle spør om det er vemodig

å slutte. Svaret er ja. Det er

eit privilegium å få gjere teneste

i Bjørgvin. Uventa og utan atterhald

er eg blitt tatt imot i svært

ulike krinsar. Breie lag av folket

spør etter biskopen som støtte for

saka si. Biskopen er ein leiar ein

kan ergre seg over og til tider vere

stolt av. Det er ikkje det same for

folk korleis han markerer seg.

Mange kjenner seg stadfesta når

dei opplever at biskopen lukkast.

Titusener av handtrykk har det

blitt i kyrkjedører på Vestlandet

og i sjømannskyrkjer over heile

verda. Eg var der som symbolfigur

og som ei stadfesting på det

å bli sett. Men fyrst og fremst

var eg der som sendebod frå Gud

med godt nytt i ei rufsete tid.

Somme har eg såra undervegs.

Dei opplevde seg som taparar når

eg skar gjennom. Det er eg lei

for. Dei venta betre frå kyrkja sin

fremste representant. Som biskop

har eg mitt å be om orsaking for.

Det vil alle skjøne. Eg sjølv, framfor

nokon.

Eg kom frå sjelesorga til bispestolen.

Det er samtale og relasjonsarbeid

eg har halde på med så

lenge eg har vore prest. I dei gode

stundene vonar eg det har prega

bispegjerninga òg. Eg har trivst

som biskop, sjølv om leiarrolla

har hatt kostnader.

Der er dei som seier at eg har vore

ein tydeleg biskop. Det er meint

som eit kompliment, som eg takkar

for. Men det har vore utfordrande

å vere faneberar når ein

er skapt til å vere båreberar. Det

er mykje i livet som er sårbart og

som ikkje går opp. No vil eg søkje

attende til sjelesorga. Eg vil vitne

om vona og Guds nærvere i det

skjøre og uferdige.

I arbeidet mitt som biskop har

Else Liv vore med meg heile vegen.

s.3

et

Bispetenesta mi her i Bjørgvin er i ferd med å ta slutt. Eg har

passert aldersgrensa etter 14 år i bispestolen. No skriv eg for

å takke for fylgjet, med bøn om signing for all god gjerning.

Dei som kjenner meg, veit kor

mykje det har hatt å seie. No har

vi slått oss ned på hennar og min

far sine heimetraktar i Nordhordland.

Vi blir framleis i Bjørgvin.

Her vil vi gå til gudsteneste og

her vil vi byggje kyrkjelyd! Saman

vil vi gjere Kristus kjend, trudd,

elska og etterfylgd.

Ein varm takk til alle gode medarbeidarar,

mest til dei av dykk

som få ser, men som gjer ei eineståande

teneste mellom små og

store!

Gud signe Bjørgvin bispedøme –

som har så mykje og som treng

så mykje!

Ole D. Hagesæther

Prostiet sin Kyrkjefest 2009

Prostiet sin Kyrkjefest 2009

Prostirådet legg opp til Kyrkjefest for prostiet på Nordhordland

Folkehøgskule – søndag 15. februar 2009 – kl 12.00-17.00.

Kyrkjefesten denne gongen vil ha gudstenesta i fokus, både

gjennom foredrag og ulike seminar. Det vert ikkje gudsteneste i

lokalkyrkjelydane denne søndagen, men kyrkjefesten vert avslutta

med ei prostigudsteneste i storstova på folkehøgskulen.

Detaljprogram vil verta kunngjort og spreidd seinare

Vel møtt til ein dag med inspirasjon fellesskap og glede!


Kyrkjeblad Kyrkjeblad for Alversund, for Lygra og og Seim

Kyrkjelydsfesten

for Alversund sokn

Det var invitert inn til kyrkjelydsfest

i Alversund fredag 17. oktober.

I kyrkjelydshuset i Alversund sat

både unge og gamle. Mellom dei

frammøtte var ordførar, prestar,

Ignis og Kammerkoret. Even Fanebust

steppa inn på kort varsel. Han

tala om humor i Bibelen. Salen

var pynta til fest på ein framifrå

måte, og til mat fekk vi førsteklasses

snittar og kaker. På kvart bord

låg det songhefter. Soknerådsformann,

Vidar Rydland, opna og

leia festkvelden. Det var sendt ut

innbyding til kontaktpersonar for

ulike aktivitetar i kyrkjelyden, og

ein god del av dei var møtt fram.

Kveldens høgdepunkt skulle vera

ei framstelling av det som skjer i

kyrkjelyden. Og vi vart overraska.

Det føregår meir både for unge og

gamle enn vi visste om. Ein del er

formidla her, men du får vita meir

på kyrkjekontoret, Misjonshuset i

Knarvik, på plakatar eller på Internett.

Aktivitetane i kyrkjelydshuset

favnar vidt – her er noke både for

små og store.

Småbarnstreff er ein uformell

møteplass for unge familiar. Det er

kvar torsdag i 10-11 tida.

Solstrålen barnekor er for barn

3-6 år. Dei øver frå kl. 18 annankvar

onsdag.

Gnisten barneforeining er for

barn frå 3. klasse og oppover.

Søndagsskolen er annankvar søndag.

Mange barn har foreldra med.

Speidarane har halde på sidan

januar – har meldt seg inn i KFUK

/ KFUM, har starta enkelt, men

har bygt seg gradvis opp. Det har

sitt utspring i at ein del foreldre

ønskte å vera saman med ungane

og gjera noko kjekt med dei i naturen.

Sing Sing Ling er juniorkoret. Det

er for ungar frå og med andre klasse

og oppover.

Voks er eit ungdomsarbeid i Alversund

sokn. Dei har smågrupper

i Knarvik og Alversund der

dei snakkar om det å vera kristen,

og målet er å bli betre kjende med

Jesus og kvarandre. Vidare har dei

fellessamlingar i brannstasjonen i

Meland. Der er dei i lag med volumgrupper

frå Meland kyrkjelyd.

Dette er eit samarbeid mellom Meland

og Alversund.

Fredagskos/eldretreff er ein møteplass

for dei litt eldre. Dei møtes

ein gong kvar månad inne i peisestova

om formiddagen.

Kyrkjeringen er samla kl 11.00 om

formiddagen første onsdag i månaden.

Dei har vore opptekne av å

samla inn pengar til kyrkjelydshuset

og har andakt og kaffi og litt å

bita i. Dei har hatt årlege basarer

til inntekt for kyrkjelydshuset. No

har yngre krefter overteke ansvaret

for basaren.

Strikkekafeen er møteplass for

unge mødre. Det er mange nytilflytta

som har behov for ein møteplass

der dei kan bli kjende med

s.4

av Terje Øpstebø

andre frå Alversund, og dei samlast

i kyrkjelydshuset kvar 14. dag.

Roseprosjektet har pågått i 15 år.

Det er ein del av diakoniarbeidet i

kyrkjelyden, og går ut på å dela ut

ei rose til alle i Alversund som fyller

80 år.

Kammerkoret øver fast i kyrkjelydshuset.

Samtalegruppa held til i kyrkjelydshuset.

Den samlast annankvar

onsdag frå 19.30-21.30. Her er det

framleis plass til fleire.

Bønegruppa samlast i kyrkjelydshuset

annankvar måndag.

Ignis var i 2007 lite aktivt pga.

mangel på dirigent. Men dei starta

opp igjen i januar i år. Dei er for

tida ca. 25 stykke, men ønskjer

fleire, spesielt alt-stemmer.

Barnekoret i Knarvik er for barn

frå 4 år. Dei øver annankvar måndag.

Søndagsskolen i Knarvik er lagt

inn i gudstenesta – den føregår når

dei har gudsteneste i misjonshuset

og er lagt til søndagssamlingane

i misjonshuset som blir arrangert

ein gong kvar månad.

18+arbeid er nystarta samlingar i

Knarvik misjonshus for ungdomar

frå og med 18 år.

Fredagskafeen har tatt heilt av.

Det har kome opptil 40-50 ungdomar.

Forutan tale driv dei med

film og data.

Det ligg program for Misjonshuset

på Internett:

w w w.knarvikmisjonshus.no

Min Julesalme

I barneskolen hadde vi en engelsklærer

som hadde funnet fram til en

del engelsk-språklige sanger som

han brukte i undervisningen. Der

i blant var også denne sangen.

Jeg vet ikke hvorfor, men av en

eller annen grunn grep denne

sangen meg allerede som 12-åring.

Om det var teksten eller om det

var melodien kan jeg ikke si i dag,

så mange år etter, men i alle fall

ble jeg grepet av sangen. Flere

år senere oppdaget jeg også den

norske teksten.

Agnes Landmark, som døde i

1959, skrev den norske teksten til

det første verset, og Eyvind Skeie

skrev andre og tredje verset i 1979.

I dag finner vi sangen i Norsk

Salmebok nr. 64.

I originalspråket ble teksten første

gang publisert i en liten sangbok

(«Little Children’s Book for Schools

and Family») i Philadelphia i 1885.

Forfatter til første og andre vers er

ukjent, selv om noen kilder hevder

det er Martin Luther, men dette er

etter all sannsynlighet galt. Denne

lille boken ble utgitt av James R.

Murray, som også laget melodi

til teksten. Det tredje verset er

skrevet av John T. McFarland i

Av Terje H. Hella

Da jeg ble utfordret til å skrive om min julesalme, følte jeg at

dette måtte bli vanskelig. Jeg tenkte at det å skulle finne en

julesalme framfor andre, ikke kunne bli lett. Det er så mange

fine å velge mellom. Men om jeg skal falle ned på en spesiell,

må det bli Eyvind Skeie sin gjendiktning av den amerikanske

sangen «Away in a manger».

1904. I 1895 laget William

J. Kirkpatrick en ny melodi

til teksten. Denne melodien

er i dag mest kjent, og er den

som vi forbinder med salmen

også i norsk juletradisjon.

Både den amerikanske og

den norske teksten peker

på det lille Jesus-barnets

fattige kår ved fødselen,

samtidig som det også peker

på hans storhet. Siste verset

fremhever også, synes jeg, at

Han er den som er der i vår

siste stund, og Han er den

som bærer himmelportens

nøkler.

Spesielt Eyvind Skeies tekst

synes jeg på en klar måte

trekker fram julebudskapet,

samtidig som den og

forteller at veien til korset går

gjennom barnet i krybben.

Jeg synes teksten på en fin måte

binder sammen både julens og

påskens mysterier.

Vi befinner oss alle et sted på veien

mellom krybben og korset. Men

julen sin krybbe og påsken sitt kors

bærer Han som gjør alle ting nye.

Han som var Gud, og var tilstede

allerede ved skapelsen, er kommet

s.5

En krybbe var vuggen

En krybbe var vuggen som ventet ham her,

det lille barn Jesus, vår Frelser så kjær.

Men stjernene lyste helt inn der han lå,

det lille barn Jesus, på leiet av strå.

Så enkelt og stille kom Gud til vår jord.

Så høyt er jeg elsket av Jesus, min bror.

Han kom fra Guds himmel, Gud selv var han

lik,

men Jesus ble fattig, og jeg er blitt rik.

Fra krybben til korset gikk veien for deg,

slik åpnet du porten til himlen for meg.

Velsign oss,vær med oss, gi lys på vår vei,

så alle kan samles i himlen hos deg!

Away in a manger

Away in a manger, no crib for a bed,

The little Lord Jesus laid down His sweet head.

The stars in the sky looked down where He lay,

The little Lord Jesus, asleep on the hay.

The cattle are lowing, the Baby awakes,

But little Lord Jesus, no crying He makes;

I love Thee, Lord Jesus, look down from the sky

And stay by my cradle till morning is nigh.

Be near me, Lord Jesus, I ask Thee to stay

Close by me forever, and love me, I pray;

Bless all the dear children in Thy tender care,

And fit us for Heaven to live with Thee there.

til vår jord for å bli menneske som

oss – både på godt og vondt. Til

slutt gikk Han frivillig inn i døden

for menneskeheten. På denne

måten ble himmelporten åpnet for

deg og meg. Vi må bare våge å ta

valget.

Jeg ønsker Kyrkjekontaktens

lesere en riktig God Jul!


Kyrkjeblad Kyrkjeblad for Alversund, for Lygra og og Seim

Julehelsing

Julenytt

frå Khovd i Vest-Mongolia frå Mari og Øystein – frå ei dame i Afrika

Trude Tomren

Det lir mot juletid, utruleg nok.

Og me får igjen høve til å formidla

litt frå kvardagane våre her

i Khovd. Denne gongen tenkte vi

å fortelja litt frå Sosialprogrammet

SCR, Strengthening Childrens

Rights, som er Øystein sitt

arbeidsområde.

Etter etablering av kontorlokaler

er vi no på plass, og arbeidet er

meir sentrert om innhald, planar,

og å knytta kontaktar. Sosialprogrammet

SCR har som hovudfokus

barn og barns rettar. Programmet

skal spesielt omhandla

å betra forholda til barn og deira

familiar.

I Khovd vil vi ha tre aktivitetar

gåande. Det vil vera arbeid med

nærmiljøtiltak, arbeid inn mot

internata for barn i grunnskule

(6-16 år), og utvikling av sosialarbeidarutdanninga,

med planlagt

oppstart i februar.

Til no har vi vore på besøk i seks

ulike soum (kommunar), og har

Øystein og ein del av internatborna.

fått møte internatbarna, lærarar

og sosialarbeidarar. Desse møta

er viktige for vidare planlegging.

Vi har og hatt møte med sentrale

personar i Khovd aiimag (fylke).

Dette har vore nyttig og erfaringsrikt,

og viktig i h.t. opne dører for

vidare arbeid.

For barn som kjem frå nomadefamiliar

er internatlivet eller slekt

alternativ når dei skal få skulegang.

Mange barn har det vanskeleg,

men internattilhøva kan variera

noko. På eit av internata var

barna, i påvente av rom, midlertidig

innlosjert i ein gymsal. Der

stod det senger på rekke og rad,

for 90 barn. Ved eit anna internat

hadde eit rom ni senger, men seksten

barn skulle sova der. Ofte legg

dei til rette for at søsken/slekt kan

bu saman. Det er ulike ønskje

som kjem til uttrykk gjennom

desse møta. Men dei tilsette ved

internata er opptekne av at barna

har det trygt. Det er lite og ingenting

av materiell for

fritidsaktivitetar.

Elles er det varierande

med varme, vatn

og lys. No på hausten

er det gjerne nede i

10-15 minusgrader,

og det er ofte kaldt

innomhus i desse

store bygningane.

Nokre av internata

var utan elektrisk lys, og må nytta

stearinlys i korridorane og på romma

når mørket senkar seg. Vatn er

ikkje innlagt, og må hentast i elva

eller ein vasstasjon. Barna er med

å hentar vatn, vaskar klede osb.

Kokka på huset har mange munnar

å metta, og kokar mat i store

gryter, som ho kokar på omnar

oppvarma med vedfyring.

Etter norske tilhøve og vår måte

å tenke på, har mange av internatbarna

det svært vanskeleg. I

mange tilfelle kan enkle grep gjera

kvardagen deira lettare. Samstundes

er det viktig å tenkja på

at ein del av internatbarna kanskje

har det betre på internat enn om

dei budde heime. Det er eit ønskje

at vi gjennom Sosialprogrammet

kan bidra med å betra kvardagen

til m.a. nomadebarn og livet deira

ved internata.

Med ein uendeleg og klar stjernehimmel

over barna i Mongolia,

vert ei strofe frå Trygve Hoff sin

song så levande.

Med den vil vi ynskja dykk alle

ei god og fredfull julehøgtid!

Den store stjerna i natta kald

har synt oss eit under

lyser med trøyst i tunge stunder

for folk i tusental.

Den store stjerna høg og klår

er vårt ljos på den veg vi går.

Her er det neimen ikkje lett å

tenke julegåver og julebrev når

gradestokken nærmar seg 35 grader

pluss. Men kalendaren viser

november, og jula kjem når ho

kjem, okke som.

Adventstida har ikkje same presset

her som i Noreg, og godt er

det.

Vi har litt andre ting å førebu:

Om to veker skal heile familien

til Meiganga. Tom underviser

teologistudentane der annakvar

veke, og eg skal undervise konene

til studentane i det Nye Testamentet

dette året.

Teologistudentar i Meiganga.

To veker i haustsemesteret, og to

veker på våren. Veke 49 skal eg

prøve meg for første gong.

Desse damene (ja, alle teologistudentane

er menn, og dei fleste er

gifte) har undervisning på dagtid

samtidig med mennene, men

med eit litt anna mål:

Dei skal kunne vere til støtte for

mennene sine med litt kjennskap

til bibelen, og så må dei ha kunnskap

om mykje anna for å kunne

livnære familien når prestelønna

ikkje strekk til.

Og det skjer. Det hender stadig

vekk at lønna ikkje kjem i det

heile tatt.

Mi gode venninne Germaine, er

gift med ein av sjukehusprestane

her i N’gaoundere. Der forsvinn

det dei har av løn fort, alltid er

det nokon som er i akutt naud

og kjem til dei. Og dei gir. Og

gir. Germaine lagar yoghurt og

karamelliserte peanøtter for sal,

og det går på eit vis likevel.

«Gud vil sørge for oss», seier ho.

Det er kvinnene som held Afrika

oppe, har eg høyrt. Og eg har fått

det stadfesta etter eit år i Kamerun.

Siste veka i november skal

både eg og Tom vere med på eit

seminar i EELC om kvinneprestspørsmålet.

Kyrkja «vår» har gjort

mykje for kvinnene sine rettar

gjennom dei siste 80 åra.

Femmes pour Christ (Kvinner for

Kristus) har fostra mange sterka

damer som har vore glitrande eksempel

på at kvinner er mennene

sine likeverdige.

Men kan dei vere prestar

Dei kan jo ikkje kjøre motorsykkel!

Argumenta mot kvinnelege

prestar ligg slett ikkje på det teologiske

planet… Så vi er veldig

spente på kva som kjem ut av dei

tre dagane seminaret varer.

Det får de vite i neste episode av

«misjonærnytt frå Kamerun».

I mellomtida skal vi feire at Gud

elska oss så høgt at han sendte sonen

sin til jorda. Og kanskje det

er lettare å sjå for seg korleis det

var den gongen, med palmar og

esel, når vi bur i Afrika

Ei velsigna jul til dykk alle!

s.6

s.7


Kyrkjeblad Kyrkjeblad for Alversund, for Lygra og og Seim

Ny Kyrkje i Knarvik – NO!

I desse dagar er det eit år sidan fellesrådet

gjorde sitt vedtak vedkomande

tomten. De har lest det før,

men me tar det gjerne opp att:

e) kva gjeld tomteval vil Lindås

kyrkjelege fellesråd tilrå: Fellesrådet

held fast på tidlegare vedtak 58/06

som knyter kyrkjetomt til Knarvikhøgda

alternativt Kvernhushaugane.

I vår kontakt med politisk leiing

har me understreka at det handlar

om desse to alternativa. Me har

teke opp att programkrav slik at

dei kan bidra til snarleg løysing:I

ei kyrkje lokalisert i eller i tilknytning

til Knarvik senter7 dagar i

veka kyrkje prega av lave tersklar

fysisk og sosialt. Ein oase med utfoldelse

og verdigheit. Ei tydeleg

kyrkje både inne og utvendig.

Kyrkjemusikalsk ressurs.

På Knarvikhøgda er det tidlegare

dokumentert at det er fult mogleg

å plassere ei arbeidskyrkje som tek

i vare desse programkrava. I kommunedelplanen

er det på Kvernhushaugane

avsett eit areal på vel

20 mål til offentlege føremål.

Her har me meld at me gjerne

tek naboskap som idrett, barneskule

og barnehage! Det er plass

til alle og me vil vere ein del av

det! No ventar me med spaning

på at politikarane i Lindås bestemmer

seg, så kan vi ta resten

av plasseringsprosessen i ein fart!

s.8

av Åge Clausen, kyrkjeverje

Årets julepresang Me vonar den politiske leiinga i Lindås kommune har gjort eller er klare

til å gjere sine vedtak kring tomteval for den nye kyrkja i Knarvik no ved årsskiftet.

I Myking kyrkje

Juleoratoriet

av Johann Sebastian Bach

v/Alversund kammerkor og Kammerorkester

Solistar: Tore Kloster / Helge Harila

Bjørg Solsvik Åvitsland / Kjersti Wiik

Konsertmeister: Ruth Henny Sandstad

Dirigent: Odd Leif Mjøs

SØNDAG 21. DESember 2008 KL. 19.30

Billett kr. 200,- / barn under 14 år gratis

Med støtte av Lindås kyrkjeleg fellesråd, Lindås kommune

(Soknemøte- bispedøme og departement.)

Må kome i gang!

Fellesrådet har i sitt budsjettframlegg

for 2009 og økonomiplan for

2009-12 prioritert kyrkja i Knarvik

som ein klår nr. 1, ved sida av

styrka trusopplæring.

Fellesrådet har bede om 1 mill.

kroner til prosjekteringsmidlar i

2009 og ventar seg 35 mill. i 2010

og 40 mill. i 2011. Då er me klare

med ny kyrkje i 2011/2012 og kvifor

skulle me ikkje vere det! Med

folketilvekst og tydelege behov for

ei aktiv folkekyrkje i Knarvik er

det berre å trø til! Er det ikkje!

Med dei nye konjunkturane i byggebransjen

kan me kanskje få ekstra

mykje ut av pengane no

Plan- og prosjektgruppa skal ha

eit viktig møte 19.november, der

me m.a. får vitjing av kyrkjebyggkonsulent

Finn Baardsen i Stavanger

bispedøme. Han har vore

med å bygd 25 kyrkjer der. No har

dei 3 under bygging! Me skal suge

til oss all mogleg kunnskap og

erfaring derfrå for å sikre eit best

mogleg resultat hos oss sjølve.

Uansett er det ei stor utfordring

for sokneråd og kyrkjelyd å bu seg

på nye tider. Tenkje seg til plass

til alle dei gode aktivitetane ein

drøymer om…

Trusopplæring

og ny kyrkje satsingsområde for fellesrådet

Lindås kyrkjelege fellesråd hadde møte 29.10.08, der ein tok føre seg satsingsområda for

kyrkja dei næraste åra. Etter møte vart det sendt ut ei pressemelding. Den er noko forkorta

i denne framstillinga.

Fellesrådet gjorde slikt vedtak:

Kyrkjeleg fellesråd har i møte

29.10.08 handsama sak om budsjett

2009 og økonomiplan 2009-

12 for vår lokale folkekyrkje. Fellesrådet

sluttar seg til sette mål og

budsjett frå arbeidsutvalet og ber

kommunestyret om finansiering til

drift og investeringsføremål som

kjem fram i saka.

Finansieringsansvaret for den lokale

kyrkja ligg i kommunestyret.

Det er budsjettert med 8,55 mill.

til kyrkja i 2008. Fellesrådet treng

9,5 mill kr. i 2009 for å kompensere

for løn og prisvekst i same

periode.

Fellesrådet er klåre på at det må

satsast betydeleg på trusopplæring

og har initiert ei satsing på mellom

1,0 og 1,5 mill til dette føremålet.

Fellesrådet vil gjerne ha heile denne

auken frå kommunen, men gjer

samstundes klårt at ein om nødvendig

vil foreta eigne grep for å

skaffe seg handlingsrom i satsinga

på trusopplæring. Fellesrådet har

formulert 4 målsettingar for arbeidet

sitt, der ny kyrkje i Knarvik er

sett opp som hovudmål 1.

Ei rekke tiltak er drøfta for å klara

dei satsingane ein legg opp til. Desse

omhandlar alt frå auka direkte

finansiering frå sokneråda/kyrkjelydane

til avvikling av t.d. ei soknekyrkje

i kvart prestegjeld og kapella

i kommunen. Her erkjenner

ein og at halvparten av kommunen

sine innbyggjarar treng si nye

kyrkje om me skal klare å ta rolla

som trus- og oppvekst-motoren for

desse innbyggjarane og!

Fellesrådet erkjenner at ein har spanande

år framfor seg. Det handlar

primært om å bruke dei rammene

ein har til det ein saman finn å ville

bruke dei til. No vil fellesrådet altså

tydeleggjera innsatsen på trusopplæring

og å utvikle ein kyrkjestruktur

som står i forhold til rammene.

Fellesrådet vil i 2009 leggje opp ein

plan/endringsprosess som legg til

s.9

rettes for å gjennomføre turvande

tiltak mot slutten av året og vidare

i økonomiplanperioden. I tillegg

til dei lokale kyrkjelege organ,

må slike tiltak óg godkjennast av

bispedøme og departement.

Den lokale kyrkja i Lindås står

altså framføre store utfordringar.

Mange med klåre positive forteikn

som t.d. satsing på trusopplæring

og realisering av ny kyrkje i Knarvik.

Nye tider og strukturar krev

samstundes at bygg og strukturar

som vart bygd under andre rammetilhøve,

lyt vurderast på nytt,

skriv fellesrådet i si pressemelding.

Samling på Julaftan

Samling på Julaftan

Kyrkjelydar i Nordhordland inviterer einslege og familiar til

samling på Nordhordland Folkehøgskule julaftan. Folk har

svært ulike livssituasjonar. Vi tenkjer at for ein del kan det

vera kjekt å koma saman med andre og feira denne kvelden.

Det vert ikkje lagt opp til noko stort program.

Vi tilbyr tradisjonell julemiddag, kaffi og kaker,

juleknask, song og juletregang.

Vi skal eta og kosa oss og gjera det folk flest brukar å gjera

på julekvelden. Arrangementet er gratis og alkoholfritt. Vi vil

prøva å ordna med skyss til og frå for dei som treng det.

Du er hjarteleg velkomen til å bli med!


Kyrkjeblad Kyrkjeblad for Alversund, for Lygra og og Seim

Konfirmantjubileum

og presentasjon av nye

konfirmantar på Lygra.

Sundag 28. september var 50- og 60-årskonfirmantane

inviterte til å vera med på gudstenesta,

og til eit måltid i kyrkjestova etterpå.

av Kari Dahl

SALTO – ungdomskontakten sitt treffsted!

av May Bente Matre, Prosjektleder

Den 9. januar 2008 åpnet Salto dørene for ungdommer mellom 13 - 20 år. Salto er et treffsted der

ungdom kan komme innom og prate med venner og med oss voksne som jobber der. Det er også mulighet

for å spille playstation, bordspill, bruke pc, lese aviser, koke suppe, gjøre lekser osv. Åpningstidene

er pr i dag: tirsdag 13.30-15.30, onsdag 13.30-20.00, torsdag 13.30-15.30 og fredag 11.30-15.30.

På andre tidspunkt er det mulig å ta kontakt for enkeltsamtaler.

Det var ei fin gudsteneste, der også dei unge konfirmantane,

sju i talet, vart presenterte. Dessutan vart

vesle Jakob Tyssøy døypt.

Det møtte tre femtiårs og to sekstiårs-konfirmantar.

Prost Helge Hitland, som sjølv var 50-årskonfirmant

i år, var med oss, først på gudstenesta og deretter

i kyrkjestova. Der hadde vi ei hyggjeleg stund

med matøkt og minner frå konfirmasjonstida.

Juleoratoriet av Bach

«Kyrkjelyden må syngja fram si

kristne tru!» Arve Brunvoll minner

oss på korleis truvedkjenninga

foregår i den ortodokse kyrkja,

der truvedkjenninga vert sungen.

Dette er til ettertanke for oss

vestlandske lutheranarar; - den

djupaste store vedkjenninga vår

må altså syngjast fram!

Jula er endeleg her! Over heile

verda vert det atter jubla i glede

over Jesu fødsel, - Gud vart menneske

mellom oss. Over markene

ved Betlehem fekk hyrdingane

høyra himmelsk englekor med

bodskapen som kling inn i kvar

gudsteneste; «Ære vere Gud i

det høgste og fred på jorda hjå

menneske som Gud har hugnad

i». Her i våre kyrkjer gler vi oss

storleg over alle små og store som

har delteke i kyrkjene med song

og spel ved gudstenester og konsertar

i advents- og juletida! Vonar

jula sin vakre song og musikk

får fylla kyrkjer og heimar og at

dei gode julesalmane vert sunge!

Tenk; så heldige vi er som har

denne skatten!

Vi gler oss ogog feirar jul med

Alversund Kammerkor sin vakre

julekonsert i Myking kyrkje søndag

21. desember der Bach sitt

flotte juleoratorium står på programmet.

Dette er ei sterk oppleving

av juleevangeliet framført i

Frå venstre på biletet står: Anna Torbjørg Sævartveit(60),

Margot Bergit (Bergås) Bogsnes (60), Jorunn

(Feste) Nordbustad(50), Arve Sletten (50), Jan

Lygren(50) og Helge Hitland.

av Odd Leif Mjøs, kantor

song og musikk som blir ståande

til alle tider. Monumentalt, jublande

av liv og glede, gripande

vàrt og vakkert, - ein herleg inngong

til julefeiringa! Bach vert

også kalla «den 5. evangelisten»,

mange opplevde påskebodskapen

djupt i sansane ved Johannespasjonen

i Myking i 2006. Englelovsongen

julenatt skildrar Bach

som eit deilig mylder av stemmer,

korsongen og orkestermusikken

får oss nesten til å høyra og sjå for

oss englane vektlaust svevande,

som om vi var i hyrdingflokken.

God jul med song og musikk …

og Bach!

Da vi åpnet dørene her var vi spente på om det ville

komme noen ungdommer hit. Det slapp vi lure lenge

for etter kort tid var lokalene her blitt i minste

laget. På en vanlig dag er gjennomsnittlig mellom

40 - 60 ungdommer innom, fredagen gjerne mellom

70 - 90! Det viser at tilbudet er tatt i mot og tatt

i bruk! Ungdommene kommer fra hele Nordhordlands-regionen,

med en overvekt av ungdommer fra

Lindås og Meland. Noen av ungdommene er innom

en gang i blant, andre er innom daglig.

Ungdomskontakten har bare 1,4 stilling og med så

mange ungdommer innom har vi hatt behov for

mer hjelp. Vi har derfor fått en ordning hvor kirken,

kommunene og en frivillig stiller med personell på

de tidspunktene vi har «åpent hus». Det er viktig

for å kunne ta imot så mange ungdommer. I tillegg

til «åpent hus» går vi litt oppsøkende i senteret og i

området rundt.

Vi har også et «Naskeriprosjekt» i samarbeid med

politiet og senterledelsen i Knarvik senter. Dersom

en ungdom blir tatt i nasking får vedkommende

valget mellom en politianmeldelse eller å gjennomføre

4 samtaler med oss i Ungdomskontakten. På

den måten har vi fått kontakt med flere ungdommer

som er i ferd med å flytte grenser. Vårt håp er

at om vi kan komme tidlig inn i forhold til disse

ungdommene, så kan en kanskje hindre noen fra

å fortsette i en negativ retning. På den måten jobber

vi mot det som er prosjektets hovedmålsetting,

nemlig å være et rus- og kriminalitetsforebyggende

tiltak. Derfor samarbeider vi også med andre instanser

i Nordhordlands-kommunene dersom noen av

ungdommene trenger mer oppfølging. Det har vært

et spennende år med mange gode og krevende møter

med ulike ungdommer i ulike livssituasjoner.

Julefestar

i i Alversund prestegjeld

Lørdag 27. des. kl 15.30

Vollom bedehus

Søndag 28. des. kl 15.30

Myksvoll bedehus

Lørdag 28. des. kl 16.00

Alversund bedehus, Fosse

Mandag 29. des. kl 17.30

Knarvik Misjonshus,

Barnas julefest.

På festane vil det bli bibelforteljing,

juletregang, mat og kanskje ei og anna

overrasking!

Velkommen til bedehuset !

s.10

s.11


Barnesida

Konkurranse

av Monika Bøkevoll Aarland

1: Kva heitte keisaren som lot lysa ut at det skulle takast manntal

over heile verda, og kven var landshovding i Syria

(Svara er å finna i Lukas, kap.2)

«Maria gøymde alt dette i hjarta

sitt, og grunna på det»

Lukas 2.19

Vits:

«Elefanten:

Kvifor er du så lita og

tynn

Musa: Eg har hatt

influensa.»

Går det an å gøyme noko i hjarta

Nei, ikkje dersom du tenkjer på det hjarta som bankar i brystet

og held varme og liv i heile deg.

Men du har eit anna «hjarta»; der alle tankane dine møtes og

går ut frå. Der du bestemmer deg for kva du vil gjera og seie.

I det hjarta kan du gøyme noko veldig viktig. Du kan gøyme

Guds ord.

Du gøymer alltid noko i hjarta ditt. Og det du gøymer,

bestemmer korleis du blir.

Du bør gjera som Maria: Gøyme ordet

om Jesus i hjarta ditt. Det vil

vara deg frå alt vondt.

Send inn svara innan 10. januar til: alversund@lindas.kirken.no eller i brev til: Kyrkjekontakten, Kyrkjevegen 1,

5911 Alversund. Rett svar på førre konkurranse var: «Adam og Eva» og «kvilte». Den heldige vinnar vart Markus

Gundersen. Han får ein fin premie, gratulerer!

s.12

Gøym ordet om

Jesus i hjarta ditt!

Døypte

Frå kyrkjeboka

Frå kyrkjeboka

Alversund:

07.09.08

Håvard Sivertsen Grymyr,

døypt i Sæbø kyrkje

14.09.08

Lindis Solberg Aasen Fosse

28.09.08

Erle Skauge Abelsen

Filip Alver Sagstad

Brage Løvik

Marvin Nævdal Telle

26.10.08

Ida Vilsvik Heldal,

døypt i Åsane kyrkje

01.11.08

Line Eide

Stine Feste Kvamme

Lucas Andrè Thomassen veland

Phillip Nesse Brunvold

Eivind Skarpenes Holstein

Elias Brekke Storstrand

09.11.08

Joakim Simonsen,

døypt i Meland kyrkje

Adrian Hope Kjenes,

døypt i Meland kyrkje

23.11.08

Thomas Aslesen Johnsen

Ida Hauge Storheim

Askil Kristoffer Johansen Lie

Jonas Iversen Lilleskare

Andreas Iversen Lilleskare

Liana Larsen Bergetun

Amanda Myking Solstrand

Nathalie Ramsdal Helland

Victoria Aksnes,

døypt i Fedje kyrkje

Seim:

05.10.08

Teodor Bøkevoll

19.10.08

Oliver Eknes Olsen

Aksel Bjørndal Klementsen

Lygra:

28.09

Jakob Tyssøy

12.10.08

Maren Furesund Lein

Vigde

Alversund:

06.09.08

Siri Hindenes og

Terje Torsvik

13.09.08

Therese Osa og

Bent Inge Sellevold

04.10.08

Hilde Marit Hamre og

Håkon Reigstad

Det er haust og ute råder kalde vindar frå aust og nord

medan våte dråpar frå sør ramlar ned i hovudet på oss.

Dette er vanleg for oss på våre kantar. Kor kjekt er det

ikkje med stearinlys, varme i ovnen og ein god kopp

kaffi. Og når det endå er slik at me kan ta oss ein tur ned

til kyrkjelydshuset i Alversund og vera tilstades på diverse

aktivitetar, ja då er det veldig godt at me kan ha det varmt

og godt ilag.

Varme ja, huff - om me kunne reversera straummålaren

når huset ikkje var i bruk så hadde det ikkje vore så gale,

men det går ikkje. Derimot kan vi få straummålaren til å

å gå litt saktare ved at det vert montert ei varmepumpe i

tilknytning til storsalen i kyrkjelydshuset. Om du kunne

vera med å gje oss eit lite beløp slik at varmepumpa kom

s.13

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

15.11.08

Mary Jane Delos Reyes Concha og

Jan Magne Fosse

Avildne

Alversund:

23.08.08

Ågot Johanne Steinfeld f. 1921

18.09.08

Bernt Johan Alver f. 1931

23.09.08

Ranveig Oliva Villanger f. 1930

12.10.08

Hans Gabriel Alver f. 1912

14.10.08

Magnhild Jordal f. 1914

27.10.08

Steinar Vik f. 1969

28.10.08

Bernt Åge Kvingedal f. 1947

Myking kyrkje

07.11.08

Konrad Kolstad f. 1917

Norvald Johannes Ulvik f. 1937

Seim:

25.09.08

Ivar Kopperdal f. 1926

27.09.08

Bergljot Dale f. 1915

12.11.08

Marta Hopsdal f. 1923

(Innlegget er en del forkortet. Red.)

Varme i Kyrkjelydshuset!

på plass, så kunne me i fellesskap også omtala at kyrkjelydshuset

no tek klimatrusselen på alvor. Om me kunne

få dette til, så ville me fortsatt kunne ha det veldig kjekt i

kyrkjelydshuset, me kunne ha det varmt og godt, me fekk

frigjort pengar til andre føremål enn straum, BKK ville

få mindre inntekt, og me ville forhindra at rundetida på

straummålaren går ned no når det går mot vinter. Om du

vil vera med på å redusere straumutgiftene med ca 50 %

så kan du gje eit bidrag til konto: 3632 07 11511.

Du kan merkja giroen med: Givartjeneste/Varmepumpe

Alle bidrag som er med til at kyrkjelydshuset er ein god

og varm plass å vera mottas med takk.

Ei varm og god helsing frå

Klimakameratane Gunnar Vatnøy/Sigfred Johansen


Knarviksenter, 5914 Isdalstø

Tlf. 56 35 12 70 - Faks. 56 35 10 99

ELEKTRO . SERVICE A S

Alvermarka - 5911 Alversund

tlf. 56 35 15 40 - Fax. 56 35 21 45

Elektriske installasjoner - Bolighus -

Industri - Landbruk -

NEPSTAD BYGG AS

Byggmeister Ole-Håkon Nepstad

Nybygg -Rehabilitering

Tlf. 56 35 06 69

FAGKUNNSKAP GJEV TRYGGLEIK

Tlf. 56 37 56 68

Kyrkjeblad Kyrkjeblad for Alversund, for Lygra og og Seim

Beredskapsordning for prestane i prostiet

- På kvardagar i tidsromet 17.00 – 08.00.

- I helgene/høgtidene frå kl. 08.00 er det alltid ein prest i beredskap i prostiet.

Ved akutt behov for presteteneste, (dødsbod, soknebod for døyande, sjelesorg samtale i kritiske

situasjonar), skal ein ta kontakt med vakthavande prest på mobiltelefon:

Vakttelefon: 954 83 874

Blomster til

alle anledninger

AS

FIBROMASTIK

Vatnøy Eiendom AS

Vi ordner alt

vedrørende dødsfall i distrikt og by.

DØGNVAKT TLF. 56 37 14 10

PRIVAT TLF. 56 37 40 49

– Knarvik -

FIBROMASTIK

Kan anvendes til heldekking og reparasjon/tetting på

tak av takpapp, shingel, asfalt, sement/betong, eternitt,

bly, galavaniserte plater, sink, skifer m.m.

Krever ikke oppvarming.

Tåler regn umiddelbart etter påføring

Kan anvendes til heldekking og reparasjon/tetting på

tak av takpapp, shingel, asfalt, sement/betong, eternitt,

bly, galavaniserte plater, sink, skifer m.m.

Krever ikke oppvarming.

Tåler regn umiddelbart etter påføring

Glassfiberarmert

tyktflytende asfaltmasse

med meget lang

holdbarhet!

Til tetting av grunnmur, betongdekke o.l.

Tlf. 56 35 00 05

Dekkhuset

«Bokhandelen som setter kristen litteratur og musikk i fokus»

Kvamsvåg • 5911 Alversund • Tlf.: 56 35 00 05 • Mobil: 90 11 82 90

E-post: fosse-b@online.no

Kvamsvåg • 5911 Alversund • Tlf.: 56 35 00 05 • Mobil: 90 11 82 90

E-post: fosse-b@online.no

Vetrlidsallmenning 1

tlf. 55 31 79 63 post@vestbok.no

www.vestbok.no

– Din kristne bokhandel – Åsane Senter!

Bibler

Bøker – Musikk – Film – Kort – Gaver

tlf 55 19 82 00

Kiwi Ikenberget Tlf. 56 35 86 10

Fargehuset

www.fargehuset.no

Knarvik Senter Tlf. 56 34 30 80

BRUKNAPP BETONG AS

Tlf: 56 34 38 00

Trykk-Service

FERDIG BETONG - BETONG-

PUMPING - SAND - SINGEL

Fabrikk i Alverstraumen,

5911 Alversund

TLF. 56 34 23 60

s.14

s.15


Gudstenester

i Alversund prestegjeld

14. desember Alversund kl 1100 v/Fanebust

Alversund kl 1700 Konsert

21. desember V. Vassbygd kl 1100 v/Hitland

Julegudstenester – 2008

Julegudstenester – 2008

Julaftan Alversund kl 1430 Fanebust Alversund skulemusikklag

kl 1600 Fanebust

Knarvik kl 1430 Monsen Knarvik skulekorps spelar

Lygra kl 1400 Palmesen Bibel til 2 åringar

Seim kl 1530 Monsen Seim barnekor deltek

1. Juledag Alversund kl 1200 Palmesen Dåp og nattverd

2. Juledag Seim kl 1100 Hitland

Nyårsaftan Alversund kl 1700 Fanebust Nyårsmesse

2009

04. januar Lygra kl 1100 v/Palmesen

11. januar Alversund kl 1100 v/Hitland

18. januar Seim kl 1100 v/Monsen

25. januar Knarvik kl 1100 v/Palmesen

01.februar Alversund kl 1100 v/Fanebust 4års boka

Lygra kl 1100 v/Monsen 4års boka

08. februar Seim kl 1100 v/Hitland 4års boka

15. februar Frekhaug kl 1200 - 1700

22. februar Knarvik kl 1100 v/Palmesen 4års boka

01. mars Alversund kl 1100 v/Fanebust

Seim kl 1100 v/Monsen

08. mars Lygra kl 1100 v/Palmesen

15. mars Alversund kl 1100 v/Palmesen

22. mars Knarvik kl 1100 v/Hitland

Det kan verte endringar i den oppsette lista så følg med på kunngjeringar i avisene og på plakatar.

More magazines by this user
Similar magazines