21.03.2014 Views

Heidi Gjermundsen Broch blir Evita - Gullblyanten

Heidi Gjermundsen Broch blir Evita - Gullblyanten

Heidi Gjermundsen Broch blir Evita - Gullblyanten

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Transform your PDFs into Flipbooks and boost your revenue!

Leverage SEO-optimized Flipbooks, powerful backlinks, and multimedia content to professionally showcase your products and significantly increase your reach.

sceneDEI SEKSUELLE NEVROSANETIL FORELDRA VÅRESCENE 3 PREMIERE 29. AUGUSTKven er eigentleg normal? I Dei seksuelle nevrosane til foreldra våre møter viDora, som vaknar opp frå ein barndom prega av psykisk kontroll ognervemedisinar. Samfunnet er ikkje førebudd på unge Doras møte med verda.Ho er ustyrleg, lever utan hemningar og har ein umetteleg seksuell appetitt.SIDE 16–17HIMMLERS FØDSELSDAGSCENE 3 PREMIERE 18. OKTOBEREin komedie om den tyske sjela, er undertittelen påHimmlers fødselsdag. Her møter vi Rudolf Höller, ein tidlegareSS-offiser, som lenge etter krigen ikkje har gitt slepp på deinasjonalsosialistiske ideane. Kvart år feirar han fødselsdagentil den store Riksføraren.SIDE 19, 42–43DØDSDANSENSCENE 3 PREMIERE 20. SEPTEMBEREkteparet Alice og Edgar feirar snart sølvbryllaup, og etter 25 år har deigjort det til ein vane å plage kvarandre. Når vennen Kurt kjem på besøkgår det på livet laus. Det er i år 100 år sidan August Strindberg døydde.Mange av stykka hans hentar tema frå hans eige stormfulle liv ogkompliserte forhold til kvinner.SIDE 28–29FUCK MY LIFESCENE 3 PREMIERE 22. NOVEMBERI Fuck My Life møter vi 10 ungdommar frå Oslo som fortelsine eigne historier. På Scene 3 får vi eit usminka bilete avungdom i Oslo anno 2012, både i tekst og framføring.Prosjektet er basert på eit likande prosjekt som vartgjennomført i Irland i 2009.SIDE 38–39I REPERTOARSCENE 2Sorga kler Elektra frå 19. septemberKjære landsmenn frå 7. septemberUnge Werthers lidingar frå 6. desemberBJØRNENSCENE 3 PREMIERE 2. OKTOBERBjørnen frå 1888 er ein einaktar frå Anton Tsjekhovs hand,som han sjølv kallar ein spøk. I denne korte komedien set han fingerenpå kor latterleg det kan vere å halde fast ved prinsippfor prinsippa si skuld.SCENE 3Vi som er hundre frå 29. septemberGJESTESPELSilbajávri (Sølvvannet), Beaivváš Sámi Našunálateáhter 6. og 7. novemberkvar veke: Lunsj&Lyrikkkvar fredag: Bikubekveldkvar veke: Eventyrforteljeteaterstund

SIDE 6 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

FRÅHEIDITILEVITAHeidi Gjermundsen Broch skal gi livtil Evita. Ikkje berre skal ho føre og te segsom Latin-Amerikas mest kjente kvinne,ho skal også likne henne i utsjånad.SIDE 7 DET NORSKE — HAUSTEN 2012 FOTO SIREN HØYLAND, ANNIE ANDERSSON, MARCEL LELIËNHOF

VI STILTE FØLGJANDE TO SPØRSMÅL til dei sentrale aktørane bakden aller første visuelle presentasjonen av vår Evita:1: Kva for førebuingar ligg bak bidraget ditt?2: Kva vil du at uttrykket til Evita skal signalisere?Fotografen tar grep:Marcel Leliënhof instruererHeidi Gjermundsen Broch.SIDE 8 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

FOTOGRAFENMARCEL LELIËNHOF1:Eg er jo vel bevandra i Evita sidan kona mi har spelt den rollabåde her i Oslo og i Stavanger. Eg har studert bilde av Evita Peronog filmopptak av henne. Det er sjølvsagt viktig at teatretfår det visuelle uttrykket dei vil ha og at eg er samstemt medregissøren.2:Eg har alltid sett Evita som ei sterk kvinne i ein fragil kropp, somkjempar mot indre og ytre demonar, og dette er det bildet eg harprøvd å skape.TITTELROLLAHEIDI GJERMUNDSEN BROCH1:For meg er dette med foto til plakat og annonse alltid ein merkelegsituasjon i vere i, for vi tar bilda lenge før eg veit noko omkva for ei framsyning vi skal lage og korleis eg skal forme rollami. Så eg møter opp til maskeavdelinga og blir sminka og ordnapå håret og får på meg eit kostyme. Denne gongen ein vakkerkjole, og den likte eg godt! Så gjeld det for meg å finne meg tilrette i det eg ser i spegelen, finne ei sjølvkjensle i alt det ukjende.Ikkje minst må eg finne sjølvtilliten som eg treng i bøtter ogspann til ein slik fotoseanse. Eg mislikar det ikkje, men det erein krevjande situasjon å vere i, og eg er alltid heilt skutt når vi erferdige. Denne gongen var det Marcel Leliënhof som tok bilda.Han er ein fantastisk fotograf eg har jobba med fleire gonger, ogtryggleiken eg får av han gjer fotosituasjonen nesten til ein leikoppi alt det utfordrande.2:Det er vanskeleg for meg å svare på dette, for eg gjer det eg blirbeden om, så godt eg kan når vi tar bilda, og vi tar gjerne mangebilde med mange uttrykk. Denne gongen kom også regissørenSvein Sturla Hungnes til fotostudioet. Det er ikkje så vanleg, menhan og Marcel jobba godt i lag. Dei var ute etter eit sterkt uttrykk,ei sterk dame, med sterk vilje og glede ved å ha makt. Så vi jobba imange retningar innanfor desse stikkorda. Kva for eit uttrykk einender opp med og kva ein vil signalisere er ikkje opp til meg. Deter det fotografen, regissøren og marknadsavdelinga (og kanskjefleire?) som bestemmer. Så eg kryssar armar og bein og håpar deivel eit bilde som høyrer til og representerer framsyninga når vi etterkvart ser kva for ei framsyning som tar form. fSIDE 9 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Klassisk Evita:Regissør Svein Surla Hungnes hjelper Heidimed å finne fram «Evitaen» i seg sjølv. Kvamed å prøve den ikoniske Evita-positurenmed begge armane opp?SIDE 10 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

REGISSØRENSVEIN STURLA HUNGNES1:Førebuingane er tosidige i den rolla eg har. Først og fremst måeg utforske tida, dama og situasjonen ho er i. Dernest skal eg forsøkeå finne forma på framsyninga. Vi hadde to andre versjonarpå blokka før vi landa på den endelege. Eg må ha bilde i hovudetfor å kunne jobbe fram eit uttrykk, eg tenkjer veldig scenografiskså å seie. Heile det samla uttrykket var i utgangspunktet noksånaturalistisk. Så fann vi fram til ei form som var meir stilisert.Men eg var redd det skulle bli for kaldt og kjøleg, så vi har hentainn argentinske måleri for å gi sensualitet og varme til framsyninga.I tillegg har vi gitt tangoen ein meir framtredande plass.Eg legg jo mykje av føringane for produksjonen gjennom minevurderingar. Eg ville ha fram at Evita er eit produkt av denne tidaog at menneska til ei kvar tid har behov for å skape stjerner, ikonog førebilde som dei lagar mytar om. Eva Peron hadde alt somskulle til og brukte den politiske catwalken til det fulle.2:Eg ville gi Evita eit uttrykk som om ho var overjordisk, eller littovermenneskeleg. Ho er forfengeleg, moteorientert og har einmytisk framtoning. Ho skulle vere tydeleg og skarp, samstundesskal ein kunne sjå at det er eit menneske bak maska, for det er eimaske vi syner fram. Eg trur nemleg denne bobla hadde brosteom ikkje Eva Peron hadde døydd i ung alder. fHårfint:På fotoshooten setteNina Bloch frå maskeavdelingaei flette påHeidi. I framsyninga vilho nytte ein stad mellomseks og åtte ulike parykkar.Det tek 40 timar åknyte ein parykk.SIDE 12 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

EvitaPresidentfrue, feminist og moteikon.Karakteren Evita er så myteomspunnen og dyrka at deter lett å gløyme at kvinna Eva Perón – og den eventyrlegehistoria hennar – er høgst verkeleg.Historia om fattigjenta frå den argentinske landsbygdabegynner for alvor i det ho trer inn på denpolitiske catwalken gjennom ekteskapet med JuanPerón.Eva Peron var skodespelar og artist, men nåddestjernestatus som førstedame og blei nærast dyrkasom helgen blant folket. Eva Perón blei gjenstandfor ei intens, nærast mytisk beundring på 40- og50-talet.Kampen mot fattigdommen, for kvinnerettar ogarbeidarane sine kår gjorde henne grenselaust populær,og etter sin tidlege død i ein alder av 33 år, bleiposisjonen hennar ytterlegare forsterka.side 13 det norske – hausten 2012

SIDE 15 DET NORSKE — HAUSTEN 2012Resultatet:Heidi Gjermundsen Broch forvandla til eivakker, elegant og skarp førstedame.Ikkje ulik Eva Perón, eller?

Dei seksuelle nevrosane til foreldra våre | Premieredato | Scene 3SIDE 16 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Scene 3 | Premiere 29. august | Dei seksuelle nevrosane til foreldra våreEI KLASSEREISE– Kven eg er? Kven er du då?Eg har bede Carl Johan Karlson fortelje meg kven han er. Han sit på kontoret mittog himlar med auga. Korleis eg kunne stille han eit sånt spørsmål.TEKST CARL MORTEN AMUNDSEN FOTO SIREN HØYLANDEin eller annan stad må vi jo begynne, forsvarar egmeg med.– Ok, då! Eg er 28 år og registudent på det somheitte Dramatiska institutet, og som nå heiterStockholms dramatiska högskola. Eg er ein klassereisandefrå ein drabantby utanfor Stockholm. Egsette meg på klassetoget ute i forstaden, og eg er komenganske langt på den reisa nå. Seksualiteten minførte meg bort frå drabantbyen. Eg måtte reise for åfinne noko, men også for å ta avstand. Eg ville visedei! I det miljøet eg vaks opp, var det ikkje plass forå leve det livet eg ville leve. Eg drog til storbyen, egengasjerte meg politisk, og der fann eg også teatret.Vi snakkar om klasse. Svenskane er meir medvitne omkva for slags klasse dei høyrer til enn vi nordmenn.– Kulturlivet sym over av middelklasse. Ellerkanskje det alltid har vore sånn? Suzanne Ostensamla alle studentane på skolen og bad dei stilleseg i grupper etter kva klasse dei høyrde til. Førtistilte seg i middelklassegruppa, tre i arbeidarklassegruppa!Forresten var det tre som såg seg sjølve somøvre middelklasse. Blant dei var ein dramatikarstudentsom nett har skrive eit stykke som handlar omkor dårleg den svenske overklassa vert behandla.Det høyres jo litt underleg ut, sjølvsagt. Ein slagsutilsikta ironi. Denne fyren likar jo elles å snu sakerog ting på hovudet. Eg for min del meiner at eitsamfunn vert målt etter korleis ein behandlar deidårlegast stilte. Det hjelper ikkje stort at middelklassablir større eller får betre råd. I Sverige blir detstadig fleire fattige. Det synest eg seier det mesteom korleis det går med landet.Sånn er det her også, og i heile den vestlege verda.– Men vi byggjer ned velferdsordningane. Vi fjernartryggleiksnettet. Eg er saman med ein overklassegut,forresten.Riktig overklasse?Carl Johan nikkar og smiler skjelmsk.Du meiner sånn svensk overklasse? Adel?– A-a. Det er sånn med homsar og utviklingshemma,det er berre vi som kan bevege oss mellom klassene.Det går bra, men det føreset at vi er opne for atvi er ulike, og leve med det.Sei litt om utdanninga og yrkesbakgrunnen din.– Eg har bakgrunn som skodespelar, eg har regissert,eg har drive med stand up og dragshow. Egspelte Britney Spears, forresten, på StockholmsStadsteater. Eg har jobba for RFSL (Riksförbundetför sexuellt likaberättigande), med psykisk utviklingshemma,og så har eg studert genusvitskap.Biografien din, seksualiteten, klassereisa, yrkesbakgrunnenog det politiske engasjementet ditt, føreross naturleg til dette stykket av Lukas Bärfuss, gjerdet ikkje?– Det er klart. Stykket drøftar, slik ser eg det iallfall,vilkåra for deltaking i samfunnet. Samfunnetblir ikkje definert i midten, men i periferien, dergrensene går. Kven er med, og kven fell utanfor?Slik er det i kunsten også. Eg innrømmer at eg erlitt lei teater om middelklassepar som kanskje skalskiljast, men som vel å kjempe vidare. Eg har langtpå veg bygt identiteten min på det å vere utanfornorma. Eg trur eg er blitt ganske god på å vere einslik person. Eg utnytter dette i arbeidet også. Historienemine er alltid verst. Eg nyttar det rommet somoppstår når folk blir paffe, når dei blir ille ved. Dettestykket beveger seg i det same landskapet. Dethandlar om ein person som er for ung og for dum,eller «urøynd» er kanskje betre, ei som har lysterutanfor norma. Dora i stykket vaknar seksuelt, menmanglar det moralske blikket. Og ho insisterer påå få barn! Ein ser kor frykteleg samfunnet reagerer.Vaksenverda er stappfull av dobbeltmoral. Og det erigjen eit klassespørsmål. Ein snakkar om valfridom,men ikkje om fridom. Du må alltid berre velje mellomdei alternativa som finst. Er det fridom? Nå skalein plutseleg ha ansvaret for eigen pensjon. Men dukjenner ikkje samanhengane. Ingen gjer det. Det erikkje mogleg å gjennomskode konsekvensane av deiulike alternativa. Det er ufridom, ikkje fridom.Du ser på Dei seksuelle nevrosane til foreldra våresom eit politisk skodespel?– Det handlar ikkje om staten eller samfunnsinstitusjonane.Det handlar om samfunnet forstått sommenneskeleg fellesskap, normer, haldningar, alt detsom ikkje er formulert i lover og reglar. Det er kanskjeendå meir politisk enn det politiske. Er det ikkje?REGISSØRENCarl Johan KarlsonRegisserer Dei seksuellenevrosane til foreldra våre somden første av tre praksisframsyningari avgangs året vedStockholms dramatiskahögskola.SIDE 17 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

TETT PÅ: REGIENEKSISTENSIELL ZOOLOGI«..et gjennomført uttrykk for tysk regiteater» skreivKlasse kampens kritikar etter premieren på den omstriddepublikumssuksessen Unge Werthers lidingar hausten2010. Framsyninga var regissør Jonas Corell Petersensregi debut, og det blir gjensyn med unge Werther frå 6.desember på Scene 2. Petersen er kjend for ein sterk signaturi arbeidet sitt og blir omtalt som ein «rising star».I ZOO har han improvisert og leikt fram teksten samanmed skodespelarane. «ZOO er en overraskende morsomforestilling, som samtidig er underfundig og med underliggendemørk tematikk», skreiv Dagsavisens kritikar etterpremieren i 2011. På Det Norske Teatret har teamet bakframsyninga fått fire nye veker til å vidareutvikle konseptetder dei forskar i eksistensiell tematikk.FOTO: MARIUS HAUGESIDE 18 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

01Det er knytt høge forventningartil Dødsdansen i SigridStrøm Reibos regi på Scene3. I vår hausta hennar oppsetjingav Misantropen vedRogaland Teater ikkje mindreenn fire nominasjonar tilHedda-prisen, og stakk avmed to prisar, mellom annafor beste regi. Den unge regissørenmed fersk masteri regi frå GITIS i Moskva harallereie vore nominert tilHedda-prisen tidlegare – fordebuten i 2010 med Vente påGodot ved Hålogaland Teater.02Kristina Kjeldsberg er ein avdei nye regissørane utdannaved KHiOs regilinje – i samekull som Jonas Corell Petersenog Peer Perez Øian, sombegge har gjesta Det NorskeTeatret. På Scene 3 set ho oppAnton Tsjekhovs einaktar Bjørnen,ein komedie ho også setteopp under studietida. Medseg på scenen har ho dei ungeskodespelarane Silje Storsteinog Sigurd Myhre.03«Betagende for barn ogvoksne» skreiv Aftenpostenskritikar om juleframsyningaGjøglaren da den hadde premierei fjor haust. RegissørBjørn Sæter har lang erfaringmed oppsetjingar for barnog familiar på norske scenar.Det poetiske og vakre harlenge vore varemerket hans,og det kjem også til syne iGjøglaren.BROADWAY-SUKSESSTIL DET NORSKE TEATRETMusikk er eit gjennomgangstema i HildeAndersens regiarbeid. Når ho no går i gangmed Broadway-suksessen 33 Variasjonarer det mest like mykje ein klassisk pianokonsertsom teaterframsyning publikum fåroppleve. Regissøren har lang røynsle somoperaregissør mellom anna ved Den NorskeOpera, i tillegg til at ho tidlegare hargjort store musikkteaterframsyningar somAn-Magritt og Which Witch ved Det NorskeTeatret. Ho har òg hatt regien på Evita, somtidlegare berre er sett opp ved RogalandTeater i Noreg.FOTO: LEIF GABRIELSENSKJULT FORTIDEi skjult, mørk nazifortid er tema iThomas Bernhards Himmlers fødselsdag,stykket Morten Borgersen set opppå Scene 3 med premiere 18. oktober.Rudolf Höllner er pensjonert dommar ogfeirar kvart år Himmlers fødselsdag medsøskena sine. Bak den spissborgarlegeog skinnheilage overflata lever gammalttankegods frå tida i SS vidare. Skjultenazisympatiar er eit tema regissøren harei høgst personleg erfaring med. Etterat faren døydde, fann Borgersen papirsom viste at han hadde vore medlemav Nasjonal Samling under krigen. Kvaskjer med menneske når dei prøver åskjule alt, også kjensler? Borgersen vartsint og kjende sorg over å vere sviken.I Thomas Bernhards drama fører det tilincest og dirrande hat – og alt kjem utmed mørk og absurd humor. Sjølv harregissøren som resultat av forteiingablitt oppteken av kommunikasjon – ellerfråveret av dette – og mellommenneskelegerelasjonar i framsyningane hanset opp. Borgersen gav i vår ut boka Jeghar arvet en mørk skog – ein roman medsjølvbiografiske trekk.FOTO: ERIK BERGTEATERTIPS:et Norske Teatrets tidlegare teatersjef,DVidar Sandem og Marie Blokhus speler rollenei Blackbird, som har premiere på Riksteatret4. oktober. Framsyninga dreg på Noregsturné ogkjem til Det Norske Teatret frå 10. januar.Svein Tindberg skal turnere landet rundtmed Abrahams barn, framsyninga som fekkHeddaprisen for Årets framsyning 2011/2012. Ijanuar blir suksessframsyninga nok ein gong åsjå på Det Norske Teatret.SIDE 19 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

ZOO | Premiere 31. august | Scene 2MENNESKEMØTEPÅ EIT DJUPARE PLANDet er komfortabelt å framstille seg etter klesstil, arbeid og ytre ting,men når desse tinga ikkje gjeld lenger, blir ein sårbar.TEKST MARI MOEN FOTO GISLE BJØRNEBYjoachim rafaelsenkyrre hellumgaute tønder

Temaet «identitet» har oppteke skodespelarane Kyrre Hellum,Joachim Rafaelsen og musikaren Gaute Tønder i mange år, sidandei første gongen arbeidde med regissøren Jonas Corell Petersenog saman sette opp einaktaren The Zoo-Story av Edvard Albee.No skal de g jere ei framsyning her på Det Norske Teatret med tittelenZOO. Det er ei vidareutvikling av framsyninga de jobbamed på Kunsthøgskulen i 2008. Men det er ikkje lenger teksten tilEdvard Albee som er utgangspunktet?Kyrre: Nei, vi har lagt vekk stykket til Albee, men gått vidaremed tema frå den tidlege framsyninga. Den gongen oppstoddet rett og slett ein veldig god dynamikk mellom oss. Saman medJonas utvikla vi eit spelerom, ei form som vi alle har hatt lyst til åutvikle vidare. Vi laga den første framsyninga på veldig kort tid.Joachim: Ja, vi var gjennom stykket etter berre fire veker,då hadde vi analysert det på tradisjonell måte og hadde lagt oppløypene våre på golvet. Men vi kjende alle at dette ikkje var detheilt store og vi byrja å bryte det opp, og leike oss med stoffet.Kyrre: Dekonstruere det, for å finne ei anna form på det,og denne måten å angripe stoffet på sette fri nokre sceniske krefteri oss, som vi har ønskt å arbeide vidare med.Kva måte er det de arbeider på i denne framsyninga, då?Gaute: Jonas er oppteken av at det som skjer på scenenskal vere uføreseieleg, at det skal oppstå der og då.Kyrre: Det er heile tida snakk om å spele med auge for herog no. Vi held oss ikkje til manus; vi har riktignok eit slags manus,men vi kan velje å gå heilt bort frå det. I denne framsyningakan alt skje; den utviklar seg heile tida. Tilskodarane er forskjelligekvar kveld. Dei spelar ei rolle. Fordi vi snakkar til dei, ogpå den måten inviterer vi dei inn i framsyninga. Dagsforma vårspelar ei rolle. Det hender eg utelet mykje, heile monologar,fordi det ganske enkelt tek ei anna retning. Og det er lov. Vi harein bank av situasjonar som vi kan bruke fritt. Repertoaret vårtblir utvida med kvar framsyning og variablane blir endå større.De improviserer fram store delar av framsyninga kvar kveld?Joachim: Ja. Vi veit sjølvsagt kva det er vi held på med, ogdet er jo noko særskild vi, saman med Jonas, vil undersøkje i detsceniske rommet, men det kjem til nye ting kvar gong vi spelarZOO. Det heile er eksklusivt her og no.Men det kan gå gale òg, kan det ikkje? Blir ein ikkje nervøs avå ikkje vite kva som vil skje?Gaute: Eg er aldri nervøs.Joachim: Det er eg.Kyrre: Men ein kan eigentleg ikkje gjere noko feil. Deter meir befriande å spele på denne måten. Joachim og eg harutvikla ein metode mellom oss. Eg veit kor eg skal trykkje forå få han i gang, og han veit kor han skal trykkje for å få meg påbanen. Sjølv om det heile botnar i det uføreseielege, så kjennervi jo kvarandre. Og då er jamvel kaos muleg å handtere.Gaute, du er komponist og musikar i framsyninga. Kva forrolle har du i dette prosjektet?Gaute: Eg er med på scenen heile tida. Og med på samtalen.Jonas ønskte at eg skulle vere ein del av framsyninga og ikkjeberre sitje i en krok med musikken min.Kyrre: Ja, det kom litt brått på deg, det hugsar eg. Eg trurdu deltok meir ufrivillig i byrjinga.Gaute: Heilt ufrivillig.Alle tre ler hjarteleg.Gaute: I byrjinga var eg ikkje komfortabel med denne nyerolla mi som aktiv part. Det var rart og uvant å skulle opne oppmunnen og snakke på scenen.Kyrre: Det var veldig artig, faktisk. Gaute ville ikkje seienoko, men vi tvinga han til å snakke.Korleis då?Joachim: Vi provoserte han til å delta.Kyrre: Sørgde for at han skulle vere ukomfortabel.Latter.Joachim: Det kom til å dreie seg mykje om identitet etterkvart. Vi fann fram til ei tredeling i spelestilen. Vi agerte på scenensom karakter, skodespelar og privatperson. Desse tre lagaopnar opp for eit metaplan. Og denne måten å spele på, vere påscenen på, viskar ut grensene for identitet, slik vi tenkjer på dettil dagleg. Det fjernar dei ikkje, men gjer dei utydelege.Gaute: Nett desse tre laga i måten å te seg på scenen, opnaropp for å gå djupare inn i grunntematikken i framsyninga,som dreier rundt reelle, nakne møte mellom menneske. Dethandlar jo om å bryte ut av innhegningane sine og å verkelegmøte eit anna menneske. For å møte eit anna menneske må einskrelle vekk alle laga ein til vanleg omgir seg med; vi ville sjå kvasom skjer når ein fjernar desse tinga, vi ville unngå identitetstinga– kome vekk frå det.Kva handlar framsyninga dykkar om? ZOO... Det veit ein jokva er, og tittelen vekkjer assosiasjonar.Joachim: Eg var i Zoologisk Have i København i sambandmed arbeidet. Å sjå åtferda til dyra var interessant. Korleisber ein seg åt på eit lite, avgrensa område? Korleis stiller dyra segtil kvarandre? Til menneska, til tilskodarane sine? Framsyningavår handlar først og fremst om møte og kontakt mellom menneske.Det høyrest kanskje litt banalt ut å seie det slik; «møtemellom menneske»...Gaute: Eg synest det er bra sagt, eg, det er heilt «to thepoint».Korleis kan ein førestille seg det?Joachim: Det er eit forsøk på å sjå om det er mogleg medei djupare kontakt, der ein ikkje tek omsyn til uskrivne reglarsom ein elles ofte tilpassar seg i møte med andre menneske.Kyrre: Då eg var 19 år gammal budde eg eit år i eit annaland, og dette året måtte eg skape meg sjølv på nytt. Alle referansaneeg brukte her heime for å fortelje kven eg var, fungerteikkje lenger. Eg kunne ikkje seie; «Eg likar nirvana» – nokosom var referanse nok i den ungdomskulturen eg var ein del av.Folk der berre såg på meg og trekte på skuldrene over dei tingaeg sa som elles «viste kven eg var». Det heldt ikkje med kulturelleog sosiale standardreferansar i møtet med desse menneska.Joachim: Ja, kva skjer når ein nektar å delta på dei premissane?Kyrre: Det betyr «trouble».SIDE 21 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Kulturhotellet Bondeheimen100 skritt frå Det Norske Teatret© 2007 Kova.&Ivar Aasen ,1851Dei aller største hotella har gjerne ein eigen, liten suvenirbutikkfor turistar. Hotell Bondeheimen har Heimen eit av deistørste utsala i landet for bunad og alt tilbehør og med ei storavdeling for husflid og kunsthandverk. Berre gå inn døra tilvenstre for resepsjonen og du kjem rett inn i den norske kulturarven,med nesten 4000 vakre bruks- eller prydgjenstandar itradisjonell eller moderne design.Sjå meir på www.heimen.netDet er merkeleg, men Rosenkrantz’ gate 8 midt i Oslo sentrumhar i mange tiår vore den sikraste staden å oppsøkje for dei somønskjer å nyte tradisjonell, norsk mat til overkommelege prisar.Etterkvart som pizza, pasta og taco toga inn også i dei mest naturskjønnedelane av landet vårt, har Kova verna om urnorskeretter som lefse, rømmegraut, raspeball, sodd, og pinnekjøtt. Desse rettene stod på menyen då Kova opnafor meir enn hundre år sidan. Og vi lovar at dei er her også nestegong du kjem.At Bondeheimen ikkjeer som andre storbyhotellmerkar du alt ute på gata,der vi har lagt ned skiferhellermed korte sitat avbl.a. Ivar Aasen og OlavH. Hauge. Frå hotellresepsjonen har du direktetilgang til tradisjonsrik,norsk mat i den vidgjetneKova.Rosenkrantz’ gate 8, 0159 OsloSIDE 22 DET NORSKE Booking — Hotell HAUSTEN Bondeheimen: 2012 23 21 41 00 | bookingoffice@bondeheimen.comHeimen Hid: 23 21 42 00 | Kaova: 23 21 42 10

TEATERFOLK: SCENOGRAF NIA DAMERELL«TEATERROMMET ER EIT AVVIK FRÅ VERKELEGHEITA»Korleis tar du fatt på eit nytt oppdrag?Eg startar alltid med å lese manus. Deretterer det viktig for meg å fjerne meg litt frå tekstenog heller konsentrere meg om essensen itematikken vi vel å leggje vekt på. Men akkuratnår det gjeld ZOO, så ligg det ikkje nokonferdig tekst i botnen, han er improvisertfram. Det er også viktig for meg å ikkje ventefor lenge med å bli konkret. Difor jobbar egganske raskt med ein modell av scenerommetog kastar element inn og ut av den.Kva har inspirert deg i arbeidet med ZOO?Eg har nok tenkt litt «naivt»; brio-aktige,sterke fargar, veldig low-tech, amatør, gjer-detsjølv-stil.Guteromsestetikk, 70-talsplastikk,termos. Eg såg på ein del byggemessematerialeog verkty i research-fasen. Eg vart også inspirertav eit kunstverk med ein haug bananar –det vart til at statistar i brytedrakt et bananar.Korleis har du og regissør Jonas CorellPetersen jobba i lag?Med Jonas blir det mykje samtalar. Eksistensiellespørsmål er nok eit overordna tema foross. Vi snakkar om essensen i stykket, om tingvi har opplevd eller tema vi er opptekne av.Også mykje om anekdotar, ting vi har lese,sett og høyrt. Det er ein slags yrkesskade eghar, at eg stadig går rundt og legg merke til detaljarrundt meg, knipsar bilde med mobilen avsaker som kanskje kan vere ein kime til ein idéog viser dei til Jonas. Vi jobbar veldig intuitivtog framsyninga ber forhåpentleg preg av det.NAMN: Nia DamerellAKTUELL: Scenograf og kostymedesignar for ZOOUTDANNA: Scenograf frå Akademi for scenekunst i Fredrikstad.Kva burde vi vite om det å vere scenograf ?Mange trur nok at ein scenograf lagar einmodell og er ferdig med sitt bidrag før prøvenetar til. Men scenografen kan også bidra i regiprosessen.Eg ser scenografien som ein del avdramaturgien i framsyninga. Det er synd nårteatret blir for illustrerande, eg vil skape mulegheiterfor publikums meddikting. Eg ønskjer atarbeidet mitt skal ha rot i verkelegheita, menvere ein tilspissa versjon av den. Teaterrommeter eit avvik frå verkelegheita, men med eit ønskeom at publikum skal reflektere over den.FOTO: ERICA ZAHLSIDE 23 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Jungelboka | Premieredato | HovudscenenSIDE 24 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Hovudscenen | Premiere 6. oktober | JungelbokaKASH PÅ LABBENKash King Gashamura kan fint identifisere seg med jungelguten Mowgli.Han er jo også eit einebarn.TEKST PER ASBJØRN RISNES JR. FOTO KRISTOFFER SKJÆRINGRUD PHOTOGRAPHY– Eg går ikkje nokon stad utan gitaren nett no, seierKash. Han ber han på ryggen, med heimelaga reimerskrudde rett inn i gitarbotnen.– Eg lærer meg å spele. Eg kunne ikkje eitt grepfør. Eg skal jo spele og synge rolege emo-songar på scenen.Men eg kunne berre ikkje gå rundt med sånt svartgitartrekk på ryggen. No kan alle sjå kva eg gjer, og egkan spele kor som helst. Det er jo så gøy!Kash King Gashamura er ein som snakkar med utropsteikn.Og med eit breitt smil i andletet. Heilt sidan hansåg Les Miserables har han ønskt å jobbe med musikalar.Og no skal han hoppe etter Adil Khan når Jungelbokakjem attende i haust.– Det var dyra som fascinerte meg då eg såg Jungelbokasom liten. Mowgli var liksom berre eit menneske.Apakattane, Shere Khan og Baloo dei var så gode, seierhan og syng i veg på Baloo sin song frå filmen:– ... Jeg tar livet som det faller seg, ja bare som detfaller seg...Du er kanskje meir ein Baloo enn ein Mowgli... Menkva handlar Jungelboka om for deg?– Kva skal eg seie. Det er ein gut som leitar ettersvar. Det er ein forvirra gut. Han er ein del av gjengeni jungelen. Han vil ikkje innsjå at han ikkje ersom dei eigentleg. Han trur han ser ut som Baloo.Er det noko du kan identifisere deg med?– Ja, om vi zoomar ut og ser det store biletet såhandlar det jo om aksept. Vi får jo masse nye landsmennsom ikkje er heilt som dei som bur her. Menaltså, eg vaks jo opp på Ås. Det er jo berre den idyllen.Der ante eg jo ikkje at eg var annleis. Anna ennat eg var einebarn og ikkje hadde nokon far.Du har ikkje blitt spesielt prega av det? Det vertkanskje vanskeleg å spele emo-kid?– Det er jo veldig langt frå meg. Eg er sjeldan deppa.Men eg har vore rundt og kikka på dei. Eg trur deiberre har funne noko som dei likar og andre somlikar det same, og så finn dei glede i kvarandre. Eg ersikker på at om eg tek på meg Mowgli-kostymet oggår ned til dei, så vil dei henge med meg.Korleis skal du sjå ut?– Førebels berre svarte Converse, svarte klede ograudt hår. Men eg håpar eg får pimpe det opp litt.Shere Khan har jo det feite kostymet, seier han ogrekkjer fram høgrehanda der han har ein svart fingerhanskemed blanke naglar.Og korleis gjekk det då du drog attende til Rwanda?– Dei trudde ikkje på meg. Eg er ganske lys i hudaog ikkje fullt så høg som dei andre tutsiane, dei erjo over 1,90 alle saman. Dessuten hadde eg andreklede, seier han om turen han hadde tidlegare i vårsaman med nrk-programleiar Noman Mubashir.Dei drog for å finne ut meir om faren til Kash tilein dokumentarserie. Men han veit enno ikkje stortmeir enn at soldaten Paul Mungarurire døydde ikampar på grensa til Uganda ein gong i 1994. Alleder nede har mista nokon. Det var det verste folkemordeti historia, men no lever dei tidlegare fiendaneside om side i harmoni. I tillegg må det veredet reinaste og tryggaste landet i Afrika nett no.Fann du familien din?– Mange av mine har flytta til Europa eller Uganda,men eg møtte bestemor mi som har eit lite hotell.Og onkelen min, som driv eit senter for foreldrelauseborn. Og så møtte eg presidenten vår. Ha ha,høyrde du? Eg sa «vår», humrar han. Det er jo ingensom får avtale med president Kagane. Men egtweeta han i senk.Du plaga han på Twitter heilt til han sa ja?– Omtrent. Det viste seg jo etter kvart at mor mikjende han frå barndommen. Den same dagensom vi skulle ha minnestund for far min, ringdedei frå palasset og sa at no kom dei for å hente oss.Vi skulle få ti minutt. Men så begynte vi å snakkeom fotball og då vart vi sitjande i nesten ein time.Vi er begge Arsenal-fans, seier han og smilar breittnår eg nemner intervjuet i den største avisa i landetder det stod: «Meet Rwanda’s famous NorwegianTV-personality». Det tok litt av der nede. Eg fårstadig e-postar frå folk i Rwanda som vil gjere businessmed meg. Dei trur nok eg er litt større enndet eg er.SKODESPELARENKashfa KingGashamuraAktuell som Mowgli iJungelbokaFødd i 1989 i Rwanda, flytta tilÅs som 2-åringHar gått dramalinja på Danvikfolkehøgskole, spelt Lysanderi En midtsommernatts drøm iDrammen og Hud Johnson iHair på Oslo Nye Teater.Erfaring frå TV-seriane Taxi påNRK1 og Hotel Cæsar på TV2.Deltok på Team Erik og Kriss iDet Store Korslaget i 2011.Programleiar i NRK Super,mellom anna med programmetKash & Zoot.SIDE 25 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

TETT PÅ: SCENOGRAFIENKARI GRAVKLEV[Aktuell med scenografien til Sorga kler Elektraog 33 variasjonar]Eit nakent rom med ein bar og eit band. Vakrevideoprojeksjonar som viser skodespelarane somikon frå 50-talet i svart-kvitt på bakveggen. Detteer scenerommet som møter publikum i Sorga klerElektra. Bakdøra glir opp, og vips, så er rommeteit heilt anna, berre ved hjelp av enkle middel somkontrasten mellom det svarte scenerommet ogden kvite veggen i gangen bak. I 33 variasjonarfyller ei stor hylle bakre del av scenerommet. Dener inspirert av kunstnaren Anselm Kiefers bokhylle.Hylla skal gi assosiasjonar til arkivet i Beethoven-Hausi Bonn og i tillegg fungere som lerretfor projeksjonar av Beethovens originale noteark.Samstundes er scenografien ein bakgrunn forhandlinga, som går føre seg i New York og Bonn, idag og på Beethovens tid. Det enkle og stiliserte,men likevel så raffinerte og verknadsfulle er detGravklev likar best å jobbe med. I haust kan publikumgle seg over to særs ulike visuelle rom somberikar den visuelle opplevinga i teatret.ALLE FOTO: ERIK BERGSIDE 26 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

ALLE FOTO: SIREN HØYLANDEVITAKUNSTNokre gonger får dei somarbeider på målarsalen meirspennande utfordringar enn elles,der dei får utfalde seg somkunstnarar til fulle. I tillegg til atdei har hatt si fulle hyre med åmåle gigantiske sceneelementtil Evita, med tett omslyngatangopar og bygningar inspirerteav Buenos Aires, har deifått i oppdrag å måle kunstverkinspirerte av gammal argentinskkunst. Her kan vi sjå AnnaLouise Jacobsen i sving medei miniatyrutgåve av målerietho skal la seg inspirere av i deneine handa, og ein enormt langpensel i den andre.OLA BRÅTHEN [Aktuell som scenograf for Evita] Ei seng og ein catwalk er i sentrum nårEvita går frå eit tilvere som fattig Askepott til glamorøs politikarfrue med enorm makt over sitt folk.I senga svingar Evita Peron seg oppover i maktas rekkjer, og dette blir illustrert ved ulike sengegjerdesom blir meir og meir eksklusive dess høgare ho klatrar på rangstigen. Det er her alle viktige avgjerderblir tatt, medan catwalken er til for politisk show og kontroll av massane. I tillegg omkransar sensuelletangopar og ein by sengekammeret. Bakveggen blir tidvis nytta som projeksjonsduk for dokumentariskfilmmateriale som knyter fiksjonen i musikalen Evita opp mot historia om den verkelege Eva Peron.EVEN BØRSUM[Aktuell som scenograf for Jungelboka]Betong, søppel og bilvrak erstikkord som pregar scenografientil Jungelboka i 2012. På bildetkan de sjå scenograf Even Børsumutforbi Konserthuset – ein stadsom har inspirert ham i arbeidet.Sidan framsyninga vart sett opppå Det Norske Teatret sist, har scenografEven Børsum og regissørErik Ulfsby gjort framsyninga i einny versjon i Stavanger. Scenografienblir denne gongen influert avStavanger versjonen, så dette blir eiheilt ny oppleving for Oslo-publikumet.Men den gigantiske discokulaer framleis med. Det same errekkverka som lagar mulegheit fordei spektakulære kung fu-inspirertekampscenene. Eit rom designafor dans, dans, fart og fest!VISSTE DU AT…u kan ete «3 forD3» - ein tre rettarsmiddag til 300 kronar iKafe Løve, og det på berreein time?Oslopuls harkåra KafeLøve til ein avbyens seks bestelunsjstader?Du kan bestille drikkeog noko å bitepå førehand så det stårklart når framsyningahar pause?Du kan oppleve ein teaterkonsert,eit gjestespel, open mikrofoneller nachspiel med ensemblet fråframsyningane? Kvar fredag iBikuben kl. 22.30. Open bar.SIDE 27 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Dødsdansen | Premiere 20. september | Scene 3MENNESKESJELAUNDER FORSTØRRINGSGLAS:AUGUST STRINDBERGSDØDSDANSENAV ELENA BALZAMO OMSETT FRÅ SVENSK VED ARNE TORPDødsdansen høyrer til Strindbergs mest kjende og mest spelastykke. Då han skreiv det i 1900, var han 51 år gammal, og hanhadde tolv år att å leve. Då hadde han opplevd å vekse opp iein mellomklassefamilie med sju born, opplevd at mora døyddealtfor tidleg og at han ikkje gjorde det noko særleg bra på skolen,opplevd ein vanskeleg periode som ambisiøs ung skribent og einlynrask suksess med romanen Det raude rommet (1879). Hanhadde opplevd dei første heftige polemikkane kring skriftenesine, den første kjærleiken, det første giftemålet med ei offiserhustrusom gjekk frå ektemaken for å gifte seg med mannen somvar overtydd om att hans «eld» var «den største i Sverige».Han hadde også vore med då dei første barna vart fødde oghadde opplevd familielivets første gleder og suter. I mange århadde han budd utanlands, og han hadde hatt ei mengd konfliktar,der den første var den med Bjørnstjerne Bjørnson i Parisetter ein kort og intens venskap. Han hadde også opplevd konfliktanei det første ekteskapet som førte til det første smertefulleskilsmålet hans – men også til ei rad naturalistiske skodespelsom delvis har bakgrunn i desse traumatiske opplevingane. Detvar då han tok til å bruke omgrepet «kjærleikshat» for den omsynslausekampen mellom ektemakane, denne «kampen mellomhjernane» som han meinte han hadde oppdaga som denviktigaste drivkrafta i tilværet, og som han framstelte gong ettergong i Faderen, i Frøken Julie, i Kreditorar…På veg mot eit nytt teaterEtter oppløysinga av ekteskapet levde han eit hektisk liv i Berlinførst på 1890-talet, gifte seg på nytt, fekk endå eit barn – og eitnytt ekteskapeleg helvete. Deretter følgde det nye skilsmålet ogden religiøse og moralske omveltinga (den såkalla Infernokrisa)som etter kvart munna ut i eit nytt livssyn – djupt religiøst, sterktfarga av Swedenborgs lære med tydelege okkulte overtonar.Denne febrilske leitinga etter meininga med livet og samanhengi tilværet førte til skjønnlitterær skrivesperre: I ein lang periodeSIDE 28 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Scene | Premieredato | Dødsdansentok skriving av naturvitskaplege avhandlingar og essay over forbåde den skjønlitterære produksjonen og teateret.Ved hundreårsskiftet hadde han lagt alt dette bak seg, ogfrå og med 1898 kjem det ein stadig straum av nye teaterstykke.Til dels dreiar det seg om historiske drama som Folkungesagaen,Gustav Vasa, Karl XII, og dels kjem det fleire svært særpregastykke – Eit draumspel, Til Damaskus, Påske – der forfattarenfreistar å framstelle både øydeleggings- og fornyingsforløp(liksom Swedenborg er Kierkegaard aldri langt unna). I dessestykka utviklar han ein «draumteknikk» som kjem til å pregedet europeiske teateret gjennom heile hundreåret:«Alt kan hende, alt er mogleg ogsannsynleg. Tid og rom eksisterer ikkje; utfrå eit spinkelt røyndomsgrunnlag spinninnbillinga vidare og vev nye mønster:Ei blanding av minne, opplevingar, friepåhitt, absurditetar og improvisasjonar.Personane blir kløyvde, fordobla, dublerte,forduftar, blir fortetta, flyt ut, samlar seg.Men ei bevisstheit står over alle, det erdrøymarens; for det finst inga løyndommar,ingen inkonsekvens, inga skruplar,ingen lov – slik uttrykkjer han det i forordettil Eit draumspel. Ein ny synsvinkel, men han botnar endåi ei karakteroppfatning som ein finn hos Strindberg alt på1880-talet, m.a. i det vidgjetne forordet til Frøken Julie: «Minesjeler (karakterar) er konglomerat av tidlegare kulturnivå, ognåtidige, bitar frå bøker og aviser, stykke av menneske, avrivnelappar av helgedagsklede som er blitt filler, akkurat som sjela ersamanlappa, og eg har dessutan gjeve litt tilkomsthistorie, nåreg let den svakare stele og repetere ord frå den sterkare, let sjelenehente ‘idear’, suggesjonar som det kallast, frå kvarandre...».Eit helvete på jordaDødsdansen er eit sentralt verk ettersom det både knyter bandattende til dei naturalistiske dramaa frå 80-talet (ein tenkjersjølvsagt først og fremst på Faderen) og samtidig tek opp i segStrindbergs nye verdsåskoding med dei viktigaste temaa der: syndog forsoning, den foredlande krafta i lidinga, tomleiken i livet.Verket har ei klassisk enkel oppbygging (ein er langt frå dei komplisertelaga i Til Damaskus, Eit draumspel eller Spøkelsessonaten):eit ekteskapsdrama med den banale trekanten: to menneske sompiner kvarandre til døde med hjelp av ein tredje person eller trassi all velvilje og innsats frå den sistnemnde. Dei spelar kort, deihøyrer på knitringa frå telegrafapparatet, dei drikk vin...Men personane! Reine demonar heile gjengen. Desse groteske,monstrøse innslaga, denne oppsvulminga av vondskap som gjeratt vondskapen får reint metafysiske proporsjonar og forvandlarlivet til eit helvete på jorda, er karakteristisk for dei nyvunne sanninganeog den nye innsikta om at vondskapen verkelen finst.Ein kan meine kva ein vil om kor sant dette synet på verdaer, men det dramatiske potensialet er udiskutabelt både for forfattarensseinare produksjon (heile kammarspelestetikken kjemtil å kvile på dei: Pelikanen, Den brende tomta, Spøkelsessonaten)og for den kommande teaterkunsten der innverknaden kanAugust Strindberg (1849–1912): forfattar,dramatikar og biletkunstnar. Banebrytandeinnanfor fleire sjangrar, verkahans femnar om ei rad romanar, novellerog drama, derimellom Dødsdansen(1900–1901).Elena Balzamo, russisk-fransk litteraturhistorikarog omsetjar (av m.a.Dødsdansen til fransk); aktuell medSkrifdon och papper, brefkort, frimärke.Fyra essäer om Strindberg (Lind &Co 2012) og August Strindberg: Ansiktenoch öde (kjem ut i september 2012på Atlantis bokförlag).merkast heilt fram til våre dagar.Dødsdansen må vere skriven i ein tilstand av makelaus inspirasjonsrus,på ei einaste veke i slutten av oktober 1900 – eit slagskreativt utbrot som forklarar mykje av den eksplosive krafta istykket. Kva som utløyste dette utbrotet, er velkjent, ein kjennertil dei biografiske motiva som ligg attom, namna på hovudpersonaneog korleis stykket vart til. Og ein blir forundra over å sjåkorleis eit banalt ekteskapeleg (mis)forhold får mest kosmiskeproporsjonar og blir forvandla til eit eksistensielt drama.«Nå bed eg Dykk, les mine nye drama berre som teaterstykke;det er mosaikk som vanleg, frå andresog eige liv, men ver så god og ta det ikkjesom sjølvbiografi, eller vedkjenningar.Det som ikkje stemmer med fakta, er dikta,ikkje loge. (...). Eg er derfor ingen helgen,langt derifrå, men menneska har i mangtgjort meg urett. (...) Eg lengtar til det lyse,har alltid gjort det, men ikkje fått noko.(…) Det førekjem meg ofte som om heilelivet mitt hadde vore sett i scene for meg,både for at eg skulle lide og skildre. Handlinganemine kan derfor frå eitt synspunktsjåast på som indifferente (moralsk); mendet hindrar ikkje at eg sjølv har lide under dei skitne affæraneeg har vore dregen inn i (…). Såleis har eg slege igjen når andrehar slege meg, men eg har likevel lide meir av å slå enn åbli slegen», skriv Strindberg til den tyske omsetjaren sin, EmilSchering, året etter at Dødsdansen vart skriven. Elles finn ein attfleire motiv som er typiske for denne perioden med sine sterkeband till skjergardsmiljøet, t.d. karantenemotivet, detta venteogskjærseldsrommet, som utgjer leietråden i fleire tekstar frådenne tida: Det førekjem både i Dødsdansen og i Eit draumspel,og dessutan i fleire noveller frå Karantenemeisterens forteljingar,noko som tyder på at det langt på veg er sjølvbiografisk.Dette om «mosaikk som vanleg, frå andres og eige liv» ergodt sagt, men det kan ein seie om mest alle forfattarar. Dessutaner det lettare sagt enn gjort, ettersom slett ikkje alle forfattararhar den same evna til å omskape kvardagslivets uvesentlegedetaljar till eit heilstøypt kunstverk.Ein dans som held fram…At Strindbergs samtidige måtte få tid på seg for å kunne godtaden nye estetikken, er ikkje vanskeleg å forstå. «Mitt sterkaste(og enklaste!)» stykke, er forfattarens eiga vurdering avDødsdansen (rett nok sa han det same om alle arbeida sine,men denne gongen har han rett.) «Forferdeleg», «forskrekkeleg»,«skakande», «patologisk» var vanlege vurderingari bokmeldingane. Stykket vart liggjande i fire år: Ingen teaterville ha noko å gjere med det. Først i 1905 vart det uroppført,på Altes Stadttheater i Köln. I Sverige vart det først oppført i1909 på Strindbergs eige Intima Teatern i Stockholm. Sidan hardet gått sin sigersgang over teaterscenar i heile verda: Forfattarensinnsikt i mekanismane i den menneskelege psyken kjemtil å vere aktuell så lenge ein i det heile interesserer seg for åframstille menneskeleg sjeleliv. SIDE 29 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Jungelboka | Nypremiere 6. oktober | Hovudscenen– HERREGUD FOR EITPØLSESKINN! OG DETTESKAL EIN SPELE I!Korleis kan ein få ein knallgul, åletrang skinndress til å halde fasongen framsyningetter framsyning? Slike triks er mellom kostymeavdelingas løyndommar.TEKST SISSEL FANTOFT FOTO EIVOR ERIKSENKOSTYMETCharlotte Frognersom Kaa i JungelbokaPå kostymeavdelinga arbeiderdet 10 personar: Tilskjerarardame/herre, skreddarar, kjoleogdraktsyarar, kostymemakar,ein tilsett på fargeriet, koordinatorog avdelingsleiar.Jungelboka brukar kostyme tilm.a. 10 ulvar, 10 aper, 9 ninjaer,2 gribbar og 3 sjakalar, i tilleggtil hovud karakterane.Nokre kostyme blir henta framfrå første speleperioden, nokovert forbetra og noko vert laganytt. Ulvefar får t.d. ny frakk av5 geiteskinn sidan den gamlevar utsliten.Kostymedesignar er IngridNylander.Når Charlotte Frogner fer rundt på scenen som slangenKaa i Jungelboka i sin gule skinndress á la UmaThurman i Kill Bill-filmane, er det ikkje fritt for at detblir både sveitt og fysisk utfordrande. Ho tek over rollaetter Ulrikke Hansen Døvigen, men kostymet har ogsåvore på ei reise sørover.– Vi laga opphavleg heile kostymet i skinn, mensidan det er ei veldig fysisk rolle så er det vanskeleg å fåskinnet til å halde fasongen. Derfor laga vi ei ny buksei lycra, som vart brukt under Jungeboka-framsyningapå Rogaland Teater, fortel tilskjerar Tove Svarstad påkostymeavdelinga.Charlotte Frogner trekkjer på seg bukse og jakkeog tek ein titt i spegelen.– Herregud for eit pølseskinn! Og dette skal einspele i!Jakka viser seg å vere litt for kort, men elles sit draktasom klistra på Charlottes kropp.– Vi har farga lycraen slik at buksa kjem til å fånøyaktig den same gulfargen som jakka. Lycra pustarbetre enn skinn, og held fasongen mykje betre. På scenenkjem det til å sjå ut som skinn, seier Svarstad.– Eg er heilt trygg på at kostymet kjem til å blikjempebra. Her skreddarsyr dei alt, og det er viktigat kostymet tener karakteren og er med på å gje liv tilrolla ein skal spele. Vi har eit veldig godt samarbeid herpå teatret, og dei som jobbar på kostymeavdelinga hargod forståing for den jobben vi skal gjere på scenen,seier Frogner, og prøver seg på eit karatespark ut i lufta.– Det er ofte veldig forløysande å få på seg kostymet.Det kjem sjølvsagt litt an på settinga og rolla, mennår kostymet er på så fell karakteren gjerne på plass,held ho fram.Men sidan rolla gjer dei same bevegelsane kveld etterkveld, blir kostyma ekstra slitne nokre stader.– Det er ei utfordring. Med dette kostymet har vijo også problemet at skinn ikkje kan vaskast. Men vihar våre triks likevel, mellom anna slike små sveittelapparvi kan plassere inni jakka og som syg opp sveitten.Og så kan vi jo bytte fôr, seier Svarstad, som likevel likerå jobbe med skinn.– Det er jo eit levende materiale som gjev kostymetsjel. Det er alltid gøy å vere på langprøvene nårkostyma kjem på, det blir ein heilskap på ein heilt annanmåte. Men viss vi oppdagar noko som er gale medkostymet på prøvene så heng vi oss heilt opp i det, seierSvarstad.Etter fire år i Evig ung har Charlotte Frogner verkelegfått erfare korleis eit kostyme får kjørt seg etterhundrevis av framsyningar.– Eit kostyme får sitt eige liv når det blir brukt i totimar på scenen 200 gonger. Skoa eg brukte i Evig unger heilt nedslitne på innsida, fortel ho.Ei anna utfordring for kostymeavdelinga er at skodespelarari løpet av lange speleperiodar kan gå opp ellerned i vekt.– Derfor lagar vi kostyma slik at dei kan justerast.Det kan jo fort skje at Charlotte går ned nokre kiloetter ei rekkje fysisk krevjande framsyningar i Jungelboka,til dømes, seier Svarstad.– Hå nei, eg kjem til å ete tilsvarande, seier Frognerog ler.Ein ting er i alle fall sikkert: Den knallgule skinndressenkjem til å bli verande på Det Norske Teatretsitt kostymelager.– Dette er jo eit signalkostyme som det ligg mykjejobb i, så det kjem vi garantert ikkje til å kvitte oss med,forsikrar Tove Svarstad.SIDE 30 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

SIDE 31 DET NORSKE — HAUSTEN 2012Scene | Premieredato | Stykkets tittel

SJØLVMELDINGAVI UTFORDRA SVEIN ROGER KARLSEN TIL ÅNAMN:ALDER:AKTUELL:BIKUBESONG DET NORSKE TEATRET 2003Bikubesong representerer en morosam periodesom blei dratt ut over fleire år. Eg gledde megkvar dag til å gå på jobben og eg veit at framsyningaikkje berre var til stor underhaldning forfolk, men òg at enkelte, særleg i den yngre garden,fekk si første store teateroppleving og ogsåmusikkoppleving gjennom denne oppsetjinga.I utgangspunktet skulle vi spele 20 gonger påScene 2. Etter fem år, var vi framleis populæreog etter det eg veit, er ho enno ikkje heilt pakkavekk. Eg trur rolla som Harry Lund som blirvalt ut av VG til å vere den mest gjennomsnittlegemannen i Noreg; Ola Nordmann sjølv,appellerte til meg nettopp fordi han strittar såmot dette sjølv. Etter å ha blitt plassert i denne kategorien tek Harry til å handlepå den mest uventa måten, han ringjer homoen som skryt av stellet sitt på doveggen,han legg an på dama i røyret på TV-shop’en og det heile ballar på seg. TilfelletHarry Lund er jo nesten ein forviklingskomedie i seg sjølv, om du ser isolert påkarakteren. Eg deler garderobe med Lasse Kolsrud, som skreiv manus og hadderegien, og fekk lese nokre tidlege utkast til manus. DEN rolla skal eg ha, slo egfast. Og gav same meldinga til Vidar Sandem, som var teatersjef på den tida. Deter einaste gongen eg har spurt om ei rolle, men eg har sansen for slike typar. Deisom lever tilsynelatande heilt ordinære liv, men som i pressa situasjonar blir heiltvippa ut av dette A4-livet.NAMNET DET NORSKE TEATRET 2011Eg har spelt eit par Beckett-roller og syntest den litterære forma var noko som trigga meg som skodespelar.Men så kom Fosse og tok mest over. Eg har spelt både i Vakkert og Namnet, som var særs ulikeframsyningar. Det er som ein trur at Fosse må bli spelt på eitt vis – at ein må vere varsam med teksten,bringe poesien ut og at gjentakingane må få fram nyansane i teksten. Men så kjem ein ung instruktør ogbryt med heile det tankesettet. Øyvind Osmo Eriksen ønskte det røft og det viste seg å funke. For meger måten hans å skrive på ganske lik normaliteten. Med alle gjentakingane, folk som snakkar forbi kvarandreog som undertrykkjer sanninga, det er jo slik vi ofte er. Dessutan er det mykje natur i stykka tilFosse – ein metafor over dei menneska han skildrar. Dette er kystfolk. Eg kjenner meg igjen i dei og i detlandskapet som harSIDEforma32 DETdei.NORSKEEg vil gjerne— HAUSTENspele meir2012Fosse, gjerne kvart år.

VELJE TRE HØGDEPUNKT FRÅ KARRIERENFOTO: SIREN HØYLANDHODET OVER VANNET SPELEFILM 1993Hodet over vannet er eit fint minne. Det var ein bra film i ei tid da norsk film ikkjehadde så godt omdømme. Den fekk brukbare kritikkar og ein stad blei eg til og medsamanlikna med Jack Nicholson! Det hugsar eg godt. Amerikanarane kom med sinversjon berre nokre år seinare og da spelte Harvey Keitel rolla mi. Det var tydelegat han hadde sett på meg og tatt etter meg. Det var sjølvsagt svært! Filmen blei tattopp på Østerøya utanfor Sandefjord og vi blei ein tett og samansveisa gjeng. Kvarettermiddag møttest vi på hotellet og klypparane hadde rigga seg til i kjellaren. Detgjorde det mogleg å sjå opptaka frå nokre dagar tilbake. Vi fekk komme med innspelog kunne påverke det endelege resultatet – som jo slett ikkje blei så verst!SIDE 33 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

33 variasjonar | Premiere 12. oktober | Scene 2SIDE 34 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Scene 2 | Premiere 12. oktober | 33 variasjonar«EG TENKJER PÅ STYKKETSOM EI ETTERFORSKING»TEKST LILLIAN BIKSET FOTO FIN SERCK-HANSENkorleis brukar du tida di, når du veit du snartskal døy? Musikkforskaren Kathrine Brandt, enke ogeittbarnsmor, vel slik ho alltid har gjort: Jobben kjemførst. Ludvig van Beethoven, mot slutten av livet, valdelikeeins. I 33 variasjonar vekslar handlinga mellom dei,som i eit fleirstemt musikkstykke, mellom fortid ognåtid. Samtalane mellom Kathrine Brandt og dei somstår henne nær, finn gjenklang i samtalar mellom Beethovenog menneske rundt han. Musikken blir nærmastsom ei ekstra stemme i stykket, seier Marianne Krogh,som speler Kathrine.Korleis førebur du deg?– Val er eit viktig stikkord for meg. Alltid. Kviforvel ho slik ho gjer? Det må eg finne ut. Vala ein tar,seier mykje om kva slags liv ein vil leve. Eg tenkjerpå stykket som ei etterforsking. Kathrine Brandtprøver å finne ut kva Beethoven tenkte og korleishan arbeidde. Eg må finne ut korleis ho tenkjer, ogkvifor.Kva er det med personen Kathrine Brandt som gjerhenne spennande å spele?– Her er mykje å jobbe med! Sjukdommen, som vilgjere henne hjelpeslaus. Det finst inga behandling.Ho veit kva som kjem til å skje. Men samtidig somho blir dårlegare, kjem ho djupare inn i Beethovensvariasjonar. Det er eit stort arbeid, heile tida er honær ei løysing, og eg kan forstå at ho blir fortrollaog forgjord. Kanskje er det nødvendig å ha den forgjeringanår ein er forskar. Kanskje må ein arbeideså intenst for å nå den innsikta ho leiter etter.Korleis opplever du denne forgjeringa?– Akkurat det kan eg kjenne meg att i. Når eg jobbarmed eit nytt stykke, finst det alltid fasar dereg veit at eg nærmar meg eit gjennombrot. Og dablir eg litt forgjord. Eg veit at tida eg skal gjennomfram mot premieren, er tung. Forferdeleg grueleg,faktisk. Og det er akkurat det som er moro. Ja! Deter moro å ha det forferdeleg grueleg. Og det er nødvendig.Eg når ikkje fram til gjennombrota om egikkje slit medan eg held på.Når 33 variasjonar begynner, har Kathrine Brandtalt gjort ein del val. Somme blir det fortalt om, andrekan vi berre gjette oss til. Dette må vere noko av detmest spennande i å spele ei vaksen hovudrolle – tolkingsrommeter så stort?– Ja, det er spennande. Kathrine Brandt må ha gåttnokre rundar med seg sjølv opp gjennom åra, mendet får vi ikkje sjå, det har skjedd før stykket startar.Det vi får sjå, er resultatet av prioriteringane hennar.Vi får sjå kva det kostar henne. Når eit liv går motslutten, blir prioriteringane i livet veldig tydelege.Men eg meiner Kathrine Brandt har prioritert segsjølv heile vegen. Ho har hatt ein jobb ho elskar, somhar vore hobby og lidenskap. Ho har valt vekk mykjeanna. Ho har tatt med seg dottera på førelesingar.Det har alltid vore hennar interesser som har vore deiviktige. Men det er nyansar her. Kathrine reiser frådottera, men ho held jo fram å tenkje på henne, ikkjeberre på Beethoven.Kva ville du ha gjort, om du fekk ein slik beskjedsom den Kathrine har fått?– Eg ville i alle fall ha gjort meg ferdig med dettestykket! Seier Marianne Krogh. Og ler.SKODESPELARENMarianne KroghAktuell i 33 Variasjonar avMoisés KaufmanElev ved Det Norske Teatret1975–1978, tilsett frå 1977 til1983 og igjen frå 1988.I år har vi sett henne i =Osloog Det gode mennesket fråSezuan. Frå før står mellomanna Vi har så korte armar,Familien, Få meg på, for faen,Taus Musikk, Bikube song ogPersonkrins 3:1 på lista.Har også vore tilsett i Fjernsynsteatret(1983–1987) – medAmandapris for rolla si i Fri –og medlem av frigruppa Lilith(1987–1996).SIDE 35 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

A place where good friends & good food meetCome & enjoy the soothing ambience & the mostdelicious recipe from the Caribbean islandsKristian Augustsgt. 14 - 0164 Oslo. Tel. 22 20 12 22. Fax 22 20 12 23post@lemongrass.no. www.lemongrass.noGlad i teater? Bli med i Venner av Det Norske Teatret!Kva er Vennelaget? Kva gjer Vennelaget? Kvifor bli medlem?Arrangement: Teaterturar: Medlemsfordelar: SIDE 36 DET NORSKE — HAUSTEN 2012Medlemspengar: Slik blir du medlem: vennelag@detnorsketeatret.nowww.detnorsketeatret.no/vennelaget

TETT PÅ: MUSIKKEN01Gaute Tønder frå Kongsvingerstår bak musikken tilZOO. Han har ein mastergradi komposisjon av filmmusikkved UiOs musikkvitskaplegeinstitutt og har laga musikkentil fleire teaterframsyningarog filmar, mellom annaUnge Werthers lidingar ogKommandør Treholt & Ninjatroppen.I Zoo har han fått einy utfordring: Han og dei toskodespelarane skal samanutforske sosiale situasjonarog kodar, og Gaute må gjeremeir enn å spele musikk.02Svenn Erik Kristoffersen ermusikksjef på Det NorskeTeatret og har arrangert ogkomponert musikken til eitutal framsyningar og musikalar.Han har tidlegare fåttSpelemannsprisen for musikkentil BarneTV-serien UHU(2001 og 2002) og lagar meirmusikk for barn i den vakrejulefabelen Gjøglaren påScene 2.03Øystein Tengesdal haddesin debut som komponist påframsyninga Frank i 2005på Det Norske Teatret. Hanhar følgd Jungelboka fråpremieren i 2008 og no erden forrykande trommisenattende på Hovudscenen.Han har utvikla sin heilt eigenstil med komboen slagverk,snuttar, lydeffektar og komp,og er som ei heil framsyningi seg sjølv.TANGO, SKRUJARN OG… SUPERLIM!I haustens oppsetjing av Evita vil tangomusikken vere med på å gjere framsyninga meir autentisk. Tildette trengst det eit spesielt instrument: Bandoneón. Det er ikkje mange her i landet som kan traktereeit slikt, men Åsbjørg Ryeng har gått i lære hos dei beste. Ho har spelt bandoneón sidan ho var ti årgammal, då ho byrja på Trondheim kommunale kulturskole med Noregs store pådrivar for tangomusikk,Kåre Jostein Simonsen frå gruppa Tango Concertino, som lærar. Sidan har ho vore i Buenos Airestre gonger og fått undervisning av store bandoneonistar som Julio Pane, Marcos Madrigal og OsvaldoMontes. Det karakteristiske instrumentet har opphavet sitt i Tyskland på midten av 1800-talet og varmeint som eit transportabelt kyrkjeorgel. Det følgde med i bagasjen då europearane drog til Argentina,der det fann seg like godt til rette på nattklubbar og bordell – og i tangoen. No har kjende bandoneonistarsom Astor Piazzolla sytt for at vi ikkje kan tenkje oss tangomusikken utan bandoneonet – det ertangoens sjel. Det er ingen som veit heilt korleis ein lagar dette karakteristiske trekkspelet lenger, så deter stor rift om dei originale instrumenta. I Evita brukar Åsbjørg eit bandoneón frå om lag 1920. Når eineig eit slikt, må ein vere budd på verknader av tidas tann og Åsbjørg dreg aldri nokon stad utan skrujarnog superlim.33 PIANOVARIASJONARPianisten Gunilla Süssmann spelar seg gjennom alledei 33 variasjonane til Beethoven på Scene 2 i haustog gjer framsyninga til både teater og konsert. Gunillaer oppvaksen i Bergen, vann Ungdommens Pianomesterskapallereie som ti-åring og igjen då ho var18. Ho vart presentert som Intromusiker av Rikskonsertene2001–03. Sidan har ho spelt saman med fleireav Europas mest velrenommerte orkester og blitt tattimot med opne armar av kritikarar og konserthus overheile verda. Då ho heldt debutkonserten sin i 2003, etterå ha tatt kandidateksamen i klaver ved Norges Musikkhøgskoleog solistutdanning ved Musikkhøgskoleni Hannover, stod mellom anna Beethoven på programmet.Gunilla er ein av landets fremste Grieg-tolkararog har opparbeidd seg eit vidt repertoar, frå Bach tilMessiaen, Crumb og samtidsmusikk. Men det er denromantiske musikken som står hjartet hennar nærast.Kan det hende at det var romantikk som låg bak Beethovensine 33 variasjonar?FOTO: SIREN HØYLAND FOTO: GIORGIA BERTAZZIMUSIKALSKETIPS:Gå ikkje glipp av baksnakk spesiali samarbeid med Studio Sokratesden 22. september! Bandet og skodespelaranefrå Sorga kler Elektra står for detmusikalske bidraget.Heddaprisvinnaren GjertrudJynge syng og fortel den gripandeHistoria om ein soldat av Stravinskij/Ramuz,ispedd songar av Brecht/Weill, i Bikuben 14. september.Likte du Next to Normal? IBikuben 19. oktober kan duta ein musikalsk dukkert ned ismakebitar frå fleire nye musikalar.Kanskje finn du ein ny favoritt?SIDE 37 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Fuck My Life | Premiere 22. november | Scene 3HEMMELEGE TENÅRINGSLIVFuck My Life. Det høyrest brutalt ut. På plakaten viser fire ungdommar fingeren til oss. RegissørPer-Olav Sørensen vil laga ein regnboge. Han plukkar opp ein tilfeldig neve med Oslo-ungdom ogser kva han finn. Kva for historier finn vegen inn på teaterscenen og korleis vil dette sjå ut til slutt?TEKST UNN CATODOTTER FYLLINGSNES FOTO STURLA BAKKENProsjektet som tek form på Scene 3 i haust er basert på eit liknandeprosjekt som vart gjennomført i Irland i 2009. Pol Heyvaert,belgisk regissør og scenograf som Sørensen har samarbeidd medfør, inviterte atten ungdommar til å setja lys på tema som opptokdei. Kva er det til dømes som driv unge menneske inn i djup depresjoneller ekstrem vald? Dei irske ungdommane som var medi Fuck My Life (fml) høyrer til den fyrste generasjonen som veksopp utan å verta styrte av den romersk-katolske kyrkja, den fyrstegenerasjonen som kan nyta allmenn velstand men som samstundesopplever framandgjering og kraftig vald i eit land med deihøgaste sjølvmordsratane mellom ungdom i Europa. fml har sidan2009 vore på turné til Skottland, England, Finland, Nederland,Nord-Irland, Tyskland og Belgia. No skriv me 2012 og deter norske ungdommar sin tur til å fortelja sine historier.Den norske teater- og filmregissøren Per-Olav Sørensen harlånt tittelen og teke konseptet med til Oslo. Det Norske møterhan på kafé ein tidleg morgon. Per-Olav, eller P-O, som hanskriv under med, håpar at dette er det fyrste og siste intervjuethan gjer i denne prosessen – heretter er det ungdommane sjølvesom skal vera i fokus og driva prosjektet framover.– Kva vil dette prosjektet fortelja om det å vera ung i Noreg,samanlikna med i Irland?– Det som faktisk fyrst og fremst kom fram i Irland, var einenorm livsglede, svarar P-O. – Eg trur at ungdom er ungdom,same kvar dei høyrer til. Dei har dei same utfordringane omå prestera og å høyra til. Overgangen frå barn til vaksen erein svært sårbar periode. Eg vil korkje stadfesta eller avkreftafordommar. Eg vil gje folk eit høve til å sjå sjølve; gå inn i salenog få det i fleisen. Målet er å få fram eit bilete av ungdom anno2012, deira tankar og liv.– Korleis finn du ungdommane som skal vera med?– Eg held ikkje nokon vanleg audition og ser ikkje etterscenetalent. Eg dreg på besøk til skular som Det Norske Teatretsamarbeider med. Der snakkar eg med lærarane som gjev infovidare til elevane. Om dei synest prosjektet høyrest interessantSIDE 38 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Agnes Ravatn blar seg gje nomkvi neblada i Narvesen. Tre av deirår til kjøp av truse med rumpeinnleg.I SN 0803-33409 7 7 0 8 0 3 3 4 0 1 5PROLOG 22–234 8SAMFUNN 6–7ESSAY 18–19KULTUR 10– 1INTERVJU 3MUSIKK 24–25Foto: Scanpixut, kjem eg på besøk i klassen. Etter besøket gjerlæraren eit utval av dei som kan tenkja seg å vera med.Nokre stader snakkar eg direkte med elevane. Etterdesse rundane er me oppe i 100 ungdommar som skalvera med vidare til fase to.– Korleis skal du greia å velja ut historier mellomså mange?– Eg kjem til å snakka med alle saman, lytta tildei og gjera dei trygge. Det er ikkje berre dei tragiskehistoriene me vil ha fram, men òg forteljingar omkorleis ein sminkar seg, om ei song ein likar eller kvaein gjer på fritida. Eg vil ha fram ein regnboge av fargarog bakgrunnar; eit bilete av ein generasjon. Nokresnakkar mykje, nokre er meir stille. Poenget er å finnaungdommar som er representative for båe sidene avAkerselva. I den tredje fasen vel me ut og set i scene.Ungdommane formar prosjektet sjølve, difor er detviktig å finna dei som er motiverte for å vera med. Deimarknadsfører på nettet, legg videoar på YouTube også bortetter.– Kva slags framsyning vil dette verta?– Målet er å stå att med 12-13 ungdommar somlagar sjølve framsyninga. Eg ser ikkje etter håpefulleskodespelarspirer, men vanleg ungdom som sjeldanfår ein arena. TV og teater er dramatisert synsing.Det skal ikkje dette vera. Ungdommane skal vera segsjølve, dei skal ikkje spela ei rolle. Dei må ikkje påverkakvarandre og verta for like – det vert keisamt. Omnokon ser ned i golvet i fem minutt, er det lov.– Dette høyrest ut som ein krevjande metode – villedet ikkje vera enklare å få ein dramatikar til å skriva eitmanus?– Jo, det er mykje meir tidkrevjande enn å arbeidamed eit ferdig manus. Tek ein fatt på eit stykke av Ibsengjer ein ein del privat føreabeid og har så ei prøvetid på8 veker, medan eit prosjekt som dette gjerne krev einprosess i forkant på kring 12 månader for at ein skal fådet til. Før ein byrjar eksisterer det ingenting. Ein skalfylla alt. Men det er svært viktig at ungdommane somer med kjenner eigarskap til prosjektet, og det får deipå denne måten.Per-Olav har bakgrunn som journalist. Det er ei erfaringhan har god bruk for:– Eg tek ofte journalisten i meg med inn iprosjektet. Det er kanskje då eg trivst best. Det ermorosamt å la konkret research verta teater, og eglikar å finna nye vegar inni teatret; få fram kva teaterkan vera, ikkje kva det skal vera. Eg likar å viska ut dendelen som eg definerer som dramatiseringa. I brukteme direkte sitat frå rettssaka mot desse to foreldra.Framsyninga gjekk parallelt med saka om den vesleguten her i Noreg som vart drepen av stefaren sin,så ho vart frykteleg aktuell med eitt. Veggen mellompublikum og dei på scenen vert vekke. Om me ikkjeer i stand til å forstå desse menneska, og høyra andrehistorier enn våre eigne, vert me ikkje smartare.– Er ungdommen i dag sjølvsentrert?– Det trur eg ikkje. Ikkje meir sjølvsentrerte ennvaksne, i alle fall. Men dei er kanskje meir medvitneom eigne mål enn før. Dei er nok smerteleg klåre overkva samfunnet krev av dei. Eg opplever at ungdom idag er meir opne, dei er mangefasetterte. Eg lar megfascinera av dei. Og så er det ein ting eg har lagt merketil: Då eg gjekk på ungdomsskulen – eg er fødd i ’63 –var det lett å spotta elevrådsformannen i ein klasse på25. No er det heilt umogleg! Deltakinga er høgare ogelevane viser større sjølvtillit. Før var det kanskje trefiresom stakk seg ut og resten var grå mus. No er detlite grått, seier P-O og ler.Skuleverkstadene i tilknyting til stykket er fylte oppfor lenge sidan. Per-Olav er ikkje overraska:– Eg har heile tida trudd at det kom til å verta fullehus. Ungdom vil sjå ungdom, så enkelt er det. REGISSØRENPer-Olav SørensenFuck My LifeFødd i 1963, har budd i Oslo i 30 år, men kjem opphavlegfrå Moss.Han er regissør, dramatikar, produsent og manusforfattarog driv produksjonsselskapet POS Theatre Company,NonStop Internasjonale Teaterfestival og KulturhusetParkteatret i Moss.På teaterscenen har han hatt regi på mellom anna Tater!og Dracula (båe Oslo Nye Teater), TanGhost, Grand OldMan og Drapene i Aalst (eige produksjonsselskap), I Hireda Contract Killer, Siste dagers hellige, Bjørnson i 100 ogKOM! (alle Nationaltheatret).Har regissert fleire TV-drama, til dømes Seks som oss,Honningfellen og Ali Reza and the Rezas i tillegg til filmenMennesker i solen. Har regi på dramasatsinga Halvbrorenpå NRK, basert på boka av Lars Saabye Christensen.VitaminforsvaretPrøv– den nynorskevekeavisafor kultur ogpolitikk– gratis!Send SMSDT3V til 2007,så sender videg tre prøvenummerutanat du forpliktardeg tilnoko somhelst.Vitamin D er viktigare for immunforsvarete n det ein tidlegarehar tru d, viser ny forsking.KOMMENTAR 2Stein Husby meiner at ei ordinærrettssak vi le gjeve Knut Hamsunlang fengselsstra f.VentemottakDei er utviste flyktningar. Dei burpå ventemo tak. No vil dei at meskal sjå dei – på Faceb ok.KvinnelesnadKvifor skal a le kjendisane skrivabarnebøker om prinse ser,undrar Ragnar Hovland.NR. 47 20. NOVEMBER – 26. NOVEMBER 2009 48. ÅRGANGEN LAUSSAL 35 KRONERDet er ein illusjon å tru atbio drivsto f kan berga bilsamfunnet,skriv Trygve Refsdal.HELSE 6–7Bønder på IslayPå Hebridane driv brørne Davidog Neil McLe lan gardsbruk.I desember kjem to tusentundra gjæser på vitjing.REPORTASJE 22–23Dystreprognosar– Klimaga sutsle pa er høgaree n ekstremscenarioa som vartlaga for ti år sidan, fortel PålPrestrud i Cicero.KLIMA 4–5KRONIKK 32–33KongeslagetDet gjekk frisktføre seg på slotteti Stockholm i 1821,då Carl Johan gavhandfast audienstil statsministerPeder Anker.SIDE 19INNSIDA 39Grand Old MenDei fyller sy ti år, men både JonEikemo og Svein Erik Brodalvonar at det ver teater ogsåi framtida.TREMANNSHAND 20–21Ord-avdukingaMange av dei innbydde komi kje, men likevel las EinarØkland prologen sin då NorskOrdbok band 8 vart avduka.NR. 48 27. NOVEMBER – 3. DESEMBER 2009 48. ÅRGANGEN LAUSSAL 35 KRONERRichard Broui le tes har lagafilm om globaliseringa av detnyliberalistiske tankesystemet.HeilstøyptBjørnson– Sjukefråværet i Noreg er dethøgste i verda. Det er mogleg åfå det ned, seier Knut Røed.Det er 200 år sidan Felix Mendelsohnvart fødd, oppfinnarenav religiøs kitsch i musikken.Udugelegsom fiendeEdvard Hoem bør skrive tre band istaden for to om BjørnstjerneBjørnson, skriv Geir Mork.VankunnaPresidentane i Venezuela, Cuba, Bolivia, Ecuador ogNicaragua allierte seg mot Bush. No rustar dei til forsvarmot Obama. Men kva hender når venezuelararflest trur betre om presidenten i USA enn sin eigen?BOKMELDING 27Dei fyrste utgåvene av Store NorskeLeksikon undera porterte overgrepai DDR. Samtidsforfalsking,ka lar Sven G. Holts mark det.Frå Lesjamed romanHISTORIE 14–15Systrene Guri og Sigrid SørumgårdBotheim har skrive roman– saman, ord for ord.LITTERATURSIDE 4–5NR. 46 13. NOVEMBER – 19. NOVEMBER 2009 48. ÅRGANGEN LAUSSAL 35 KRONERKarl Ove Knausgård føyer seg inni ei lang rekkje av farmordarar,skriv Solveig Aareskjold.KOMMENTAR 2Tore Rem vil vera sni l mot muslimar,men slem mot antroposofar.– Dobbeltmoral, skriv Jon Hustad.KOMMENTAR 15Frp er den einaste utanrikspolitiskeopposisjonen her i landet,Slå av lyset!Pump oppolja!Regjeringa vil haoss til å sløkkjelyset i gangenseier Erling Borgen.INTERVJU 3SIDE 39 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Tap av benmassestarter i 30 års alderenFloradix ®Kalsium-MagnesiumKalsium + Magnesium + SinkNaturlig kosttilskudd med essensiellemineraler for sterkere ben og tenner Magnesium, sink og vitamin D sikrer riktiglevering og absorbsjon av kalsium Synergerende base av urter og fruktjuicergir en balansert ph og lett fordøyelse Sikker ved langvarig bruk Maksimum absorbasjon, flytende med lettopptagbar kalsiumglukonat og laktat Ideell dosering, tilfredsstillende som kosttilskudd Fri for bly, farvestoffer, pestisiderog konserveringsmidlerOBS! Utenkonserveringsmidler!Floradix ® Kalsium-Magnesium kjøpes hos Coop,apotek, helsekost- og dagligvareforretninger.Ole Deviksvei 18 - 0666 Oslo - Tlf. 23 37 37 40 - Faks 23 37 37 59 - E-mail: post@naturimport.no - Internett: www.naturimport.noSIDE 40 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

GARDEROBEN MIN: SILJE STORSTEIN OG KRISTIN GRUE«NOKRE GONGER KRØLLAR VI OSSSAMAN UNDER DYNA. ELLER VI LIGGPÅ SPIKARMATTA»SILJE (t.v) er aktuell i Bjørnen og Gjøglaren.KRISTIN (t.h) er aktuell i Sorga kler Elektra, Gjøglaren og Evita.Oppå skapet ligg dei gamle korta tilHenny Moan som hadde garderobenfør. Inni skapet står kassettspelarenhennar.Kristin: Peparkakeboks, med peparkakeri, og bilete av dramatikarenJonas Hassen Khemiri oppå (han erså kjekk og så skreiv han Vi som erhundre, som eg spelar i).Vi plar eigentleg ikkje ha det så ryddigher. Det blir til dømes fort til at ein delbrukte klede blir liggjande her fordiein aldri får dei med heim… Påkledaranehar kjefta på oss og bede oss omå rydde opp, så det har vi gjort.Klovneteikninga er det sonen til regissørenLine Rosvoll, Daniel, som harteikna av oss då vi øvde på eit klovnenummertil opninga av Bikuben. Haner 11 år og kjempeflink å teikna!Silje: Vi burde lagt inn nokre gamlesnusboksar – det er mykje snus her…Kristin: Dei ligg inni skapet. Der liggòg «Spynorsk mordliste». Eg likteeigentleg å ha nynorsk sidemål, eg.Det var gøy å lese, berre litt problematiskmed grammatikken som egikkje fekk heilt inn.Kristin: Boksehanskane er eit stortprosjekt, men eg har vondt i armanenett no, så eg får ikkje boksa såmykje. Men eg har store planar.Silje: Terningane er «yatzyhattar»som Mari, søstera mi, har laga. Hovar regiassistent på Vi har så kortearmar. Olaug Nilssen kopierte ideenog sydde faktisk ein slik til babyen sintil premieren! Klovnenasen attmed erspesialbestilt frå Gøteborg.Kristin: Kort frå ulike produksjonareg har vore med i, med takk frå regissøren.Og så er det eit bilete av Siljeog meg som små. – Vi var naboar ogvaks opp saman.Silje: Manuset til Bjørnen som eg skalspele i saman med Sigurd Myhre, påScene 3. Dette har eg skrive inn pådata sjølv – det er ein skikkeleg lågbudsjettproduksjon.Silje: Dyna er Kristinsi og dynetrekket ermitt. Nokre gongerkrøllar vi oss samani kvar vår ende. Ellervi ligg på spikarmatta,men den erpakka vekk no.Havfruehalen lånte vi til tullevideoen vi laga då vi heldtpå med Gjøglaren, men vi brukte han ikkje. Seinare harvi brukt han litt til våre eigne tullebilete og sånn. Menkostymeavdelinga veit ikkje at vi har han enno…Silje: Cavaen har eg fått av Kristintil bursdagen. Ein skal alltid ha littsjampis på lur. Men det er ingen festgarderobe,dette; den einaste gongenvi har hatt eit slags nachspiel her varetter Gjøglaren. Då åt vi peparkakermed blåmuggost og drakk portvin…FOTO: SIREN HØYLANDSIDE 41 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Himmlers fødselsdag | Premiere 18. oktober | Scene 3EIN SPESIELLFØDSELSDAGTEKST IDA MICHAELSEN FOTO SIREN HØYLANDHimmlers fødselsdag utspeler seg i heimen til den tidlegare SSoffiserenRudolf Höller. Mannen som tidlegare verka som kommandanti ein konsentrasjonsleir, kom seg unna rettsoppgjeretog blei etter krigen halden i skjul av søster si. Ti år seinare dukkarhan opp i det tidlegare Vest-Tyskland der han gjer ein lysandekarriere som høgsterettsdommar. Den 7. oktober kvart årfeirar han Himmlers fødselsdag. Bak mørke gardiner stasar hanseg opp i den gamle uniforma, sver til si fascistiske overtyding ogutbringer ein skål for dei brune førebilda sine. Denne mannenskal Ståle Bjørnhaug portrettere i haust.Du avsluttar karrieren ved Det Norske Teatret som SS-offiserenmed ei fordekt fortid. Har Thomas Bernhards stykkerelevans i vår tid?– Fascismen ligg som ein sovande bjørn i Europa. Ein sertendensar bryte overflata. I Austerrike, Ungarn og Nederlandser ein politiske grupperingar med klare høgreekstremesympatiar som vinn oppslutning og som til og med nårfram på den nasjonale, politiske arenaen. Eg veit ikkje kvafor relevans stykket har for stemninga i Noreg, men det er joingen tvil om at det ulmar under overflata her òg. Det er einskremmande tanke. Hovudpersonen Höller spår at ungdomvil reise seg mot demokratiet. Vi har jo sett eit grotesk dømepå det med Breivik-saka.Kva er det med Austerrike da, som Bernhard så kraftfullt ognedlatande dissekerte i forfattarskapen sin?– Austerrike tok heller aldri noko oppgjer med fortida. Deiinsisterte på ei offerrolle og har skyvd rettsoppgjeret underteppet. Det lir nok nasjonen under. Det har vore fleire eksempelpå uheldige koplingar i austerriksk politikk. ThomasBernhard var da heller ingen populær mann i heimlandet.Han rørte vel ved ei side dei ikkje ville vedkjenne seg.Har du spelt i stykke av han tidlegare?– Nei, dette er første gongen. Han har ei særeiga form, einmerkeleg rytme. Det er ikkje på vers, men har ein sterk poetiskkraft. Eg har sett nokre framsyningar signert Bernhardog dei kan vere besetjande, dersom ein får det til.Den einaste likskapen mellom deg og karakteren du skal ikast med, er at de begge står Vor dem Ruhestand, som eroriginaltittelen på stykket; altså at de er i ferd med å nå aldersgrensafor yrkesutøvinga. Du har ein lang og innhaldsrikkarriere å sjå tilbake på. Korleis oppsummerer ein 50 år vedteatret?– Eg har fått smake på ytterpunkta i det å vere skodespelar.I ettertid har eg sett at livet har gått i fasar som har gittulike rolleoppgåver. Det har vore ei samansett tid. Da egbegynte, spelte eg mest unge, pene gutar og det var nedverdigande,syntest eg. Men så kom eg til Den Nationale Sceneunder leiing av Knut Thommassen og der låg det eg ventapå. Eg fekk bryne meg på store karakterroller som Biff i Enhandelsreisendes død, Don Juan, Faust i Stein Winges oppsetjing,Tesman i Hedda Gabler og Brechts Arturo Ui. Detvar ein sterk periode ved teatret og eg opplevde at vi speltenyskapande og moderne teater. Overgangen til den førsterolla ved Det Norske Teatret var stor.Kva var debuten her?SIDE 42 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

– Broren i Tre systrer av Tsjekhov. Det kjendest berrefeil etter tida i Bergen. Men her på Det NorskeTeatret har eg fått spele alle dei klassiske, store nynorskrollene,Bleikeplassen, Didrik i Medmenneske,Draumkvedet, Den fjerde nattevakt, ja, lista er lang.Saknar du noka rolle?– Tja, Macbeth er ei interessant rolle som eg ikkjehar gjort. Og Kong Lear har sine løyndommar someg gjerne skulle ha forska i, men alt i alt synest egat det har vore eit rikt liv med gode utfordringar.Under studietida følgde eg noko undervising påmusikkonservatoriet. Eg må berre understreke ateg ikkje har den musikalske skoleringa som trengstfor store operaroller, men eg har fått gleda av å gjerefine roller i musikkteatret.I Mayenburgs Den stygge såg vi ei komisk sideved deg som vi ikkje visste om. Modig, presist ogustyrteleg komisk tolka du kirurgen i den absurdeframstillinga av skjønnheitsjaget i vår tid. Kvifor harvi ikkje fått sjå meir av den sida?– Eg blei tidleg sett på plass der. Dagmar Myrvold,ein avhalden og høgt elska lærar på Teaterhøgskolensa ein gong følgjande: «Bjørnhaug, De er ustyrteliglite morsom! De må ta denne monologen medryggen til salen.» Da eg 20 år seinare hausta latteri salen, kom det som ei stor overrasking på meg, ogeg mista teksten eit par minutt, trur eg. Det harvore herleg dei gongene det har skjedd.Thomas Bernhard kallar Himmlers fødselsdag einkomedie. Det kan neppe tolkast på anna vis enn einBernhardsk sarkasme.– Eg vil nødig gi meg inn på ei utlegging om Bernhardsundertittel og kvifor han set den merkelappenpå eit stoff som dette. Men det hadde ikkje vore ThomasBernhard om det ikkje hadde sine løyndommar.SKODESPELARENStåle BjørnhaugDebuterte i 1962 på Nationaltheatret.Ved Den NationaleScene frå 1970 til 1980.Bjørnhaug kom til Det NorskeTeatret i 1981.Roller i utval ved Det NorskeTeatret: Keisar Julian i Keisarog Galilear av Ibsen, Kaifas iJesus Christ Superstar, Didrik iMedmennesket, Johan Tanderi Bleikeplassen av Vesaas,George i Om mus og mennav Steinbeck, Fernan Gomezde Gusman i Historia om einlandsby, tittelrolla i IbsensJon Gabriel Borkmann, Ol-Kanelesa i Den fjerde nattevaktav Falkberget, Blind-Anders/Bendek i Juvikfolke av Duun,Obersten i Ingen skriv til oberstenav García Márquez ogKølfogden i An-Magritt. I 1996sette Ståle Bjørnhaug samanframsyninga Bloddropetrallmed dikt av Kristoffer Uppdal.SIDE 43 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

The Great India…ønsker deg hjertelig velkommen til enopplevelse for sansene!The Great India ønsker å gi deg en fest for sansene med våretradi sjonelle retter. I vår restaurant er det en intim og roligstemning, og dufter av herlig mat. Restauranten ligger et steinkastfra Karl Johans gate, rett overfor Nasjonalgalleriet. Velkommentil The Great India og en liten indisk reise. www.thegreatindia.noDu finner oss her:Kristian Augustgt. 14, 0164 Oslo(inngang fra Universitetsgaten)vis á vis Nasjo nal galleriet.Åpningstider:Mandag–lørdag 15.00–23.00Søndag: 15.00–22.00Åpent for lunsj mellom11–15.00 man–fredag.ring oss for bordbestilling: tlf. 22 20 03 89Hvor enderdenne finetrappen?Finn ut gjennom et uforglemmelig besøktil til to to dikterhjem i i Asker.Velkommen til Asker Museum, Valstads samlingerog Labråten, Hulda og Arne Garborgs heim.NB!HøsttakkefestSøndag 23. septemberkl 11 - 16www.askermuseum.noAsker Museum, Otto Valstads vei 19, 1395 HvalstadTlf 66 79 00 11 post@askermuseum.noTirsdag-fredag 11.00-15.00, søndag 12.00-16.00SIDE 44 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

DEBUTEN: INGEBORG S. RAUSTØL (32)«BROREN MIN MÅTTE FINNE SEG IÅ VERE BRURA»AKTUELL: Elskarinna/Søstera i Evita og Harlekin/Mora i Gjøglaren.DEBUT: Som den flotte brudgommen i eit stykke av og med meg sjølv.NÅR: 2. søndag i advent i 1988.KVAR: Heime i stova. Publikum var familie og naboar.Kva tenkte du denne dagen?– Eg fungerte nok som ein slags altmulegmanndenne dagen, eller som ei i overkant sjefete storesøstersom bestemte alt, så eg trur nok at deteg tenkte mest på var om veslebroren min Henrikkom til å oppføre seg. Dersom han berreheldt seg til planen og gjorde akkurat som egsa, ville det sjølvsagt bli ein suksess. Problemetvar at han ikkje alltid let seg sjefe over. Eg villealltid vere mann, så broren min måtte finne segi å vere brura.Korleis gjekk det?– Eg trur det gjekk retteleg bra! Vi hadde eit parknise-anfall som Henrik fekk skulda for, men ellesmeiner eg vi var veldig fornøgde, begge to. Eghugsar eg var spesielt fornøgd med brurebuketten– eller, det var vel meir ei brurepotte.Når skjønte du at det var skodespelar du ville bli?– Det er ikkje godt å seie, for eg prøvde i mangeår å lure meg sjølv til å tru at eg ville alt muleganna. Sjølv om det nok låg der godt skjult heiltsidan barndommen, innrømde eg det nok ikkjefør eg var om lag 20 år.Kva ville du gjerne ha visst den dagen,som du veit i dag?– At det er mykje meir morosamt å lageteater når ein samarbeider!INGEBORGPÅ 1-2-31 2 3Utdanna ved skodespelarlinjaved Kunsthøgskoleni Oslo, 2010. Har vore medi TV-seriane Lekestue ogHotell Cæsar.Spelte Irene i Sjuk Ungdomog Maria Amelie i Ulovlegnorsk på Det Norske Teatret.Drøymer om å starte eit eigeteater med Asklepios Hane(Sigurd Myhre, HermanBernhoft, Janne Heltberg ogMarie Blokhus).SIDE 45 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

DET MULTINORSKESARA KHORAMI (24)Bakgrunn: Fødd og oppvaksen i Sandvika, Bærum,hos iranske foreldre som kom som flyktninger tilNoreg i 1985.– Kvar dag i to timar etter middag og dessert var det dansingheime da eg var liten. Eg og foreldra mine dansa tilalt frå Bob Marley til Michael Jackson og persisk musikk.Det var mykje liv i huset og høg musikk. Så eg trur eg harblitt veldig fysisk på grunn av det.Mora og faren til Sara var med i ein ulovleg sosialistisk organisasjoni Iran som kjempa for fridom og demokrati, ogfaren dreiv også litt med teater. Men da kunstnarvenneneog demokratiforkjemparane byrja bli fengsla og avrettaetter at Khomeini tok over styringa av landet, skjønte foreldraat dei måtte flykte før det blei deira tur.– Foreldra mine har alltid sagt at det er eit privilegium å fåuttrykke seg fritt. Det er ikkje sjølvsagt. Dersom ein haddesett opp eit stykke som Vinterlangt i Iran i dag, ville skodespelaranemest sannsynleg risikert både pisking og fengsel.Foreldra til Sara er persarar, og om ho skal trekkje framnoko som pregar hennar sceniske uttrykk som ho harmed seg frå oppveksten, så er det lidenskap og kjensler.– No gler eg meg veldig til å byrje på Det Multinorske! Eghar aldri blitt så glad for noko før. Dette er eit skikkelegskippertak, vi får vere med på å utvikle norsk teater moteit mangfald. Eg trur andre teater snart vil gjere det same.SIDE 46 DET NORSKE — HAUSTEN 2012KADIR TALABANI (25)Bakgrunn: Fødd i Kurdistan i Irak. Har lev store delarav livet på flukt og i ulike flyktningeleirar. Kom til Noregsom 13-åring i 1999 for å bu i lag med familien itrygge og frie omgivningar på Bogerud i Oslo– Når du har overlevd både kreft i bukspyttkjertelen og åbli skoten på av snikskyttarar i ein flyktningeleir, så er detikkje så mykje som verkar skremmande på deg lenger. Foreksempel å stå på ein scene. Fortida er mi styrke.Da Kadir var eitt år vart huset til familien og alt dei eigdebrent, og dei vart drivne på flukt. Sytti familiemedlemmer,mellom dei ein av brørne hans, vart drepne i lagmed 200 000 andre på bakgrunn av deira etniske opphavog politiske overtyding. Resten av brørne vart politiskefangar. Talabani-familien var i 1975 med på å stifte PUK(Kurdistans Politiske Union) som kravde Saddam Husseinsavgang og eit styre basert på demokrati og menneskerettar,difor var dei ein trugsel mot regimet. I dag harfleire i familien framtredande politiske verv i regjeringai Irak. Etter han kom til Noreg byrja han å spele trommerog lærte seg etter kvart fem ulike kampsportar. Ettermykje prøving og feiling enda han for nokre år sidan opppå eit skodespelarkurs – og kjende seg totalt nyforelska, saopp jobben på Go-kart-senteret og byrja gå på auditions.– Eg trur at eg som skodespelar er veldig open og utansperrer. Eg har tigga, eg har vore millionær. Eg har jaktaog blitt jakta på. Eg ser meg sjølv først og fremst som eitmenneske som har erfart utruleg mykje, og det vil nokvere ein fordel i rolletolkingane mine. Eg vil tenkje stort.Eg vil inspirere andre til å bidra positivt i samfunnet. Eger utruleg glad for å vere her!

I haust startar Det Norske Teatrets studium for framtidige skodespelarar med fleirkulturell bakgrunn.Studiet skal leie til ein bachelor innan skodespelarfaget og er i samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag. Av 53 søkjarar var det desse fire som kom gjennom nålauget:FOTO: SIREN HØYLANDJUDY NYAMBURA KARANJA (25)Bakgrunn: Fødd i Kenya, kom til Noreg via Tanzaniasom treåring med foreldra som var politiske flyktingar.Voks opp i Oslo. Kjenner seg mest heime påHauketo.– Eg kan hugse den dagen vi kom til Noreg, sjølv om egberre var tre år. Det var Luciadagen, og eg trudde alle barnasom gjekk ute i snøen med lys i håret var englar.THOMAS BIPIN OLSEN (28)Bakgrunn: Levde på barneheim i India til han var seksår gammal. Voks deretter opp hos adoptivforeldre iTønsberg.Seks år gammal vart Thomas Bipin Olsen henta av farsin på barneheimen i India. Da dei skulle sjekke inn påhotell om kvelden, måtte faren krangle med persosnaletog vise fram adopsjonspapira for å få sonen sin med innpå hotellet. 22 år seinare, etter å ha søkt teaterlinja vedKunsthøgskolen i Oslo fem gonger, har Thomas fått einav fire attraktive plassar ved Det multinorske.Nokre år seinare, i barnehagen, sette Judy opp si førsteteaterframsyning. Publikum betalte med klinkekuler– som dei fekk attende etter framsyninga. Sidan dendagen har Judy arrangert og sett i gang eit utal prosjekt.Disiplin og høg arbeidsmoral har ho lært heime, og dethar ført henne til ein studieplass ved Det multinorske.– Det er vanvitig å komme hit. Eg prøver å halde meg cool,calm and collected, seier Judy, som snakkar både kiswahili,norsk og engelsk flytande. Ho forstår også kikuyu, somopphavleg er morsmålet, og islandsk, fordi bestevenninnai barndommen var frå Island. Eg håpar at vi kan vere medpå å gjere slik at teatret frametter vil spegle samfunnet betre.Eg trur dette vil vere ein døropnar for publikum også.Endeleg eit fargeblindt teater, på høgt nivå.SIDE 47 DET NORSKE — HAUSTEN 2012– Eg kjenner meg som ein femåring som er sleppt inn i verdasstørste leikebutikk! Det er her eg ønskjer å jobbe når eger ferdig. På Det Norske Teatret er det spennande teatret imine auge. Her er ein ikkje redd for å teste ut nye ting og satse.Sjølv likar han best å spele psykologisk drama, og draumener å bli ein førsteklasses karakterskodespelar ogbryne seg på alt frå komedie og farse til tunge drama ogShakespeare. Bakgrunnen frå India tenkjer han ikkje såmykje på.– I studentteatret og teatergruppa eg var med i var det aldrinoko stort poeng at eg skulle spele den eller den rolla.Det er annleis i institusjonsteaterverda. Eg trur eigentlegikkje min generasjon bryr seg så mykje om nokon er mørkeller lys i huda.

OPPSPARK TIL JUBILEUM 2013: DET NORSKE TEATRET 100 ÅRKVA LES DU NO,SJEFDRAMATURG CARLMORTEN AMUNDSEN?Det Norske Teatret fyller 100 år i 2013. Korleis føreburein eit jubileum, eigentleg?– Vi les mykje! Dramaturgane pløyer seg gjennomdet historiske repertoaret. Og vi går jo også tilbaketil ei tid som ikkje finnest lenger. Vi lærer mykje omhistoria til dette teatret på den måten.Men er alt spelbart i dag?– Tja. Tidleg på 1900-talet krinsa stykka gjernerundt tema som arv, giftarmål og garder, ikkje akkurattema som er like aktuelle i dag, men det seiernoko om at teatret sprang ut av norsk bondekultur.Vi har til dømes lese mykje av Olav Hoprekstad, somvar ein av dei mest spelte dramatikarane i dei førsteåra. Mellom anna signerte han eit av opningsstykka i1913. Han er ikkje speleleg i dag, iallfall om ein ikkjefinn eit eige regigrep og viser fram ei anna tid, einannan mentalitet. Og det er nok mogleg? Vi kjem tilå presentere delar av dette historiske repertoaret i einserie med laurdagsmatinear i jubileumsåret. Her blirdet presentasjon av teatret sin hundreårige historie,og der høyrer desse stykka naturleg heime.De har lese Tarjei Vesaas også?– Det er rett. Vi har lese mykje Vesaas. For anten dutrur det eller ei har Tarjei Vesaas ein stor dramatiskproduksjon. Den lesinga har vore ekstra morosam,og den har ført til at vi ikkje nøyer oss med å gi historiskesmakebitar. Vesaas kjem til å få ei eiga oppsetjingpå Scene 3 i jubileumsåret. Det er liksom vedteke atVesaas ikkje var dramatikar. Han var overtydd om athan var ein dramatikarfiasko sjølv også. Men i høyrespelasine syner han at han har talentet, ja at hanvar føre si tid. Han skriv i ein slags surrealistisk stil.Stykka er eksistensielle. Vesaas liknar på absurdistanePinter og Fosse. Dei har ei uhygge over seg, ei angstkjenslesom er utruleg suggererande. Tarjei Vesaas elskateatret. Det er på tide å rette opp att æra hans her.Korleis blir jubileumsåret?– Det er lagt opp til ei fyldig og rik jubileumsfeiring.For det første viser hundreårsjubileet seg i repertoaretmellom anna med gjensyn med tidlegare suksessar.Og så så blir det mykje anna i tillegg: folkefest,historiske laurdagsmatinear, Bikubekveldar, Scene3-produksjonar, utstilling og seminar. Og så skal vi hasamarbeid med Radioteatret. Eg vonar at jubileet kanpeike både framover og bakover. Eg trur publikum villike å lære dette teatret betre å kjenne. Og det gjer einved å sjå på historia. Mange ting fell på plass da.FOTO: SIREN HØYLANDSIDE 48 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

01Det Norske Teatret arbeidde i72 år for å skaffe seg sitt eigehus. Allereie i 1916 var det ferdigkonkrete arkitektteikningar aveit teaterbygg plassert akkuratder teatret ligg i dag. Teatret varteikna med ein hovudscene med750 plassar i salen, ein prøvesal ifemte etasje, biljardsalong i kjellarenog ein eigen hotelldel med40 rom. Ymse praktiske og økonomiskeutfordringar gjorde atbyggestart stadig blei utsett. Påårsmøtet hausten 1918 tok skodespelarEdvard Drabløs ordetog kravde å få ein eksakt datofor når det nye bygget kunnetakast i bruk. Hadde nokon gitthan datoen 6. mai 1985, haddehan truleg besvimt.02Det Norske Teatret innførte denmoderne musikalen i norsk teater.Teatersjef Hans Jacob Nilsensette i 1949 den amerikanskeBroadway-suksessen Oklahoma!på repertoaret, og med «Å, forein strålande morgon» fekk nynorskensin fyrste popkulturellehit. I Tormod Skagestads sjefstid(1960–1979), med Egil Monn-Iversens som musikalsk leiar, bleimusikalar ei hovudlinje i repertoaret,gjennom profesjonelle versjonarav internasjonale suksessarsom West Side Story (1965)og Spelemann på taket (1968),og gjennom nyskrivne norskemusikalar som Trost i taklampa(1963) og Ungen (1973)0 3Den offisielle opninga i hovudstadenfann stad 6. oktober 1913.I jubileumsåret vil dette bli feiramed open dag på Det NorskeTeatret. Hald av datoen!TEATERSLAGET I 1913Det Norske Teatret opna i 1913 som eit kampteater for nynorsk. Året før var den omstridde sidemålsstilen tilartium innført og gymnasiastar i hovudstaden bestemte seg difor for å demonstrere mot teatret. Gymnasiastanemobiliserte til pipekonsert mot framsyninga av Jeppe på Bjerget, måndag 13. oktober. Målstudentar somkjende til planane var møtte fram og gjekk fysisk til åtak på demonstrantane. Det utvikla seg eit blodig masseslagsmålinne i teatersalen, i fleire dagar var det stor uro under framsyningane. Den verste opprørsnatta, natt til17. oktober 1913, kan det ifølgje samtidige aviser ha vore så mange som 20.000 demonstrantar omkring teatret.FOTO: KJARTAN BJELLANDFOR HUNDRE ÅR SIDAN…2. januar 1913 spelte Det Norske Teatret si første oppsetjing i Kristiansand.100 år seinare blir jubileumsåret sparka i gang med ei festframsyningi det nyopna kulturhuset Kilden. Det første stykket var– ikkje overraskande, kanskje – Ervingen av Ivar Aasen. No, hundreår seinare, blir det høgdepunkt frå eit langt repertoar.VISSTE DU AT:å Det Norske Teatret i 1932 søkte omDå få spele Bjørnson på nynorsk, fekkdet til svar frå Einar Bjørnson at søknadenmåtte skrivast på riksmål fordi «min Morer for døvhørt til aa forstaa nynorsk».Det nazistiske Teaterdirektoratetforbaud Edvard Drabløs å spele medgule strømper og raude strømpeband underei Shakespeare-framsyning i 1941, fordi detblei oppfatta som hån av NS-fargane.Det Norske Teatret planlaå finansiere teaterbyggetsitt ved å byggje ein 25 etasjarsskyskrapar ved sida av teatret påtomta i Karl Johan-kvartalet.SIDE 49 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

BIKUBENHAUSTEN 2012 14.september | Historia om einsoldat. Gjertrud Jynge fortel Historiaom ein soldat . Med fokus på20- og 30-talets musikk og tankegods,får vi høyre utdrag frå meisterverkettil Stravinskij/Ramuz,sett saman med arbeidarsongar avm.a. Brecht/Weill. Med: GjertrudJynge og Kammerkameleonaneved Catherine Leclerc (klarinett),Kari Rønnekleiv (fiolin), Ole-HenrikMoe (bratsj/sag), Kaja AadneThoresen (cello), Sanae Yoshida(klaver). 21. september | Trist og fintI 12 år har Kaia Huuse markertseg som ein singer/songwriterpå morsmålet. Med sitt sterke ogkjenslerike uttrykk har ho berørtpublikum landet rundt. Her framførerho songar frå heile karrierensin og også nokre nye. 28. september | The BluebirdSession Sven Henriksen er kjendfor sine tolkingar av Tom Waits.Her koplar han på Charles Bukowskiog eigne tekstar. Sven Henriksener den einaste som har fåttlov av sjefen sjølv til å omsetje ogspele inn Waits i Noreg. Med: SvenHenriksen og musikarane Tor EgilBraseth og Gjermund Silset. 5. oktober | Tango for treVi inviterer til ei dansande ogsveitt natt med Tango for tre i eisjeldan konsertoppleving med tradisjonellargentinsk tango, milongasi moderne arrangement, AstorPiazzolla og eigne komposisjonar.Med: Sverre Indris Joner (piano),Per Arne Glorvigen (bandoneón),Odd Hannnisdal (fiolin), SteinarHaugerud (kontrabass). 12. oktober | GroundingRandi Tytingvåg er ein sterk formidlarmed ei særeiga stemme ogekte nærvere. Den siste plata hennar,Grounding, har hausta strålandekritikkar. Med: Randi Tytingvåg(vokal), Juhani Silvola (gitar, koring),Jo Berger Myhre (bass, gitar,synthesizer), Christian Skaugen(trommer, perkusjon, dobro). 19. oktober | Ein musikalsk dukkertMusikalstunt med smakebitarfrå dei nyaste musikalane. 26. oktober | Norskjazz.noKarl Seglem har utvikla eit sterkt,personleg uttrykk, der jazzimprovisasjonog folkemusikk møtesti ulike samansetjingar. Med: KarlSeglem (tenorsaksofon), AndreasUlvo (flygel), Sigurd Hole (kontrabass),Jonas H. Sjøvaag (trimmar). 2. november | Snorre, AsbjørnSelsbane – og Æ av Hans RotmoDette er burlesk forteljarteater,nærast stand-up, med mangekarakterar og dialektar, fortald påein uhøgtideleg måte som venderseg veldig direkte til publikum.Med: Paul Ottar Haga. Regi: OttoHomlung. 9. november | I am your fan -ein hyllest til Leonard CohenThomas Bye presenterer The BestOf Leonard Cohen, tolka på sinheilt eigne måte. Konserten oppsummererCohens karriere, somstrekkjer seg over seks tiår. MenDet Store Spørsmålet står att åsvare på: Går det framleis an åsyngje Hallelujah? 16. november | Espen elskarJudy Judy Garland skal no hyllasti konsertframsyninga Espen elskarJudy. Med dei beste av dei bestelåtane frå Garlands konsert i Carnegiehall i 1961 og Espens eigneerfaringar som fan av Garland,ligg alt til rette for ein skikkelegfestkveld til ære for dama med deiraude rubinskorne. Med: EspenBråten Kristoffersen & HenrietteSteenstrup. Kapellmeister: ChristianStähler. 23. november | Sigve Bøe,Helge Iberg og Bendik HofsethSigve plukkar frå øvste hylla mellomsine musikalske favorittar.Med: Sigve Bøe, Helge Iberg (piano),Bendik Hofseth (saksofon)og Eli Kristin Hanssveen (solist fråDen Norske Opera). 30. november | Sesongavslutning:Julespesial!Programmet er ei overrasking.Lunsj & LyrikkKvar dag kl. 12 presenterer vi lyrikktil lunsjen i Bikuben. I haust kandu høyre mellom andre Svein ErikBrodal, Bernhard Ramstad, KnutØdegård, Ida Løken, Christer T.Aannestad og Margreta Nilssen,Hilde Hannah Buvik, Ineke Brinkmann,Pia Borgli, Grethe Ryen,Hilde Olausson og Jannik Bonnevie.BAKSNAKKPUBLIKUMSTREFF MEDPANEL I FORKANT AVFRAMSYNING ZOO – Er du eit dyremenneske?Onsdag 12. september kl. 18.00,BikubenVi har større valfridom enn nokongong, men kor frie er vi eigentleg?Er det mogleg å møte eit annamenneske fullt og heilt? Kven erdu utan treningsstudioet, jobben,festane, kursa? Framsyninga ZOOutforskar korleis ein møter kvarandrenår sosiale identitetsmerkeer viska vekk. Kor mykje har vieigentleg til felles med dyra? Ipanelet finn vi ein psykolog og einforskar i dyreåtferd. Sorga kler Elektra – Baksnakkspesial med Studio Sokrates, NRKP2 | Laurdag 22. september kl.14.00, Scene 2Frå antikk politikk til freudiansksjelegransking.Korleis ser vi på mellommenneskelegerelasjonar i ei tid da Freudslære er blitt populærvitskap? Derfilosofien sluttar kan jazzen gi deitragiske spørsmåla ein ny dimensjon.Vi har vore så heldige å fåStudio Sokrates – NRK P2s underhaldandeprogram om jazz ogfilosofi – som gjestar til Det NorskeTeatret. I «studio» på Scene 2 sitfilosof Vigdis Songe-Møller i lagmed dei livsvise og kunnskapsrikeprogramleiarane Knut Borge ogLars Nilsen. Programmet blir krydramed live musikk med musikaraneog skodespelarane frå Sorgakler Elektra. Jungelboka etter RudyardKipling | Laurdag 6. oktoberkl. 16.30, BikubenKipling var det britiske imperietsdiktar og i 1907 fekk han Nobelpriseni litteratur. Kipling var einfolkekjær diktar i si eiga samtid,men han har opplevd mykje kritikkseinare på grunn av den imperialistiskeideologien. Korleis les viKipling i dag? spør vi.Panelet blir kunngjort. 33 variasjonar – Mysteria imusikkhistoria | Fredag 19.oktober kl. 18.00, Scene 2Kva var det som fekk Beethoventil å skrive ikkje berre éin men 33variasjonar over ein vals han eigentlegikkje likte? Musikkhistoriainneheld mange mysterium omforgjering og vakre verk som aldrivart fullførte. Korleis kan nokon bliså besett av noko at ein vier livetsitt til det? Er det draumen om ånå fram til noko heilt utanom detvanlege, noko eineståande, som erdrivkrafta? Eller er det mysterietsom er målet? I panelet sit regissørHilde Andersen og klaverpedagogog arkivar Dag-Trygve Andersen.Panelleiar er Turid S. Myrholt, seniorrådgjevarkultur, Kirkerådet. Himmlers fødselsdagSachertorte og Wienervals:Tilfellet Austerrike | Laurdag 20.oktober kl. 15.30, BikubenForfattaren Thomas Bernhard taltenådelaust kritisk om heimlandetAusterrike. Han er ikkje åleine omdet blant sine landsmenn. Kva erdet med Austerrike som skaparslik forakt blant eigne kunstnarar?Elisabeth Beanca Halvorsen ergermanist og har følgt ElfriedeJelineks forfattarskap. Sverre Dahlhar omsett store delar av Bernhardsromanar til norsk. Saman erdei inviterte til å diskutere nasjonenbygt på restane etter eit sentraleuropeiskrike. Dramaturg CarlMorten Amundsen leier samtalen. Evita – Søkjelys ArgentinaTysdag 23. oktober kl. 18.00,BikubenPresident Juan Perón avskaffa demokratiet,men han og kona Evitablei likevel hylla av det argentinskefolket. Korleis var dette muleg?Korleis har Perón-tida og peronismenfarga det politiske landskapeti Argentina slik det ser ut i dag?Og kva rolle speler eigentlegChistian Dior i argentinsk politikk?I panelet sit forfattar KjartanFløgstad og journalist og dokumentarfilmskaparErling Borgen.Dramaturg Carl Morten Amundsenvil leie samtalen. Bibelen – kan ein dramatisereskrifta? | Torsdag 8. november kl.17.00, BikubenBibelen skal setjast opp på DetNorske Teatret med premiere 1. februar.Vi diskuterer innfallsvinklar,utfordringar og vanskelege val veddramatiseringa av den grunnleggjandeteksten for det kristne fellesskapet.Regissør Stein Wingeog professor og teolog JorunnØkland sit i panelet. Panelleiar erdramaturg Carl Morten Amundsen. PÅ SCENEKANTEN06.09. Scene 2: ZOO20.09. Hovudscenen: Evita26.10. Scene 2: 33 variasjonar20.11. Hovudscenen: Evita REGISSØRTREFFET SCENE 313.09. Dei seksuelle nevrosane tilforeldra våre, Erik Ulfsbymøter Carl Johan Karlson21.09. Dødsdansen, Erik Ulfsbymøter Sigrid Strøm Reibo09.10. Bjørnen, Erik Ulfsby møterKristina Kjeldsberg19.10. Himmlers fødselsdag,Erik Ulfsby møter MortenBorgersen28.11. Fuck My Life, Erik Ulfsbymøter Per-Olav SørensenSIDE 50 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

TETT PÅ: SKODESPELARAR01På grunn av stor etterspurnader Jungelboka, i Erik Ulfsbysregi, klar for ein ny haustsesongpå Hovudscenen. Der fårvi eit gledeleg gjensyn medGeir Kvarme som ein nokoomtåka boksar i Baloos skapnad.Kvarme vil òg vere å sjåsom «Den fine herren» i Deiseksuelle nevrosane til foreldravåre på Scene 3. For mangeer Kvarme eit kjend fjes frådiverse teateroppsetjingar påOslo Nye Teater og Nationaltheatret,men ikkje minst fråTV-seriar som Fredrikssonsfabrikk og Jul i Blåfjell.02Bjørn Skagestad gjestarendeleg Det Norske Teatretigjen, som Beethovens sekretær,Anton Schindler, i 33variasjonar. Det er 27 år sidanBjørn spelte her sist! Han harvore tilsett ved Nationaltheatretsidan 1988 og har tolkafleire store Ibsen-karakterar.Han er for mange ei kjendstemme frå Radioteatret, ogfleire vil kjenne han att somkarakteren Erlend i spelefilmenKristin Lavransdatter.03I vår fekk Torbjørn EriksenHeddaprisen for Årets bestemannlege birolle/medspelarfor si tolking av Orin i denkritikarhylla framsyningaSorga kler Elektra. I haust kandu oppleve han både somOrin og i rolla som Wertheri publikumssuksessen UngeWerthers lidingar, som gårfor fjerde sesongen på rad.Til våren skal han spele sjølvasteJesus i Stein Wingesoppsetjing av Bibelen på Hovudscenen.EKTEMANNEN TIL EVITAJon Bleiklie Devik blei for alvor kjend for publikum ved Det Norske Teatret gjennom suksessmusikalenNext to Normal. Der spelte han den oppofrande ektemannen til Heidi Gjermundsen Brochs bipolare karakter.No er han igjen aktuell som husbonden til nemnte skodespelar – i den storslegne musikalen Evita.Denne gongen er det den tidlegare argentinske presidenten, Juan Domingo Perón, Devik skal gi liv til.Skodespelaren peikar sjølv på det tette og gode samarbeidet med Gjermundsen Broch som dei byggjervidare på frå Next to Normal: «Vi har dei same tankane om teater og musikk og musikk i teatret», utdjuparhan. Bleiklie Devik kom til DNT frå Den Nationale Scene i Bergen, der han gjennom 5 ½ år m.a. speltei Forvandlingen, Dogville og Lady Macbeth. Han blei henta hit i samband med Katt på heitt blekktak, tilrolla som Pastor Tooker, og har sidan vekt oppsikt i så vel store Hovudscene-produksjonar som i smalareoppsetjingar på Scene 2 og Scene 3, sist som Han som jobbar i Norge-Brasil og maskinisten Johann i DasBoot. Skodespelaren er like komfortabel på små scenar som på store – «det er ikkje formatet som er viktig,men at ein jobbar saman med bra folk og ein god regissør, slik som i Evita.», slår han fast.ALLSIDIGPRISVINNARGjertrud Jynge er ein særdeles allsidigskodespelar som meistrar deifleste spelestilar. Ho skiftar lett fråAnna Karenina via ein leiken FrøkenHarepus til ein stilisert og episkspelestil i Det gode mennesket fråSezuan. For denne allsidigheita bleiJynge heidra med Heddaprisen 2012for beste kvinnelege birolle for si tolkingav Maria Steuber i Tida og rommetog for Christina Mannon i Sorgakler Elektra. Til hausten held ho framsom Fru Mannon i denne prisdryssakritikarsuksessen i regi av Eirik Stubø.I tillegg hiv ho seg i kast med Himmlersfødselsdag av Thomas Bernhard,der ho skal spele Clara.TEATER FORBARN&UNGE:Gjøglaren er nytt barneteater basertpå ei klassisk legende frå middelalderenog passar godt for barn frå fireår. Det Norske Teatrets juleframsyningkan du oppleve frå 8. november.Kvar laurdag frå 22.september kan barn ogvaksne bli med på ei fantasireisei Eventyrforteljeteaterstundpå Scene 3. Passar frå tre år.Jungelboka kjem opp i ny og pussaversjon 6. oktober. Framsyninga bleiei kultframsyning blant ungdom da denblei vist i 2008, men passar også for deisom er ni år.SIDE 51 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

Agnes Ravatn blar seg gje nomkvinneblada i Narvesen. Tre av deirår til kjøp av truse med rumpeinlegg.I SN 0803- 3409 7 7 0 8 0 3 3 4 0 1 5PROLOG 22–234 8SAMFUNN 6–7ESSAY 18–19Systrene Guri og Sigrid SørumgårdBotheim har skrive roman– saman, ord for ord.LITTERATURKULTUR 10–11oss til å sløkkjelyset i gangenINTERVJU 3MUSIKK 24–25Foto: ScanpixHUGS OGSÅ:PrøvFÅ TILSENDTSKOLEBROSJYRENEr du lærar og på jakt etter spennande og kreativtalternativ til tradisjonell klasseromsundervisning?Vi lagar kvar sesong eit program for skoleelvar påulike trinn kor vi bruker teaterframsyningane våresom inngang til pensum. Elevane ser stykket og kanm.a. bli med på kreative teaterverkstader leia av skodespelararog dramatikarar, skrive eigne manus ogprøve seg på scenen. Som ekstra bakgrunnsmaterialeblir det skreddarsydd eit pedagogisk materielltil bruk i klasserommet. Send ein e-post i dag tilsiri.hansen@detnorsketeatret.no og få sesongprogrammetfor skolar i posten.matinéGRIP DAGEN PÅDET NORSKE TEATRETVi held fram med det populære matinéprogrammetvårt og ønskjer velkommen til teater på dagtid.Sjå tre matinear for berre kr 175 pr billett!Kjøp billett til minimum tre ulike matinéframsyningarsamtidig og betal berre kr 175 pr billett – uavhengigav førpris. Total pris kr 525. Ver rask med bestillingada det er avgrensa tal på plassar!For informasjon om programmet og speleplan,sjå www.detnorsketeatret.no eller kontakt billettlukapå 22 42 43 44.EIT TEATER FOR MØTE,KURS OG FESTTeatret er ei flott ramme rundt alt frå private samankomstartil store bankettar. Med nyoppussa foajéområdeog nye folk bak grytene ligg alt til rette foreit hyggeleg arrangement. Her kan du pleie kundarog tilsette, lansere nye produkt, ha julebord ellerhalde sommarfest. Vi har lang erfaring med å sy samanulike typar selskap og bidrar aktivt med idearog kompetanse for at du og gjestande dine skal få einspesiell kveld hos oss.Kontakt oss på 22 47 38 00 for meir informasjon.FØLG OSS PÅFACEBOOK!Teatrets fanskare på Facebookveks jamnt og trutt,no vil vi også ha DEG somvenn! På Facebook-sida vårfår du vite kva som går forseg i kulissane, du får møte skodespelarar og regissørar,vi legg ut masse spennande film, video og bildefrå prøver og verkstader og du kan vinne konkurransarog få i-siste-liten tilbod. Og ikkje minst kan dulese kva folk meiner om stykka våre og sjølv kommemed synspunkt på noko du har sett. Vi held deg laupandeoppdatert på alt det er verdt å vite om eit husfullt av drama! Bli med på www.facebook.com/detnorsketeatretGJER TEATERBESØKET TILEI TOTAL OPP LEVING!Pirr smakssansane med eit besøk i Kafe Løve.Opningstider:Måndag 11–17 | Tysdag–torsdag 11–00.30(kjøkken til 23).Fredag–laurdag 11–02(kjøkken til 23).– den nynorskevekeavisafor kultur ogpolitikk– gratis!Send SMSDT3V til 2007,så sender videg tre prøvenummerutanat du forpliktardeg tilnoko somhelst.VitaminforsvaretVitamin D er viktigare for immunforsvarete n det ein tidlegarehar tru d, viser ny forsking.KOMMENTAR 2Stein Husby meiner at ei ordinærrettssak vi le gjeve Knut Hamsunlang fengselsstra f.VentemottakDei er utviste flyktningar. Dei burpå ventemo tak. No vil dei at meskal sjå dei – på Facebook.KvinnelesnadKvifor skal a le kjendisane skrivabarnebøker om prinse ser,undrar Ragnar Hovland.NR. 47 20. NOVEMBER – 26. NOVEMBER 2009 48. ÅRGANGEN LAUSSAL 35 KRONERDet er ein i lusjon å tru atbio drivstoff kan berga bilsamfunnet,skriv Trygve Refsdal.HELSE 6–7Bønder på IslayPå Hebridane driv brørne Davidog Neil McLe lan gardsbruk.I desember kjem to tusentundra gjæser på vitjing.REPORTASJE 22–23Dystreprognosar– Klimaga sutsle pa er høgaree n ekstremscenarioa som vartlaga for ti år sidan, fortel PålPrestrud i Cicero.KLIMA 4–5KRONIKK 32–33KongeslagetDet gjekk frisktføre seg på slotteti Stockholm i 1821,då Carl Johan gavhandfast audienstil statsministerPeder Anker.SIDE 19INNSIDA 39Grand Old MenDei fy ler sy ti år, men både JonEikemo og Svein Erik Brodalvonar at det ver teater ogsåi framtida.TREMANNSHAND 20–21Ord-avdukingaMange av de i nby de komi kje, men likeve las EinarØkland prologen sin då NorskOrdbok band 8 vart avduka.NR. 48 27. NOVEMBER – 3. DESEMBER 2009 48. ÅRGANGEN LAUSSAL 35 KRONERRichard Broui le tes har lagafilm om globaliseringa av detnyliberalistiske tankesystemet.HeilstøyptBjørnson– Sjukefråværet i Noreg er dethøgste i verda. Det er mogleg åfå det ned, seier Knut Røed.Det er 200 år sidan Felix Mendelsohnvart fødd, oppfinnarenav religiøs kitsch i musikken.Udugelegsom fiendeEdvard Hoem bør skrive tre band istaden for to om BjørnstjerneBjørnson, skriv Geir Mork.VankunnaPresidentane i Venezuela, Cuba, Bolivia, Ecuador ogNicaragua allierte seg mot Bush. No rustar dei til forsvarmot Obama. Men kva hender når venezuelararflest trur betre om presidenten i USA enn sin eigen?BOKMELDING 27Dei fyrste utgåvene av Store NorskeLeksikon underapporterte overgrepai DDR. Sam tidsforfalsking,ka lar Sven G. Holts mark det.Frå Lesjamed romanHISTORIE 14–15SIDE 4–5NR. 46 13. NOVEMBER – 19. NOVEMBER 2009 48. ÅRGANGEN LAUSSAL 35 KRONERKarl Ove Knausgård føyer seg inni ei lang rekkje av farmordarar,skriv Solveig Aareskjold.KOMMENTAR 2Tore Rem vil vera sni l mot muslimar,men slem mot antroposofar.– Dobbeltmoral, skriv Jon Hustad.KOMMENTAR 15Frp er den einaste utanrikspolitiskeopposisjonen her i landet,Slå av lyset!Pump oppolja!Regjeringa vil haseier Erling Borgen.INTERVJU 3SIDE 52 DET NORSKE — HAUSTEN 2012

– Kva planar har du for hausten?– Eg skal spele Evita, lenger har eg ikkje tenkt. Det er fint å vereattende her på teatret; som å komme heim. Ein kjenner godt korein har slege rot.– Kva replikk hugsar du best frå stykka du har vore med i?– «Eg skulle ønskje at den altfor faste kroppen fekk smelte, tineog flyte vekk som dogg.» Det er opningsreplikken til Hamlet someg nett gjorde i Tromsø. Det er sterke ord, synest eg. Han ønskjerat han kunne døy i staden for å leve her.– Kven av rollefigurane dine ville du ha helst ha stått fast i heisen med?– Anten Hamlet eller Judas. Kanskje båe to? Eller, det vert kanskjelitt heftig… Det kjem litt an på kor hen dei er i historia. Det er eindel ting eg ville ha spurd dei om. Problemet er jo at eg veit meirenn dei om kva som skjer. Eg kunne ha gitt dei nokre åtvaringar ogrådd dei til å ta det med ro. Lett å seie til dei to…– Kva livsvisdom har du lært så langt i livet?– Å setje pris på det å vakne opp her, i dette landet, sjå ut vindaugetog tenkje: Ah, another day in paradise. Eg trur det var Mads Gilbertsom sa det i ein dokumentar. Og så lever eg rett og slett etterSlapp av, relax. Stundom må ein stoppe opp og sjå livet sitt utanfrå,både når det går bra og når det går dårleg. Det trur eg er sunt.– Korleis koplar du best av?- I bunaden min! Altså joggebukse, kjempestor T-skjorte og tjukkelabbar,med Hellstrøm eller Hell’s Kitchen på fjernsynet.– Kva framkomstmiddel likar du best?– Føtene mine; det er dei eg brukar mest. Eg likar godt å køyre bil,men om eg har valet mellom å gå eller å ta buss eller t-bane, vel eghelst å gå.– Kva yrke hadde du valt om du ikkje skulle vere skodespelar?– Eg ville aldri valt på nytt! Det er ingen annan jobb eg kunnetenkje meg. Eller; det fine med å vere skodespelar er at eg får prøvemange ulike ting for ein periode, og så går eg vidare.– Kva seier du til deg sjølv i spegelen om tjue år?– Hm, då er eg 51… «Jøss, du har ikkje fått skjegg enno!?» No måeg jo omtrent vise leg når eg skal kjøpe mjølk og eg har ikkje truapå at det kjem til endre seg så mykje…– Kva er den beste maten å ete før du skal spele ei framsyning?– Noko lett, som salat eller sushi. Mat som gjer meg mett mensamstundes gjer at eg har litt å gå på. Eg plar bli svolten att mellomførste og andre akt – då et eg til dømes cottage cheese. Eg hugsarein gong eg åt komler før eg skulle spele Peter Pan… Det må havore den eine dagen eg trefte bakken i ein av flygescenane…– Kva MÅ du hugse å gjere før du går på scenen?– Å pusse tennene! Eg må liksom føle meg litt «fresh». Elles endrarrutinane seg etter kva framsyninga eg spelar. Før Evig ung måeg til dømes velje slipset sjølv. Då har eg ein dunge som eg plukkarfrå. Når det er helg vert det helst litt skimrande, sterke fargar. Karakterenmin er jo gammal teatersjef og likar å pynta seg, sjølv omhan ikkje er heilt klar over kor han skal eller kvifor han er der...Det er i grunnen ein fin livsvisdom, det òg: Eg skjønar ikkje heiltkvifor eg er her, men det er jammen flott å leve.10 minutt medFRANK KJOSÅSALDER: 31STATUS: Skodespelar på Det Norske Teatret sidan 2006AKTUELL: Che i EvitaFOTO: EIVOR ERIKSEN

SKODESPELARAR 2012Ane Dahl TorpPermisjonBernhard RamstadDei seksuelle nevrosane tilforeldra våre/GjøglarenBjørn Skagestad33 variasjonarBritt LanglieHimmlers fødselsdagCharlotte FrognerDei seksuelle nevrosane tilforeldra våre/JungelbokaElisabeth SandKunstnarleg leiar BikubenGrethe RyenEvita/GjøglarenHeidi Gjermundsen BrochEvitaHilde OlaussonEvitaHildegun Riise33 variasjonarHerborg KråkevikKjære LandsmennIngeborg SunderhagenRaustølEvita/GjøglarenJonas Georg DigerudJungelbokaJorunn KjellsbyDei seksuelle nevrosane tilforeldra våreKash King GashamuraJungelbokaKirsti StubøSorga kler Elektra/33variasjonarKristin GrueEvita/Sorga kler Elektra/Gjøglaren/Vi som er hundreKyrre HellumZOO/33 variasjonarNiklas GundersenEvita/JungelbokaNina WoxholttJungelbokaØyvin BervenEvitaPål Christian EggenDei seksuelle nevrosane til foreldravåre/Sorga kler Elektra/JungelbokaPaul Åge JohannesenEvitaPaul-Ottar HagaDødsdansenStåle BjørnhaugHimmlers fødselsdagSvein Roger KarlsenDei seksuelle nevrosane tilforeldra våre/JungelbokaSvein TindbergAbrahams BarnThomas ByePermisjonTobias SantelmannUnge Werthers lidingarTomm PercyGjøglaren

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!