Budsjett 2011 vedteke - Hordaland fylkeskommune

hordaland.no

Budsjett 2011 vedteke - Hordaland fylkeskommune

TekstforslagFinansiering av den vidaregåande skulenFylkestinget ber om at finanseringsordninga for den vidaregåande skulen vert gjennomgått med sikte på åretta opp uheldige verknader som teljedato, usikkert driftsgrunnlag for distriktsskulane og verknader av skilnaderi levekår.Fråfall/bortvalPraksisretta teori-eksamen.Det må satsast på å gjera teoriundervisninga meir praksisretta for å auka relevansen i praktiske fag. No synerdet seg at eksamensoppgåvene for ein del framleis er basert på opplæring i studieførebuande opplæring.Konsekvensen av dette er at elevar i yrkesretta klassar stryk eller får langt dårlegare karakterar enn dei skullehatt i forhold til pensum i teorifag.Fylkestinget ønskjer ein gjennomgang av desse problema og at praksisen skal endrast .Gratis vidaregåande skuleFylkestinget vil ha reell gratis vidaregåande skule i Hordaland, herunder• Gratis PC• Lærlingar får rett til å behalda PCen ut læretida• Gratis skuleskyssRett til å gå på næraste skuleFylkestinget går inn for å endra inntaksreglane i den vidaregåande skulen slik at dei elevane som ønskjer detfår rett til å gå på den næraste skulen som har det aktuelle faget/tilbodet.Elev- og lærlingombodDet skal snarast opprettast elev- og lærlingombod i Hordaland.Ombodet skal ha ei fri og uavhengig rolle etter mønster av pasientomboda i helsesektoren.Ombodet skal ivareta den enkelte elev/lærling sine interessar, gi råd – og når det er behov for det gi støtte oghjelp i enkeltsaker.Elev- og lærlingombodet vil vera ein viktig aktør i arbeidet mot mobbing og arbeidet for å unngå at elevar/lærlingarvel bort skulen/lærlingplassen.Mot rasismeFylkestinget vil styrkja arbeidet for eit inkluderande samfunn og mot rasisme, mellom anna i den vidaregåandeskulen og på kultursektoren.Det vert oppretta fast sekretariatordning for kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmakter(KIS).Pris for særleg innsats for barn og ungeDet blir oppretta ein pris for enkeltpersonar eller organisasjonar som gjennom ekstraordinær frivillig innsatsgjer barn og unge sin kvardag rikare og tryggare.USF arenaFylkestinget viser til at det ligg føre fylkeskommunal løyving og intensjon om løyving på til saman 8 mill tilprosjektet USF Arena.Fylkestinget har merka seg at det og ligg føre tilsegn om finansiering/finansieringsmedverknad til prosjektetfrå staten og Bergen kommune.Hordaland fylkeskommune - Årsbudsjett 2011 164

More magazines by this user
Similar magazines