Takksam for åra som lege - Helse Førde

helse.forde.no
  • No tags were found...

Takksam for åra som lege - Helse Førde

2 FIRDA

TYSDAG 19. JULI 2011

Nyhende

Takksam for åra som lege

■ No reiser

han heim

til Sudan

FØRDE: 11 år etter at

han køyrde frå Tyskland

til Loppa i Finnmark på

fem dagar, er sudanske

Mamoun Elzubair i ferd

med å nå målet sitt.

HILDE GENBERG

hilde.genberg@firda.no 91149818

Før jul reknar han med å vere ferdig

med spesialistutdanninga

som anestesilege. Då vil det ikkje

gå lang tid før Mamoun, kona

Rayan og borna Omar (4) og Talia

(2 1/2) reiser til heimlandet

Sudan, der det er stor legemangel.

Tilfeldigheiter

At Mamoun vart lege, er ikkje tilfeldig,

men at han drog til Norge,

var det ingen som hadde sett føre

seg, før norske styresmakter sette

i gang ein rekrutteringskampanje

for å få tyske og nederlandske

legar til Norge. Mamoun jobba

som lege i Tyskland, der han hadde

teke medisinutdanning. I dag

angrar han ikkje på at han tok

sjansen, lærte seg norsk og sette

seg i ein gammal bil på veg til

Loppa. Der hadde han fått jobb

som kommunelege.

På grensa fekk han mange

spørsmål, og etterkvart som han

svarte, fekk han inntrykk av at

grensevakta ikkje heilt stolte på

det han sa:

– Til Loppa Som lege Kor

lenge har du budd i Norge

– Eg har aldri vore i Norge før.

–Men du snakkar norsk!

Etter ein telefon til Loppa

kommune, løyste floka seg, og

Mamoun kunne reise vidare

nordover, men no kom eit anna

problem: Lysa på bilen slokna.

– Eg visste at det var strengt

påbod om å ha køyrelys også om

dagen i Norge, og eg tenkte «no

bryt du lova frå første dag», og

det var det siste eg ville, fortel

Mamoun lattermild.

Fem dagar tok turen, og ein

halvtime etter at han kom

gjennom døra til helsesenteret i

Loppa, fekk han sin første pasient.

Forsmak på akutten

– Reiseavstandane i Sogn og

Fjordane er ingenting, samanlikna

med Finnmark, seier

Mamoun, som også har arbeidd

ein god del ved redningshelikopterbasen

i Florø.

Fem og eit halvt år vart han i

GLAD I FØRDE: Mamoun Elzubair er

snart ferdig med spesialistutdanninga

som anestesilege, og er takksam for

erfaringa og menneska han har møtt i

Førde.

Loppa, der han reknar med at 25

prosent av arbeidstida gjekk med

til å frakte pasientar over Lopphavet

i all slags vêr. Med åtte

timar til sjukehus over det berykta

havområdet, fekk Mamoun ein

forsmak på akuttmedisin

gjennom jobben som kommunelege.

– Det gjekk bra, mykje takka

vere gode sjøfolk. Eg har berre

gode minne frå Loppa, fortel

Mamoun, som likevel greip ein

ny sjanse til eit heilt nytt miljø då

Helse Førde søkte etter lege innanfor

akuttmedisin i 2006.

Mamoun var nyleg ferdig med

spesialistutanninga i allmennmedisin.

No venta nye år med

spesialistutdanning i anestesi,

der dei siste 18 månadene må

gjennomførast ved eit universitetssjukehus.

Derfor bur familien

Elzubair no i Bergen, før dei vender

nasen mot Sudan.

Annleis bilete

Sudan har vore herja av borgarkrig

sidan frigjeringa frå Storbrittannia

i 1956, men Mamoun

er optimist no som Sør-Sudan

har lausrive seg frå Nord-Sudan.

Sjølv kjem han frå nord, og

reknar med å bu i hovudstaden

Kartoum, der han har mange

slektningar som han ofte besøkjer.

– Det er betre med to land som

lever i fred enn eitt land i krig,

konstaterer han enkelt.

Nyheitene, som media bringer

frå Sudan, følgjer han ikkje med

på.

– Det frustrerer meg berre når

reportasjane framstillar konflikten

som ein religionskonflikt. Dei

snakkar om det muslimske nord

og kristne sør. Religions- og kul-


FIRDA

TYSDAG 19. JULI 2011

3

Nyhende frå heile fylket: firda.no

Sjå vårt motormagasin: firda.no/motor

Sjå vårt eigedomsmagasin: firda.no/eigedom

Fisken hoppa og spratt heile sommaren, og vi kunne

dra opp nærast uavgrensa mengde på 90-talet (...)

Eg har ikkje fått ein fisk dei siste 10 åra, men veit at

ein nabo fekk 4 i fjor. Jostein Ness

SYNSPUNKT side 11

i Helse Førde

SLUTTAR: Karin Halle (47) sluttar som direktør i NHO i Sogn og Fjordane

etter ni år, og flyttar til heimbygda Todalen på Nordmøre. Sidan

2002 har talet på medlemsbedrifter auka frå 290 til 700. Arkivfoto

10 har søkt på jobb

som NHO-direktør

NÆRINGSLIV: – Søkjarlista

ser svært lovande ut.

IVAR MYKLEBUST LONGVASTØL

ivar@firda.no 91149813

Det seier Wenche Lill Bach

i NHOs personalavdeling.

Ho fortel at eit titals personar

har søkt på stillinga

som regiondirektør i

Næringslivets Hovedorganisasjon

i Sogn og Fjordane.

Karin Halle har sagt opp

og sluttar i løpet av hausten.

NHO går ikkje ut med

namna på søkjarane, men

Bach seier til Firda at førsteinntrykket

er godt.

Her er folk med relevant

og variert bakgrunn, variasjon

i alder og av begge

kjønn, sjølv om mennene

er i klar overvekt, opplyser

ho.

NHO organiserer kring

700 medlemsbedrifter i

fylket, med om lag 10.500

årsverk. Hovudoppgåva til

direktøren er å påverke

lokale og regionale styremakter

og gje råd til medlemmene.

– Direktøren må ha forståing

for politikk og vere

truverdig og utadvend, seier

Bach.

Aktuelle kandidatar vil

bli kalla inn til intervju frå

10. august og utover, med

tilsetjing i september.

– Eg kan ikkje seie at

namnet på den nye direktøren

ligg i denne bunken,

men det ser lovande ut, seier

Bach.

GODE KOLLEGAER: Mamoun Elzubair har blitt glad i kollegaene i Førde. Her saman med Erlend Birkelandog og Ing Marie Persson

på intensivavdelinga.

Begge foto: Hilde Genberg

turskilnader kan forsterke konflikten,

men hovudfaktorene er

politiske og økonomiske interesser

i eit land som Storbritannia

teikna opp på kartet, utan at det

tidlegare hadde vore eit land.

Sudan er sett saman av forskjellige

folkegrupper med ulike språk,

kulturar og religionar.

Takksam

Mamoun er eit sjeldant varmt og

triveleg menneske, seier ein kollega

som tipsa Firda om den

sudanske legen. Sjølv er Mamoun

full av lovord om sine kollegaer i

helsevesenet i Finnmark og på

Vestlandet.

– Eg føler at eg skuldar både

Loppa og Førde mykje. Eg har

lært veldig mykje, og fått høve til

å utdanne meg slik eg ville. Eg har

blitt teken imot nesten på same

måten som ein tek imot gjestar i

Sudan, seier Mamoun, og fortel

at gjestfridom er svært viktig i

heimlandet.

– Der brukar vi ikkje ord som

«utlending» eller «innvandrar»,

vi seier «gjest».

At borna vart fødde i Førde,

gjer den vesle byen heilt spesiell

for familien, som ønskjer å halde

kontakten sjølv om dei flytter tilbake

til Sudan.

Forklarte seg falskt

om valdsepisode

TINGRETTEN: Kvinne forklarte

seg bevisst feilt om

valdsepisode.

EIRIK GRANE

eirik.grane@firda.no 91149808

Ei kvinne i 30-åra frå

Nordfjord er i Fjordane

tingrett dømd for falsk forklaring

om ein valdsepisode

som fann stad hausten

2009.

I politiavhøyr opplyste

kvinna at ho hadde sett

mannen, som var tiltalt i ei

straffesak, ta tak i kragen

eller halsen til ein annan

mann og dunka hovudet

hans inn i ein murvegg.

Kvinna har i retten tilstått

at det ho hadde sett,

berre var ein dytt.

Påtalemakta foreslo å

setje straffa til 24 dagars

fengsel, og opplyste til retten

at forklaringa til kvinna

var vesentleg både for at

statsadvokaten tok ut tiltale

og ved domfellinga av

den sikta mannen.

Fjordane tingrett er samd

med påtalemakta i at desse

momenta er skjerpande

omstende.

Etter også å ha vurdert

formildande omstende,

har Fjordane tingrett

dømd kvinna til 24 dagars

fengsel med ei prøvetid på

to år.

Ho vert også dømd til å

betale ei bot på 8000 kroner.

More magazines by this user
Similar magazines