Kollektivtransporten i Bergensområdet - mål, strategiar og rutestruktur

hordaland.no
  • No tags were found...

Kollektivtransporten i Bergensområdet - mål, strategiar og rutestruktur

For å gjennomføre desse arbeidsoppgåvene, er innkjøpseininga Skyss etablert. Skyss er organisertsom eit selskap direkte under fylkesadministrasjonen (Samferdselsavdelinga), og har dermedfylkestinget som øvste styrande organ. Selskapet vil vere fylkeskommunen sin reiskap foriverksetting av kollektivtransportpolitikken gjennom planlegging av rutetilbodet, marknadsføringog innkjøp av rutetenester.3.1.12 MarknadsføringInformasjonsarbeid knytt til kollektivtransporten har primært to formål:• Informasjon som aukar kvaliteten på tilbodet, og• Marknadsføring av tilbodet for å trekke til seg kundarDen beste marknadsføringa ligg i eit godt utvikla tilbod. Det ligg også mykje å hente ved utviklingav godt informasjonsmateriell og tenester på internett. Omlegging av rutestrukturen vil krevjeutvikling både av nytt informasjonsmateriell i form av rutetabellar og haldeplassinformasjon, ogformidling av dei overordna prinsipp og strategiar som ligg til grunn for rutetilbodet.I samband med at Skyss tek over ansvar for marknadsføring, vert det arbeidd kontinuerleg medinformasjon om kollektivtilbodet og med marknadsføringstiltak retta mot nye kollektivreisande.Viktige element som medverkar positivt til marknadsføringa er:• Eit kundevennleg takstsystem• Billetteringssystem som bidrar til reduserte reisetider• Betre informasjon på haldeplassar, m.a. sanntidsinformasjon• Universell utforming• Knutepunktsutvikling med servicetilbod, gode tilkomstar, park & ride, parkering m.m.I tillegg vil Skyss arbeide med å utvike strategiar for ein meir ambisiøs merkevarebygging.Strategisk merkevarebygging er eit langsiktig verkemiddel som bør sjåast i samanheng medutvikling av heile kollektivstrategien for Bergensområdet, inkludert bybane, val av bussmateriell,haldeplassutvikling m.m.3.1.13 Organisering og samarbeidKollektivtransporten er eit prioritert politikkområde som det er knytt mange interesser til. Ansvaretfor kollektivtransporten ligg til fylkeskommunen, og det er difor fylkeskommunen sitt ansvar at alleinteressegrupper vert trekt inn i planlegging og utforming av kollektivtilbodet.Sjølv om fylkeskommunen har forvaltningsansvaret for kollektivtransporten, vilkollektivtransporten vere gjensidig avhengig av tiltak der andre etatar har ansvar. Dette gjeld ikkjeminst innafor ein samordna areal- og transportpolitikk der kommunale arealplanar,parkeringspolitikk, utforming av vegnett og fleire transportpolitiske tiltak direkte eller indirekte harverknader for kollektivtransporten. I tillegg er det nokre områder der ansvaret er uklårt eller deltmellom fleire, som t.d. ansvaret for drift av kollektivterminalar. Utforming av kollektivtilbodet mådifor skje via prosessar der offentlege etatar og private interessentar vert trekt inn.Innafor Bergensprogrammet er det etablert organisasjon og samarbeidsformer.Bergensprogrammet er avgrensa til å gjelde innafor Bergen kommune. Det funksjonelle byområdetgjeld fleire kommunar der nabokommunane til Bergen har sterke interesser knytt tilkollektivtransporten og den transportpolitiske samanhengen den vert sett inn i. Ogsåinteresseorganisasjonar har viktige interesser å ivareta, t.d. innan universell utforming.Når rutekøyringa vert sett ut på anbod med bruttokontraktar, får fylkeskommunen eit hovudansvarfor planlegging av rutetilbodet, eit arbeid som tidlegare vart gjort av ruteselskapa. I dette arbeideter det viktig med godt samarbeid og kontakt mot offentlege etatar og med kollektivbrukarane.Kollektivbrukarane omfattar og t.d. skular, reiselivsorganisasjonar, andre næringsorganisasjonar ogbrukarorganisasjonar som m.a. representerar funksjonshemma.19

More magazines by this user
Similar magazines