12.07.2015 Views

Du kan også laste ned nummeret i pdf. - Språkrådet

Du kan også laste ned nummeret i pdf. - Språkrådet

Du kan også laste ned nummeret i pdf. - Språkrådet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

InnsiktFrå Vestland til SørlandSør ved Skagerrak var folk gjennomheile 1800-talet vestlendingar både ieigne og andre sine auge. Derfor kunneVilhelm Krag i 1898 gje ut samlingaVestlandsviser og prise landsdelen sinmed opningsorda «O, vestland, du minmoderjord». Men da han gav ut eit utvalav dikta sine i 1917, opna han med«O, Sørland, du min moderjord». I mellomtidahadde han gått i bresjen for ådøype om Agder på denne måten, ogsom landsdelsnamn har «Sørlandet»berre styrkt seg seinare.Krag skapte Sørlands-omgrepet medfront mot det han såg som ei <strong>ned</strong>vurderingav landsdelen i hovudstaden ogmellom austlendingar. Samstundes reivhan Sørlandet laus frå eit Vestland somvar prega av motkulturar han ikkjehadde særleg sans for. Han var klar påat heile Agder, <strong>også</strong> innlandet, var Sørland.Men dette har i ettertid komenoko i bakgrunnen for myten om detblide, harmoniske og sommarlege Kyst-Sørlandet. Denne myten blir i dag kritiserti landsdelen, mellom anna for åverke lammande og dekkje over sosialeproblem.Kva er Vestlandet i dag?Oppfatninga av kva som utgjer Vestlandet,skifter i dag som før. På sitt vidasteomfattar landsdelen fylka frå og medRogaland til og med Møre og Romsdal.Dei samarbeider alle i det Vestlandsrådetsom blei oppretta i 2003. Likevel serdet ut til at folk på Nordmøre jamt overkjenner seg meir som trønderar ennsom vestlendingar, medan sunnmøringanegjerne reknar seg for vestlendingar.Romsdalingane er på vippen mellomVestlandet og Trøndelag og har samstundesgamle band over fjellet til Austlandet.Derfor står tradisjonen frå detgamle Gulatingslag framleis sterkt:Sunnmøre er vestlandsk, medan Romsdalog Nordmøre i det minste ikkje erdet i same grad. Det er ein tendens til årekne desse to gamle frostatingsfylka ogseinare futedømma til Midt-Noreg, ogi helsevesenet høyrer heile Møre ogRomsdal i dag til Helse Midt-Noreg.Dette syner at heller ikkje Sunnmørehar ei sjølvsagd Vestlands-tilknyting idag. Det er ikkje uvanleg å setje ei nordgrensefor landsdelen ved Stad, slik JensKraft gjorde i 1820-åra. I andre halvdelav 1960-åra utarbeidde til dømes densåkalla Vestlandskomitéen ein landsdelsplanfor Hordaland og Sogn ogFjordane. Møre og Romsdal laga sineigen plan, og det same gjorde seinareRogaland og Agder. Rogaland har likeveleit så tett næringshopehav med Hordalandog tek så aktivt del i det politiskeVestlands-samarbeidet at det gjev dårlegmeining å utelate fylket frå Vestlandet.Dette enda om det har heva segrøyster i Rogaland for eit tettare samarbeidmed Agderfylka, samstundes somdet er ein tendens i Hordaland og Sognog Fjordane til å rekne seg for dei verkelegevestlandsfylka.Det soga da viser, er at Vestlandethar vore og er ein skiftande prosessmeir enn ein fast og stabilt avgrensalandsdel. Kva ein reknar til landsdelen,er avhengig av kvar ein er på tidsaksenfrå vikingtida til i dag, og det varierermed dei konstituerande draga ein leggvekt på...................................Knut Helle er professor emeritus imellomalderhistorie ved Universiteteti Bergen og har skrive meir utførlegom Vestlandet og Sørlandet i innleiingatil Vestlandets historie, band 1(2006).34 SPRÅKNYTT 2/2011

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!