28.06.2015 Views

del 2 - Luster Energiverk

del 2 - Luster Energiverk

del 2 - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Anlegg/ tiltakstype Omtale av og verknad av tiltaket

driftsfasen kunne være et ferdselshinder både for folk og dyr. Ved røyrgate i dagen er fargeval viktig med omsyn til det

visuelle inntrykket. Så lagt det er muleg bør røyrgatene graves ned/tildekkast fordi den landskapsmessig vil kunne være

dominerande dersom den ligg i dagen. I ulendt og bratt terreng kan boring i fjell både anleggsteknisk og landskapsmessig i

nokre tilfelle vere et bra alternativ til legging av røyrgate. Dagens teknologi for boring gjer at boring er best eigna ved

konsentrert fall.

Miljøomsyn må innarbeidast i detaljplanane. Dei må skissere korleis vegetasjonsmassar/ toppmassar skal takast vare på

og lagrast og avsluttande terrengforming samt vegetasjonsetablering.

Kanalar er brukt for overføring av vatn

Minstevassføring i

elvestreng

Regulering av vassdrag medfører at den naturlege dynamikken i vassdraget vert endra. All endring av normaltilstanden vil

råke miljøkvalitetane negativt, anten det dreier seg om dei biologiske kvalitetane som er avhengige av den vassføringa

som var, dei næringsmessige eller friluftsinteressene som er knytt til bruk og oppleving av den same vassføringa eller dei

identitetsskapande landskapselementa som vert forma av vassføringa. Elvas oppgang og produksjon av fisk, anten det

dreier seg om anadrom laksefisk eller stadeigne arter, vert vanlegvis negativt påverka av ei utbygging. For det biologiske

mangfaldet vil redusert vassføring verke direkte negativt inn på arter som lever i vatnet, forutan fisk gjeld dette særleg ulike

virvellause dyr, men også bl.a. enkelte mosar. I nærområdet kan det vere arter som er avhengig av den økte råmen

vassføringa gjev, som får dårlegare levevilkår (særleg aktuelt der det er fossefall og det er utvikla fossesprøytsone). I

tillegg kjem og arter som ikkje direkte er avhengig av vassføringa, men likevel har nytte av den, f.eks. gjennom næringssøk

på vasslevande arter og for eige opptak av vatn. Vatnets betydning som landskapsformer, gjennom erosjon og

lausmasseflyttingar, er også viktig for et stort tal organismar og samfunn. Dette vil normalt verte negativt påverka av

reduksjonen i vassføringa, sjølv om det normalt er ei mindre alvorlig problemstilling ved bygging av små kraftverk

samanlikna med større, tradisjonelle kraftutbyggingar. I ein spesiell situasjon kommer fuglearter, ikkje minst fossekall, som

gjerne hekker inne i fossefall eller helt inntil vantet, og der sterkt redusert vassføring ikkje bare fører til reduserte

muligheiter for næringssøk, men også at hekkeplassane blir mykje sterkare eksponert for predatorar (både lettare og sjå,

og ikkje minst blir det lettare å høyre ungane som følgje av redusert støy frå elvebruset).

Kraftverk Ein kraftstasjon vil nødvendigvis få ei plassering i terrenget gjeve ut i frå dei tekniske føresetnadane for utbygginga. Korleis

stasjonsbygningen vert forma reint estetisk og kor stor den skal være, vil derimot kunne tilpassast landskapet i noko grad.

Støyskjerming og tilplanting vil og kunne avgrense synlegheiten av stasjonsbygningen, og dermed redusere

konsekvensane av tiltaket.

Støy frå turbin/generator/ventilasjon verker forstyrrande både for dyreliv og omgjevnaden elles. For naturmiljøet vil

stasjonen sjeldan ha verknad, så sant den ikkje råker spesielt verdfulle førekomstar.

Utslepp av vatn

frå kraftverk

Opne eller overbygde kanalar, gjerne i form av tilnærma bekkeløp er klart å føretrekke framfor plastrør eller

kulvert/rørløysinger. Dersom røyr-/ kulvertløysing vert vald, bør desse i størs muleg grad gravast ned.

For mange bekkar og elver kan utslepp av vatn frå kraftverk ha verknadar for fisken i bekken. Mange små elver/bekkar er

viktige lokalitetar for gyting og det er viktig at gytetilhøva vert ivaretekne.

Vurdering av konfliktpotensial i 43 vassdrag i Luster kommune

7

Del II Rapport 7/2006 Aurland Naturverkstad BA

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!