Årsrapport 2002.indd - søral bil

soralbil.no

Årsrapport 2002.indd - søral bil

FOTBALL

2002 var et aktivt år med ny tilvekst i gruppa

Innetrening i Husneshallen gang pr. uke, utetrening to

ganger pr. uke.

Deltakinga på treninga har vert meget stor.

Arrangert innendørscup i Husneshallen i februar med

god deltakelse med lag fra Stord, Bergen, Bømlo og

Kvinnherad deltok. Vellykket arrangement uten alvorlige

skader.

Arrangert fotballserie med 6 deltakende lag, derav to

fra SØRAL, Bygger`n ble serie mester med SØRAL

på andreplass

Deltatt i NM i fotball i Bergen med bra resultat, sosialt

og fin tur.

Vi deltok også i Romjulscupen i Husnes hallen der vi

spilte bra og kom videre til sluttspillet, ble utstått på

straffesparkkonkurranse i 8. dels finalen.

Andre aktiviteter har vert og er arbeid med fotballbanen

i SØRAL parken, her har vi nedlagt noen hundretals

timer med dugnad for å få noenlunde forhold

og spille på, men det gjenstår ennå mye arbeid skal

forholdene bli akseptable.

Fotballgruppa takker alle deltakarar for i år.

Styre i fotballgruppe ønsker velkommen i 2003.

Valter Hivand

Stor entusiasme hos heiajengen

Trim på Trim X, nytt medlemstilbod

STYRET

Samensetning i året har vore:

Leiar Bjørn Heimvik

Nestleiar Leif Thuland

Kasserar Kirsten Hals

Sekretær Jan Magne Nesse

Styremedlem Odd Arnold Hauge

Det er i perioden avholdt eit ordinært årsmøte, samt

fem styremøter der ein har behandla 37 saker.

Representantar fra styret har i tillegg deltatt på møter

vedr. utvidelse SØRAL løp, opprustning fotballbane,

fordeling av treningstider Husneshallen, trim tilbud

på trim x, og ny klubbavtale.

Klubbavtalen er inngått med Bygg & Fritid, Husnes

og gjeld i to år.

Styret arrangerte i mai møte med Sunhordaland BIR

og Odda BIR - på dagsorden sto kartlegging av aktivitetar

i bedriftene samt drøfta ”kva kan vi gjera i lag

framover ?”

Aktiviteten i laget sitt 36 arbeidsår har vore stor. I alt

har bedriftsidrettslaget rundt om 15 ulike aktivitetar.

Grupper som fotball, trim, innebandy, og bowling har

alle hatt god aktivitet og vekst i antal deltakarar.

Den fine veksten har og gitt ”sportslege resultater”

• Best i Norge i ”sykle til jobben aksjonen”

• Ny deltakarrekord i SØRAL løpet (1091)

• Ny rekord på Kaldestadåsen på ein dag (855)

• Ny rekord i antal deltakarar i fjelltrimen (143)

• Ny rekord på Norefjell (over 4000 besøk i 2002)

Fra fjellet må og nevnast at ein i juni kunne ynskja

store og små velkommen til tett hus på Vardhaugselet.

Styret vil få takka Steinar Kleven (trimgruppa) for å

ha trekt i gang prosjektet og vore SØRAL BIL sin

representant i arbeidet.

I september deltok vi som medarrangør (SØRAL,

Kvinnherad kommune, Stord handballen, KVV) i

mot arrangement for unge, der vi hadde ansvar for

å laga sportsleg tilbud i SØRAL parken med ulike

aktivitetar.

Styret vil få takka alle som har tatt på seg verv og

oppgaver - utan denne hjelpa kunne vi ikkje laga

eit så godt fritidstilbud for våre ansatte, barn & unge

i nærmiljøet m.fl.

Stor takk og til ledelsen på SØRAL som aktivt støttar

opp om aktivitetane og drifta vår.

Bjørn Heimvik.


Dagtid i Støyperiet vart vinnere av

Sykle til jobben aksjonen i fjor

TRIM

KLUBB

HUSET

Grevehytta, klubbhuset vårt på Risnes

Trimgruppa har hatt fem møte i

2002. I tillegg kjem møte i høve

SØRAL-løpet mm.

I mars hadde gruppa stand i kiosken

med utdelinga av BIL-brosjyre, Turlags-brosjyre

og registreringskort/-

skjema for Fjelltrim og For eigen

maskin.

Det er komen til ei mengde nye premiar,

m.a. eigenproduserte treplakettar

med årsmerke og motiv for fleire

aktivitetar. Likeeins T-skjorter m/

motiv for ulike aktivitetar.

Arbeidet med å utarbeida ny fjelltur-brosjyre for

Kvinnherad er starta. Det er med fire personar frå

laget vårt i denne arbeidsgruppa.

Fjelltrim.

I 2002 fullførte 143 (talet kan enno auka litt), og i

2001 fullførte 129 personar fjelltrimmen, noko som

for begge åra er ny rekord - igjen. I 2001 er det òg

sett ny rekord på 6 av dei 10 turmåla (2002-tala blir

ikkje klare før til våren når alle bøkene er talt opp).

Kaldestadåsen står for den klart største auken med

nesten tusen fleire enn året før: 7653 (6724), og utgjer

også litt over halvparten av dei totalt 14 925 (13 273)

Fjelltrim-registreringane.

Det er lagt ut nye bruer over ein del våte parti i stien

frå Pollen og innover under Åsen. Og det er merka

løype frå Vardhaugen til Mjelkhaug.

Rekordforsøket på Kaldestadåsen

endte i ny rekord

Klubbhuset har gjennom året våre nytta av laget til

møtevirksomhet. ATV har nytta huset til ulike samkomer

og arbeidsrom for ulike tiltak.

Elles har lag og organisasjonar og oppdaga dette fine

tilbodet vi har. Klubbhuset har og vorte et kjærkommen

tilbud til SØRAL-pensjonistane. Med nyoppretta

bridgegruppe har dei funne sin plass der ein kan møtast

ein dag for veka.

Dei ulike parti i Kommunestyre har vore invitert til

klubblokalet for informasjon om laget sitt arbeid og

presentasjon av SØRAL-parken og Undarheim Golfbane.

Litt planter er kjøpt inn for utvendig forskjønning

og grus er lagt på tunet. Litt tregt har det våre å få

dugnadshjelp for beising av utvendige vegger. Dette i

saman med utskifting av defekte takrenner blir prioritert

på topp til våren samt beplantning rundt hytta.

Leif Thuland

Bjørn overtar leiinga av SØRAL B.I.L. etter

Leif som har vært leiar i mange aktive år.


For eigen maskin (dagleg trim).

Berre 24 (22) deltakarar for 2002. Fleire oppfyller nok

krava, men har ikkje fylt ut og levert inn skjemaet.

Det er difor utarbeidd eit nytt registreringssystem

etter modell frå Sykle til jobben-aksjonen, som me

vonar skal bøta på dette. Dette skal setjast i verk i

2003. I tillegg til hovudpremien for heile året blir det

kvartalspremiering v/ skifte av registreringsliste.

SØRAL-løpet.

I 2002 var ”skuleløpet”, for KVV og HU, slått saman

til eitt løp. Idrettsklassen v/ KVV var medarrangør,

og tok seg av arbeidet med deltakarregistrering, tidtaking

mm. Dette fungerte bra og er noko me kjem til å

fortsetja med. Tilsaman deltok 1091 (1088).

SØRAL har no auka det økonomiske engasjementet

sitt i SØRAL-løpet sterkt, og økonomien er såleis ”på

plass” att etter nokre vanskelege år.

Kaldestadåsen.

Igjen var skular, barnehagar, pensjonistar og andre

rundt Kaldestadåsen inviterte til rekordforsøk (mest

vitjingar på ein dag) på Kaldestadåsen. I 2002 klarte

me 855 (766). Tidspunktet for dette arrangementet

vil bli flytta attende til rett etter påske fordi det er så

mange andre aktivitetar om hausten. Dette medfører

at neste arrangement blir våren 2004 (følgjer skuleåret).

Vardhaugselet.

Eit storarbeid er uført av den ivrige og dyktige dugnadsgjengen

på selet under Vardhaugen. Offisiell

opning av selet var

midtsommar.

Sykle til jobbenaksjonen.

SØRAL vann gruppa

400+ i 2002, knepent

(0,2 %) føre HA, Høyanger.

Beste gruppe på

SØRAL blei, som året

før, dagtid i støyperiet.

Dei blei lønna med diplom,

lunsj og premiar

trekt mellom deltakarane.

KVV. Samarbeidet med

idrettsklassane v/ KVV

har også i 2002 vore

godt, og omfattar m.a.

deltaking og medarrangør

under ”skuleløpet”

til SØRAL-løpet,

merking og rydding av

løyper og medhjelparar

under rekordforsøket

på Kaldestadåsen.

Tor Opsanger

BOWLING

Bowlinggruppa 2002 har bestått av seks lag. Fire lag

frå elektrolysen, eitt lag frå støyperi og eitt lag frå

kaien. (Minimum tre pr. lag)

Det vert spela ca. 20 kampar kvar sesong (heime og

borte). Ein sesong er fordelt på 10 kampar om haust/

vinter (2002) og 10 kampar vinter/vår (2003).

Skift 4 i elektrolysen gjer det veldig bra. Dei rykka

opp til den øvste divisjonen og kjempar i toppen der,

men det gjeld ikkje å vinna, men å delta.

Dette er eit godt tilbod til alle som er interessert, så

om det er fleire som ynskjer å vera med neste sesong

er det bare å ta kontakt.

Åge Vik

SØRAL tilbake på landstoppen

Nr. 1 i klassen over 400 tilsette

1091 personar var med

på SØRAL-løpet i 2002

Steinar Yven vart vinnar av ”Sykle til jobben”

sin premie som var ein flott sykkel.


INNEBANDY

Innebandygruppa har vore ein aktiv gjeng i 2002 og

har hatt treningar på skulen/idrettshallen to gonger

i veka gjennom heile året (forutan sommarferien).

Oppmøtet har vore imponerande høgt og stabilt,

på det meste opp mot 25 personar. Deltakinga har

vore i eit særs breitt aldersmessig spekter, frå 10-55

år. Mange har synt flott framgang og ferdigheitene er

generelt på eit dugeleg nivå. Nye folk, både nybyrjarar

og røynde, er alltid velkomne. Vi arrangerte ei intern

turnering på tampen av 2001, men har ikkje hatt tilsvarande

i 2002. Derimot er vona å halda turnering,

mogleg med eigen barneklasse, i løpet av vinteren-03.

Gruppa ser og for seg å delta på ein ekstern cup i

løpet av året.

Gruppa stilte og med eit lag på KRIK sin nattcup

i Husnes Idrettshall før jul, noko som resulterte i

kvartfinaleplass.

Are Ulseth

Odd A. Hauge og Terje Nummedal i vill fight

Ingen ting å si på innsatsen til Are Ulseth

VOLLEY-

BALL

Volleyballgruppa har hatt trening i Husneshallen ein

gong pr. veke (september - april). Frammøte varierer

frå 7-8 til 16 personar på kvar trening.

16-17 mars deltok eit lag frå SØRAL på Stavangercup.

Dette er eit stort arrangementet

for både fotball, handball og volleyball med

over 200 lag. Det er ei fin sosial ramme rundt arrangementet,

med banketten på laurdagen som det store

høgdepunktet. Dersom mange nok møter på trening

vil me prøva å få med to lag til Stavangercup i 2003.

SØRAL har og deltatt på lokale turneringar; Ølen

Cup og Hobbyvolley på Stord (vår og haust). Beste

plassering var 2. plass på Hobbyvolley i april.

Det er ikkje arrangert SØRAL cup i volleyball 2002

(arrangementet er flytta til 8 februar

2003).

Ole Sævareid


BOGE-

SKYTTAR

Vi har ikkje hatt aktivitet i gruppa i 2002. Grunnen

til det har vert sjukdom (leiar for gruppa) og liten

interesse av tidlegare deltagere.

Rommet som gruppa har disponert i Risnesløa, har

vi på fårespørsel av L. Thuland mista til GOLF. Han

har overtatt nøkkel til rommet. ( Det hadde vore fint

om vi hadde disponert noko tilsvarande ved neste

utandørssesong.)

Utstyret som gruppa disponerer er lagret i skyterom

på Husnes Kulturhus.

Gruppa har planar om og starta trening i skyterom

ein gang pr veke i vinter.

Nils Asbjørn Ersland.

GOLF

1 juli kunne vi ta i bruk Undarheim Golfbane. SØRAL

har vært og er ein av dei største bidragsytarane til at

anlegget kunne realiserast. Dette har medført gode

avtaler med Kvinnherad GK for dei tilsette til å skolere

seg til Grønt Kort som er nødvendig for å kunne

spille på bana.

SØRAL B.I.L sine medlemer kan få låne gratis utstyr

for trening i treningsfeltet (Drivingrange).

Ønskjer du medlemskap i Golfklubben må en ta direkte

kontakt med den.

Nærmiljøet har i Undarheim Golfbane, med sine 9

hol, fått et fint rekreasjonsområde som bør nyttast av

alle våre tilsette. Rydding av skog og kratt i Undarheimshaugen

har skapt et vakkert turområde for dei

som berre vil ta ein rusletur.

Etter at dei skjemmande bygningane på ”Frøysteingarden”

vart fjerna ligg alt til rette for turstien mellom

SØRALPARKEN og vidare til SØRALLØYPA.

Leif Thuland

Jan O. Yttredal under opninga av golfbanen

Knøttegolf

More magazines by this user
Similar magazines