Aktiv kvar dag for personar med utviklingshemming - Hordaland ...

polsak.ivest.no
  • No tags were found...

Aktiv kvar dag for personar med utviklingshemming - Hordaland ...

Aktiv kvar dagfor personar medutviklingshemming


Aktiv kvar dagVi er skapt for å være i rørsle. Fysiskaktivitet er ei kjelde til glede, velvere ogmeistringskjensle. Ein aktiv kvardag harmange gode verknader på kroppen vår,og det er samstundes den billigaste ogenklaste metoden for å få betre helse.Regelbunden fysisk aktivitet gjev mellomanna betre kondisjon, auka muskelstyrke,betre leddfunksjon og rørsle,betre søvnkvalitet og eit sterkare immunforsvar.Fysisk aktivitet har også verknadpå vår mentale helse.Kva er fysisk aktivitetFysisk aktivitet betyr å bruke kroppen – åvere i rørsle. Det kan vere alt frå å veremeir aktiv i kvardagen, som å ta trappenei staden for heisen og å gå til butikken,til å drive meir målretta trening somå symje, jogge eller styrketrening.Vi treng ikkje å setje av mykje tid ellerstreve hardt for å vere fysisk aktiv. 30minutt med moderat intensitet kvar dager nok for å dei positive effektane. Vi kangjerne dele denne halvtimen inn i tre økterpå 10 minutt kvar og likevel få same effekt.Fysisk aktivitet skal vere gøyFor dei som arbeider med personar medutviklingshemming er det ein viktig oppgåveå motivere brukarane til å være irørsle. Fysisk aktivitet skal vere gøy og inspirerande.Då er det viktig at vi finn aktivitetarsom den einskilde liker og meistrar.Å oppleve meistring gjev betre sjølvkjensleog motivasjon til vere i aktivitet.Korleis motivere tilfysisk aktivitet?I motivasjonsarbeidet er det viktig at vioppmuntrar den einskilde.Det første vi må finne ut av er kvifor brukareneventuelt ikkje ønskjer å være med?Kva for barrierar finst: Lite lyst? Mangelpå overskot? Eller kanskje tilgjenge og


tilrettelegginga for fysisk aktivitet ikkje ergod? Like viktig er å finne ut kva interesserden einskilde har.Ein vekeplan eller ein månadsplan vereeit nyttig verkty i motivasjonsarbeidet. Herkan deltakaren sjølv vere med å planleggjeog registrere aktiviteten. Kosthaldsvanarkan også registrerast. Det er viktig at deltakarentar aktiv del i å bruke planen.Andre motiverande faktorar kan vere brukav en skritteljar. For kvar veke kan ein hasom mål å gå eit minimum tal skritt. Ei slikmålsetting kan vere til hjelp i motivasjonsarbeidet.Det er viktig at vi set oss realistiskmål, basert på den einskilde sitt nivå.Tips til aktivitetar ogtilretteleggingMenneske med utviklingshemming er einstor og ulik gruppe med ulike behov. I tilretteleggingaav fysisk aktivitet, er det inokre tilfelle naudsynt med ulike hjelpemidlar:mjuke ballar, gåstativ (ski), flyteelementi bassenget med meir. Hugs at nesten allaktivitet er god aktivitet! Det viktigastevert å finne noe vi liker å gjere. Nokre tipskan likevel vere nyttig:Vel enkle og morosame aktivitetarsom krev lite utstyr.Legg vekt på lågterskelaktivitet slik atdet er mogleg for alle å vere med.Hugs også å gje dei som ønskjer detstørre utfordringar.Det er viktig å varme godt opp før viskal trene! Det gjev kroppen tid til åomstille seg frå kvile til fysisk aktivitet.Hugs gode sko!Her følgjer nokre eksempel på treningsaktivitetsom krev relativt lite utstyr og erenkelt å leggje til rette for:Friluftsliv/gåturerDette er aktivitetar som er lett å gjennomføre,og ein kan nytte naturområdei nærmiljøet. Aktivitetane er kjente ognaturlege og kan lett tilpassast den ein-


skilde sitt nivå ved at ein senker eller aukartempoet Å gå i ulendt og bratt terrenger til dømes tyngre enn å gå på flat mark.I tillegg gjev det utfordringar for balansen,kondisjonen og muskelstyrken.Å vere ute gjev også flotte naturopplevingar– uansett ver. Det å vere saman utei naturen, er også en viktig positiv faktorved slike aktivitetar. Ta kontakt med detlokale turlaget eller idrettslaget for meirinformasjon.Hugs: Å være ute er den beste garantifor fysisk aktivitetSalaktivitetarAktivitet i sal gjev rom for leik og variasjonog vi får utfordra både kondisjon,styrke og koordinasjon.Ballspel:Her er det fokus på samspel og fellesskap.Det kan gå både fort og hardtfor seg, og det kan vere naudsynt medtilrettelegging for å få alle med: ein moglegheiter å bruke mjukare ballar. Enkeltekan ha problem med å gripe, og då treng vireiskap som er lettare å handtere, til dømesskumballar. For å setje ned tempoet, kanman nytte badeballar og ballonger.Boccia:Dette er et populært kulespel som dei allerfleste kan vere med på. Det krev relativtlite rørsle og er difor ein fin aktivitet for deimed funksjonsnedsettingar. Hordalandidrettskrets organiserer ein eigen serie forboccialag i Hordaland.Styrketrening/stasjonstrening:Hovudmålet med dette er å styrke muskulaturog ledd. Ta i bruk få og enkle øvingar.Bruk gjerne teikningar som illustrasjonpå øvingane og vis og repeter aktivitetenfleire gonger.Dans/aerobic:Musikk inspirerer til rørsle og kan gjeretreninga meir leiken og morosam. La deltakaranevere med å velje musikk slik atdei kjenner igjen både rytme og song.


Hinderløype/stafett:I slike aktivitetar kan ein få innslag avkonkurranse og spenning. Dette er morosameaktivitetar, spesielt om det verttilpassa deltakarane sitt nivå og føresetnader.Symjing/vatnaktivitetRørsle i vatn gjev moglegheit for å bevegeseg på måtar som elles kan vere vanskelig.Har ein utfordringar i høve til rørsle ellerovervekt, er trening i vatn ein spesielt godaktivitetsform. Belastninga på kroppenliten, og risikoen for skadar og overbelastinger minimal. Symjing og vatnaerobic erdifor ein effektiv og skånsam aktivitet fordei aller fleste.ArrangementHordaland fylkeskommune og Hordalandidrettskrets har årlege arrangement forutviklingshemma, som Fylkesidrettslekene,vinter- og sommaraktivitetsvekerpå Golsfjellet og vinteraktivitetsdag påSjusete.TreningskontaktEin treningskontakt er ein støttespelar ifysisk aktivitet og trening. Treningskontaktarer eit alternativ til støttekontaktordninga,og ein kan søkje kommunenom å få tildelt ein treningskontakt. Haneller ho skal vere med og motivere tilfysisk aktivitet saman med brukaren.Ta kontakt med kommunen/Hordalandidrettskrets for meir informasjon.KosthaldKosthald er noko som angår oss alle tildagleg. Ein sunn og næringsrik kost harpositive effektar både på vår fysiske ogpsykiske helse. Her følgjer nokre enkleog generelle kosthaldsråd.


Avgrens sukkerinntaketVi får i oss alt for mykje sukker og mellomanna brusdrikking bør avgrensast.Finn i staden freistande alternativ somvatn med sitronskiver og liknande.Drikk vannKroppen vår er avhengig av vatn ogtreng om lag 2 liter kvar dag. Om vi er ifysisk aktivitet, treng kroppen enda meirvæske.5 om dagenVi bør ete minst 5 grønsaker og/ellerfrukt kvar dag. Frukt og grønt inneheldviktige vitaminer og mineralar som kroppentreng. Prøv å ete grønt eller frukt tilkvart måltid.Varier kosthaldetVi bør ete litt av ulike matvarer kvar dag ogtil kvart måltid. Om vi klarar å ete variert,får vi i oss det som kroppen treng.Meir fiskOmega 3-fettsyra er viktig for hjernen oghjartet vårt. Desse gode feittsyrene finstdet rikeleg av i feit fisk som laks og makrell.Det optimale er to til tre fiskemåltid i veka.


Her kan du få fleire tipsHordaland fylkeskommune for informasjon omaktivitetstilbod, støtte til nærmiljøtiltak m.m.www.hordaland.no/idrettHordaland idrettskrets for informasjon omidrettslag, kurs m.m.www.hordaidrett.noBergen Turlag for informasjon om friluftsliv,lokale turlag m.m.www.bergen-turlag.noNFU – Norsk forbund for utviklingshemmedewww.nfunorge.orgHelsedirektoratetwww.shdir.no/fysiskaktivitetwww.shdir.no/ernaeringFYSAK Allaktivitetshus i Bergen.


Kultur- og idrettsavdelingaAgnes Mowinchelsgate 5Postboks 79005020 Bergenwww.hordaland.no/idrett

More magazines by this user
Similar magazines