Views
2 years ago

Internrevisjon Helse Vest Økonomistyring i Helse Stavanger HF

Internrevisjon Helse Vest Økonomistyring i Helse Stavanger HF

2. Føremål og

2. Føremål og problemstillingarFøremålet med undersøkinga er å sjå nærare på i kva grad økonomistyringa i føretaka ereffektiv og føremålstenleg. Vi vil fokusere på tre hovudområde; overordna økonomistyring,organisering av controllarfunksjonen og gjennomføringa av omstillings og innsparingstiltakafor 2007. For kvart av områda er det formulert ei rekke problemstillingar som dannarutgangspunkt for undersøkinga.1. Ei kartlegging og vurdering av i kva grad helseføretaka har ei føremålstenlegøkonomistyring.• Kva økonomisk styringssystem er etablert på HF nivå?• Kva rutinar og instruksar er etablert for å sikre effektiv økonomistyring?• I kva grad har føretaka tilstrekkeleg kompetanse til sikre god økonomistyring?• I kva grad har føretaka/avdelingane ein kultur som støttar oppunder ei godøkonomistyring?• Korleis føregår budsjetteringsprosessen?• I kva grad er budsjetta realistiske?• I kva grad vert det gjennomført økonomiske analysar?• Korleis vert prognosar utarbeidd?• Korleis vert økonomirapporteringa utført på dei ulike nivåa i føretaket?• I kva grad vert korrektive tiltak sett i verk når avvik vert identifisert?2. Ei kartlegging og vurdering av controllarfunksjonen i føretaka.• Korleis er controllarfunksjonen bemanna og organisert i dei ulike føretaka?• Korleis fungerer samhandlinga mellom controllarar og linjeleiinga?• I kva grad har controllarane tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet til å utøve godøkonomistyring?3. Ei kartlegging og vurdering av omstillings- og innsparingstiltak som er sett i verk.• Korleis vart omstillings- og innsparingstiltaka identifisert og valt ut?• I kva grad er omstillings- og innsparingstiltaka utgreia og planlagd?• Korleis er omstillings- og innsparingstiltaka forankra hjå leiarar og medarbeidarar idei aktuelle einingane?• I kva grad er omstillings- og innsparingstiltaka gjennomført som planlagd?• Kva effekt har omstillings- og innsparingstiltaka hatt?3. MetodeKartlegginga er basert på data som er samla inn ved hjelp av dokumentanalyse, intervju ogspørjeundersøking. Ei slik metodetriangulering vil i større grad enn ein enkelt metode fangesentrale deler ved økonomistyringa i helseføretaka og dermed gje grunnlag for ei meirheilskapeleg analyse og vurdering. Triangulering medverkar også til kvalitetssikring ved at einkan samanlikne funn frå dei ulike tilnærmingane.6

3.1 DokumentanalyseInternrevisjonen gjennomførte analyser av innhenta dokumentasjon, mellom anna styrandedokumenter frå Helse Vest og rapportering og møtereferat frå Helse Stavanger HF.3.2 SpørjeundersøkingDet er gjennomført ei spørjeundersøking som omfatta deifire sjukehusføretaka i Helse Vest. Til saman vartundersøkinga sendt ut til 740 leiarar og controllarar iføretaka.Undersøkinga vart gjennomført i perioden 10. desember2007 til 13. januar 2008, og totalt 500 personar svara påundersøkinga. Dette utgjer ein svarprosent for heile HelseVest på 67,6 %, For Helse Stavanger HF svara til saman 115 personar noko som utgjer einsvarprosent på 74,2 %.StavangerGruppeAntallsvarControllar 6Leiarnivå 2 27Leiarnivå 3 46Leiarnivå 4 24Anna 12Totalt 115Tabellen til venstre viser korleis svara fordeler seg på dei ulikeleiarnivåa, samt controllargruppa i Helse Stavanger HF. Leiarnivå 2 iHelse Stavanger er klinikkdirektørane. Under klinikkane finn viavdelingar og avdelingsleiarar som utgjer leiarnivå 3. Under nivå 3 finnvi sengepostar og andre einingar som utgjer leiarnivå 4. Ispørjeundersøkinga ser vi at det er langt fleire som har kryssa forleiarnivå 2 enn klinikkdirektørane vi venta skulle svare. Årsaka til dettekan vere fleire, men mest sannsynleg har fleire avdelingsleiarar kryssafor leiarnivå 2 i staden for 3. Ein må difor vere merksam på dette vedeventuelle samanlikningar mellom leiarnivåa.Gruppestorleiken for controllarane er relativ liten (6 personar). Dette medfører at vi må verevarsame med å samanlikene denne gruppa opp mot dei andre gruppene.3.3 IntervjuFor å sikre eit meir kvalitativ informasjonsgrunnlag vart det gjennomført intervju med i alt 5personar i Helse Stavanger HF. Vi intervjua økonomidirektøren, økonomisjefen, toklinikkdirektørar og ein oversjukepleiar. Alle intervjureferata vart verifisert i etterkant.3.4 Framstilling av dataTalsvarSvarprosentTotalt 500 67,6 %Bergen 216 68,9 %Stavanger 115 74,2 %Førde 85 73,9 %Fonna 84 53,8 %I rapporten vert data frå spørjeundersøkinga, intervjua og dokumenta presentert og vurdert.Revisjonen har ikkje funne det føremålstenleg å presentere alle funna frå spørjeundersøkinga.Revisjonen har i si framstilling av data og i sine vurderingar hatt fokus på utfordringar knytt tiløkonomistyringa. Helse Stavanger HF har hatt høve til å kome med merknader til rapporten ifleire omgonger. Alle intervju er verifisert av dei som er intervjua. Berre verifiserte referat vertbrukt i rapporten. Heile rapporten med vurderingsdel er sendt administrerande direktør ogøkonomidirektør for verifisering og uttale.7

2008-04_Helseivest_web - Helse Vest
2004-04_Helseivest_web - Helse Vest
Bierverv - Samlerapport - Helse Vest
Utfordringer ved oppstart med efaktura.pdf - Helse Vest
Rapport internrevisjon TSB - Helse Førde
2007-01_Helseivest_web - Helse Vest
2012-02_Helseivest_web - Helse Vest
2005-01_Helseivest_web - Helse Vest
og hva skal vi med natur? - Helse Vest
2005-05_Helseivest_web - Helse Vest
2009-01_Helseivest_web - Helse Vest
2005-04_Helseivest_web - Helse Vest
Avfallsforskriften - Helse Vest
HVORDAN HOLDE ORDEN I EGET HUS - Helse Vest
Regional plan for kirurgi i Helse Vest 2013 – 2017
Behandling og rehabilitering ved hjerneslag i Helse Vest
Samhandlingsreforma – kva tyder det? - Helse Vest
2012-09-17_Presentasjon_Referansegruppa - Helse Vest
Faglig rapport 2006 - Helse Vest
Svanegrupper (Oppsøkende behandlingsteam ... - Helse Stavanger
YTRE SUNNHORDLAND SAMHANDLINGSTEAM –YSS - Helse Vest
Mobilbruk, radiosignaler og helse - Etterstad Vest borettslag
På Pulsen nr. 1 2009 - Helse Stavanger
Smittevernplan 2012-2015 - Helse Vest
ÅRSRAPPORT 2004 - Helse Bergen
Elektroniske faktura som verktøy for effektive prosesser - Helse Vest
Jan O Ødven - Kompetanseløft i kommunar - Helse Førde
Sak 06013 O Vedlegg AD si orientering pkt 5 - Helse Vest
Internrevisjon Helse Vest Økonomistyring i Helse Fonna HF