Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) - Zero

zero.no

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) - Zero

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp)

Zeros lågutsleppskonferanse

Gode arrangør, inviterte gjester og tilhørarar!

Tusen takk for invitasjonen til å kome hit i dag. For meg er det viktig

– midt i alle krava om investeringar og utbyggingar – at omsynet til

miljøet alltid må stå i sentrum. Klimaendringane har gjort at me er

heilt nøydde til å ta omsyn til miljøet i alt me gjer. Me har difor starta

ei gradvis omlegging av transportpolitikken vår. Den medfører at me

må sjå ulike tiltak i samanheng og vere villige til å kombinere

restriktive tiltak for å avgrense bilbruken med tiltak for å gjere

alternativa meir attraktive.

Eg tykkjer det er viktig at omsynet til miljø og klima må gjennomsyre

alt me gjer, både dei vala me som politikarar gjer, og dei vala kvar

enkelt som privatpersonar gjer. Me kan ikkje seie at ”dette tek me

sidan” – når det høver betre. Me må gjere noko, og me må gjere det

no, slik at barnebarna våre får ein klode å arve som er i minst like god

stand som den vi arva frå våre forfedrar. Eg er glad for alt som har

skjedd på teknologifronten dei siste åra, blant anna når det gjeld

utslepp. Forsking og framsteg er slik eg ser det ei heilt naudsynt

drivkraft for å skape ei betre og meir miljøvenleg verd. Eg er heldigvis

teknologioptimist, og tenkjer at når me klarte å sende folk til månen i

1969, må det vere mogleg å finne måtar å redde kloden vår på også.

1


Fora som dette, med folk som står på for det dei brenn for, er viktige –

og difor er det ei glede for meg å vere her i dag.

Klimameldinga

Samferdslesektoren har stått for ein aukande grad av utslepp siste tiåra.

Frå 1990 til 2005 auka CO2-utsleppa frå vegtransporten med over

25 prosent. Sektoren utgjer no ein fjerdedel av Noregs nasjonale

utslepp. Om me ser på fordelinga av utsleppa, ser me at det er

vegtrafikken som står for størstedelen av utsleppa frå sektoren.

Forskarar trur utsleppa frå vegtransport og luftfart vil auke med nær

40 prosent fram til 2020 – om me ikkje gjer noko. Dette er eit altfor

høgt tal, sjølv om det er forklarleg. Den forventa veksten i utslepp

skuldast i hovudsak transportvekst, eller rettare sagt økonomisk vekst,

og dermed auka behov for både person- og godstransport. Men me kan

ikkje sitje roleg og sjå på at utsleppsveksten held fram å auke parallelt

med veksten i velstand og velferd. Den samanhengen må brytast – og

den må brytast no. Å redusere utsleppa krev innsats både frå oss som

er styresmakter, frå bilbransjen og frå folk flest. Regjeringa har sett

følgjande mål i klimameldinga:

2


• I 2020 skal klimagassutsleppa frå transportsektoren vere redusert

med mellom 2,5 og 4 millionar tonn CO2-ekvivalentar –

samanlikna med det som ville vore tilfelle utan tiltak. Klarar me

ein reduksjon på 4 millionar tonn, er det nullvekst i utsleppa frå

dagens nivå.

• Noreg skal vere karbonnøytralt innan 2050

• To tredeler av utsleppsreduksjonane skal takast nasjonalt

For at me skal nå desse måla, må me gjennomføre tiltak på eit breitt

spekter av område. Me må reise meir kollektivt og sykle meir, me må

redusere energiforbruket per køyretøy og me må utvikle meir

miljøvenlege energiberarar. Eg er ikkje i tvil om at skal me klare å

oppfylle klimalovnadane våre må me få fleire nullutsleppsbilar og

lågutsleppsbilar. Folk må rett og slett fylle straum, hydrogen og

andregenerasjons biodrivstoff på tanken.

Omlegginga av eingongsavgifta

Noreg har lege 10 år etter EU når det gjeld gjennomsnittlege utslepp

for nye bilar, men i løpet av kort tid har me gjort eit kjempesprang –

og no ligg me heilt i front. I 2006 sette me i verk ei miljøvenleg

omlegging av eingongsavgifta med verknad frå 1.1.2007. Omlegginga

innebar at slagvolumkomponenten i avgiftsgrunnlaget vart erstatta

med ein CO2-komponent.

3


Systemet premierer no bilar med låge utslepp, og straffar dei med

høge utslepp. Eg er glad for at det nye avgiftssystemet har vist seg å

vere svært effektivt, og bidrege til å redusere de gjennomsnittlige

CO2-utslippene frå nyregistrerte biler frå 177 g/km i 2006 til 159

g/km i 2007. Omlegginga har verka slik me håpa den ville gjere – men

me stoppar ikkje der. I budsjettet for 2009 har me føreslått ei

ytterlegare justering. Me vil gjere eingongsavgifta 2500 kroner dyrare

per gram CO2 over 250g/km, medan me vil gjere den 500 kroner

billigare per gram CO2 under 120g/km. Dette er eit viktig miljøgrep i

årets samferdslebudsjett, som eg trur vil føre til ytterlegare nedgang i

CO2-utsleppa.

Transnova

- Eg er stolt over at Transnova skal opprettast på nyåret. Dette er noko

eg har kjempa for i lang tid. Det er det viktigaste tiltaket for klimaet

på Samferdselsbudsjettet neste år. Eg vil gjere det mogleg å køyre bil

og buss utan å forureine klimaet. Det skal gjerast ved at fossilt og

forureinande drivstoff blir bytt ut med fornybare og utsleppsfrie

drivstoff. Transnova skal medverke til nettopp det. Foreløpig er

Transnova eit prøveprosjekt, men mitt mål er at Transnova skal gjerast

til ein permanent organisasjon som arbeider med å bytte ut fossilt

drivstoff med biodrivstoff, el og hydrogen.

4


I budsjettet har me føreslått 50 millionar kroner til denne etableringa.

Løyvinga skal vidareførast på minst same nivå òg i 2010 og 2011.

Transnova skal gje økonomiske tilskot til prosjekt som fremmar nye

og meir miljøvennlege transportløysingar. Tilskota skal rettast mot

transportløysningar som har stort klimapotensiale på lengre sikt, men

som per i dag av ein eller annan grunn ikkje bryt gjennom i

marknaden. Hindringane kan vere strukturelle, kunnskapsmessige

eller økonomiske. Ei av dei viktigaste oppgåvene til Transnova vil

vere å bidra til auka bruk av alternative drivstoff som elektrisitet,

andregenerasjons biodrivstoff og hydrogen, ved å gjere

lågutsleppsløysingane betre kjent og meir tilgjengelege. Transnova vil

kunne gje tilskott til mellom anna pilotanlegg for produksjon av

alternative drivstoff og fyllestasjonar for alternative drivstoff

Det er Vegdirektoratet si teknologiavdeling i Trondheim som skal

administrere Transnova.

Alternative drivstoff og energikjelder

Regjeringa ønskjer at Noreg skal ligge i front på elbilar og plug-in

hybridbilar. I tida framover ser eg for meg ei storstilt elektrifisering av

transportsektoren, der transporten går frå å vere skitten til å bli rein. I

budsjettet vårt for 2009 føreslår me å auke Renergi-løyvingane, altså

dei indirekte løyvingane våre til FoU innan alternative drivstoff, med

15 millionar, som er 45% opp frå i fjor.

5


Ein stor del av løyvingane har gått til å støtte demonstrasjonsprosjekt,

som til dømes Hydrogenvegen mellom Stavanger og Oslo. I 2008

gjekk støtte frå programmet til viktige prosjekt som skal fremje

utvikling og bruk av biodrivstoff.

Biodrivstoff

Me har også gjort andre framstøyt for biodrivstoff siste tida.

• Me har gitt avgiftsfritak på biodrivstoff

• Me har sørgd for 10 000 kr i rabatt på E85-biler

• Me er pådrivarar i det europeiske arbeidet med å få på plass ei

sertifiseringsordning for berekraftige biodrivstoff

ZERO har utfordra meg på biodrivstoff til ferjer. Den delen av

skipsfarten eg har ansvar for er ferjene. Eg tar utfordringa eg har fått

her i dag, og vil få på plass nokre prøveprosjekt med biodiesel på

ferjer så snart det er praktisk og teknologisk mogleg. Ser vi heile den

norske skipsflåten samla står den for like mykje som det totale

innanlandske utsleppet. Vi har ein jobb å gjere og vi har ikkje kome

langt nok. Her vil eg og kyst- og fiskeriministeren sette oss ned saman

med andre gode krefter og ikkje minst næringa sjølv for å finne fram

til gode løysingar.

Elbilar

Noreg har eit stort potensiale når det gjeld elektrifisering av

transportsektoren. For det første har me god tilgang på fornybare

energikjelder. Det er spesielt for Norge at me har fornybar elektrisitet

6


frå vasskraft. Andre land har elektrisitet frå kolkraft og atomkraft.

Med ”norsk straum på tanken” kan ein bil bli heilt utsleppsfri. Difor

vil regjeringa byggje ut fornybar elektrisitet i åra framover – vasskraft

og vindkraft. Bussar i byane, bilar (og også lastebilar) vil gå over på el

dei næraste åra. Det er spådd høge oljeprisar også i framtida – det gjer

at fleire, også av økonomiske grunnar, vil velje el som drivstoff.

7


For det andre har me framståande elbilprodusentar Eg har også lyst å

framheve Think – som har spelt og spelar ei viktig rolle for at Noreg

skal ligger i front på elbilområdet. Me har all grunn til å vere stolte av

at me har ein produsent her til lands som er verdsleiande på reine

elbilar og er heilt i tet på teknologiutvikling.

For det tredje - me har sterke verkemiddel til rådvelde.

(LYSARK)

Elbilen er gitt ein rekkje fordelar som gjer dei meir attraktive

Elbilane er fritekne frå eingongsavgift og årsavgift

• Elbilane har tilgang til kollektivfelt

• Elbilane har gratis offentleg parkering og gratis passering

gjennom bomring på offentleg veg

• Nylig innførte me dessutan gratis ferjeturar for elbilane på

riksvegferjer

• I statsbudsjettet for 2009 er det foreslått å gjere firmabilskattlegginga

for elbil meir gunstig. Frådraget for elbil blir

dobla, ved at det aukar frå 25 til 50 prosent.

Det er eit godt døme på korleis Regjeringa me heile tida jobbar

med å betre rammevilkåra for slike køyretøy.

8


Eg er oppteken av å få fram at elbilen ikkje berre er eit

storbyfenomen, slik mange verkar tru, men eit fullgodt alternativ også

på mindre stader. Her har eg faktisk lyst å framheve min eigen

heimkommune. Lærdal kommune har no ein elbil på prøve i

heimetenesta. Om dette blir vellukka, vil dei utvide med fleire elbilar.

Eit døme til etterfølging!

(LYSARK)

Hydrogenbilar

Me gjer også grep for å gjere hydrogenbilane meir attraktive

• Hydrogenbilar med brenselceller har fått fritak frå

eingongsavgift og årsavgift

• Hydrogenbilar med forbrenningsmotor har fritak frå

eingongsavgift

• Alle hydrogenbilar har fått tilgang til kollektivfelt – og..

• Gratis parkering på offentlige parkeringsplassar og gratis

passering gjennom bomring på offentlig veg – dette siste er nytt i

dag, og nok eit døme på at me freistar å betre rammevilkåra for

desse køyretøya.

Eg er stolt av at Mazda har vald å levere hydrogenbiler til Noreg,

som det første landet utanfor Japan. Eg vil nytta anledninga til å takke

Mazda og Kashiwagi-san (som er til stades i dag) for det. Noreg har

komen langt på utbygging av hydrogeninfrastruktur.

Samferdselsdepartementet har løyvd 48 mill kroner i 2009-budsjettet

til RENENERGI-programmet administrert av Noregs Forskningsråd.

9


Dette programmet har støtta aktivt opp om hydrogensatsinga i Noreg.

Det er og eit viktig tilskott til næringsutvikling.

To Mr Kashiwagi-san and Mazda;

On behalf of the Norwegian government and myself I would like to

express our sincere pride and gratitude to you for choosing Norway as

the first market outside Japan to launch hydrogen cars. Norway has

come a long way in developing and implementing an hydrogen

infrastructure. This will also be an important part of local business

development in the future.

(LYSARK)

Restriktive tiltak

Som eg var inne på innleiingsvis, det må både pisk og gulrot til. Eller

sagt på ein annan måte: For å få bukt med utsleppa, må det også

restriktive tiltak til. Difor har eg prøvd få i gang ein debatt kring

køprising. I Stockholm har dei innført køprising. Erfaringa er at

opprusting av kollektivtransporten i forkant berre gav ei heilt marginal

endring av reisemønsteret. Det var først då køprisinga kom på plass at

folk byrja ta kollektiv i staden for bilen. Det igjen gav heilt eintydige

resultat: trafikken innanfor ringen blei redusert med ca. 14 prosent. I

regionen utanfor ringen vart det ein reduksjon på fire prosent.

Reduksjonen i vegtrafikken førte til 14 prosent reduksjon av CO.2-

utslepp, ni prosent reduksjon av partikkelutslepp og åtte prosent

reduksjon i NOX-utslepp. Bilane brukte 30–50 prosent mindre tid i

10


kø. Ergo: ein dramatisk positiv effekt. Eg tykkjer dette er viktig

lærdom, og eg tykkjer det er flott at NHO, LO og aktørane i

transportbransjen støttar opp om køprising som eit verkemiddel også i

Noreg.

Eg er glad for at Tromsø og Kristiansand vil utgreie spørsmålet om

køprising, eller rushtidsavgift. Men også andre norske byer bør

vurdere dette. Målet er ikkje å gjere det dyrare og vanskelegare for

folk. Målet er å få trivelegare og meir velfungerande byar, redusere

miljøbelastingane og betre framkoma for folk og næringsliv.

Ein heilt klar føresetnad for dette systemet er et sterk satsing på

kollektive reisemåtar.

Både kapasitet og frekvens må aukast. i budsjettet er det signalisert at

tildeling av midler til Belønningsordninga for kollektivtrafikk i byane

vil legge vekt på å støtte opp om områder som sjølve tek tak, også i

dei restriktive verkemidlane.

Eg prøver få folk til å fokusere meir på dei positive moglegheitene

som finst dersom me i dag tek dei rette vala. I alt for stor grad tykkjer

eg ofte debatten startar i motsatt ende: kva vil dette koste og kven vil

rammast Debatten burde vere omvendt. Kva vil det koste oss om me

ikkje tek dei modige vala Kva vil det bety for framkome, framtidig

investeringsbehov, luftkvalitet – og framtida til barnebarna våre Eg

trur køprising vil redusere køane og tidsbruken i trafikken og gjere

alternative former for transport, som gange, sykkel, kameratkøyring,

11


kollektivtrafikk, meir attraktivt. Dessutan vil det vere med å finansiere

eit betre kollektivtilbod og fleire og betre gang- og sykkelvegar.

(LYSARK)

Jernbanesatsing

Når eg står her og snakkar om ei miljøvenleg omlegging av

transportsektoren er det umogleg for meg å ikkje nemne

jernbanesatsinga vår, sjølv om det er litt på sida av det de driv mest

med. Budsjettframlegget for Jernbaneverket i 2009 er det beste

jernbanebudsjettet i moderne tid – om ein ser bort frå dei åra der

statlege lån til utbygging av Gardermobana var på sitt høgaste. Samla

budsjettframlegg for Jernbaneverket ligg om lag 1,2 mrd. kr over det

årlege nivået i inneverande transportplan. Auka i driftsmidlar er på

12,1 pst. frå saldert budsjett 2008. Når det gjeld investeringar, er det

budsjettert med ei auke på heile 36,2 pst. frå saldert budsjett 2008 – og

då var løyvingane til investering i jernbane alt auka med 50% frå

nivået under førre regjering.

Avslutning

Eg tykkjer årets statsbudsjett viser at me verkeleg gjennomfører ei

gradvis omlegging av transportpolitikken, med stadig større ”grønt

fokus”. Me brukar økonomiske verkemiddel og reguleringar for å

endre folks forbruksvanar. Eg trur me vil sjå heilt konkrete effektar av

dei grepa me no gjer. For å kunne gjere endå meir i framtida, er me

avhengige av gode innspel frå samarbeidspartnarar som dykk. Eg har

diverre ikkje høve til å vere med på heile konferansen, men eg har

12


flinke folk frå Samferdselsdepartementet i salen som vil følgje med

for meg.

Takk for meg og lukke til med denne viktige konferansen!

13

More magazines by this user
Similar magazines