Årsrapport 2010 - søral bil

soralbil.no

Årsrapport 2010 - søral bil

Golf • Dans • Hjortatrakket • Fotball • Fjelltrim • Volleyball • Bridge

Årsrapport

SØRAL bedriftsidrettslag

2010


STYRET Styret

Samansetning i året har vore :

Leiar

Nestleiar

Kasserar

Sekretær

Styremedlem

Bjørn Heimvik

Synnøve Olderkjær

Kirsten Hals

Bjørn Arholm

Odd Arnold Hauge

Det er i perioden halde eit ordinært årsmøte og 7

styremøter.

Representasjon

Einar Oppedal har sete som bedriftsidrettens representant

i Idrettsrådet. Leiar har sete i valkomiteen

for bedriftsidretten i Hordaland. Leiar har sete i utval

med idrettslaga i kommunen i turstiprosjektet for

Kvinnherad kommune.

Aktivitet for alle – kvar dag

Bedriftsidrettslaget sitt 44 arbeidsår har igjen vist

særs høgt aktivitetsnivå. Lagidrettane, trimaktivitetane

våre, samt tilrettelegging for turar til fjells og

i skog og mark sysselset mange og gjev populære

tilbud til mange fleire. Prosjektet med tilrettelegging

av turstiar i kommunen er ”ferdigstilt”, SØRAL B.I.L

har hatt arbeidet med fjella i Husnes området. Bedriftsidrettlaget

er over lang tid vorte ein viktig aktør

for tilsette, deira familie og for lokalsamfunnet.

SØRAL-løpet samla for 5. år på rad over 1200 deltakarar.

Rundt 800 av desse kjem frå skuleløpet. ”SØRALløpar”

Kirsten Melkevik sette ny rekord (20 min 12

sek.) på damesida.

Turveka til Kaldestadåsen i mai (vert arrangert annakvart

år) samla i år 1211 deltakarar. Fotballgruppa

sitt comeback i NM samanheng vart ein gledeleg 3.

plass i oldboys klassen.

Fjelltrimmen har igjen hatt eit godt år. Totalt vil besøkstalet

frå ”våre turmål” koma opp i rundt 25.000

besøk for året. Svartavatnet, Mjelkhaug, Bremstølsvatnet

og Fenafjell har sett ny besøksrekord.

Trimgruppa har starta opp Hjortatrakket – fjelltur i

Husnesfjella. 113 personar deltok.

Jorda rundt – eit år med aktivitet

Årets prosjekt var å koma Jorda rundt (40075 km).

81 medlemmer av bedriftsidrettslaget deltok og var

med på mange ulike aktivitetar. Målet vart nådd allereie

i sommar og ved årsskiftet er ein så godt som to

ganger rundt jorda. På ”topp 5” lista har deltakarane

frå ca 5000 km og opp til over 8000 km registrert,

bak dei tala ligg mange aktivitetstimar og gode tur

og trimopplevelsar. Som tidlegare år har ein hatt ein

fellestur ut av kommunen i prosjektet. Turvalet i år

var Sabotørruta, topptur til Gaustatoppen og besøk

på Vemork.

Tidleg i prosjektet hadde ein hyra inn Linda Eide

som motivator – hovudtittel på innlegget var VM i

stille sitjing, noko vi har vist i ettertid at vi ikkje klarte.

Motivasjonsamlinga vart avslutta med medlemstreff

hos samarbeidspartnar Sport 1, Husnes.

Dugnadsånda – varemerket vårt

Mange hundre timar vert lagt ned årleg for å tilretteleggja

og gjennomføra fotball, volleyball, innebandy,

trening og turneringar, fellesturar i skog, mark og på

fjellet, SØRAL løpet, Hjortatrakket, turveke på Kaldestadåsen,

merking av turløyper pluss mykje, mykje

meir. I SØRAL parken har ”pensjonistane” ferdigstillt

reperasjonen av taket på Grevehytta, oppgradering

av tennisbanen, montert gatelys og stått for brøyting

av snø. I tillegg har ein i lag med turstiprosjektet

på Sunde hatt dugnader på kratt/skogrensking og

vedlikehold på merking av turstiane i Husnes/Kaldestadåsen

området, trimgruppa i lag med elevar frå

KVV har utført arbeid på nokre av turløypene i fjellet.

B.I.L, ATV og elevar frå KVV har utført krattrensking

langs SØRAL-gjerdet.

Takk

Styret vil få takka alle som har tatt på seg verv og

oppgåver i meldingsåret, utan denne innsatsen

ville ein ikkje kunna tilby ein så god og brei aktivitetsmeny,

tilrettelagt for våre tilsette, deira familiar

og for store og små i nærmiljøet. Stor takk til leiinga

på SØRAL som aktiv medspelarar. Også stor takk til

lærarar og elevar ved KVV, og SØRAL pensjonistar for

god hjelp.

Takk til Kvinnherad kommune for byggetilskot til tak

på Grevehytta.

Styret vil og få takka Geir Berntzen for å ha laga flott

fotobok med bedriftsidrettslaget sine siste 5 år med

fellesturar til fjells.

Bjørn Heimvik, leiar


TRIM Trim

Medlemmer i gruppa har i år vore:

Bjørn Heimvik (leiar), Geir Berntzen, Christian

Nupen, Karina Isaksen, Rune Olsen, Hans

Haukland, Steinar Kleven, Geir Sigmund Saghaug,

Morten Sund og Tordis Sagstad.

Trimgruppa har lagt bak seg eit aktivt år,

fellesturar kvar månad, SØRAL løp, Turveke

til Kaldestadåsen, fotokurs, vedlikehald og

merking av turstiane. I lag med hovudstyret

har ein vore med å arrangert Hjortatrakket,

Jorda rundt prosjektet, motivasjonsamling

og fellestur til Gaustatoppen.

Fjelltrim

I 2010 fullførte ca 170 personar fjelltrimmen

(ny deltakar rekord), besøkstal vert ca 25

000 fordelt på 12 besøksmål. Svartavatnet,

Mjeklhaug, Bremstølsvatnet og Fenafjell har

sett ny besøksrekord.

I samarbeid med grunneigarar og

”Vardhaugselet`s venner” har ein laga to nye

turstiar. Ein frå Bremstølen og opp til Svaneheia

og ein etterlengta tursti frå Svartavatnet

til Mjelkhaug. Begge dei nye stiane var i bruk

under Hjortatrakket, der 113 personar deltok.

86 gjekk lang-løype og 27 gjekk kort-løype.

Totalt vart det utført over 500 timar trivseldugnad

i prosjektet.

Turveke på Kaldestadåsen

Turveka til Kaldestadåsen i mai (vert arrangert

annakvart år) samla i år 1211 deltakarar.

Arrangementet som hadde 10 års jubileum

er ope for alle. Skular og barnehagar rundt

åsen er invitert og tar meir enn gjerna turen

opp for motta fortent Kaldestadbolle og

saft. Totalt har arrangementet hatt 7093

registreringar sidan starten.

Fellestur til Svartatjønn

Jobbtrimmen

Jobbtrimmen (gå/sykle til/frå jobb) samla

i år 102 deltakarar. Desse samla totalt 2054

dagar med aktivitet i aksjonsperioden 12

april – 13 juni.

Merking av Hjortatrakk løypa


SØRAL løpet

Årets skuleløp er det største vi har hatt. Totalt var

det 817 som stod på startsteken denne fine haustdagen.

Elevane kom fra KVV, Husnes ung skule og

Undarheim skule, i tillegg hadde ein med nokre

store og små frå Sunde barnehage. Idrettsklassen

frå KVV er fast medarrangør og gjer ein stor jobb

for arrangementet. Rundt 60 personar er med å

arrangerar skuleløpet og utan hjelp fra KVV og

SØRAL pensjonistar m.fl ville ein ikkje kunna ta på

seg eit så stort arrangement.

For heile løpet som var det 26. i rekkja vart det 1290

som deltok. Siste 5 åra har alle løpa hatt over 1200

deltakarar.

Andre arrangement

Fellestur til :

• Handelandsdalen

• Onarheimslia

• Bogsnesåsen

• Nordfjell, Vardhaugselet, Englafjell og

Handelandshorgja (skitur)

• Gråskallen

• Svartatjønn

• Mannsvatn

• Ulvanosa

• Bremstølen

• Feto

• Sundsmarka (Romjulstur i lag med

Turstiar på Sunde)

Fotokurs

Dugnad ved Opsangervatnet (i lag med

Sportsfiskaren)

Fotobokkurs

Stand Husnes storsenter

Frå tursti-prosjektet i Kommunen

Fellestur til Ulvanosa

Jorda Rundt deltakarar


SØRAL-LØPET

SØRAL-løpet 1993 - 2010

Deltakarutvikling


Volleyball

VOLLEYBALL

I året som gjekk har treningstida vore frå kl.20.00

til 22.00 måndagar, i Husneshallen. Det har gjennom

året vore få frammøte, men til vår fordel har

det møtt spelarar utan tilknyting til SØRAL. Vil

difor ynskja nye spelarar velkomne!

Aktivitetar.

I januar 2010 arrangerte vi SØRALcup Mix i

Husneshallen. Trio volleyballgruppa sto for den

tekniske gjennomføringa.

I mars deltok vi med mixlag på Supercup

i Stavanger.

I september deltok vi med mixlag på cup i Haugesund.

Bjørn Helle

FOTOKURS Fotokurs

For andre året på rad har ein gjennomført

ulike fotokurs. Fotografane

Atle Helland og Ivar Langeland var

leigd inn til å ha kurs om kamerakunnskap,

komposisjon, uteøkt med

fotografering og digital bildebehandling.

På det andre kurset om å laga Fotobok

var det ” husfotografane ” Hans

Ordin Østebø og Geir Berntzen som

vidareformidla kunnskap. Sidan ein

starta med desse kursa i 2009 har

rundt 80 personar delteke.

Bjørn Heimvik


BESØKJANDE

Besøkjande

M.o.h: Turmål: 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010

1245 Ulvanosa 248 329 285 393 251 304 322

1200 Englafjell 147 118 152 135 209

1013 Manen 166 325 267 225 297 268 206

1005 Mjelkhaug 433 357 342 384 427 478 445 667

893 Handelandshorga 112 79 69 78 101 160 125

777 Svartavatnet 216 216 206 202 181 246 222

643 Vardhaugselet 2121 2071 1779 1280 1633 2037 1755

559 Nordfjellet 4023 3673 3739 4248 4025 4441 3994 3558

460 Bremstølsvatnet 1526 1792 1583 1971 1272 1803 1684

271 Kaldestadåsen 5198 6171 5223 7014 5117 6693 5798 7025

265 Onarheimslia 1420 4818 5171 4836

160 Fenafjell 3237 3499 3778 3161 3428 3928 4247 4820

8491 Total 17427 18512 17389 18956 18304 25311 23647 20906

Mount Everest (8850 m.o.h)


Innebandy

INNEBANDY

2010 har vært eit bra aktivt år for innebandygruppa. Frammøte har vore bra, har lege på 8-14 spelarar gjennom

sesongen. Frå skift 4 har det vore opptil 7 stk på treningane, og på hausten har me vore så heldige å

få med oss eit par damer, men det er plass til mange fleire. På slutten av året var me nødt å investere i nye

køller, då me ikkje kunne stille med kølle til alle som møter opp.

Laget stilte på Superhelg i Stavanger på våren, der motstanderlaga hadde oss som favorittar til å vinne. Me

klarte ikkje heilt å innfri det. Det vart 3 knepne tap.

Har også i år nytta sms-varsling for å minna på om trening, og laget har eiga gruppe på Facebook.

Treninga foregår i Husneshallen på mandager kl. 20.30- 22.00 og me disponerer ¾ hall.

Håper mange finn vegen til hallen og innebandy denne dagen i 2011 òg.

Gunnar Holm

BRIDGE Bridge

Mandags morgen gjennom vinterhalvåret er det ein konsentrert gjeng som samlast i Grevehytta til bridgeturnering.

Det er her ein får fram dei gode ”gullkorna” når meldingane ikkje samsvara med dei små grå si

evne til å følgje opp, men du verden så kjekt ein har det.

Leif Thuland


DANS Dans

Trimdansen kvar mandag har framleis god oppslutning.

Kring 50 personar stiller opp og hiv seg ut i

dansen. Om det er ein heftig tango eller ein reinlender

betyr lite for denne spreke gjengen, dei mestrar

alt. Den sosiale biten blir heller ikkje gløymt, kaffiøkta

tar vare på den.

Eit av høgdepunkta er når vi samlast i samen med

danselaget i Odda og møtast i Røldal, eller når vi

drar på langtur i juni. I år var turen lagt til Lyngdal.

Leif Thuland

Frå danseturen juni 2010

KLUBBHUSET

Klubbhuset

Det er i år utført reparasjon av råteskader i tak

og lagt nytt tak på klubbhuset. Alt arbeid er

utført på dugnad, i hovudsak pensjonister.

Ei stor takk til dei.

Ny kledning på terassedelen, nye vindusprosser

og dør ut til terrassen er prosjekt som venter på

dugnadsfolket i det nye året.

Leif Thuland


MED SØRAL B.I.L

40075 km

JORDA RUNDT

Fellestur til:

Sabotørruta

Gaustatoppen

Vemork


FOTBALL Fotball

Fotballgruppa held fortsatt koken, med trening 2 gonger i veka på Kvednabekkjen og etter ein del års

pause: -NM-tur.

Årets høgdepunkt var nok turen til NM i Trondheim, der me for første gong deltok i Old boys–klassen.

Aldersmessig kunne få, om nokon, måla seg med oss med ein snittalder på 44 år. Utan å nemna kor mange

lag som var med, fekk vi der ein heiderleg 3. plass.

Nyrekruttering til fotballgruppa er det smått med, så eg oppfordrar alle tilsette som kan tenkje seg ei

trimøkt, om å koma på treningane våre.

Tore Sjo


Innebandy • Ro/padling • SØRAL-løp • Treningssenter • Jobbtrimmen

www.soralbil.no

More magazines by this user
Similar magazines