Kollektivtransporten i Bergensområdet - mål, strategiar og rutestruktur

hordaland.no
  • No tags were found...

Kollektivtransporten i Bergensområdet - mål, strategiar og rutestruktur

2. MÅL2.1 Gjeldande mål for kollektivtransporten i Bergensområdet2.1.1 Strategi- og handlingsplanen for kollektivtrafikken i BergensområdetMåla i Strategi- og handlingsplanen for kollektivtrafikken i Bergensområdet (1999) er forankrabåde i nasjonale mål og tidlegare lokale vedtak. Planen har følgjande overordna mål forkollektivtransporten i Bergensområdet:Kollektivtrafikken skal utviklast til eit av hovudelementa i transportsystemet i byområdet for åbidra til betre transporttilbod, trafikkavvikling og miljø.Det overordna målet er presisert gjennom fem hovudmål:Hovudmål 1: Kollektivtilbodet skal knyte regionen samanKollektivtilbodet skal byggje opp under eit godt og teneleg lokaliseringsmønster for busetnadog næringsverksemd, og medverke til at regionen veret knytt saman med eit godttransporttilbod mellom knutepunkt i kommunane, bydelane i Bergen og Bergen sentrum.Hovudmål 2: Kollektivtrafikken skal gi eit godt transporttilbod til alle.Kollektivsystemet skal gi et tenleg transporttilbod for alle trafikantgrupper. Kollektivtilbodetmå gi god tilgjenge til alle viktige arbeidsplass- og serviceområde. Her må kollektivtrafikkenvere reelt konkurransedyktig i forhold til bil med omsyn til reisetid og pris.Hovudmål 3:Kollektivtrafikken skal medverke til miljøvenlege transportløysingar.Kollektivtransporten skal gi meir miljøvenleg transport ved å redusere trongen for å nytte bil.Kollektivtilbodet skal bidra til reduserte utslepp av eksosgassar, støv, gi mindre trafikkstøy,færre barrierar i nærmiljøet og redusere behovet for inngrep i viktige rekreasjons-, natur- ogkulturområde.Hovudmål 4: kollektivtilbodet skal medverke til god samfunnsøkonomi.Kollektivtrafikken skal gi betre utnytting av samfunnet sine ressursar gjennom tids- ogkostnadseffektiv persontransport, rasjonell materiellbruk og med låge utgifter til drift ogvedlikehald, og medverke til økonomisering med naturresursar, arealbruk og drivstoff.Hovudmål 5: Kollektivtransporten skal vere effektiv med god standard.Kollektivtrafikken skal vere driftseffektiv slik at nytten av offentlege tilskot vert høg. I nyttenskal det også reknast god standard på materiell, haldeplassar og terminalar, god service oggod informasjon.2.1.2 Bergensprogrammet for transport, byutvikling og miljøBergensprogrammet set strategiane i Strategi- og handlingsplanen inn i ein samla transportpolitisksamanheng med fleire tiltak og verkemiddel. Eitt av måla i Bergensprogrammet er knytt spesifikttil kollektivtransport:”Større del av trafikkveksten skal over på kollektivtrafikken”I Bergensprogrammet vert det understreka at dersom kollektivtransporten skal fylle si rolle i eitmiljøvenleg og effektivt transportsystem, må tiltak for kollektivtransporten sjåast i samanheng medandre transportpolitiske verkemiddel der restriksjonar mot bilbruk og parkeringsregulering isentrum er blant dei viktigaste tiltaka.7

More magazines by this user
Similar magazines