11.05.2015 Views

CICERONE

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Internasjonale klimaforhandlingar: Kven skal bere byrden?

y. Når landa er så pass ulike

ligg det til rette for å bruke ein

modell for byrdefordeling. Eit

døme på ’rettferd’ frå Kyotoprotokollen

er differensieringa

av klimamål for industriland

mellom +10% og -8%. Endeleg

er ’unntak’ aktuelt dersom

skilnaden i BNP per innbyggjar

er større eller lik nivået y. Når

landa blir så ulike blir det

vanskeleg å finne ein modell

for byrdefordeling som er fleksibel

nok. Eit døme på ’unntak’

frå Kyotoprotokollen er at

utviklingslanda slapp å ta på

seg bindande klimamål fordi dei

har mykje lavare BNP per innbyggjar

enn industrilanda.

I tilfellet ’rettferd’ er det

mange rettferdsprinsipp som

kan vere aktuelle. Tre viktige

prinsipp er ’behov’, ’kapasitet’

og ’skuld’. ’Behov’ kan tolkast i

retning av at alle menneske har

rett til å sleppe ut ei viss mengde

klimagassar for å dekkje grunnleggjande

behov, til dømes for å

oppnå ein rimeleg levestandard.

’Kapasitet’ kan tolkast som evne

til å betale for klimatiltak, til

dømes målt som inntekt definert

som BNP per innbyggjar.

’Skuld’ tilseier at kostnaden ved

klimapolitikken skal fordelast

mellom landa etter eit land si

skuld i problemet, til dømes målt

som akkumulerte klimagassutslepp

frå år 1900 fram til i dag

per innbyggjar.

Av dei tre rettferdsprinsippa

ser ’behov’ tolka som grunnleggjande

menneskelege behov ut

til å stå sterkast fordi dette prinsippet

ser ut til å bli akseptert

av dei aller fleste land. ’Kapasitet’

er også relevant på grunn

av dei store skilnadene i inntekt

og dermed evne til å betale

for klimatiltak mellom landa i

verda. ’Skuld’ står svakast fordi

store delar av dei historiske

utsleppa skjedde på eit tidspunkt

då ein ikkje var klår

over faren for klimaendring.

Konklusjonen er at ein modell

for byrdefordeling bør vere i

samsvar med ’behov’, og at sjansen

for at den kan bli akseptert

vil auke dersom modellen i tillegg

er i samsvar med andre

rettferdsprinsipp som ’kapasitet’

og ’skuld’. Alle desse rettferdsprinsippa

trekkjer i same generelle

retning, nemleg at det er

industrilanda som fyrst bør ta på

seg bindande mål i klimapolitikken.

Kyoto-protokollen er i

samsvar med denne konklusjonen.

Ein fleirsektor-modell med

konvergens

’Multi-Sector Convergence approach’

(MSC) spesifiserer dei

sju sektorane kraftproduksjon,

hushald, transport, industri, service,

landbruk og avfall. I kvar

sektor er ein ikkje-bindande

utsleppsstandard per innbyggjar

spesifisert i året som blir

brukt som utgangspunkt (referanseåret),

året utsleppa skal bli

like (konvergensåret), samt mellomliggjande

år som kan ha

mål knytt til seg. I referanseåret

Foto: Leila Mead/IISD

2010 er standarden lik gjennomsnittleg

utslepp i denne sektoren

for heile verda i det året.

Deretter blir eit årleg reduksjonsmål

i prosent fastsett som

sikrar konvergens i til dømes år

2100, det vil seie at utsleppa i

sektoren per innbyggjar i landet

endar på same nivå i alle land i

år 2100. Til sist blir utsleppsstandardane

summert over sektorar

for å gje ein bindande standard

per innbyggjar for kvart land.

Fordi reduksjonsmåla ikkje er

bindande på sektornivå vil eit

land stå fritt når det gjeld å

fordele utsleppskutta mellom

sektorar.

Ved å gange det nasjonale

utsleppsmålet per innbyggjar i

eit år med folketalet finn ein det

nasjonale utsleppsmålet i det

same året. Til sist blir det nasjonale

utsleppsmålet justert med

eit sett justeringsfaktorar som

viser store variasjonar mellom

land og er relevante for utslepp

av klimagassar. Dei viktigaste

justeringsfaktorane er klima

(behov for oppvarming eller

luftkondisjonering), folketal i

forhold til areal (få innbyggjarar

per arealeining fører til

relativt større energibruk og

dermed klimagassutslepp), landbruk

(store areal med ris eller

mange husdyr medfører store

utslepp av metan), omstillingsøkonomiar

(omstillngsproblem),

og tilgang på vedvarande

energikjelder. Utviklingsland

som etter kvart får utslepp over

det globale gjennomsnittet i

2010 må gradvis ta på seg bindande

klimamål.

For å illustrere MSC kan vi

sjå på eit tilfelle der klimapolitikken

framover fører til ein

reduksjon i globale utslepp av

karbondioksid med 1,3% i året

og konvergens i nasjonale utslepp

per innbyggjar blir nådd

i år 2100. Då må Russland

redusere sine nasjonale klimagassutslepp

med 88% i 2100

samanlikna med forventa utslepp

i år 2010. Tilsvarande tal

for dei 15 EU-landa er 75%,

USA 77%, og Japan 52%. For

å halde atmosfærekonsentrasjonen

av karbondioksid under

550 ppmv (liter per million liter)

i 2100, som svarar til 710 ppmv

karbondioksid-ekvivalentar når

metan og lystgass er med i tillegg

til karbondioksid, reknar

ein med at utsleppa frå kraftsektoren

på globalt nivå blir

redusert med 0,7% i året. Tilsvarande

tal for industrien er 1%,

transport 0,1%, hushalda 0,8%,

og avfall 1,2%.

Kriterium for val av

byrdefordelingsmodellar

Ved utvikling av modellar for

byrdefordeling bør ein også

leggje vekt på nokre praktiske

omsyn. Ein modell bør:

(i) kunne brukast for alle

land;

(ii) vere lett å gjere operasjonell;

(iii) vere enkel;

(iv) opne for forbetringar i

framtida,

(v) vere fleksibel; og

(vi) opne for å kunne ta

omsyn til spesielle for

hold i kvart land.

Dersom dei fleste av desse

kriteria er oppfylt medfører det

større sjanse for at det blir prak-

Alle interesserte kan prøve ut ein interaktiv versjon av

MSC-modellen som vil bli tilgjengeleg på heimesida til ECN:

http://www.ecn.nl/unit_bs/kyoto/mechanism/burden.html

10 • Cicerone 3/2001

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!