Kommunedelplan Knarvik-Alversund 2007 - 2019, revidert ...

geoweb.no

Kommunedelplan Knarvik-Alversund 2007 - 2019, revidert ...

Knarvik som region- og handels senter, kommunesenter og lokalsenter

Er det trong for å styrkje Knarvik som senter for regionen? Kva føringar er det i tilfelle mogleg og

viktig å leggje inn i planen?

Knarvik er og eit lokalsenter for det nære bustadomlandet. I dette perspektivet vert barne- og

ungdomsskule, barnehage og nærmiljøutvikling aktuelle tema.

Aktuelle spørsmål/tema som kan ha konsekvensar for arealbruken er:

œ Vidaregåande skule – nye behov?

œ Handels- og næringsutvikling

œ Utvikling av idrettsanlegga

œ Kulturtilbod – hus

œ Vidareutvikling idrettsanlegg

œ Estetisk utforming

œ Møteplassar

Alversund som lokalsenter

‣ Bustadutvikling. Tilbodet av ledige bustadtomtar har over fleire ti-år vore lavare enn

etterspurnaden. Dette har m.a. ført til at areala utanfor planområdet Knarvik-Isdal-Alver er vorte

bygd ut relativt raskt. Spørsmål som bør vurderast nærare er:

œ Tettare utbygging og auka utnytting i arealbruken.

œ Skal ”gamle” reguleringsplanar (frå 1965-1980) framleis gjelde, eller skal dei opphevast?

œ Estetisk utforming.

‣ Næringsutvikling – vidareutvikling av næringsbygg

œ Behov

œ Estetisk utforming

‣ Tilgjengelighet i planlegginga.

Når det vert snakka om tilgjenge i planlegginga vert følgjande innhald lagt til grunn:

”…..produkter, byggverk og uteområder som er i alminnelig bruk, skal utformes på en slik måte at

alle mennesker skal kunne bruke dem på en likestilt måte så langt det er mulig uten spesielle

tilpasninger eller hjelpemidler.”

Kva utfordringar ligg det i dette – for planområdet? Korleis synleggjere det i planen?

‣ Grønstruktur og parkar. Det vil kanskje innanfor heile planområdet vera viktig å setje ei grense for

kor langt utbygginga kan trekkjast – ei markagrense. Dette vil sikre innbyggjarar i planområdet

tilgang til tur- og uteopphaldsområde nær bustad og senterområde. Grøne lunger i

utbyggingsområde.

‣ Landbruksareala. Landbruksplan for Lindås er under politisk handsaming. Konklusjonane, og dei

politiske vedtaka knytt til planen er naturleg å trekkje inn i arbeidet med kommunedelplanen.

Knarvik i møte med sjøen. Planområdet har ei lang sjøline. I ei revidering vil tilkomst til og tilgang

langs med sjøen kunne vera eit tema. Det kan og vera riktig å synleggjera ei haldning til

forvaltning av strandlina innanfor det etablerte planområdet. Kva ynskjer kommunen t.d. om det

vert aktuelt å omregulera sjønære område?

Arbeidsform og organisering

Rådmannen si leiargruppe vert styringsgruppe for arbeidet. Det kan vera føremålstenleg å organisera

arbeidet i ulike delprosjekt. Dette vil verta organisert administrativt. Plan- og miljøutvalet vil få orientering

om planarbeidet på ordinære møter, vidare vil utvalet involverast på eigne møter når prinsipielle spørsmål

skal avklarast.

I arbeidet med planen vil innbyggjarar, næringsliv og andre interesserte informerast i eit ope folkemøte (i

Knarvik og Alversund). Det kan vera naturleg å invitere til meir organisert medverknad under vegs i

arbeidet.

Prosessen

Den reviderte kommunedelplanen bør vera vedteke av kommunestyret seinast juni 2007.

PDF created with pdfFactory trial version www.pdffactory.com

More magazines by this user
Similar magazines