Budsjett 2011 vedteke - Hordaland fylkeskommune

hordaland.no

Budsjett 2011 vedteke - Hordaland fylkeskommune

Interne finansieringstransaksjonarLøpande prisarTal i heile 1000 krÅr 2011 2012 2013 2014Overføring til investeringsbudsjettet 180 000 180 000 180 000 0Fondsavsetjing 0 0 0 0Sum utgifter 180 000 180 000 180 000 0Sum inntekter (Bruk av fond) -21 700 -21 700Netto utgifter 158 300 158 300 180 000 0Ein gjer merksam på at tala i denne tabellen er iløpande prisar.Interne finansieringstransaksjonar omfattar inndekkingav fylkeskommunen sine underskot fråtidlegare år, overføring av driftsmidlar til investeringsbudsjettetog avsetjingar og bruk av fond.Overføring til investeringsbudsjettetRegjeringa har vedteke nytt regelverk for rekneskapsføringav momskompensasjon. Det nyeregelverket medfører at kommunesektoren etterkvart må bruka momskompensasjon frå investeringartil å finansiera investeringar og ikkje tilløpande drift. Det vil vera ein overgangsperiode frå2010 og fram til 2014, der det vert lagt stadigsterkare føringar på korleis denne momsrefusjonenfrå investeringar kan nyttast. For budsjettåret 2010skal minimum 20 prosent av momskompensasjonfrå investeringar overførast til investeringsrekneskapen.For 2011 er det minimum 40 prosent, for2012 minimum 60 prosent og for 2013 minimum 80prosent. Frå og med 2014 må all momsrefusjon fråinvesteringar førast i investeringsrekneskapen.I økonomiplanen er det frå 2011 til 2013 førtopp 180 mill. kr frå drifta til finansiering avinvesteringar. Kravet etter den nemnde overgangsordningaer dermed oppfylt med god margin.Frå 2014 skal momskompensasjon frå investeringarinntektsførast direkte i investeringsrekneskapen.Med det opplegget som er lagt i denneøkonomiplanen, vil ein frå det året ikkje hadriftsmidlar til finansiering av investeringar.FondsavsetjingI følgje avtale skal det kvart av åra 2011 og2012 utbetalast 35,6 mill. kr til HardangerbruaAS. Ein har knapt 43,4 mill. kr ståande på fond.Opplegget i økonomiplanen er at desse fondsmidlaneskal dekkja delar av utbetalingane i2011 og 2012 med 21,7 mill. kr kvart av åra.Desse summane vert dermed førte som bruk avfond.Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 150

More magazines by this user
Similar magazines