11.05.2015 Views

CICERONE

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

NORKLIMA

BERGEN. Kan hendelser som jordraset i Bergen i år, unngås med bedre varsling?

Met.no sine målingar blir utført

der folk bur, som regel betyr

det nær havoverflata. Vi veit

at som regel regnar det mest i

fjellet. Såleis fins det overslag

over årsnedbøren på Ålfotbreen

på 5,5 meter i gjennomsnitt

for perioden 1961-90 (Lars

Roald, NVE), medan målingar

for Bergen sentrum viser 2,2

meter for same periode.

I Europa sin regnby nummer

ein, Bergen, har met.no målt

nedbør kvar dag sidan 1861.

Målestaden er flytta; først blei

det målt på Pleistiftelsen, så i

mange år på Fredriksberg og

sidan 1983 på Florida (VpV).

Det er utført homogenitetstestar

for å korrigere for ulike

målestader. Slik har vi ein

måleserie med døgnlege målingar

frå 1861 som representerer

dagens målestad, Florida.

Målingane stadfester ein sterk

auke av nedbøren dei siste

tiåra, ein auke som RegClim

finn vil halde fram.

Målingar av nedbørsintensitet

Det er relativt enkelt å måle

nedbøren gjennom eit døgn om

det ikkje bles for mykje og om

nedbøren kjem som regn. Vi

kan alle kjøpe ein enkel målar

som vi er godt tent med i dei

fleste tilfelle. Slike målingar kan

for eksempel med hell utførast

av skuleklasser i kortare periodar.

I USA er det vanleg at

skular har eigne vêrstasjonar

med meir profesjonelt utstyr.

Å måle intensiteten i nedbøren

på ein automatisk måte

er langt vanskelegare. Regnbyen

Bergen har faktisk ikkje

hatt slike målingar før i det

aller siste. Geofysisk institutt

har no, i samarbeid med Aanderaa

Instruments, sett opp ein

målar som gir målingar kvart

10. minutt (sjå nettstaden web.

gfi.uib.no/veret). Det siste

ekstremvêret var den første

verkelege testen på det nye

instrumentet (figur 1).

Det regna stort sett jamnt

over 18 timar, men figuren viser

fleire svingingar i nedbøren

med periode på omlag 4 timar.

Slike variasjonar har vi aldri

målt tidlegare, og vi undrar på

kva som var årsaka til desse

svingingane. Ei gjetting er at det

er ein ustabilitet knytt til skarpe

frontar. Vi spør oss om vi kan

få stadfesta dette, og om variasjonane

eventuelt kan varslast.

Fleire målingar og

modellutvikling for lokalvarsling

Nedbørmålingar og varsling av

nedbør og temperatur er heilt

nødvendig for å kunne varsle

ulike typar ras og flom i vassdrag.

Kartlegging av nedbørsklima,

nedbørsintensitet gjev

på same måte viktige data for

all arealplanlegging og sikring

“Etter flommen på Austlandet fekk vi ei offentleg

utgreiing. Den kom fram med nye tiltak for å regulere

vatn i vassdraga, men tok ikkje opp hovedproblemet med

varsling av nedbør og smelting av snø.”

Foto: Heiko Junge / SCANPIX

av bygningar og vegar. I eit fjellandskap

som vårt, treng vi å

kartlegge dei store variasjonane

i lokalklimaet. Situasjonen no,

med føreståande klimaendringar,

gjer tida moden for å starte

opp med dette.

Oppgåva krev først og

fremst fleire målingar, der spesielt

intensiteten i nedbøren

må målast. Samstundes må vi

vidareutvikle prognosemodellane

slik at dei kan simulere

nedbøren i fjellandskap. Dette

tyder at vi må utvikle modellar

som varslar korleis lufta strøymer

over terrenget til ei kvar

tid, korleis skyene blir danna

og korleis nedbør blir utløyst

og fell til bakken. Utsiktene for

å få dette til er no store. Når

ein lukkast med slik modellutvikling,

vil lokalvêret kunne

varslast og klimaet kunne

kartleggast ved å kombinere

målingar og simuleringar. I

første omgang kan det opprettast

tette målenett for kortare

periodar, for eksempel over

Bergenshalvøya, for å lære

meir om lokale variasjonar og

for å teste og utvikle prognosemodellane.

Utgreiing nødvendig

Det er alltid slik at samfunnet

prøver å lære av hendingar

med ekstremt vær. Slik kan vi

stå betre rusta neste gong dei

oppstår. Det spesielle med den

siste nedbørssituasjonen er at

liknande situasjonar vil bli meir

vanleg, og at ekstremnedbør vil

bli verre. Det er no svært gode

grunnar til å greie ut kva slags

tiltak som bør settast i verk for

å gardere oss mot følgjene av

ekstremnedbør.

Nyttårsorkanen i 1992 er

den største vêrkatastrofen vi har

hatt i dette landet i moderne

tid, deretter kjem flommen over

Austlandet i 1995. Undersøkingane

etter nyttårsorkanen var

heller få. Nokre bygningsstandardar

blei endra og Meteorologisk

institutt fekk nye rutiner

for varsling av ekstremvêr, men

berre når det gjaldt formidling

til folket. Etter flommen på

Austlandet fekk vi ei offentleg

utgreiing. Den kom fram med

nye tiltak for å regulere vatn i

vassdraga, men tok ikkje opp

hovedproblemet med varsling

av nedbør og smelting av snø.

Etter den siste ekstremnedbøren

og på grunnlag av

resultata frå RegClim meiner

vi tida er inne for å gjere ei

offentleg utgreiing om ekstrem

nedbør som omfattar målingar,

utvikling av modellar, varsling

av flom og ras og rutiner for

formidling av slik informasjon.

I ei slik utgreiing bør ein ta

opp det spesielle problemet vi

har i Norge ved at vêrvarsling,

hydrologi og rasvarsling er skilt

mellom ulike institusjonar som

soknar til ulike departement.

Cicerone 5/2005 • 31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!