Årsmelding HFK 2008N.pdf - Politiske saker - Hordaland ...

polsak.ivest.no

Årsmelding HFK 2008N.pdf - Politiske saker - Hordaland ...

VIKTIGE HENDINGAR

Viktige hendingar i 2008

● Rekordstor vekst i folketalet i 2008:

7 007 nye innbyggjarar i Hordaland.

● Fylkeskommunen fekk 1.1.2008 tilbakeført

ansvaret for kollektivtafikken i Bergen.

● Dei fire første bussanbodspakkene vart sette

i drift. Starten var i Austevoll 1.1.2008.

● 2008 var sjette året på rad med uendra eller

reduserte takstar i kollektivtrafikken

Hordaland fylkeskommune har ansvar for.

● Passasjervekst på 3,3 % med bussane.

● Regjeringa godkjende Jondalstunnelen og

fylkestinget vedtok anbodsopplegg.

● Passasjertala for Bergen Lufthamn Flesland

passerte for første gong 5 millionar.

● Halsnøysambandet i Kvinnherad opna 8.

mars.

● E39 Romarheimsdalen (Lindås) opna 18.

september.

● Opning av Rv 57 Herlandsparsellen

(Lindås), Rv 13 Myrkdalstunnelen (Voss).

Fylkesøkonomien 2008

Driftsinntekter:

4 535,2 mill. kr

Driftsutgifter:

4 385,4 mill. kr

Renteutgifter:

98,8 mill. kr

Avdrag lån:

99,9 mill. kr

Netto driftsresultat

9,0 mill. kr

Årsresultat:

0,0 mill. kr

Investeringar anlegg/nybygg 621,0 mill. kr

Lånegjeld pr. 31.12.2008: 2 757,7 mill. kr

Brutto driftsutgifter sektorvis:

Kultur 206,0 mill. kr 4,7 %

Utdanning 2 375,8 mill. kr 54,2 %

Tannhelse 241,7 mill. kr 5,5 %

Samferdsel 992,8 mill. kr 22,6 %

Regional utvikling 208,6 mill. kr 4,8 %

Politiske organ og adm. 239,0 mill. kr 5,5 %

Fellesfunksjonar m.m. 121,5 mill. kr 2,8 %

Fakta om Hordaland

Folketal 1.1. 2009 469 681

Folkeauke 2007-2008 (pr. 31.12.) 7 007

Fødselsoverskot 2008 2 508

Netto tilflytting 2008 4 476

Netto tilflytting frå utlandet 2008 4 301

Heilt arbeidsledige pr. 28.02.09 5 924 (2,4 %)

Sysselsette på tiltak pr.28.02.09 1 131 (0,5 %)

● 18 647 personar frå Hordaland søkte plass

ved fylkeskommunen sine vidaregåande

skular – fleire enn nokon gong før.

● Fagskuleutdanning i Eldreomsorg og

Psykisk helsearbeid starta hausten 2008.

● 37 skular har 70,9 mill. kr avsett på fond.

● Arbeidsstart på store tilbygg ved Austevoll

og Kvinnherad vidaregåande skular.

● Tannhelsa til born og unge i Hordaland var

den beste sidan målingane starta i 1985.

● Hauge/Tveitt-jubileet vart markert lokalt, på

landsplan og i utlandet.

● Fem sjøbuer i Sandviken i Bergen brann.

Bygningane var freda etter kulturminnelova,

og det var eit tap for heile landet.

● Fylkesdelplanen fysisk aktivitet, idrett og

friluftsliv 2008-2012: Aktiv kvar dag, vart

vedteken av fylkestinget.

Hordaland — eit kreativt

verdiskapingsfylke i ein

sterk vestlandsregion.

● 70,9 mill. kr i spelemidlar til anlegg for

idrett og friluftsliv og 4,3 mill. kr til

kulturbygg vart fordelte.

● FYHND, fylkesmusikarane i Hordaland, gav

ut eigenprodusert CD spela inn i kunsthuset

Kabuso.

HORDALAND

FYLKESKOMMUNE

2 Årsmelding 2008


FYLKESORDFØRAREN

Eit aktivt og utviklande år

2008 har vore eit særleg aktivt og utviklande år for Hordaland fylkeskommune. Nemnast kan

både ferdigstilling og iverksetjing av store samferdselsprosjekt, store investeringar i

skulesektoren, stor aktivitet i kultursektoren og omfattande medverknad for regional

utvikling. I tillegg er det internasjonale engasjementet blitt større og viktigare. Folk trivst i

Hordaland og vi kunne ynskja 7 000 nye innbyggjarar velkomne til fylket!

Fylkesordførar

Torill Selsvold

Nyborg

Regionreforma som vert gjeldande frå nyttår 2010, vil tilføra fylkeskommunane ein del nye

oppgåver, spesielt innan samferdsel. Dette inneber mellom anna ansvar for riksvegar og ferjer.

Frå 1. januar 2008 fekk fylkeskommunen på ny ansvaret for kollektivtransporten i Bergen

kommune etter at det fireårige forsøket med kommunalt kollektivtransportansvar vart avslutta.

Fylkeskommunen skal også stå for drifta av Bybanen i Bergen. Bergen kommune er

ansvarleg for å byggja bana fram til Nesttun. Den vidare utbygginga, i første omgang

strekninga Nesttun-Lagunen, skal fylkeskommunen stå for. Dette vert ei stor og spennande

satsing i fylkeskommunal regi. I 2008 investerte vi 72 mill. kr i vogner til Bybanen.

To store vegprosjekt fekk si avklåring i 2008. Etter ny kvalitetssikring vart det endeleg

klarsignal for Hardangerbrua. Jondalstunnelen fekk klarsignal frå regjeringa og fylkestinget

vedtok opplegg for anbodsinnhenting. Begge er gode prosjekt for Hardanger.

Kollektivtrafikken, særleg bussdrifta, krov stor innsats og ressursar i 2008 i samband med

konkurranseutsetjinga av bussruter. Fire anbodspakker er sette i verk. Omleggingar vil alltid

ta litt tid før dei går seg skikkeleg til. Det har vore utfordringar med anbodsrutene i delar av

fylket, men gjennom dialog med brukarar og operatørar ser det ut for at flokane løyser seg.

I forsøksperioden sette Bergen kommune i gang mange tiltak, særleg det

siste året kommunen hadde ansvaret. Det var ei stor utfordring for

fylkeskommunen å vidareføra dei gode tiltaka kommunen hadde innført,

for kostnadene var mykje høgare enn inntektene som følgde med då

ansvaret atter vart fylkeskommunalt. Eg er glad for å kunna seia at

fylkeskommunen klarde denne utfordringa med glans. Vi kom ut med

rekneskapen i balanse – og utan å måtta ty til nedskjeringar i andre

sektorar.

Den store nybygginga vår av vidaregåande skular går for fullt. I

2008 brukte vi 290 mill. kr, om lag 120 mill. kr meir enn året før.

Utbygginga av Nordahl Grieg og Knarvik vidaregåande skular går

mot fullføring i 2009. Hausten 2008 var det byggjestart for store

tilbygg ved Kvinnherad og Austevoll vidaregåande skular. Fleire

prosjekt står for tur. Vi kan gle oss til ei kraftig fornying og

kvalitetsheving av skulebygningane våre dei komande åra.

Eg vil takka så hjarteleg alle våre tilsette for ein suveren

innsats i 2008. Takka vera dykkar kompetanse, engasjement,

pågangsmot og samarbeidsevne greidde vi å tilby gode

tenester i verdas beste fylke!

Årsmelding 2008 3


INNHALD

Om årsmeldinga

Årsmelding 2008 viser resultat som er oppnådde i

Hordaland fylkeskommune i løpet av året. Meldinga

gjev oversikt over den fylkeskommmunale tenesteproduksjonen

i dei ulike sektorane. Det er lagt vekt på

å visa kva ressursane vert brukte til, korleis utviklinga

er over tid og korleis driftsresultatet er i høve til

budsjettet. Ein del tal frå KOSTRA er tekne inn for å

samanlikna Hordaland fylkeskommune med nabofylket

Rogaland og landsgjennomsnittet for fylkeskommunane

utanom Oslo. For Hordaland er det teke

med KOSTRA-tal for både åra 2005-2008, men ver

obs på at tala for 2008 er førebelse. Det er første gong

det er teke med så lang tidsserie for KOSTRA-tal.

For dei som ønskjer meir detaljinformasjon om

fylkeskommunen si verksemd i 2008, viser vi til

årsrekneskap, revisjonsmelding og årsmeldingar frå

avdelingar m. fl.

Årsmeldinga er også tilgjengeleg på internett:

www.hordaland.no

Produksjon, foto m.m.:

Ansvarleg: Fylkesrådmannen.

Redaktør: Informasjonssjef Stanley Hauge.

Tekstgrunnlag: Avdelingane og arbeidslag i

fylkesadministrasjonen.

Redigering: Stanley Hauge og Svein S. Amundsen.

Grafikk, oppsett, utforming: Stanley Hauge.

Utforming forside: Geir K. Lien.

Foto/kart: Arkiv Hordaland fylkeskommune (s. 5, 40,

s. 42), Bybanekontoret (s. 9), Bjarte Brask Eriksen (s.

14, 15), Cruise Dest Hardanger - Agurtxane

Concellon (s. 22), Per M. Ekerhovd (s. 26), «Flytt til

Hardanger» (s. 21), Stanley Hauge (framsida, s. 2, 3,

17, 20, 24, 35, 39), Janne Landås (s. 31), Per Egil

Larsen (s. 13), Synnøve Lien Statens vegvesen (s.

18), Oddmund Lunde (framsida, s. 11, 42, fylkestinget),

Ronny Skaar (s. 30), Simon Sortland (s. 12,

38), Scanpix/Holbergprisen (s. 11), Liv Sundheim (s.

23), Ann Steindal (s. 28), John Leon Svellingen (s.

25), Charlotte Lillefjære Tertnæs (s. 26), Kjersti

Vevatne (s. 29).

Redaksjon en avslutta 31. mars 2009

Opplag: 3000 eks.

Trykkeri:

Utgjevar:

Hordaland fylkeskommune

Fylkesrådmannen

Postboks 7900

5020 Bergen

Gateadr.: Agnes Mowinckelsgate 5

Tlf.: 55 23 90 00 Telefax: 55 23 99 49

Intenettadr.:

www.hordaland.no

Foto framsida:

Frå Halhjem ferjekai.

Ein «Skyssbuss»

køyrer i land frå ferja

frå Våge i Tysnes

kommune.

Fylkeskommunen får

frå 1.1.2010 ansvar for

dette ferjesambandet

som følgje av

forvaltingsreforma.

Årsmelding 2008

Hordaland fylkeskommune

FYLEKSORDFØRAREN

Eit aktivt og utviklande år ............................................................................... 3

FYLKESRÅDMANNEN

Kriser som drivkraft for endring...................................................................... 5

ØKONOMISK OVERSYN

Bruk av fondsmidlar sikra rekneskapsbalanse i 2008 ..................................... 6

Driftsrekneskap 2005-2008 ............................................................................. 6

Driftsutgifter og driftsinntekter spesifiserte sektorvis ..................................... 7

KOSTRA-tal 2005-2008 ................................................................................. 8

Investeringsoversikt 2005-2008 ...................................................................... 9

Balansen .......................................................................................................... 9

OPPLÆRING

Stor satsing på nye skulebygg samtidig med stor innhaldsreform ................ 10

Viktige utdanningshendingar 2008 ............................................................... 11

TANNHELSE

Beste tannhelse som er registrert for born og unge i Hordaland ................... 16

KOSTRA-tal tannhelse .................................................................................. 16

REGIONAL UTVIKLING

Stimulera til næringsutvikling og nyskaping, og fremja gode lokalsamfunn 18

Viktige hendingar innan regional utvikling 2008 .......................................... 18

145 mill. kr til næringsutvikling .................................................................... 19

Midlar til næringsutvikling m.m. 2008.......................................................... 18

Prioriterte satsingar ........................................................................................ 20

Mongstadprosjektet viktig for regionen ........................................................ 20

Omstilling ...................................................................................................... 21

Regional planlegging, partnarskap og samarbeid .......................................... 22

Strategisk bruk av EU-program i regional utvikling .................................... 25

Vestlandsrådet ................................................................................................ 25

Internasjonal samhandling ............................................................................. 26

KULTUR OG IDRETT ................................................................................. 27

«Aktiv kvar dag» – og internasjonalt samarbeid om kystkultur.................... 27

Viktige kultur- og idrettshendingar 2008...................................................... 27

KOSTRA-tal kultur ....................................................................................... 29

SAMFERDSEL

Passasjervekst på 3,3 % for buss – også vekst for snøggbåtane .................... 32

KOSTRA-tal samferdsel ............................................................................... 32

Viktige samferdselshendingar 2008 .............................................................. 33

Kollektivreisande 2007-2008 ........................................................................ 33

Bompengeinntekter i Hordaland 2007-08 ..................................................... 34

ORGANISASJON

Fleire årsverk og større «kvinnefleirtal» i fylkeskommunen ........................ 36

Nøkkeltal 2007-08 ......................................................................................... 36

Likestillingsbarometer ................................................................................... 39

Miljørapport 2008 .......................................................................................... 39

Administrativ organisering ............................................................................ 40

FYLKESTINGET

Politisk organisering ...................................................................................... 41

Fylkestingsvala 1975-2007 ............................................................................ 41

Saker i dei politiske organa ........................................................................... 41

Representantfordeling.................................................................................... 41

Politiske leiarar .............................................................................................. 42

Fakta om Hordaland ...................................................................................... 43

Nøkkeltal 2008 .............................................................................................. 44

4 Årsmelding 2008


FYLKESRÅDMANNEN

Kriser som drivkraft for endring

2008 vart eit år prega av samarbeid både internt og eksternt og

med interessante utviklingsperspektiv og framgang på fleire felt.

På denne måten — og det er det viktigaste — vart året eit godt år

for Hordaland fylkeskommune. Rekneskapsresultatet vart likevel

svakare enn ønskjeleg.

Netto driftsresultat var i 2008 farleg nær null. Sunn økonomistyring

tilseier at dette måltalet bør vera minst 3 %. Med tanke på

at fylkeskommunen i fjor på nytt fekk ansvaret for kollektivtransporten

i Bergen kommune, er resultatet til å leva med. Utan

bruk av fondsmidlar hadde 2008-rekneskapen vist underskot. No

er det nødvendig å vera påpasseleg slik at økonomien ikkje vert

ytterlegare svekka.

Den relativt idylliske tilstanden lokalt må likevel sjåast i forhold til ei

verd som er i særleg ulage på minst to område; klima og finans.

Finanskrisa kom brått i fjor og har naturleg nok fått mest merksemd.

Klimaproblema kjem meir snikande over tid. Dei to krisene heng

også saman; vekst og forbruk er føresetnaden for finansiell stabilitet

samstundes med at vekst og forbruk er drivkrefter i klimakrisa.

Paradoksalt nok vert derfor resepten for å takla finanskrisa å

oppretthalda forbruket — noko som i sin tur aukar presset på miljøet.

Desse store problema vil påverka den daglege drifta i

fylkeskommunen, planane og prioriteringane våre.

Kriser er likevel ikkje berre problem, men kan også gje høve til

djuptgripande politikkendringar. Trua på det offentlege som ein

nødvendig og stor aktør i samfunnsutviklinga, ser ut til å verta

sterkare og balansepunktet mellom marknad og regulering ser ut

til å flytta seg.

Fylkesrådmann

Paul M. Nilsen

For fylkeskommunen og alle oss som arbeider i denne

organisasjonen, betyr denne utviklinga at dei politiske krava og

føresetnadene kan verta tydelegare i tida som kjem. Det er også

utsikt til at det vil verta stilt nye ressursar til disposisjon slik at ny

utvikling kan koma i gang og verta realisert.

Dei nye oppgåvene vi får i 2010 som følgje av forvaltingsreforma,

krev grundig førebuing som vi er godt i gang med. Det same gjeld

drifta av Bybanen i Bergen som vi skal starta sommaren 2010.

Eg er sikker på at det framover vert ei spennande tid med nye

ufordringar og oppgåver for alle oss som arbeider i

fylkeskommunen.

Årsmelding 2008 5


Grafen viser

utviklinga av netto

resultatgrad 2001-

2008 for Hordaland

fylkeskommune

samanlikna med

lands-gjennomsnittet

for fylkeskommunane

utan Oslo.

Tabellen gjev oversikt

over Hordaland

fylkeskommune sitt

driftsrekneskap for

åra 2005-2008.

Meir detaljert

rekneskap og notar til

rekneskapen går fram

av «Rekneskap 2008

Hordaland

fylkeskommune» som

er trykt i eige hefte.

ØKONOMISK OVERSYN

Bruk av fondsmidlar sikra

rekneskapsbalanse i 2008

Etter fire år med overskot for Hordaland

fylkeskommune, kom rekneskapen for

2008 ut med 0 – null – som resultat. For å

unngå rekneskapsmessig underskot var

det nødvendig å gjennomføra delvise

strykingar av fondsavsetjingar. Ein

inntektsførte disposisjonsfond og strauk

nye avsetjingar for til saman 27,5 mill. kr

for å koma ut i balanse. Skular og

tannhelsedistrikt har likevel fått avsetja

sine overskot til disposisjonsfond.

Prosent

Netto resultatgrad fylkeskommunar

10

9

8

7

6

5

4

3

2

1

0

-1

-2

-3

-4

-5

-6

-7

-8

2001

2002

Hordaland fk

Landsgjennomsn.

2003

2004

2005

2006

2007

2008

Driftsrekneskap 2005-2008

Tal i mill. kr. Løpande prisar

I budsjettet for 2008 var samferdselssektoren prioritert.

Forsøksordninga i Bergen vart avslutta og fylkeskommunen

fekk tilbake ansvaret for kollektivtrafikken

i heile fylket. Utgiftene fylkeskommunen overtok var i

storleiksorden 180 mill. kr, medan ein på inntektssida

berre fekk tilbakeført ca. 60 mill. kr i rammetilskotet.

Kostnadene til kollektivtrafikk auka ytterlegare i 2008,

mellom anna som følgje av at det er betalt ut

kompensasjon for ekstraordinært høge drivstoffutgifter

og lønsauke i samband med den landsomfattande

bransjeavtalen i rutebilnæringa.

Samla driftsutgifter for fylkeskommunen auka frå ca.

3,9 mrd. kr i 2007 til nær 4,4 mrd. kr i 2008. Opplæring

er den klart største sektoren med 2 376 mill. kr i driftsutgifter.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat er eit av dei mest sentrale nøkkeltala

i kommunale rekneskapar.

Netto driftsresultat viser kva ein har att etter at alle

driftsutgifter, inklusive renter og avdrag er dekka. Eit

positivt netto driftsresultat kan nyttast til å finansiera

investeringar eller avsetjast til seinare bruk, noko som

gjev handlefridom og evne til å tola svingingar i

økonomien.

Netto driftsresultat for Hordaland fylkeskommune

gjekk ned frå 65,8 mill. kr i 2007 til 9,0 mill. kr i 2008.

Netto resultatgrad (netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene)

gjekk ned frå 1,6% til 0,2%. Gjennomsnittet

for fylkeskommunane gjekk til samanlikning ned frå

4% til 2,9%. Endringa i netto driftsresultat var med andre

Rekneskap Rekneskap Rekneskap Rekneskap Budsjett

2005 2006 2007 2008 2008

+ Skatt 1 714,1 1 908,0 1 936,3 2 038,6 2 011,4

+ Rammetilskot 1 014,6 1 105,4 1 215,8 1 391,8 1 389,1

+ Driftsinnt. ekskl. renter 847,6 906,5 933,1 1 104,8 778,1

Sum driftsinntekter 3 576,3 3 919,9 4 085,2 4 535,2 4 178,6

– Sum driftsutgifter 3 208,8 3 504,9 3 891,6 4 385,4 4 098,4

Brutto driftsresultat 367,5 415,0 193,6 149,8 80,2

+ Renteinntekter 14,4 20,6 27,1 57,9 25,0

– Renteutgifter 57,1 58,8 65,0 98,8 88,9

– Avdrag 66,0 69,5 89,9 99,9 99,9

Netto driftsresultat 258,8 307,3 65,8 9,0 – 83,6

– Dekning tidlegare underskot 44,9

– Til ubundne avsetjingar 48,3 176,8 135,5 36,1 7,7

– Til bundne avsetjingar 174,9 79,8 87,4 93,7 0,0

+ Bruk av ubundne avsetjingar 11,8 107,2 139,6 74,8 45,4

+ Bruk av bundne avsetjingar 95,0 25,1 66,4 48,3 47,7

– Driftsmidl. til investeringar 31,9 62,2 41,2 2,3 1,8

Rekneskapsm. meir/

mindreforbruk 65,6 120,8 7,7 0,0 0,0

6 Årsmelding 2008


ØKONOMISK OVERSYN

Driftsutgifter og driftsinntekter spesifiserte sektorvis

Tal mill. kr. Løpande prisar.

Rekneskap 2007 Rekneskap 2008 Endring i %

Utgifter Inntekter Utgifter Inntekter Brutto driftsutgifter

Tabellen gjev nærare

spesifikasjon av

driftsutgifter og

driftsinntekter etter

sektor for 2005 og

2006.

Kultur 211,3 96,2 206,0 105,3 -2,5

Opplæring 2 235,0 398,0 2 375,8 438,4 6,3

Tannhelse 219,2 71,4 241,7 73,4 10,3

Samferdsel 672,3 36,0 992,8 95,0 47,7

Regional utvikling 212,8 226,5 208,6 259,4 -2,0

Politiske organ og adm. 210,2 23,3 239,0 30,9 13,7

Fellesfunksjonar m.m. 130,8 81,7 121,5 102,4 -7,1

Sum 3 891,6 933,1 4 385,4 1 104,8 12,7

ord nokså parallell mellom Hordaland og landsgjennomsnittet.

Skilnaden er at landsgjennomsnittet ligg

på eit akseptabelt nivå medan Hordaland er farleg nær

nullpunktet.

Det er vanleg å rekna at kommunesektoren bør ha

eit netto driftsresultat på minst 3% av driftsinntektene

for å vera reelt i balanse. Grunnen til at det ikkje er

tilstrekkeleg å ha netto driftsresultat lik null er at

avskrivingar ikkje inngår. I staden vert driftsrekneskapen

belasta med avdrag. Sidan avskrivingane er

høgare enn avdraga, må ein, for å bevara formuen, ha

eit netto driftsresultat som er minst så stort som

differansen mellom avskrivingar og avdrag.

Rekneskapen for Hordaland fylkeskommune viser

99,9 mill. kr i avdrag og 153 mill. kr i avskrivingar i

2008. Om ein nyttar avskrivingar i staden for avdrag til

å rekna ut eit«korrigert netto driftsresultat», får ein

minus 44,1 mill. kr. Driftsresultatet er dermed ikkje godt

nok til å bevara formuen.

Budsjettavvik

Innsparingar og overskridingar fordelte seg slik i 2007-

2008:

Negative tal viser overskriding

2007 2008

Skatt og rammetilskot 16,1 29,9

Kultur 1,6 0,7

Opplæring – 16,4 – 21,6

Tannhelse – 0,2 0,0

Samferdsel – 5,5 – 44,4

Regional utvikling 0,7 1,2

Politiske organ og adm. 5,3 – 3,6

Fellesfunksjonar m.m. 10,1 17,0

Konsesjonskraft – 6,9 – 11,5

Lønsavsetjing og premieavvik – 7,6 5,3

Momskompensasjon frå investeringar – 6,0 – 16,6

Strykningar / bruk av disp.fond 27,5

Renter 16,5 16,1

Overskot 7,7 0,0

I skatt og rammetilskot kom det inn 29,9 mill. kr meir

enn budsjettert. Dette er likevel litt mindre enn kva ein

forventa i tertialrapporten pr. august 2008, då

overslaget var 50 mill. kr i meirinntekter.

Tabellen over viser ei overskriding for opplæringssektoren

på 21,6 mill. kr. Men dette er etter at skulane

som hadde overskot, har avsett 21,5 mill. kr til

disposisjonsfond. Dermed må ein kunna seia at denne

sektoren er rimeleg godt i balanse.

Kultur

Samferdsel

22,6 %

4,7 %

4,8 %

Regional

utvikling

Tannhelse

Mill. kr

5,5 %

400

300

200

100

0

-100

-200

-300

-400

-500

-600

-288,4

1999

Sektorfordeling 2008

Under er vist fordelinga av brutto driftsutgifter etter

sektor 2008. (Sektorfarge, sjå til høgre for grafane.)

54,2% av brutto driftsutgifter i 2008 gjekk til

vidaregåande opplæring. Samferdsel med 22,6 % er den

nest største sektoren målt etter driftsutgifter.

-177

2000

Fellesfunksjonar

-461,9

2001

-64,5

2002

-16,7

2003

2,8 %

5,5 %

Politiske org. og adm.

Opplæring

54,2 %

Netto driftsresultat 1999-2008

153,2

2004

258,8

2005

307,3

2006

65,8

2007

9

2008

Fellesfunk.

Politiske org. og adm.

Opplæring

Tannhelse

Regional utvikling

Kultur

Samferdsel

Grafen viser netto

driftsresultat for

Hordaland

fylkeskommune dei

siste ti åra.

Talet for 2002

korrigert for

ekstraordinære

føringar i samband

med staten si

overtaking av

spesialisthelsetenesta.

Årsmelding 2008 7


ØKONOMISK OVERSYN

KOSTRA-oversikta

viser utviklinga i

Hordaland

fylkeskommune 2005-

2008. For 2008 vert

Hordaland også

samanlikna med

Rogaland

fylkeskommune og

gjennomsnittet for

fylkeskommunane

utan Oslo.

Den største budsjettoverskridinga har samferdselssektoren

med 44,4 mill. kr. Det er særleg båtruter,

skuleskyss og spesialskyss for grunnskulen som viser

store overskridingar. Meirutgifta til båtruter skuldast

særskilt høge drivstoffutgifter. Fylkeskom-munen har

utbetalt kompensasjon for 2007 og det er sett av midlar

til å betala kompensasjon for 2008.

Drivstoffprisane har også medført at fylkeskommunen

har betalt ut ekstra tilskot til bilruter, men dette

vart dekka inn ved ei budsjettendring i løpet av året.

Innsparinga på fellesfunksjonar (17 mill. kr) fordeler

seg på ei rekkje postar som t.d. felles IT-utgifter,

retrettstillingar, forsikringar og tilleggsløyvingskonto.

Sal av konsesjonskraft gav ei netto inntekt på 88,5

mill. kr, medan det var budsjettert med 100 mill. kr.

Kraftprisane svingar så mykje at det er vanskeleg å

budsjettera denne inntekta.

Momskompensasjon frå investeringar vart 16,6 mill.

kr lågare enn budsjettert.

Forskrift om årsrekneskap og årsmelding har i §9

reglar om pliktige strykingar for å unngå rekneskapsmessig

underskot. Ved rekneskapsavslutninga vart det

stroke avsetjingar til disposisjonsfond og inntektsført

frå disposisjonsfond til saman 27,5 mill. kr. Avsetjingane

som vart strokne var overskotet frå 2007 på 7,7 mill. kr

og avsetjing på 10 mill. kr i samband med omklassifisering

av likviditetsreserven. I 2006 sette ein av til

disposisjonsfond meirinntekt frå momskompensasjon

frå investeringar. Når denne inntekta viste svikt i 2008,

var det naturleg å inntektsføra det som stod att av dette

fondet, 7,7 mill. kr. Til sist vart det inntektsført 2,1 mill.

kr frå forsikringsfond.

Renter viste innsparing på 16,1 mill. kr. Stigande

rentesatsar gjennom det meste av året resulterte i

monaleg høgare renteinntekter enn budsjettert. På

utgiftssida har renteendringane hatt mindre effekt, då

ein stor del av låna har bundne renter.

KOSTRA-tal 2005-2008

KOSTRA

KOmmune-STat-RApportering er eit nasjonalt

informasjonssystem som gjev informasjon om

kommunal og fylkeskommunal verksemd. Statistisk

Sentralbyrå offentleggjorde 16. mars ureviderte tal for

2008. Reviderte tal vil

verta lagde ut 15. juni.

I tabellen er vist nokre nøkkeltal, der Hordaland

fylkeskommune vert samanlikna med gjennomsnittet for

fylkeskommunane (utanom Oslo).

Langsiktig gjeld er noko høgare enn landsgjennomsnittet.

Avdraga er lik landsgjennomsnittet, men

når ein ser på renteutgifter, er det stor skilnad. Fleire

fylkeskommunar har utbyte og renteinntekter som

overstig renteutgiftene. Landsgjennomsnittet viser netto

renteinntekt på 1,7% av brutto driftsinntekter, medan

Hordaland har ei netto renteutgift på 0,9%.

Arbeidskapitalen er eit mål på likviditeten. Denne

må seiast å vera svært god, både for Hordaland og for

landsgjennomsnittet.

Hordaland fylkeskommune ligg under landsgjennomsnittet

når ein ser på brutto driftsutgifter og brutto

driftsinntekter per innbyggjar. Dette er ein følgje av

inntektssystemet, som legg til grunn eit vesentleg høgare

utgiftsbehov i Nord-Norge og Sogn og Fjordane. Når

ein ser på utgifter til administrasjon og styring, ligg

Hordaland relativt lågt. Dette er naturleg sidan Hordaland

er mellom dei største fylkeskommunane. Utgiftsbehovet

varierer ikkje fullt ut i takt med folketalet.

Om ein ser på fordelinga av brutto driftsutgifter

mellom ulike sektorar, har samferdsel fått ein stor auke

i 2008. Hordaland brukar no meir til samferdsel enn

landsgjennomsnittet og mindre til administrasjon,

styring og fellesutgifter og næring. For dei andre

sektorane er det ikkje så store skilnader mellom

Hordaland og landsgjennomsnittet

Horda- Horda- Horda- Horda- Roga- Gj.snitt

land land land land land u Oslo

2005 2006 2007 2008 2008 2008

Finansielle nøkkeltal i prosent av brutto driftsinntekter

Netto driftsresultat ................................................................................................ 7,2 7,8 1,6 0,2 0,6 2,9

Avdragsutgifter netto ............................................................................................ 1,8 1,8 2,2 2,2 1,7 2,2

Renteutgifter netto ................................................................................................ 1,2 1,0 0,9 0,9 2,1 -1,7

Netto lånegjeld .................................................................................................... 42,4 42,9 47,1 52,1 0,5 35,5

Arbeidskapital ..................................................................................................... 13,1 17,4 16,7 17,9 0,3 14,4

Finansielle nøkkeltal i kroner per innbyggjar

Brutto driftsutgifter ............................................................................................ 7 379 7 968 8 714 9 663 9 078 10 387

Brutto driftsinntekter ......................................................................................... 7 902 8 583 8 830 9 656 9 119 10 362

Frie inntekter ..................................................................................................... 6 029 6 598 6 813 7 304 7 264 7 776

Netto lånegjeld .................................................................................................. 3 350 3 681 4 161 5 033 44 3 676

Brutto driftsutgifter til administrasjon og styring .................................................. 350 379 399 460 422 568

Fordeling av brutto driftsutgifter (prosent)

Administrasjon, styring og fellesutgifter ................................................................ 4,9 4,2 4,6 4,2 5,3 5,5

Vidaregåande opplæring .................................................................................... 59,5 60,1 56,8 54,1 58,3 53,4

Tannhelsetenesta.................................................................................................. 5,7 5,4 5,1 5,0 3,5 4,6

Fysisk planlegging/kulturminne/natur/nærmiljø .................................................... 2,7 2,7 3,8 3,2 1,9 2,6

Kultur..................................................................................................................... 4,5 4,6 4,7 4,1 5,1 4,3

Samferdsel .......................................................................................................... 16,1 16,4 17,9 23,1 20,4 19,5

Næring .................................................................................................................. 2,9 2,8 2,9 2,5 2,2 5,8

8 Årsmelding 2008


ØKONOMISK OVERSYN

Investeringar

Investeringar i eigedomar og utstyr utgjorde 621 mill.

kr i 2008, som er om lag ei dobling i høve til nivået dei

føregåande åra.

Investeringane var størst innan samferdselssektoren.

Det er brukt 123,1 mill. kr til bussanlegg i Åsane og på

Askøy. Til bybanevogner er det betalt ut 72,2 mill. kr

og 37,2 mill. kr til billetteringssystem. Veginvesteringar

utgjorde 44,8 mill. kr, pluss 20 mill. som er tilbakebetalt

av forskotteringar.

Dei to største byggjeprosjekta innan opplæringssektoren

er Nordahl Grieg vgs. med 83,6 mill. kr og

tilbygg ved Knarvik vgs. med 66,6 mill. kr.

553,8 mill. kr av investeringane er finansierte med

lån. Dette medfører at fylkeskommunen si lånegjeld

aukar sterkt.

I tillegg til summane som er viste i investeringsoversynet,

kjem bompengeprosjekta E39 over Stord og

E134 Rullestadjuvet. Hordaland fylkeskommune har

teke på seg oppgåva som bompengeselskap for desse

riksvegprosjekta.

Balanse

Balansen gjev oversyn over fylkeskommunen sine

eigedelar og gjeld.

Bokført verdi av eigedomar og utstyr har auka med

468 mill. kr i 2008, noko som avspeglar det høge

investeringsnivået.

Bankinnskot utgjorde ved årsskiftet 644,9 mill. kr,

mot 774,2 mill. kr ved førre årsskifte. Kortsiktige

fordringar utgjorde 879,9 mill. kr, av dette var 558,6

mill. kr plasseringar i pengemarknadsfond. Likviditeten

er med andre ord god. Hovudgrunnen til dette er at det

gjennom fleire år har bygd seg opp fondsmidlar.

Investeringsoversikt 2005-2008

2005 2006 2007 2008

nvesteringar i eigedomar/utstyr 258,5 322,2 296,2 621,0

Aksjar og utlån 21,1 72,2 4,4 3,7

Avsetjingar 19,4 62,0 10,4 30,4

Årets finansieringsbehov 299,0 456,4 311,0 655,1

Bruk av lånemidlar 116,1 187,2 161,9 553,8

Inntekt frå sal av anleggsmidlar 10,3 62,2 2,0 3,3

Avdrag på utlån/ al av aksjar/and. 5,0 25,8

Tilskot og forskotteringar m.m. 101,1 49,4 12,8 18,1

Overført frå driftsrekneskapen 31,9 62,2 41,2 2,3

Bruk av avsetjingar 39,6 95,4 88,1 51,8

Sum finansiering 299,0 456,4 311,0 655,1

INVESTERINGSREKNESKAPEN:

Tabellen viser samla oversikt over investeringane i åra

2005-2008 og korleis investeringane er finansierte.

2005 2006 2007 2008

Kultur 33,1 25,9 4,5 9,4

Opplæring 102,3 155,1 176,0 289,9

Tannhelse 9,9 11,8 11,9 6,7

Samferdsel 102,4 117,1 85,3 297,3

Politiske organ og adm. 1,5 3,6 5,0 4,1

Fellesfunksjonar 9,3 8,7 13,5 13,6

Sum 258,5 322,2 296,2 621,0

SPESIFIKASJON AV INVESTERINGAR I

ANLEGGSMIDLAR: Tabellen viser korleis investeringane

i åra 2005-2008 fordeler seg etter sektor.

Ulike typar fondsmidlar summerer seg til 638,7 mill.

kr. Fondsmidlane kan inndelast slik:

Bundne investeringsfond 25,3 mill. kr

Ubundne investeringsfond 22,6 mill. kr

Bundne driftsfond

388,0 mill. kr

Disposisjonsfond

202,8 mill. kr

Langsiktig gjeld (utanom pensjonsforpliktingar) utgjer

ved utgangen av 2008 2 757,7 mill. kr, mot 2 169,6 i

2007.

Kortsiktig gjeld var 713,7 mill. kr.

NOTAR TIL REKNESKAPEN:

Meir detaljert rekneskap og notar til rekneskapen

går fram av «Rekneskap 2008 Hordaland

fylkeskommune» som er trykt i eige hefte.

Balansen

I 2008 investerte

fylkeskommunen

72,2 mill. kr i vogner

til Bybanen i Bergen

som fylkeskommunen

skal stå

for drifta av.

Balanse pr. 31.12 2005 2006 2007 2008

Anleggsmidlar

Faste eigedomar 3 884,0 3 222,4 3 339,8 3 693,4

Utstyr, maskiner, transportmidl. 90,9 117,4 170,0 284,4

Aksjar, andelar, utlån 237,5 247,0 69,9 43,9

Pensjonsmidlar 2 713,6 2 975,0 3 226,8 3 514,8

Sum anleggsmidlar 6 926,0 6 561,8 6 806,5 7 536,5

Omløpsmidlar

Kortsiktige fordringar, m.m. 273,6 392,4 498,2 879,9

Kasse, bank 702,3 739,9 774,2 644,9

Sum omløpsmidlar 975,9 1 132,3 1 272,4 1 524,8

SUM EIGEDELAR 7 901,9 7 694,1 8 078,9 9 061,3

Eigenkapital

Bundne fond 382,4 449,0 377,0 413,3

Frie fond 134,9 231,1 266,3 225,4

Rekneskapsmessig mindreforbr. 65,6 120,8 7,7 0,0

Annan eigenkapital 1 615,3 842,7 776,6 801,3

Sum eigenkapital 2 198,2 1 643,6 1 427,6 1 440,0

Gjeld

Langsiktige lån 1 795,9 1 957,6 2 169,6 2 757,7

Pensjonsforpliktingar 3 399,0 3 641,6 3 893,4 4 149,9

Sum langsiktig gjeld 5 194,9 5 599,2 6 063,0 6 907,6

Kortsiktig gjeld 508,8 451,3 588,3 713,7

Sum gjeld 5 703,7 6 050,5 6 651,3 7 621,3

SUM GJELD OG EIGENKAP. 7 901,9 7 694,1 8 078,9 9 061,3

Årsmelding 2008 9


* Kolonna viser

rekneskapsmessig

avvik i 2008 i høve til

nettobudsjett.

– viser overskridingar

OPPLÆRING

Brutto driftsutgifter utdanning

Tal i millionar kroner. Løpande prisar.

Stor satsing på nye skulebygg

samtidig med stor innhaldsreform

Hordaland fylkeskommune si satsing på

opprusting og fornying av bygningane til

dei vidaregåande skulane tok eit stor steg

framover i 2008. Ein stor ny skule er

under oppføring og ved tre skular er

arbeidet med store tilbygg i gang. For

fylkeskommunen si utbygging av den

digitale skulen med ustyr og kompetanse

og gjennomføring av Kunnskapsløftet var

2008 eit oppfølgingsår. Elev-pc til alle som

starta på Vg1 vart gjennomført for andre

året på rad. Kursing av lærarar og

skuleleiarar i bruk av digitale verktøy

heldt fram. Ny organisering og leiarstruktur

ved alle dei vidaregåande skulane

vert gjennomført i løpet av 2008-09.

Fylkeskommunen sine brutto driftsutgifter til

vidaregåande opplæring var i 2008 på 2 375,8 mill. kr,

140,8 mill. kr meir enn i 2007. Rekneskapen for

undervisning fekk eit underskot på 21,6 mill. kr.

Underskotet skuldast mellom anna auka kostnader til

eksamensavvikling både for elevar og lærlingar og auka

administrative kostnader.

Av dei 47 einingane (skulane og OT-PPT) hadde ni

underskot, 15 gjekk i balanse og 23 kom ut med overskot

og sette av 21,5 mill. kr til disposisjonsfond. Ved

utgangen av 2008 hadde 37 skular i alt 70,9 mill. kr til

rådvelde på fond, medan 12 skular hadde 20,7 mill. kr i

akkumulerte underskot.

Skulebygg

I 2008 vart det brukt 290 mill. kr (2007: 176 mill. kr) til

investeringar i skulebygg. Det største prosjektet er

Nordahl Grieg videregående skole på Sørås med

kostnadsramme på 455 mill. kr.

Avvik*

Reknesk. Reknesk. Reknesk. Reknesk. netto-

2005 2006 2007 2008 bud. 08

Vidaregåande skular:

Lønsutg. 1317,6 1404,9 1473,6 1592,1

Utstyr og vedlikeh. 58,5 82,9 106,8 87,8

Andre driftsutg. 167,2 196,6 219,1 239,1

Overføringar 67,0 76,3 82,9 90,6

Sum vidaregåande skular 1 610,3 1 760,7 1 882,4 2 009,6 – 28,2

Lærlingopplæring 157,9 187,2 200,5 212,3 – 4,8

Spesialundervisning 51,1 66,7 62,2 62,1 5,0

Opplæring av vaksne 81,1 86,4 89,9 91,8 6,4

Sum brutto driftsutgifter 1 900,4 2 101,0 2 235,0 2 375,8 – 21,6

Ved Knarvik vidaregåande skule er tilbygg som skal

erstatta dårlege lokale og leigde lokale, under bygging.

Kostnadsramma er 138 mill. kr. Hausten 2008 starta

arbeidet med større tilbygg og fornying ved Kvinnherad

og Austevoll vidaregåande skular. To nye skular og fleire

større tilbygg er under planlegging.

I 2008 vart det løyvd 30 mill. kr. til større ombyggingar/mindre

tilbygg. Dei største løyvingane var 14 mill.

kr til Laksevåg videregående skole, 3 mill. kr til Manger

folkehøgskule (opprusting av internat) og 3 mill. kr til

Fyllingsdalen videregående skole.

Fylkeskommunen sine skulebygg har eit samla areal

på om lag 340 000 m 2 .

Ny organisering og leiarstruktur

Etter ein omfattande prosess som starta i 2006, er ny

organisering og leiarstruktur gjennomført på alle dei

vidaregåande skulane frå skuleåret 2008/2009. Ny

leiarstruktur inneber i korte trekk at alle skulane har

avdelingsleiarar med pedagogisk ansvar og personalog

økonomiansvar for avdelingane sine i direkte line

under rektor. I tillegg vil rektor ha ein stab som

administrativ og pedagogisk støtte til leiinga på skulen.

Verksemdsbasert vurdering

Ei rettleiing for eit system for verksemdsbasert

vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

vart lagt fram av ei arbeidsgruppe i september 2008 og

sendt på høyring til alle dei vidaregåande skulane og

organisasjonane i oktober 2008.

Både Opplæringslova og forskriftene slår fast at

fylkeskommunen skal ha eit forsvarleg system for

kvalitetsvurdering, og at skulane skal ha eit system for

verksemdsbasert vurdering. Dokumentet som er

utarbeidd, stiller krav til skulane om at dei skal ha ein

utviklingsplan med tydelege mål og tiltak som

reflekterer sentrale styringssignal og eigne behov. For

å dokumentera måloppnåing må ulike typar

dokumentasjon takast i bruk og nyttast i skulen sitt

vurderingsarbeid. Eit felles årshjul for skuleeigar og

skulane legg grunnlag for ein

gjennomgåande systematikk i

kvalitetsarbeidet.

Den digitale skulen

Ordninga med berbar pc til Vg1-

elevane heldt fram i 2008. Det er no

to kull med elevar som disponerer

eigen berbar pc i den vidaregåande

skulen i Hordaland fylkeskommune.

Det er teke naudsynte tekniske grep

for å møta dei utfordringane ein slik

auke i maskinparken fører med seg.

Det er òg satsa på anna utstyr for

Den digitale skulen som elektroniske

tavler og videokonferanseutstyr.

Denne satsinga vil halda fram i 2009.

Kompetanseheving av skuleleiarar

og lærarar i bruk av digitale verktøy

10 Årsmelding 2008


OPPLÆRING

Digital skule har vore

eit satsingsområde

for Hordaland

fylkeskommune i

fleire år.

Elevar ved

Langhaugen

videregåaende skole

forska på korleis

elevane brukar

nettkjelder som

Wikipedia.

Konklusjonen er at

elevane er for

ukritiske.

For forskinga sin

vann elevane frå

Langhaugen

«Holbergprisen i

skolen» i 2008.

Her jublar frå venstre:

Tobias Martens,

Sondre Aasen

Aukland, Daniel

Nygård og Børge

Mastberg.

var eit satsingsområde i 2008. Opplæringsavdelinga

arrangerte ein vellukka todagars-konferanse for om lag

20 prosent av lærarane i den vidaregåande skulen. Målet

var å spreia gode døme på praktisk bruk av digitale

verktøy i undervisninga.

SIKT-prosjektet (Sats på IKT) der fire skular deltek

vart ført vidare i 2008. SIKT-skulane skal utvikla

kompetanse og driva utveksling av erfaringar som skal

delast med dei andre skulane i fylket.

Ordninga med e-pedagogar hevar òg kompetansen

innan IKT (informasjons- og kommunikasjonsteknologi)

. E-pedagogar er personar med spisskompetanse

innan dei digitale verktøya som skulane nyttar i undervisninga.

Desse stillingane vert vurdert avvikla når

prosjektperioden er over i 2010.

Nytt av året var ordninga med ein e-koordinator ved

kvar skule. Dette er ein ressursperson i pedagogisk bruk

av IKT. E-koordinatorane er faste stillingar ved skulane.

Hordaland fylkeskommune deltek i eit fellestiltak for

fylkeskommunane (med unntak av Oslo) – Nasjonal

digital Læringsarena (NDLA) – for å fremja utviklinga

av gratis digitale læremiddel for alle elevane i den

vidaregåande skulen i heile landet.

Elevinntak

18 647 personar søkte plass ved dei vidaregåande

skulane til Hordaland fylkeskommune i 2008, ein auke

på 415 søkjarar frå 2007. Tal søkjarar med Ungdomsrett

var 17 309, som var 136 fleire enn i 2007. Dette er

likevel 243 færre enn auken frå ungdomsskulen skulle

tilseia, og skuldast særleg at det er vorte fleire lærefag i

samband med gjennomføring av Kunnskapsløftet.

Ved fellesinntaket for skuleåret 2008-09 hadde

Hordaland 18 000 elevplassar, 352 færre enn i 2007.

Nedgangen skriv seg frå at fleire yrkesfag som hadde

tre år i skulen under Kunnskapsløftet, er lagde om til

lærefag med to år i skulen. Til dømes er den tidlegare

hjelpepleiarutdanninga med tre år i skule no lærefag

innan Helsearbeidarfaget. Mindre justeringar i fagtilbodet

på grunn av lita interesse frå søkjarane førte også

til at talet på elevplassar var litt mindre enn i 2007.

Ved 1. inntaksomgang hadde 96 % av søkjarane frå

10. klasse fått tilbod om plass ved sitt første kursønskje.

Totalt fekk 90,3 % av søkjarane til alle årssteg plass

på det første kursønskjet sitt. Dette er ein auke på 1,9 %

samanlikna med 2007. Det er positivt at så mange

søkjarar får oppfylt første kursønskjet sitt. Faren er at

det kan føra til at så mange søkjer til populære fag at

det kan vera vanskeleg å skaffa nok læreplassarar i desse

faga. Samtidig kan det verta for få søkjarar til læreplassar

i andre fag, til dømes helsefaga.

Det er framleis slik at nærskulane står sterkt i fylket

generelt og i bydelane i Bergen. Bortsett frå at søkjartalet

Viktige utdanningshendingar

2008

● 18 647 personar frå Hordaland søkte plass

ved fylkeskommunen sine vidaregåande

skular – fleire enn nokon gong før.

● Søkjarane til plass i vidaregåande skule fekk

melding per mobiltelefon om at inntaksresultatet

kunne sjåast på www.vigo.no.

● Tredje kull Vg 1 i skulereforma

Kunnskapsløftet starta hausten 2008.

● Fagskuleutdanning i Eldreomsorg og Psykisk

helsearbeid starta hausten 2008.

● Det vart oppretta stilling som e-koordinator

ved alle dei vidaregåande skulane.

● Senter for yrkesrettleiing vart gjort

permanent.

● 37 skular har 70,9 mill. kr avsett på fond.

● Arbeidsstart på store tilbygg ved Austevoll

og Kvinnherad vidaregåande skular.

Årsmelding 2008 11


OPPLÆRING

I 2008 vart dei første

helsefagarbeidarane i

landet ferdige med

utdanninga si. Dei

har hatt læretida si i

Bergen kommune.

KOSTRA-oversikta

viser utviklinga i

Hordaland

fylkeskommune 2005-

2008. For 2008 vert

Hordaland også

samanlikna med

Rogaland

fylkeskommune og

gjennomsnittet for

fylkeskommunane

utan Oslo.

til eit par av sentrumsskulane i Bergen er høgt, søkjer

elevane frå ungdomsskulane seg til bydelsskulane.

Elevar frå nabokommunane til Bergen søkjer også i stor

grad nærskulane sine. Ved til dømes Knarvik vidaregåande

skule er poenggrensene for inntak minst like

høge som ved skulane i Bergen sentrum.

Til Studiespesialiserande utdanningsprogram er det

sterk tevling om elevane frå dei private vidaregåande

skulane i Bergen sentrum. I 2008 var det likevel god

oppfylling i klassane ved dei fylkeskommunale skulane.

I 2008 fekk søkjarane for første gong melding på

mobilen sin om at inntaket var ferdig og at inntaksresultatet

kunne sjåast på www.vigo.no. Dei som ikkje

hadde opplyst mobilnummer, fekk skriftleg melding i

posten om inntaksresultatet.

KOSTRA-tal vidaregåande opplæring

Ved mottak av e-post til Inntakskontoret er det svargaranti

på 24 timar på kvardagane og 48 timar i helgene.

Denne garantien vart innfridd med god margin også i

2008. Det vert også lagt opp til eit godt servicenivå til

minoritetsspråklege søkjarar, m.a. med informasjonskatalogar

på fleire språk.

Fagopplæring

I 2008 vart det godkjent 2 186 nye lærekontraktar, ein

nedgang på 1 % samanlikna med 2007. Fleire jenter

vert lærlingar. I 2008 var kjønnsfordelinga 30 % kvinner

og 70 % menn. I 2007 var fordelinga 23 % kvinner og

77 % menn.

63 % av dei nye lærekontraktane er teikna med

opplæringskontor, 1 % færre enn i 2007.

Fagopplæringskontoret behandla søknader frå 2 102

primærsøkjarar til læreplass. 1 584 (75 %) av desse fekk

lærekontrakt. 213 takka ja til tilbod om skuleplass. 108

av søkjarane med ungdomsrett som ikkje fekk læreplass,

fekk tilbod om alternativ VKII/sluttopplæring i skule,

eller allmennfagleg påbygging. Berre fire av søkjarane

tok imot tilbodet.

Pr. 31.12.2008 var det 4 348 løpande lærekontraktar

i Hordaland, ca. 90 færre enn året før. I 2008 vart 333

lærekontraktar heva, ein auke på 17 % frå 2007.

Gjennomsnitt læretid i bedrift før heving var 13,7

månader.

Talet på fag- og sveineprøvar auka med 8 % til 2 677

i 2008. 27 % av desse prøvane var det kvinner som tok.

Horda- Horda- Horda- Horda- Roga- Gj.snitt

land land land land land u Oslo

2005 2006 2007 2008 2008 2008

Brutto investering til vidaregåande opplæring, kr per innbygg............................ 226 337 380 616 656 821

Netto driftsutgifter til vidareg. opplæring, kr per innb. 16-18 år ..................... 96 822 102 636 104 671 111 941 108 523 116 900

Prosent netto driftsutgifter til vidaregåande opplæring

av samla netto driftsutgifter ........................................................................... 68,6 69,2 63,9 61,1 63,0 60,8

Elevar fylkeskommunen sine vidaregåande skular ........................................ 16 761 16 789 16 868 17 296

Elevar i private vidaregåande skular i Hordaland ............................................ 1 327 2 194 2 354 2 188

Ungdom i alderen 16-18 år i Hordaland ......................................................... 18 083 18 832 19 260 19 206

Prosent 16-18-åringar i Hordaland i vidaregåande opplæring ........................... 90,0 92,5 92,0 93,0 90,0 90,7

Prosent i vidaregåande opplæring som er elevar .............................................. 83,3 82,3 81,3 81,8 78,9 82,7

Prosent i vidaregåande opplæring som er lærlingar .......................................... 16,7 17,7 18,7 18,2 21,1 17,3

Prosent elevar og lærlingar i studieførebuande utdprog./studretn. ................... 42,9 45,4 46,4 47,0 43,8 46,2

Prosent elevar og lærlingar i yrkesfaglege utdprog./studretn. ........................... 57,1 54,6 53,6 53,0 56,2 53,8

Prosent elevar som har fått oppfylt førsteønske til skule og kurs ...................... 76,3 75,1 82,8 78,1 83,2 84,8

Prosent lærlingar som har fått oppfylt førsteønske om læreplass ..................... 56,3 55,7 73,8 88,3 93,0 89,0

Korr bto driftsutg. vidaregåande opplæring i skule, kr per elev ................... 102 665 107 699 110 821 117 990 114 829 119 911

Korr bto driftsutg. fagopplæring i arbeidslivet,

inkl. kjøp frå private, kr per lærling/lærekandidat ...................................... 42 006 44 702 44 615 45 367 48 866 49 980

Korr bto driftsutg. alle utdprogram/studretningar, kr per elev ......................... 56 921 59 927 63 381 66 432 66 471 63 034

Korr bto driftsutg. studieførebuande utdprogoram/studretn, kr per elev ........ 45 816 46 567 48 552 52 500 54 809 51 684

Korr bto driftsutg. yrkesfaglege utdprog/studretning, kr per elev ................... 65 926 73 740 78 907 81 567 78 182 75 169

Elevar per skule, fylkeskommunale skular .......................................................... 377 385 386 401 541 484

Elevar per lærarårsverk, fylkeskommunale skular ............................................... 8,7 8,5 8,4 8,7 10,8 8,5

Prosent beståtte fag- og sveineprøvar ............................................................... 90,3 91,5 91,5 88,8 91,9 92,1

Prosent elevar som har slutta i løpet av året – alle årstrinn ................................. 4,3 4,0 4,3 5,5 4,3 4,7

12 Årsmelding 2008


OPPLÆRING

Oversikt over strykprosent

på praktisk fag-/sveineprøve.

Type 2005 2006 2007 2008

Lærlingar 9,5 7,9 10,5 11,4

Elevar med sluttopplæring

i skule (VKII) 43,3 39,7 38,5 24,4

Praksiskandidatar 7,2 8,9 5,7 11,3

I 2008 gjekk 248 lærlingar opp til 2. gongs fag-/sveineprøve.

Av desse var det 87 % som greidde prøven.

Oppdragsverksemd

Oppdragsverksemda hadde ein samla omsetnad på 28,2

mill. kr, om lag 3,1 mill. kr mindre enn i 2007.

Overskotet var på 5,7 mill. kr. Skulane har tradisjonelt

nytta overskot frå oppdragsverksemd til å halda ved like

og å fornya inventar og utstyr. Størst omsetnad hadde

Bergen maritime videregående skole og fagskole med

5,7 mill. kr og Bergen handelsgymnasium med 2,9 mill.

kr.

Fagskuleutdanning

Hausten 2008 starta Hordaland fylkeskommune

fagskuleutdanning i faga Eldreomsorg og Psykisk

helsearbeid ved Fitjar vidaregåande skule og Fusa

vidaregåande skule.

Fylkeskommunen har fagskuletilbod ved sju skular

der det pr. 1.10.2008 var det om lag 650 studentar

(heiltids- og deltidsstudentar).

Det vert arbeidd med å utvida fagskuletilbodet, både

innan dei eksisterande fagområda og innan nye område

som til dømes helse- og sosialfag, arborist (trepleie) og

akvakultur.

Eksamenskontoret

Eksamenskontoret arrangerer privatisteksamenar i heile

fylket. I tillegg har kontoret ansvar for gjennomføring

av teoretisk prøve for praksiskandidatar og lærlingar.

Kontraktar

4000

3500

3000

2500

2000

1500

1000

500

0

1230

1915

2251

Formidla

Nye lærekontr.

Avlagt fagprøve

1622

2154

2169

1721

2208

2469

1584

2186

2005 2006 2007 2008

Oppmelding til eksamen skjer via Internett på

PrivatistWeb.

I 2008 arrangerte eksamenskontoret ca. 15 000

eksamenar for ca. 7 500 oppmelde kandidatar i om lag

500 fag. Ved eksamen hausten 2008 vart det i fleire fag

nytta IKT-basert eksamen med stort hell.

Vaksenopplæring

Fylkeskommunen har i 2008 gjennomført kompetansegjevande

vidaregåande opplæring for om lag 1 350

vaksne medrekna studentar i oppdragsverksemda.

Opplæringa vert tilrettelagd for vaksne. Bruk av

nettstøtta opplæring aukar og gjev meir fleksibilitet i

tilboda enn tidlegare. Fleire tilbod vert gjennomførte i

nært samarbeid med arbeidsgjevar. Dette gjev betre

samanheng mellom dei praktiske og teoretiske delane

av opplæringa.

2677

Grafen viser

utviklinga i tal

formidla

lærekontraktar, nye

lærekontraktar og på

avlagte fagprøvar i

åra 2005-2008.

Mange vidaregåande

skular i Hordaland

har eit tett og godt

samarbeid med

næringslivet.

Rubbestadnes

vidaregåande skule

og maritime fagskule

er ein av desse

skulane.

Denne elevgjengen

hadde stor nytte av

samarbeidet med

Eidesvik Offshore.

Årsmelding 2008 13


OPPLÆRING

Satsing mot at elevar og lærlingar

vel bort vidare utdanning

I 2008 vart det nytta ca. 5 mill. kr til ulike tiltak same

nivå som året før. Tiltaka omfattar: Styrking av

rådgjevingstenesta, lærekandidatordninga, støtte til

hybelkoordinatorar, tiltak for minoritetsspråklege elevar,

forsøk med fleksibel opplæring, leksehjelp, sommarskule,

fadderordning og einskildtiltak på skular.

Vidareutdanningstilbod for rådgjevarar er gjennomført

i samarbeid med Høgskolen i Bergen med 76

deltakarar. Samlingar for rådgjevarane i heile grunnopplæringa

hadde over 400 deltakarar. Vidareutdanning

i entreprenørskap heldt fram i 2008, og 27 lærarar deltok.

Yrkesrettleiinga, som er eit viktig satsingsområde for

å motverka feilval, er styrkt ved at Senter for yrkesrettleiing

frå 1.1.2008 vart permanent organisert under

Hordaland fylkeskommune ved opplæringsavdelinga.

Nav og fylkeskommunen har gjennom ein partnarskapsavtale

inngått eit økonomisk samarbeid der Nav

finansierer ein av fem stillingar.

Fram til og med våren 2008 var arbeidet ved senteret

avgrensa til Bergen og kommunane Øygarden, Fjell og

Sund. Med auka bemanning i 2008 har senteret vore i

stand til å utvida fokuset sitt til å gjelda heile Hordaland.

Det har utvikla ein metodikk, som sikrar at kvar 9.-klasse

på alle dei 90 ungdomsskulane i fylket nå får eit møte

med ein yrkesutøvar innanfor alle dei ni yrkesfaglege

utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Også

studiespesialiserande utdannings-program vert dekt. På

årsbasis utgjer dette om lag 900 møte.

Lærekandidatordninga er eit alternativ til full

fagopplæring og vert avslutta med eit kompetansebevis

for lærekandidaten. Bedrifter som tek inn lærekandidatar,

har dei siste åra fått eit starttilskot på kr 25 000.

29 nye kontraktar vart inngått i 2008.

Prosjekt med fleksibel opplæring starta opp i

samarbeid med Sandsli og Åsane videregående skoler,

Fitjar vidaregåande skule og Nav i 2007. Tiltaket

omfattar ei prøveordning med kombinasjon skulebedrift

med utplassering i bedrift frå første skuleår og

med høve til å ta større del av opplæringa i bedrift.

Opplegget sikrar tettare oppfølging under opplæringa.

Det vart starta opp tre nye klassar frå hausten 2008.

For minoritetsspråklege elevar vart tiltaket med

leksehjelp utvida i høve til føregåande år. Det vart gjeve

tilbod om sommarskule med eksamensrett i matematikk

og norsk. Ca. 20 elevar deltok i 2008. Begge desse tiltaka

har vore arrangerte i samarbeid med Røde Kors

Hordaland. Forsøk med fadderordning vart utvida til

12 skular i 2008. Informasjonsmøte for føresette til

elevar i grunnskulen vart utvida til to samlingar i Bergen

og fekk svært god oppslutning.

Handlingsplan mot diskriminering

av homofile og lesbiske

Handlingsplanen mot diskriminering av homofile og

lesbiske – vedteken av fylkestinget 11.12. 2007 - er

grunngjeven i det generelle antimobbearbeidet som vert

gjort på skulane. Når det er laga ein plan spesielt for

denne gruppa, er det ut i frå at homofile og lesbiske på

mange måtar er spesielt utsette for negative omtalar,

handlingar og haldningar. Fokus for arbeidet legg vekt

på at det skal vera fullt ut akseptert å vera homofil eller

lesbisk i Hordaland fylkeskommune sine skular. Dei

tiltaka som inngår i planen, er i hovudsak generelt

informasjonsarbeid kring homofili og homofile sin

situasjon samt arbeid med haldningar.

Årstad videregående

skole har mange

minoirtetsspråklege

elevar. Skuleåret

2007-08 var det meir

enn 100 elevar med

slik bakgrunn ved

skulen. Skulen brukte

mangfaldsåret til

fleirkulturell

synleggjering.

Biletet er frå ein

Tanzaniadag ved

skulen.

14 Årsmelding 2008


OPPLÆRING

Kunnskapsløftet – kompetanseutvikling

Tiltaksplanen for kompetanseutvikling hadde ei økonomisk

ramme på 25 mill. kr.

I 2008 starta det siste kullet med elevar (Vg3)

opplæringa etter Kunnskapsløftet. Lærebedriftene tok

imot det første kullet med lærlingar etter Kunnskapsløftet,

og 12 personar gjennomførte fagprøve i det nye

Helsearbeidarfaget.

I samband med nyorganisering av skuleleiinga har

kompetanseheving av avdelingsleiarane vore prioritert,

meir enn 200 deltakarar vart kursa.

Dei 17 fagutvala for Kunnskapsløftet har arrangert

117 fagsamlingar med i alt 3 500 deltakarar. I tillegg

kjem kompetansehevingstiltak som skulane gjennomfører

på eigen arbeidsplass.

Fagopplæringskontoret har utvikla kurspakker for

instruktørar og prøvenemnder. I 2008 vart det halde 28

kurs for 510 instruktørar og faglege leiarar. Det vart

halde 48 kurs for 715 medlemer i prøvenemnder. Kvar

månad var det informasjonsmøte for nye lærebedrifter

med ca. 20 deltakarar kvar gong. I tillegg har det vore

gjennomført ca. 40 bedriftsmøte som del av kvalitetsoppfølginga.

Oppfølgings- og pedagogiskpsykologisk

teneste (OT/PPT)

OT/PPT gjennomførte i 2008 endring av leiarstruktur

og overgang frå fem til tre regionar. Målet er å få betre

vilkår for styring og oppfølging, større lokal råderett

over ressursar og verkemiddel, fleksibilitet i å nytta

fagkompetansen i tenesta og eit betre og meir samordna

tilbod til brukarane.

LP-modellen (Læringsmiljø og pedagogisk analyse)

er eit toårig pilotprosjekt som starta i 2008 ved to vidaregåande

skular. Dette er ein analysemodell som hjelper

lærarar til betre å forstå og handtera utfordringar i eigen

praksis. Prosjektet er eit samarbeid med Lillegården

kompetansesenter.

VIP er ein del av den nasjonale satsinga for psykisk

helse i skulen og står for Veiledning og Informasjon

om Psykisk helse hos ungdom. OT/PPT har medverka i

innføring av prosjektet i vidaregåande skular og driv

rettleiing undervegs. Programmet føreset tverrfagleg og

tverretatleg samarbeid mellom skule og helsepersonell.

I 2008 var det ein gjennomgang av korleis ungdom

som er utan opplæring (OT-ungdom), vert følgde opp.

Ein overordna samarbeidsavtale er inngått med NAV

for å sikra at det tverretatlege arbeidet fungerer for at

ungdom som ikkje er i opplæring, kan oppnå ein

kompetanse.

Eit sentralt forum i arbeid innan OT/PPT er ressursteama

i skulane. Frå å vera eit organ der mykje fokus

har vore på enkeltsaker i form av elevar som treng ekstra

tiltak, har ein dei siste åra retta arbeidet tettare mot det

pedagogiske arbeidet hjå den enkelte skulen. Eit viktig

mål har vore å få ressursteamet til å bli ein endringsarena

der fokuset er å utvikla arbeidet med tilpassa opplæring.

Noko av det mest sentrale i OT/PPT-arbeidet er å

førebyggja at ungdom fell utanfor vidaregåande

opplæring. Det har i 2008 vore eit sterkt fokus på

systemarbeidet knytt til psykososiale vanskar. Tilvisingar

av saker på dette området har over tid vore

aukande, men vart i 2008 redusert.

I lang tid er det drive eit målretta arbeid overfor

skulane i korleis dei skal handtera kartlegging og

tilrettelegging i høve til lese- og skrivevanskar. Generelt

legg OT/PPT vekt på å fokusera på situasjonen kring

eleven i motsetnad til tidlegare då fokus meir var retta

mot eleven sjølv.

OT/PPT i Hordaland

står bak satsing på

LP-modellen

(Læringsmiljø og

pedagogisk analyse)

og er eit toårig

pilotprosjekt som

starta i 2008 ved to

vidsregåande skular.

I gruppa som

arbeider med den nye

pedagogiske

modellen på Tertnes

videregående skole

er desse med: Sigrid

Andersen (OT/PPT,

f.v.), Nina Ludvigsen

(OT/PPT-sjef), Anita

Mæland (Statped

Vest), Reidun

Johannessen (OT/

PPT), Svein Nybø

(Tertnes vgs), Torunn

Tinnesand

(Lillegården), Janne

Støen (Lillegården),

Anne Lise Ullebø (OT/

PPT) og rektor Grete

Berg Kirkeeide.

Grafen viser

utviklinga i tal elevar i

vidaregåande skule

tilvist til OT/PPT

fordelt etter kva type

vanskar elevane

hadde i perioden

2004-2008.

Årsmelding 2008 15


KOSTRA-oversikta

viser utviklinga i

Hordaland

fylkeskommune 2005-

2008. For 2008 vert

Hordaland også

samanlikna med

Rogaland

fylkeskommune og

gjennomsnittet for

fylkeskommunane

utan Oslo.

TANNHELSE

Beste tannhelse som er registrert

for born og unge i Hordaland

Tannhelsa til born og unge i Hordaland

var i 2008 den beste sidan målingane

starta i 1985. For 5-åringane er tannhelsa

like god som landsgjennomsnittet, medan

12- og 18-åringane ligg litt etter – særleg

18-åringane. Av 14 nye fast tilsette

tannlegar i 2008 var seks utlendingar. Det

er framleis ei utfordring å få tannlegar i

distrikta.

Brutto driftsutgifter for tannhelsetenesta var 241,7 mill.

kr i 2008, 22,5 mill. kr meir enn året før – ein auke på

10,3 %. Driftsinntektene auka med 2,0 mill. kr til 73,4

mill. kr (+2,8 %).

Rekneskapen kom ut i balanse etter at tannhelse-tenesta

brukt 0,97 mill. kr i bundne fondsmidlar og

disposisjonsfond til å dekka overskriding. Ved utgangen

av 2008 hadde tannhelsestenesta fond på i alt 19,5 mill. kr.

Tannhelseutviklinga

Den positive tannhelseutviklinga for 5-åringane heldt

fram for sjuande året på rad. Småborn i Hordaland har

no like god tannhelse som gjennomsnittet i resten av

landet. 78 % av årskullet i fylket vårt var utan tannrote

i 2008. Det beste resultatet sidan målingane starta i 1985

og klart over tannhelsemålet på 65 %.

Tannhelsa til 12-åringane har utvikla seg i positiv

retning dei siste tre åra. 12-åringane i Hordaland hadde

i 2008 i gjennomsnitt 1,6 DMFT (tenner med hol eller

fylling), og 42,5 % av årskullet hadde feilfrie tenner.

Målet for 12-åringane i tannhelseplanen var eit gjennomsnitt

på 1,5 DMFT i 2007.

Tannhelsa til 18-åringane betra seg gradvis dei siste

tre åra, og er det på beste nivået sidan målingane starta

i 1985. Målet for 18-åringane var gjennomsnittleg 5,5

KOSTRA-tal tannhelse

Viktige tannhelsehendingar 2008

78 % av 5-åringane i Hordaland er utan hol i

tennene – like bra som landsgjennomsnittet.

Årstad tannklinikk vart miljøsertifisert.

43 % av nye fast tilsette tannlegar hadde

utanlandsk bakgrunn.

DMFT i 2007, og resultatet for 2008 er litte betre enn

dette.

Avstanden til landsgjennomsnittet er størst for 18-

åringane, og det er derfor ei utfordring for tannhelsetenesta

å få betre tenner hos ungdommen i Hordaland.

Tannklinikkar

I 2008 kjøpte fylkeskommunen bygningen til tannklinikken

i Austevoll av Austevoll kommune. Klinikken vart pussa

opp og det kom til eit tilbygg. Det var ingen endringar i

talet på klinikkar eller nyopningar i 2008.

Tannlegevakta

Fylkeskommunen driv tannlegevakta i Bergen.

Tannlegevakta er open kvar dag året rundt både på dagog

kveldstid. Det var rundt 4 500 konsultasjonar i 2008,

1 100 prioritert klientell og 3 400 vaksne.

Angst for tannbehandling

Alle tannhelsedistrikt i Hordaland har tilbod om

tannbehandling i lystgass ved til saman 10 klinikkar.

Talet på pasientar som får behandling i lystgass har gått

ned fordi fleire får hjelp ved bruk av andre metodar.

Tannbehandling i narkose til prioritert klientell vert

gjeven ved Haukeland universitetssjukehus og Stord

sjukehus (i alt 202 pasientar fekk behandling i 2008).

Horda- Horda- Horda- Hordal- Roga- Gj.snitt

land land land land land u Oslo

2005 2006 2007 2008 2008 2008

Netto driftsutgifter tannhelse per innbyggjar i kroner .......................................... 311 317 327 364 328 383

Netto driftsutgifter tannhelsetenesta i % av totale netto driftsutgifter .................. 5,5 5,2 4,8 4,9 4,4 4,8

Brutto investeringsutgifter tannhelse per innbyggjar i kroner ................................ 22 26 25 14 39 34

Brutto driftsutgifter tannhelse per innbyggjar i kroner ......................................... 418 427 442 485 486 526

Prioriterte personar, prosent under offentleg tilsyn i tannhelsetenesta .............. 96,4 92,0 86,9 90,0 94,6 87,1

Prioriterte personar, prosent undersøkt/behandla .............................................. 61,2 59,1 59,6 62,7 70,3 65,9

Avtalte tannlegeårsverk (offentleg og privat) per 1000 innbyggjarar ................ 0,98 0,98 0,93 0,97 0,83 0,82

Barn og ungdom 1-18 år, prosent under offentleg tilsyn .................................. 101,8 98,5 95,2 95,5 97,4 91,9

Barn og ungdom 3-18 år, prosent undersøkt/behandla ..................................... 66,8 65,0 65,3 66,5 71,3 70,5

Hele befolkningen, prosent under offentleg tilsyn .............................................. 34,5 28,4 32,4 32,3 36,4 30,6

Korr. bto driftsutg.,pasientbeh,pr. person undersøkt/behandlet i kr. ................ 1 473 1 517 1 613 1 761 1 644 1 764

Prosent ledige tannlegestillingar, offentleg tannhelseteneste .............................. 1,6 3,2 2,5 2,1 2,8 9,3

16 Årsmelding 2008


TANNHELSE

Pasientar ferdigbehandla og under tilsyn i 2008:

Tal personar Tal personar Tal personar

Samla tal undersøkt og planlagt ikkje ikkje møtt Prosent

Gruppe behandla innkalla eller takka nei Etterslep under tilsyn

Gruppe A 101 101 66 209 22 998 3 047 5 392 92,9

Gruppe B 1 545 1 233 101 34 96 92,4

Gruppe C1 5 692 3 106 195 93 232 59,6

Gruppe C2 5 846 2 919 356 288 320 60,4

Gruppe D 12 041 5 615 2 561 623 1 021 75,8

Gruppe E1/E2 360 60 18

Gruppe F 19 645 4 201 2 709

Folkehelsearbeidet

Fylkeskommunen si tannhelsetenesta har satsa på å

styrkja det førebyggjande og helsefremjande arbeidet.

Dette folkehelsearbeidet har vore under utbygging frå

2006. I 2008 vart det arbeidd med å systematisera det

utoverretta førebyggjande arbeidet.

Personell

Samla var det 351 tilsette i tannhelsetenesta ved utangen

av 2008, fordelt med 342 i distrikta og 9 ved tannhelseavdelinga.

I fylkestannlegen si leiargruppe er 28% kvinner

medan 50% av klinikksjefane er kvinner. 68,5 % av

tannlegane er kvinner. I dei andre yrkesgruppene

arbeider berre kvinner. I alt er 86,7 % av dei tilsette i

tannhelsetenesta kvinner.

I 2008 vart det tilsett 14 tannlegar i fast stilling og 9

i vikariat,18 kvinner og 5 menn. 42,8 % av dei som vart

fast tilsette var av utanlandsk bakgrunn. Pr. 31.12.2008

hadde fylkeskommunen si tannhelsetenesta tilsette frå

14 nasjonar.

Det er få søkjarar til tannlegestillingar i distrikta, og

dei som tek imot slike stillingar flyttar som regel til

Bergen eller bynære strok etter kort tid. Ved tannklinikken

på Bømlo var alle stillingane vakante første

halvår 2008. I Hardanger og Sunnhordland er det i

hovudsak rekruttert tannlegar med utanlandsk bakgrunn.

Forklaring til

gruppeinndelinga:

Gruppe A:

Born og unge 0-18 år

Gruppe B:

Psykisk utviklingshemma

over 18 år.

Gruppe C: Pasientar i

heimesjukepleie(C2)

og i institusjon (C1)

(C1=meir enn 3 mnd

samanhengande,

minimum 1 gong kvar

veke.)

Gruppe D:

Ungdom 19 – 20 år.

Gruppe E: Andre

grupper som

fylkeskommunen har

vedteke å prioritera.

Gruppe F: Vaksne,

betalande.

Tannhelsedagane er

tannhelsetenesta si

årlege samling for

nesten alle tilsette

ved fylkeskommunen

sine klinikkar i

Hordaland. Foto frå

samling på Voss

2008.

Prosent

80

75

70

65

60

55

50

45

40

1998

1999

2000

5-åringar 12-åringar 18-åringar

2001

2002

2003

Noreg

2004

Hordaland

2005

2006

2007

2008

Gjennomsnitt DMFT

3,0

2,8

2,6

2,4

2,2

2,0

1,8

1,6

1,4

1,2

1,0

0,8

0,6

0,4

0,2

0,0

1997

1998

1999

2000

2001

2002

2003

2004

Hordaland

2005

Noreg

2006

2007

2008

Gjennomsnitt DMFT

8

7

6

5

4

3

2

1

0

1997

1998

1999

2000

2001

2002

2003

Hordaland

2004

2005

Noreg

2006

2007

2008

Grafane til venstre

viser utviklinga av

tannhelsa til 5-, 12-

og 18-åringar i

Hordaland

samanlikna med

landsgjennomsnittet.

For femåringar er det

prosent med feilfrie

tenner som vert

samanlikna, medan

det for 12- og 18-

åringar er utviklinga i

tal tenner med hol

eller fylling som er

målt.

Årsmelding 2008 17


REGIONAL UTVIKLING

Stimulera til næringsutvikling og

nyskaping, og fremja gode lokalsamfunn

Halsnøysambandet i

Kvinnherad vart opna

8. mars 2008 og

knytte kommunen

betre saman.

Ordførar Synnøve

Solbakken klipte

snora.

Fylkeskommunen har eit overordna politisk ansvar

for å medverka til ei god utvikling i Hordaland. Dette

omfattar både å stimulera til næringsutvikling og

innovasjon, å fremja gode lokalsamfunn, og til ei

Viktige hendingar innan

regional utvikling 2008

● Stortinget handsama Ot.prp. 10 (2008-2009)

om forvaltingsreforma med framlegg til nye

oppgåver for det regionale nivået.

● Business Region Bergen kom i drift.

● Det vart fordelt konsesjonskraftmidlar til

regionale utviklingstiltak til Hardanger

rehabiliteringssenter, Os kunst- og

kultursenter, Kompetansesenter for avansert

maskinering, Historisk grunn Onarheim,

Trallebana Skjeggedal og Kunstnarhus i

Fartein Valen sitt landskap.

● Regionale friluftsområde vasrt tilgjengelege

på Kart i vest.

● Halsnøysambandet i Kvinnherad opna 8.

mars.

● E39 Romarheimsdalen (Lindås) opna 18.

september.

● Opning av Rv 57 Herlandsparsellen (Lindås),

Rv 13 Myrkdalstunnelen (Voss).

berekraftig ressursforvalting. Målet er at Hordaland

skal vera attraktivt og konkurransedyktig, slik at folk

ønskjer å arbeida og bu i fylket.

For å lukkast i dette arbeidet, blir det gjort innsats på

mange område, og det krev samarbeid med mange

aktørar. Dei to viktigaste faste fora er Regionalt

næringsforum, som er eit fast partnarskapsorgan for

næringsutvikling leia av fylkeskommunen, og

planforum, som er eit organ der kommunane kan

leggja planar som er under arbeid fram for drøfting

med relevante regionale styresmakter.

Fylkesplanen gjev visjon, mål og strategiar for

utviklinga i fylket. Visjonen er«Hordaland – eit

kreativt verdiskapingsfylke i ein sterk

Vestlandsregion».

Næringsutvikling, distrikts- og regionalpolitiske

satsingar og arealforvalting er sentrale i regionalt

utviklingsarbeid. I tillegg har også tiltak innan

samferdsel, kultur og vidaregåande opplæring mykje

å seia for å fremja vekst og utvikling i fylket.

Verkemidla for dette er utforming av regional

politikk, utarbeiding av planar for regional utvikling,

gjennomføring av større utviklingsprosjekt, tilskot til

prosjekt og satsingar. Vidare har fylkeskommunen eit

ansvar for å fremja regionale interesser og ei

berekraftig areal- og ressursforvalting i m.a.

kommunale planar.

Fylkeskommunen disponerte om lag 150 mill. kr til

regionale utviklingstiltak i 2008.

18 Årsmelding 2008


REGIONAL UTVIKLING

145 mill. kr til næringsutvikling

I 2008 disponerte fylkeskommunen om lag 145 mill. kr

til næringsrelaterte prosjekt og tiltak, ein auke på vel

11,5 % frå 2007. Auken skuldast i første rekkje større

overføringar frå staten.

I 2008 fekk fylkeskommunen overført 68,85 mill. kr

i øyremerkte statsmidlar til regional utvikling, 18,3%

auke frå 2007. Midlane gjekk til utviklingstiltak under

Regionalt utviklingsprogram. Til å realisera måla i dette

programmet, løyvde fylkesutvalet ytterlegare 2,9 mill.

kr, ein auke på 1,5 %. Fylkeskommunen løyvde vidare

13,2 mill. kr til næringsføremål retta mot innovasjon,

som støtte til meir langsiktige prosjekt, og som

mellombels driftsstøtte til utvalde institusjonar.

Distriktspolitisk verkemiddelstatus for kommunane

i Hordaland, resulterte i overføringar til ordninga

«Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift» frå 29,0

mill. kr i 2007 til 42,9 mill.kr i 2008. I dette beløpet

ligg også 6,9 mill. kr til vidareutbygging av breiband-/

mobiltelefonnettet i fylket. I åra 2004-08 har Hordaland

motteke rundt 275 mill. kr gjennom kompensajsonsordninga.

Også i 2008 løyvde fylkesutvalet midlar til regionale

utviklingstiltak frå sal av konsesjonskraft. Ni strategisk

viktige og svært ulike prosjekt fekk til saman 15 mill.

kr.

Regionalt utviklingsprogram (RUP) 2008

Etter tilråding frå Regionalt næringsforum vedtok

fylkesutvalet Regionalt utviklingsprogram 2008.

Programmet bygde på Fylkesplan for Hordaland 2005-

08, og fastsette prioriterte innsatsområde for arbeidet

med næringsutvikling. Programmet fastsette også mål

og retning for andre offentlege aktørar sin bruk av

næringsretta verkemidlar i Hordaland.

RUP 2008 fastsette følgjande satsingsområde :

A. Næringar med særlege føremoner (energi,

marine næringar, maritime næringar, reiseliv,

kulturnæringar).

B. Livskraftige lokalsamfunn

C. Næringsretta kompetanse

D. Entreprenørskap

E. Innovasjon og internasjonalisering

Desse satsingsområda vart prioriterte ved tildeling av

prosjekt- og tilskotsmidlar. Midlane vart fordelte

mellom bedriftsretta og tilretteleggjande tiltak.

Innovasjon Noreg forvalta dei bedriftsretta midlane på

vegner av fylkeskommunen, og fekk overført 37,6 mill.

kr, 10,3 % auke frå 2007. Satsinga på bedriftsretta midlar

utgjorde 54,7 % av dei statlege overføringane.

Verkemidlane under Regionalt utviklingsprogram

resulterte i start av 95 utviklingsprosjekt. Det var stor

overvekt av prosjekt med regionale/fleirkommunale

engasjement. Regionale næringsfond auka elles med

10,8 %, frå 6.5 mill. kr i 2007 til 7 mill. kr i 2008. Desse

vart fordelte slik:

- Sunnhordland 1 880 000

- Hardanger 2 208 000

- Nordhordland 812 000

- Osterfjorden 601 000

- Bjørnefjorden 415 000

- Voss 734 000

- Sund/Fjell/Øygarden 350 000

Mellom dei største næringsrelaterte satsingane i 2008

var områdetiltak/omstilling i Hardanger med 5 mill. kr

til Ålvik Vekst KF og 900 000 kr til prosjektet«Flytt til

Hardanger». SNU II i Sunnhordland fekk 450 000 kr.

Av store næringsretta tilskot utanom Regionalt

utviklingsprogram er driftstilskot til Hordaland Reiseliv

Midlar til næringsutvikling m.m. 2008

Regionalt utviklingsprogram (RUP) kr 71 755 000

Bedriftsretta verkemiddel

Av desse er i 2008 kr 37 650 000 forvalta av

Innovasjon Norge til bedriftsretta tiltak

Bransjesatsingar

- Energi

- Marine næringar

- Maritime næringar

- Reiseliv

- Kulturbaserte næringar

Entreprenørskap og innovasjon

Internasjonalisering

Livskraftige lokalsamfunn, inkludert

tettstadutvikling

Næringsretta kompetanse

NCE Subsea

VRI-programmet

Regionale næringsfond

Omstilling og nyskaping

Til rådvelde for Regionalt næringsforum

INTERREG IVC – «TALENTS»

Kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift

Regionale utviklingstiltak (kompetanse og infrastruktur) kr 36 025 000

Breibandutbygging i Hordaland kr 6 892 000

Andre, næringsrelaterte satsingar

Program for samarbeid mellom vidaregåande kr 1 000 000

skule, næringsliv og lokalsamfunn

Professorstilling ved HiB kr 500 000

Fylkeskommunale midlar til næringsføremål

utanom RUP kr 13 222 000

Frie midlar til rådvelde for næringsføremål

Driftskostnader/innovasjonstiltak

Prosjekt/institusjonar med førebelse driftstilskot

Konsesjonskraftmidlar

Regionalt senter for kulturbasert næring. Nye

verkstader ved Vestnorsk kulturakademi, Voss kr 1 000 000

Odda vitensenter kr 1 000 000

Perler i Nordsjøløypa, Øygarden, Fjell og Sund kr 1 000 000

Historisk grunn – Onarheim kr 500 000

Besøksmål i Folgefonna Nasjonalpark kr 500 000

Nye Folgefonna nasjonalpark- og infosenter kr 2 500 000

Business Region Bergen kr 2 500 000

Os kunst- og kultursenter kr 2 000 000

Veg Stordalen, Masfjorden kr 4 000 000

Program for lokalsamfunnsutvikling

Program for lokalsamfunnsutvikling kr 1 350 000

og kommuneplanlegging

LivOGLyst kr 450 000

Fylkesplanar og fylkesdelplanar

Fylkesplanprogrammet kr 1 955 000

Folkehelse kr 400 000

Universell utforming kr 254 000

Miljø og naturressursar

Miljø kr 692 000

Klimaplan kr 254 000

Vestlandsrådet (kontingent og møteverksemd) kr 350 000

TOTALT kr 150 099 000

Årsmelding 2008 19


REGIONAL UTVIKLING

og til Fjord Norge AS med 1 370 000 kr til kvar. Bergen

Vitensenter fekk 1,5 mill. kr til drift.

Konsesjonskraftmidlar til

regionale utviklingsprosjekt

Fylkesutvalet fordelte i mai 2008 21 mill. kr til regionale

utviklingsprosjekt av midlane for åra 2008-10:

- Os kunst- og kultursenter (4,5 mill. kr)

- Kompetansesenter for avansert maskinering ved

Osterøy vidaregåande skule (2,0 mill. kr)

- Historisk grunn Onarheim på Tysnes (2,0 mill. kr)

- Trallebana Skjeggedal (2,0 mill. kr)

- Kunstnarhus i Fartein Valen sitt landskap (0,5

mill. kr)

- Hardanger rehabiliteringssenter (seinare døypt

om til Gnist AS) (10 mill. kr)

Prioriterte

satsingar

Marin sektor

I 2008 var fylkeskommunen bidragsytar i ei rekkje

marine utviklingsprosjekt, m.a. utvikling av system for

betre plassering av oppdrettsanlegg, initiativ for berging

av Vossolaksen, rekruttering til marin sektor og

opplæring av tilsette i barnehagar for auka bruk av

sjømat. Prosjektet Smak av kysten er ein stor suksess

med 28 medlemsverksemder som gjennom felles

kompetansebygging har auka salet av sjømat. Særskild

Mongstadprosjektet viktig for regionen

Anleggsaktiviteten er

stor på Mongstad

med bygging av

energiverk (til høgre i

biletet), oppgradering

av raffineriet og

etablering av

testanlegg for CO2-

reinsing.

Hordaland fylkeskommune ynskjer at staten si

storsatsing på CO2-prosjektet på Mongstad skal

koma heile hordalandsregionen til gode. Staten

skal bruka fleire titals milliardar kroner for å

etablera eit fullskala reinseanlegg for CO2 og

utvikla ein kommersiell konkurransedyktig

reinseteknologi.

På denne bakgrunnen har fylkesordføraren i

nært samarbeid med Hordaland Olje og Gass sett i

gang eit større prosjekt med mål å posisjonera

bergensregionen i forhold til staten si satsing på

CO2- prosjektet på Mongstad.

Fase 1 i dette prosjektet er nyleg avslutta med

ein rapport som synleggjer fire fagfelt som særleg

aktuelle for regionen å satsa vidare på:

– Næringsutvikling basert på bruk av naturgass

innan petrokjemi og energi

– Teknologiutvikling knytt til CO2- reinsing

– Vidareutvikling av lokal næringsverksemd

– Utvikling av kompetanse og infrastruktur i

regionen

Hordaland fylkeskommune har vedteke å føra

arbeidet vidare, og det er nedsett ei styringsgruppe

som har ansvaret for oppfølging. Styringsgruppa er

samansett av representantar for fylkeskommunen,

dei aktuelle kommunane i Nordhordland,

næringslivet, FoU-miljøet og Innovasjon Noreg.

Hordaland Olje og Gass er prosjektleiar for

arbeidet som særleg skal fokusera på:

– CO2-området knytt til etableringa av

teknologisenteret og fullskala reinseanlegg

på Mongstad

– Regional samfunnsutvikling

I tillegg skal det arbeidast vidare med å utgreia

bruk av naturgass til petrokjemisk verksemd og

energi.

Gruppa har m.a. fått i mandat å:

– Definera aktuelle satsingsområde for lokalt

næringsliv og lokale FoU-miljø knytt til CO2-

prosjektet på Mongstad

– Utarbeida prosjektplan for å utvikla ei CO2-

klynge

– Utarbeida prosjektplan for regional

samfunnsutvikling knytt til Mongstadutbygginga

– Innhenta nødvendig kompetanse for å

gjennomføra arbeidet

Resultata frå arbeidet skal vera klare i løpet av 1.

halvår og danna grunnlaget for neste steg i

prosessen, med oppstart 2. halvår 2009. Planen er

at næringslivet kjem inn med satsing på konkrete

tiltak og aktivitetar som kan gje ny næringsverksemd

og verdiskaping i regionen.

20 Årsmelding 2008


merksemd på miljø og kultur resulterte i samarbeid om

lukka system for oppdrett, visingssenter for tørrfisk i

Sandviken og for akvakultur ved Kystmuseet i

Øygarden.

Fylkeskommunen sin innsats på dette feltet vert

koordinert av arbeidslaget Verdiskaping i kystsona.

Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar er forankra

i Vestlandsrådet. Programmet er ei felles satsing på

Vestlandet der fokus er utvikling og kommersialisering

av nye oppdrettstartar. I 2008 hadde fylkeskommunen

ved arbeidslaget Verdiskaping i kystsona sekretariatet

og leia programgruppa. I tillegg til fylkeskommunane

deltek Innovasjon Noreg og Noregs Forskingsråd og

frå 2009 er Fiskeri- og havbruksnæringa si

landsforeining (FHL) med i programgruppa. Samarbeid

om programmet har ført til god kontakt mellom

fylkeskommunane på det marine feltet. Innsatsen i 2008

hadde fokus på å utvikla betre finansieringsordningar

for bedriftene. Programmet ynskjer å sikra oppbygging

av kompetanse m.a. ved god kopling til VRI-programma

i fylka. God lokalisering er viktig for lønsemda i

akvakulturnæringa og ein har satsa på verktøy for

lokalisering og planlegging gjennom eit prosjekt knytt

til AkvaVis. Det er gjennomført og sett i gang

fellesprosjekt innan utvalde artar (blåskjel, hummar,

torsk, kamskjel og østers). Døme på profilering er

deltaking og støtte til Sjømatkonferansen i Bergen,

foredrag på Skjelkonferansen i Kristiansand og 3

informasjonsark med brei distribusjon. Kvar av dei fire

fylkeskommunane i Vestlandsrådet løyvde 1 mill. kr til

programmet i 2008. Totalbudsjettet var 5,3 mill. kr.

Fylkeskommunen har ansvar for forvalting av skjelsandressursen

i Hordaland. Det var 9 konsesjonar i

fylket per 1.1.2009. To konsesjonar vart godkjende i

2008. Skjelsandopptaket i 2008 var 34 270 m 3 .

Reiseliv

Hordaland er mellom dei fremste reiselivsfylka i Noreg.

Stor variasjon i opplevingar gjer reiselivsnæringane her

viktige. Dei omset årleg for 13-16 milliardar kroner og

kring 16 000 personar har daglege inntekter frå næringa.

Talet på kommersielle overnattingar i fylket, 2,6

millionar (SSB), stabiliserte seg for 2008 på eit høgt

nivå etter år med stor vekst. Innanlandsmarknaden gjekk

opp 4,4 % og utanlandsmarknaden ned 6,1 %. I høve til

resten av landet har fylket styrkt seg innanlands, men

er svekka på utanlandsmarknaden.

Fylkeskommunen skal medverka til å leggja betre til

rette for verdiskaping innan reiselivsnæringane i fylket,

både på eigne ansvarsområde og i samarbeid med

næringsaktørar og andre eksterne samarbeidspartar.

Arbeidslaget reiseliv er fylkeskommunen sin spydspiss

i dette arbeidet.

Reiseliv er eit satsingsområde på alle nivå, og i

Regionalt utviklingsprogram for Hordaland peika ut

som ei av fem næringar med særlege føremonar. Semje

om felles mål og vilje til å la utviklingsarbeidet dekkja

meir enn berre sitt eige område er avgjerande.

Reiselivsstrategi for Hordaland 2009-2015 er utvikla

saman med næringsaktørane, kunnskapsmiljø og andre

offentlege organ og skal handsamast politisk i 2009.

Forum Reiseliv Hordaland koordinerer reiselivsarbeidet

og drøftar 5-6 gongar i året ulike spørsmål. Den

nye årlege fylkeskonferansen Møteplass reiseliv-

Hordaland er ein annan viktig arena for samhandling.

REGIONAL UTVIKLING

Omstilling

Tiltaksområdet Omstilling og nyskaping er eit

ekstraordinært verkemiddel som skal nyttast til

tiltak i område som står framfor omfattande

utfordringar knytte til sysselsetting og omstilling i

næringslivet. Fylkeskommunen overtok frå 2003

ansvaret for årlege rammer –

omstillingsløyvinga og retningsliner for

omstillingsprogrammet. Omstillingsarbeidet skal

gjennomførast i partnarskap mellom lokale og

regionale aktørar. Innovasjon Noreg er sentral i

kvalitetssikring av framdrift og resultat.

Innanfor omstilling og nyskaping vart det i

2008 fokusert på arbeidet i

omstillingsprogrammet Flytt til Hardanger, i

omstillingsselskapet Ålvik Vekst Kvam KF, og i

dei konkrete omstillingsprosjekta Tysnes 3012

og Lokalsamfunnsutvikling i Masfjorden.

Grunnlaget for arbeidet var Sårbarheitsanalysen

for Hordaland 2006, statistikk, retningsliner for

Program for omstilling og nyskaping i Hordaland

og fylkesutvalet sine årlege politiske vedtak om

fordeling av omstillingsmidlane.

Eit viktig omstillingsprosjekt:

Flytt til Hardanger

Hordaland fylkeskommune har i lag med

Hardangerkommunane Granvin, Ulvik, Eidfjord,

Ullensvang, Kvam, Odda og Jondal starta eit større

omstillingsprosjekt Flytt til Hardanger (mai 2007-

mai 2010) med ei kostnadsramme på 10,8 mill. kr,

der fylkeskommunen sin del var 7,4 mill. kr.

Prosjektet er basert på dugnad, og mange er

med i prosessen med å få fleire innbyggjarar til

Hardanger. Her er engasjement og kompetanse

på dei ulike arbeidsområda. 60 personar deltek i

8 delprosjekt.

Eit viktig prosjekt er etablering av

ungdomsråd for å ivareta aktive ungdomar som

vil delta i debatten kring og utforminga av

lokalsamfunna. Det finst i 2008 ungdomsråd i

seks av sju kommunar, og ein førebur no

skipinga av eit regionalt Hardanger ungdomsråd.

Folketalet viser i 2008 ein auke med 34

personar i dei sju hardangerkommunane mot

nedgang i åra før, så ein undrar på om trenden

har snudd.

For meir informasjon og detaljerte

handlingsplanar sjå www.flytttilhardanger.no.

Som skiløparen i

Røldal tek

omstillingsprosjektet

«Flytt til Hardanger»

sats. Målet er å snu

trenden med

fråflytting og få

tilflytting og vekst i

folketalet.

Årsmelding 2008 21


REGIONAL UTVIKLING

Fylkeskommunen er

med i prosjektet

Cruise Destination

Hardangerfjord som

omfattar Hardanger

og Kvinnherad.

Mykje av reiselivsarbeidet til fylkeskommunen skjer

gjennom prosjekt. Vi er med i rundt 50 prosjekt, og er

inne med økonomiske tilskott, oppfølging og

koordinerer verkemiddelbruken, t.d. gjennom Innovativ

Fjordturisme og VRI-satsinga på reiseliv. To prosjekt

skal nemnast særskilt:

Fylkeskommunen er med i prosjektet Cruise

Destination Hardangerfjord som omfattar Hardanger

og Kvinnherad med mål å auka talet på cruisebåtstopp i

Hardanger og leggja til rette for berekraftige opplevingar

for gjestene.

Fylkeskommunen vil at flest mogeleg reiselivsaktørar

tek i bruk Internett til marknadsføring og tingingar og

stør tiltak som set dei betre i stand til dette. Samkøyring

med nettsatsinga til Fjord Norge er viktig.

Åkrafjorden Oppleving vart etablert våren 2007 av

grunneigarar, lokalt næringsliv og Etne og Kvinnherad

kommunar og tilbyr fleire ulike turalternativ, med ei

deltaking på meir enn 2000 turistar i 2008. Gardbrukarane

som er aktive i tiltaket auka i snitt innteninga

si med 200.000 kr.

Regional planlegging,

partnarskap og samarbeid

Regional planlegging

Fylkesdelplan for Hardangervidda er eit samarbeid

mellom Buskerud, Telemark og Hordaland

fylkeskommunar og kommunane Hol, Nore og Uvdal,

Rollag, Tinn, Vinje, Odda, Ullensvang, Eidfjord og

Ulvik. Føremålet å sikra leveområda for villreinen.

Arbeidet starta og prosjektleiar vart engasjert i 2007.

Magnar Lussand er Hordaland sin representant i

styringsgruppa. Det meste av 2008 har gått med til å

utvikla planprogram.

Planprogram for Fylkesdelplan for småkraftverk vart

vedteke februar 2008 og ei arbeidsgruppe har resten av

året arbeidd med å utforma plandokumentet som etter

planen skal vedtakast av fylkestinget oktober 2009.

Fylkesutvalet vedtok i mars oppstart av arbeid med

ein Klimaplan for Hordaland. Planprogram vart sendt

på høyring og vedtatt i desember. Planen skal innehalda

visjon, mål og tiltak for reduksjon i utslepp av

klimagassar og tilpassing til endra klima. Arbeidet kom

for alvor i gang i slutten av oktober med etablering av

ei prosjektgruppe, og vil gå føre seg i heile 2009.

Fylkesutvalet er styringsgruppe.

Kommunesamarbeid

Kommuneplanlegging er ein viktig reiskap for å nå måla

for regional utvikling. Gode kommuneplanar er ein

føresetnad for iverksetjing av regionale og nasjonale

mål. Fylkeskommunen er aktiv i utviklingsarbeidet både

gjennom kompetanseheving i kommunane og gjennom

medverknad i kommuneplanprosessane.

Rettleiing

På bakgrunn av brukarundersøkingar har fylkeskommunen

satsa på kompetanseheving gjennom fagsamlingar

for plannettverk som har fått stadig større oppslutning.

I 2008 var det 5 slike samlingar, alle i

samarbeid med eksterne partar. Innan planfeltet har

fylkeskommunen oppretta nettverk mot utdannings- og

forskingsinstitusjonane i fylket. Fylkeskommunen har

hatt samlingar omRettferdig planlegging – om

økonomiske konsekvensar av planlegging, i samarbeid

med Høgskolen i Bergen, og om hytteplanlegging, i

samarbeid med Den Norske Arkitektforening.

Fylkeskommunen har utvikla internettsida

Kommunedøra som vert nytta til informasjon og kontakt

med planfeltet i Hordaland, særleg av kommuneplanleggjarar.

På kommuneplankonferansen 2008 var hovudtema

Landskap i kommunal plan – og regional utvikling.

Oppslutninga var større enn nokon gong med 260

påmelde. Fylkeskommunen gjev og råd og informasjon

gjennom dialogmøte og annan kontakt og etterspurnaden

er større enn det tilgjengelege ressursar kan tilby.

Fylkeskommunen leiar Regionalt planforum, der

kommunar som arbeider med kommunale planar kan

leggja desse fram til samla drøfting med ulike statlege

regionale organ og fylkeskommunen. Fylkesplanar vert

også drøfta. Det er stor etterspurnad etter slike møte og

trass i 14 samlingsdagar i 2008 fekk ikkje alle plass i

Planforum.

Utviklingsprosjekt

Det vart i 2008 arbeidd med desse prosjekta: Kartfesting

og verdsetting av regionale friluftsområde og overføring

av data til Kart i Vest. Friluftskartet som vart operasjonelt

i 2008 er no teke i bruk regionalt, i kommunane og

i konsulentmiljø. Prosjektet Landskap i kommunal plan

der fire kommunar i Hordaland deltek for å utvikla

22 Årsmelding 2008


REGIONAL UTVIKLING

innarbeiding av landskapsomsyn i kommunale planar.

I 2008 var det stor aktivitet i prosjektet, som skal

avsluttast 2009.

Medverknad i kommunale planar

Fylkeskommunen har rett og plikt til å delta i arbeid

med kommunale planar og skal ivareta regionale

interesser nedfelt i fylkesplanen, fylkesdelplanar og

nasjonale kulturminneinteresser.

25 kommuneplanar, 517 reguleringsplanar og meir

enn 1400 dispensasjonar vart handsama i 2008. Dette

viser ei relativt stabil overordna kommuneplanlegging.

Talet på reguleringsplanar har gått ned omlag 15 %,

medan talet på dispensasjonar har auka. Det vart i 2008

registrert markert større aktivitet innan reguleringsplanlegging,

noko som kan tilskrivast auka tempo i

plangodkjenninga i kommunane. Dei økonomiske

nedgangstidene har enno ikkje gjeve klåre utslag i

kommunal planlegging.

Fylkeskommunen vedtok motsegn til fem kommuneplanar,

50 % av planane. Av krevjande saker kan

nemnast strandsoneplan for Ullensvang og kommuneplan

for Eidfjord. Det var særleg mange vegplanar under

utvikling i 2008, m.a. Sotra-sambandet, oppstart nytt

ferjeleie Stord, Fjellbergsamband, oppstart veg til Huglo

og veg Voss-Oppheim og veg Etne-Skånevik.

Fylkeskommunen har merknader til omlag 50 % av

alle reguleringsplanar, og omlag 10 % vert rådd i frå.

Av krevjande reguleringsplanar som vart handsama i

2008 kan nemnast reguleringsplan for nytt skipsverft i

Hansvågen, Bekkjarvik i Austevoll, revidert plan for

smelteverkstomta i Odda, Os sjøfront, Engevik i Fusa,

reguleringsplan ved Troldhaugen i Bergen og

reguleringsplan for Sunde, Kvinnherad.

Fylkeskommunen sine merknader gjeld oftast kulturminne,

universell utforming, landskap og friluftsliv,

strandsone, transport og utbyggingsmønster, barn og

unge sine interesser. I 80% av plansakene vert

høyringsfrist halden.

Tettstadsutvikling

Det er stor interesse i kommunane for faglege råd og

oppfølging frå fylkeskommunen også når det gjeld

estetikk i plan- og byggjesaker. Fylkeskommunen gav

tilskot til stadanalysar og til planlegging av 5 prosjekt i

4 kommunar.

Den årlege tettstadskonferansen, med tema Den

inkluderande staden, hadde 155 deltakarar. Ein 2-dagars

studietur i august for 8 kommunar gjekk til utvalde

stader på Sunnmøre.

Folkehelse

Hordaland fylkeskommune har sidan 2006 arbeidd med

folkehelserelaterte tema i eigen organisasjon og i

partnarskap med kommunar og fylkesmannen. Arbeidet

er i tråd med nasjonale planar og satsingar, og med

kunnskap og erfaringar om effektive tiltak. Målet er å

minska helseforskjellar på grunn av kjønn, etnisitet,

utdanning og inntekt, prioritera tiltak som har dokumentert

effekt på folkehelsa, sikra at folkehelseperspektivet

vert vurdert i kommunale planar, inngå partnarskap med

kommunar og betra samordning av tilskotsordningane

til folkehelsetiltak.

Handlingsprogram for folkehelse 2007-08 har fleire

tiltak innan områda:

1. Skapa samanheng i folkehelsearbeidet (5 tiltak)

2. Arbeidsmiljø og skulemiljø (2 tiltak)

3. Fysisk aktivitet (7 tiltak)

4. Kosthald. Samarbeidstiltak og opplæringstiltak.

(9 tiltak)

5. Rus og røyk førebygging (5 tiltak)

6. Tilrettelegging for fysisk aktivitet (8 tiltak)

Dei fleste tiltaka har regionalt opphav og er

gjennomførde fleire stader. I tillegg er eit breitt spekter

andre tiltak gjennomførde i tråd med nasjonale satsingar,

som kurs, nettverksamlingar og konferansar. Fylkeskommunen

har medverka og delteke med fagleg og

erfaringsbasert kunnskap om folkehelsearbeidet på

nasjonale og internasjonale konferansar og samlingar

og har undervist studentar ved høgskolar og universitet.

Partnarskap for folkehelse dreier seg om tverrfagleg,

sektorovergripande og forpliktande samarbeid på

regionalt og kommunalt nivå. Stat og kommune,

offentleg og frivillig sektor er partnarar som skal dra i

same retning. Utviklinga av partnarskap er blant dei

viktigaste oppgåvene. Fylkeskommunen støttar kommunane

i arbeidet med å forankra folkehelsearbeidet i

planar og på tvers av sektorar for å oppnå synergi.

Fylkeskommunen har partnarskapsavtalar med kommunane

Stord, Kvam, Askøy, Kvinnherad, Bergen og Austrheim.

Det er ført samtalar om partnarskap med m.a.

Odda og Masfjorden kommunar og ulike frivillige

organisasjonar.

Vassautomatar i dei vidaregåande skulane

I 2008 vart det montert 73 vassautomatar i 40

vidaregåande skular i fylket. Alle tannklinikkane har

fått automatar. Tiltaket femner alle ungdommar i

aldersgruppa 16-19 år. Målet er å gje tilbod om eit sunt

alternativ til brusaut omatar utan å forby desse. Vassautomatane

vart formelt opna av fylkesordføraren 13.

mai 2008 på Laksevåg videregående skole.

Synfaring i

Hansvågen, Kvam

herad, i samband

med reguleringsplan

for nytt skipsverft.

Årsmelding 2008 23


REGIONAL UTVIKLING

Miljøprisvinnarane

«Folkeaksjonen i

Hardanger for

kraftoverføring med

sjøkalbel» saman

med fylkesordførar

Torill Selsvold

Nyborg (t.v.) og leiar i

kultur- og

ressursutvalet Helge

André Njåstad (t.h.).

Prisvinnaren var

representert ved

styremedlem Leiv

Sandven (nr. 2 frå

venstre), Mona

Hellesnes (ordførar i

Ulvik), Jan Ivar

Rødland (ordførar i

Granvin) og Klaus

Rasmussen (dagleg

leiar i folkeaksjonen).

Universell utforming

Lov om forbund mot diskriminering på grunn av nedsett

funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetslova)

og ny plan- og bygningslov skjerpar krava til

universell utforming. Bergen kommune og fylkeskommunen

har felles prosjektleiar med utgangspunkt i

fylkesdelplanen Deltaking for alle – Universell

utforming. Eit tiltak er få premissane for universell

utforming inn så tidleg som mogleg i planlegginga av

nye bygg, anlegg og uteområde.

I samarbeid mellom innkjøpsseksjonen, Bergen

kommune og Time og Klepp kommunar i Rogaland er

det utarbeidd ein rettleiar for å ivareta universell

utforming i offentlege innkjøp. Rettleiaren har vekt

interesse nasjonalt og skal leggast ut på offentlege

nettsider.

Eigedomsseksjonen har kartlagt tilgjenge i alle

vidaregåande skular etter Statsbygg sitt program Bygg

for alle. Hordaland er den første fylkeskommunen som

gjer dette, og arbeidet blir ført vidare med ein

publikumsmodul. Tilgjenge i tre folkebibliotekfilialar:

Stord folkebibliotek og Fjell og Kvam folkeboksamlingar

er kartlagde etter same program.

I samarbeidsprosjektet Helleren skole og symjeanlegg

med Bergen kommune er universell utforming

følgd spesielt opp i dei ulike fasane i planlegginga av

bygget.

Gjennom BRAG programmet (Betre infrastruktur,

Rullande materiell, Aktiv logistikk) og Bergensprogrammet

har fylkeskommunen utarbeidd plangrunnlag

for oppgradering av Åsane og Loddefjord bussterminalar

med fokus på universell utforming.

Innan friluftsliv og reiseliv er det ytt tilskott til

universelt utforma kulturløype i Fjell kommune.

Verna bygg og anlegg har og fått støtte. Masfjorden

kommune har fått tilskot til universell utforming av

nothuset på Sandnes.

Energi

Det er stor interesse for å byggja ut meir vasskraft i

Hordaland, og i 2008 vart 12 konsesjonssaker handsama

politisk. 10 småkraftverk (134 GWh) og 2 overføringsprosjekt

(111 GWh) kan samla gje 245 GWh ny

vasskraft i fylket. I februar 2008 vart planprogram for

fylkesdelplan for småkraftverk vedteke. Fylkesutvalet

rådde frå å gje konsesjon til Kollsnes vindpark som kan

gje 94,5 GWh om den vert realisert.

Det er også lagt fram meldingar om andre kraftprosjekt

som er under planlegging. To større vasskraftprosjekt

kan samla gje 222 GWh, eit kolkraftverk på

Husnes kan gje 3 TWh og vindpark på Radøy kan gje

frå 80-178 GWh .

Det er aukande aktivitet også på kraftlinesida.

Søknaden for 300 kV Kollsnes-Mongstad sette ei ny

større kraftlinesak på sakskartet. Fylkeskommunen

påklaga NVE sitt vedtak om å gje konsesjon til luftline

på strekninga for den omstridde 420 kV kraftlina frå

Sima til Samnanger.

Miljø

Under fylkestinget i oktober 2008 vart fylkeskommunen

sin miljøpris for 2007 tildelt Folkeaksjonen i Hardanger

for kraftoverføring med sjøkabel for å ha skapt eit stort

folkeleg, fagleg og tverrpolitisk engasjement for ny

kraftlinepolitikk i Noreg som tar betre omsyn til landskap

og naturkvalitetar.

Med sertifisering av Årstad tannklinikk i oktober fekk

fylkeskommunen sitt tredje miljøfyrtårn.

Område for friluftsliv –

kartlegging og verdsetting

For få betre verktøy for kommunar og regionale styresmakter i

arealplanlegging, arealforvaltning og sakshandsaming har

Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune i

fellesskap og i samarbeid med kommunane gjennomført

prosjektet «Kartlegging og verdsetting av regionale

friluftsområde i Hordaland» – avslutta i 2008. Kart og annan

informasjon er tilrettelagt for lesing på Internett. Målgruppa er

primært dei som arbeider med arealplanlegging.

Data er tilgjengeleg på www.norgedigitalt.no og som temakart

på www.kart.ivest.no/hordaland. Det er laga prosjektrapport

og informasjonsbrosjyre.

24 Årsmelding 2008


REGIONAL UTVIKLING

Strategisk bruk av EU-program

i regional utvikling

EU-program er viktige reiskapar i regionalt utviklingsarbeid.

Næringslivet, offentleg forvaltning, utdanningsinstitusjonar

får høgkvalitetstilbod for utvikling av

europeiske samarbeidsprosjekt og ny kompetanse, nettverk

og EU-finansiering.

Fylkeskommunen sitt Europakontor brukar resultat

frå prosjekt i eitt program over i andre program og har

ein 3-punkt-strategi for bruk av programma:

Mobilisering – informasjons- og rettleiingsarbeid,

Prosjektutvikling i samarbeid med aktørar i fylket og i

ulike europeiske regionar og Spesialisering –

programkompetanse, rådgjevingstenester og prosjekthjelp.

Partnarskapsbygging i Thüringen (Tyskland),

Gorenjska (Slovenia) og Liguria(Italia) resulterte i 2008

i prosjektutvikling innan næringsutvikling, entreprenørskap,

reiseliv, samarbeid skule-næringsliv mm.

Leonardo da Vinci-programmet (Ldv) er eit enkelt

og effektivt program for å knyta kontakt mellom aktørar

og verksemder i Hordaland og i europeiske regionar.

Erfaringsoverføring og prosjektdeltaking gjev

deltakarane verdfull ny kompetanse og nye nettverk.

EU-stipend i yrkesretta opplæring skaper gode

føresetnader for næringsutvikling. Europakontoret

sendte i 2008 ut 61 elevar og 21 tilsette frå ulike

verksemder til 7 land til opphald i 1-13 veker.

Ungdom satsar på den lokale vidaregåande skulen

som har eit internasjonaliseringstilbod. Kvinnherad

vidaregåande skule har i stor grad nytta seg av LdVstipend

dei siste åra og ei tidlegare nedleggingstruga

byggfagline har i 2008/2009 to heile klassar. Satsing på

Vestlandsrådet

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsorgan med 20

medlemer, 5 vald av og blant fylkestinget sine medlemer

i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og i Møre og

Romsdal. Leiarskapen går på omgang. Hordaland

fylkeskommune hadde leiaransvaret i 2008 og rådet

hadde 4 møte. Rådet har arbeidd med å utvikla eit

strateginotat, og har vedteke at det skal haldast eit felles

fylkesutvalsmøte i mai 2009 med sikte på å utarbeida

ein traktat for det vidare samarbeidet.

Andre viktige saker i 2008 var m.a.:

– Arbeid for prioritering av E39 Kyststamvegen

– Ekspressbuss Vestland, som er tenkt som eit

gjennomgåande ekspressbusstilbod mellom

Stavanger og Trondheim

– Tildeling oppdrettskonsesjonar for laks og aure

– Utvikling av Vestlandsprogrammet for nye

oppdrettsartar

– EU sin maritime politikk

– EU sin samhøyrepolitikk (regionalpolitikk)

– Kystskogbruket

– Ulikskap i ressursar mellom helseføretaka

– Nynorske læremiddel i vidaregåande skular

– Innspel til statsbudsjettet for 2008

tilbod om praksis i utlandet har vist seg å vera ein

vellukka rekrutteringsstrategi. Ungdom vert i distriktet

og dette aukar sjansen for at dei vert buande, skaper

eigne arbeidsplassar og medverkar til berekraftige

lokalsamfunn.

Aktiv Ungdom-programmet tilbyr ungdom som ikkje

er i eit utdanningsløp praksisplass i Europa og i Nord-

Afrika, eit alternativ og supplement til det formelle

skulesystemet. Personleg utvikling og auka kompetanse

er ein ressurs for Hordaland og Europakontoret sendte

i 2008 12 volontørar, for 2 til 12 månader, til Romania,

Spania, Frankrike, Tyskland, Wales, Sverige og

Nederland. Tema var m.a. media og kommunikasjon,

ungdomsinformasjon, natur og miljø, kunst og kulturminnevern.

Fem ungdomar og to leiarar frå ein barneheim

tok del i ein multinasjonal ungdomsleir i Cardiff,

Wales.

Hordaland fylkeskommune v/Europakontoret er

Nasjonalt kontaktpunkt for Nordsjøprogrammet og

arbeidde i 2008 systematisk med prosjekt- og partnarskapsutvikling.

Resultat er m.a. at Bergen kommune er

kopla på prosjektet MARE (Managing Adaptive

Responses til Changing Flood Risk in the North Sea

Region) og Bergen media by på prosjektet NSSP (North

Sea Screen Partnership).

Vest-Norges Brusselkontor (VNB) kunne i 2008 sjå

tilbake på fem års arbeid med å setja vestlandsregionen

sine interesser og ekspertise på EU-kartet. VNB formidlar

m.a. EU-informasjon i nyhendebrevet Brusselnytt

og handsamar førespurnader frå regionen og medlemene.

I 2008 følgde VNB særleg utviklinga i EU sin

regionalpolitikk og satsa på kompetanseheving for 300

personar gjennom seminar i Brussel. 30 – dei fleste frå

Hordaland, deltok m.a. på nettverksbygging under Open

Days i oktober der i alt 7000 personar var innom. VNB

og 11 andre regionar arrangerte seminar om klimaendring

og berekraftig energi og fekk synt resten av

Europa arbeidet regionen vår gjer på dette feltet.

Europakontoret og kontaktpersonar i Sogn og Fjordane

og Møre og Romsdal er heimeapparat for VNB.

Kvinnherad

vidaregåande skule

har i stor grad nytta

seg av LdV-stipend

dei siste åra. Her er

ein byggfagklasse i

Spania fotografert

saman med lokale

representantar.

Årsmelding 2008 25


REGIONAL UTVIKLING

Internasjonal samhandling

Opplæringsdirektør

Svein-Erik Fjeld og

Madame le Recteur

Micheline Hotyat

signerer

utdanningsavtale

mellom Hordaland og

Nedre-Normandie.

Fylkesordførar Torill

Selsvold Nyborg fekk

overrekt det nye

orknøyflagget av

ordførar Stephen

Hagan ved 25-

årsmarkeringa for

venskapsavtalen.

Hordalandselevane i

Cardiff saman med

Lord Mayor Kate

Loyd.

Fylkeskommunen har definert 5 hovudkategoriar eller

verktøy for arbeidet; internasjonale organisasjonar,

programsamarbeid, samarbeidsregionar, Vest-Noregs

Brusselkontor og anna prosjektsamarbeid.

Hordaland fylkeskommune er medlem og i

varierande grad aktiv i desse organisasjonane: BSSSC

(Baltic Sea States Subregional Cooperation) – liten

aktivitet; AER (Assembly of European Regions) –

deltaking på generalforsamlinga og faglege konferansar,

CPMR (Conference of Peripheral and Maritime

Regions) – deltaking på generalforsamlinga og

informasjonsutveksling; Nordsjøkommisjonen (under

CPMR) – aktivitet særleg i to tematiske grupper Culture

& Tourism og Marine Resources. Begge hadde møte i

Hordaland i 2008.

Fylkeskommunen er aktiv i desse europeiske/

internasjonale programma: ungdom/utdanning (Aktiv

ungdom, EU-program for Livslang Læring og

Nordplus); forsking/ innovasjon (NORA og EU sitt 6.

rammeprogram for forsking) og regionssamarbeid

(Interreg og EØS-ordningane). Hordaland leier to store

Interreg-prosjekt; Economusées Northern Europe, frå

april 2008 og Coast Alive!, frå februar 2009.

Hordaland har samarbeidsavtalar med 5 regionar:

Orknøyane (Skottland), Cardiff (Wales), Nedre-

Normandie (Frankrike), Kaunas (Litauen) og Espirito

Santo (Brasil) frå 2005, ein avtale som i liten grad er

realisert. I høve til dei andre regionane er aktivitetsnivået

høgt og spenner over store delar av fylkeskommunal

verksemd. Det er og verdfullt samarbeid med regionane

Organisering av det

internasjonale arbeidet

Alle avdelingar og dei vidaregåande skulane tek del i

det internasjonale arbeidet i fylkeskommunn. To

einingar arbeider spesifikt med europeiske og

internasjonale saker; Europakontoret

– den operative eininga med ansvar for m.a. europeiske

program, og det tverrsektorielle arbeidslaget

Internasjonalt arbeid – den strategiske eininga som

m.a. skal koordinera og profilera det internasjonale

engasjementet.

Thüringen (Tyskland), Edinburgh (Skottland),

Gorenjska (Slovenia) og Liguria (Italia).

Under anna prosjektsamarbeid finst eit spekter av

aktivitetar, frå mindre tiltak til omfattande og langvarige

prosjekt, t.d. bilateralt skulesamarbeid med

bistandsprosjekt, samarbeid innan kultur, næring og med

det fleirkulturelle Hordaland.

Eit utval tiltak 2008

Hordaland og Orknøyane feira 25-årsjubileum som

venskapsfylke med delegasjonsvitjingar, konsertar og

seminar. Grasrotarbeidet har vore viktig for venskapen

og det var Venskapsforeininga Norge-Orknøyane som i

1980 føreslo ein avtale som vart signert under

fylkestinget på Voss, 13. juni 1983.

Etter initiativ av Internasjonalt arbeidslag vart det i

november skipa til eit«family meeting» – ei strategisamling

for representantar frå samarbeidsregionane. 3 regionar,

Kaunas, Nedre-Normandie og Orknøyane, drøfta saman

med Hordaland framtidige aktivitetar.

Hordaland skapte også i 2008 julestemning i

samarbeidsregionane Edinburgh, Orknøyane og Cardiff,

med juletre i gåve frå hordalendingane. Etterkvart har

seremoniane med tenning av juletrelysa vorte del av

omfattande vinter- og julefestivalar, m.a. med konsertar

i regi av Fylkeskonsertane.

Ei kartlegging utført av arbeidslaga Analyse,

Utgreiing og Dokumentasjon, Internasjonalt arbeid og

Opplæringsavdelinga viser at 84% av dei vidaregåande

skulane i fylket hadde internasjonale aktivitetar i 2008,

med samarbeid i 24 land i Europa og 4 utanfor.

Kortare«elevturar» og lærarutveksling er mest vanleg,

men det er stor variasjon i type prosjekt.

Opplæringsavdelinga og Academie de Caen – det

statlege utdanningsdirektoratet med ansvar for det

faglege innhaldet i all utdanning i Nedre-Normandie –

underteikna i oktober 2008 ein avtale om nærare

samarbeid på utdanningsfeltet, med bakgrunn i den

fornya innsatsen for kontakt mellom skular.

26 Årsmelding 2008


Viktige kultur- og idrettshendingar

2008

KULTUR OG IDRETT

«Aktiv kvar dag» – og internasjonalt

samarbeid om kystkultur

Fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og

friluftsliv 2008-2012: Aktiv kvar dag, vart

vedteken av fylkestinget i 2008. Olav H.

Hauge og Geirr Tveitt vart feira i eit felles

jubileumsår. På den internasjonale

arenaen vart fylkeskommunen leiar for

EU-prosjekta Coast Alive, og Économusé

Northern Europe, som skapar nytt liv for

kystkultur og tradisjonsrikt handverk.

Brutto driftsutgifter til kultur og idrett i 2008 var 206,0

mill. kr, 5,3 mill. kr mindre enn i 2007. Nedgangen

skuldast mindre utbetaling av spelemidlar. Utbetalt sum

gjekk ned frå 75,9 mill. kr i 2007 til 67,3 mill. kr i 2008.

Løyvinga til kunst og kunstformidling auka med 2,5

mill. kr til 41,2 mill. kr. Til kulturvern og tilskot til

museum vart det brukt 54,1 mill. kr i 2008, vel 1 mill.

kr mindre enn året før.

Hauge-Tveitt-jubileet

I 2008 var det 100 år sidan hardingane Olav H. Hauge

og Geirr Tveitt vart fødde. Dei vart feira i eit felles

jubileumsår kalla HT08 – Hauge-Tveitt 2008.

www.ht08.no/

Hordaland fylkeskommune var stiftar, aksjeeigar og

representert i styret for stiftinga. Eit breitt spekter av

kulturinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt samarbeidde

om markeringa av jubileet, og stiftinga opplevde

stor pågang frå kunstnarar og andre kulturaktørar.

Fylkeskommunen var også direkte involvert i program

for barn, ungdom og vaksne, m.a. konsertar, verkstader,

litteraturseminar og digitale forteljingar.

Mangfaldsåret 2008

Som bakteppe for Mangfaldsåret i Hordaland låg eit

godt grunnlag av fleirkulturelle kulturaktivitetar og –

aktørar. Mangfaldsåret var eit år for kulturelt mangfald,

og det vart utarbeidd eit politisk vedteke strategidokument

for å stimulera til lokal

aktivitet i fylket.

Kunstnarleg utsmykking

Fylkestinget vedtok oppdaterte

retningsliner for arbeidet med kunstnarleg

utsmykking av fylkeskommunale

bygg.

Fleire store utsmykkingsprosjekt

er under planlegging, m.a.

ved Nordahl Grieg videregående

skole og Amalie Skram videregående

skole i Bergen. I 2008 vart det også

sett i gang kunstprosjekt for Bybanen

i samarbeid med Bergen kommune.

● Hauge/Tveitt-jubileet vart markert lokalt, på

landsplan og i utlandet.

● Fem sjøbuer i Sandviken i Bergen brann.

Bygningane var freda etter kulturminneloven,

og det var eit tap for heile landet.

● EU-prosjektet Économusé Northern Europa

blir leia av Hordaland fylkeskommune.

● Det 71. norske bibliotekmøtet med 760

deltakarar blei arrangert i Bergen.

● Fylkesdelplanen fysisk aktivitet, idrett og

friluftsliv 2008-2012: Aktiv kvar dag, vart

vedteken av fylkestinget.

● Vandreutstillinga Sjekk det håret vart opna –

eit tiltak i Den kulturelle skulesekken og

resultat av eit samarbeid mellom mange

institusjonar.

● Utstillinga «Chillegrunn» vart nominert til

Gullsekken 2008 – ein nasjonal pris som vert

utdelt av Kultur- og kyrkjedepartementet og

Norsk Tipping.

● 70,9 mill. kr i spelemidlar til anlegg for idrett

og friluftsliv og 4,3 mill. kr til kulturbygg.

● FYHND, fylkesmusikarane i Hordaland, gav

ut eigenprodusert CD spela inn i kunsthuset

Kabuso.

Kulturkort for ungdom

Etter eitt års prøveperiode vidareførte

Hordaland fylkeskommune kulturkortet

for ungdom. Ein viktig del av kulturkortordninga

var satsing på å engasjera ungdom via nettsida http://

kulturkort.ivest.no

Brutto driftsutgifter kultur og idrett

Tal i millionar kroner. Løpande prisar.

* Kolonna viser

rekneskapsmessig

avvik i 2008 i høve til

nettobudsjett.

– viser overskridingar

Avvik*

Reknesk. Reknesk. Reknesk. Reknesk. netto-

2005 2006 2007 2008 bud. 08

Arkiv 2,8 3,3 4,1 3,8 – 0,2

Bibliotek 6,3 7,2 7,3 8,4 0,3

Kulturvern, musé 50,3 51,0 55,3 54,1 0,1

Kunst, kunstformidling 34,3 36,2 38,7 41,2 0,4

Idrett 5,5 6,5 7,2 7,4 0,0

Barne- og ungdomsarbeid 2,6 3,0 3,1 3,2 0,0

Vaksenopplæring 0,7 0,8 0,8 0,7 0,0

Spelemidlar 54,5 64,2 75,9 67,3 0,0

Andre kulturføremål 10,8 12,3 16,6 17,4 0,1

Friluftsliv 1,9 2,3 2,3 2,5 0,0

Sum brutto driftsutgifter 169,7 186,8 211,3 206,0 0,7

Årsmelding 2008 27


KULTUR OG IDRETT

Skuteviksboder 11-14

i Bergen, etter brann

7. september 2009,

som øydela store

kulturminneverdiar.

Kulturminnevern

Det er arbeidd med tilstandsvurdering av freda

kulturminne i fylket og starta opp ein gjennomgang av

alle eldre og ikkje avslutta fredingssaker.

På oppdrag frå Riksantikvaren gjennomførte Hordaland

fylkeskommune tilstandsregistrering av profane

mellomalderbygningar i Rogaland, Hordaland og Sognog

Fjordane.

Etter ein lang periode vart reguleringsplan for Odda

smelteverk godkjend i 2008. Odda kommune og

Hordaland fylkeskommune har gjort sams politiske

vedtak om å fremja søknad om verdsarvstatus for

kulturmiljøet Odda smelteverk og Tyssedal kraftanlegg.

Det vart innleidd samarbeid med Deutsches

Technikmuseum, Berlin, og Voss kommune knytt til

freda flyvrak på Kvitanosi i Voss.

Hovudbygningen på Stend hovedgård er den einaste

freda bygningen i fylkeskommunal eige, og er no teken

i bruk som representasjonslokale. Ein salong frå 1600-

talet er gjort ferdig, men det står att ein del

restaureringsarbeid i bygningen.

Brann i sjøbodene i Bergen

Skuteviksboder 11-14 vart først sterkt skadde i brann,

og seinare brann Lehmkuhlboden. Det er arbeidd mykje

med dokumentasjon av området, som grunnlag for

vedtak om sikring, og for å vita kva som skal setjast i

stand, attreisast, eller frigjevast. Det er gjort vedtak om

attreising av Skuteviksbodene 11-14. For Lehmkuhlboden

vert det høve til noko friare tiltak.

Kulturhistoriske registreringar

I 2008 gjennomførte fylkeskommunen meir enn 80

arkeologiske granskingar i samsvar med § 9 i Lov om

kulturminne. Det vart gjort funn av automatisk freda

kulturminne i om lag 45 % av sakene. Sakene med

potensial for funn av automatisk freda kulturminne,

utgjorde ein svært avgrensa del av samla tal plansaker

som fylkeskommunen fekk til vurdering.

Mellom dei viktigaste sakene var registreringa langs

trasé for 420kV kraftleidning Sima-Samnanger med 215

nye registreringar av kulturminne (111 automatisk freda

og 77 kulturminne frå nyare tid, etter år 1537). Av dei

mest oppsiktsvekkjande funna var ei tuft på Nystøl i

Kvam, datert til siste del av steinalderen (2100 f.kr).

I Voss kommune avslutta ei forundersøking av

kulturminne i samband med kommunedelplan for

Myrkdalen. Det vart registrert 112 kulturminne, der

anlegg knytt til stølsdrift var i klart fleirtal, m.a. tufter,

steingardar og rydningsrøyser. Dei fleste kulturminna

skriv seg frå tida etter reformasjonen, men det er òg

fleire som truleg går attende til mellomalder og jernalder.

I Porsvika og Kvernavika i Sund kommune vart det

registrert ni buplassar frå steinalderen. Buplassane er

mellom 4000 og 8000 år gamle og tilpassa liv med fiske

og fangst.

I samband med kraftutbygging i fjella mellom

Åkrafjorden i Etne og Blåfalli i Kvinnherad, vart det

kartfesta klebersteinsbrot på garden Tøsse ved

Åkrafjorden. Klebergrytene er truleg frå vikingtid eller

mellomalder.

På Flatøy i Meland kommune vart tre nye

steinalderlokalitetar registrert. Seks kjende lokalitetar

vart nærare avgrensa og dokumenterte. Høgd over havet

og funnmaterialet plasserer dei tidsmessig til siste del

av eldre steinalder og første del av yngre steinalder

(6000–8000 år gamle).

I samband med reguleringsforslag for gravplass i

Stord kommune, vart det ved maskinell flateavdekking

på Kattatveit påvist i alt 101 strukturar/nedgravingar.

Fleire av desse skriv seg truleg frå bygningar og

eldstader. I Austevoll kommune vart det registrert to

buplassar frå steinalder på Prestaneset.

Arbeid med bergkunst i Hordaland

I Hordaland finn ein mange helleristningar eller

bergkunst. Bergkunsten er rissa eller hogge inn i

28 Årsmelding 2008


KULTUR OG IDRETT

svaberg, på bergknattar og steinar. Dei fleste ristningane

i Hordaland er frå bronsealderen (2500 – 4000 år gamle).

I 2008 har ein utarbeidd oversyn over ristningane og

lagt kartfestingane inn i Askeladden (nasjonal base for

kulturminne). Det er satsa ekstra to stadar med mange

ristningar; Herand i Jondal og i Etne kommune. Ulike

måtar å reingjera felta på er testa ut, og for enkelte er

det diskutert lyssetting som kan prøvast ut.

Bergen museum og fylkeskommunen gjorde i 2008

ei mindre undersøking ved Håhaugsteinen i Ullensvang

med omvisningar for skuleklassar, vitjande og media.

Det vart gjennomført tilsyn og skjøtsel på ristningsfeltet

Vangdal i Kvam kommune på gropfelt i Ullensvang, og

på fleire felt i Etne.

Kontroll av

helleristningar på

Helgaberg, Stødle i

Etne.

Anna lokal formidling

Samarbeidsprosjektet med Osterøy Museum og

lokalmiljøet om formidling gjennom skilt, brosjyre,

tilrettelegging og stigar. Det er sett opp fleire kulturminneskilt

i løpet av 2008: Gjerstad på Osterøy, Voss

(Hanguren og Kvitanosi), Uggdal i Tysnes og Sunde i

Kvinnherad.

Museum

Etter at museumsreforma i Hordaland vart fullført i 2007

har Hordaland ni konsoliderte museumseiningar. I tråd

med vedtekne satsingar har fylkeskommunen prioritert

ferdigstilling av fellestenestene ved Museumssenteret i

Hordaland. Denne store satsinga er gjort over fleire år

og tiltaket går vidare i 2009. Samla driftstilskot til musea

i Hordaland i 2008 var om lag 34 mill kr, ein auke på

2,4 % frå 2007.

Som ei oppfølging av den statleg initierte museumsreforma

gjorde fylkestinget 14.10.2008 vedtak om

rullering av Fylkesdelplan for museum. Planen skal gje

retning til den regionale politikken på feltet frametter

og vil mellom anna ha merksemd på musea som

samfunnsaktørar og på gjennomføringa av fylkeskommunal

politikk på feltet. Gjennom den politiske merksemda

som museumsfeltet har hatt i Hordaland fylkeskommune,

er det naturleg at planen gjev offensive

politiske føringar for vidare arbeid.

Kulturbasert verdiskaping

To prosjekt der fylkeskommunen har vore initiativtakar,

vart i 2008 etablert som internasjonale prosjekt under

Interreg-programma. Det eine; Économusé Northern

Europe (ENE), får støtte frå Nordperiferiprogrammet.

Det andre, vidareføringa av Nordsjøløypa under

prosjektnamnet Coast Alive! (CA!), ligg under

Nordsjøprogrammet. Begge prosjekta har fire års

prosjektperiodar, og begge prosjekta har Hordaland

fylkeskommune som leiande partnar (Lead Benficiary).

ENE omfattar område frå Russland sine vestlege

regionar til Canada sin austkyst. Verksemder som satsar

på å verta reiselivs- og kulturopplevingar, blir

kalla«economuseum», men dei vert ikkje museum i

vanleg forstand. Opplegget aukar omsetjing av produkt

direkte til kjøparar, og gjev eit meir solid grunnlag for

vidareføring av handverkskunnskapane.

I Canada er dette konseptet solid utprøvd med eit

levande nettverk av meir enn 50 slike verksemder. Målet

er å skipa 18 handverkssenter og 18 nye arbeidsplassar

i Europa, derav fem av kvar i Hordaland. Aurlandskoen

vert planlagt lansert som det første economuseum i

Nord-Europa sommaren 2009. Verksemda har allereie

fått ny tru på framtida og to nye arbeidsplassar.

KOSTRA-tal kultur

KOSTRA-oversikta

viser utviklinga i

Hordaland

fylkeskommune 2005-

2008. For 2008 vert

Hordaland også

samanlikna med

Rogaland

fylkeskommune og

gjennomsnittet for

fylkeskommunane

utan Oslo.

Horda- Horda- Horda- Horda- Roga- Gj.snitt

land land land land land u Oslo

2005 2006 2007 2008 2008 2008

Netto driftsutgifter til kultursektoren i prosent av samla netto driftsutg ................ 2,5 2,9 3,3 2,7 3,7 2,9

Netto driftsutgifter i alt til kultursektoren per innbyggjar i kroner ......................... 144 177 224 201 273 232

Netto driftsutgifter bibliotek per innbyggjar i kroner............................................... 12 13 14 14 9 28

Netto driftsutgifter museum per innbyggjar i kroner .............................................. 63 67 74 74 66 57

Netto driftsutgifter kunstformidling/produksjon per innbyggjar i kroner................. 39 44 45 49 71 75

Netto driftsutgifter idrett per innbyggjar i kroner ................................................... – 3 12 42 13 0 21

Netto driftsutgifter andre kulturaktivitetar per innbyggjar i kroner ......................... 33 41 49 51 127 50

Brutto investeringsutgifter, kultursektoren per innbyggjar i kroner ........................ 73 57 9 19 0 5

Brutto driftsutgifter kultursektoren per innbyggjar i kroner .................................. 330 363 408 393 462 451

Årsmelding 2008 29


KULTUR OG IDRETT

Leiaren i Kultur- og

ressursutvalet, Helge

André Njaastad,

helsar på Sam

Hamad, arbeids- og

velferdsminister i

provinsregjeringa i

Quebec under

opninga av

Économusé Northern

Europe, i Quebec,

2008.

Elevar i vidaregåande

skule får nasjonalt

lånekort som kan

nyttast i mange

bibliotek.

Coast Alive! har partnerar frå land rundt Nordsjøen

– frå Noreg deltek fleire kystfylke. Prosjektet byggjer

vidare på dei to førre Interreg IIIB-prosjekta, North Sea

Trail og North Sea Cycle Route. Til saman vart det

utvikla eit løypesystem for vandrarar på 5 500 km rundt

Nordsjøen, og eit sykkelrutenettverk på til saman 6 000

km. Prosjektet fokuserer på kulturbasert næringsutvikling

og på å styrkja livskvalitet gjennom folkehelsestimulerande

tiltak knytt til Nordsjøløypa og

Nordsjøsykkelruta.

Prosjektet har ei total økonomisk ramme på om lag

3,2 mill. euro, summen vil verta større gjennom

utvidinga av prosjektet vinter/vår 2009.

Arkiv og lokalhistorie

Fylkeskommunen tok i mot 82 hyllemeter med

arkivsaker frå fylkeskommunale institusjonar og private

tiltak, og 29 m vart ordna. Også dette året har det vore

stor etterspurnad etter persondokumentasjon frå

barnevernsarkiv og frå opplæringssektoren. På oppdrag

gjennomførte fylkesarkivet ei kartlegging av pensjonsopplysningar.

Prosjektet«Privatarkiv i musea» vart avslutta med

arkivkurs. Arbeidet med det nettbaserte kulturhistoriske

leksikonet heldt fram med utlegging av ein prøveversjon

Tal frå verksemda i fylkesbiblioteket

2007 2008

Bokbåten

Stopp 51 53

Totalt utlån 26 580 27 752

Utlån til barn 70 % 69 %

Publikum på kulturprogram 2 470 2 965

Klassesett – utlån 150 118

Fjernlån

Tingingar 12 916 13 438

Utlån i Hordaland 11 559 10 957

Utlån til resten av landet 2 529 2 949

Transport mellom bibliotek 12 078 16 185

på nettet. Delar av det verdfulle arkivet etter Hordaland

Reiseliv, motteke i 2008, har vorte digitalisert.

Fotoverntenesta sitt arbeid måtte nedprioriterast,

medan arkivet hadde åtte ulike oppdrag i samband med

privatarkiv og lokalhistorie i kommunane i fylket.

Bibliotek

For første gong sidan 1992 var Det norske

bibliotekmøtet lagt til Bergen. Mange av dei 780

deltakarane kom frå Hordaland. Fylkeskommunen var

sentral i avvikling av arrangementet.

Struktur og organisering er eit prioritert målområde

i Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland 2007-2010.

Det er etablert tre interkommunale samarbeidsregionar

i fylket: Hardanger, Sunnhordland og Nordhordland,

som alle fekk støtte til arbeidet i 2008. Samlingane til

alle biblioteka i fylket er tilgjengelege gjennom ein

søkeinngang.

Arbeidet med gjennomføring av Strategisk handlingsplan

for skulebibliotek i vidaregåande skular i

Hordaland 2004-2010 held fram. Fylkestinget løyvde

1 mill. kr til fagutdanna bibliotekarar for 2008, og det

er no åtte skular som har 100 % og tre skular som har

50 % bibliotekarressurs.

Fylkeskommunen organiserer ei transportordning

mellom folkebibliotek i Hordaland og universitets- og

høgskolebiblioteka i Bergen. Bokbåten hadde 40

driftsdagar i 2008, og 53 stopp fordelt på 22 kommunar

som vart vitja to gonger. 75 kulturprogram på bokbåten

hadde eit samla publikumstal på 2 965. Tre fylkeskommunar

samarbeider om Bokbåtklubben, og medlemsbladet

vart erstatta av ein nettstad med bokpresentasjonar,

konkurransar og blogg.

Idrett og friluftsliv

Fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

(2008-2012) – Aktiv kvar dag, vart vedteken av

fylkestinget 15.10. 2008. Planen uttrykkjer visjonar,

mål, strategiar og tiltak for fysisk aktivitet, folkehelse,

idrett, friluftsliv og anleggsutvikling. Tre viktige

faktorar er skildra i planen; frivillig arbeid, næringsutvikling

og miljø.

For å følgja opp fylkesdelplanen, er det prioritert å

vitja alle kommunar. Dette arbeidet kom godt i gang

hausten 2008. I partnarskapen for folkehelse, vil ein

overføra ansvaret for regionale aktivitetsarrangement

til kommunar og lokale partnarar. Kompetanse om

korleis skapa ein aktiv kvardag er lagt inn som ein del

av arrangementa. Det er utarbeidd enkle brosjyrar.

I 2008 vart ei omfattande informasjonsbrosjyre for

friluftslivsaktivitetar i Vestkystparken ferdigstilt,

eit samarbeid mellom Hordaland og Rogaland.

Idrettsanlegg og kulturbygg

For 2008 fordelte kultur- og ressursutvalet 70,9 mill. kr

til anlegg for idrett og friluftsliv og 4,3 mill. kr til

kulturbygg av spelemidlar. Godkjent søknadsum for

spelemidlar til idrettsanlegg var på 310 mill. kr og for

kulturbygg 15 mill. kr. Når det gjeld idrettsanlegg, var

det kunstgrasbaner (13), ballbingar (16), idrettshallar

(8) og ishall (3) som utgjorde dei største tilskotspostane.

Arbeidet med å redusera restansar knytte til

spelemidlane dei seinare åra, har gjeve resultat. I 2008

vart eit nytt anleggsregistreringssystem idrettsanlegg.no

implementert. Alle søknader om spelemidlar til anlegg

skal registrerast elektronisk der.

30 Årsmelding 2008


KULTUR OG IDRETT

I tillegg til dei statlege spelemidlane gjev fylkeskommunen

investeringstilskot til fylkesidrettsanlegg. Dette

er anlegg som har høg standard der det kan haldast

norske meisterskap og internasjonale idrettsarrangement.

For 2008 vart det gjeve tilskot på 1 mill. kr til

Sveio golfbane og 2,1 mill. kr til Skutle langrenn/

skiskyttaranlegg, Voss.

Produksjon og formidling

Fyhnd – Fylkesmusikarane i Hordaland – vidareførte

prosjektet «I same båt», eit samarbeid mellom Hardanger

Fartøyvernsenter, fylkesmusikarane i Hordaland og

Sogn og Fjordane. Til saman vart det halde 22 konsertar

om bord på S/J Mathilde.

FYHND er namnet på ein cd med folkemusikk som

vart spelt inn på kunsthuset Kabuso, og fylkeskommunen

var plateselskap.

I samband med Hauge/Tveitt-jubileet var musikarar

på ein omfattande turne på ungdomsskular i Hordaland

og til Orknøyane.

Den kulturelle skulesekken (DKS) gav tilbod til 32

kommunar og om lag 34 000 grunnskuleelevar i 2008.

I tillegg fekk åtte vidaregåande skular skulesekktilbod.

Bergen kommune fekk sine DKS-midlar til grunnskulen

direkte tildelt. I 2008 engasjerte DKS på fylkesnivå om

lag 100 kunstnarar. Til saman 40 turnear vart

gjennomførde i grunnskulen og vidaregåande skule.

For skuleåret 2008-09 vart Hordaland tildelt om lag

11,1 mill. kr til DKS. Av desse gjekk 1 mill. kr til DKS

i vidaregåande, og i underkant av 4 mill. kr direkte til

Bergen kommune. Nær halvparten av dei resterande

spelemidlane gjekk til kommunane og regionane, der

målet er at dei skal få høve til å utvikla eigne kulturelle

skulesekkar.

Prøveordninga med DKS i vidaregåande opplæring

vart vidareført og utvida skuleåret 2008-09. Målet er at

alle dei vidaregåande skulane i Hordaland skal få tilbod.

I 2008 har DKS i Hordaland produsert og

gjennomført kompetansehevingstiltak for lærarar,

mellom anna innan film.

Vandreutstillinga «Sjekk det håret» vart opna av

fylkesordføraren på Osterøy museum i mars 2008.

Utstillinga handlar om idear knytt til hår og mangfald i

hårmotar, og er produsert av fylkeskommunen og

Museumssenteret i Hordaland v/Osterøy museum i

samarbeid med m.a. fleire bibliotek og museum i fylket.

Utstillinga«Chillegrunn» vart nominert til Gullsekken

2008 – DKS sin pris som vert utdelt av Kulturog

kyrkjedepartementet og Norsk Tipping.

Fylkeskonsertane. Hordaland fylkeskommune og Rikskonsertane

reforhandla våren 2008 samarbeidsavtalen

om produksjon og distribusjon av skulekonsertar, som

omfattar 75 % av skulekonsertverksemda i fylket.

Informasjon om program og turnéplanar vert distribuert

via DKS si nettside, og slik får skulane eit samla oversyn

over programma.

I 2008 vart det halde i alt 32 konsertprogram med i

alt 864 konsertar i fylkeskommunal regi i grunnskulane

i Hordaland. Konsertprogramma speglar dei ulike

sjangrane frå folkemusikk via klassisk til rock. Konsertog

omvisningsopplegget på Troldhaugen vart ført

vidare, med 2500 elevar på vitjing.

Fylkeskommunen nyttar for det meste frilansmusikarar

frå Hordaland, i alt 94 i 2008. Tre frilansmusikarar

reiste til Edinburgh og Cardiff og arrangement

knytt til vinterfestivalane.

285 unge deltok i fylkesmønstringa Ungdommens

kulturmønstring UKM 2008 i Grieghallen 12.-13. april.

Det var som tidlegare Hordaland Barne- og ungdomsråd

som sto for arrangementet. I forkant av dette var det

1000 deltakarar i mønstringar rundt om i heile fylket.

Fylkesmønstringa resulterte i at 25 deltakarar reiste

vidare til landsmønstringa i Trondheim i juni for å delta

med ulike kunstformar, den største delegasjonen

Hordaland har delteke med i landsmønstringa. Det er

aukande interesse for UKM, og i 2008 passerte UKM

25 000 deltakarar på landsbasis.

Kulturnett Hordaland http://hordaland.kulturnett.no/

er den nest største i ein felles kulturdatabase i det store

Kulturnett Noreg. Ut over nødvendig vedlikehald, har

Kulturnett Hordaland i 2008 vore engasjert med

førebuing til Kulturminneåret 2009, og vore leiar for ei

nasjonal gruppe for emneord og gjenfinning. Ei satsing

er kalla«Digitalt fortalt» – der ein ønskjer bidrag frå

heile landet om«Dagliglivets kulturminne». Elles vart

kulturkalenderen lagt om i løpet av 2008, og er no ein

godt utbygd kalender for Hordaland.

Årsmelding 2008 31


SAMFERDSEL

Passasjervekst på 3,3 % for buss

– også vekst for snøggbåtane

* Kolonna viser

rekneskapsmessig

avvik i 2008 i høve til

nettobudsjett.

– viser overskridingar

Brutto driftsutgifter samferdsel

Tal i millionar kroner. Løpande prisar.

Nesten 39 millionar passasjerar, 3,3 %

fleire enn i 2007, reiste med bussrutene til

Hordaland fylkeskommune i 2008. Tal

reisande med snøggbåtane auka med

3,7 % til 688 000. 2008 var sjette året på

rad utan takstauke.

Overgang til anbodsruter i busstrafikken

vart sett i verk i fire område.

Auken i talet på bussreisande skriv seg i hovudsak frå

bergensområdet. Snøggbåtruta Rosendal-Bergen auka

Viktige samferdselshendingar

2008

● Fylkeskommunen fekk 1.1.2008 tilbakeført

ansvaret for kollektivtafikken i Bergen.

● Dei fire første bussanbodspakkene vart sette i

drift. Starten var i Austevoll 1.1.2008.

● 2008 var sjette året på rad med uendra eller

reduserte takstar i kollektivtrafikken

Hordaland fylkeskommune har ansvar for.

● Passasjervekst på 3,3 % med bussane.

● Stor trafikkvekst for snøggbåten Rosendal-

Bergen og turistruta på Hardangerfjorden.

● Regjeringa godkjende Jondalstunnelen og

fylkestinget vedtok anbodsopplegg.

● Passasjertala for Bergen Lufthamn Flesland

passerte for første gong 5 millionar.

● Nye riksvegparsellar opna i Lindås og Voss.

med heile 41 % og det var stor vekst også for turistruta

på Hardangerfjorden og i sambandet Askøy-Bergen.

Bergensbanen hadde 4 % auke i passasjertalet

Bergen-Oslo og 3 % vekst i lokaltrafikken.

Bergen lufthamn Flesland passerte for første gong 5

millionar reisande.

Fylkeskommunen sine brutto driftsutgifter til samferdsel

var på 992,8 mill. kr i 2008, ein vekst på 220 mill. kr

frå året før. 180 mill. kr av veksten gjeld bussrutene og

skuldast fleire forhold. Etter kvart som anbodspakker

vert sette i drift går ein frå netto- til bruttoføring i rekneskapen.

Der det tidlegare var tilskotet til ruteselskapa

som vart utgiftsført, vert heile driftskostnaden no ført i

fylkesrekneskapen. På den andre sida kjem no

billettinntektene som inntekt til fylkeskommunen. I

tillegg har det vore ein omfram utgiftsauke i samband

med eins takst i Bergen, harmonisering av takstnivået

ved reiser som kryssar kommunegrensa til Bergen, samt

stor lønskostnadsauke i samband med den landsomfattande

bransjeavtalen som selskapa har inngått. I

tillegg var drivstoffkostnadane høge i storparten av

2008.

Driftsutgiftene til samferdsel vart i 2008 i alt 44,4 mill.

kr høgre enn budsjettert. Vel 24 mill. kr gjeld skuleskyss,

14 mill. kr båtrutene og 3 mill. kr vegvedlikehaldet.

Takstar

Takstfrysordninga vart ført vidare i 2008 for sjette året

på rad. Minstetaksten for einskildbillett var uendra kr

23, for periodekort kr 600 og ungdomskort kr 295.

Rutedrifta

I løpet av 2008 vart desse bussanbodspakkane sette i

drift: Tide Buss AS starta i Austevoll frå 1. januar og i

Hardanger og Voss 16. august. Concordia Buss starta i

Sunnhordland 1. juli. Modalen-Eksingedalen Billag

starta i Modalen og Vaksdal 16. august.

Tide Buss utfører den delen av ruteproduksjonen som

ikkje er lagt ut på anbod med basis i

ein kvalitetskontrakt. I 2008 gjekk

alle snøggbåtrutene på anbodskontraktar.

Avvik*

Reknesk. Reknesk. Reknesk. Reknesk. netto-

2005 2006 2007 2008 bud. 08

Fylkesvegferjer 11,6 12,9 13,1 14,3 – 0,6

Spesialskyss for gr.skulen 36,5 33,5 38,1 48,6 – 10,6

Skuleskyss vidareg. skule 83,7 86,2 91,6 90,7 – 13,8

Transport for funksjonshem. 26,6 37,4 40,8 44,4 – 1,6

Bilruter 264,4 280,4 311,4 593,6 3,3

Båtruter 53,3 57,6 57,7 77,9 – 14,4

Skyss 18,0 – 3,8

Diverse transporttiltak 1,5 3,7 3,5 3,0 0,4

Fylkesvegvedlikehald 91,3 120,1 116,1 102,3 – 3,3

Sum brutto driftsutgifter 568,9 631,8 672,3 992,8 – 44,4

Bybanen

Forsøket med kommunal forvaltning

av ansvaret for kollektivtransporten i

dei største bykommunane vart

avvikla frå 1.1.2008. Frå same tidspunkt

overtok Hordaland fylkeskommune

driftsansvaret for Bybanen,

medan Bergen kommune held fram

med å ha byggherreansvaret frå

Nesttun til Rådal.

For å ivareta drift av infrastrukturen

av Bybana oppretta fylkeskommunen

eit eige selskap som skal

ha ansvar for drift av skinnegang,

elektriske anlegg og signalanlegg.

32 Årsmelding 2008


SAMFERDSEL

Praktisk vart dette gjort ved at Hordaland

Kollektivservice (HKS) vart tømt som selskap og

fylkeskommunen vil nytta dette selskapet til drift av

infrastrukturen av Bybanen.

Skyss

For å styrkja arbeidet med innkjøp av kollektivtenester

er Skyss oppretta som ei eiga eining i fylkeskommunen.

Skyss har ansvar for innkjøp av buss-, bybane- og

snøggbåttrafikk i heile fylket. Det inkluderer ansvar for

ruteplanlegging, takstar, sal og billettering,

marknadsføring og informasjon i dei konkurranseutsette

ruteområda. Skyss var operativ frå november 2007.

I 2009 vil det verta arbeidd med å innlemma drifta

av Bergen busstasjon i Skyss, samla i Skyss kundesenter.

Ved utgangen av 2008 var det sett i drift fire anbod

med 185 bussar i 20 kommunar. Rutepakke Nordhordland

er tildelt Concordia Buss og og startar 16. august

2009. Resten av fylket vil få anbodsruter innan utgangen

av 2010. Våren 2009 vert operatør av Bybanen i Bergen

valt.

Hordaland fylkeskommune har eit politisk mål om å

auka kollektivreisene med 50% innan 2020. For å oppnå

dette vil det verta sett fokus på kunden og fleire tiltak

er sette i gang.

Passasjerutviklinga

I 2008 var det i alt 39,7 millionar passasjerar som reiste

med fylkeskommunen sitt kollektivtilbod, ein auke på

3,3 % frå 2007. Nesten 39 millionar reiste med bussane

og 688 000 med båtrutene.

Auken i talet på bussreisande skriv seg i hovudsak

frå bergensområdet. Veksten innan Bergen kommune

var 5,4 % frå 2007 til 2008.

I båtrutene auka tal passasjerar med 3,7 % frå 2007.

Det var trafikkvekst i alle sambanda bortsett frå

Austevoll, der opninga av Austevollsbrua med bortfall

av stogg på Austevollshella gav passasjernedgang. Det

var ein kraftig auke for ruta Rosendal-Os-Bergen (41

%), Kleppestø-Bergen (11,8 %) og turistruta mellom

Norheimsund og Indre Hardanger (20 %). Auken for

ruta på Hardangerfjorden kan delvis forklarast med at

sesongen vart vesentleg utvida i 2008.

Hardangerfjordekspressen (Rosendal-Bergen) hadde

ein vekst på om lag 10 000 passasjerar til 34 835

passasjerar. På nokre avgangar var passasjerkapasiteten

Kollektivreisande 2007-2008

Tal passasjerar i tusen Tal vognkilometer i tusen

Endring

Endring

2007 2008 i % 07-08 2007 2008 i % 07-08

Rutebil Hordaland 37 763 38 993 3,3 37 693 37 581 – 0,3

Båtruter 664 688 3,7

Totalt 38 427 39 681 3,3 37 693 37581 – 0,3

(98 pass) for knapp. Det vert arbeidd med å få auka

kapasiteten. Snøggbåtrutene i Sunnhordland hadde

passasjervekst på om lag 7 000 passasjerar (2,1%). På

nokre avgangar var det kapasitetsproblem, og det har

vore sett inn suppleringsfartøy.

Elektronisk billetteringssystem

Det nye elektroniske billettsystemet vart sett i drift i

Sunnhordland, Austevoll og Modalen/Vaksdal i 2008

med redusert funksjonalitet i høve til komplett system.

Vidare iverksetting vil skje gradvis med Voss og

Hardanger våren 2009, Nordhordland i august 2009 og

resten av fylket innan utgangen av 2009.

Skuleskyss

Det har berre vore mindre justeringar i reglementa for

skuleskyssen i den vidaregåande skulen og i grunnskulen

i 2008-09.

To tilhøve prega skuleskyssen i 2008. Omorganiseringa

av kollektivtrafikken generelt i fylket og anbod

for særskild skuleskyss i bergensområdet.

I Sunnhordland, Hardanger, Voss, Modalen, Vaksdal

og Austevoll har kollektivtransporten vore gjennom ei

omfattande omorganisering ved overgangen til anbodsruter.

Fylkeskommunen har som følgje av dette teke over

oppgåver innan skuleskyss som før låg til rutelaga,

medan nokre oppgåver framleis ligg hos rutelaga. Nokre

område har fått nytt ruteselskap utan erfaring med lokale

tilhøve. I starten av skuleåret medførte dette innkøyringsproblem.

I bergensområdet har individuelt tilrettelagt skuleskyss

vore ute på nytt anbod – det fjerde. Nytt denne

gongen var at også områda Sotra, Askøy og Osterøy

var med. Bergen Taxi, som har lang erfaring med slike

oppdrag, vann alle pakkene i anbodet. Det store

Tabellen viser tal

reisande og

produksjon i bussog

båtruter 2007-

2008.

KOSTRA-oversikta

viser utviklinga i

Hordaland

fylkeskommune 2005-

2008. For 2008 vert

Hordaland også

samanlikna med

Rogaland

fylkeskommune og

gjennomsnittet for

fylkeskommunane

utan Oslo.

KOSTRA-tal samferdsel

Horda- Horda- Horda- Horda- Roga- Gj.snitt

land land land land land u Oslo

2005 2006 2007 2008 2008 2008

Netto driftsutgifter i kr per innbyggjar, samferdsel i alt 1 157 1 286 1 538 2 072 1 800 1 899

Netto driftsutgifter i kr per innbyggjar, fylkesvegar i alt 324 387 380 351 353 494

Netto driftsutgifter i kr per innbyggjar, bilruter 637 677 931 1 447 1 331 1 091

Netto driftutgifter i kr per innbyggjar, fylkesvegferjer 26 28 28 30 61 72

Netto driftutgifter i kr per innbyggjar, båtruter 118 126 118 160 0 171

Netto driftutgifter i kr per innbyggjar, transport for funksjonshemmede 53 67 81 83 46 67

Netto driftsutg. for samferdsel i alt i pst. av samla netto driftsutg. 20,5 21,0 22,6 27,6 24,1 23,6

Brutto investeringsutgifter i kr per innbyggjar, samferdsel i alt 226 256 184 633 248 356

Brutto investeringsutg. i kr per innb., fylkesvegar i alt 226 240 136 138 248 297

Transportordninga for funksjonshemma. Tal brukarar per 1000 innb. 27,6 24,5 23,1 .. 16,6 22,2

Brutto driftsutgifter i kr per km fylkesveg i alt 83 110 100 252 99 759 94 107 81 641 78 088

Årsmelding 2008 33


SAMFERDSEL

1) Bompengeringen i

Bergen: Bomringen

vart utvida med 5 nye

stasjonar (ytre ring)

frå 11.07.07. Nedgang

i tal passeringar på

2,6 % i månadene

aug.-des. 2008 i høve

til 2007.

2) Tal passeringar for

Trekantsambandet

gjeld betalande

køyretøy. Totalt i

2008 var det 2 074

800 passeringar.

3) Rabattauke på

verdikort frå 1.05.08

der rabatten auka

med 5%.

omfanget av oppdraget spesielt med omsyn til kapasitet

på rullestolbilar, saman med at dei fekk oppdrag i nye

område medførte problem med avviklinga av skyssen

dei første vekene. Trafikkproblema i bergenstrafikken

var og medverkande årsak. Ein del elevar fekk difor eit

skysstilbod som ikkje var fullgodt i denne perioden.

Talet på elevar i vidaregåande skule som har rett på

skuleskyss var 9 175 elevar skuleåret 2008/09 mot 9

297 elevar året før.

Kostnaden med spesialtransport for grunnskuleelevane

kan svinga mykje frå år til år p.g.a. elevsamansetjinga

og køyrestrekningar. I 2008 er det utgiftsført

45,2 mill. kr til særskyss for grunnskulen, mot budsjett

34,6 mill. kr. Dette er langt meir enn naturlege

svingingar skal tilseia. Til vidaregåande skuleskyss er

det utgiftsført 84,5 mill. kr mot budsjett 70,7 mill kr.

Delar av kostnadsveksten til skuleskyss kan tilskrivast

rekneskapstekniske forhold i samband med oppretting

av Skyss og iverksetjing av anbod. Årsakene til

meirforbruket i 2008 vert undersøkt nærmare.

Transportordninga for funksjonshemma

I 2008 vart det nytta 44,4 mill. kr. til transportordninga

for funksjonshemma, 1,6 mill. kr meir enn budsjettert.

TT-ordninga (tilrettelagt transport har om lag 11 900

godkjente brukarar. 6 400 brukarar bur i Bergen

kommune og 5 500 i fylket elles. Det er to prioriterte

grupper i TT-ordninga, blinde/sterkt svaksynte og

rullestolbrukarar. Andre med nedsett mobilitet kan også

søkja. Det er 2 240 brukarar i dei prioriterte gruppene.

Eit nytt sakshandsamarsystem, TT2, vart sett i drift i

mai 2008.

I 2008 vart det utført 221 500 TT-turar med drosje

som vart betalt ved bruk av TT-korta.

Fylkeskommunen betalte ut 31,9 mill. kr. I tillegg

betalte brukarane eigendel på 5,6 mill. kr. Samla inntekt

for drosjenæringa frå TT-køyring var 37,5 mill. kr.

Til arbeidskøyring for funksjonshemma er det brukt

8.3 mill. kr i 2008, ein auke på 2,1 mill. kr frå 2007.

Dei som er med i denne ordninga betalar ein mindre

eigendel.

Drosjar, turbil- og godsbilløyve

I 2008 vart det utferda 117 drosjeløyve i Hordaland

medan 112 løyve gjekk ut. Ved utgangen av 2008 var

det 890 løyve fordelt på 588 løyvehavarar. I tillegg er

det 22 løyve for selskapsvogn, 42 handikapløyve, og 1

295 løyve for turvogn. Berre i 2008 vart det utferda 76

nye turvognløyve, medan 18 løyve gjekk ut.

I januar 2008 låg det føre ei evaluering av

drosjesituasjonen i Bergen køyreområde, og i mai 2008

Bompengeinntekter i Hordaland 2007-08

Bompengar mill. kr

godkjente fylkesutvalet nytt reglement for løyveforvaltinga

i Bergen køyreområde.

Reglementet endra på fleire punkt rammevilkåra for

løyvehavarar og drosjesentralar i køyreområdet. Dette

gjeld mellom anna:

– Rutinar for vurdering av behovet for tal

drosjeløyve

– Rett for løyvehavarane til sjølve å velja kva

sentral dei skal vera tilknytte

– Stasjoneringsplikt i Arna bydel og Askøy

kommune

– Prisopplysning på haldeplassar og

prisopplysning som er synleg både på utsida og

innsida av køyretøyet

Reglementet for Bergen køyreområde skal evaluerast

på nytt i 2009.

Ved utgangen av 2008 var det 2 545 godsløyve i

Hordaland fordelt på 880 løyvehavarar, 90 fleire enn i

2007.

Norges Statsbaner – Persontog

NSB Regiontog på Bergensbanen hadde 4 % fleire

passasjerar i 2008 enn året før. 702 000 (teljepunkt

Finse) kundar nytta tog mellom Oslo og Bergen i 2008.

74 % av toga var i rute.

På NSB Lokaltog Bergen-Voss-Myrdal var det 3 %

fleire reisande i 2008 (teljepunkt Bergen) enn i 2007. 1

405 000 passasjerar nytta NSB Lokaltog mellom Bergen

og Myrdal. For Bergen-Arna var 97 % av toga i rute og

for Bergen-Voss-Myrdal var 75 % av toga i rute.

Lufttransport

Bergen lufthamn Flesland passerte 5 millionar reisande

i 2008. Totalt passasjertal var 5 037 277 reisande, ein

auke på 3,8% frå 2007. Auken ville vore endå større

utan streiken i mai 2008.

Det var 3 247 236 innlandsreisande (+ 1,5 %), 1 410

398 utanlandsreisande (+11,5 %), 228 858 reisande til og

frå oljeinstallasjonane i Nordsjøen (÷ 0,7 %) og 150 785

transittpassasjerar. Lufthamna passerte også 100 000

flyrørsler i 2008.

I oktober var det høgste talet reisande på ein månad

nokon gong, med 484 167 passasjerar.

Sterling måtte avvikla i 2008, og SAS er på ny

einerådande på Københavnruta. Bergen-Oslo, er den

mest trafikkerte ruta, der både SAS og Norwegian flyg.

Det kom til ein ny destinasjon i 2008, Rygge i Austfold.

Auken i trafikken minka i slutten av fjoråret, men på

langt nær så mykje som venta. I 2009 planlegg dei fleste

Køyretøy

2007 2008 Endring 2007 2008 Endring

Bompengeringen i Bergen 1) 350,0 375,0 7,1 % 42 600 000 50 454 000 18,4 %

Osterøybrua totalt 2007 35,5 41,0 15,5 % 897 968 971 000 8,1 %

Trekantsambandet 2) 132,0 149,0 12,9 % 1 686 188 1 892 033 12,2 %

Rullestadjuvet 18,9 19,7 4,2 % 504 026 521 057 3,4 %

Folgefonntunnelen 10,0 10,5 5,0 % 179 424 188 720 5,2 %

E 39 over Stord 3) 17,6 18,8 6,8 % 753 810 829 609 10,1 %

Sum 564,0 614,0 8,9 % 46 621 416 54 856 419 17,7 %

34 Årsmelding 2008


selskapa med nullvekst, men Avinor ventar ein auke i

utlandstrafikken.

Over Stord Lufthamn reiste det 12 486 passasjar i

2008. Dette er ein kraftig nedgang frå 2007 då talet var

26 373, som då var ei halvering i høve til 2006. Mykje

av nedgangen kan forklarast med at Coast Air gjekk

konkurs, noko som førte til eit lengre opphald for ruta

mellom Stord og Oslo.

Universell utforming

I 2008 er det arbeidd med å førebu og planleggja

universell utforming av delar av infrastrukturen

fylkeskommunen har ansvar for. Det ligg føre konkrete

planar for å rusta opp kollektivterminalane i Åsane,

Loddefjord og Knarvik. Til planlegging og opprustinga

vert det nytta statlege tilskotsmidlar for til saman 900

000 kr og 300 000 kr av eigne midlar. Til planlegging

av oppgradering av Bergen Bystasjon/Nonneseter fekk

fylkeskommunen tildelt 3,75 mill. kr av dei statlege

midlane. I tillegg vart det i 2008 løyvd 5,8 mill. kr over

Bergensprogrammet til generell opprusting av Loddefjord

og Åsane terminalar og Bergen Bystasjon.

Nordlig Maritim Korridor (NMCII) StratMoS

NMC II vart avslutta sommaren 2008 og Hordaland

fylkeskommune søkte om deltaking i oppfølginga av

NMC II i Interreg IV B. Hordaland vart godkjent som

partnar i programmet «Motorways of the Sea Strategic

Project – StratMoS» i desember 2008. Hovudsiktemålet

for StratMoS vil m.a. vera som for NMC å medverka til

å få gods over frå veg til sjø.

Bompengeprosjekt i Hordaland

Dei samla bompengeinntektene i Hordaland auka med

9 % frå 2007 til 2008 til i alt 614 mill. kr. Talet på

passeringar i bompengeprosjekta auka med 17,7 %.

Auken skriv seg hovudsakleg frå bomringen i Bergen

(95 %) i samband med utvidinga med fem nye bomstasjonar

i ein ytre ring i juni 2007. Inntektene frå bomringen

i Bergen auka med 7,1 %. Det er verd å merka

seg at det var ein trafikknedgang for Bompengeringen

på 2,6 % for andre halvår 2008 samanlikna med 2007.

Fylkestinget vedtok i juni 2008 å forlenga bompengeinnkrevjinga

for finansiering av vidare opprusting av E

39 Jektevik-Sandvikvåg til 31.12.2012. Stortinget har

godkjent lenginga som vil gje ytterlegare 70 mill. kr til

utbetringsarbeid. Dei statlege rammene til prosjektet vil

verta fastsett i NTP 2010-2019.

SAMFERDSEL

Fylkesvegar

Til investeringar på fylkesvegnettet vart det nytta 28,1

mill. kr til nyanlegg. 20 mill. kr gjekk til refusjonar. I

tillegg kom investeringar finansiert gjennom tilskot /

forskotteringar på 13,9 mill. kr. I samsvar med tidlegare

vedtak om medfinansiering av Bergensprogrammet vart

det løyvd 10 mill. kr til investeringstiltak i Bergen.

Resten av løyvinga er nytta til ei rad med mindre

prosjekt.

Til drift og vedlikehald av fylkesvegar vart det i 2008

nytta 103 mill. kr. Med denne ramma var det i 2008

rom for 46 km med nytt dekke på fylkesvegane. Det

tilsvarar 2,7 % av den samla lengda på dei vel 1700 km

med fylkesvegar i Hordaland.

Hordaland fylkesting

vedtok 15. oktober

kva trasealternativ

som skulle leggjast til

grunn for innhenting

av anbod på byggjing

av Jondalstunnelen.

Vedtaket lyder:

«1. Fylkestinget legg

til grunn at det vert

henta inn anbod på

trasealternativ S1 +

S9 + N2 for

Jondalstunnelen,

med opsjonar som

fangar opp dei fire

alternativa som ligg

føre.

2. Fylkestinget vil

kome attende til

endeleg traseval for

Jondalstunnelen når

det etter anbodsinnhentinga

føreligg

endeleg kostnadstal

for dei fire aktuelle

trasealternativa.»

Bompengeinntektene

i Hordaland kom opp

i 614 mill. kr i 2008. I

bomringen i bergen

kom det inn 375 mill.

kr.

Årsmelding 2008 35


ORGANISASJON

Fleire årsverk og større «kvinnefleirtal»

i fylkeskommunen

Under er vist korleis

dei tilsette i kvar

sektor i fylkeskommunen

er

fordelte etter kjønn

(2008). For heile

fylkeskommunen er

fordelinga 56,4 %

kvinner og 43,6 %

menn. Kvinnedelen

auka dermed 0,7 %

frå 2007.

Personar

2000

1750

1500

1250

1000

750

500

250

0

1946

Talet på utførde årsverk i Hordaland

fylkeskommune auka med 2 % i 2008.

Over 56 % av dei tilsette er kvinner, ein

liten auke frå 2007. Det samla

sjukefråværet gjekk i 2008 litt opp, til 6,3

%. Tiltaksplan for likestilling og likeverd i

fylkeskommunen vart vedteken av

fylkestinget. Eit omfattande program for

sikker behandling av personopplysningar

starta i 2008.

Tilsette

Talet på utførde årsverk i Hordaland fylkeskommune

var 3 835 i 2008, ein auke på 79 frå 2007. Av auken var

58 årsverk innan opplæring.

Talet på tilsette auka med kring 40 til 4 410.

Kjønnsfordeling

56,4 % av dei tilsette i fylkeskommunen er kvinner

(2007: 55,7 %) og 43,6 % menn. I tannhelsetenesta er

heile 86 % av dei tilsette kvinner. Innan opplæring er

vel 54 % kvinner, og i fylkesadministrasjon/andre er

51 % kvinner (2007: 49 %).

Sjukefråvær

Sjukefråværet i Hordaland fylkeskommune var 6,3 % i

2008, som er 0,1 % høgare enn i 2007. Fråværet for kvinner

var 7,7 % (– 0,1 %) og for menn 4,7 % (+ 0,3 %). Frå

samla sjukefråvær på 5,8 % i 2005, var det ein auke til 6,2

% i 2006, så uendra nivå i 2007 og ein liten auke i 2008.

1652

Fordeling tilsette

347

Menn

43,6 %

55

Kvinner

56,4 %

286

Kvinner

Menn

275

Opplæring Tannhelse Fylkesadm./andre

Inkluderande arbeidsliv

Arbeidet med inkluderande arbeidsliv heldt fram i 2008

etter dei mål og retningsliner som er definerte for IAarbeidet

i Hordaland fylkeskommune. Ansvaret for det

vanlege IA-arbeidet er lagt ut i avdelingane og einingane.

Personalseksjonen har rådgjevarrolle og syter for

at dei praktiske verktøya i IA-arbeidet vert oppdaterte.

Mangfald

Tiltaksplan for likestilling og likeverd i Hordaland

fylkeskommune vart vedteken av fylkestinget i 2008.

Likestilling og likeverd er viktig for Hordaland

fylkeskommune som arbeidsgjevar. Mangfald er

definert som ein del av likestillings- og likeverdsomgrepet

og eit av tiltaka i planen er å sikra at personar

med innvandrarbakgrunn vert kalla inn til intervju

dersom dei er kvalifiserte for stillinga.

Hordalandsmodellen - med

kurs for tverrkulturell kompetanse

Hordalandsmodellen har i samarbeid med Opplæringsavdelinga

vidareført basiskurs i«Tverrkulturell forståing»

for rådgjevarar i vidaregåande skular i Hordaland.

Totalt har Hordalandsmodellen gjennomført 40

basiskurs retta mot offentleg tilsette både på lokalt,

regionalt og nasjonalt plan. Alle tiltaka inngår i satsinga

for kompetanseutvikling og modernisering av offentleg

sektor og arbeidet med inkludering og kvalifisering av

etniske minoritetar som nedfelt i dei politiske styringsvedtaka

St.m. 17 og St.m. 49 og Regjeringa sin Handlingsplan

mot rasisme og diskriminering.

Hausten 2008 gjennomførte Hordalandsmodellen den

7. konferansen i konseptet«Vestlandet - eit fleirkulturelt

samfunn!» Temaet var NAV-reforma og den sivile rettspleie

i lokalsamfunnet.

Under generalforsamlinga til Assembly of European

Regions (AER) i Finland hausten 2008 viste Hordaland

fylkeskommune fram arbeidet sitt med integrering av

minoritetar med ein eigen stand der både Hordalandsmodellen

og prosjekt innan vidaregåande opplæring vart

presenterte.

Forhandlingar

I 2008 var det hovudforhandlingar innan lønsområdet

og ei av oppgåvene var å få på plass ein ny lønsstruktur

for leiarane i den vidaregåande skulen.

Møte og forhandlingar for å løysa personalsaker har

auka i omfang dei seinare åra.

Tiltak overfor driftspersonalet

I 2008 har Hordaland fylkeskommune oppretta eige

arbeidsmiljøutval (AMU), eigen AKAN-kontakt og eige

hovudverneombod for driftspersonell. Bakgrunnen for

dette er at denne gruppa med tilsette organisatorisk høyrer

inn under eigedomsseksjonen, men har arbeidsplassen sin

på dei ulike vidaregåande skulane i fylket.

Kompetanseutvikling

Frå 1.8.2008 vart det innført ny leiarstruktur i den

vidaregåande skulen med organisering i avdelings-

36 Årsmelding 2008


ORGANISASJON

struktur og skiping av stillingar for avdelingsleiarar. Dei

nær 220 avdelingsleiarane har fått personalfullmakter.

Dette gjer at organisasjonsavdelinga i samarbeid med

opplæringsavdelinga har satsa på å styrkja kompetansen

innan personalområdet for denne gruppa gjennom kurs

og konferansar.

HMT-seksjonen arrangerte 10 kurs om ulike arbeidsmiljøtema

med i alt 210 deltakarar. Rådgjevarane i

seksjonen har i tillegg hatt både undervisning og oppfølging

ute i einingane og på fylkeskommunale konferansar.

Arbeidsmiljø

Den årlege Arbeidsmiljørapporten vart gjennomførd for

4. gong, også denne gong med 100 % svarrespons frå

einingane. Rapporten er eit styringsverktøy og skal gje

eit oversyn for oppfølging av krava som Arbeidsmiljølova

stiller til fylkeskommunen.

Fokus på arbeidsmiljøutvikling

For å motivera til større merksemd rundt helse-, miljøog

tryggleiksarbeidet, sender HMT-seksjonen årleg ut

tilbodskatalog til alle einingane. I tillegg utarbeidde

seksjonen i 2008 ein eigen aktivitetskalender med

månadlege konkurransar på intranett. Representantar frå

seksjonen deltok med eigen informasjonsstand på

fylkeskommunale konferansar.

For første gong laga fylkeskommunen ein informasjonsfilm

om ergonomi for å førebyggja belastningslidingar

hjå elevane.

Førebygging av arbeidsrelaterte plager og sjukdom

er i 2008 vorte styrkt ved at representantar frå HMTseksjonen

har kome inn i planleggingsfasen for mange

byggjeprosjekt og i arbeidet med ergonomidelen av

innkjøpsavtalen for fylkeskommunen. Inneklima har

vore eit anna etterspurd område. Prosjektet

AktivKvarDag skapte mykje aktivitet blant dei tilsette

og vart utvikla vidare.

Arbeidsmiljødagen

Oppslutninga om Arbeidsmiljødagen 2008 i april var

god (125 deltakarar). Programmet var variert og starta

Prosent

9

8

7

6

5

4

3

2

1

0

Sjukefråvær 2005-2008

5,8

6,9

4,6

6,2

7,6

4,6

2005 2006 2007 2008

Grafen viser sjukefråvær i 2005 for fast tilsette i fylkeskommunen.

Fråværet er vist samla og fordelt på kvinner

og menn for alle tilsette, og tilsvarande for pedaogisk og

ikkje-pedagogisk personale. Sjukefråvær for vikarar er

ikkje med i desse tala.

6,2

7,8

4,4

Totalt

Kvinner

Menn

6,3

7,7

4,7

Nøkkeltal 2007-08

Tal tilsette i Hordaland fylkeskommune:

2007 2008

Totalt: 4 370 4 410

Kvinner: 2 462 2 486

Menn: 1 908 1 924

Pedagogisk personale: 2 842 2 820

Kvinner: 1 359 1 348

Menn: 1 483 1 472

Ikkje-pedagogisk personale: 1 593 1 654

Kvinner: 1 142 1 176

Menn: 451 478

Sektorvis fordeling:

Fylkesadm./andre 524 561

Kvinner: 255 286

Menn: 269 275

Opplæring 3 600 3 598

Kvinner: 1 968 1 946

Menn: 1 632 1 652

Tannhelse 399 402

Kvinner: 340 347

Menn: 59 55

Årsverk:

Totalt i fylkeskommunen 3 756 3 835

Opplæring 3 004 3 062

Tannhelse 307 302

Fylkesadm./andre 445 470

Oversyn alder:

Snittalder, alle tilsette: 49,2 år 49,4 år

Snittalder, kvinner: 48,4 år 48,6 år

Snittalder, menn: 50,5 år 50,3 år

Snittalder,

ikkje-pedagog. personale: 48,5 år 48,5 år

Snittalder, kvinner: 48,8 år 48,9 år

Snittalder, menn: 47,7 år 47,5 år

Snittalder, ped. personale: 49,7 år 49,8 år

Snittalder, kvinner: 47,9 år 48,3 år

Snittalder, menn: 51,3 år 51,1 år

Lågast snittalder, pedagogisk personale:

Etne vidaregåande skule

41,3 år

Sjukefråvær:

Samla i fylkeskommunen 6,2 % 6,3 %

Kvinner 7,8 % 7,7 %

Menn 4,4 % 4,7 %

Pedagogisk personale 5,5 % 5,6 %

Kvinner 7,1 % 7,1 %

Menn 4,2 % 4,4 %

Ikkje-pedagogisk personale 7,3 % 7,5 %

Kvinner 8,7 % 8,5 %

Menn 4,8 % 5,5 %

Gjennomsnittleg årsløn i kroner:

Menn Kvinner Totalt

Ikkje-ped. 2008 397 531 351 566 364 665

Ikkje-ped. 2007 378 140 324 751 339 140

Ikkje-ped. 2006 351 692 309 611 321 283

Pedagogisk 2008 434 464 425 568 430 220

Pedagogisk 2007 405 018 393 556 399 565

Pedagogisk 2006 387 350 376 098 382 089

Totalt 2008 425 347 390 481 405 598

Årsmelding 2008 37


ORGANISASJON

Fylkesvaraordførar

Tom-Christer Nilsen

(t.v) saman med

Eldsjel 2008, tannlege

Kjell Størksen og

vinnarane av

Arbeidsmiljøprisen

2008, Fitjar

vidraregåande skule.

Her representert ved

rektor Anna Bodil

Hestenes Tislevoll,

elevinspektør Hilde

Førre og

hovudverneombod

Astrid Bukkøy.

med eit engasjerande foredrag av professor Frank

Aarebrot. Stor merksemd fekk òg samtalen mellom

fylkesrådmann Paul M. Nilsen og fylkesvaraordførar

Tom-Christer Nielsen. For andre gong vart Arbeidsmiljøprisen

og Eldsjelprisen delte ut.

IT-lagring av 20 000 000 000 000 teikn

Stabil og sikker lagring av data er viktig. Totalt lagrar

IT-seksjonen nærare 20 TB (terabyte) med data. Dette

betyr at 20 billionar teikn vert lagra på det sentrale

datasenteret i fylkeskommunen. Det er etablert omfattande,

automatiserte reservekopiløysingar som forenklar

rutinane. Vidare vert det nytta virtuelle dataserverar som

gjev betre tilpassing av yting, og enklare oppdatering

og tilpassing av løysinga.

Fylkeskommunen er FEIDE-godkjend

FEIDE står for felles elektronisk identifikasjon som gjer

det enklare for elevar og lærarar å få tilgang til læremiddel

som er gjort tilgjengelege via internett. Ein

LIKESTILLINGSBAROMETER

Tal kvinner i leiarstillingar, pr. 31.12.2008

Opplæring

Rektorar i vidaregåande skule 24 (av 48)

Tannhelsetenesta

Fylkestannlegen si leiargruppe 1 (av 2)

Overtannlege 1 (av 5)

Klinikksjef 12 (av 24)

Fylkesadministrasjonen:

Avdelingsleiarar 1 (av 8)

Arbeidslagsleiarar 3 (av 4)

Alle tilsette fordelt etter kjønn, pr. 31.12.08:

Kvinner 56,4 %

Menn 43,6 %

Opplæring:

Kvinner 54,1 %

Menn 45,9 %

Tannhelsetenesta:

Kvinner 86,3 %

Menn 13,7 %

Fylkesadministrasjonen/andre:

Kvinner 51,0 %

Menn 49,0 %

leverandør av ei teneste, t.d. eit forlag, vil då kunne

sjekka at ein brukar er tilsett eller er elev i Hordaland

fylkeskommune ved at brukaren loggar seg på med same

brukarnamn og passord som dei brukar i fylkeskommunen.

FEIDE-godkjenninga betyr at vi har vore tidleg ute og

etablert eit omfattande kvalitetssystem for identitetshandtering

i opplæringssektoren og utvikla IT-løysingar

og rutinar som gjer identitetsinformasjon tilgjengelig på

ein sikker måte. IT-seksjonen har også teke på seg å gje

råd til kommunane i Hordaland om korleis dei skal løysa

denne oppgåva.

6000 nye elev-PC-ar er tekne i bruk

Også ved skulestart 2008 fekk dei Vg1-elevane ein

berbar PC tilrettelagt med programvare og oppsett for

bruk av det trådlause nettet på skulane. Brukarnamn var

tilsendt elevane per SMS og naudsynte konti for bruk

av e-læringsplattform, e-post osv. var gjort klare. Også

i 2008 opplevde vi ei problemfri gjennomføring av ein

stor leveranse.

Informasjonstryggleik

Bruk av informasjonsteknologi gjer det mogleg å løysa

fylkeskommunale oppgåver effektivt. Samstundes stiller

bruk av slik teknologi krav til fylkeskommunen om

forsvarleg handtering av dei opplysningane som vert

behandla generelt og av personopplysningar spesielt.

Auka digitalisering skjerpar krava.

I 2008 vart det sett i gang eit omfattande arbeid med

revidering og oppdatering av fylkeskommunen sitt

system for sikker behandling av personopplysningar.

Arbeidet er kome godt i gang. Ansvar, mynde og

oppgåver er vortne klårt definerte og organiserte, men

ein del prosedyre- og rutineutvikling står att. Arbeidet

vil halda fram for fullt i 2009.

Datatilsynet gjennomførde kontroll hos Hordaland

fylkeskommune i oktober 2008. Temaet for kontrollen

var behandling av personopplysningar i samband med

varslingsrutinar oppretta i tråd med arbeidsmiljølova

sine krav. Kontrollen vart òg retta mot fylkeskommunen

sitt systematiske arbeid med informasjonstryggleik

generelt. Datatilsynet såg positivt på arbeidet som var

sett i gang, men var kritiske til at fylkeskommunen ikkje

kunne leggja fram ein heilskapleg dokumentert informasjonstryggleik

og internkontroll. Tilsynet har resultert

i vedtak som pålegg fylkeskommunen å korrigera avvika

i løpet av 2009.

38 Årsmelding 2008


Miljørapport 2008

Energibruken i fylkeskommunale bygg i 2008 er om lag

uendra frå året før, men litt meir bruk av fjernvarme. Talet

på flyreiser gjekk litt ned, bilkøyring i teneste auka noko

og det same gjorde CO2-utsleppa frå reiseverksemda.

Mindre bruk av fyringsolje gav redusert CO2-utslepp.

CO2-utslepp

Utslepp av CO2 frå fylkeskommunen si reiseverksemd

auka med 30 000 tonn frå 2007 til 2008. Utsleppa i 2008

var 794 000 tonn. Utslepp frå flyreiser gjekk ned, medan

auka bilbruk gav større utslepp.

Oppvarming med fyringsolje gjekk ned i 2008, og

dermed minka CO2-utsleppa tilsvarande. Nøyaktige tal

manglar, men reduksjonen er stipulert til 85 tonn.

Den største delen av CO2-utsleppa innan fylkeskommunen

sitt ansvarsområde kjem frå kollektivtrafikken.

Det er sannsynleg at utsleppa frå kollektivtrafikken

auka sidan transportarbeidet var større. I det

samla biletet treng ikkje det vera negativt. Kollektivtrafikken

er eit verkemiddel for å bidra til reduksjonar i

klimagassutsleppa på andre felt (privatbilar). I det

minste på kort sikt kan ein utsleppsauke vera positiv

dersom fleire reiser kollektivt.

Fleire tok buss og båt i fylket i 2008 enn året før.

Både for bil- og båtruter auka passasjerkilometer meir

enn køyrde kilometer, noko som tyder på betre kapasitetsutnytting

og bidrag til å avgrensa CO2-utsleppa.

CO2-utsleppa frå busstrafikken er sett til 0,06 kg CO2

per passasjerkilometer (CIVITAS 2008), medan utsleppa

per km køyring med privatbil er på rundt 0,16 kg.

Energibruk

Mengda registrert innkjøpt energi til fylkeskommunal

verksemd var 56,3 mill. kWh i 2008 som er nesten

uendra frå 2007 då forbruket var 56,1 mill. kWh. I 2005

var forbruket 55,6 mill. kWh og i 2006 53,4 mill. kWh.

Vel 90 % av energibruken er elektrisk straum.

Prosentdelen elektrisk straum har vore aukande, medan

bruken av fyringsolje har gått ned. Fjernvarme levert

frå BKK auka til 4,4. % (2007: 3,1 %). Mykje av auken

frå 2007 til 2008 forklarast ved at Bergen katedralskole

hausten 2007 vart knytt til fjernvarmenettet. Frå før er

fjernvarme nytta på Sandsli og Langhaugen vidaregåande

skular og i Fylkeshuset.

ORGANISASJON

Miljørapporten til Hordaland fylkeskommune

for 2008 omfattar dei klimaog

miljødataa for fylkeskommunen sin

aktivitet som det er mogleg å skaffa på

noverande tidspunkt. Arbeidet med å

innføra rutinar som gjer det mogleg å få

fram fleire, meir detaljerte og meir

korrekte data til miljørapportering for

seinare år held fram.

Innkjøpt energimengde varierer noko frå år til år, men

ser ut til å vera svakt aukande over tid.

Forbruket av fyringsolje er minkande. I mange bygg

er det mogleg å skifta mellom olje og elektrisk straum

til oppvarming, og endringar i fordelinga kan skje t.d.

på grunn av endringar i prisane.

Prosentvis fordeler energikjøpet seg slik etter

energikjelde i 2008, med tal for 2007 i parentes:

Elektrisk straum 91,3 % (92,1 %), fyringsolje 4,3 %

(4,9 %) og fjernvarme frå BKK 4,4 % (3,1 %). Noko

biobrensel vert nytta ved Voss jordbruksskule.

Reiser

I 2008 vart det reist 5 493 strekningar med fly i

fylkeskommunal teneste, ein nedgang på 4,6 % frå året

før. Talet på tenestereise med overnatting viser nedgang

på ca. 10 % frå 2007.

Tenestekøyring med bil var til saman på ca. 1,7 mill.

km i 2008, ein auke 16,1 % frå 2007. Auken heng saman

med at fleire køyrer bil i teneste og at dei i gjennomsnitt

køyrer lenger.

Fylkestinget vedtok i 2007 kjøp av CO2-kvotar på

alle fylkeskommunale flyreiser, og dette vart sett i verk

på nyåret 2008. Det vart kjøpt klimakvotar for 117 000

kr i 2008.

Papirbruk

Papirforbruket i 2008 var på 186 tonn. Forbruket

fordeler seg med 76 % på skulane, 22 % i fylkesadministrasjonen

og 2 % i tannhelsetenesta. Samanliknbare tal

for 2007 er ikkje tilgjengelege.

Energibruk Hordaland fylkeskommune 2005-2008

Endring Endring

Forbruk målt i kWh 2005 2006 2007 2008 2005-08 2007-08

Straumforbruk 50 796 603 46 808 795 51 686 982 51 400 716 604 113 – 286 266

Fyringsolje 2 731 870 4 686 940 2 738 410 2 426 200 – 305 670 – 312 210

Fjernvarme 2 069 570 1 889 370 1 714 270 2 485 930 416 360 771 660

Totalt forbruk 55 598 043 53 385 105 56 139 662 56 312 846 714 803 173 184

Tabellen viser kvantum energi innkjøpt i året. Gjeld innkjøp frå hovudleverandørane.

Årsmelding 2008 39


Administrativ organisering

Fylkesrådmann

Organisasjonsavdelinga

Stab

Økonomiavdelinga

Strategi- og

næringsavdelinga

Kultur- og

idrettsavdelinga

Opplæringsavdelinga

Samferdselsavdelinga

Tannhelseavdelinga

Hovudstrukturen i fylkesadministrasjonen har to

stabseiningar og fem fagavdelingar.

Stabseiningane er organisasjonsavdelinga og økonomiavdelinga.

Stabane sin funksjon er å vera støtteeiningar

til linjeorganisasjonen og/eller ha arbeidsoppgåver

som er verksemdsovergripande. Fagavdelingane

er kultur- og idrettsavdelinga, opplæringsavdelinga,

samferdselsavdelinga, strategi- og næringsavdelinga og

tannhelseavdelinga.

I tillegg er det fire arbeidslag som er ei form for

matriseorganisering i fylkeskommunen for å styrkja det

tverrfaglege samarbeidet innan utvalde fagområde.

Arbeidslaga er analyse, utgreiing og dokumentasjon

(AUD), internasjonalt arbeid, verdiskaping i kystsona og

reiseliv.

I 2007-08 har det vore ein gjennomgang og justering

av organiseringa av avdelingane. Det er gjennomført

samsvarande inndelingar i seksjonar og einingar under

seksjonane der det er behov for dette. Detaljert oversikt

over inndelingane er tilgjengeleg på fylkeskommunen

sine nettsider på www.hordaland.no.

Fylkesrådmann

Paul M. Nilsen.

Økonomidirektør

Johnny Stiansen.

Samferdselssjef

Magnus Vestrheim.

Strategi- og

næringsdirektør

Jan Per Styve.

Opplæringsdirektør

Svein-Erik Fjeld.

Organisasjonsdirektør

Gerd Ingunn Opdal.

Kst. fylkeskultursjef

Ronny Skaar.

Fylkestannlege

Inge Magnus Bruvik.

40 Årsmelding 2008


Politisk organisering

Gjeldande politisk styringsstruktur i Hordaland fylkeskommune

vart sett i verk frå 15. oktober 2003 då ny

fylkestingsperiode (2003-07) tok til. Talet på medlemer i

fylkestinget vart redusert frå 67 til 57 ved valet hausten

2003.

Fylkestinget

Fylkestinget er det øvste politiske organet i fylkeskommunen,

og gjer vedtak på vegner av fylkeskommunen så

langt anna ikkje følgjer av lov, forskrift eller delegasjonsvedtak.

Fylkesutvalet

Talet på medlemer i fylkesutvalet er 15. Fylkesutvalet har

det daglege ansvaret for samordning av den fylkeskommunale

verksemda.

Fylkesutvalet er fylkeskommunen sitt driftsutval, og tek

endeleg avgjerd i driftssaker som ikkje er lagde til andre

organ eller administrasjonen.

Ansvaret for samordning, planar, økonomi, næringssaker

og overordna næringspolitikk, ligg til fylkesutvalet.

Alle saker frå dei faste utvala som gjeld planar og

økonomi skal handsamast av fylkesutvalet før endeleg

avgjerd.

I samband med at fylkesutvalet også er administrasjonsutval,

er det inngått protokoll med arbeidstakarorganisasjonane.

Av den går det fram at arbeidstakarane skal ha

fire representantar i administrasjonsutvalet saman med

fylkesutvalet sine 15 representantar.

Utvala

Dei tre faste utvala er:

Kultur- og ressursutvalet

Opplærings- og helseutvalet

Samferdselsutvalet

Kvart utval har 13 medlemer.

Saker i dei politiske organa

2005 2006 2007 2008

Fylkestinget 87 86 97 73

Fylkesutvalet 334 335 309 305

Kultur- og ressursutvalet 102 126 115 116

Opplærings- og helseutvalet 68 78 58 56

Samferdselsutvalet 86 75 75 76

Kontrollutvalet 46 53 44 39

Kontrollutvalet

5 medlemer

Fylkestinget

57 medlemer

Fylkesutvalet

15 medlemer

Avgjerd i ein del driftsoppgåver er delegert til utvala.

Utvala har m.a. vedtaksrett i saker som gjeld fordeling av

budsjetterte tilskots- og stønadsmidlar.

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet har fem medlemer, av dei vert 3 valde blant

fylkestinget sine medlemer og 2 valde utanom fylkestinget

sine medlemer. Leiar og nestleiar vert valde frå fylkestinget.

Kontrollutvalet fører tilsyn med den fylkeskommunale

forvaltinga.

Utvalsleiarar 2007-2011

Roald Stenseide (Frp) vart attvalt som leiar i

opplærings- og helseutvalet og Gustav Bahus

(Frp) som leiar i samferdselsutvalet då

Hordaland fylkesting 6. november 2007 valde

medlemer til ei lang rekkje utval, styre og råd for

valperioden 2007-11. Helge Andre Njåstad (Frp)

vart valt til ny leiar i kultur- og ressursutvalet og

avløyste dermed Georg Indrevik (Frp). Terje

Hermansen (Ap) vart attvalt som leiar i

kontrollutvalet.

Kultur- og ressursutvalet

13 medlemer

Faste utval

Opplærings- og

helseutvalet

13 medlemer

Samferselsutvalet

13 medlemer

Fylkestingsvala 1975-2007

Samansetjinga av fylkestinget etter vala i:

1975 1979 1983 1987 1991*1995 1999*2003 2007

Arbeiderpartiet 26 23 28 26 24 18 18 13 14

Raud Valallianse 1 1 1 1 1 2 2 2

Sosialistisk Venstreparti 4 3 5 5 10 4 5 6 4

DNF 5 2

DLF/Venstre 5

Venstre 3 6 5 3 5 3 2 2

Senterpartiet 8 6 5 5 10 8 5 4 3

Kristeleg Folkeparti 15 12 11 10 10 9 9 5 5

Høgre 22 29 23 20 16 12 13 11 11

Fremskrittspartiet 2 3 7 13 8 9 11 13 14

Pensjonistpartiet 2 1 1 1

Fedrelandspartiet 1

* Samla tal representantar vart redusert frå 85 til 67 frå og med valet i 1995, og frå 67 til 57 frå

og med valet i 2003.

Representantfordeling

Talet på representantar i Hordaland

fylkesting er 57. Tabellen

viser fordelinga mellom partia

ved valet i 2007 og endringane i

høve til valet i 2003:

Repr. Endring

2007 03-07

A 14 + 1

Frp 14 + 1

H 11 0

SV 4 – 2

KrF 5 0

Sp 3 – 1

V 2 0

RV 2 0

Pensj. 0 – 1

Årsmelding 2008 41


Politiske leiarar

Torill

Selsvold

Nyborg

Fylkesordførar

Tom-

Christer

Nilsen

Fylkesvaraordførar

Roald

Stenseide

Leiar

opplærings- og

helseutvalet

Helge Andre

Njåstad

Leiar

kultur- og

ressursutvalet

Gustav

Bahus

Leiar

samferdselsutvalet

Terje Olav

Hermansen

Leiar

kontrollutvalet

UTDANNING

Politiske organ 2007-11, medlemer

Fylkesutvalet

DET NORSKE ARBEIDERPARTI

Gisle Handeland, 5947 Fedje

Joril Christensen, Sædalssvingene 36 C,

5098 Bergen

Sigmund Olsnes, Pb 284 Indre Arna,

5888 Bergen

Torill Vebenstad, Bastanesveien 22,

5305 Florvåg

FREMSKRITTSPARTIET

Terje Søviknes, Søvikneset 130,

5215 Lysekloster

Monica Nilsen, Selvikveien 21,

5106 Øvre Ervik

Petter Kvinge Tvedt, Pb 509 Sentrum,

5809 Bergen

HØYRE

Tom-Christer Nilsen, Florvågøen st. 21,

5305 Florvåg

Mona Røsvik Strømme, Øv. Våganeset 18,

5106 Øvre Ervik

Stein Inge Ryssdal, Dortledhaugen 108,

5239 Rådal

KRISTELEG FOLKEPARTI

Torill Selsvold Nyborg, Byklettvn. 8,

5353 Straume

Pål Kårbø, Juviknipa 4, 5918 Frekhaug

SENTERPARTIET

Magnar Lussand, 5736 Granvin

SOSIALISTISK VENSTREPARTI

Mette Holmefjord Olsen, Hagen 46,

5640 Eikelandsosen

VENSTRE

Harald Hove, Lyngbøkollen 61, 5164 Laksevåg

Administrasjonsutvalet

Leiar: Tom-Christer Nilsen

Samferdselsutvalet

ARBEIDERPARTIET

Nils-Olav Nøss, Strønevegen 419,

5218 Nordstrøno

Jette Lunemann Hansen, Konsul Børsgt. 11,

5016 Bergen

Anne-Line Innvær, Grutle 11, 5419 Fitjar

FREMSKRITTSPARTIET

Gustav Bahus, Lynghaugen Boks 322,

5203 Os

Elisabeth Eide Tharaldsen, Larsstø,

5454 Sæbøvik

Georg Indrevik, Kolltveit, 5353 Straume

HØYRE

Einar Lutro, Ullensvang, 5781 Lofthus

Torill Eidsheim, Røsvikdalen 16 A,

5914 Isdalstø

Eli Årdal Berland,Vågslia 13, 5363 Ågotnes

KRISTELEG FOLKEPARTI

Robert David Erlandsen, Kvernslåttvegen 49,

5239 Rådal

SENTERPARTIET

Bente Bondhus, Neslia 70, 5470 Rosendal

VENSTRE

Kjartan Haugsnes, Botnavegen 27,

5725 Vaksdal

Anne Beth Njærheim, Raunevarden 5,

5430 Bremnes

Leiar: Gustav Bahus

Nestleiar: Einar Lutro

Kontrollutvalet

DET NORSKE ARBEIDERPARTI

Terje Hermansen, Langedalen 102,

5212 Søfteland

FREMSKRITTSPARTIET

Dagfinn Vik, Holmatunvegen 22,

5610 Øystese

Sølvi Anita Schei, Sangolt, 5382 Skogsvåg

Kultur- og

ressursutvalet

DET NORSKE ARBEIDERPARTI

Aud Karin Søilen, Nils Langhellesv. 68,

5148 Fyllingsdalen

Liv Oda Dale, 5986 Hosteland

Toralv Mikkelsen, Eidesmoen 4, 5750 Odda

FREMSKRITTSPARTIET

Helge Andre Njåstad, 5384 Torangsvåg

Stig Høgholm, Kjenndalsåsen 26,

5225 Nesttun

Anita Garlid Johannessen, Trengereidvegen

64, 5382 Skogsvåg

HØYRE

Berit W. Eldøy, Høylandsv. 3, 5412 Stord

Arne Havnerås, Neslia 90, 5470 Rosendal

Haakon A Sundve Thuestad, Fosswinckelsgt.

32A, 5008 Bergen

KRISTELEG FOLKEPARTI

Ola Johan Settem, Haukedalen 132,

5121 Ulset

RAUD VALALLIANSE

Dijana Milicevic Saga, Ragdevegen 113,

5750 Odda

SENTERPARTIET

Toppe, Kjersti, Slettevikvegen 24, 5124 Morvik

SOSIALISTISK VENSTREPARTI

Kim Eirik Størksen,Michael Krohnsgt. 105,

5057 Bergen

Leiar: Helge Andre Njåstad

Nestleiar: Berit W. Eldøy

Opplærings- og

helseutvalet

DET NORSKE ARBEIDERPARTI

Hans Otto Robberstad, 5427 Urangsvåg

Guro Fosse Haraldsen, Stubsgt. 5A,

5006 Bergen

Jan Johnson, Austre Sagstadvegen 66,

5243 Fana

FREMSKRITTSPARTIET

Roald Stenseide, Postboks 96,

5327 Hauglandshella

Rosalind Fosse , Ramsøy,

5310 Hauglandshella

Bjørn Arne Aakvaag, Oterhaugane 5 A,

5914 Isdalstø

HØYRE

Eivind Nævdal-Bolstad, Øvre Sandviksv. 15,

5034 Bergen

Cathrine E. Schjelderup, Hatleberg studenthj.,

Hatlev. 5b B716, 5041 Bergen

Dan Stian Femoen, Nordåsbrotet 113,

5235 Rådal

KRISTELEG FOLKEPARTI

Aslaug Hellesøy, 5474 Løfallstrand

RAUDT

Sunniva Schultze-Florey, Absalon

Beyersgt. 48, 5034 Bergen

SENTERPARTIET

Lene Fløysand Sylta, Bruvoll, 5956 Vågseidet

SOSIALISTISK VENSTREPARTI

Aud Karin Oen, Skrubbenakken 2022,

5337 Rong

Leiar: Roald Stenseide

Nestleiar: Eivind Nævdal-Bolstad

KRISTELEG FOLKEPARTI

Rolf Sandstad, Høgeberget 29,

5943 Austrheim

VENSTRE

Grete Line Simonsen, Dragefjellstrappen 3,

5010 Bergen

Leiar: Terje Hermansen

Nestleiar: Grete Line Simonsen

42 Årsmelding 2008


OM HORDALAND

Fakta om Hordaland

VIK

Fedje

FEDJE

AUSTRHEIM

Tjeldstø

ØYGARDEN

FJELL

Austrheim

Manger

Store Sotra

Skogsvåg

RADØY

Stord

Masfjorden

Alversund

Dale

Knarvik

Frekhaug

Steinst

Salhus

Lonevåg

ASKØY Valestrandsfossen

Breistein

Hausvik

Vaksdal

Yt

Arna

Kleppestø In

Knarrevik

SUND

Storebø

AUSTEVOLL

MELAND

FITJAR

Fitjar

Hjellestad

Lindås

BERGEN

MASFJORDEN

LINDÅS

Espeland Tysse

BERGEN

Nesttun

Fana

Syfteland

OS

Os

TYSNES

OSTERØY

Uggdalseidet

Eikelandsosen

FUSA

Mo

VAKSDAL

SAMNANGER

Rosendal

Stølsheimen

MODALEN

Øystese

Norheimsund

KVAM

KVINNHERAD

H a r d a n g e r

Folgefonni

Jondal

Voss

Ålvik

JONDAL

VOSS

f j o rd e n

Tyssedal

Odda

GRANVIN

Granvin

Lofthus

Kinsarvik

ODDA

Ulvik

ULLENSVANG

AURLAND

ULVIK

Hardanger

jøkule

Eidfjord

EIDFJORD

Hardangervidda

nasjonalpark

Hardanger

vidda

HOL

NORE

OG

UVDAL

BUSKE

RUD

Rubbestadneset STORD Husnes

Bremnes

Valen

Sagvåg Sunde

Leirvik

BØMLO

ETNE

Bømlo

Skånevik

SVEIO ØLEN

Etne

Langevåg Førde

Sunnhordland

Sveio

Røldalsfjellet

SAUDA

Haukelifjell

SULDAL

VINJE

TELEMARK

HAUGESUND

VINDAFJORD

Folketal 1.1. 2009: 469 681

(9,8% av innbyggjarane i Noreg.)

Folkeauke 2007-2008 (pr. 31.12.): 7 007

Fødselsoverskot 2008: 2 508

Netto tilflytting 2008: 4 476

Kommunar med høgast folketal(1.1.2009):

Bergen 252 051

Askøy 24 432

Fjell 21 507

Kommune med lågast folketal (1.1.2009):

Modalen 351

Kommunar pr. 1.1. 2009: 33

Vegnettet:

Stamvegar 1.1. 2006:

759 km

Andre riksvegar 1.1. 2006:

1 103 km

Fylkesveglengd 1.1. 2006:

1 766 km

Kommuneveglengd 1.1. 2006: 3 065 km

Offentleg vegnett totalt 1.1. 2006: 6 693 km

Lengste bru: Nordhordlandsbrua 1 610 m

Lengeste hengebruspenn: Askøybrua 850 m

Lengste vegtunnelar:

Folgefonntunnelen

11 150 m

Bømlafjordtunnelen (undersjøisk) 7 888 m

Vallaviktunnelen

7 513 m

Klimagassar:

Høgaste fjell: Hardangerjøkulen 1 863 m

Største innsjø: Hamlagrøvatnet 10,3 km 2 Dagar med nedbør i Bergen 2005: 248

CO2-utslepp til luft 2007: 4 031 000 tonn Høgaste fossefall (tilnærma loddrett fall):

NOX-utslepp til luft 2006:

8 973 tonn Skykkjedalsfossen (Eidfjord)

300 m

SO2-utslepp til luft 2006:

1 947 tonn Tyssestrengene (Odda)

300 m

CH4-utslepp til luft 2007:

17 175 tonn Høgaste uregulerte fossefall,

Geografiske data:

(tilnærma loddrett fall):

Vedalsfossen i Eidfjord

200 m

Areal (total) 15 460 km 2 Lengste fjord:

Tot. areal inkll. terretorialfarvatn 22 633 km 2 Hardangerfjorden

179 km

Fastland og øyar utan ferksvatn 14 551 km 2 (Den nest lengste fjorden i Noreg,

Ferskvatn (areal) 909 km 2 etter Sognefjorden - 204 km.)

Isbrear (areal) 340 km 2 Største isbre: Folgefonna 212 km 2

Største kommune, areal: Voss 1 815,6 km 2 (Den tredje største isbreen i Noreg,

Minste kommune, areal: Fedje 9,4 km 2 Jostedalsbreen og Svartisen er større.)

Jordbruksareal i drift (06)

422 372 da

Skogareal, produktivt (05) 1 908 579 da Klima:

Mest nedbør på eitt år:

6 482 øyar i saltvatn

Kvittingen i Samnanger (1967) 5 087 mm

2 645 øyar i ferskvatn

15 529 ferskvatn

Mest nedbør på eitt døger:

Matre i Sunnhordland (1940) 229,6 mm

Lengd kystlinje på fastland

2 237 km Høgast målte temperatur:

Lengd kystlinje på øyar

6 504 km Voss (3. august 1982)

+ 33.2° C

Lengd kystlinje totalt

8 740 km Lågast målte temperatur:

Største øy: Osterøy 329 km 2 Finse (7. januar 1982)

– 39.6° C

Årsmelding 2008 43


HORDALAND

FYLKESKOMMUNE

Nøkkeltal 2008

Fylkesøkonomien

Driftsinntekter:

4 535,2 mill. kr

Driftsutgifter:

4 385,4 mill. kr

Renteutgifter:

98,8 mill. kr

Avdrag lån:

99,9 mill. kr

Netto driftsresultat

9,0 mill. kr

Årsresultat:

0,0 mill. kr

Investeringar anlegg/nybygg 621,0 mill. kr

Lånegjeld pr. 31.12.2008: 2 757,7 mill. kr

Kultur og idrett

Brutto driftsutgifter

Spelemidlar utbetalt

Spelemidar idrett, fordelt

Spelemidlar kulturbygg, fordelt

Br. driftsutg. kulturvern og museum

Samferdsel

206,0 mill. kr

67,3 mill. kr

70,9 mill. kr

4,3 mill. kr

54,1 mill. kr

Utdanning

Brutto driftsutgifter

2 375,8 mill. kr

Kostnad per elev

117 990 kr

Kostnad per lærling 45 367 kr

Elevar i fylkesk. vidaregåande skular 17 296

Elevar i teknisk fagskule 650

Elevar i private vidaregåande skular 2 188

Løpande lærekontraktar 4 348

Nye lærekontraktar 2008 2 186

Tal fylkeskommunale vidaregåande skular 45

Elevar per fylkesk. vidaregåande skule 401

Tannhelse

Brutto driftsutgifter

241,7 mill. kr

Undersøkt og behandla:

Prioriterte grupper 62,7 %

Born og unge 3-18 år 66,5 %

Prosent av alle innbyggjarane

under offentleg tilsyn 32,3 %

Regional utvikling

Regionalt utviklingsprogram(RUP) 71,8 mill. kr

Regionale næringsfond (del av RUP) 7,0 mill. kr

Kompensasjonsmidlar

for arbeidsgjevaravgift

36,0 mill. kr

Konsesjonskraftmidlar

strategiske prosjekt

15,0 mill. kr

Næringssatsing og tilskot, utanom RUP 13,2 mill. kr

Fakta om Hordaland

Areal 15 460 km 2

Folketal 1.1. 2009 469 681

Folkeauke 2007-2008 (pr. 31.12.) 7 007

Fødselsoverskot 2008 2 508

Netto tilflytting 2008 4 476

Netto tilflytting frå utlandet 2008 4 301

Folketal Bergen 1.1.2009 252 051

Heilt arbeidsledige pr. 28.02.09 5 924 (2,4 %)

Sysselsette på tiltak pr.28.02.09 1 131 (0,5 %)

Brutto driftsutgifter

992,8 mill. kr

Transport funksjonshemma

44,4 mill. kr

Fylkesvegvedlikehald

102,3 mill. kr

Busspassasjerar i fylket

39,68 mill.

Båtpassasjerar i fylket 688 000

Flypassasjerar Bergen lufthamn 5 037 277

Flypassasjerar Sunnhordland lufthamn 12 486

Togpassasjerar over Finse 702 000

Passasjerar lokaltog Bergen-Myrdal 1 405 000

Tal drosjeløyve/løyvehavarar 890/588

Bompengeinntekter

614,0 mill. kr

Tilsette i fylkeskommunen

Årsverk fast tilsette 3 835

Utdanningssektoren 3 062

Tannhelsetenesta 302

Fylkesadministrasjonen/andre 470

Personar fast tilsett 4 410

Kvinner (56,4 %) 2 486

Menn (43,6 %) 1 924

Pedaogisk personale 2 820

Ikkje-pedagogisk personale 1 654

Gjennomsnittsalder alle tilsette

Kvinner

Menn

49,4 år

48,6 år

50,3 år

Sjukefråvær fast tilsette 6,3 %

Kvinner 7,7 %

Menn 4,7 %

Pedagogisk personale 5,6 %

Ikkje-pedagogisk personale 7,5 %

Gjennomsnittleg årsløn

Alle tilsette

Kvinner

Menn

Pedagogisk personale

Ikkje-pedagogisk personale

405 598 kr

390 481 kr

425 347 kr

430 220 kr

364 665 kr

More magazines by this user
Similar magazines