Overnatting i kyrkja s. 05 Nye kyrkjetekstilar s. 11 ... - Mediamannen

mediamannen.no

Overnatting i kyrkja s. 05 Nye kyrkjetekstilar s. 11 ... - Mediamannen

Nr. 7 - november 2009 - 64.årgang

TEMA:

– Å gi

Overnatting i kyrkja

11-åringer vert invitert til

spennande adventsnatt

s. 05

Osingar i Israel

Ein god gjeng frå Os deltok på

Løvhyttefestivalen i Israel.

s. 06-07

Nye kyrkjetekstilar

Det grøne settet med

kyrkjetekstilar er no i bruk.

s. 11


LEIAR

Kyrkjebladet for Os kjem ut

8 gonger i året, og vert sendt til

alle heimar i Os. Det er også

mogleg å tinga bladet for

dei som bur utanbygds.

Redaksjon:

Geir Sakseid og

Birgitte Vaksdal, redaktør.

Adresse:

Os Kyrkjeblad, Boks 209, 5202 Os

Besøksadresse: Øyro 49

Bladkontingent:

200,- pr.år/250,- for utanbygds.

Bankgiro nr. 5270.05.26356

Boks 209, 5202 Os.

E.post: amv@os.kyrkja.no

Utgjevar: Os sokneråd

Forsidebildet: Knut Inge Johnsen

Layout og produksjon av bladet:

MacBox AS - v/Birgit C. Tarlebø

www.macbox.no

Trykk: Grafisk Team

Opplag: 7100 stk

www.os.kyrkja.no

Gi til du blir rik og varm...

Først i oktober kunne vi lese i avisa: Norge

på topp! Norge er på ny det beste landet i

verda å bu i! Rangeringa som m.a. byggjer

på trivsel, tryggleik, økonomi, levealder og

utdanning, syner at Norge er det landet i

verda som no gjev dei beste vilkåra for god

oppvekst og godt liv. Vi er eit privilegert folk,

og vi har grunn til å vera takksame. Og godt er

det når vi har ein retning vi kan venda takken

– til Gud. Vil Gud ikkje vera bygningsmann,

me fåfengt på huset byggja...

Vi er kanskje ikkje så medvitne om dette i

kvardagen, ofte lar vi syting og sutring over

dei små tinga stå i vegen for det store: Vi

har det godt. Vi har det trygt. Vi lever i ein

velferdsstat. Dei fleste av oss har overflod.

Mykje av dette som vi tek som sjølvsagt

i kvardagen vår, er langt borte frå den

kvardagen som menneske i store delar av

verda lever i.

Å ha det godt mellom mange i naud, legg på

oss eit ansvar. Ein song som born har sunge

i mange år, har refrenget: Vi skal dele, dele,

dele du og jeg – dele av vår overflod. Dette

gjeld sjølvsagt ikkje berre for borna! Vi har

alle eit ansvar for å vurdere: kva kan og vil

eg bidra med Vi kan ikkje hjelpa alle, og

særleg når det går mot jul, kjem det brev i

postkassa med bønn om å hjelpe både her

og der. Det er vel ikkje bare eg som iblant

har følt skuldkjensle ved ikkje å gi alle som

spør Men skal vi gi til alle Eg trur at vi trygt

skal kunne velje ut kva og kven nettopp eg vil

gi støtte, og så konsentrere oss om dette. Eg

trur og at vi alle skulle gje oss sjølve høve til

å oppdaga gleda ved å gi.

Dan Børge Akerø hevda i eit intervju i samband

med TV-aksjonen at han er usamd med dei

som hevdar at vi skal gi for å bli lukkelege

sjølv, det blir for egoistisk. Han meiner at folk

skal gi så det verkeleg svir - og peikar på

historia frå Bibelen om den fattige enka som

gav dei siste myntane ho hadde.

Treng det vera motsetning mellom å gi så det

verkeleg kjennest og det å ha gleda av å gi

Eg trur ikkje det.

Gi så du blir tom og arm, intet skal du miste,

gi til du blir rik og varm, rikest på det siste

står det i ein gammal salme. Det er stor

sanning i desse linene. Og dei viser vel

nettopp at det ikkje er eit enten - eller, men

eit både - og.

Folk rundt i verda treng hjelpa vår på ymse

måtar, også økonomisk. Blir det då heilt gale

å leggje inn i Kyrkjebladet ein konvolutt

merkt «HAUSTGÅVE» til ungdomsarbeidet

i Os kyrkjelyd Blir det gale å ha kampanje

for å verve nye faste givarar for å løna

ungdomsarbeidaren vår Skal vi gi til vår

eigen kyrkjelyd når det er så mange i verda

som treng pengar til hjelp for det mest

naudsynte for å overleva

Eg trur ikkje vi skal setje opp mot kvarandre

å gi til andre land og å gje til kyrkjelyden vår.

Vi har faktisk råd til å bidra på begge område,

med mykje eller lite.

Men gåva skal ikkje givast som ein plikt eller

tvang, men med glede og med ønske om å

vera med å bidra der det trengst. Vera med i

dugnaden for å sikra at vi har tilstrekkeleg med

ressursar for å ta i mot alle ungdomane som

på ulike arenaer er med i ungdomsarbeidet i

kyrkjelyden vår. Vera med for å sikra skule for

ei jente i Bangladesh. Vera med for å byggje

opp ungdomsarbeid i Estland. Vera med og

grava ein brunn i Kenya.

«Dugnad» skal vera eit særs vanskeleg ord

å omsetje til andre språk, omgrepet finst

visst berre i det norske språket. I alle land

finst det friviljuge arbeidarar – einskildindivid

– som gjer stor innsats på ulike område. Men

dugnad – denne felles, målretta innsatsen,

gjerne berre over kort tid - er sagt å skulle

vera spesiell for Norge. Uansett, så er det ei

god og samlande ordning! Dugnad kan og gå

på å lyfte i flokk på det økonomiske området

og følgja med interesse det som skjer. Akkurat

no treng vi ein dugnad for å sikra økonomi i

høve til dei vi har tilsett for særskilt å arbeida

blant dei unge i kyrkjelyden. Givartenesta

treng nye givarar – det er vi sjølve som løner

ungdomsarbeidaren. Og fram til sommaren

er det og kyrkjelyden som syter for løn til

kyrkjelydspedagogen vår.

Ta utfordringa – bli med på dugnaden rundt

ungdomsarbeidet i vår eigen kyrkjelyd og

rundt ulike prosjekt i andre land!

Gi så det kjennest – gi deg rik og varm!

Lill-Karin Wallem


OS Kyrkjeblad Nr.7-09 3

Oss I mELLOm

Kyriake under ein tidlegare

konsert i Os kyrkje.

Kyriaké 30 år

Dirigent Norvald Kobbeltvedt.

Koret «Kyriakè» har, i samband med sitt 30-årsjubileum,

tinga ei konsertmesse for urframføring av «Missa Kyriaké»

i Os kyrkje laurdag 21. november.

Kyriaké vart starta i 1979. Koret har etablert

seg som eit fast innslag i musikklivet

Os, særleg i samband med arrangement

knytte til kyrkjelyden. Koret har ein kristen

profil og tel i dag rundt 20 songarar. Fleire

av desse har vore med i koret heilt frå

starten.

songglede¨

I samband med denne konserten er koret

forsterka med fleire tidlegare medlemer

og nokre frå Os Kyrkjekor.

Det er stor songglede i koret og repertoaret

har gjennom desse åra vore variert:

Songar og salmar til bruk i kyrkja, ofte

ikledde ei rytmisk musikalsk drakt viser eller

balladar frå folke- eller populærmusikken

ein del repertoar komponert og tilrettelagt

av dirigenten

messa

Missa Kyriaké er komponert av noverande

dirigent. Messa er oppbygd av korsatsar,

solostykke, instrumentale delar og

deklamerte tekstar. Teksten er henta frå den

tradisjonelle messeteksten (kyrie, gloria,

sanctus). Språket vil veksla mellom latin og

norsk. Musikksjangeren har element både

frå jazz- og klassisk musikktradisjon.

Aktørar

Tone Linn Mjånes vokal, Toril Myklebust

Lie vokal, Reny Marie Gaassand Folgerø

deklamasjon, Aasmund Brekke piano/

orgel, Arne Hernes bass, Magne Johan

Lunde slagverk, Jørgen Herland trompet,

Tom Nygaard saksofon, Jørgen Løland

trombone.

Norvald Johan Kobbeltvedt akustisk gitar/

dirigent/komponist og sjølvsagt Kyriaké.

Vi innbyr alle i Os og omegn til konserten

og vonar mange vil bruke tida saman med

oss denne laurdags ettermiddagen. Både

musikarar og koristar vil gjere sitt beste for

å gje deg ei rik oppleving som lyfter deg ut

av kvardagens plikter og strev.

Haldis W. Omdahl


4

OS Kyrkjeblad Nr.7-09

UNg

Foto: Synneva Aak Garlid

DRAUM...

Dette vart resultatet då

konfirmantar fekk i oppgåve

å fotografere ut frå tema

«draum».

Elleve jenter og gutar er med i

årets Fotografi-konformantgruppe.

Gruppa har så langt hatt tre treff

der dei har fått fotografert både

digitalt og med film.

Det siste treffet hadde tema

«draum». Desse svart-kvitt bileta

er blitt til ved at modellen sit i

fullstendig mørke og blir belyst

med lommelykt. Kamera må

stillast inn på open blendar og

lang lukkartid.

«Draumebileta» er eit samarbeidsporsjekt

mellom Synneve Aak

Garlid, Hanna Bakketeig, Ida Marie

Skorpen Heggland, Stine Cecilie

Knutsen og Marita Kristin Sælen.

Den nye «superduoen» i Join

Us Tensing denne hausten:

Patricia Langeland, instruktør

i dans og drama, og

dirigent Hallgeir Bjørnevik.


UNg

OS Kyrkjeblad Nr.7-09 5

Os sine 11-åringar

skapar kyrkjehistorie!

Kongshaug-dag

i kyrkja

Søndag den 9. oktober var det

Kongshaug-dag i Os kyrkje.

Skulekoret til Kongshaug

Musikkgymnas hadde dagen før

sunge på gudsteneste i Salem i

Bergen og hatt konsert der på

kvelden. På gudstenesta i Os

kyrkje medvirka elevane med

korsong, musikk og tekstlesing.

Natt til 1. søndag i advent er

11-åringar som høyrer til

Nore Neset kyrkje invitert til

å vere med på ei spennande

og historisk adventsnatt i

kyrkja!

Os kyrkjelyd arrangerer «Lys Vaken –

adventsnatt i kyrkja» saman med over

500 andre kyrkjelydar i Den norske

kyrkja. Allereie har fleire tusen meldt

seg på til den kyrkelege nyårsfeiringa,

og fleire vil følgje etter.

Advent

Vi har i år invitert 11-åringane våre som

høyrer til Nore Neset kyrkje til å vere

med å feire at kyrkja går inn i eit nytt

år og at adventstida er i gang. Saman

med vaksne blir 11-åringane samla til

fest og felles overnatting i kyrkja vår.

Førebuingane til nyårsfeiringa startar

laurdag med et mangfald av aktivitetar.

I kyrkjerommet vil mellom anna store

og små i fellesskap førebu søndagens

gudsteneste – før alle kryp til køys.

Størst av alt

«Lys Vaken – adventsnatt i kyrkja»

er også ei markering av at

trusopplæringsreforma – Størst av

alt – går frå forsøksfase til ei varig,

landsomfattande reform med stor

tyding for barn og unge.

- Aldri før har kyrkja på denne måten

opna kyrkjerommet – til leik, læring

og feiring. Landets 11-åringar kan rett

og slett skapa kyrkjehistorie, seier

prosjektleiar i trusopplæringsreforma,

Paul Erik Wirgenes.

- Uforgløymeleg

Lys Vaken ventar at så mange som

10.000 vil delta på adventsnatta i heile

Noreg.

- Det vert eit uforgløymeleg

kyrkjedøgn. Tenk å vakne opp til

orgelbrus! Og kven har vel nokon gong

ete frukost i midtgangen i ei kyrkje

Vi ynskjer at 11-åringane skal bli

nysgjerrige på kyrkja, lære meir om

advent og få oppleve at dette rommet

er deira eige, seier Kristin Fjellseth,

prosjektleiar for Lys Vaken.

Vil du vite meir om arrangementet i

Nore Neset kyrkje

Ta kontakt med kyrkjekontoret,

Arne Stautland, telefon: 56 57 24 00

e-post: asæos.kyrkja.no

Meir informasjon om Lys Vaken finn du

også på www.lysvaken.no

- På vegne av skulen vil eg

takke for at vi nok ein gong fekk

lov til å ta del i Os kyrkje, seier

miljøarbeidar Jon Anders Sollien.

Kongshaug sitt skulekor syng i Os kyrkje.

Solist Linda Gjerde Økland.


6

OS Kyrkjeblad Nr.7-09

NyTT FRå vERdA

Over 600 nordmenn deltok i

Jerusalemsmarsjen i oktober.

Løvhyttefest i Israel

Ei guida reise i Israel er meir enn

ein ferie. Det er ei reise i historie,

geografi, kulturar, biologi, klima

og ikkje minst tid. Kort sagt er

det eit fortetta allsidig seminar.

Ei gruppe frå Os hengte seg i år

på Kystradioen og Harry Wiig

Andresen sitt hyggelige, lærerike og

litt heseblesande reiseopplegg.

Golanhøgdene og i Kibbutsane.

Heilagdomar

Besøket på Masada var overveldande. Herodes

den store sin festning på eit isolert platå 200

meter opp ved Dødehavet, der 900 jødar tok

kollektivt sjølvmord etter tre års beleiring

av romarhæren i år 73. Festleg var besøket

i beduinleiren med mat og innføring i deira

levemåte. Toppen var nok likevel Jerusalem.

Her er orienten, med basarar og tronge livlige

gater side om side med det hypermoderne,

vestlege og heilagdomane frå hundrevis

av år tilbake. Vi såg heilagdomane over

stader Jesus var, - Oljeberget, Getsemane,

gravhagen, Kaifas hus og så bortetter. Og

den imponerande Klippedomen tronar

framleis over Jerusalem med sin gullkuppel

ved sida av Al Aksa moskeen. Fleire dagar

vart nesten bibeltime på bibeltime, også

Under havet

For det meste haldt vi oss under havoverflata,

250 meter i minus omkring Genesaretsjøen,

eller 400 meteri minus kring Dødehavet. I

nord vart Kapernaum, Saligprisningsberget,

Nazaret og Kana besøkt, men òg Golanhøgda

og Kibbutsar. For det meste reiste vi 2000

år tilbake i tid, til Jesu liv og reiser og i sør

også 10.000 år tilbake til Jeriko. Byen vert

presentert som verdas eldste og byen som

ligg djupast i verda. På turen stussa vi over

at ørken kan vere så mykje ørken som i

Judea, men òg at vatn og arbeid kan skape så

mykje og allsidig grøde som for eksempel på

Her gråt Jesus over Jerusalem. Frå venstre: Monica Totland Bakke, Svein Arne Bakke,

Daniel Nilsen, Solveig Nilsen, Ingunn Nøkland og Olav Nøkland.


NyTT FRå vERdA

OS Kyrkjeblad Nr.7-09 7

dagen i Betlehem med fødselskyrkja og

hyrdemarkene.

Folkefest

Jom Kippur, den store forsoningsdagen for

jødane, var nettopp feira og løvhyttefesten sto

for døra då vi besøkte landet. Desse dagane

feirast med løvhytter for å minnast folkets

vandring med Moses i ørkenen. Under festen

går Jerusalemsmarsjen som kan samanliknast

med våre 17.mai-tog. Nordmenn har òg

tradisjonelt vore med for å markere sympati

med jødefolket. I år var vi visst over 600, ei

flott folkefest vart det!

Arne, Else og Miriam Bjørndal

dekkjer til hovudet for

0den sterke sola.

Trøytt av krig

Folket er lett å komme i kontakt med og

snakkar gjerne om alt. Alle har nær sagt ulik

meining om det meste, også politikk, og er

svært fritalande. Men eit krigstrøytt folk er

det. Dei 60 åra staten har eksistert har dei hatt

krig, formelt framleis med mange statar, blant

anna. nabostaten Syria.

Og temmelig unisont var sukket: «Vi kan gi

frå oss nesten alt dei vil ha, berre vi får fred

og kan vere trygge. Men vi har inga grunn

til å stole på deira leiarar. Ein ting er sikkert:

Vi vil ikkje igjen drivast frå land til land og så

kanskje til sist inn i gasskamrane. »

Sterkt besøk

Besøket i Holocaustmuseet «Yad Vashem» var

utroleg sterkt. Berre det lille minnerommet for

dei 1,5 millionar born som vart tatt av dage,

var mektig. Namna til borna og landa dei kom

frå, vert lest opp etter tur, natt og dag. Først

etter tre år er alle nemnt. Israel er ein levende

og svært fargerik nasjon som er vel verd et

besøk!

Per Torgeir Nilsen

Kamilla Totland Bakke

og Miriam Bjørndal på

Saligprisingsberget.

Arne, Else og Miriam Bjørndal

framfor ein stor sjuarma lysestake.


8

OS Kyrkjeblad Nr.7-09

NyTT FRå vERdA

Gjevarteneste

– ein god måte å gje på

Kor mykje pengar kan forsvinne

frå kontoen din kvar månad utan

at du merkar det kr. 10,- 20,-

100,- 500,- 1000,- Meir

Uansett kva svaret er – kyrkjelyden treng

nye faste gjevarar. Det er mange av oss

som har vurdert å bli fast gjevar, , men

har stadig utsett det, eller tenkt ”nei, det

eg kan bidra med er så lite”.

Soknerådet har ein draum om at vi i

kyrkjelyden skal legge desse tankane frå

oss. Kyrkjelyden har så mange oppgåver

vi må gå inn i og gjere eller vidareutvikle.

Mellom desse er: barnearbeidet,

ungdomsarbeidet, konfirmantarbeidet,

diakoniarbeidet og musikkarbeidet.

Dessverre lever vi i ei tid med harde

økonomiske realitetar for kyrkja, - men

mykje av dette er noe vi kan greie å ta

tak i sjølve!

Kvar veke er vi mange hundre

personar som er innom kyrkjene og

kyrkjetunet i kor, foreiningar, klubbar,

konfirmantsamling, speidar, barnearbeid,

koinonia og ikkje minst på gudstenester.

Dersom vi får 150 nye gjevarar som kvar

gjev 300,- i månaden (10 kroner om

dagen) vil dette finansiere ein person i

100 prosent stilling!

Til dykk som alt er faste gjevarar ønskjer

vi å rette ein stor takk. Det er ved hjelp

av dykk vi har kunna tilsett barne- og

ungdomsarbeidar i kyrkjelyden. I om

lag 30 år har kyrkjelyden delfinansiert

stillinga som ungdomsprest; frå august

2008 har vi hatt Knut-Inge Johnsen som

ungdomsarbeidar.

Dersom du tek utfordringa, kan du ta

kontakt med vår sekretær Elin O. Moberg på

telefon 56 57 24 02 eller send e-post til eom@

os.kyrkja.no.

HAUSTGÅVA 2010

Saman med dette kyrkjebladet

kjem det ein konvolutt der

du kan vere med å gje ei

gåvetil kyrkjelydsarbeidet. Fast

gjevarteneste høver kanskje ikkje

for deg eller du vil nytte høvet til å

gje ei ekstra gåve.

Kateketstillinga i Os er vakant fram

til sommaren 2010. I denne

perioden har soknerådet engasjert

ein særleg dugande kar, Arne

Stautland, som kyrkjelydspedagog.

Mange har alt sett korleis han,

saman med mange frivillige og

andre tilsette, har gjeve eit kraftig

løft i konfirmantarbeidet.

Vidare har han ansvar for

samarbeidet skule/kyrkje og

har ansvar for undervisning ved

kyrkjevitjingar for skuleklassar,

barnehagar, med meir. Arne

held på med vidareutdanning

som kateket og vil gå inn i

kateketstillinga når den vert

aktivert igjen med tilskot frå

bispedømerådet.

Skattefrie gåver til kyrkjelyden

Visste du at pengegåver til kyrkjelyden (Os

sokneråd) gjev skattereduksjon

Jo, det er riktig, men det er nokre vilkår du

må kjenne til. Det er gåver på minimum

kr 500,- og like opp til kr 12 000,- som

kan førast opp på sjølvmeldinga og gje

skattefråtrekk. Skattereduksjon er heile 28

prosent av gåvebeløpet. For dei som nytter

maksimalbeløpet er skattefordelen heile kr

3360,-.

For å nytte den fordelen må du i samband

med innbetaling av gåve, melde frå om

namnet ditt og personnummer. Dette for

at kyrkjekontoret kan melde beløpet inn til

skattemyndigheit for at beløpet skal førast

på sjølvmeldinga. Alle opplysningar av

denne art vert handsama som fortruleg

og sjølvsagt unnateke offentleg.

Oversikt over kva vi har fått inn

i offer t.o.m. 11. oktober i år.

Det er offer på kvar gudsteneste.

Hittil i år har kyrkjelyden samla inn meir

enn 275.000 til følgjande formål:

Misjonsarbeid og

misjonsprosjektet: 79.194,50

Eigen kyrkjelyd: 86.372,50

Kyrkjetunet: 30.791,-

Kyrkjelege utdanningsinstitusjonar:

12.435,-

Diakonalt arbeid: 33.118,50

Andre kristne organisasjonar: 33.702,-

I mellomtida må Os sokneråd

finansiere denne stillinga, med eit

mindre tilskot frå bispedømerådet.

Det er ikkje til å legge skjul på at

dette er eit stort økonomisk løft

for soknerådet og vi ber derfor alle

vere med å gje eit bidrag.

Gudstenesta sundag 22. november

vert dagen da vi samlar inn

desse konvoluttane. Ved denne

gudstenesta vert det og eit særleg

fokus på ungdomsarbeidet i Os,

mellom anna vil Join Us ten sing

delta.

Har du ikkje høve til å delta på

gudstenesta 22. november, kan

konvolutten leverast på ei annan

gudsteneste eller direkte til

kyrkjekontoret.


NyTT FRå vERdA

OS Kyrkjeblad Nr.7-09 9

Saman for ei rettferdig verd

Kirkens Nødhjelp treng ei styrka

givarteneste. Kirkens Nødhjelp er

kyrkjelydens eige reiskap i møte med

katastrofar, svolt og naud. Kirkens

Nødhjelp er ein diakonal organisasjon

og skal verkeleggjere Guds kjærleik i

verda ved å fremje menneskes verdigheit

og verne om skaparverket. Gjennom

givartenesta tilbyr dei den enkelte av oss

ei hjelp til å kanalisere vårt bidrag slik

at det når ut dit det trengs. Vi får tilbod

om å vere med og beskytte naudlidande

og saman med dei kjempe for deira

grunnleggjande rettar. Vi får og tilbod

om hjelp til å hanskes med vår eiga

grådigheit og avgrense vårt overforbruk.

Det er openbart at mange av oss treng

den hjelpa.

Den absolutt billegaste måten å samle

inn pengar på, er gjennom givartenesta.

Når du sjølv går inn på heimesida til KN

(www.kirkensnodhjelp.no) og registrerer

deg, eller stikk innom kyrkjekontoret og

fyller ut givarslippen, går resten av seg

sjølv. Alle er invitert til å vere med, med

stort eller lite beløp etter evne. Når du er

med, har du og eit stødigare grunnlag for

både å rose og rise organisasjonen når du

blir oppmerksam på forhold som treng å

belysast og kanskje korrigerast.

Er du med

Ivar August Bye,

distriktskontakt for

Kirkens Nødhjelp i Midhordland

60-ÅRS KONFIRMANTAR

Dette flotte biletet av årets 60-års konfirmantar blei tatt i Os kyrkje sundag 27. september.

fremst: Karl Hjelle. frå venstre - rekke 1: Anne Kristine Pedersen, Kari Borgen, Ester Jensen, Anna Sælen, Ole Sælen, Nils Hjelle,

Dagfinn Hatvik. frå venstre - rekke 2: Prest: Anne Marie Sandve, Kjell Borgen, Reidun Drange Eide, Elly Nordvik, Gunvor Hjelle,

Arne Halhjem, Nic. Lunde, Ole Håkon Lunde. frå venstre - rekke 3: Hjørdis Klyve, Bjørg Hægland Rein, Inger Grindevoll,

Ingrid Skeie Sylta, Ragnhild Meidel Hansen, Eva Fjellhaugen, Aud Askvik, Magne Askvik.

frå venstre - rekke 4: Jan Røttingen, Jostein Heggland, Egil Asphaug, Kåre Skoglund, Einar Haugland, Bjarne Bjørkhaug,

Otto Nymark, Jon Vinciansen, Olav Haugland, Thor Svendsen, Olav Molven, Torvald Ingebrigtsen, Dagfinn Askvik

foto: bjørn stian bjoarvik


10

OS Kyrkjeblad Nr.7-09

vITNEsTAFETTEN

Eit problemfokusert hjarte

I det siste har Gud talt til meg om

fokuset mitt. Det som fangar mi

merksemd, fangar meg.

Gud kjem aldri med fordømming og klaging.

Han kjem med ei overbevising om synd i

mitt liv, fordi Han vil sette meg fri! Eg har

lagt merke til kor lett det er å fokusere

på meg sjølv og det som ikkje er så lett

i kvardagen. Dette går heilt tilbake til

barndommen der eg hugsar at eg hadde

kompleks fordi eg følte meg for tjukk. Eg

hugsar enno korleis dette eine problemet

kunne oppta mine tankar og mitt fokus til

dei gradar. Utanom det hadde eg svært få

problem. Eg fekk vakse opp i ein god heim,

med trygge, gode foreldre som lærde meg

om Jesus og det herlige livet med Han. Eg

hadde alt eg trengte til livets opphald. Eg

hadde mange vener, budde med fred i eitt

av verdas rikaste land og hadde tusen ting å

takke for. Men denne eine tingen, dette eine

problemet, tenkte eg på kvar dag. Eg gråt

mange tårar på grunn av det.

Opp igjennom åra har eg hatt andre

problem, og det har slått meg kor mykje

plass desse problema kan få i mine tankar.

Dei er jo eigentlig ganske små, sett i eit

større perspektiv, til samanlikning med for

eksempel foreldrelause barn som bur på

søppelfyllingar i Afrika utan sko, mat og

klede. Tenk om eg hadde klart å gløyme

meg og mitt og fokusert på andres behov

Tenk om alle gjorde det Då hadde verda

vore ei heilt anna. Eg kjenner eit rop i

hjartet mitt: Gud, sjå i nåde til meg og hjelp

meg! Eg treng eit anna fokus! Lær meg

å elske sånn som du elskar, Far! Og vår

gode, herlege, himmelske Pappa seier: Løft

hovudet, vakre pike, fest blikket på meg!

Det er ikkje bare mine egne manglar og

problem eg kan henge meg fast i. Ein dag

viste Den Heilage Ande meg tydelig at eg

må vere forsiktig med å kritisere andre,

spesielt leiarar.

Ein forventar jo ofte meir av dei, og gir

sjeldnare rom for feil eller karakterbristar.

Den dagen viste Gud meg ein spesifikk

person og leiar som eg har dømt i mitt

hjarte. Eg var opptatt av problema og kunne

ikkje sjå så mykje positivt. Eg gråt for Guds

ansikt. Så viste Han meg ei mengde gode

sider ved denne personen. Gud fokuserte

på venleik, eg fokuserte på problema. Eg

kjende at hjartet mitt vart knust. Eg måtte

omvende meg og endre fokus.

Jesus kallar meg til å rette mi merksemd på

Han. Det står i Hebrearane 12,2: ”Jesus står

no og ventar på oss. Fest blikket på Han som

først fekk oss til å tru, og i tillegg vil hjelpe

oss til å nå målet. Jesus såg også fram til

den gleda som venta Han. Derfor kunne Han

halde ut både døden på korset og den skam

det innebar å bli avretta.” Kva fokuserte

Jesus på midt i den verst tenkelege liding

På gleda som venta Han.

Tenk om Han hadde fokusert på seg sjølv

og sine problem då! Eller om Han hadde

fokusert på alle

problema med oss menneske! Då hadde Han

aldri halde ut. Då hadde Han aldri døydd

for våre synder og tatt vår straff. Han hadde

målet for augo sine heile tida, Han fokuserte

på gleda – fridom for dei Han elska.

På same måte er det med oss. Får Jesus

vere den gleda som er satt framfor oss

kan vi halde ut i alle slags prøvingar. Eit

sjølvfokusert og problemfokusert hjarte

øydelegg meg og gjer meg utakknemleg og

egoistisk. Et Jesusfokusert hjarte set meg fri

til å elske og til å leggje ned mitt eige for

andres beste.

Maria Hansen

Vitnestafetten gjer det mogleg for deg

å dele ditt vitnesbyrd i kyrkjebladet.

Maria Hansen gjev stafettpinnen

vidare til Kamilla Totland Bakke.


AKTUELT

OS Kyrkjeblad Nr.7-09 11

Kunstnar Borgny Svalastog fortalte

kva ho har lagt ned i arbeidet sitt.

Det grøne settet av kyrkjetekstilar er no på plass.

Det raude settet er venta i september 2010.

Festgudsteneste

i Os Kyrkje

Sokneprest Anne-Marie Sandve

under festgudstenesta 11. oktober.

11. oktober vart dei nye

kyrkjetekstilane teken i bruk.

Det var stor spenning om laurdagen når

kunstnar Borgny Svalastog kom og vi

pakka ut tekstilane. Ville fargen passa inn

og korleis ville dette ta seg ut i kyrkja

Bakgrunnen for at vi ønskte nye tekstilar,

var at det ikkje var tekstilar i kyrkja som

skapte ein heilskap. Det var forskjellige

uttrykk til kvar farge og ikkje fullstendige

sett.

- Vakkert

No har vi fått noko som er heilt. Noko som

er vakkert og godt å sjå på. Ser vi nærare på

arbeida, er dei fullasta med symbolikk. Her er

Jesus med dei 12 apostlane. Her er Maria med

barnet. Her er serafar og solsikker, forskjellige

typar kors og symbol for både dåpen og

nattverden. Det er eit mangfald utan at det

vert overlessa.

Borgny Svalastog var med oss på gudstenesta.

Det var godt å få treffa henne

og høyra kva ho har lagt ned i arbeidet

sitt. Mellom anna ligg det bøn i arbeidet.

Dette er det største arbeidet ho har hatt

av kyrkjetekstilar og det har vore ei stor

utfordring for ho å få alt til å stemma.

I vår kyrkjelege tradisjon, vert det mykje

ord. Her kan vi ta fleire sansar i bruk og

har heile evangeliet i bilete og symbol.

Fokus

Tekstilane skal ha fokus mot det som skjer

i gudstenesta. Antependiet heng framfor

altaret der vi vender oss mot Gud og der

vi forrettar nattverden. Lesepultklede

og preikestolklede heng der fokus er på

Guds ord og forkynninga av Guds ord.

Messehakelen blir brukt ved nattverden

og ved festgudstenester. Messehakelen

understrekar at her er ikkje presten ein

privatperson, men ein som på vegne av

kyrkjelyden tener Gud og formidlar Guds

gåver til kyrkjelyden ved ord og sakrament.

Vi har no fått det grøne settet. Det er

«kvardagsfargen» i kyrkjeåret. Det neste

settet vert det raude. Det er kyrkja sin

farge, fargen for martyrane og Den

Heilage Ande. Levering er no planlagt til

september 2010.

Anne-Marie Sandve


12

OS Kyrkjeblad Nr.7-09

Saman i bøn for Os

Morgonbøn i Kyrkjetunet kvar fredag frå

2. oktober til og med fredag 18. desember

kl. 06.00 til kl. 07.30.

Søndagssamling

22. november klokka 1700-18.30 vert det søndagssamling

i Kyrkjetunet. Det vert trekkspelmusikk ved Johannes

Agasøster og vener frå Kuhnle, andakt og mat.

Søndag for forfulgte kristne

«Søndag for forfulgte kristne» er eit felleskyrkjeleg

initiativ der fleire hundre tusen kyrkjelydar over heile

verda deltar. Dagen vert markert i kyrkjelydane på

ein av søndagane i november. I Os kyrkje vert dette

søndag 8. november. Dagen er ei markering i

solidaritet med våre søsken i trua som betalar ein

høg pris for si tru på Kristus.

Engleverkstad

Måndag 30. november kl. 19.00-22.00 vert det

engleverkstad i Nore Neset kyrkje. i lagar englar til jul

i ulike materiale. Instruktør vert Magnhild Berg.

Pris kroner 100,-.

Missa

av Norvald Johan Kobbeltvedt

Kyriaké

Kyriaké 30 år

Sjekk opp

"konfebloggen""

Vil du følgja med på kva konfirmantane

held på med i år, kan du ta ein kikk på

konfirmantarbeidet sin eigen blogg.

http://konfeblogg.blogspot.com

Konsertmesse i Os kyrkje

Lørdag 21. november kl. 18.00


Aut. installatør og kompetansebedrift

OS Kyrkjeblad Nr.7-09 Nr.7-08 13

REISENE BESTILLER VI HOS

OS REISEBYRÅ AS

Boks 274, 5203 Os

Tlf.: 56 30 43 00 • Fax: 56 30 43 10

e-post: os@travelnet.no • www.verden.no

Tlf.: 56 30 11 80

Mobil: 920 44 658

ALT I: MALING - TAPETSERING -

RENGJØRING - GULVLEGGING - FLISEARBEID

– fagkunnskap gir trygghet

Botnevik

Samdrift DA

Alt Vi fikser innen graving

og transport

Ring Olav på 914 924 60 307

Eller Bård A. på 951 13 187

KVALITET! KvAlitet!

Verktøy, maskiner og

redskap for HUS OG HAGE

PM Sælen&Co AS

Tlf. 56 30 44 90

www.jernia.no

Vi tar på oss alt arbeid innan:

• VVS - Nybygg - Rehabilitering

• Varmepumper

- leverer og installerer

• Høytrykkspyling av rør

• TV-inspeksjon av rør og kablar

• Lekkasjesøk

• Rehabilitering av avløpsledning

utan oppgraving

• Utleige av minigravar

Sjå vår utstilling!

Utstillingen vår i Jordmorsvingen 2

har ope onsdag og fredag 08.30-16.00

Tlf. 56 30 15 83/Fax: 56 30 12 50

Postboks 226 - 5202 Os

E-post: ssamdal@online.no


14

OS Kyrkjeblad Nr.7-09

døypTE / vIgdE / døydE

Døypte

20. september

Julia Maliska Schreiber f. 25.05.09

Mikal Skage Seilen f. 05.06.09

Fredrik Strønen Sperrevik f. 12.06.09

27. september

Ariana Linde Hatlelid f. 16.06.09

Mathias Nordstrøm Haugland f. 24.06.09

Lisa Bigseth Hjertholm f. 10.05.09

Tuva Emilie Kleivane Kvåle f. 08.06.09

Torjus Thorsnes Nybrot f. 16.06.09

Peder Olai Oma f. 16.05.09

DøDe

Arne Andreas Lekven f. 17.06.18 - d. 22.09.09

Edith Nesøy f. 27.08.25 - d. 23.09.09

Vilhelm Øvreeide f. 15.01.35 - d. 23.09.09

Hilda Revheim f. 21.10.19 - d. 30.09.09

Dagny Kristine Strønen f. 15.08.18 - d. 10.10.09

Ellen Marie Gjertsen f. 03.08.47 - d. 14.10.09

04. oktober

Erling Lund Bertheussen f. 27.07.09

Ellinor Bjaadal f. 07.06.09

Lilli Davida Vedholm Flaterås f. 30.06.09

Lina Printzlau Wiik f. 08.07.09

11. oktober

Christina Søreide Bergheim f. 17.07.09

Casper Bjørkhaug f. 10.07.09

Aleksandra Fjæreide f. 22.07.09

Viljar Nilsen Lekven f. 17.07.09

Emrik furubotn Storum f. 10.07.09

Othilie Ramsvik Svortevik f. 04.08.09

Fusa gravmonument

Øyvind helland

Tlf.: 56 58 14 06

Fax: 56 58 39 99

Mob: 48 25 56 50

• Oppretting og sikring

• Oppussing

• Tilføyelse

• Innhogne bokstavar

• Påsette bronse og

gullbokstavar.

OS SKINNVERKSTAD

Sage og fjerne trær,

mur og belegningsstein

– Ordner alt i hagen for deg!

56 57 66 77 / 99 00 80 80

www.oshageservice.no

Vi reparerer alt i: sko, båtkalesjer,

seletøy, sliping av kjøkkenknivar m.m.

Eigenproduksjon av fine gåveartiklar

i skinn og lær. Alt i eigen design fåast

berre her hos oss. Kom innom for ein prat!

Os skinnverkstad, v/G. Haugland,

Brugata 48 (v/trygdekontoret).

Tlf. 22 42 660 / 55 09 31 09


vELKOmNE TIL gUdsTENEsTE

OS Kyrkjeblad Nr.7-09 15

gudstenester i Os kyrkje

sundag 08.11.09

23. søndag e. pinse. Fil 1:6-11

KL. 11: Høgmesse. Nattverd. Dåp.

sundag 15.11.09

24 søndag e. pinse 1.. Tim 1:1-6

KL. 11: UNG MESSE,

konfirmantane deltek.

KL. 17: 5aren. Nattverd.

sundag 22.11.09

Siste søndag i kirkeåret.. Matt 25:31-46

KL. 11: Høgmesse. Dåp. Nattverd.

Tema: forvaltansvar. Haustgåven

kan innleverast

Fredag 27.11.09

.Matt 25:31-46

KL. 20: Ungdomsgudsteneste.

Nattverd.

sundag 29.11.09

1. adv... Luk 4:16-22

KL. 11: Familiegudsteneste.

Dåp. Speidarane deltek.

sundag 6.12.09

Luk 12:35-40

KL. 11: Høgmesse. Dåp

gudstenester i Nore Neset kyrkje

sundag 08.11.09

23. søndag e. pinse. Fil 1:6-11

KL. 11: UNG MESSE,

konfirmantane deltek.

Torsdag 19.11.09

.Matt 25:31-46

KL. 1930: Keltisk messe.

sundag 22.11.09

Siste søndag i kirkeåret.. Matt 25:31-46

KL. 11: Høgmesse. Dåp.

"Gla'sangerne" deltek.

sundag 29.11.09

1. adv... Luk 4:16-22

KL. 11: Familiegudsteneste i samband

med "Lys vaken".

NAmNE- Og AdREssELIsTE:

Os sOkneråd:

Postboks 209 - 5202 Os

Leiar:

Lill-Karin Wallem, Brothaugen 55,

5200 Os. Tlf. 56 30 13 53

Os kyrkje: Tlf. 56 57 24 10

kyrkjetunet i Os: Tlf. 565724 08 (tel. automat)

kyrkjekOntOret i Os:

Postboks 209, 5202 Os.

Tlf 56 57 24 00. Fax 56 57 24 01

E-post: post@os.kyrkja.no

Kontortid: mandag-fredag kl.09-14

Opplysning heile døgnet om

vakthavande prest: tlf 56 57 24 00

TILsETTE:

PrOst i MidhOrdLand:

Margrethe Holmboe Askeland,

Sokneprestkontoret: tlf. 56 57 24 05

Mob: 979 51 006, mha@os.kyrkja.no

sOknePrest i Os:

Anne-Marie Sandve

Tlf 56 57 24 06 Mob: 954 41 204

E-post: ams@os.kyrkja.no

kaPeLLan i Os:

Geir Sakseid, gs@os.kyrkja.no

Tlf. 56 57 24 12, mob, 913 25 568

kyrkjeverje/dagLeg Leiar:

Gerhard Hansen, gah@os.kyrkja.no

tlf. 56 57 24 03, mob: 911 62 199

sekretærar:

Elin Oldervoll Moberg

Tlf 56 57 24 02 E-post: eom@os.kyrkja.no

Monica Refsdahl

56 57 24 13 E-post: mr@os.kyrkja.no

diakOn:

Bjørg Sørfonden Bye

Tlf 56 57 24 04 E-post: bsb@os.kyrkja.no

ungdOMsarbeidar:

Knut-Inge Johnsen, kij@os.kyrkja.no

tlf. 56 57 24 15, mob: 915 28 600

kyrkjeLydsPedagOg:

Arne Stautland, as@os.kyrkja.no

tlf. 56 57 24 14, mob: 957 04 607

barnesekretær:

Kari Torsvik, kt@os.kyrkja.no

56 57 24 17 Mob: 980 71 549

kantOr/Organist:

Aasmund Brekke E-post: aab@os.kyrkja.no

56 57 24 11 Mob: 995 63 706

Tore Hegdahl: permisjon til 4/7-10

Linda Haugland: Permisjon til 1/12-09

redaktØr:

Birgitte Vaksdal E-post: bv@os.kyrkja.no

Mob: 918 68 428

Anne Marie Vangsnes: Permisjon til aug. 2010

drift av kyrkjer/kyrkjegardar:

Reidar Berge (mob 416 52 042),

Trygve Helgesen og Arne Fossåskaret


Avs:

Os Kyrkjelyd

Postboks 209

5202 Os

Øving med

Gla'sangerne

Er du med i barnekor Det finst

fleire kor i Os. Desse bileta er

frå «Gla’sangerne» i Nore Neset

kyrkje. På øvingane har dei song,

dans, leik og litt mat. Midt i

øvinga har dei også ein andakt.

Kontakt kyrkjekontoret for meir

informasjon dersom du vil bli

med i eit av kora i Os.

Prikk til prikk

Tegn en strek fra 1 til 2 og så videre.

Hvem skjuler seg her

Prikk til prikk

Hvem skjuler seg her

Alle foto: Monica Refsdal

Prikk til prikk

Hvem skjuler seg her

Bli kjent med fisken Gulliver

Bli kjent med Kaptein Klo

i barnebladet i barnebladet

18 blader + 1 CD i året rett hjem for kun kr 290,-!

Bestill Bestill barnebladet barnebladet BARNAS BARNAS på post@sondagsskole.no

på post@sondagsskole.no

Jesu stiller

stormen

Vinn over

det onde med

det gode

Jesus stiller

stormen

Vinn over

det onde med

det gode

More magazines by this user
Similar magazines