05.04.2015 Views

boblebadet

boblebadet

boblebadet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

«Dynasti» i Bodø

I april 1988 sa Bodø formannskap 'ja' til å leige sitt eige toalettanlegg

for 112 700 kroner i året. Sommaren 1990 tok rådmannen

seg til rette og betalte ut eit garantibeløp på 500 000

kroner til eit privat firma, sjølv om garantien ikkje var gyldig.

Rådmannen hadde private interesser i saka, og han tok dessutan

aktivt del i andre saker der forretningsvenene hans er med.

Kommunen satsa i desember 1989 over 30 millionar kroner på

den gigantiske «Nordlandshallen». Kommuneplansjefen hadde

tidlegare vori forretningsførar og styremedlem i hallen. Den

samme plansjefen var bg saksbehandlar for eit anna prestisjepåfunn

i Bodø sentrum - Gågateprosjektet - der fleire av initiativtakarane

og interessentane bak Nordlandshallen er med.

Bodø er - som mange andre kommunar - plaga av «dårleg

økonomi». Sjølv om sjukeheimen i bykjerna er så dårleg at den

er erklært ubrukbar av Fylkeslegen, gjer ikkje formannskapet og

bystyret stort for å rette på dei fornedrande tilhøva for pasientar

og tilsette. Likevel har kommunen dei siste åra betalt ut store

beløp. Men det har vori til heilt andre føremål enn eldreomsorg

og bamehagar. Skal du få tilgang til bykassa i Bodø, nyttar det

lite å vere medlem av bystyre eller formannskap. Det er noen få,

velståaende familiar som sit med bykassenøkkelen. Dei har

skaffa seg ein handfull lojale og pliktoppfyllande tenarar i det

kommunale apparatet. Det er desse familie-dynastia som er det

verkelege «bystyret» i Bodø. På folkemunne blir desse familiane

og dei kommunale hjelparane omtala som «Bodø-mafiaen».

www.pdf-arkivet.no/folkvord/ 2014

43

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!