HMS ÅRSRAPPORT - Sør-Norge Aluminium AS

soral.no

HMS ÅRSRAPPORT - Sør-Norge Aluminium AS

2011

HMS ÅRSRAPPORT

Sør-Norge Aluminium AS


2 Sør-Norge Aluminium AS

bedrifta . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 3

Helse-, miljø-, sikkerhet- og kvalitetsstyringsystem ............................ 4

Ressursbruk og produksjon .................................................. 5

Vern og sikkerhet ............................................................ 7

Ytre miljø . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 8

Industrivern og sikring . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 15

Helse-, arbeidsmiljø og yrkeshygiene ......................................... 16

AMU/BU-utval .............................................................. 17

Program og mål for stadig betring . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 19

INNHALDKort om

Mykje å gleda seg over i 2011

B-hallen vart mellombels stengd

ned i mars 2009. I skrivande stund

har B-hallen såleis vore ute av drift

i over tre år. I heile denne perioden

har vi lagt stor vekt på at standarden

på alt vi driv med skal utviklast

vidare i minst same takt som før.

Tre år utan fråværsskader vart

markert 17.12.2011. Dette er ny «all

time high» og eit resultat av godt

og systematisk arbeid av alle tilsette

kvar einaste dag heile året gjennom.

Det einaste sikre her er at dette er

eit arbeid vi aldri kan sei oss ferdige

eller 100 % nøgde med. Vi må

fornya oss og stadig heva terskelen.

Den viktigaste nyvinninga i

2011 er implementeringa av 5/0

som er eit verkty for identifikasjon

av faremoment og tilhøyrande

risikoreduserande tiltak. Ein 5/0 skal

gjennomførast ute på golvet rett før

ein arbeidsoperasjon tek til. Det vart

registrert 967 gjennomførte 5/0 i

andre halvår 2011. Målet for 2012

er 3.000. Det er rapportert 3 (3)

H2-skader gjennom året. Målet for

2012 er null fråværsskader og null

H2-skader.

I høve til utsleppstal og utnytting av

råvarer så er god drift den viktigaste

suksess-faktoren.

Kvalitetsproblem på anodane medførde

ein del driftsmessige problem

i andre halvår 2010. Inn i 2011 vart

dette retta opp, og det viser også

att i tala. Gjennomgåande viser alle

viktige utsleppstal ei klar forbetring

i 2011 i høve til 2010. Fluor til luft

er ned frå 0,42 - til 0,36 g/kg Al, SO2

til luft er ned frå 1,38 - til 1,24 g/kg

Al og støv til luft er ned frå 0,66 - til

0,56 g/kg Al.

Skinneprosjektet i A-hallen var 75 %

fullført ved årsskiftet 2011/2012.

Ombygginga av skinnepakken vil

redusera kraftforbruket med ca. 0,2

kWh/kg. Den fulle effekten av dette

vil materialisera seg i 2012. Kraftforbruket

per kilo aluminium i 2011

vart 13,88 - mot 13,96 kWh året før.

Målet for 2012 er 13,75 kWh/kg.

Blussfrekvensen i elektrolysen har

lege på eit høvesvis høgt nivå

gjennom heile 2011. Dette påverkar

utslepp av såkalla PFK-gassar

negativt. Som ein følgje av dette

ligg utsleppet av CO2-ekvivalentar

godt over interne måltal også i

2011, – 1,77 - mot eit måltal på 1,62

kg/kg Al. Tilsvarande tal for 2010 var

1,80 kg/kg Al.

Straumstyrken i A-hallen er i 2011

auka frå 163 til 168 kA. Som ein

konsekvens av dette låg produksjonstakten

i A-hallen mot slutten

av 2011 for første gong i SØRAL si

historie over 90.000 årstonn. Dette

har stor innverknad på SØRAL sin

kostposisjon og konkurransekraft.

P.t. kan ein etter oppstart av B-

hallen, og oppkøyring av denne

til A-hallsnivå, rekne at SØRAL har

ein produksjonskapasitet på rundt

185.000 tonn. For 2012 er det planlagd

vidare oppkøyring til 172 kA.

Kontinuerleg forbetring er ein

rotfesta kultur på SØRAL. Resultata

for 2011 viser at dette kastar av seg

i form av betra tryggleik, lågare

utslepp og lågare kostnader. Dette

lovar godt for framtida.

Med venleg helsing

Per Øyvind Sævartveit


HMSRAPPORT 2011 3

Årsverk - SØRAL

Dagleg drift

SØRAL

500

450

400

350

300

250

200

150

100

50

0

416 410

399 389 380 383 383

305

278 282

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

Kort om bedrifta

Sør-Norge Aluminium AS (SØRAL) vart etablert

som selskap i 1962. I dag eig Alcan Holdings

Switzerland Ltd 50% - og Hydro Aluminium AS

49,9 % av aksjane. SØRAL ligg på Husnes i Kvinnherad

kommune. SØRAL er den største industriarbeidsplassen

i kommunen.

Storparten av transporten (> 90 %) av ferdigprodukta går

med båt til internasjonal hamn. Resten går landevegen

med trailer. All aluminiumoksid vert transportert med båt til

SØRAL. Anodekol kjem også sjøvegen medan aluminiumsfluorid

vert transportert med bil frå Odda.

SØRAL sine produkt, i all hovudsak pressbolt, vert

selde til SØRAL sine eigarar. Dei nyttar produkta

i eigne pressverk eller sel dei vidare til eksterne

kundar. Berre ein av elektrolysehallane (hall A)

har vore i produksjon i 2011. Det er pr. årsskiftet

2011/-12 ikkje endeleg bestemt kva tid hall B skal

startast opp att. Årsverk i arbeid ved verksemda

var 282 ved årsslutt. Det var ingen permiteringar

på dette tidspunktet.

Elektrolyseproduksjonen i 2011 var 89309 tonn,

omlag 1 433 tonn meir enn i 2010. Dette er i

hovudsak eit resultat av auka straumstyrke i hall A.

I Støyperiet var totalproduksjonen 119 114 tonn,

mot 129 862 tonn året før. Det vart kjøpt inn og

smelta ned 28 351 tonn kaldmetall (41 406 tonn

i 2010).

VERN OG SIKKERHET

• Bedrifteshelsetenesta

• Vern og sikkerhet

• Industrivern

• Portvakt

ADM. STØTTEFUNKSJONAR

• Controller / Finans

• Energi

• Ytre miljø / Kvalitet

• Personell / Lønn

• Opplæring / Informasjon

• Bedriftsutvikling

• RR-prosjekt

• Sakkunnig driftsleiar

høg-/lågspent

ADM. DIR

LOGISTIKK / INNKJØP

• Innkjøp

• Sentrallager

• Husnes havn

ØKONOMI / IT

• Reknskap

• Faktura

• Budsjett

• IT

SØRAL er godkjent som ISPS havn. Godkjenninga

er gitt av Kystverket etter ”Forskrift om sikring av

havner og havneterminaler mot terrorhandlinger”

frå 3. juli 2007.

Godkjenninga frå Kystverket medfører at SØRAL

kan ta imot skip i internasjonal fart.

TEKNISK

• Mekanisk vedlikehald

• Elektrisk vedlikehald

• Verksforsyning

• Bygg

• Kjøretøy

• Prosjekt

STØYPERI

• Sal / logistikk

• Marknad

• Laboratorium

ELEKTROLYSE

• Omnshallar

• Anode

• Katode


4 Sør-Norge Aluminium AS

Helse-, miljø-, sikkerhet- og kvalitetsstyringsystem

SØRAL har eit prosessretta, samordna

styresystem for helse, miljø,

sikkerhet og kvalitet.

I februar 2011 gjennomførte Teknologisk

Institutt Sertifisering AS periodisk

revisjon etter standardane:

• NS-EN ISO 9001:2008 (kvaliteten

på produkt og interne prosessar)

• NS-EN ISO 14001:2004 (etterleving

av krav i forhold til ytre miljø)

• OHSAS 18001:2007 (føringar knytt

til helse og sikkerhet)

SØRAL si interne revisjonsgruppe

gjennomførte 9 interne revisjonar

i 2011. I tillegg vart 6 internrevisjonar

retta spesifikt mot kjøretøy og

trafikk.

I november gjennomførte Klimaog

forureiningsdirektoratet ein

miljørevisjon. Det vart registrert

3 avvik og 5 merknader. Eit av avvika

var knytt til nokre mindre feil

i SØRAL sin eigenrapport for 2010.

Vidare var eitt avvik knytt til utrekning

av støv frå vasketårna og eitt

- til mellomlagring av farleg avfall.

Aktivitetar er i gang for å lukka avvika.


HMSRAPPORT 2011 5

Olje- og gassforbruk (t/år)

SØRAL

Utvikling elektrolyseproduksjon

(1000 tonn Al/år)

3500

3000

2500

2000

1500

1000

500

0

1927

2258

613

1032

647

886

656

1527

579

1990

580

1589

224

118

102

106

115

123

71

347

1676

383

2948

327

2230

46

28

7

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

Olje Propangass Naturgass

180

160

140

120

100

80

60

40

20

0

171

159

164 163 164 160

134

98

88 89

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

Ressursbruk og produksjon

El. energi

Energiforbruket for kvar kg produsert

aluminium i omnshallane var i

2011 13,88 kWh, som er ein nedgang

på mest 0,1 kWh samanlikna

med føregåande år. Totalforbruk av

elektrisk energi var 1 359 GWh, mot

1 353 GWh i 2010. Auken her skuldast

at straumstyrken i elektrolysen

er justert opp slik at kvar einskilt

omn no produserer meir aluminium

enn tidlegare.

Olje og gassforbruk

SØRAL nyttar naturgass som energi

til støyperiomnane. Lettolje kan nyttast

som reserveenergi. Dei fleste

kjøretøya går på lettolje (diesel).

Propangass vert nytta til oppvarming

av elektrolyseomnar som skal

restartast etter mindre reparasjonar.

Andre prosessar, som tidlegare

nytta propan, er bygde om til fyring

med naturgass. Propanforbruket har

difor gått tydeleg ned dei siste åra.

Forbruket av naturgass i 2011 (2230

tonn) var noko lågare enn i 2010

(2948 tonn). Dette skuldast ein

kraftig nedgang i nedsmelting av

kaldmetall i Støyperiet i 4. kvartal.

Propanforbruket var berre 7 tonn i

2011 mot 28 tonn i 2010.

Forbruk av sjøvatn

SØRAL nyttar sjøvatn frå Husnesvågen

til å reinsa avgassen frå omnshallane.

Ved full produksjon går det

med om lag 2 850 m 3 i timen. Ein

pumpestasjon ved sjøkanten leverer

sjøvatnet gjennom røyrsystem

til reinseanlegga.

Redusert produksjon i elektrolysen

gjorde at ei av sjøvasspumpene

ikkje trong nyttast i 2011. Snitt vassmengd

gjennom vasketårna var

såleis 2406 m 3 i timen i 2011.

Sjøvatnet går tilbake til fjorden.

Forbruk av ferskvatn

SØRAL tok ut omlag 7,1 m 3 /time

(6,8 - i 2010) med ferskvatn via det

kommunale vassverket. Vatnet vert

nytta til sanitærvatn, drikkevatn og

diverse kjøling.

SØRAL har også eige vassinntak for

prosessvatn nær det kommunale

inntaket i Hellandselva. Anlegg og

røyr er her ikkje dimmensjonert ut

frå dagens behov, og forsyninga

er heller ikkje trygg nok i lengre

tørkeperiodar.

For å ha ei sikker forsyning av

industrivatn, vert difor mesteparten

av prosessvatnet pumpa frå Opsangervatnet

til ulike forbruksstader

inne på verket. Målt snittforbruk av

industrivatn var 445 m 3 pr time.

Tett på halvparten av vassmengda

(200 m 3 pr time) går med som

kjølevatn under støypeprosessen i

Støyperiet.

Prosessvatnet vert elles nytta til

kjøling

- av smelteomnar for jarn til

innstøyping av anodar i

anodeverkstaden

- av straumlikerettarar for

elektrolyseprosessen

- til ulike andre reingjerings- og

kjøleformål

Vatn frå kjøling av likerettarar og

likerettartransformatorar går tilbake

til Opsangervatnet, medan vatn til

kjøling av boltestøyp, smelteomnar

for jarn (anodeverkstad) og anna

prosessutstyr går til sjøen.

Ferskvatnet attende til Opsangervatnet

er normalt ikkje ureina av

produksjonsprosessane.


6 Sør-Norge Aluminium AS

El. energiforbruk elektrolyse (kWh/kg Al)

Omnshallane

Olje- og gassforbruk (kg/t Al-produkt)

Støyperiet

15,2

15,0

14,8

25

20

23,1

18,8

14,6

14,4

14,2

14,0

15

10

9,8

8,9

9,1

12,6

8,9

14,6

13,8

13,6

5

5,7 6,1

13,4

13,2

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

0

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

Etter inntaket av prosessvatn oppe i

Hellandselva vert det tilsett natronlut

(NAOH) for å halda pH-verdien

nøytral på 7,0. Dette motverkar

tæring i røyrsystem og kjøleanlegg.

Mindre tæring reduserer også risiko

Produksjonsprosessen

for utslepp av tungmetall.

For å sikra mot eventuelle uhell og

søl med oljeprodukt til vatn og sjø,

er det montert oljeutskiljarar mot

Opsangervatnet i sør, og på avløp

for ferskvatn mot sjø i nord.

Desse avløpspunkta vert inspiserte

to til tre gonger kvar veke, og det er

ikkje registrert oljeutslepp siste året.

Oljeutskiljarane mot Opsangervatnet

har vore gjennom ei fornying

og oppgradering i åra 2009 – 2011.

Det er i dag godt sikra mot oljelekkasje

til Opsangervatnet.

AL.FLUORID

1699 tonn

PRIMÆRSILO

SPAR TWO

SPAR TWO

ALUMINIUMOKSID

170581 tonn

LIKERETTAR

TRAFO

ELKRAFT

1359 GWh

SEKUNDÆRSILO

TOTALT UTSLEPP TIL

LUFT FRÅ OMNSHALLAR

/STØYPERI

CO2-ekv:

SO2:

STØV:

FLUORIDAR:

164066 tonn

113 tonn

57 tonn

33 tonn

KALDMETALL

28351 tonn

LEGERINGSMETALL

1785 tonn

ANODEKOL

43838 tonn

ELEKTROLYSEOMN

OMNSGASSAR

GASSREINSEANLEGG

TIL SJØ

FRÅ ELEKTROLYSE TIL STØYPERI

89309 tonn

RETUR FRÅ PROSJEKT

45 tonn

STØYPESENTER

AVDAMPING / TAP

829 tonn

BRUKTE KATODAR

ANODESTØV

ANODERESTAR

3687 tonn

ANODERESTAR

6304 tonn

TIL DEPONI

TIL GJENNVINNING

UHOMOGENISERT

UHOMOGENISERT

ALUMINIUM

1080 tonn

HOMOGENISERING

BOLTESAG

T-BARRAR

0 tonn

HOMOGENISERT

WILSON STAR

WILSON STAR

AL.SLAGG/UTBREKK

1609 tonn

KAPP/OMSMELT

6500 tonn

PRESS-BOLT

119114 tonn

TIL KUNDAR


HMSRAPPORT 2011 7

Personskader med fråvær

(H-skader)

Personskader m/fravær+med.beh+arb.begr

(H2-skader)

12

12

16

16,00

10

8

6

4

2

0

4,68

4

22,29

2

1

2

0,00

0,00

1

0,00 0,00

0

0 0 0

2006 2007 2008 2009 2010 31.12.2011

10

8

6

4

2

0

14

12

10

8

6

4

2

0

11,70

10

9,14

8

5

5,17

4

5,06

3,97

5

3,48

2

3

0 02

4

3

1

3 3

0,00

1

0

2006 2007 2008 2009 2010 31.12.2011 Goal 2011

14,00

12,00

10,00

8,00

6,00

4,00

2,00

0,00

eigne tilsette (employees) Innleigd personell (Contractors) H-verdi total (H-value total)

eigne tilsette (employees) Innleigd personell (Contractors) H2-verdi total (H2-value total)

Vern og sikkerhet

Det var ingen personkadar med fråvær

i 2011. Siste personskade med

fråvær var i desember 2008.

Når det gjeld H2, vart det 3 (3) skadar

med medisinsk behandling.

Alle var kuttskadar på hand/fingrar.

(Tal i parentes er for 2010.)

Andre personskadar: 28 (31)

Av personskadar som er rapporterte

utan å ha ført til H2-skade eller

fråvær, så er det kutt/klemskadar på

hand/fingrar som er i fleirtal.

Andre rapporteringar:

Nestenulukker 42 (25)

Farlege forhold 250 (278)

Nestenulukke eller farleg forhold er

hending eller situasjon som ikkje

førte til skade, men som kunne

gjort det under andre omstende.

Det å oppdaga og registrera tilløp

til uhell er eit viktig bidrag i arbeidet

med å fjerna årsak og sjanse for

gjentaking.

SØRAL har ein nullvisjon i forhold til

skadar og arbeider med fleire tiltak

for å nå denne. Eit sikkerhetsverktøy

som det har vore stort fokus på,

er 5 trinn mot 0 skader (5/0). Dette

er ei forenkla utgåve av Sikker Jobb

Analyse. Operatørane nyttar sjølve

5/0-verktøyet før arbeidsoperasjonen

startar.

Målet er at operatørane skal ta sikre

val under gjennomføring av arbeidet.

Dette er også viktig for å skapa

ei bevisstgjering rundt den einskilde

sitt ansvar for eigen sikkerhet.

Eit nytt tiltak i 2011 var ”månadens

HMS-tema”. Her skal einingane gå

gjennom definerte tema i HMSmøta.

SØRAL har utvikla og gjennomført

eit eige 40 timars HMS grunnkurs.

Kurset vart gjennomført vår og

haust med god deltaking og gode

tilbakemeldingar.


8 Sør-Norge Aluminium AS

Ytre miljø

Energisparetiltak

SØRAL har pr. i dag varmegjenvinning

frå kjølevatnet på trykkluftkompressorane.

Varmen vert nytta

til oppvarming av bygg og sanitærvatn.

Støyperiet vert varma opp

av varme frå homogeniseringsanlegga.

Totalt reknar vi at omlag 6,6

GWh energi vert attvunnen årleg.

I prosjektet ”Modifisering av straumskinner

hall A” var det ved årsskiftet

bygt om 175 av 200 omnar. Samanlikna

med 2010 er reduksjonen i

spesifikt energibruk i 2011 ca. 0,1

kWh/tonn produsert aluminium.

Ein ytterlegare gevinst av prosjektet

vert synleg i 2012.

Det vart i slutten av 2011 sett i drift

ny oppvarming i restereingjeringsanlegget

(RR) for brukte anodar.

Radiator (maks. kapasitet 500 kW)

får varme frå returvatn i anode/

katode. Installasjonen vil indirekte

gje auka varmegjenvinninga frå

kjølevatnet i kompressorstasjonen.

Lokalt kontrollutval

Styresmaktene oppretta på 1960-

talet lokale kontrollutval for aluminiumindustrien.

Betre teknologi og

medviten innsats frå industrien har

gradvis ført til reduserte utslepp.

Kontrollutvalet vart formelt lagt

ned i 1993. SØRAL har likevel valt

å oppretthalda kontakten med

lokale fagfolk. Utvalet består no

av miljøvernleiar, landbrukssjef og

skogbrukssjef frå Kvinnherad kommune,

seniorinspektør/veterinær

frå Mattilsynet og representantar frå

SØRAL. Det vart gjennomført møte

tidleg på hausten 2011 der miljørelaterte

registreringar vart gjennomgått

og drøfta.

Vegetasjon i nærområdet

SØRAL ligg tett inntil skogs- og

jordbruksareal. Skadeverknad på

barnåler og gras vert difor jamleg

undersøkt. Prøvar vert vår og haust

samla inn og analyserte for innhald

av fluor. Barnåler har dei tre siste

åra hatt eit noko lågare innhald av

fluor enn dei næraste føregåande

åra. Dette er eit naturleg resultat av

redusert elektrolyseproduksjon og

med det mindre F-utslepp.

Analysar av grasprøvar frå Askedåso

sør-aust for verket har dei siste åra

synt noko høge F-verdiar. Frå 2010

vart det difor også vore teke grasprøvar

frå eng aust for Hellandselva.

F-innhaldet i grasprøvane frå begge

prøvestadane syner ein nedgang

i 2011. Det er ikkje noko administrativ

norm eller krav når det gjeld

F-innhald i beitegras. Det ligg ei

rettesnor i ”Effektstudien frå 1994”.

NEDFALL AV TUNGMETALL

Sidan år 2000 har det etter oppdrag

frå Klima- og Forureiningsdirektoratet

vore undersøkt for nedfall av

tungmetall rundt norske industriverksemder.

Etter eige initiativ kom

SØRAL med i undersøkinga i 2010.

Resultata er presentert i ”SPFO-rapport

1110/2011”. Rundt SØRAL vart

det teke moseprøvar på 10 ulike

stadar. Hovudkonklusjonen er at

forureiningsnivået gjennomgåande

er lågt. Det vert likevel kommentert

at det er grunn til å tru at relativt

høge verdiar for Ni (nikkel), Te

(tellur) og Bi (vismut) kan skuldast

utslepp frå SØRAL.


HMSRAPPORT 2011 9

Prosessindustrien sitt miljøfond

For kvar kilo SO 2

(svoveldioksid)

SØRAL slepp ut til luft, vert det betalt

inn kr. 1,50 til Prosessindustrien

sitt miljøfond. Ein intensjonsavtale,

sist regulert i 2010, mellom Norsk

Industri og Miljøverndepartementet,

har som målsetjing å halda

samla SO 2

-utslepp frå deltakande

verksemder under 11 000 tonn

årleg fram til 2014. Pengar som

vert betalt til fondet, vert nytta til

utsleppsreduserande tiltak. Midlane

skal prioriterast og kanaliserast som

stønad til dei prosjekta som gjev

størst utsleppsreduksjon pr.

investert krone.

Nye krav frå styresmaktene

I 2010 presenterte Klima- og forureiningsdirektoratet

(Klif ) nye krav

og forventningar til industrien sin

utsleppskontroll. Som eit resultat

av dette har aluminiumsbransjen

i Noreg (Hydro, Alcoa og SØRAL)

engasjert DNV (Det Norske Veritas)

for å bidra med utarbeiding av eit

mes mogleg felles og gjennkjenneleg

måleprogram, og i tillegg ein

metode for å vurdera kor pålitelege

utsleppstala er. DNV vart engasjert

i 2011. Det er venta at arbeidet skal

vera ferdig våren 2012.

Deponiområdet

Hausten 2008 gjennomførte NIVA

undersøkingar av sjøvatn og sediment

i nærområdet til det lukka

deponiet. Endeleg rapport kom i

2009 og vart omtala i miljørapporten

for dette året. SØRAL har, som

del av ein avslutningsplan for deponiet,

forplikta seg til å gjennomføra

ei ny miljøundersøking i 2013.

Avfall

SØRAL leverte i 2011 avfall til desse mottakarane:

Aluminiumsslagg frå Støyperiet

• Anodeavfall, div. eldfast avfall, slagg, brukt stålsand m.m.

• Katodeavfall frå elektrolyseomnane

• Metallskrap

• Anoderestar

• Farleg avfall

• Bildekk

• Anna avfall

Aleris Aluminium Norway AS, Eidsvåg i Romsdal

NOAH AS, Holmestrand

NOAH AS via SPL Norway AS, Halsnøy

Norsk Metallretur - Vest AS, Stord

Aluchemie i Holland

Sim Næring AS, Stord

Vianor AS, Haugesund

Sim Næring AS, Stord


10 Sør-Norge Aluminium AS

Avfallsmengder til deponi

Til deponi på Langøya (NOAH AS):

2011 2010 2009 2008 2007 2006*

Katoderestar (i tonn) 1751 1732 0 3523 5723 4200

Anoderestar/filterstøv (i tonn) 697 700 897 1900 2130 1290

Anodekol (i tonn) 1096 764 808 1638 900 900

Diverse inert avfall (i tonn) 143 49 50 20 320 449

Sot frå elektrolyse 0 0 0 0 720

* 2006 i sjøkantdeponi ved SØRAL

Avfall til mottaksstasjon

SØRAL kjeldesorterer avfallet. Siktemålet er størst mogleg gjenbruk. Avfall utan gjenbruksordning vert levert

usortert til SIM. Avfallsmengdene ligg omtrent på same nivå som i 2010.

Avfall til forbrenning via SIM Næring AS:

2011 2010 2009 2008 2007 2006

Blanda avfall (i tonn) 141 166 136 241 234 195

Avfall til resirkulering

Levert avfall (i tonn):

2011 2010 2009 2008 2007 2006

Papp og papir 23 24 21 28 35 28

Trevfall 113 123 98 182 212 184

Jern 150 887 219 743 1215 1139

Bildekk 5,3 7,8 2,3 9 14,1 16,5

Plast 0 0 3 3 6,7 1

AL-slagg (utbrekk) 1609 1687 1694 2675 2833 2395

Al-utbrekk 142 — — — — —

Anodekol 6304 6027 7019 12083 12513 11137

EE-avfall 5,5 3,5 3,5 11,4 7,2 4,8

SØRAL er medlem av RENAS som er ei returordning for elektriske- og elektroniske produkt og av Grønt Punkt

Norge AS som arbeider med organisering av innsamling og gjenvinning.

Farleg avfall

Farleg avfall som spillolje, hydraulikkolje, oljefilter, måling, lakkrestar m.m. vert samla opp, deklarert og levert til

godkjent mottakar. SØRAL har eigen sikkerhetsrådgjevar som organiserer dette arbeidet.

Levert farleg avfall (i tonn):

2011 2010 2009 2008 2007 2006

Farleg avfall (i tonn) 19,0 25,9 17,7 27,8 37,7 35,6


HMSRAPPORT 2011 11

Utsleppsløyve

Aluminiumindustrien i Noreg må

tilfredsstilla nasjonale og internasjonale

krav.

SØRAL er pålagt av Klima og forureiningsdirektoratet

(Klif ) å følgja

fastsette grenseverdiar for utslepp

til luft og vatn. SØRAL rapporterer

årleg om utslepp, miljøforhold og

beredskap mot ureining og ulukker.

30,0

25,0

20,0

15,0

10,0

19,5

Slagg til gjenvinning (kg/t Al)

Støyperiet

17,9 17,5

15,9

13,3

15,3 14,5 14,6

13,0 13,4

5,0

Utslepp frå omnshallane

0,0

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

Utslepp til luft

God drift på reinseanlegga og tette

og godt vedlikehaldne omnsdeksel

er avgjerande for at utsleppa av

fluorid, svoveldioksid og støv skal

verta lågast råd. Med halv elektrolyseproduksjon

i heile 2011, har

reinseanlegga hatt god kapasitet.

Ein oppstart av utkobla hall vil føra

til større utfordring for reinseanlegga.

Dei eldste reinseanlegga (RA1

og RA2) er difor no under rehabilitering.

(RA2 er i stor grad ferdig

rehabilitert.)

Fluorid (frå elektrolyseprosessen)

Fluoridar (F-utslepp) er i gassform

(hydrogenfluorid) eller bunden til

støv. Utsleppa var i 2011

0,36 kg/tonn Al., - noko lågare enn

fjoråret (0,42). Utsleppsgrensa ligg

på 0,50 kg/tonn.

Støv:

0,46 kg/time

4,01 tonn/år

STØYPERI - Utslepp til luft

Karbondioksid:

0,71 tonn/time

6182 tonn/år

Fluorid:

14,7 g/time

129 kg/år

SØRAL

NOx:

1,5 kg/time

13,3 tonn/år

ELEKTROLYSE - Utslepp til luft

Fluorid:

3,7 kg/time

32,5 tonn/år

Svoveldioksid:

12,7 kg/time

111,0 tonn/år

Karbondioksid:

15,0 tonn/time

131175 tonn/år

Støv:

5,7 kg/time

50,3 tonn/år

Perfluorkarbonar:

CF4 - 3,51 tonn/år

C2F6 - 0,43 tonn/år

I CO2 - ekv.:

26738 tonn/år

ELEKTROLYSE - Utslepp til sjø

Elektrolyseproduksjon: 89309 tonn Al. (netto)

Støyperiproduksjon: 119114 tonn Al. (netto)

Fluorid:

4,2 kg/time

36,6 tonn/år

Sulfat:

306 kg/time

2683 tonn/år

Susp. tørrstoff:

1,6 kg/time

13,6 tonn/år


12 Sør-Norge Aluminium AS

Utslepp av fluoridar til luft (g/kg Al)

Omnshallane

Utslepp av svoveldioksid (SO 2

) til luft (g/kg Al)

Omnshallane

1,0

5,0

0,8

4,0

0,6

0,4

0,46

0,39

0,45

0,39

0,38

0,48

0,41

0,39

0,42

0,36

3,0

2,0

1,95

1,30

1,66 1,56 1,72 1,56 1,46 1,47 1,38 1,24

0,2

1,0

0,0

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

0,0

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

Fluorid

Utsleppsgrense

Svoveldioksid

Utsleppsgrense

Svoveldioksid

(frå forbrenning av anodekol)

Utslepp av svoveldioksid (SO 2

) låg

på 1,24 kg/tonn Al, noko lågare enn

føregåande år (1,38) og godt under

utsleppsgrensa på 2,5 kg/tonn.

Støv (frå aluminiumoksid og

anodekol)

Utslepp av støv var 0,56 kg/tonn Al,

- noko lågare enn året før (0,66), og

klart under utsleppsgrensa på 1,0

kg støv/tonn Al.

Klimagassar (karbondioksid og

perfluorkarbonar (PFK) frå elektrolyseprosess)

Frå sjølve elektrolyseprosessen var

utsleppa i 2011 131175 tonn CO 2

.

Dette er ein kalkulert verdi med

utgangspunkt i netto forbruk av

anodar. Her vert gjort nokre justeringar

på bakgrunn av svovel- og

askeinnhald i anodane. I tillegg vil

elektrolyseomnar med høg spenning

(bluss) føre til utslepp av PFKgassar

(CF 4

og C 2

F 6

). Omrekna i CO 2

–ekvivalentar utgjorde PFK-gassane

26738 tonn.

Samla vart utsleppa av klimagassar

frå elektrolyseprosessen i alt 157913

tonn.

Utsleppa av klimagassar i 2011 vart

1,77 tonn CO 2

-ekv. pr. tonn produsert

aluminium. Dette var dårlegare

enn intern målsetjing på 1,62.

Ein høg blussfrekvens påverka

utsleppstalet negativt.

SØRAL, saman med andre industribedrifter,

inngjekk i 1997 ein frivillig

avtale med Miljøverndepartementet

om å redusera utsleppa av CO 2

-

ekvivalentar med 50 % innan år

2000 og – 55 % innan år 2005.

Samanlikningsåret er 1990. Den

frivillige avtalen om å ikkje auka

utsleppa over ei øvre grense, vart

vidareført til utgangen av 2007.

I 2009 vart Norsk Industri og Miljøverndepartementet

igjen einige om

ein avtale, denne gongen for ikkjekvotepliktig

prosessindustri. Avtalen

gjeld for 2008 til 2012. Samla for

avtalebedriftene skal utsleppa av

klimagassar ikkje overskrida 6,2 mill

tonn CO 2

i snitt for åra 2008 til 2012.

Samanlikna med utsleppsnivået i

1990 gir dette ambisjonsnivået ein

reduksjon på 44% for den ikkjekvotepliktige

delen av prosessindustrien.

Sidan aluminiumsindustrien frå

2013 vert ein del av eit CO 2

-kvoteregime,

har SØRAL i 2011 sendt

inn søknad om frikvotar. Det er

ikkje forventa at SØRAL fullt ut vil få

frikvotar som tilsvarar CO 2

-utsleppa

ved bedrifta pr. i dag. Det vert

naudsynt å kjøpa ein del CO 2

-kvotar

for åra 2013 til 2020.

PAH (polysykliske aromatiske

hydrokarboner)

Sidan SØRAL berre nyttar anodar

som er kalsinerte (”prebaked”) på

førehand, vert det minimale utslepp

av PAH (tjørestoff ) frå prosessen.

Vi registrerer ikkje utslepp av PAH

til ytre miljø. Likevel er det ei viss

avdamping av PAH ved bruk og

under kalsinering av stampemasse

i elektrolyseomnar og i samband

med påfylling av kragemasse etter

faststøyping av anodetappar i anodeverkstad.

Mogleg risiko knytt til

dette har meir relevans til arbeidsmiljø

enn til ytre miljø.

Tungmetall (frå råvarer)

Det er tungmetall både i aluminiumsoksid

og i anodar i elektrolyseprosessen.

Ein del av tungmetalla

vil enda i sluttproduktet, medan

noko vert med støvutsleppa til luft

og sjø.


HMSRAPPORT 2011 13

Utslepp av støv til luft (g/kg Al)

Omnshallane

Utslepp av sulfat, fluorid og suspendert

tørrstoff til sjø (kg/time) – Omnshallane

4,0

3,0

2,0

1,0

0,0

1,25

0,81

0,53 0,47 0,50 0,49 0,53 0,57 0,66 0,56

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

30

25

20

15

10

5

0

1260

1244

1130 1140

1056 1065

20,8

21,3

949

20,0

852

18,2

17,5

14,4

13,2

347

306

6,2

6,7

4,2

2,19 1,91 1,76

2,2

1,51 1,6

1,43

1,82

1,3

0,93

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

1400

1200

1000

800

600

400

200

0

Støv

Utsleppsgrense

Fluorid Suspendert tørrstoff Sulfat

For 2011 har SØRAL rapportert

følgjande tungmetallutslepp (i kg)

til luft:

2011 2010

Arsen (As) 23,60 26,63

Kopar (Cu) 51,02 44,87

Sink (Zn) 35,01 24,92

Vanadium (V) 7,95 7,84

Krom (Cr) 3,95 0,50

Kvikksølv (Hg) 0,02 0,01

Mangan (Mn) 12,98 0,40

Nikkel (Ni) 293,15 319,09

Kadmium (Cd) 1,14 0,45

Barium (Ba) 1,75 0,39

Bly (Pb) 27,33 20,62

Molybden (Mo) 1,43 0,95

Kobolt (Co) 2,11 1,97

Tal for 2011 gjeld både for støyperi og

elektrolyse. (Berre elektrolyse i 2010)

Utslepp til sjø

Støv og fluorid frå elektrolyseomnane

vert i stor grad reinsa under

tørreinsinga. Omnsgassen blir

etter tørreinsing ført til eit vasketårn

der sjøvatnet vaskar ut svoveldioksid

(SO 2

) og restfraksjonar av støv

og fluorid som elles ville gått til luft.

I sjøvatnet vert SO 2

oksidert til

sulfat (SO 4

).

Vanleg sjøvatn inneheld store

mengder sulfat og fluorid, med

konsentrasjonar på om lag 2,5 g

sulfat og 1,0 mg fluorid pr. liter

sjøvatn. Det er ikkje kjende negative

miljøeffektar av desse utsleppa.

Fluorid (frå elektrolyseprosessen)

Utsleppa låg i snitt på 4,2 kg/time

i 2011. Dette er noko lågare enn i

2010 (6,7). Dette tyder på at vedlikehaldsarbeidet

på reinseanlegga

(særleg RA2) har hatt ein positiv effekt

på resirkuleringa av fluorid. Det

er ikkje noko øvre utsleppsgrense

for fluorid til sjø. Utsleppa har ikkje

merkbar innverknad på fluorinnhaldet

som opphavleg finst i sjøvatnet.

Tørrstoff (frå aluminiumoksid

og anodekol)

Støvutsleppet har lege på omlag

same nivå dei siste åra. Utsleppsgrensa

er her 4 kg/time på årsbasis.

Målte utslepp i 2011 var 1,6 kg/time

mot 1,5 - i 2010.

Sulfat (frå forbrenning av anodekol)

I snitt vart det vaska ut 306 kg sulfat

pr. time i 2011 mot 347 – i 2010.

Det er ikkje fastsett noko utsleppsgrense

for sulfat til sjø. Sulfatutsleppa

har noko innverknad på

pH-verdien i sjøvatnet nær utløpet.

PH-verdien vert følgd opp gjennom

jamlege målingar.

Tungmetall

For 2011 har SØRAL rapportert

følgjande tungmetallutslepp (i kg)

til sjø:

2011 2010

Arsen (As) 0,37 0,80

Kopar (Cu) 2,12 14,19

Sink (Zn) 0,86 2,41

Vanadium (V) 0,12 0,31

Krom (Cr) 0,11 0,09

Kvikksølv (Hg) 0,01 0,01

Mangan (Mn) 0,10 0,02

Nikkel (Ni) 6,46 19,51

Kadmium (Cd) 0,004 0,01

Barium (Ba) 0,02 0,01

Bly (Pb) 0,51 1,56

Molybden (Mo) 0,03 0,04

Kobolt (Co) 0,04 0,11


14 Sør-Norge Aluminium AS

Utslepp av fluoridar til luft (g/time)

Støyperiet

Utslepp av støv til luft (g/time)

Støyperiet

300

200

1800

1600

1400

1200

1770

1000

1091 1130 870

100

0

60

64

44 50

28

8

16

14

7

15

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

800

600

400

200

0

640

678

580 616

528

464

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

Utslepp frå Støyperiet

Under smeltebehandling og omnsfyring

oppstår det noko utslepp

av fluorid, støv, nitrogenoksid og

karbondioksid. Mengdene er her

låge samanlikna med utsleppa frå

elektrolyseprosessen.

Utslepp til luft

Fluoridar kjem frå bad og ureint

metall frå omnshallane.

Fluoridutsleppet var berre 0,4 % av

F-utsleppa frå elektrolyseprosessen.

Det har såleis liten innverknad på

totalutsleppa frå verket.

Svoveldioksid kjem frå forbrenning

av olje. Etter overgangen til naturgass

er utsleppa av svoveldioksid

jamnt låge, og vi kan sjå bort frå

desse som noko miljøaspekt.

Støv kjem i hovudsak frå støyperiomnane.

Konsesjonsgrensa for

utslepp av støv frå støyperiet er

25 mg/Nm 3 . I 2011 registrerte vi

eit snittutslepp på 2,6 mg/Nm 3 frå

støyperiet.

Nitrogendioksid kjem frå forbrenning

av olje og gass og utsleppet er

proporsjonalt med forbruket. I 2011

var utsleppet 13,3 tonn. Dette er ein

nedgang frå 2010 då talet var 17,8

tonn. Nedgangen er eit resultat

mindre nedsmelting av innkjøpt

kaldmetall.

Karbondioksid kjem frå forbrenning

av olje og gass. 6182 tonn

(8191) vart sleppt ut frå Støyperiet

i 2011. Dette utgjer 3,8 % (4,9) av

samla utslepp av CO 2

-ekvivalentar

ved bedrifta. Reduksjonen er eit

resultat av mindre omnsfyring for

nedsmelting av kaldmetall i 2011.

Støy ved nabogrenser

SØRAL måler støy ved nabogrenser

der det er bustader. Konsesjonen

tillet maksimalt 50 dBA. Det er ikkje

registrert overskridingar i 2011.

SØRAL er svært oppteken av at

utstyr som vert installert, er støysvakt,

slik at støy til omgjevnad

og personeksponering vert lågast

mogeleg.

Naboklagar

Det vart ikkje rapportert naboklagar

av noko slag i 2011.


HMSRAPPORT 2011 15

Industrivern og sikring

Kartlegging av storulukker

Risiko for storulukker ved Sør-Norge

Aluminium AS er kartlagt gjennom

risikovurderingar som vert

oppdatert ved endringar i anlegg

og installasjonar. Dei anlegga som

inneheld størst potensiale for

storulukker er:

Naturgasstank (250m 3 ) ved kai

Gassutslepp etterfølgt av tenning

og sterk varme, kan gje alvorlege

brannskadar på personar, vegetasjon

og brennbare materialar

innanfor og utanfor SØRAL sitt

inngjerda område. Største sikringssone

er 1000 m.

Propantank

Propantank på 20 m 3 aust for

kompressorstasjonen er så liten at

denne i seg sjølv ikkje vert regulert

gjennom storulukkeforskrifta.

Forureining av fluor

Forureining av fluor kan gi lokal

ureining og skade på det marine

miljøet (fisk, sjødyr) og vegetasjon.

Fluorutslepp til luft kan gi sviskade

på furu, gran og anna vegetasjon.

Utslepp til jord/vegetasjon kan

indirekte gi fluorose på dyr (skade

på tenner og skjelett).

Fluoridar er ein del av råstoffet

til elektrolyseprosessen og finst i

flytande og fast form. I fast form er

fluoridar bunde til pulver eller ”badklump”.

I flytande form finst fluoridar

i elektrolytt (bad) i elektrolyseomnane.

Forureining frå fluoridar er

risiko i forhold til luft og vatn.

Fluoridmengd:

Badklump og pulver:

Elektrolytt (bad i elektrolyseomnar):

Aluminiumfluorid:

Sekundæroksid:

ca. 3000 tonn (av dette fluor ca. 200 tonn)

ca. 4000 tonn (av dette fluor ca. 280 tonn)

ca. 100 tonn (av dette fluor ca. 60 tonn)

ca. 1000 tonn (av dette fluor ca. 14 tonn)

Industrivern

Industrivernet har gjennomført

øvingar i samsvar med krav frå

styresmaktene. Det vart i 2011 gjennomført

ei større beredskapsøving

der også eksterne etatar deltok.

SØRAL har forsterka brannvern og

sanitet. I tillegg er det røykdykkarteneste

som inneber ekstra øvingar og

fysiske testar. Industrivernet har også

orden og sikring, teknisk støtte og

redningsstab.

Totalt var 71 personar tilknytt industrivernet

ved utgangen av 2011.

59 av desse var innsatspersonell.

Det vart gjennomført 58 øvingar i

året som gjekk. Industrivernet hadde

utrykkingar til 2 brannar og – 10

gonger ved brannalarm/røykutvikling.

Utanom nemnde oppdrag hadde

SØRAL-ambulansen 2 utrykkingar

internt. Rundt om i einingane vart

det nytta pulverapparat 21 gonger

for å sløkkja mindre brannar.


16 Sør-Norge Aluminium AS

Sjukefråvær

12

10

8

% 6

4

2

0

9,53

1,97 8,30

7,49 7,21

1,75

7,32

6,78

1,74

6,42

1,75

2,19 2,07

6,06

6,11

5,77

0,90

5,48

0,92

1,32

0,57

0,56

1,51

1,16

3,13 3,12 1,39

4,43

0,75

0,89 0,32

1,20 1,07 1,33

4,06

0,98

2,78 2,73 3,15

2,31

1,61

0,74

1,50

2,54

2,34 2,68 2,89

2,38

0,53 0,17

2,69 2,51

1,91 1,15

2,05

1,97 1,99

1,52 1,62

1,27

1,25

1,58

1,03 1,15

0,38

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des Avg

2011

5,00

0,80

1,00

2,00

1,20

Goal

2011

Egenmelding (self-certification) 1-16 dager (days) 17-60 dager (days) > 2 månader (months)

Helse-, arbeidsmiljø og yrkeshygiene

Helse

SØRAL har eiga bedriftshelseteneste

(BHT) som i juni 2010 vart

godkjent av Arbeidstilsynet i samsvar

med ”Forskrift om godkjent

bedriftshelseteneste”. Forskrifta set

krav til BHT når det gjeld kompetanse

og system for å verta godkjent.

BHT på SØRAL består av lege,

fysioterapeut og innleigd bedriftssjukepleiar.

BHT gjennomfører systematiske

kontroller av dei tilsette si helse for

å førebyggje og oppdaga helseskadar

som kan ha samanheng med

arbeidsmiljøet.

Det var i 2011 ikkje meldt inn nye

yrkessjukdomar til Arbeidstilsynet

og Rikstrygdeverket.

Sjukefråværet auka urovekkjande

mot slutten av 2010. Dette nådde

toppen i januar 2011 med eit totalt

sjukefråvær på 9,53 %. Heldigvis

gjekk fråværet ned att og nådde

sitt lågaste nivå i august med 4,06

%. Diverre auka fråværet også mot

slutten av 2011 og enda til slutt på

6,42 % (5,16 %). Særleg det lange

sjukefråværet (over 2 månader.)

auka i 2011. Ei tett oppfølging, både

på kort- og langtidsfråvær, held

difor fram.

Arbeidsmiljø

For å førebyggja sjukdom og skade,

er arbeidskartlegging eit viktig

verktøy. Det vert gjennomført

miljømålingar på støy, støv, gass og

kjemikaliar.

I 2011 vart det gjennomført vibrasjonsmåling

på handstampemaskin

til bruk ved stamping i elektrolyseomnar.

Det vart også gjennomført

måling av heilkroppsvibrasjon på

sjåfør i anodetrekkvogn.

Dette var ei kontrollmåling etter

gjennomførtete tiltak for å redusera

vibrasjonen. Målingane viser at

tiltaka har ført til at vibrasjonen no

ligg innanfor administrativ norm.

SØRAL har og delteke i Aluminiumindustriens

Miljøsekretariat (AMS)

sitt prosjekt ”Reduksjon av fluorideksponering

i aluminiumsindustrien

inkludert grunnlag for kortidsnorm

for fluorider” .

Det er gjennomført kartlegging av

arbeidsoperasjonar der det kan vera

høg kortidseksponering. Ein del betringstiltak

er gjennomført medan

andre er under planlegging.

Det vart gjennomført 45 kortidsmålingar

(15 min.) fordelt på 14

arbeids operasjonar og 72 åttetimars

målingar fordelt på 7 jobbar.

Ved fleire av arbeidsoperasjonane

vart det nytta PIMEX (Picture Mix

Exposure) som er paralell videofilming

og måling av støv/fluor.

Måleresultatet vert presentert

grafisk i film. Det er gjennomført ein

presentasjon av PIMEX-resultata på

alle skift i omnshallane.

Arbeid med støyreduksjon vert

gjennomført systematisk i samsvar

med støyoppfølgingsmatrise utarbeidd

av AMS.


HMSRAPPORT 2011 17

AMU/BU – utval

Utvalet består av 7 representantar

frå leiing og 7 – frå dei tilsette. I tillegg

møter verneleiar, bedriftslege

og hovudverneombod som faste

medlemmer. I 2011 vart det gjennomført

7 møter. Av saker som vart

handsama kan nemnast:

• Personskadar, nestenulukker

med stort potensiale og skadeførebyggande

arbeid

• Sjukefråvær og oppfølging av

Inkluderande Arbeidsliv

• Orientering frå Attføringsutval

og AKAN

• Informasjon frå GB-prosjektet

”identifisera arbeidsoperasjonar

med høg HF- og F-eksponering”

• Godkjenning av eige utarbeidd

40 timars HMS grunnkurs

• Etiske retningsliner

• Generelt påbod om bruk av

vernebriller på SØRAL

• Arbeidsmiljøpris i Kvinnherad

• AMS-Kjøretøyrevisjon

• Oppfølging av skinneprosjektet

• Måltall for HMS-rundar

• Oppfølging i bruk av 5/0


18 Sør-Norge Aluminium AS

Program og mål for stadig betring

SØRAL sin HMS-politikk:

--

SØRAL forpliktar seg på å etterleva

krav, forskrifter og lovverk frå

styresmaktene.

--

Leiinga skal leggja til rette for at

kvar og ein får utvikla seg gjennom

engasjerande oppgåver.

--

Krav og forventningar som gjeld

etisk ansvar skal følgjast.

--

Målretta informasjon til medarbeidarar,

samfunn og andre

interessentar skal prioriterast.

--

HMS skal integrerast i det daglege

arbeidet.

HMS-oppgåver dei næraste åra:

• Redusera avfall, og auka gjenvinning.

• Sikra låge utslepp av fluorgassar og støv frå omnshallane.

• Halda utsleppa av klimagassar frå bluss på jamt lågt nivå.

• Redusera støy, ytre og indre.

• Redusera elektrisk energiforbruk i elektrolyseomnane (kWh/kg Al).

• Redusera bruk av helseskadelege kjemikaliar.

• Arbeida for sikker lagring og gjenbruk av brukte katodar.

• Redusera diffuse støvutslepp gjennom å modernisera og fornya

bad- og slagghandteringa.

• Arbeida vidare med trafikksikkerhet.

• Følgja opp risikoanalysar og tiltak.

• Redusera fluoreksponering i arbeidsmiljøet.

• Kartleggja og risikovurdera arbeidsoperasjonar som er utsett for

vibrasjon.

--

Aktiv medverknad og godt leiarskap

skal skapa trygg åtferd.

--

Gjennom systematisk og haldningsskapande

arbeid skal vi

førebyggja mot personskadar og

uønskte hendingar.

Førebyggjande tiltak og kontinuerleg betring:

SØRAL har som målsetjing å gjennomføra risikoanalysar relaterte til

arbeidsmiljø og ytre miljø minimum kvart tredje år.

--

Utsleppa til luft, jord og vatn skal

vera så låge at omgjevnadane

ikkje vert påført skadar eller

ulemper.


HMSRAPPORT 2011 19

Mål og resultat

Mål

2010

Resultat

2010

Mål

2011

Resultat

2011

Mål

2012

Helse og Sikkerhet

- H-skadar 0 0 0 0 0

- H2-skadar


HMS ÅRSRAPPORT 2011

Sør-Norge Aluminium AS, Onarheimsvegen 54, 5460 Husnes

Telefon: 53 47 50 00 - firmapost@soral.no - www.soral.no

Redaksjon: Finn Are Berntzen og Årstein Eik

Foto: Geir Berntzen

Grafisk produksjon og trykk: SØRAL ved Geir Berntzen

More magazines by this user
Similar magazines