Årsmelding 2011 - Sogn og Fjordane fylkeskommune

sfj.no

Årsmelding 2011 - Sogn og Fjordane fylkeskommune

Årsmelding 2011

Kontrollutvalet

www.sfj.no


Innhald

1 Innleiing ............................................................................................................................. 4

2 Samansetting av kontrollutvalet ......................................................................................... 4

2.1 Kontrollutvalet 2007 - 2011 ........................................................................................ 4

2.2 Kontrollutvalet 2011 - 2015 ........................................................................................ 5

3 Kontrollutvalet sitt formål .................................................................................................. 5

4 Kontrollutvalet sine oppgåver ............................................................................................ 6

5 Budsjett og rekneskap ........................................................................................................ 6

6 Revisjon av fylkeskommunen ............................................................................................ 7

7 Sekretariat for kontrollutvalet ............................................................................................ 7

8 Kontrollutvalet si verksemd 2011 ...................................................................................... 7

8.1 Møteverksemd ............................................................................................................. 7

8.2 Fylkestingsaker frå kontrollutvalet .............................................................................. 8

8.3 Andre saker som kontrollutvalet handsama i 2010 ..................................................... 8

8.3.1 Selskapskontroll 2010 – Risikoanalyse Fjord1 .................................................... 8

8.3.2 Kjøp av finansiell revisjon og selskapskontroll 2010 .......................................... 8

8.3.3 Revisorbrev 2010 – Oppfølging frå administrasjonen ......................................... 9

8.3.4 Revisjon av fylkesvegrekneskapen ...................................................................... 9

8.3.5 Forvaltningsrevisjon 2009 – Kompetanseprofil i fylkeskommunen – Oppfølging

av vedtak i FT-sak 18/10 .................................................................................................... 9

8.3.6 Forvaltningsrevisjon 2010 - Minoritetsspråklege elevar sine rettar – Oppfølging

av vedtak FT-sak 41/10 ...................................................................................................... 9

8.3.7 Informasjonsstrategi for kontrollutvalet ............................................................... 9

8.3.8 Utøving av kontrollutvalet sin møterett i generalforsamlingar og

representantskapsmøte ..................................................................................................... 10

8.3.9 Kontrollutvalet sin uttale til årsrekneskapen 2010 ............................................. 10

8.3.10 Hurtigbåtsaka Sogn og Fjordane – Bergen ........................................................ 10

8.3.11 Revisorbrev 01/2011 .......................................................................................... 10

8.3.12 Styrkt eigenkontroll – høyringsuttale – forslag til endringar i kommunelova og

andre lover ........................................................................................................................ 10

8.3.13 Oppfølging av forvaltningsrevisjon 2010 – Individuelt tilpassa opplæring ....... 10

8.3.14 Plan for forvaltningsrevisjon – Bestilling overordna analyse ............................ 11

8.3.15 Vurdering av oppdragsansvarleg revisor sin uavhengigheit .............................. 11

9 Andre forhold ................................................................................................................... 11

10 Oppsummering ................................................................................................................. 12

Årsmelding kontrollutvalet 2011 3


1 Innleiing

I det siste året for kontrollutvalet 2007 – 2011 hadde utvalet fokus på tilrettelegging for nytt

utval, i tillegg til utvikling av tilsyns- og kontrollfunksjonen som utvalet har. Kontrollutvalet

2007 – 2011 ville sette opp forslag til opplæringsplan for det nye utvalet, og tok i dette

arbeidet med seg den erfaringa utvalet sine medlemmar hadde opparbeidd seg dei siste åra.

Utvalet arbeidde vidare med synleggjering av kontrollutvalet, noko som resulterte i ein

informasjonsstrategi som utvalet vedtok i sak 12/11 i møte 25.3.2011.

Kontrollutvalet var også dette året opptekne av gjennomføring og oppfølging av

forvaltningsrevisjon, og utvalet handsama fire rapportar dette året.

Kontrollutvalet har i 2011 fortsatt hatt fokus på det gode samarbeidet med våre nabofylke sine

kontrollutval.

Kontrollutvalet sine medlemmar deltok i 2011 på konferansar arrangert av NKRF og FKT.

2 Samansetting av kontrollutvalet

Kommunelova (KL) kapittel 12 omhandlar internt tilsyn og kontroll samt revisjon.

Fylkestinget har det øvste tilsynsansvaret med den fylkeskommunale forvaltninga, jfr KL §

76. Fylkestinget vel eit kontrollutval til å føre det daglege tilsynet med den fylkeskommunale

forvaltninga, jfr. KL § 77.

2.1 Kontrollutvalet 2007 ‐ 2011

I perioden 2007 – 2011 har kontrollutvalet slik samansetting:

Leiar:

Nestleiar:

Medlemar:

Claus Kvamme (H)*

Per Rune Vereide (SP)

Kari Maria Rutle Fjærestad (AP)

Siri-Bente Fuhr (Frp)*

Helge Torstad (Krf)

* medlem av fylkestinget

Varamedlemar:

Møtande vara: Ottar Hov (V)

2. vara: Ranveig Årskog (SP)

3. vara: Per Bjarne Molnes (AP)

4. vara: Oddvar Østerbø (H)

5. vara: Lars-Svein Drabløs (Frp)

Årsmelding kontrollutvalet 2011 4


2.2 Kontrollutvalet 2011 ‐ 2015

For perioden 2011 – 2015 er det valt eit kontrollutval som er samansett slik:

Leiar:

Nestleiar

Medlemmar:

Arve Mjømen (H)*

Per Rune Vereide (Sp)

Kari Maria Rutle Fjærestad (Ap)

Turid Vassliås Borgund (Frp)

Kåre Jarl Langeland (V)

*medlem i fylkestinget

Det vart ved fylkestingsvalet 2011 vedteke at kontrollutvalet skulle ha partivise

varamedlemer.

Varamedlemer 2011 - 2015:

Høgre Senterpartiet Arbeiderpartiet Framstegspartiet Venstre

1 Kari Vikane Geir Helge

Østerbø

Jan Inge Buene Ørjan Tystad Elisabeth

Normann

2 Berit Seljeseth

Osa

Marit Aafedt

Fjærestad

Margunn

Masdal

Bjørg Sølvi

Refvik

Merete

Kulset

3 Jostein R.

Huneide

Iris Loftheim Anne Marit

Oppedal

Arve Glomnes Jon Ove

Lomheim

I det politiske organisasjonskartet er kontrollutvalet direkte underlagt fylkestinget. Dette

medfører at kontrollutvalet har ein uavhengig ståstad i høve til andre fylkeskommunale

politiske og administrative organ. Det er følgjeleg berre fylkestinget som kan instruere

kontrollutvalet.

3 Kontrollutvalet sitt formål

Kontrollutvalet skal føre tilsyn med den fylkeskommunale forvaltninga på vegne av

fylkestinget Utvalet skal også sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Utvalet skal gjennom sitt arbeid bidra til at innbyggjarane og andre interessentar har tillit til

Sogn og Fjordane fylkeskommune, og at fylkeskommunen leverer sine tenester og utfører sitt

mynde effektivt og målretta i samsvar med lov, forskrift og andre reglar samt fylkestinget sine

føresetnader og vedtak. Utvalet skal framstå som eit kompetent, uavhengig, objektivt og

synleg organ med høg integritet.

Det er berre fylkestinget som kan pålegge kontrollutvalet oppgåver utanom dei oppgåvene

som er lovfesta.

Kontrollutvalet sitt formål er å medverke til at fylkeskommunen sine oppgåver vert løyste på

ein best mogleg måte i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.

Årsmelding kontrollutvalet 2011 5


4 Kontrollutvalet sine oppgåver

Kontrollutvalet sine oppgåver er heimla direkte i kommunelova kapittel 12 og i forskrift om

kontrollutval (forskrifta) fastsett av Kommunal og regionaldepartementet. I forskrifta er det

gjeve nærare reglar for val og samansetjing av kontrollutvalet, om utvalet sitt ansvar og

oppgåver i tillegg til reglar for sakshandsaming og sekretariat.

Fylkestinget vedtok i oktober 2011 reglement for kontrollutvalet der følgjande oppgåver vart

vektlagt:





Rekneskapsrevisjon, som omfattar bestilling av rekneskapsrevisjon frå revisor, sjå til

at rekneskapa vert revidert på ein trygg måte, gje uttale om fylkeskommunen sin

årsrekneskap og sjå til at revisor og fylkestinget sine påpeikingar vert fylgt opp.

Forvaltningsrevisjon, som er systematiske vurderingar av fylkeskommunen sin

økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknader ut frå fylkestinget sine vedtak og

føresetnadar. Kontrollutvalet skal utarbeide plan for forvaltningsrevisjon. Utvalet skal

rapportere resultata av gjennomførte forvaltningsrevisjonar til fylkestinget.

Selskapskontroll, som inneber å føre kontroll med forvaltninga av fylkeskommunen

sine interesser i selskap. Kontrollutvalet utarbeider plan for selskapskontroll. Vidare

skal utvalet sørgje for å få gjennomført selskapskontrollar i samsvar med planen, og

rapporterer til fylkestinget om gjennomførte selskapskontrollar.

Granskingar eller undersøkingar. Kontrollutvalet kan på eige initiativ eller etter vedtak

i fylkestinget foreta granskingar eller undersøkingar av fylkeskommunen si verksemd.

Kontrollutvalet skal ved starten av kvar valperiode utarbeide ein plan for verksemda i utvalet i

perioden. Kontrollutvalet fastset sjølv innhald og omfang. Informasjonsstrategien til utvalet

skal vere vedlegg til verksemdplanen. Verksemdplanen vert vedteken av fylkestinget.

Kontrollutvalet skal, innan utgangen av året etter nytt utval er på plass, legge fram Plan for

forvaltningsrevisjon og Plan for selskapskontroll til fylkestinget. Det er fylkestinget som

vedtek desse planane.

5 Budsjett og rekneskap

Fylkestinget vedtok i april 2011 reduksjon i kontrollutvalet sitt budsjett på 0,350 mill. kroner

for 2011. Kontrollutvalet vedtok at denne reduksjonen skulle innhentast ved reduksjon av

kontrollutvalet sitt budsjett til reiser, i tillegg til reduserte kostnader frå SF revisjon IKS på

0,247 mill. kroner. Kontrollutvalet sitt reviderte budsjett for 2011 vart etter dette på 4,158

mill. kroner, fordelt på kontrollutvalet, sekretariat og kjøp av revisjonstenester.

Budsjettoppfølging har vore utført per tertial.

Rekneskap for 2011 viser eit forbruk på 3,909 mill. kroner.

Mindreforbruket på 0,249 mill kroner i høve til budsjett fordelte seg slik:

Årsmelding kontrollutvalet 2011 6


Kontrollutval 0,124 mill. kroner

Sekretariat 0,036 mill kroner

Kjøp av revisjonstenester 0,089 mill kroner

Innsparinga på 0,124 mill. kroner for kontrollutvalet i forhold til revidert budsjett er stort sett

mindreforbruk i samband med møtegodtgjersle, kurs, reise og opphald. Sekretariatet hadde ei

innsparing i høve til budsjett på 0,036 mill. kroner som stort sett er mindreforbruk på reiser og

kurs/konferansar. Kontrollutvalet hadde eit mindreforbruk på kjøp av revisjonstenester i 2011

på 0,089 mill. kroner, som er eit resultat av noko mindre forbruk på finansiell revisjon,

selskapskontroll og forvaltningsrevisjon enn budsjettert.

6 Revisjon av fylkeskommunen

Sogn og Fjordane fylkeskommune har avtale med to revisjonsfirma. Fylkeskommunen brukar

SF revisjon IKS til utføring av finansiell revisjon og selskapskontroll. Dette er regulert i

selskapsavtalen til SF revisjon IKS.

Til å gjennomføre forvaltningsrevisjon har fylkeskommunen forlenga rammeavtale med

Deloitte AS. Denne avtalen vart signert 10. Juni 2009, og gjaldt for eit år, med opsjon til å

forlenge avtalen årleg i ytterlegare 1+1+1 år. Fylkestinget vedtok i sak 2/10 og i sak 3/11 og

3/12 å forlenge avtalen i eit år, slik at avtalen no gjeld fram til 10.6.2013. Alle tre opsjonsåra

er dermed nytta.

7 Sekretariat for kontrollutvalet

Fylkestinget skal sørgje for at kontrollutvalet har tilfredsstillande sekretariatbistand.

Sekretariatet har i 2011 bestått av ein person i heil stilling. Organisatorisk er sekretariatet

direkte plassert under kontrollutvalet, og det medfører at kontrollutvalet har

arbeidsgjevaransvaret for sekretariatet. Slik organisering er naudsynt for å sikre uavhengigheit

til den administrative leiinga av fylkeskommunen, som er gjenstand for kontroll og tilsyn.

8 Kontrollutvalet si verksemd 2011

8.1 Møteverksemd

I 2011 vart det gjennomført 11 møte i kontrollutvalet og utvalet handsama 53 saker. Sju av

møta vart avvikla på fylkeshuset.

Eit av møta vart avvikla som vitjing hjå Fjord1 (februar). Møtet hjå Fjord1 var sett i stand då

utvalet ynskte å bli orientert om Fjord1 si drift, og bli meir kjend med dette selskapet. Fjord1

er eit av dei viktigaste selskapa fylkeskommunen er medeigar i, og kontrollutvalet vil derfor

halde seg oppdatert på det som skjer i og rundt selskapet. På møtet fekk utvalet god

orientering om Fjord1 som selskap og utvalet fekk eit godt innblikk i staus for dagens drift og

planar framover for selskapet.

Møtet 22. mars var avvikla som telefonmøte. Dette møtet skulle etter planen avviklast på

fylkeshuset, men dårleg ver og stengde veier gjorde at møtet måtte utsettast til 25. mars. Det

Årsmelding kontrollutvalet 2011 7


vart gjennomført telefonmøte 22. mars for å diskutere sak om innsparing for kontrollorgan i

budsjett 2011/økonomiplan 2011 – 2013.

Dei resterande to møta var avvikla på Alexandre hotell Loen, 6. april, og Stranda hotell, 26.

mai.

Møtet 6 april vart gjennomført i samband med fylkestingssamling.

Møtet 26. mai var i samband med fellesmøte med kontrollutvalet i Møre og Romsdal

fylkeskommune 25. – 26. mai. Kontrollutvala vitja Åknes/Tafjord

Beredskapsenter IKS, som er ansvarleg for overvaking av fleire fjellparti der det kan vere fare

for større ras. Rådmannen i Stranda kommune orienterte om dei spesielle utfordringane

kommunen har som vertskap for verdsarvområdet. Representantar frå økokrim-eininga ved

Sunnmøre Politidistrikt var og til stades og orienterte om politiet sitt arbeid med økonomisk

kriminalitet.

Møta i kontrollutvalet var i 2011 gjennomført som opne møte.

Fylkesordførar, fylkesrådmann og revisorar får tilsendt møteinnkalling og alle sakspapir til

møta i kontrollutvalet. Kopiar av møteinnkalling og saksliste vert sendt varamedlemane til

orientering. Sakspapir og møteprotokoll vert i tillegg lagt ut på heimesida til

fylkeskommunen. Dette gjeld ikkje for saker som er unnateke offentleg innsyn.

8.2 Fylkestingsaker frå kontrollutvalet

Kontrollutvalet fremja åtte saker til handsaming i fylkestinget i 2011. Tre av sakene utvalet

fremja for fylkestinget var forvaltningsrevisjonsprosjekt:

Forvaltningsrevisjon 2010 – Byggeprosjekt i Sogn og Fjordane fylkeskommune (FTsak

2/11)

Forvaltningsrevisjon 2009 – Individuelt tilpassa opplæring (FT-sak 9/11)

Forvaltningsrevisjon 2011 – Næringsretta tiltak (FT-sak 44/11)

Kontrollutvalet fremja sak om utført selskapskontroll av Firda Billag AS for fylkestinget (FTsak

58/11)

Dei andre sakene som utvalet fremja for fylkestinget var desisjon av møtebokene for

fylkesutvalet og hovudutvala, rammeavtalen med Deloitte for leveranse av

forvaltningsrevisjon, årsmelding til kontrollutvalet og reglement for kontrollutvalet.

8.3 Andre saker som kontrollutvalet handsama i 2010

8.3.1 Selskapskontroll 2010 – Risikoanalyse Fjord1

Kontrollutvalet handsama notat frå SF revisjon IKS «Risikoanalyse Fjord1 februar 2011» og

vedtok i KU-sak 3/11 som følgje av vurderingane i notat å ikkje gjennomføre selskapskontroll

etter kommunelova § 80av Fjord1 Nordvestlandske på dåverande tidspunkt.

8.3.2 Kjøp av finansiell revisjon og selskapskontroll 2010

Årsmelding kontrollutvalet 2011 8


Bestillingsdokumentet med bestilling av finansiell revisjon, selskapskontroll og

attestasjonsoppdrag vart handsama og vedteke på kontrollutvalsmøte i KU- sak 6/11.

Bestillingsdokumentet vart sendt til SF revisjon IKS.

8.3.3 Revisorbrev 2010 – Oppfølging frå administrasjonen

Kontrollutvalet handsama oppfølging av revisorbrevet frå 2010 i fleire omgangar. Utvalet si

oppfølging vart avslutta i KU-sak 47/11.

8.3.4 Revisjon av fylkesvegrekneskapen

Hausten 2010 dukka det opp spørsmål om kven som har ansvaret for revisjon av

fylkesvegrekneskapen etter at fylkeskommunen sitt ansvar for vegsektoren vart kraftig utvida

som resultat av forvaltningsreforma. Kontrollutvalet vedtok i KU-sak 8/11 å be SF revisjon

IKS om å få revidert denne rekneskapen på ein kvalitetsmessig og kostnadseffektiv måte.

8.3.5 Forvaltningsrevisjon 2009 – Kompetanseprofil i fylkeskommunen –

Oppfølging av vedtak i FT‐sak 18/10

Kontrollutvalet mottok brev frå fylkesrådmannen januar 2011, som inneheldt ei oversikt over

dei tiltak som var gjennomført og sett i verk etter forvaltningsrevisjonen. Brevet inneheldt i

tillegg ei liste med tiltak som skulle gjennomførast i løpet av 2011 og 2012.

Kontrollutvalet vedtok i KU-sak 9/11 å ta brevet til orientering og ba fylkesrådmannen i

vedtaket om å orientere utvalet når oppfølgingane i rapporten er oppfølgde – seinast innan

utgangen av 2012.

8.3.6 Forvaltningsrevisjon 2010 ‐ Minoritetsspråklege elevar sine rettar –

Oppfølging av vedtak FT‐sak 41/10

Kontrollutvalet mottok 1.3.2011 rapporten «Status og tiltak for arbeidet med

minoritetsspråklege elevar i vidaregåande skuler sine rettar» frå administrasjonen. I rapporten

står det at det er oppretta ei arbeidsgruppe som skal arbeide med oppfølging av

forvaltningsrevisjonen, og at arbeidsgruppa skal ferdigstille arbeidet innan utgangen av

november 2011.

Kontrollutvalet vedtok i KU-sak 10/11 å ta rapporten «Status og tidplan for arbeidet med

minoritetsspråklege elevar i vidaregåande skule sine rettar» til orientering. Vidare vedtok

utvalet at fylkesrådmannen orienterar kontrollutvalet når oppfølging av tilrådingane er

gjennomførde, seinast innan utgangen av 2011.

8.3.7 Informasjonsstrategi for kontrollutvalet

Kontrollutvalet vedtok i KU-sak 12/11 utvalet sin informasjonsstrategi. Utvalet fekk med

dette på plass grunnleggande prinsipp om kva som er målsetting med utvalet si kontakt med

media, val av informasjonskanalar, kven som skal uttale seg og kva saker utvalet kan uttale

seg om.

Årsmelding kontrollutvalet 2011 9


8.3.8 Utøving av kontrollutvalet sin møterett i generalforsamlingar og

representantskapsmøte

Kontrollutvalet vedtok i KU-sak 18/11 å gje leiar fullmakt til peike ut

kontrollutvalsmedlemmar som skal vere til stades på generalforsamlingar eller

representantskapsmøte inneverande år. I tillegg vedtok utvalet å be sekretariatet m å få på

plass rutinar for utøving av møteretten for framtida.

8.3.9 Kontrollutvalet sin uttale til årsrekneskapen 2010

Kontrollutvalet ga i KU-sak 20/11 uttale til fylkestinget om årsrekneskapen 2010 på grunnlag

av avlagt årsrekneskap, årsmeldinga frå rådmannen og revisjonsmeldinga frå revisor.

8.3.10 Hurtigbåtsaka Sogn og Fjordane – Bergen

Utvalet handsama sak om å eventuelt gå vidare med saka om hurtigbåt mellom Sogn og

Fjordane og Bergen. Kontrollutvalet gjorde slikt vedtak i KU-sak 27/11:

1. Kontrollutvalet tek fylkesrådmannen sine orienteringar om saka, frå og med august

2008 fram til dags dato, til etterretning.

2. Kontrollutvalet vil ikkje gå vidare med saka “Konkurranse om snøggbåtrute Bergen –

Sogn og Fjordane

8.3.11 Revisorbrev 01/2011

Kontrollutvalet mottok revisorbrev 01/2011 17.6.2011. Kontrollutvalet vedtok i KU-sak 30/11

å be fylkesrådmannen om å sette i gang tiltak for å følgje opp brevet.

8.3.12 Styrkt eigenkontroll – høyringsuttale – forslag til endringar i kommunelova

og andre lover

Kontrollutvalet vedtok i KU-sak 31/11 å sende høyringsuttale til dokument «Høyringsnotat

om endringar i kommunelova og enkelte andre lover (eigenkontrollen i kommunane m.m)»

frå Kommunal- og regionaldepartementet.

8.3.13 Oppfølging av forvaltningsrevisjon 2010 – Individuelt tilpassa opplæring

Kontrollutvalet mottok 14.11.2011 notat frå administrasjonen der det vert gjort greie for status

for oppfølginga av tilrådingane i rapporten etter den gjennomførde forvaltningsrevisjonen og

kva som må følgjast opp vidare.

Det vert gitt ei god framstilling over arbeidet med kvalitetssikring i opplæringssektoren. Det

vert vidare vist til at oppfølginga av tilrådingane i rapporten i stor grad vil skje i løpet av

2012.

Kontrollutvalet vedtok i KU-sak 46/11 å be fylkesrådmannen halde kontrollutvalet orientert

om framdrifta i oppfølginga av dei tolv punkta i rapporten, og rapportere til kontrollutvalet

når oppfølginga er fullført.

Årsmelding kontrollutvalet 2011 10


8.3.14 Plan for forvaltningsrevisjon – Bestilling overordna analyse

Overordna analyse vart vedteke å bestille i KU-sak 48/11. I vedtaket fekk leiar og

sekretariatsleiar fullmakt til å utvide bestillinga til også å omfatte overordna analyse som

grunnlag for plan for selskapskontroll.

8.3.15 Vurdering av oppdragsansvarleg revisor sin uavhengigheit

Utvalet handsama uavhengigheitserklæring frå oppdragsansvarleg revisor i SF revisjon IKS

og oppdragsansvarleg revisor i Deloitte i sakene 49/11 og 50/11. Begge

uavhengigheitserklæringane vart tekne til etterretning av utvalet.

9 Andre forhold

I tillegg til punkta over har kontrollutvalet utarbeidd budsjett for utval, sekretariat og kjøp av

revisjonstenester, vedteke eit revidert budsjett for 2011, møteplan for 2012 i tillegg til å ha

arbeidd ein del med eigne rutinar for gjennomføring av årsplan og oppfølging av

forvaltningsrevisjonsprosjekt og andre oppfølgingar. Utvalet har gjennom året innhenta

opplysningar og stilt spørsmål til administrasjonen på fleire ulike område.

Det har også vore arbeidd med å få på plass rutinar mellom sentrale tilsynsorgan og tilsynet

som kontrollutvalet er ansvarleg for. Dette arbeidet har resultert i at rutinar for

kommunikasjon om tilsynsplanar har kome på plass, slik at unødig dobbeltarbeid kan

unngåast.

Nytt kontrollutval gjennomførde første møte 8.11.2011. Fylkesvaraordførar var til tilstades for

å orientere om politisk leiing sine forventningar til kontrollutvalet. Fylkesrådmann var og

til stades på dette første møtet for å orientere om fylkeskommunen si organisering og

verksemd.

Årsmelding kontrollutvalet 2011 11


10 Oppsummering

Utvalet sine medlemmar har delteke på landomfattande konferansar i regi av Forum for

kontroll og tilsyn (FKT) og Norges Kommunerevisorforbund (NKRF).

Kontrollutvalet legg vekt på å vere nyttige medspelarar for at fylkeskommunen skal nå sine

mål. Kontrollutvalet legg også vekt på å bidra til å skape tillit til fylkeskommunen si

verksemd. Kontroll og tilsyn er ikkje noko mål i seg sjølv, men eit middel for å nå dei

oppsette måla.

Kontrollutvalet og sekretariatet håper det gode samarbeidet med fylkesadministrasjonen vil

fortsette i 2012.

Kontrollutvalet legg årsmeldinga fram for fylkestinget.

Leikanger 22.5.2012

Arve Mjømen, leiar (s)

Per Rune Vereide, nestleiar (s)

Kari Maria Rutle Fjærestad (s)

Turid Vassliås Borgund (s)

Kåre Jarl Langeland (s)

Einar Ulla, kontrollsjef (s)

Årsmelding kontrollutvalet 2011 12


Fylkesrådmannen

Fylkeshuset

Askedalen 3, 6863 Leikanger

Telefon 57 65 61 01

Telefaks 57 65 30 20

E-post: postmottak.sentraladm@sfj.no

www.sfj.no

Framside: Olden

Foto: Kirsti Horne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

More magazines by this user
Similar magazines