25.01.2015 Views

2007 - Hordaland fylkeskommune

2007 - Hordaland fylkeskommune

2007 - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

1 Generelt om internasjonalt arbeid

1.1 Nasjonale rammer for det internasjonale

arbeidet

Noreg er ein del av eit stadig meir samanvevd

internasjonalt samfunn. Internasjonale avtaler,

så vel som utviklinga på den internasjonale

marknaden påverkar Noreg, heilt ned til dei

lokale effektane. Den auka globaliseringa er ei

utfordring for norske verksemder som må

konkurrere med lavkostnadsland, men den gir

og moglegheiter for eit auka samarbeid over

landegrensene. Regionalpolitikken er eit godt

døme på sterkare internasjonal integrering.

Regionar samarbeider over landegrensene med

utfordringar. Internasjonalt samarbeid har og

blitt ein viktig reiskap for læring, erfaringsutveksling

og politikkutvikling.

Internasjonal deltaking understrekast og i dei

førande dokumenta frå regjeringa. Kvart fjerde

år leggast det fram ei stortingsmelding om mål

og strategiar i distrikts- og regionalpolitikken. I

alle dei tre siste prinsippmeldingane (1996-

1997, 2000-2001 og 2004-2005) har verdien av

internasjonale samarbeid og program blitt

understreka. I den siste av dei, St. meld nr 25

”Om Regionalpolitikken” (2004-2005)

framhevast internasjonalt samarbeid igjen som

eit av dei sentrale virkemidla for å nå dei

regionalpolitiske måla; ”Internasjonalt

samarbeid: Regjeringa legg opp til at Noreg

skal halde fram med å delta aktivt i fleire typar

av samarbeid for regional utvikling over

landegrensene, gjennom Barentssamarbeidet,

Interreg og nordisk samarbeid.

Det er viktig å sjå på internasjonalt samarbeid

som ein reiskap for å nå dei måla som

fylkeskommunen har satt, og ikkje som eit mål i

seg sjølv. Dette presiserast og i St. meld. 19

”Nye oppgåver for lokaldemokratiet” (2001-

2002); ”Deltaking i internasjonalt

regionalpolitisk samarbeide har som

utgangspunkt dei forskjellige moglegheitene og

utfordringane ein region står ovanfor.

Deltaking i slikt samarbeid skal på lik linje med

andre verkemiddel bidra til å fremme ein god

regional utvikling (..)Det internasjonale

samarbeidet må inngå som ein integrert del av

det regionale utviklingsprogrammet.”

Derimot er det internasjonale arbeidet ein særs

viktig reiskap for fylka, eit faktum som

regjeringa har understreka ved fleire høve; I St.

meld 21 ”Hjarte for heile landet Om distriktsog

regionalpolitikken” (2005-2006)

understrekast nok ein gang fylkeskommunane si

rolle som regional utviklingsaktør med at

”Deltaking i internasjonalt regionalpolitisk

samarbeid er i dag ein integrert del av det

regionalpolitiske arbeidet til dei fleste

fylkeskommunane.”

Det er ikkje bare samarbeidet gjennom dei EUfinansierte

programma, slik som Interreg, som

blir tillagt vekt, i St. Meld 12 ”Regionale

fortrinn – Regional framtid” (2006-2007)

understrekast det og kor viktig det er å ”delta i

faste internasjonale samarbeidsorganisasjonar

eksempelvis (..) Nordsjøsamarbeidet”.

Den internasjonale verksemda i Hordaland

Fylkeskommune er dermed i god

overeinstemming med dei føringane som er lagt

frå regjeringa si side.

1.2 Dei politiske rammene for det

internasjonale engasjementet i Hordaland

Regjeringa sin fokus på internasjonalt

samarbeid gjenspeglar seg i Hordaland Fylkeskommune

sitt internasjonale engasjement.

Fylkeskommunen har i over 20 år vore ein aktiv

og engasjert aktør i internasjonalt samarbeid;

gjennom samarbeidsregionar, EU-finansierte

program eller medlemskap i internasjonale

organisasjonar, og det internasjonale

engasjementet har såleis blitt ein viktig reiskap

for fylkeskommunen i arbeidet med å oppfylle

dei vedtekne måla - internasjonalt arbeid skal

såleis gjennomsyra heile organisasjonen og vere

ein integrert del av arbeidet innan kultur,

næringsutvikling, opplæring, miljø, samferdsel

og sosiale spørsmål.

Dei eksisterande visjonar, mål og strategiar for

det internasjonale arbeidet i Hordaland Fylkeskommune

blei vedtatt av Fylkestinget i

desember 2004.

1

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!