Kollektivtransporten i Bergensområdet - mål, strategiar og rutestruktur

hordaland.no
  • No tags were found...

Kollektivtransporten i Bergensområdet - mål, strategiar og rutestruktur

2. MÅL2.1 Gjeldande mål for kollektivtransporten i Bergensområdet2.1.1 Strategi- og handlingsplanen for kollektivtrafikken i BergensområdetMåla i Strategi- og handlingsplanen for kollektivtrafikken i Bergensområdet (1999) er forankrabåde i nasjonale mål og tidlegare lokale vedtak. Planen har følgjande overordna mål forkollektivtransporten i Bergensområdet:Kollektivtrafikken skal utviklast til eit av hovudelementa i transportsystemet i byområdet for åbidra til betre transporttilbod, trafikkavvikling og miljø.Det overordna målet er presisert gjennom fem hovudmål:Hovudmål 1: Kollektivtilbodet skal knyte regionen samanKollektivtilbodet skal byggje opp under eit godt og teneleg lokaliseringsmønster for busetnadog næringsverksemd, og medverke til at regionen veret knytt saman med eit godttransporttilbod mellom knutepunkt i kommunane, bydelane i Bergen og Bergen sentrum.Hovudmål 2: Kollektivtrafikken skal gi eit godt transporttilbod til alle.Kollektivsystemet skal gi et tenleg transporttilbod for alle trafikantgrupper. Kollektivtilbodetmå gi god tilgjenge til alle viktige arbeidsplass- og serviceområde. Her må kollektivtrafikkenvere reelt konkurransedyktig i forhold til bil med omsyn til reisetid og pris.Hovudmål 3:Kollektivtrafikken skal medverke til miljøvenlege transportløysingar.Kollektivtransporten skal gi meir miljøvenleg transport ved å redusere trongen for å nytte bil.Kollektivtilbodet skal bidra til reduserte utslepp av eksosgassar, støv, gi mindre trafikkstøy,færre barrierar i nærmiljøet og redusere behovet for inngrep i viktige rekreasjons-, natur- ogkulturområde.Hovudmål 4: kollektivtilbodet skal medverke til god samfunnsøkonomi.Kollektivtrafikken skal gi betre utnytting av samfunnet sine ressursar gjennom tids- ogkostnadseffektiv persontransport, rasjonell materiellbruk og med låge utgifter til drift ogvedlikehald, og medverke til økonomisering med naturresursar, arealbruk og drivstoff.Hovudmål 5: Kollektivtransporten skal vere effektiv med god standard.Kollektivtrafikken skal vere driftseffektiv slik at nytten av offentlege tilskot vert høg. I nyttenskal det også reknast god standard på materiell, haldeplassar og terminalar, god service oggod informasjon.2.1.2 Bergensprogrammet for transport, byutvikling og miljøBergensprogrammet set strategiane i Strategi- og handlingsplanen inn i ein samla transportpolitisksamanheng med fleire tiltak og verkemiddel. Eitt av måla i Bergensprogrammet er knytt spesifikttil kollektivtransport:”Større del av trafikkveksten skal over på kollektivtrafikken”I Bergensprogrammet vert det understreka at dersom kollektivtransporten skal fylle si rolle i eitmiljøvenleg og effektivt transportsystem, må tiltak for kollektivtransporten sjåast i samanheng medandre transportpolitiske verkemiddel der restriksjonar mot bilbruk og parkeringsregulering isentrum er blant dei viktigaste tiltaka.7


2.1.3 Kollektivterminalplan for HordalandDet er utforma ein eigen Kollektivterminalplan for Hordaland (2002) som grunnlag for utvikling avterminalane i fylket og i Bergensområdet. Kollektivterminalplanen har denne visjonen for terminalane:Kollektivterminalane i Hordaland skal vere attraktive og funksjonelle og fungere som effektiveknutepunkt i kollektivtrafikksystemet, tilrettelagt for å dekkje kundane (kollektivtrafikantane) sinebehov for komfort, informasjon, tryggleik og tilgjenge.Planen angir følgjande mål for kollektivterminalane i Hordaland:Kollektivterminalane i Hordaland skal ha:- God komfort og tryggleik ved opphald i terminalområdet (trivelege venterom,sørvisfasilitetar, god belysning, bemanna funksjonar, overvaking, vakthald).- God tilgjenge for kollektivtrafikantane som ferdes i terminalområdet (trygge ganglinertil/frå og inne i terminalområdet, fysisk tilrettelegging for funksjonshemma etc.).- God fysisk tilrettelegging for omstiging mellom transportmidla (korte avstandar,trygge gangliner, god oversikt).- Oversiktleg og presis ruteinformasjon til trafikantane.- Vedlikehald og reinhald slik at terminalane står fram som trivelege og velstelte.- Effektivt køyremønster inn og ut frå terminalane utan ekstra ”strafferundar”.- Høg estetisk standard, med høge krav til arkitektonisk utforming på bygningar, interiørog uterom.2.1.4 Fylkesplan for Hordaland 2005-2008Fylkesplanen legg vekt på kollektivtransport som eit viktig transporttilbod og for å få eit meirmiljøvenleg transportsystem. Følgjande mål for kollektivtransporten er formulert som eitt avtransportmåla i fylkesplanen:Transportkapasiteten i Bergensområdet skal utviklast for å sikra framkomst for kollektiv-,nærings- og personbiltransporten. Kollektivtransporten skal ta veksten i persontrafikkenUnder fylkesplanen sine transportstrategiar er det gitt følgjande omtale av Bergensområdet:- Følgja opp Strategi- og handlingsplan for kollektivtransport i Bergensområdet ogBergensprogrammet, inkludert satsinga på bybane- Utarbeida plan for nytt vegsamband Bergen - Sotraregionen og Nyborgtunnel i Åsane- Styrkja kollektivtilbodet når innkrevjinga av bompengar frå Nordhordlandsbrua ogAskøybrua opphøyrer- Utarbeida transportanalyse for Bergensregionen2.1.5 Deltaking for alle - universell utforming. 2006 - 2009I fylkesdelplanen Deltaking for alle - universell utforming som vart vedteken av fylkestinget i juni2006 er det lagt vekt på at personleg utvikling, samfunnsdeltaking og livsutfolding skal veremogeleg for alle gjennom universell utforming av transporttilbodet. Universell utforming erdefinert som ”å utforme produkt, tenester og omgjevnader slik at dei kan brukast av alle menneske,i så stor grad som mogeleg, utan behov for tilpassing eller spesiell utforming”.Fylkesdelplanen for universell utforming har som mål at:Alle transportmidlar, -infrastruktur og -tenester skal vere universelt utforma frå og med1.1.2009. Eksisterande transportmateriell, -infrastruktur og -ordningar skal vere universeltutforma innan 2019.Vidare er det i retningslinene til planen krav om at universell utforming skal inn ved planlegging,prosjektering, produksjon og vedlikehald av alle ledd av infrastrukturen for samferdsel.8


Hordaland fylkeskommune har følgt opp fylkesdelplanen gjennom ein eigen handlingsplan ogpilotprosjekt for ”universell utforming av kollektivfasilitetar” der ”målet med å oppgraderekollektivsystemet er, forutan å få god naturleg funksjonell utforming slik at flest mogeleg skal klareseg på eiga hand utan behov for tilrettelagt transport”.2.1.6 Strategi for kollektivtrafikken i BergenI Bergen kommune sin strategi for kollektivtrafikken, vedteken av Bystyret januar 2007, er detfølgjande visjon for framtidig kollektivtilbod:Et miljøvennlig og effektivt kollektivtilbud som det er enkelt å bruke, og som sikrertrafikantene en hurtig, forutsigbar og komfortabel reise til alle viktige målpunkt, både i ogutenfor rush.Hovudmåla i Bergen kommune sin strategi er vidare:- 50 % økning av kollektivreisene, og- Full framkommelighet på alle hovedtraséer (at kollektivtrafikken går tilnærmet upåvirketav biltrafikken, slik bybanen vil gjøre)2.1.7 Transportanalyse for Bergensområdet 2010-2030Transportanalyse for Bergensområdet lanserer ikkje nye, eigne mål, men oppsummerar nasjonale,regionale og lokale mål formulert for transportutviklinga i Bergensområdet:- Sikre Bergensområdets attraktivitet som bosted og område for ekspansiv næringsutviklingog nyskaping, og bidra til at Bergen fyller sin rolle som hovedstad for Vestlandet.- Sikre en økende befolknings krav til mobilitet, tilgjengelighet og sikker transport- Sikre en effektiv trafikkavvikling for næringstransport- Redusere trafikkskapte miljøproblemer og fremme et bærekraftig transportsystem2.2 Oppsummering av mål for kollektivtransporten i BergensområdetOVERORDNA MÅLKollektivtrafikken skal vere eit hovudelement i transportsystemet i byområdet og medverke til eiteffektivt og miljøvenleg transportsystem. Kollektivtilbodet skal vere enkelt å bruke, og sikretrafikantane hurtig, sikker og komfortabel reise til alle viktige målpunkt, både i og utanfor rush.OPERASJONELLE HOVUDMÅL• Kollektivtransporten skal ta veksten i persontrafikken• 50 prosent fleire kollektivreiser innan 2020• Full framkomst på alle hovudtraséar for kollektivtrafikken innan 2020.KOLLEKTIVTILBODETRutetilbodet skal• Knyte kommunane i Bergensområdet saman slik at viktige målpunkt kan nåast medkollektivtransport. Kollektivtilbodet må gi god tilgjenge til alle viktige arbeidsplass- ogserviceområde. Her må kollektivtrafikken vere reelt konkurransedyktig og i forhold til bil medomsyn til reisetid og pris.9


• Medverke til miljøvenlege transportløysingar.Kollektivtransporten skal redusere trongen for å nytte bil og medverke til å redusereforureinande utslepp, støv, gi mindre trafikkstøy, færre barrierar i nærmiljøet og reduserebehovet for inngrep i viktige rekreasjons-, natur- og kulturområde.• Vere effektiv og medverke til god samfunnsøkonomi.Rutetilbodet skal vere driftseffektivt slik at nytten av offentlege tilskot vert høg og gi betreutnytting av samfunnet sine ressursar gjennom tids- og kostnadseffektiv persontransport.MATERIELLKollektivtransporten skal nytte materiell som:• Har låge utgifter til drift og vedlikehald• Er universelt uforma• Nyttar miljøvenleg teknologi med låge utslepp og lite støy• Egna materiell tilpassa aktuelle linjerTERMINALARKollektivterminalane skal vere attraktive, effektive og funksjonelle knutepunkt ikollektivtrafikksystemet gjennom:• God komfort og tryggleik ved opphald i terminalområdet.• Universell utforming med god tilgjenge for alle trafikantar• God fysisk tilrettelegging for parkering av bil og sykkel og for omstiging mellomtransportmidla• Oversiktleg og presis ruteinformasjon, som bl.a. sanntidsinformasjon• Vedlikehald og reinhald slik at terminalane står fram som trivelege og velstelte.• Effektivt køyremønster inn og ut frå terminalane.OPERASJONELLE MÅL FOR UNIVERSELL UTFORMING• Alle nye transportmidlar, -infrastruktur og -tenester skal vere universelt utforma frå og med1.1.2009.• Eksisterande transportmateriell, -infrastruktur og -ordningar skal vere universelt utforma innan2019.10


3. KOLLEKTIVSTRATEGI FOR BERGENSOMRÅDET3.1 Gjeldande strategiar for kollektivtransporten i Bergensområdet3.1.1 Differensiert kollektivtilbodDet grunnleggjande utgangspunktet for kollektivstrategiane som er lagt for Bergensområdet, er eidifferensiering av kollektivtilbodet innan ulike delar av byområdet der kollektivtrafikken vil ha ulikrolle og verknad for effektiv- og miljøvennleg trafikkavvikling. Denne differensieringa vartformulert i Strategi og handlingsplan for kollektivtransporten i Bergensområdet, innarbeidd iBergensprogrammet, utgangspunkt for Bergen kommune sin kollektivstrategi, og no sist ogsåunderstreka i Transportanalysen for Bergensområdet 2010-2030.Frekhaug Knarvik Valestrand -fossenPÅsaneKollektivbyenNærområdeDistriktKleppestøStraumePLoddefjordSentrumArnaPOsterøyDale, VossOasenMathopenHardangerPNesttunBirkelandsskiftetFanaOsøyroFigur 2. Forenkla byskjema med avgrensing av tre område der kollektivtrafikken vil ha ulik funksjon (EtterStrategi- og handlingsplanen for kollektivtransport i Bergensområdet)Strategien byggjer på eit skilje mellom tre område etter faktorar knytt til hovudmål forkollektivtransporten:1. Kollektivbyen, område der kollektivtilbodet skal vere eit hovudelement i eit transporttilbodmed vekt på effektiv trafikkavvikling, god samfunnsøkonomi og miljøvenlegtransportsystem.2. Nærområde, område der kollektivtrafikken skal medverke til miljøvenlegetransportløysingar3. Distrikt, område der kollektivtilbodet har som hovudoppgåve å gi eit transporttilbod tilviktige reisemål som skule, lokale og regionale sentra.Utbyggingsmønsteret i Bergensområdet er slik at sentrale delar av Bergen er det viktigaste reisemåleti byområdet. Senterstruktur og utbyggingsmønsteret elles er også slik at trafikken på innfartsåreneer større enn ringvegtrafikken. Kollektivtrafikken si rolle i Bergen kan difor i grove trekkdifferensierast etter avstand frå sentrum. Nedanfor er det skilt mellom tre område derkollektivtrafikken har ulik funksjon med dei føringar dette vil gi for utforming av kollektivtilbodet.11


Kollektivbyen: kollektivtransporten skal vere eit reelt alternativ til alle reiseformål ogtrafikantgrupperFor kollektivtransporten strekker det sentrale byområdet seg omlag 10 -12 km frå Bergen sentrum.Her er mesteparten av busetnaden i byområdet og alle viktige reisemål ligg her, om vi reknar ettertrafikkvolum. Dette gjeld arbeidsplassar, høgskule/ universitet, handel, offentlege tenester, kulturog underhaldning. I dette byområdet nyttar folk kollektivtransport i høgare grad enn i andre delerav byområdet.Innanfor kollektivbyen vil kollektivtrafikk vere både miljøpolitisk motivert og medverke til godtrafikkavvikling og tilgjenge. Dette er også dei mest tilgjengelege områda i Bergensområdet forreiser med kollektivtrafikk. Eit godt kollektivtilbod i dette området er særleg viktig som eit svar pådei kapasitetsproblem og miljøproblem den veksande biltrafikken vil skape.Kollektivtilbodet her må difor vere eit reelt alternativ til privatbil for alle reiseføremål og alletrafikantgrupper gjennom:- stive ruter- hyppig frekvens- god kapasitet- gode framkomsttilhøve som sikrar god regularitet- god standard på haldeplassar og informasjonstiltakEffektiv kollektivtrafikk krev samordning av fleire transportpolitiske tiltak. Utforming av framtidigsystem for trafikantbetaling, parkerings- og lokaliseringspolitikk, samt etablering av godeterminalar med plassar for innfartsparkering må sjåast i samanheng med den funksjonenkollektivtrafikken skal ha i dette området.Nærområde: hovudvekt på arbeidsreiserNærområdet dekkjer ytterområda i Bergen og strekker seg ut til regionale sentra i nabokommunanetil Bergen. Det er stor arbeidsreisetrafikk mellom dette området og dei mest sentrale delane iBergen. Kollektivtilbodet må difor vere særleg retta mot arbeids- og studiereiser. For store delar avfritidsreisene og handlereisene vil ikkje kollektivtrafikken vere eit alternativ i dette området.Kollektivtilbodet her bør difor utformast med:- godt tilbod for arbeidsreiser/rushtidsreiser med ekspressdrift dei siste 10 km inn til sentrum- redusert tilbod på kveldstid og på helgedagar- gode forhold for overgang på terminalar- parkeringstilbod ved terminalar med godt kollektivtilbodYtterområde og distriktOgså frå områda utanfor dei regionale sentra er det noko pendling inn til sentrale delar i Bergen,men trafikkvolumet er lågt og mange reiser er retta mot lokale sentra og arbeidsplassar. Det erarbeidsreiser og i særleg grad skulereiser som dominerer kollektivtrafikken. I dette området erbussen ikkje konkurransedyktig mot privatbil. Passasjertalet på bussane er normalt lågt ogmiljøvinstar ved kollektivtrafikken er mindre enn i meir sentrale delar i byregionen. Eit godtkollektivtilbod vil her krevje meir tilskot enn i andre delar av området utan at densamfunnsøkonomiske vinsten er tilsvarande. Det er dermed meir sosiale fordelingsomsyn sommotiverer for kollektivtilbodet her enn omsyn til miljø og trafikkeffektivitet. Kollektivtilbodet iytterområda bør utformast slik at det gir:- eit tilbod til skule- og arbeidsreiser- eit tilbod for arbeidsreiser på sidevegar- direktebuss til byen i rush, elles mating på terminalar- parkeringstilbod ved terminal for reiser til Bergen sentrum.12


3.1.2 Framtidig kollektivsystem i BergensområdetBasert på strategiar nedfelt i Strategi- og handlingsplanen og i Bergensprogrammet, er hovudtrekkai framtidig kollektivsystem i Bergensområdet vist i figuren på neste side.Ny E39 Klauvaneset – NyborgekspressbussFramkommelighetsproblemersærlig inn mot sentrum.Behov for egen trase, aktueltfor bybane til ÅsaneBetydelig kollektivprioriteringer gjennomført i sentrum.Bybane gir bedre tilbud..Kollektivprioritering nødvendiginn mot Sotra- og Askøy.Bybane aktuelt tilLoddefjord / StraumeFramkommelighetsproblemeri Fyllingsdalen.Bybane aktuelttil Flesland viaFyllingsdalen eller viaNesttun/RådalDobbeltspor jernbanegjennom Ulriken, forbedrettilbud fra Arna og VossStore framkommelighetsproblemerover Landås.Kollektivprioritering nødvendigBybane første etappe tilNesttun, behov for forlengingtil RådalNy E39 Os-BergenekspressbussHovedterminal og viktigste kollektivknutepunktStamruter i Bergen, høy standard, egne traseerRegionale hovedruterFigur 3. Overordna framtidig kollektivsystem i Bergensområdet, etter Transportanalysen forBergensområdet 2010-2030.3.1.3 Strategi for kollektivtrafikk i Bergen kommuneDei berande prinsippa i Bergen kommune sin strategi for utvikling av kollektivtransporten er:- oppstramming av rutestrukturen- satsing på stamlinjer- betra framkomstBergen kommune sin strategi for kollektivtransport formulerar strategiar innafor uliketidshorisontar:• På kort sikt, 2006-2010: Eit oppstramma tilbod med noko betre framkomst enn i dag• Strategi på mellomlang sikt, 2010-2015: Auka drift, betre framkomst og opprusta trasear• Langsiktig, 2015+: Vesentleg auka drift, full framkomst og regulering av biltrafikken13


Kartet under viser kva for stamruter og hovudruter som i følgje Bergen kommune sin strategi skalvidareutviklast og prioriterast.Figur 4. Framlegg til stamlinjer og hovudlinjer i framtidig linjenett i Bergen, etter ”Strategi forkollektivtrafikken i Bergen”14


3.1.4 TerminalarHordaland fylkeskommune vedtok i 2003 kollektivterminalplan for fylket. I planen vert det lagtvekt på at utvikling av senterstrukturen i Hordaland vert samordna med utvikling av godkollektivservice og gode overgangsordningar mellom ulike transportmiddel. Kollektivterminalar ogbusstraséar bør difor lokaliserast innanfor det sentrale handelsomlandet.FrekhaugKnarvikFlatøyMed utgangspunkt i dei overordnamålsettingane for terminalane, leggterminalplanen til grunn at arbeidet medå utvikle terminalane vert gjort i trådmed desse fire hovudstrategiane:StoravatnetStraumeFleslandÅsaneKleppestøIndre ArnaBergen sentrumfleire staderLoddefjordOasenNesttunLagunenBirkelandsskiftet1. Auka trivsel, komfort, tryggleik ogbetre tilgang på servicefasilitetarfor trafikantane2. Auka kvalitet på informasjons- ogbilletteringssystema3. Effektivt køyremønster for bussarinn og ut av kollektivterminalane4. Utvikling av integrerte løysingarmed terminal og parkering (parkerog reis)Nedanfor er desse fire strategianekonkretisert, i tråd medkollektivterminalplanen:OsøyroAuka trivsel, komfort, tryggleik ogbetre tilgang på servicefasilitetar fortrafikantaneFigur 4. Eit utval terminalar i BergensområdetDette er viktige faktorar for atterminalane skal vere attraktiveknutepunkt og omstigningspunkt.Dårleg tryggleik og standard vil kunne påverke bruken av terminalane og dermed trafikkgrunnlagetfor kollektivtrafikken. I dette ligg også betre estetisk standard ved terminalane.Auka kvalitet på informasjons- og billetteringssystemaPå terminalane skal ny teknologi nyttast for å tilby oversiktleg og presis informasjon. Elektroniskeinformasjonstavler med sanntidsinformasjon bør vere standardutstyr ved dei største terminalane. Itillegg vil informasjonssystem med oppdaterte opplysningar om faktisk tid i høve til rutetider etc.,medverke til auka transportkvalitet for trafikantane. Det skal også vere billetteringsautomatar pådei større terminalane i tråd med føringar gitt i opplegget for nytt billetteringssystem der det m.a. ereit mål å få ned tidsbruken for bussane på terminalane.Effektivt køyremønster for bussar inn og ut av kollektivterminalaneDet er urasjonelle køyremønster ved fleire terminalar. Ved planlegging av nye terminalar skallokalisering og effektivt køyremønster leggjast til grunn for utforminga.Utvikling av integrerte løysingar med terminal og parkeringDet er behov for parkeringsplassar ved dei fleste terminalane i Bergensområdet. Dette gjeld særlegved terminalar der innfartsparkering er eit naturleg tilbod for reiser inn mot det sentrale byområdet.Så langt råd er, bør innfartsparkering vere knytt opp mot andre viktige funksjonar som handel ogtenestetilbod, i tillegg til stamruter og hovudruter for kollektivtransporten.15


Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Statens Vegvesen og AS Nygårdstangen arbeidermed eit felles plangrunnlag for trinnvis utvikling av terminalområdet på Nonneseter og Bystasjoneni Bergen. Nonneseter og Bystasjonen er det viktigaste knutepunktet for kollektivtransporten iBergen. Buss, jernbane og bybana vil møtast her. Deler av kollektivterminalen er blitt oppgradertdei siste 10 åra. Terminalområdet under ByGarasjen har sidan det var nytt i 1950-åra i liten gradblitt oppgradert. Målsettinga med prosjektet er å utarbeide eit plangrunnlag for trinnvis utvikling avterminalområdet på Nonneseter og Bystasjonen som blant anna oppfyller krav til universellutforming, trafikktryggleik og rasjonell drift.3.1.5 InnfartsparkeringInnfartsparkering (parker & reis) ved kollektivterminalar og ved viktige knutepunkt forkollektivtrafikken, er ein integrert del av det samla kollektivtilbodet. Innfartsparkering er difor eitviktig element i ein samla kollektivstrategi slik det mellom anna er formulert iBergensprogrammet:Ved større kollektivknutepunkt bør det etableres “park and ride” plasser opp motstamrutene for kollektivtrafikken inn mot de mest trafikkbelastede områdene i“kollektivbyen”. Gode “park and ride” fasiliteter i kollektivknutepunkter, utenforinnkrevingssnitt for trafikantbetaling, vil motivere for og gir mulighet for skifte avtransportmiddel.Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune sette hausten 2007 i gong ei utgreiing av kvaomfang det er på innfartsparkering i Bergensområdet, korleis dagens tilbod er for slik parkering ogbehov for utviding av tilbodet. Dette vert sett i forhold til ein samla plan for utvikling avparkeringstilbodet for overgang mellom bil og sykkel, og kollektivtransport.3.1.6 Universell utformingUniversell utforming av kollektivtilbodet gjeld oss alle, anten vi går med barnevogn, er dårleg tilbeins, bruker krykker, sit i rullestol, ser eller høyrer dårleg, har noko tung å bære eller det er andregrunnar til at vi ikkje har lett for å ta oss fram. Tilrettelegging av kollektivtilbodet for alle brukarar,også dei som har ulik grad av nedsett mobilitet, vil vere tenleg for alle trafikantar og gi eit betre ogmeir lettbrukt kollektivtilsystem.På bakgrunn av målet om universell utforming av terminalar og haldeplassar innan 2019, er detutarbeidd eit handlingsprogram og pilotprosjekt for oppgradering av terminalar og haldeplassar iBergensområdet. Handlingsplanen viser at haldeplassar og terminalar i varierande grad eruniverselt utforma, men at det er eit stor behov for oppgradering og at dette krev store ressursar. Itillegg til at kostnadene er store, er det også avdekka store utfordringar knytt til funksjonalitet,estetikk og logistikk.Ansvaret for terminalane er delt på fleire etatar. Ansvaret for oppgradering til universell utformingog prioritering av tiltak vert gjort av dei ansvarlege etatane i samhandling med Hordalandfylkeskommune, interesseorganisasjonar og andre involverte. Strategien om universell utformingbygger på prinsipp om deltaking av funksjonshemma i planlegging, oppfølging og evaluering avprosjekter og tiltak som har som mål å auke tilgjenge til viktige samfunnsarenaer som t.d. transport.For å nå målet om universell utforming innan 2019, er det viktig at alle relevante aktørar vertinvolvert innan sine ansvars- og interesseområde. Det betyr at Statens vegvesen, Jernbaneverket,NSB, kommunane, fylkeskommunalt råd for funksjonshemma, dei ulike kommunane sine råd forfunksjonshemma, fylkeskommunen og andre interessentar vil vere viktige aktørar for utarbeidingav planar og gjennomføring av tiltak.16


3.1.7 TeknologiBergensområdet har i dag et kollektivsystem basert på fire teknologiar eller driftsartar:• Buss (diesel og naturgass)• Trolley• Jernbane• Båt• Bybane frå 2010Det vert køyrt bussar av ulik storleik, og både med høggolv, låggolv og kneling. I tillegg er detprøvd ein stor to-ledda busstype, som kan ta vesentleg fleire passasjerar per avgang enn dagensleddbussar. Erfaringane frå prøvekøyringa er under oppsummering.Diskusjon om driftsteknologi handlar om ulike element som kapasitet, komfort, køyrefart, miljø ogdriftskostnader. Generelt er dieselbussane billigast i drift. Bruk av andre teknologiar bør difor hafortrinn i forhold til dieselbuss som kompenserar for større kostnader.Dette gjeld:• Bybane, som på ein helt annan måte enn buss er eit strukturerande element forbyutviklinga. Bybane har også null utslepp, har stor kapasitet og er basert på eigne trasèarog prioritet som sikrar køfri framføring• Trolleybuss, som har ein meir synleg trasé enn ordinær buss og ingen utslepp til luft i drift.I tråd med EU sine krav til teknologi for kjøretøy, vil det etter kvart bli mindre forskjell i utslepp avpartiklar og nitrogenoksid mellom bussar som går på diesel og naturgass. Bybane, trolleybuss ogjernbane har ingen utslepp av partiklar og nitrogenoksidar i drift.Driftskostnadene ved gassbuss, er noko dyrare enn for dieselbuss og driftskostnadene fortrolleybuss er høgare enn for gassbuss. Dersom det blir CO 2 -avgift på naturgass i framtida vilgassbussane bli enda dyrare å drifta enn dieselbussane. Bybane har ein kostnad pr vognkm, som erhøgare enn for trolleybuss, men bybane har mykje større kapasitet per avgang.For kollektivbrukarane vil og innføring av sanntidsinformasjonssystem (SIS), samt nyttbilletteringssystem heve kvaliteten for kollektivreiser.3.1.8 BilletteringHordaland var tidleg ute med elektronisk billettering. Dette systemet er no gamalt og det går mykjetid til billettering ved ombordstigning på bussane. I tillegg er det ønskjeleg med ei samordning avbilletteringa i heile fylket. Nytt billetteringssystem er under innføring og vil gi eit raskare, betre ogmeir sjølvbetjent tilbod til dei reisande.Det nye billetteringssystemet skal ha følgjande kjenneteikn:• For reisande- Enkelt og effektivt med høg grad av billettering før påstiging via m.a. automatar,kommisjonærar og internett- Gjennomgåande, samordna billettering i heile fylket- Kundevennleg produkt- og prispresentasjon- Høg grad av sjølvbetening med sikker betaling og bruk• For operatørar- Rask på- og avstiging og effektiv utnytting av materiellet- Standardprodukt- Kundevennleg produkt- og prispresentasjon- Høg driftsstabilitet og sikker digital kommunikasjon- Økonomisk avrekning17


• For det offentlege- Høg driftsstabilitet og sikker digital kommunikasjon- Rask på- og avstiging og effektiv utnytting av materiellet- Korrekt data om faktiske trafikktal som grunnlag for planlegging og utviklingsarbeid.- Utnytting av billettsystemet til andre elektroniske tenester som t.d. sanntidsinformasjon.- Sikker økonomisk avrekning.3.1.9 TakstarKollektivtransporten treng tilskot for å gi eit tenleg tilbod som stetter dei mål som er sett forkollektivtrafikken. Inntektsgrunnlaget er difor eit viktig tema for finansiering av tilbodet.Billettinntekter er ein viktig del av finansieringsgrunnlaget. På same tid må takstane ogtakstsystemet ikkje vere slik at tilbodet vert opplevd som så lite attraktivt at folk vel andrereisemåtar.I Bergen vart det innført eins takst innanfor kommunen i 2007. Denne ordninga vert no føreslåttvidareført av fylkeskommunen samstundes som det vert gjennomført tiltak for takstharmoniseringmed nærområdet rundt Bergen.3.1.10 FramkomstGod og sikker framkomst er avgjerande viktig for kollektivtrafikken. God framkomst er viktig forreisetid og regularitet. Dette eit viktig kvalitetskrav frå kollektivtrafikantane, samtidig som detfrigjer ressursar som kan nyttast til å gi eit betre og forsterka tilbod.Det er gjort ei undersøking av dagens situasjon i Bergen opp mot ein idealsituasjon der ein kankøyre buss utan hindringar frå anna trafikk. Gjennomgang av dagens problem med framkomst forbussane, saman med ei vurdering av trafikkutviklinga framover, vil vere grunnlag for tilrådingarom tiltak på kort og lang sikt.På kort sikt vil aktuelle tiltak både vere mindre utbetringar som t.d. kryssombyggingar, nye ramparfor bussane, men også nye kollektivfelt t.d. på planlagt trasè for bybana mellom Nesttun og Rådalog kollektivfelt i Fyllingsdalen, samt andre stader der bussen vert hindra av anna trafikk.På lengre sikt vil god og sikker framkomst krevje separate kollektivfelt og kollektivtrasear langsalle hovudkorridorar, i første rekke langs stamruter og hovudruter, men også andre stader derkollektivtransporten vert hindra av annan vegtransport.3.1.11 Ruteplanlegging, marknadsføring og informasjon i eit fylkeskommunalt selskapAll bussdrift i fylket vert konkurranseutsett i løpet av fire år. Kontraktane som vert inngått medruteselskapa er bruttokontraktar. Det vil dermed finna stad endringar i oppgåvefordelinga mellomfylkeskommunen og selskapa. I tillegg til dei oppgåver fylkeskommunen har frå før, vil det komenye oppgåver på fylgjande område (jfr sak 200406599-6 handsama av Fylkestinget 15.05.2006):• rute- og produksjonsplanlegging• takstar og rabattar• marknadsføring• infrastruktur• billettering• informasjon• kontraktsmessige forhold18


For å gjennomføre desse arbeidsoppgåvene, er innkjøpseininga Skyss etablert. Skyss er organisertsom eit selskap direkte under fylkesadministrasjonen (Samferdselsavdelinga), og har dermedfylkestinget som øvste styrande organ. Selskapet vil vere fylkeskommunen sin reiskap foriverksetting av kollektivtransportpolitikken gjennom planlegging av rutetilbodet, marknadsføringog innkjøp av rutetenester.3.1.12 MarknadsføringInformasjonsarbeid knytt til kollektivtransporten har primært to formål:• Informasjon som aukar kvaliteten på tilbodet, og• Marknadsføring av tilbodet for å trekke til seg kundarDen beste marknadsføringa ligg i eit godt utvikla tilbod. Det ligg også mykje å hente ved utviklingav godt informasjonsmateriell og tenester på internett. Omlegging av rutestrukturen vil krevjeutvikling både av nytt informasjonsmateriell i form av rutetabellar og haldeplassinformasjon, ogformidling av dei overordna prinsipp og strategiar som ligg til grunn for rutetilbodet.I samband med at Skyss tek over ansvar for marknadsføring, vert det arbeidd kontinuerleg medinformasjon om kollektivtilbodet og med marknadsføringstiltak retta mot nye kollektivreisande.Viktige element som medverkar positivt til marknadsføringa er:• Eit kundevennleg takstsystem• Billetteringssystem som bidrar til reduserte reisetider• Betre informasjon på haldeplassar, m.a. sanntidsinformasjon• Universell utforming• Knutepunktsutvikling med servicetilbod, gode tilkomstar, park & ride, parkering m.m.I tillegg vil Skyss arbeide med å utvike strategiar for ein meir ambisiøs merkevarebygging.Strategisk merkevarebygging er eit langsiktig verkemiddel som bør sjåast i samanheng medutvikling av heile kollektivstrategien for Bergensområdet, inkludert bybane, val av bussmateriell,haldeplassutvikling m.m.3.1.13 Organisering og samarbeidKollektivtransporten er eit prioritert politikkområde som det er knytt mange interesser til. Ansvaretfor kollektivtransporten ligg til fylkeskommunen, og det er difor fylkeskommunen sitt ansvar at alleinteressegrupper vert trekt inn i planlegging og utforming av kollektivtilbodet.Sjølv om fylkeskommunen har forvaltningsansvaret for kollektivtransporten, vilkollektivtransporten vere gjensidig avhengig av tiltak der andre etatar har ansvar. Dette gjeld ikkjeminst innafor ein samordna areal- og transportpolitikk der kommunale arealplanar,parkeringspolitikk, utforming av vegnett og fleire transportpolitiske tiltak direkte eller indirekte harverknader for kollektivtransporten. I tillegg er det nokre områder der ansvaret er uklårt eller deltmellom fleire, som t.d. ansvaret for drift av kollektivterminalar. Utforming av kollektivtilbodet mådifor skje via prosessar der offentlege etatar og private interessentar vert trekt inn.Innafor Bergensprogrammet er det etablert organisasjon og samarbeidsformer.Bergensprogrammet er avgrensa til å gjelde innafor Bergen kommune. Det funksjonelle byområdetgjeld fleire kommunar der nabokommunane til Bergen har sterke interesser knytt tilkollektivtransporten og den transportpolitiske samanhengen den vert sett inn i. Ogsåinteresseorganisasjonar har viktige interesser å ivareta, t.d. innan universell utforming.Når rutekøyringa vert sett ut på anbod med bruttokontraktar, får fylkeskommunen eit hovudansvarfor planlegging av rutetilbodet, eit arbeid som tidlegare vart gjort av ruteselskapa. I dette arbeideter det viktig med godt samarbeid og kontakt mot offentlege etatar og med kollektivbrukarane.Kollektivbrukarane omfattar og t.d. skular, reiselivsorganisasjonar, andre næringsorganisasjonar ogbrukarorganisasjonar som m.a. representerar funksjonshemma.19


3.2 Oppsummering av kollektivstrategiane for BergensområdetDIFFERENSIERT KOLLEKTIVTILBODHovudelementa i ein strategi for utvikling av kollektivtransporten er:• oppstramming av rutestrukturen• satsing på stamlinjer• betra framkomstDette skal utviklast gjennom differensiering av tilbodet på tre område i forhold til atkollektivtransporten har ulik funksjon i dei tre områda:1. Kollektivbyen, område der kollektivtilbodet skal møte reisebehovet for alle trafikantgrupper,og vere eit hovudelement i transporttilbodet for å oppnå effektivtrafikkavvikling, god samfunnsøkonomi og miljøvenlege transportløysingar.Kollektivtilbodet skal ha høgast frekvens og sikker framkomst i dette området.2. Nærområde, område der kollektivtrafikken skal medverke til miljøvenlegetransportløysingar, særleg retta mot arbeidsreiser. God framkomst er viktig idette område.3. Distrikt, område der kollektivtilbodet har som hovudoppgåve å gi eit transporttilbod tilviktige reisemål som skule, lokale og regionale sentra.RUTESTRUKTURRutestrukturen i Bergensområdet vert organisert i tre typar:• Stamlinjer• Forstadslinjer• BylinjerI tillegg til er det båtrute mellom Askøy og Bergen og jernbane mellom Bergen sentrum, IndreArna og Voss.TERMINALARKollektivterminalar skal vidareutviklast ved sentrale trafikale knutepunkt med vekt på:• Auka trivsel, komfort, tryggleik og betre tilgang på servicefasilitetar• God kvalitet på informasjons- og billetteringssystema• Effektivt køyremønster for bussar inn og ut av kollektivterminalane• Integrerte løysingar med terminal og parkering. Det skal utviklast ein eigen strategi forinnfartsparkeringINNFARTSPARKERINGInnfartsparkering (parker & reis) skal utviklast som ein integrert del av kollektivtilbodet i viktigeknutepunkt. Gode forhold for innfartsparkering skal etablerast opp mot viktige knutepunkt innankollektivtransporten. Innfartsparkeringa skal tilretteleggjast for både bil og sykkel.20


FRAMKOMSTKollektivtransporten skal sikrast god og sikker framkomst. God framkomst er ein viktig premiss foromlegging av rutestrukturen. På grunnlag av registrerte forseinkingar og vurdering avtrafikkutviklinga framover, skal det planleggjast tiltak for å betre framkomsten på kort og lang sikt.På lang sikt er ambisjonen å få full framkomst på alle hovudtraséar slik at kollektivtrafikken gårtilnærma upåverka av biltrafikken.BILLETTERINGNytt elektronisk billetteringssystem skal implementerast for enkel og effektivt billettering ogøkonomisk oppgjer hos transportør og mellom transportør og fylkeskommunen.UNIVERSELL UTFORMINGAlle transportmiddel, infrastruktur og tenester knytt til kollektivtransporten skal så langt det lar seggjere vere universelt utforma. Dette gjeld:• terminalar og haldeplassar, inklusive tilkomst til desse• transportmateriell• ruteinformasjonFor å sikre god tilgjenge og universell utforming for alle trafikantar skal:• ansvarlege for kollektivtrafikken ha kompetanse på universell utformingKOLLEKTIVTRANSPORTEN SOM DEL AV MILJØPOLITIKKEN• Kollektivtilbodet skal vere attraktivt og konkurransedyktig der kollektivtrafikken har størstverknad for å gi eit betre miljø i form av mindre utslepp og støy.• Kollektivtilbodet må samordnast med andre transportpolitiske verkemiddel for å sikre atkollektivtransporten kan fylle sin miljøpolitiske rolle.• Ved val av teknologi og drivstoff, skal miljøvenlege alternativ prioriterastTEKNOLOGIDet skal nyttast teknologi som er til god nytte for trafikantane og det ytre miljø. Dette gjeld:• Miljø• Kapasitet• Køyrefart og framkomst• BymiljøSanntidsinformasjonssystem (SIS) vert tatt i bruk både for å gi betre informasjon til dei reisande,og for å gjere haldeplassane meir synleg i bystrukturen. SIS kan og vert nytta for å gjere det enklareå få til prioritering av kollektivtrafikken i lyskryss.TAKSTARHovudelementa i takststrategien er• Einstakst i Bergen• Takstharmonisering med nærområdet rundt Bergen.21


ORGANISERING OG SAMARBEID• Samordning av arbeidet med utvikling av kollektivtransporten i Bergen vert gjort gjennomBergensprogrammet og dei avtalar og samarbeidsorgan som er organisert der.• Det skal etablerast gode samarbeidsrutinar mot offentlege etatar, kommunar oginteresseorganisasjonar under planlegging og utvikling av kollektivtilbodet.• Skyss skal vere fylkeskommunen sitt reiskap for gjennomføring av ruteplanlegging,marknadsaktivitetar og informasjon m.m, samt å iverksette dei politiske målsettingane innankollektivtrafikken.22


4. HOVUDSTRUKTUR FOR RUTENETTET4.1 Mål og premissar for rutenettetDei mål og overordna strategiar som gjeld for kollektivtransporten, er utgangspunktet for utformingav rutetilbodet. Basert på ein overordna hovudstruktur for rutenettet, vil den vidare detaljerteutforminga av rutetilbodet bli utforma av Skyss som grunnlag for innhenting av anbod påruteproduksjonen. Hovudstrukturen legg opp til ei forenkling av rutestrukturen, og samtidig leggjeopp til høg frekvens i dei tyngste marknadene for kollektivtransporten.Hovudstrukturen for rutenettet har som mål:- Auke passasjertalet- Leggje forholda til rette for betre tilbod med auka frekvens- Tilpasse tilbodet til framtidig drift av bybana- Meir rasjonell bussdrift- Inndeling av rutepakkar tilpassa ei effektiv driftsformRutenettet som er omtalt i dette dokumentet er avgrensa til kollektivbyen og nærområde jfr, figur 2.Det blir lagt til grunn at rutenettet og tilbodet i distriktet vil vere omtrent på same nivå som i dag.4.2 Kvifor endre dagens rutestruktur?Stamlinjer med bybane, og buss, gir betre transporttilbod for fleireOppbygging av rutenettet i Bergensområdet er bygd på ein strategi med stamruter med godkapasitet, høg frekvens og sikker framkomst, med mating til knutepunkt. Det er innafor desserutene bybana og stamlinjer for buss skal sikre god kapasitet og sikker framkomst forkollektivtrafikken. Det langsiktige perspektivet for bybanen er at den skal dekke hovudstammeneinnan kollektivbyen.Bybanen vert bygd ut stegvis. Innan vi har eit fullverdig utbygd banenett, vil bussane framleis haein viktig funksjon for kollektivtrafikken også på stamrutene i det sentrale og mest trafikkertebyområdet. Etter banen sitt første utbyggingssteg til Nesttun (og til Rådal) må dagens pendellinjernord-sør omleggjast. Den søre delen av nord-sør-pendelrutene vert erstatta av banen og det vert istaden nord-vestgåande pendelruter. Dette gir vesentlege endringar i bussnettet. Dette gjer at vi fåreit nytt bussystem for Fana og Ytrebygda. Det er også aktuelt å mate til Sletten, eventuelt også medmogleg omstiging her for lokale linjer i Bergensdalen.Bybanen sitt første utbyggingssteg med stopp i sentrum, gjer at bussene sitt køyremønster oghaldeplasskapasiteten i sentrum vert endra. Ein ny linjestruktur for bussane må ta omsyn til dette.På stamlinjer i andre delar av byen der det ikkje vil gå bybane vil bussane vere ein førebels”bybane”. Dette tyder kapasitetssterke linjer med høg frekvens, god koordinering av ulike ruter påsame trasè, universell utforming, samt mating til terminalar.Sentrale linjer vil ha høg frekvens. Dette gjeld i første rekke linjer mellom Bergen sentrum og:Loddefjord, Oasen, Åsane, Nattland, Nesttun. Opp mot tre fjerdedelar av kollektivreisene iBergensområdet foregår innafor dette området. Det er her kollektivtransporten har sin viktigasterolle for å gi eit godt og miljøvenleg transporttilbod for alle trafikantar og reisebehov, samt åavlaste eit til tider overbelasta vegnett.23


Optimalisering og effektivisering av rutestrukturenDet er potensial for å få betre kapasitetsutnytting og redusert vognbehov med sterkare koordineringav linjer som går i same trasè. Bruk av bussar med god kapasitet på høgt trafikkerte linjer kanredusere vognbehovet og på denne måten kan ein oppnå meir effektiv ruteproduksjon. Det er eitstort potensial for effektivisering og betre ressursutnytting ved å tilpasse frekvens, bussmateriell,optimale rutepakker, knutepunkt for kollektivtransporten og korrespondanse. Vidare er det viktigmed tiltak som sikrar bussane betre framkomst enn i dag.Opprydding og forenkling av linjenettetVi kan få eit effektivt, forenkla og lettare lesbart linjenett ved å minimere talet på parallelle linjer,færre linjer med høgast mogleg frekvens og tilpassa bussmateriell. For trafikantane er det ogsåviktig med stive ruter, dvs avgangstider med faste mellomrom og utan avvik i rutetider og trasé.Det er også viktig at det er tydelege knutepunkt, stader for omstiging og nye reiserelasjonar somdekker viktige reisemål.Nye kundarFleire tverrgåande ruter, dvs ikkje berre liner retta mot sentrum, gode korrespondansar, samt einhøg og fast frekvens, vil fange opp fleire transportbehov med buss, og ikkje berre sentrumsrettareiser.Linjer over kommunegrensene skal sikre god regional kommunikasjonBusslinjer som kryssar kommunegrensene må spela saman med bylinjene. Dei må også tilby hurtigreise mellom nabokommunane til Bergen og Bergen sentrum, og gi eit godt tilbod tilkommunesentra i Bergen sitt næraste omland. Dei viktigaste strekningane er til Knarvik, Straume,Kleppestø og Osøyro. Linjene må ha gode overgangar til andre viktige kollektivlinjer.4.3 Inndeling i linjetyparHovudtrekkHovudstrukturen i rutenettet er retta inn mot å dekkje transportbehova til viktige trafikantgrupperog er delt inn i desse linjetypane:• Stamlinjer• Forstadslinjer• BylinjerForslag til framtidig hovedstruktur for rutenettet i Bergensområdet er vist i figur 5 og 6.Innafor Kollektivbyen, vil stamlinjer vere dei tyngste linjene og vere hovudstamma ikollektivtilbodet. Desse vil saman med dei sentrumsretta bylinjene vere busstilbodet i dei indrebydelane.I tillegg vil forstadslinjene vere retta mot trafikantar som skal raskt mellom sentrum og viktigeknutepunkt rundt byen. Desse linjene skal ha høg fart og ha stopp berre på utvalde haldeplassar.Tverrgåande bylinjer skal i større grad dekke etterspørselen etter reiser på tvers i byområdet, for åunngå at alle byter må skje i sentrum, og for å fange opp reisebehov som i dag ikkje har eit reeltbusstilbod.Bylinjene vil også vere det mest finmaska nettet i kollektivtilbodet. For kva bydel og kommunerundt Bergen vil det vere eigne lokalnett som gir gode reisetilbod internt i områda og som samtidigmater inn til stam- og forstadslinjene.24


Figur 5 Forslag til framtidig linjenett for kollektivtrafikken i Bergensområdet25


Det blir lagt til grunn at rutetilbodet i distriktet vil vere omtrent på same nivå som i dag og atdagens tilbod med direktebussar frå nabokommunane og inn til Bergen sentrum i størst mogleggrad blir oppretthalde.StamlinjerStamlinjene er ryggraden i kollektivsystemet innafor Kollektivbyen med eit høgverdigkollektivtilbod med høg frekvens mellom de største reisemåla og i dei høgast trafikkertetransportkorridorane.I tillegg til høg frekvens vil desse linjene også ha god kapasitet til å ta unna den store trafikken pådesse rutene. Ei stamlinje vil ha ein grunnfrekvens på minimum 10 minutt.ForstadslinjerForstadslinjene kan dekke både Bergen og nabokommunane, dvs ruter som har sin hovudfunksjonlike utanfor Kollektivbyen, dvs innanfor Nærområde. Desse dekker utvalde terminalar,omstigningspunkt og andre sentrale reisemål. Rutene vi gi eit raskt tilbod mellom kommunesentraog Bergen sentrum.Det blir lagt til grunn at dagens tilbod om direktebussar frå nabokommunane og inn til Bergensentrum i rushtrafikken i størst mogleg grad blir oppretthalde.BylinjerBylinjene dekkjer avgrensa område i bydelar og i Bergen kommune. I tillegg er dette ogsåmatelinjer inn mot knutepunkt med overgang til stam- og forstadslinjer.Ein stor del av trafikken, særleg gjeld dette arbeidsreiser, går mellom bydelar utanom sentrum.Funksjonen til bylinjer som går på tvers (tverrgåande), er å knyte bydelane saman utan å gågjennom Bergen sentrum.Bylinjer via sentrum er eit supplement til stamrutene og fyller ut stamlinjene sin funksjon i deisentrale bystroka, dvs innafor Kollektivbyen, ved at dei dekker korridorar og reisemål som liggutanfor stamlinjene sine influensområde. Stamlinjer og bylinjer skal i minst mogeleg grad køyreparallelt, men skal kvar for seg dekke ulike marknader.26


Figur 6 Forslag til framtidig linjenett for kollektivtrafikken i Bergen27


Agnes Mowinckels gt 5Postboks 7900N-5020 BERGENtelefon: 55 23 90 00www.hordaland.noNOVEMBER 2007

More magazines by this user
Similar magazines