Høyringssvar TEK studentbustadar (PDF) - Unge Funksjonshemmede

ungefunksjonshemmede.no

Høyringssvar TEK studentbustadar (PDF) - Unge Funksjonshemmede

I lys av dette meiner Unge funksjonshemmede at den føreslåtte løysinga ikkje ivaretek

mulegheitene til å besøka vener busett i studentbyar.

ORDNINGA MED FELLES BESØKSTOALETT

Unge funksjonshemmede er skeptiske til den føreslåtte løysinga med felles

besøkstoalett. Det er sjølvsagt betre enn ingen tilgjengelege toalett i etasjen, men

sikrar ikkje ein likeverdig bruk i tråd med intensjonane bak universell utforming. Med

universell utforming meinast at hovudløysinga i dei fysiske omgjevnadane skal

utformast sånn at ho kan nyttast av flest muleg. Eit eige besøkstoalett er ikkje noko

hovudløysing.

Vidare er det grunn til å frykta at denne type besøkstoalett på gangen i ein studentby

lett kan bli mykje brukt i samband med festar, både til vanlege toalettbesøk og andre

aktivitetar. Unge funksjonshemmede stiller seg tvilande til om eit sånt toalett vil halda

ein høg hygienisk standard og opplevast likestilt i bruken. Eit toalett på gangen når dei

ulike bueiningane har eigne toalett vil fungera annleis enn eit vanleg fellestoalett som

det er ei ein del studentbustadar.

KOSTNADANE BLIR OVERDRIVNE

I argumentasjonen frå mellom andre studentorganisasjonar og studentsamskipnadar

for unnataket blir det hevda at tilgjengelegeheitskrava aukar kostnadsnivået med rundt

150 000 kr pr bueining. Dette talet, som er henta frå ein rapport frå

Studentsamskipnadsrådet, er misvisande. Talet er eit resultat av ei oppsamling av alle

ekstrakostnadar knytt til nye kvalitetskrav stilt i TEK10 og andre nyare forskrifter som

regulerer byggeprosessen. I fylgje rapporten sjølv står energieffektivitetskrava for over

ein tredjedel av ekstrakostnadane og heiskravet for rundt ein fjerdedel. I tillegg dekkar

andre krav over 15% av kostnadsveksten. Dei krava til tilgjenge knytt til snusirklar og

areals som unnataket frå departementet delvis omfattar, står berre for rundt 22 000 kr,

rundt 18 % av ekstrakostnadane. Sidan unnataket berre gjeld nokre av desse krava

(ein del bustadtypar, samt fellesareal er ikkje omfatta), og det må byggast tilgjengeleg

besøkstoalett på gangen, blir innsparinga klart mindre enn desse 22 000 kronene.

Innsparinga pr bueining med unnataket som departementet skisserer vil difor bli langt

mindre enn dei summane som er omtala i den offentlege debatten om framlegget. Om

dei offentlege kvalitetskrava som heis og energieffektivitet medfører sterkt auka

kostnadar burde dette løysast gjennom utvida kostnadsrame for studentbustadar, ikkje

gjennom å svekka krava til tilgjenge, som uansett berre vil gje ei mindre innsparing.

Kostnadsramma for studentbustadar er pr i dag på 700 000 kr. Om denne blir auka

med 25 000 kr, vil det fjerna behovet for dette unnataket heilt. Tilskotsdelen er i dag på

rundt ein tredjedel av kostnadsramma. Å auka denne med 10 000 kr pr bueining vil

eventuelt kosta ti millionar for dei 1000 studentbustadane som blir bygde kvart år.

OM STORLEIK OG STANDARD

Det blir argumentert med at krava til tilgjenge gjer studentbustadane større enn

naudsynt. Det kan vera krevjande å utforma ein studentbustad som oppfyller krava til

tilgjenge og er så liten som dei minste av dagens bustadar er. Samstundes veit me at

studentar etterspør litt større bustadar. Mange av dei minste studentbustadane blir

utover i studieåret fråflytta og ståande tomme.

More magazines by this user
Similar magazines