28.11.2012 Views

Årebrot - Flora kommune

Årebrot - Flora kommune

Årebrot - Flora kommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Over sjø og land, frå kaien i Villevik i Årebrot.

Foto: Eva Liseth

skapet dei karakteristiske hylleformasjonane som

gjer område spesielt i Noreg. Nord for Botnane tok

dei ut heller og la på taka under torva, i staden for

never. Steinavfall etter verksemda har barn bygt ein

båt av som du ser like ved vegen. På Årebrot er det

tatt ut blokkstein til kaia på Flora hamn. No er steinen

ettertrakta på kontinentet og i Seljestokken er

det starta steinbrot med knuseverk og kai for eksport

av stein til å blande i asfalt. Langs vegen kan du

fleire stader sjå fundamentet, murar av naturstein,

frå den første telefonlina som var bygt i Sogn og

Fjordane i 1905. Lina gjekk mellom Florø og Måløy.

Havet har lagt att mange moreneryggar av småstein

godt synleg frå vegen. Delar av vegen i Botnane ligg

på moreneryggane. Steinen var til ulempe i jordbruket,

men vart rydda vekk og samstundes laga dei

steingjerder mellom bruka, beita og innmark.

Sjøen

Sjøen har alltid vore livs- og ferdselsvegen. Frøysjøen

kunne være lunefull og hard, så mange har mista

livet i ulykker. Det finnest knapt ein familie som ikkje

Grendehuset er ein viktig samlingsplass for bygda, her

er kafe ein søndag i månaden og leikeplass for barn.

vart ramma av drukningsulykker. I 1899 vart det oppretta

gravplass i bygda. Forlis førte også til at den første

som vart gravlagt var ein svenske som stranda

her. Fisken vart levert i Kalvåg. Der handla dei med

seg varer hos handelsmannen før dei reiste heimatt.

Det har såleis aldri vore butikk på stranda. Seterhus

hadde dei heller ikkje. Dei brukte fjellet og gjekk tilfjells

for å mjølka kyrne om sommaren og bar mjølka

med seg heim att. Turen kunne ta opptil 2-3 timar,

då måtte tida nyttast, det vart spøta mange sokkepar

medan dei gjekk etter dyra.

Flypioneren Thor Solberg

Pioneren kjem frå småbruket Solberg. Som vaksen

reiste Solberg til Amerika etter råd frå venen Roald

Amundsen, og i 1935 gjennomførde han den første

atlanterhavsflyginga USA - Noreg med amfibieflyet

“Leiv Eiriksson”. Thor Solberg starta flyskule i USA

og bygde eigen flyplass ved New York. Under andre

verdskrig utdanna han over 2000 krigsflygarar.

I Norge starta Solberg på 1930-talet eige flyselskap,

"Solbergfly", som mellom anna dreiv rutetrafikk på

Vestlandet. I 1957 starta han flyskule på Jarlsberg flyplass

i Vestfold. I 1939 gav Solberg ut “Med Norge

som mål”, der han fortel om pionérturen over

Atlanterhavet.

Kommunikasjon

Det går båt frå Florø til Villevika. Du kan og kome hit

med buss, men enklast med bil langs Riksveg 614 frå

nord eller sør, ta av på fylkesveg 577 til Botnane.

Med bil ca.1 time frå Florø og 45 min frå Svelgen. Til

Florø kan du kome med fly, båt, buss eller bil.

ALLEMANNRETTEN GJELD I UTMARK

Rettar:

• Ferdast fritt til fots og på ski

• Raste og overnatte

• Ri eller sykle på stiar og vegar

• Ferdast fritt i båt, fortøye og gå i land i

utmark langs kysten

• Plukke bær, sopp og blomar

• Bade i sjø, vatten og vassdrag

• Fiske med sportsfiskereiskap etter saltvassfisk

NB

Turistinformasjon:

Tlf. 57 79 37 50

visitbremanger.no

Bremanger Kommune

Tlf. 57 79 63 00

I eldre tider var jakt viktigare enn jordbruk,

og hjorten har såleis alltid spelt ei rolle.

Foto: Alja Manmaart

Tekst: Rune

Nordbotten

Kart: Ugland IT Group

Formgjeving:

eko Førde

Jonsokaftan i Kassensvika.

Foto:Elisabeth R. Norbotn

Flypioneren Thor Solberg.

Foto: Privat eige, Greta Belinda Solberg

Plikter:

• Ikkje skade naturmiljøet eller uroe dyr og

fuglar

• Ikkje gå i dyrka mark og eng

• Ikkje gjere opp eld i skog og mark mellom

15. april og 15. september

• Hundar skal vere i band på offentleg veg

eller i naturen. I Bremanger Kommune er det

bandtvang for hund heile året.

Rydd etter deg og ta avfallet med heim. Lag ikkje bål på bart fjell. Vern om kulturminna. Ferdsel i

utmark er på eige ansvar. Ta særleg omsyn i hjortejakta. Ilandstignings forbod Vengane fuglereservat

frå 15.04 - 31.07.

Bremanger

Kommune

Nordsjøløypa

North Sea trail er eit samarbeid

for vern av Nordsjøregionen

sin felles kulturarv

som kommunikasjon

og transportåre.

Supported by Interreg IIIB

North Sea Programme.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!