Årsrapport 2007 - søral bil

soralbil.no

Årsrapport 2007 - søral bil

Innebandy • Ro/padling • SØRAL-løp • Treningssenter • «For eigen maskin» Ski • Golf • Dans • Tennis • Fotball • Fjelltrim • Volleyball • Bridge

GOD TUR

Utsikt frå Bremstølen

Årsrapport

SØRAL bedriftsidrettslag

Ca. tre timar gåtid frå Husnes har du denne flotte utsikta.

2007


STYRET Styret

Samansetning i året har vore :

Leiar

Nestleiar

Kasserar

Sekretær

Styremedlem

Bjørn Heimvik

Gjermund Skogseth

Kirsten Hals

Bjørn Arholm / Tor Opsanger

Odd Arnold Hauge

Det er i perioden halde eit ordinært årsmøte og 5

styremøter. Medlemmer av styret og trimgruppa har

helde idédugnad om aktivitetar i SØRAL parken.

Representasjon

Einar Oppedal har sete som bedriftsidrettens

representant i Idrettsrådet.

Steinar Kleven er laget sin representant i

”Vardhaugselet”.

Leif Thuland har representert bedriftsidrettslaget og

kretsstyret på stand på Kvinnheradløpet.

Leiar har sete i styret for Bedriftsidretten i Hordaland,

samt ansvarleg for stedsutvalget i Sunnhordaland.

Leiar har i dette vervet i lag med kretskontoret

hatt ansvar for 60 års jubileum i Sunnhordaland og

på Voss.

Leif Thuland og leiar har representert laget/bedriften

i prosjektgruppe under ”Eit vakrare Husnes”.

Aktivitet for alle – kvar dag.

Etter den høge aktivteten i fjorårets jubileumsår var

vi spent på korleis vi trefte med tilbodet ”året derpå”.

Men vi trefte – igjen, stadig nye og fleire ønskjer å

vera med på aktivitetane våre og fleire vil ut i det fri.

Laget har dei siste åra hatt rundt 15 ulike aktivitetar.

For eigen maskin, fotball, volleyball, innebandy,

fjelltrim, dansetrim, golf og trening på TrimX er dei

gruppene som har flest personar i aktivitet. Fleire

har og tatt i bruk vårt eige treningsrom med kyndig

rettleiing av Thoppil.

Fortent heider til trimgeneralen vår

På livsstilsamlinga i oktober som vart arrangert i lag

med kretsstyret i Hordaland fekk Leif Thuland tildelt

forbund/krets sin heiderspris i sølv med diplom.

Leif var med og starta laget vårt i 1966 og har vore

aktivt med dei fleste åra. I tillegg har Leif representert

bedriftsidretten i idrettsrådet, bedriftsidretten i Sunnhordaland

og kretsstyret. Sjå eigen omtale.

Stor breiddeaktivitet

SØRAL-løpet klarte for 3 år på rad å ha over 1200

deltakarar. Totalt deltok 1202 personar. Rekorden er

1227 deltakarar frå 2002. Arrangementet er ei flott

samhandling med elevar og lærarar frå Kvinnherad

vidaregåande skule og Husnes ungdomsskule. Nytt

av året var at ein god gjeng med SØRAL-pensjonistar

vart med som arrangørar.

Fjelltrimresultatet vart også i år bra og rundt 145 personar

har delteke som er det nest beste opp gjennom

tidene. Totalt er det ca 18.000 besøk i året i dei blå

SØRAL-boksane på dei 12 turmåla våre.

Kaldestadåsen toppar som vanleg, i år med 5117

besøk.

Styret og trimgruppa arrangerte tidleg på sommaren

aktivitetsdag i SØRAL-parken, der alle gruppene presenterte

sine aktivitetar. I tillegg var det presentasjon

av aktivitetar som ikkje er organiset av bedriftsidrettslaget

for å gi ein smakebit av andre gode fritidstilbod.

Fotballgruppa arrangerte jubileumsturnering på

Kvednabekkjen kunstgrasbane i høve Hordaland

bedriftsidrettkrets 60 års markering.

Takk

Styret vil få takka alle som har tatt på seg verv og

oppgåver – utan denne hjelpa kunne vi ikkje hatt

eit så breitt og godt tilbud til våre tilsette, pensjonistar,

barn og unge m.fl i nærmiljøet. Stor takk og til

leiinga på SØRAL som aktivt arbeidar i lag med oss

om aktivitetane.

Takk for godt samarbeid til lærarar og elevar ved

KVV for kjempegod jobb med SØRAL-løpet og

arbeid med turløypene, takk og til SØRAL-pensjonistane

for skogrydding på Undarheimshaugen og

arbeid i SØRAL-parken, fleire hundre timar er lagt

ned i desse prosjekta i løpet av året.

Bjørn Heimvik

FOTBALL Fotball

2007 har, for fotballgruppa, vore mindre aktivt enn

normalt. Det vart ikkje NM tur i år. Årsaka er fyrst

og fremst at turneringa atter ein gong vart arrangert

austafor, og det var laber interesse for å delta.

Me er komen til ein ordning med Trio om leige av

Kvednabekkjen og der trenar me jamt og trutt 2 gonger

i veka. Me har òg med oss ein del spelarar som

ikkje har tilhøyre til bedrifta. Oppmøte på trening er

særs bra (12- 16 stk), men me kunne godt tenkja oss

fleire BIL-medlemmer. Er det nokon som har lyst å

vera med på litt uformell trening er det bare å stilla

opp.

I april gjekk SØRAL sin innandørscup av stabelen

i tradisjonens tro. Me var veldig godt representert i

turneringa, då heile 5 lag i større eller mindre grad

besto av SØRAL-tilsette Alle beit godt i frå seg.

Ingeniørlaget Tekna og Skift 3 måtte takke for seg etter

puljespelet, medan Skift 5 tok seg eitt hakk vidare

og Kryssarane fekk sin exit i kvartfinalen.

SØRAL BIL tok bronse.

Me arrangerte turnering på kunstgrasbanen i haust

for 2. gong. (eit år til så er det ein tradisjon) Her var

det fleire lag avdelingsvis frå SØRAL som deltok.

Mykje lått å løye, samt lite skadar, får stå som oppsummering

av helga.

I romjula deltok me i Trio-cup. Her har me ikkje for

vane å koma langt før me ryk ut, dog heller ikkje i

år. Ukritisk inntak av pinnakjøt og anna usunn mat i

dagane før må ta noko av skulda for prestasjonane.

Tore Sjo


TRIM Trim

Medlemer i gruppa har i år vore Tordis Sagstad

(leiar), Bjørn Heimvik, Karina Isaksen, Steinar

Kleven, Geir Berntzen, Geir Sigmund Saghaug,

Ove Sjo, Rune Olsen og Ingunn Karlsen.

Trimgruppa har hatt 4 møter i 2007. I tillegg

kjem ein god del møte der ikkje heile styret har

vore med. Det gjeld møte om SØRAL-løpet, fellestur

til Mjelkhaug ilag med KVV, planlegging

av tur til Finse, mm.

Fjelltrim.

I 2007 fullførte ca. 145 personar fjelltrimmen.

Vi har også dette året fått hjelp av KVV til merking

av løyper, samt at vi har merka løyper sjølv.

I tillegg har nokre av medlemene i trimgruppa,

ilag med andre SØRAL-tilsette, laga skilt som

skal setjast opp ute i løypene.

For eigen maskin:

Det er nokså stabile deltakartal på denne aktiviteten.

Ca 50 personar har nådd målet om premie.

Sykle til SØRAL

I år valgte vi å gå ut av den nasjonale konkurransen

”Sykle til jobben”. Dette fordi ein no må

betala for å vera med, og for at medlemene våre

skulle få delta, ville det ha kosta oss ca 45 000,-

kroner. Vi laga derfor vår eigen vri på konkurransen.

Som før var det konkurranse om å bli beste

avdeling. Det var også i år IT-avdelinga som

vann. Dei vart heidra med lunsj i kantina samt

premiar trekt mellom deltakarane. Det vart også

trekt ut ein sykkel blant alle som deltok i ”Sykle

til SØRAL”-konkurransen.

På veg til Blåisen på

Hardangerjøkulen, Finse

Vinnar av ”For eigen maskin”

i 2007 vart Jamal Soosainather


Aktivitetsdag i båthavna, Husnes.

Aktivitetsdag vart arrangert 16. juni ilag med dei

andre gruppene i SØRAL B.I.L.

Fellesturar

• Fellesur til Handelandshorgja - Mjelkhaug -

Varhaugselet - Nordfjell i mai.

• Fellestur til Finse 14.-16. september med tur

til Hardangerjøkulen (Blåisen) og klatring

oppå breen for dei som ynskte det.

• Fellestur til Nordfjell i juli.

• Ruskaverstur til Handelandsdalen inkl grilling

og pilkast-konkurranse.

• Romjulstur til Skarvelandslia med rastepause

i lavvo.

SØRAL-løpet 6. og 9. sept

Skuleløpet vart arrangert i samarbeid med

idrettsklassen på KVV. Dei gjorde som vanleg ein

strålande jobb. Det gjorde også alle pensjonistane

og SØRAL-tilsette som var med å avvikla løpa

både torsdag og søndag. Totalt 1202 deltakarar

deltok.

DANS Dans

Dansen gjennom vinterhalvåret, ein kveld for veka,

der fram i mot eit 40 tals personar i aldersgruppa frå

nokre og femti til opp i åttiåra samlast. Her går dansen

lett frå swing til reinlendar, vals og tango. Alt til

”levande” musikk, vår faste spelamann er trekspelaren

Øystein Langeland med sine fine rytmar. Kvinnherad

Spelmanslag og Lasse og Geir har og gledd oss

med feiande fin tonar. Dans er ein utmerka form for

trim. Vi får trene bevegelse, rytme og ikkje minst den

sosiale trening som vi i dag ser mange forsømmer.

For ein del er det å komme i saman med andre den

store verdien og den vil vi ta vare på. Her har vi og

den gode stunda med kaffikoppen og litt å bite i.

Vi er privilegerte som har Kulturhuset Husnes å

”boltre” oss i, her er plass til fleire. Ei må nødvendig

vis ikkje være pensjonist.

Leif Thuland

Tordis Sagstad

IT vart beste avdeling/gruppe på SØRAL i

”Sykle til SØRAL”-aksjonen i 2007.

KLUBBHUSET

Klubbhuset

Styret si sammansetning:

Berje Sætrevik

Trond Willy Hansen

Rune Olsen

Klubbhuset har gjennom året vore godt nytta av laget

og andre ulike leigetakarar. Pensjonistgruppa i SØRAL

B.I.L har sine vekentlege samlingar med bridge på programmet.

Skulane brukar huset som base når dei arrangerar

idrettsdag i SØRAL parken. Ny flott mur mellom

klubbhuset og Risnesløa er kome på plass i 2007.


Innebandy

INNEBANDY

I innebandyen har det gått noko rolegare for seg enn dei tidlegare

åra, etter att ein ikkje lenger deltar i seriespel i Bergen.

I mars var ein del av oss på ei turnering i Stavanger. Der gjekk

vi nesten vidare til kvartfinalen.

Vi har hatt trening i Husneshallen mandag og torsdag frå åtte

til ti kvar av dagane.

Men pga dårleg oppmøte har det vært ein pause i treningen

sidan oktober og torsdagstreningen er gått ut.

Har i år starta opp igjen med trening på mandagar der ein

speler på mindre bane og små mål så ein treng ikkje ha så god

kondis, håpar både nye og gamle spelarar vil komma og trena

med oss.

Vi anbefaler på det sterkaste at alle som lurer på kva dei skal ta

seg til med no når det regnar som verst og vinden ular ute, tar

turen innom Husneshallen på mandagar kl 20.00

Terje Nummedal

BRIDGE

Bridge

Kvar mandag i vinterhalvåret har vi vore samla,

SØRAL-pensjonistar og andre likesinna, kring

bridgebordet i Grevehytta. Frå 12 til 16 personar,

med felles interesse, har stor glede av denne føremiddagsøkta

der konkuransen kjem i andre rekke. Bridge

er ein aktivitet som har stor verdi for oss eldre for å

halde ”dei små grå” vedlike (vi føler at vi har lukkast

bra med det). Ein liten kaffitår blir det og tid til når

dei ”store” problema skal løysast, -det skjer så mangt

ute i verda vi må ta tak i.

Leif Thuland

SØRAL

LØPET

SØRAL-LØPET

1400

1200

1000

800

600

400

200

0

118

98

82

180

241

291

305

609

105

214

217

154

521

597

867

1093

1227

1194

1200

1157

1218

1202

85 87 89 91 93 95 97 99 01 03 05 07


Volleyball Dugnad

VOLLEYBALL

DUGNAD

På tur...

Volleyballgruppa har også i 2007 hatt trening i

Husneshallen ein gong pr. veke

Treningstida har vore mandag kl 20:00 – 22:00.

SØRAL-Cup i volleyball vart arrangert laurdag

27. januar med 10 påmelde lag. Dette var lag i frå

Stord, Odda, Tysnes og Kvinnherad. Ein stor takk

til Trio Volleyballgruppe som også i år hjelpte til og

stod for den tekniske gjennomføringa.

Me klarte ikkje å følgje opp den årlege tradisjonen

om å reisa til Stavanger for å delta på Superhelg

der. Kjem sterkt attende neste år, og håpar å stilla

med i alle fall eit lag.

Laurdag 13. oktober vart det arrangert Hobbyvolley

på Stord for 15. gong. Det var påmelde heile

25 lag. SØRAL deltok med eit lag som fekk ein bra

7. plass.

Prosjekt Utført av Timar

Postvegen

v/Hellandselva

Undarheimshaugen

Nausta

v/Opsangervatnet

Undarheimselva

ATV, KVV

og B.I.L

KVV og SØRAL

pensjonistar

ATV, KVV

og B.I.L

B.I.L og SØRAL

pensjonistar

147

345

54

30

SØRAL-løypa ATV, B.I.L 47

Utarbeida treskilt ATV, B.I.L 14

turløyper

Merking turløyper KVV, B.I.L 22

Total 659

Håvard Skogseth

HEIDERSPRIS

Heiderspris

På livsstilsamlinga i oktober var hovudtemaet motivasjon,

trivsel og gevinst med fysisk opptrening.

Leif, tidlegare mangeårige leiar av SØRAL B.I.L,

var hyra inn for å snakka om "i arbeid for andre" og

gleda av å tilretteleggja aktivitetar for andre. Han

ga eit godt foredrag som bla. ga svar på at å jobba

på denne arenaen gir òg ein verdifull gevinst for

den som tilrettelegger aktiviteten. Heilt uvetande

vart Leif henta opp av kretsen sine representantar

for å motta forbund/krets si utmerking i sølv med

diplom. Arbeid i bedriftslaget vårt, verv i bedriftsidretten

i Hordaland, idrettsrådet, tallause prosjekt

og pådrivar for nye aktivitetar i ein mannsalder, låg

til grunn for velfortent heider.

Bedriftsidrettslaget takkar for god innsats så langt og

ser fram til vidare samarbeid i åra som kjem.

Jan Inge frå KVV er ein viktig medspelar med

å skaffa ung og motivert arbeidskraft.

More magazines by this user
Similar magazines