Prosjektbeskrivelse H.U.D-display - Høgskulen i Sogn og Fjordane

hisf.no

Prosjektbeskrivelse H.U.D-display - Høgskulen i Sogn og Fjordane

PROSJEKTBESKRIVELSE HOVUDPROSJEKT HO2-300

Prosjekt (tittel):

HUD display i bil kobla til CAN-nettverk.

Dato, signatur:

Bakgrunn: Problemstilling

………………………….

Vegard Tonheim

HUD display i bilen koblet til CAN nettverk







Kobling til CAN nettverk i bil

Deteksjon av dataadresser som inneholder informasjon om fart og

Valg av en av løysingane for vise bilde på frontvindu:

i. LCD display som er reflektert på vindu (mekanikk, definering av tegn)

ii. Pico projektor (laser eller LCD) (mekanikk, definering av egne tegn)

iii. Transparent OLED (definering av egne tegn)

Montering av utstyr

Koble til alt saman

krav: CAN, RS232, PC med Java

I faget Hovudprosjekt HO2-300 våren 2012 skal elevane i 3.klasse utføre eit avsluttande prosjekt som

teller 20 studiepoeng. Eg er åleine om dette prosjektet og har fått god rettleiing på skulen for å finne eit

prosjekt som passer for ein person. Marcin kom med ein lys idè om å lage til eit såkalla HUD (Head Up

Display) som skal være i frontruta på ein bil. Dette ser eg på som eit veldig interessant og lærerikt

prosjekt. Ein grunn til det er at mange nye bilar i dag har denne løysinga og det bidrar til økt sikkerhet.

Prosjektet har i hovedsak to delar:

Del 1: Man må ha ein bil med CAN-bus system. Det er eit system der man kan hente ut ulike data frå

bilen, som for eksempel fart, km.stand, drivstoff forbruk etc. CAN bruker dataadresser som

informasjon. For å hente ut dataadressen(ene) bruker man ein spesiell boks(Lavicell) som man koblar

mellom bilen og ein PC. Boksen detekterer/finner adresser for eksempelvis fart. PC-en må ha eit

javaprogram for å lese dataane frå boksen. I tillegg kan man i java lage til grafikk slik at man ser farten

på PC-en. RS232-overføring blir brukt mellom lavicell boksen og PC-en.

Planen er då å programmere i java og lage det programmet som må til for å lese dataadressen(ane) frå

CAN-systemet og vise farten.

Del 2: Neste steg som er ei stor utfordring, blir å få vist i hovedsak farten med mulighet for å vise andre

parameter på frontvinduet i bilen. Dette kan gjerast på tre ulike måtar:

1. Kan bruke eit LCD display som er reflektert på vinduet. Det kan være nødvendig å bruke ein

slags polariserende folie på vinduet i det feltet man vil at farten skal bli vist. Dette fordi man

skal unngå at bildet frå LCD displayet skal bli reflektert igjennom glaset.

2. Den neste metoden er å bruke ein Pico prosjektor, enten ein LCD- eller laser type. Denne

koblar man til PC-en. Prosjektoren kan monterast for eks. i taket og lyse på eit lite speil

montert på dashbordet. Dette fordi at strålen frå prosjektoren skal bli reflektert 90 grader på

vinduet, slik at man skal få eit godt bilde.

3. Den siste metoden er å bruke Transparent OLED, ved for eks. å montere dei på dashbordet.

Ved testing kan det være aktuelt å låne ein prosjektor frå skulen som som blir kobla til PC-en og viser


farten på vinduet.

også finne passande montering og plassering av utstyret.

Kort oppsummert vil prosjektet foregå slik:

1. Å koble til alt.

2. Finne adresser

3. Lage program i JAVA for å vise farten.

4. Å vise det på vindu.

Rammer:

Tidsrammer: Ca 500 timar

Tidspunkt: 3. Januar 2012 – 6. Juni 2012

Innlevering av forprosjektrapport: 17. Februar 2012

Innlevering av sluttrapport: 23. Mai 2012

Framføring: 25. Mai 2012

Nettsida ferdigstilt/Opprydding ferdig: 6. Juni 2012

Kostnader: Deler som blir kjøpt inn.

Fasar/oppgåver (omfang og avgrensing):

- Planleggingsfase

Sette meg meir inn i kva prosjektet går ut på.

Søke etter relevant informasjon.

Rettleiing.

- Kartleggingsfase

Sjå på dei ulike løysingsmetodane for å få vist farten på vinduet.

- Analyse

Komme fram til den mest fornuftige løysinga.

- Konklusjon

Klare så godt som råd er å få eit slikt display opp å gå.

Organisering:

Oppdragsgivar: Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Styringsgruppe: Prosjektansvarleg: Joar Sande.

Prosjektgruppe: Prosjektleiar: Vegard Tonheim.

More magazines by this user
Similar magazines