12.07.2015 Views

2012-02_Helseivest_web - Helse Vest

2012-02_Helseivest_web - Helse Vest

2012-02_Helseivest_web - Helse Vest

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

tvangslidingNYE TAKTAR: - Til slutt følte eg det som eg sat påei aude øy, seier musikar Oddvard Bendiksen omtvangstankane han bar på gjennom tre tiår:- Problemet var at eg ikkje torde å komme meg vekkderifrå.Er alle lamper verkeleg skrudde av? Sjekkahan komfyren? Og kva med vassrøyret underutslagsvasken – kjem det til å springe lekk idethan lukkar døra bak seg? Full av angst og tvil ogribba for sjølvtillit snur Oddvard Bendiksen (41)seg for å gå sjekkerunden. Endå ein gong.Tvungen av tankane. – Folk som hartvangstankar og tvangshandlingar, er overtyddeom at dei må gjere det dei gjer, for å unngåat noko heilt forferdeleg skal skje, forklarerprofessor og psykologspesialist Gerd Kvale,som leier Haukeland universitetssjukehus si nyesatsing på tvangslidingar.For dei som er hardast råka, er mestepartenav tida prega av tvungne tankar og handlingar.Tvangsliding• Kjenneteikna ved at ein blir plaga avubehagelege tankar som ein ikkje blir kvitt.• Når tvangstankane kjem, gjer ein bestemtetvangshandlingar for å dempe ubehagog for å hindre at det skal skje nokokatastrofalt. For eksempel overdrivenvasking, sjekking eller mentale ritual for ånøytralisere dei ubehagelige tankane.• Pasienten veit sjølv at tankane erurealistiske, og at handlingane erunødvendige eller overdrivne, men utførerdei likevel.• I normalbefolkninga er det vanleg åoppleve sporadiske tvangstankar, men– Dei som har det slik, veit at det dei tenkjerog gjer er «dumt», men dei klarer ikkje la vere.Oddvard Bendiksen kjenner seg så altforgodt igjen i skildringa. Sjekketvangen var berreein del av tvangslidinga, som byrja å utvikle segdå han var 14 år.– På den tida var aids ein ny sjukdom, ogdet var mykje skriving i avisene. Eg blei livredd,og gjekk aldri på offentlege toalett i tilfellesmitte. Om eg tenkte på aids, måtte eg nøytraliseredet ved å tenkje på det motsette, som foreksempel å vere frisk, fortel han.Gradvis blei repertoaret med farlege ordutvida. Etter kvart kunne også bestemte fargarog einskilde tal gi fæle assosiasjonar som måtteufarleggjerast gjennom bestemte tankerekkjer.for dei som er ramma av ei tvangsliding,opptek handlingane meir enn ein time kvardag.• Haukeland universitetssjukehus tilbyr nobehandling mot tvangslidingar, såkallaObsessive Compulsive Disorder (OCD),ved Øyane DPS. Eksponeringsterapimed responsprevensjon (ERP) heiterbehandlinga, der 60–80 prosent avpasientane etter berre kort tid blir friske.Eit tilsvarande behandlingstilbod skal blietablert ved helseføretak over heile landetinnan 2014.– Om eg tenkte på desse «magiske» orda,fargane eller tala, var eg redd det skulleskje noko forferdeleg med dei eg er glad i.Tvangshandlingane blei min måte å dempeangsten for at noko fælt skulle skje.Etter som åra gjekk, utvikla Oddvard ogsåtvang rundt det å kontrollere at alt var i ordenfør han gjekk ut av eit rom.– Til slutt følte eg det som eg sat på ei audeøy, forklarer han.– Problemet var at eg ikkje torde å kommemeg vekk derifrå.Blir nasjonalt behandlingstilbod.Det første vendepunkt kom for fire år sidan. Dåfortalde Oddvard for første gong omverda korleishan hadde det, og erkjente at han trong hjelp.Han fekk behandling, men det hjelpte ikkje.Det andre vendepunktet kom i vår, då han fekktilbod om behandling mot tvangsliding på ØyaneDPS. Dette distriktpsykiatriske senteret ligg iFjell kommune i Hordaland, og er ein del avPsykiatrisk divisjon ved Haukeland universitetssjukehus.I dag er Bendiksen kvitt lidinga – etter27 år. Redninga blei såkalla eksponeringsterapimed responsprevensjon (ERP). Ei behandling avtvangslidingar der 60–80 prosent av pasientaneblir friske. Inga anna behandling kan vise til einliknande suksessrate.– Mange pasientar som har vore til annabehandling utan effekt, får ei fantastisk endringi løpet av kort tid når dei kjem til oss, seierbehandlande psykolog Bjarne Hansen vedHaukeland.Han er prosjektleiar for ei nasjonal satsingsom inneber at tilsvarande behandlingstilbodsom i Bergen skal bli etablert ved alle helseføretakai landet innan 2014.Kjernen i behandlinga er at pasientanetrenar på å oppsøkje det dei fryktar aller mest.Som ein del av behandlinga får dei ikkje utføretvangshandlingar i møte med det dei er reddefor.Søk hjelp! – Det første eg måtte trene på,var å sløkkje stearinlys i fleire rom og forlateromma utan å sjekke at lysa var sløkte, samtidigsom eg skulle tenkje på alt det fæle som kunneskje når eg ikkje hadde fått sjekka at alle lysahadde slokna. Eg blei veldig stressa og engsteleg,men klarte å gjennomføre det. Etterpå var eglike sliten som etter ei hard treningsøkt, seierOddvard.30 helse i vest • Nr. 2 / <strong>2012</strong>

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!