skolesekken - Nord-Trøndelag

dksnordtrondelag.no

skolesekken - Nord-Trøndelag

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN - videregående skole 2013 – 2014

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN - videregående skole 2013 – 2014

For elevAr med særskilde behov

4

Kari Stai:

Jakob og Neikob

Kari Stai er illustratør og forfattar, og har mellom

anna skrive dei prisvinnande biletbøkene om

Jakob og Neikob.

Ved dette skulebesøket vil Kari lese frå ei av bøkene

sine, samstundes som bileta blir vist på lerret. Etterpå

har ho ein samtale med elevane, kor ho opnar for

filosofiske spørsmål ikring JA og NEI. Ein ordleik med

desse orda, samt ei enkel teikneoppgåve blir også

med som ein workshop.

Uttrykk: Litteratur

Relevans for m.a. elevar med særskilde behov

Medverkande: Kari Stai

Produsent: Kari Stai

Turnéperiode: 19. september 2013 eller

23. januar 2014

Arena: Klasserom, bibliotek

Tid: 45 minutt

Maks publikumstal: 15

Dans i Nord-Trøndelag:

Stjerne* - en lydinstallasjon

Foto: Stein Anders Larsen

Er dans eit språk Når startar kroppslege

rørsler å bety at det blir dans «Stjerne*» er ei

danseframsyning i moderne språkdrakt, ein

produksjon med tøffe uttrykk som vender seg mot

fleire av tilskodaren sine sansar.

Framsyninga kan sjåast som ei reise, kor tilskodaren

kan assosiere fritt frå rørsle til rørsle, og frå lyd til

lyd. Vi står sjølve fritt til å leggje vår eiga meining i

uttrykket.

Etter framsyninga vil dansarane halde ein workshop

for elevar med ulike utfordringar eller handikap.

Målsetjinga vil vere å stimulere den enkelte eleven

til rørsle og medskaping på hans eller hennar eigne

premissar. Workshopen vil bli skreddarsydd frå gong

til gong, etter den enkelte eleven sine behov og evner,

det er difor viktig med god dialog mellom utøvarane og

skulen forut for besøket.

Uttrykk: Scenekunst (dans)

Relevans for m.a. elevar med særskilde behov

Medverkande: Victoria Huseby, Kine Kvarme og Ole

Aleksander Hansen

Produsent: Dans i Nord-Trøndelag

Turnéperiode: Haust 2013

Arena: Gymsal eller anna stort rom med tregolv /godt

dansegolv

Tid: Framsyning: 40 minutt - Workshop: 20-30 minutt

Maks publikumstal: Framsyning: 100 - Workshop: 10-15

Karen Rotmo m.fl.:

Minner som forsvinner/

Mens du er her

Mange veit kva

alzheimer fører til,

men med dagens

diagnostikk får

fleire og fleire

menneske i ung

alder høyre at dei

har alzheimer.

Fleire av desse ber

med seg denne

diagnosen i årevis

før ein kjem til dei

stadia som dei fleste

av oss kjenner att; når ein er komen på sjukeheim, og

ikkje klarer å ta vare på seg sjølv.

Dette er ein produksjon som består av utstillinga

«Minner som forsvinner» og framsyninga «Mens du er

her». Kunstnarane forsøkjer, gjennom ei unik blanding

av dans, teater, musikk og visuell kunst, å formidle

tankar og kjensler som det er vanskelege å setje ord

på, ikring det å leve med alzheimer, både for ein sjølv

og for pårørande. Elevane får sjå framsyninga, og blir i

etterkant invitert ned på scena og inn i utstillinga, som

også fungerer som scenografi.

Uttrykk: Teater, dans, musikk, visuell kunst

Relevans for m.a. Helse og omsorg, religion,

formgjevingsfag, musikk, dans, drama

Medverkande: Marte Hallem, Ole Aleksander Hansen,

Øyvind Engen, Karen Rotmo, Arne Espen Dillan,

Børge Johnsen, Ninni Rotmo Olsen, Merete Haseth

Produsent: Kristine Schille og Karen Rotmo

Turnéperiode: Opent

Arena: Kulturhus, gymsal

Tid: 90 minutt

Maks publikumstal: 75

Nord-Trøndelag teater &

Kristofer Grønskag:

Demokratikk

Ein scenekunstproduksjon

som,

i høve Grunnlovsjubileet

i 2014, set

fokus på koplingane

som eksisterer

mellom språk,

ytringsfridom og

demokrati.

Forut for besøket får

elevane ei skriveoppgåve

innan sjangeren

dialog. Dei

ferdige tekstane blir sendt til skodespelarane, som

dernest kjem på besøk til klassa, og isceneset utdrag

frå tekstane.

Nokre av scenene blir framført fleire gongar, slik

at ein kan danne grunnlag for ein diskusjon ikring

korleis teaterskaparane si styring av scena endrar ei

utsegn. Dialogar frå kjende verk blir også framført

for å eksemplifisere språket si makt. I etterkant av

besøket vil særskilt interesserte elevar få mogelegheit

til å delta på skrivekurs ved Nord-Trøndelag teater,

med fokus på teatertekstar.

Uttrykk: Litteratur, scenekunst (teater)

Relevans for m.a. norsk, samfunnsfag, drama, religion

Medverkande: To skodespelarar

Produsent: Nord-Trøndelag teater i samarbeid med

dramatikar Kristofer B. Grønskag

Turnéperiode: Vår 2014

Arena: Klasserom, gymsal

Tid: 90 minutt

Maks publikumstal: 60

KUNSTARTAR I SAMSPEL

5

More magazines by this user
Similar magazines